St.prp. nr. 77 (1997-98)

Om forskottering av delprosjekt på riksveg 5 Førde - Florø i Sogn og Fjordane og om bompengefinansiering av fylkesvegprosjektet Sykkylvsbrua i Møre og Romsdal

Til innholdsfortegnelse

1 Riksveg 5 Førde - Florø. Søknad om forskottering

1.1 Innleiing

I denne proposisjonen blir det gjort framlegg om å gi løyve til forskottering av midlar til vidare utbetring av rv 5 mellom Førde og Florø.

Føremålet med ei forskottering er å framskunde arbeidet med å gje Flora kommune ei god tilknyting til stamvegnettet. Det bur i dag omkring 10 000 personar i Flora kommune. Delar av eksisterande veg er smal og har dårleg standard. Med utbetra veg vil dei to byane Førde og Florø etterkvart kunne utgjere ein arbeidsmarknad. Strekninga mellom Førde og Florø er og viktig for resten av Sunnfjordregionen.

Sunnfjordtunnelen AS har søkt om løyve til å forskottere inntil 120 mill. kr til vidare utbetring av rv 5 mellom Førde og Florø på strekninga mellom Svarthumle og Brandsøy, mot refusjon av 40 mill. kr i kvart av åra 2006, 2007 og 2008.

I søknaden er det lagt til grunn at bompengeselskapet får løyve til å krevje inn bompengar i eksisterande bomstasjon i tilknyting til prosjektet rv 5 Naustdal - Svarthumle (Naustdalstunnelen), jf. St prp nr 63 (1991-92), for å betale renter på lånet. Vidare er det lagt til grunn at fylkeskommunen i kvart av åra 2002 -2005 vil prioritere 55 mill. kr av venta statlege løyvingar til vidare utbetring av rv 5 mellom Førde og Florø.

Kostnadene ved å bygge ut rv 5 på strekninga Førde - Florø er førebels kostnadsrekna til om lag 340 mill. kr. I perioden 2002 - 2007 er det i St meld nr 37 (1996-97) Norsk veg- og vegtrafikkplan 1998-2007, lagt til grunn ei investeringsramme på 500 mill. kr til det «øvrige riksvegnett» i Sogn og Fjordane. Finansieringsplanen for rv 5 føreset at 300 mill. kr av desse midlane vert nytta til denne vegstrekninga (i tillegg til 40 mill. kr i 2008).

Figur 1.1 

Figur 1.1

1.2 Omtale av aktuelle prosjekt

1.2.1 Standarden i dag

Store delar av rv 5 mellom Førde og Florø har dårleg standard med smal veg og dårleg kurvatur.

Frå Naustdal til Svarthumle vart Naustdalstunnelen bygd som bompengeprosjekt og opna for trafikk i 1995, jf. St prp nr 63 (1991-92). Strekninga mellom Svarthumle - Storebru - Knapstad har i dag varierande standard, med dårleg kurvatur, stigningsproblem og vegbreidd varierande frå 4,5 m til 7,5 m.

Vidare vestover mot Grovavågen har vegen låg standard. Spesielt dårleg er eksisterande veg gjennom tettstaden Eikefjord (Knapstad - Kvalvik). Gjennom sentrum er tilhøva spesielt dårlege for gåande og syklande. Frå Kvalvik til Grov er vegen smal med dårleg kurvatur. Det er og ein tunnel med for låg høgd.

Mellom Grovavågen og Helgøya er vegen ombygd til god standard med tunnel gjennom Sundefjellet.

Frå Helgøya til Brandsøy har vegen til dels svært låg standard med omsyn til kurvatur og vegbreidd. Parsellen Helgøy - Klavelandet er den delen av rv 5 som har dårlegast standard. Vegen er svært smal med vegbreidd frå fire til fem meter. I Mekjevika er kurvaturen svært dårleg.

Frå Brandsøy til Florø har rv 5 god standard.

Trafikkmengda på rv 5 varierer frå 1 000 til 2 000 kjøretøy per døgn. Tungtrafikken utgjer om lag 13-14 %.

1.2.2 Aktuelle tiltak

Kostnadene ved å byggje ut rv 5 til samanhengande tofelts vegstandard med vegbreidd 7,5 meter mellom Førde og Florø er førebels kostnadsrekna til om lag 340 mill. kr. Det er knytt stor uvisse til kostnadsoverslaget, jf. omtalen av planstatus for dei ulike prosjekta nedanfor.

Aktuelle prosjekt på strekninga framgår av tabellen nedanfor og av figur 1.1.

