Tilråing
Utanriksdepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlegg til proposisjon til Stortinget om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 38/2004 av 23. april 2004 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2003/6/EF om innsidehandel og marknadsmanipulasjon (marknadsmisbruk).
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfester:
Stortinget vert bede om å gjere vedtak om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 38/2004 av 23. april 2004 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2003/6/EF om innsidehandel og marknadsmanipulasjon (marknadsmisbruk), i samsvar med eit vedlagt framlegg.