LengdeFylkes-KostnadNetto
(km)kommunens(mill kr)nytte
prioritering1(mill kr)
Svarthumle - Storebru5,0550- 32
Storebru - Knapstad3,5-45-15
Knapstad - Kvalvik3,1450- 21
Kvalvik - Grov5,0-95-85
Grov - Grovavåg1,1320- 4
Helgøya - Klavelandet3,91609
Mekjevika1,0220- 3
Sum22,6340

1Fylkeskommunens prioritering av prosjekta i samband med behandlinga av forslag til handlingsprogram for perioden 1998-2007

1.2.3 Planstatus

For strekninga Svarthumle - Storebru blei detaljplan godkjent i 1995. Kommunedelplan for strekninga Storebru - Knapstad er under utarbeiding. For strekninga Knapstad - Kvalvik ligg det føre vedteken kommunedelplan, og reguleringsplanen har vore på offentleg ettersyn. Arbeidet med kommmunedelplan for strekninga Kvalvik - Grov er ikkje starta opp. Strekninga Grov - Grovavåg har ein vedteken detaljplan frå 1989 som må gjerast om. Reguleringsplan for strekninga Helgøya - Klavelandet vart vedteken i 1996. Reguleringsplan for Mekjevika er under arbeid.

Strekningane med vedteken detaljplan/reguleringsplan har ei uvisse i kostnadsoverslaget på +/- 10 %. Strekningane med vedteken kommunedelplan har ei uvisse på +/- 25 % medan dei to prosjekta som manglar vedteken kommunedelplan har ei uvisse større enn +/- 25 %. Det er difor knytt stor uvisse til kostnadsoverslaget for utbetring av heile strekninga Svarthumle - Brandsøy.

1.3 Forslag til finansieringsplan

Sunnfjordtunnelen AS har søkt om løyve til å forskottere inntil 120 mill. kr frå 1999 til 2001, mot refusjon av 40 mill. kr i kvart av åra 2006, 2007 og 2008. I søknaden er det lagt til grunn at bompengeselskapet får løyve til å krevje inn bompengar i eksisterande bomstasjon ved Naustdalstunnelen for å betale renter på lånet. Vidare er det lagt til grunn at fylkeskommunen i kvart av åra 2002-2005 vil prioritere 55 mill. kr av venta statlege løyvingar til det «øvrige riksvegnettet» i Sogn og Fjordane, til utbetring av rv 5 mellom Førde og Florø.

Ved godkjenning av finansieringsordninga for Naustdalstunnelen i Stortinget i 1992 var det ein føresetnad at lånet skulle vere nedbetalt i 2008 etter i alt 13 års bompengeinnkrevjing, jf. St prp nr 63 (1991-92). Større trafikk gjer at dette lånet kan ventast nedbetalt i 2006, om lag 21/2 år tidlegare enn planlagt.

Bompengetakstane har vore dei same sidan bompengeinnkrevjinga starta i 1995. For å justere for prisutviklinga er det i samband med forskotteringa lagt til grunn ei endring av bompengetakstane for lette køyretøy frå 35 til 40 kr og frå 110 kr til 125 kr for tunge køyretøy.

Det er vidare lagt til grunn 2 % årleg prisstigning og 8 % lånerente. Dette tilsvarar ei realrente på om lag 6 %. Det er lagt til grunn 1,5 % årleg trafikkauke i nedbetalingsperioden. Trafikken gjennom bomstasjonen i 1997 var på 985 køyretøy per døgn, med 13-14 % tungtrafikk.

Med desse føresetnadene er det rekna med at bompengeinnkrevjinga kan avsluttast i 2008, slik som opphavleg føresett.

Fylkeskommunen har vedteke å auke den fylkeskommunale garantien til Sunnfjordtunnelen AS til 179 mill. kr i samband med forskotteringa. Vegdirektoratet meiner at risikoen ved å auke den fylkeskommunale garantien er låg.

1.4 Lokalpolitiske vedtak

Søknaden frå Sunnfjordtunnelen AS og framlegget til finansieringsplan for vidare utbygging av rv 5 Førde - Florø har vore lagt fram for kommunane Flora, Naustdal og Førde som alle har slutta seg til framlegget.

Sogn og Fjordane fylkesting gjorde følgjande vedtak i møte 10. mars 1998, jf. sak 98/0008:

«Del A:

  1. Fylkestinget tilrår at Sunnfjordtunnelen AS får løyve til å forskottere inntil 120 mill. kr til utbetring av rv 5 Førde - Florø.

  2. Fylkestinget tilrår at Sunnfjordtunnelen AS får høve til å krevje inn bompengar på eksisterande bomstasjon på Svarthumle for å betale renter på lånet.

  3. Fylkestinget gjev førehandstilsegn om å prioritere 55 mill. kr av riksvegløyvingane i kvart av åra 2002, 2003, 2004 og 2005 til utbetring av rv 5 Førde - Florø.

  4. Fylkestinget gjev førehandstilsegn om å prioritere 40 mill. kr av riksvegløyvingane i kvart av åra 2006, 2007 og 2008 som refusjon til Sunnfjordtunnelen AS.

Del B:

  1. Under føresetnad av at punkt 1-4 vert godkjent på statleg hald, vert det gjeve ein fylkeskommunal garanti på 178,8 mill. kr til Sunnfjordtunnelen AS i samband med forskottering til opprusting av rv 5 Førde - Florø.

  2. Garantien skal i følgje kommunelova § 51, punkt 2 godkjennast av Kommunal- og regionaldepartementet.

  3. Garantien skal, på linje med hovudgarantien og tilleggsgarantien frå fylkeskommunen, sikrast med 1. prioritets pant i retten til å krevje bompengar. Denne retten skal tinglysast.

  4. Garantien vert gjeven som simpel kausjon.

  5. I avtalen mellom Sunnfjordtunnelen AS og staten må det sikrast at refusjonen av forskotterte riksvegmidlar uavkorta skal gå til å redusere lånet det her vert garantert for. Garantien vert redusert i takt med faktisk refusjon av forskotterte riksvegmidlar.

  6. Garantiteksten vert som vist i vedlegg 6.»

1.5 Samferdselsdepartementets tilråding

I forslaget til finansieringsplan er det ikkje lagt opp til statlege bidrag til rv 5 i 1998, 1999, 2000 og 2001. I åra 2002, 2003, 2004 og 2005 legg finansieringsplanen opp til fylkeskommunal prioritering av statlege midlar på 55 mill. kr kvart år. Finansieringsplanen legg vidare opp til refusjon på 40 mill. kr i kvart av åra 2006, 2007 og 2008. Dette gir ei prioritering av totalt 300 mill. kr av statlege midlar til rv 5 i perioden 2002 - 2007 (i tillegg til 40 mill. kr i 2008).

Den totale vegplanramma til det «øvrige riksvegnettet» i Sogn og Fjordane er i perioden 2002-2007 på 500 mill. kr, jf. St meld nr 37 (1996-97). I handlingsprogrammet for det «øvrige riksvegnettet» i Sogn og Fjordane er det lagt til grunn 137 mill. kr til rv 5 i perioden 2002-2007. Finansieringsplanen som ligg til grunn for forskotteringssøknaden, og som fylkeskommunen har slutta seg til, inneber såleis ei omprioritering i høve til dei prioriteringane som blei gjort ved handsaminga av handlingsprogrammet for perioden 1998-2007.

Samferdselsdepartementet legg til grunn at Kommunal- og regionaldepartementet godkjenner den fylkeskommunale garantien som er gitt til Sunnfjordtunnelen AS i samband med forskotteringa. Samferdselsdepartementet tek i denne omgangen ikkje stilling til fylkeskommunens prioritering av midlar til rv 5 Førde - Florø i åra 2002 - 2005. Det vil vere opp til fylkeskommunen å følgje opp desse prioriteringane ved planrevisjonen for perioden 2002-2011.

Fordelen med forskottering er at prosjekt kan realiserast tidlegare. Ulempa er at bindingane på framtidige budsjett kan bli stor.

Som hovudregel skal bompengar dekkje minst 50 % av investeringskostnadene. I søknaden er det lagt til grunn at dei ekstra bompengane berre skal dekkje renter på lån. Sidan forslaget berre gjeld ei moderat utviding av den eksisterande bompengeordninga, og sidan strekninga er høgt prioritert i handlingsprogrammet for perioden 2002-2007, finn Samferdselsdepartementet likevel å kunne tilrå forskottering. Det vert lagt opp til følgjande finansieringsplan:

1999200020012002200320042005200620072008Sum
Forskot304050120
Refusjon404040120

Samferdselsdepartementet legg til grunn at strekninga Helgøya - Klavelandet blir bygd ut først, jf. at denne strekninga både har godkjent reguleringsplan og er høgast prioritert frå fylkeskommunen si side.

Departementet legg til grunn at det blir utarbeidd reguleringsplan for dei ulike prosjekta, og at uvissa i kostnadsoverslaget vil bli redusert til +/- 10% før dei ulike prosjekta kan startast. Departementet vil komme attende til vidare prioritering mellom dei aktuelle prosjekta i samband med dei årlege budsjetta.

1.6 Avtale

Etter at Stortinget har gjort vedtak om forskottering av rv 5 Førde - Florø, vil det bli inngått tilleggsavtale om forskottering mellom Samferdselsdepartementet ved Vegdirektoratet og bompengeselskapet Sunnfjordtunnelen AS.