4 Sakar til informasjon (kapittel 1710 og kapittel 1760)
4.1 Samanbinding av Mauken-Blåtind skytefelt (kapittel 1710)
Som følgje av tingingar med reindriftsnæringa, inngjekk staten og Mauken reinbeitedistrikt ein avtale om ein ny trasé for samanbinding av Mauken og Blåtind skytefelt. Den nye traseen tek vare på Forsvaret sitt behov for øving, samstundes som den tek mindre beiteareal for rein. Ny trasé gjer det naudsynt med nye vurderingar av dei topografiske tilhøve og eit nytt forprosjekt.
Forsvarsdepartementet vil, så snart det ligg føre eit revidert forprosjekt i saka, kome attende til Stortinget på ein eigna måte. Det er òg inngått ein avtale mellom staten og Mauken reinbeitedistrikt om kjøp av beiterettane. Avtalen om kjøp av rettar har eit omfang på 12 mill. kroner og vert finansiert innanfor ramma på prosjektet.
4.2 Heile landet – infrastruktur for bakke-til-luft-radioar (kapittel 1710)
Prosjektet for bakke-til-luft-radioar (prosjekt 7048) vart godkjent av Stortinget ved handsaminga av Innst. S. nr. 232 (2002 – 2003), jf. St.prp. nr. 53 (2002 – 2003). Prosjektet hadde ei kostnadsramme på 217 mill. kroner for eigedoms-, bygg- og anleggsdelen. Prosjektet omfatta oppgradering, tilbygg og nybygg ved 50 radiostasjonar. I november 2004 vart prosjektet mellombels stansa. Årsaka var at ei pårekna finansiering gjennom NATO sitt investeringsprogram for tryggleik fall bort, samstundes som det var eit behov for å få innarbeidd ein mobil kapasitet i prosjektet. På dette tidspunktet var det ferdigstilt tiltak på ti plassar, og det var forbrukt 49,7 mill. kroner.
Det reviderte prosjektet omfattar såleis totalt 33 radiostasjonar, inkludert dei ti fullførde stasjonane. På nokre av dei ferdigstilte stasjonane er det behov for mindre tiltak for utplassering av fleire radioar. Infrastrukturarbeidet i prosjektet omfattar utviding og/eller ombygging av stasjonar, sikring av eksisterande lokalitetar, elektro- og reservekraft, kjøling, antennemaster, radomar og fornying av jordingsanlegg og lynavleiar. Det reviderte prosjektet er kostnadsrekna til 127 mill. kroner for infrastrukturen for ferdigstilling av det reviderte materiellprosjektet 7048 Bakke-til-luft-radioar.
4.3 Sikker tilgang til romsegment (satellitt) for satellittkommunikasjon (kapittel 1760)
Forsvaret har dei seinaste åra gjennomgått store endringar, ein såkalla transformasjon mot eit nettverksbasert operasjonskonsept. Dessutan har aukande internasjonale bidrag til område med dårleg eller manglande kommunikasjonsinfrastruktur, samt aukande bruk av teknologi som krev stor bandbredde, ført med seg at det totale behovet for bandbredde har auka sterkt – både for norske og utanlandske avdelingar. Røynsler frå internasjonale operasjonar syner at satellittkommunikasjon er den einaste kommunikasjonsberar som kan levere den tilstrekkelege bandbredda til dei operasjonsområda Forsvaret og NATO no opererer i.
Forsvarsdepartementet starta i februar 2006 forprosjekteringa i eit prosjekt kalla «Sikker tilgang til romsegment». Den overordna målsettinga for prosjektet er å sikre Forsvaret tilstrekkeleg tilgang til bandbredde over ein eigen satellitt.
Gjennom 2006 blei det utarbeidd grunnlagsdokumentasjon for prosjektet, mellom anna i form av ei konseptuell løysing. Dette var naudsynt for eit prosjekt av dette omfang og innan eit så ukjend fagområde for Forsvaret. Forsvarsdepartementet vedtok i desember 2006 å gå vidare med planlegginga av prosjektet, mellom anna å setje i verk ei ekstern kvalitetssikring av konseptet, starte samtalar med aktuelle samarbeidspartnarar og starte prosessen med å få reservert ein posisjon i rommet. Parallelt går eit arbeid med å avklare om det er grunnlag for et materiellsamarbeid med andre nasjonar for bygging av ein felles satellitt. Fleire europeiske nasjonar har meldt si interesse for dette.
Norsk Romsenter vil vere ein viktig rådgjevar i prosessen. Norsk industri vil vere viktige både i vidare utvikling og som moglege leverandørar til prosjektet.
Prosjektet er i utgangspunktet planlagd å verte gjennomførd i perioden 2009 – 2011, og har som målsetting å levere operative tenester over satellitt frå 2012. Forsvarsdepartementet planlegg å leggje prosjektet fram for Stortinget for godkjenning i samband med framlegginga av St.prp. nr. 1 (2008 – 2009).
4.4 Gjennomgang av nedbemanninga i Forsvaret
4.4.1 Innleiing
Med bakgrunn i Soria Moria-erklæringa har Forsvarsdepartementet gjennomgått mellom anna røynslene med nedbemanninga i Forsvaret. I St.prp. nr. 1 (2006 – 2007) opplyste Regjeringa at ho våren 2007 ville informere Stortinget om røynslene med nedbemanninga samt å informere om oppfølgingstiltak. Siktemålet med denne gjennomgangen er å samle røynsler og verdfull lærdom som kan gje eit bidrag til at vidare omstilling vert gjennomført på ein betre måte, både når det gjeld omsynet til personellet, behovet for å ta vare på kompetanse og økonomiske omsyn.
4.4.2 Hovudkonklusjonar
Ein sentral konklusjon frå gjennomgangen er at nedbemanninga i Forsvaret i perioden 2001 – 2005 var avgjerande for å oppnå dei naudsynte innsparingane. Dessutan var nedbemanninga òg ein naturleg konsekvens av eit endra forsvar, både når det gjeld innretning, omfang og logistikk. Måla som var sette for både personell, økonomi og tidshorisont vart nådde.
Aktiv bruk av avgangsstimulerende tiltak (AST) var ein avgjerande faktor for å nå nedbemanningsmålet. AST har i seg sjølv medført store kostnader for Forsvaret, men innsparingane har totalt sett vore større enn utgiftene. Likevel har styringa av kven som fekk tilbod om AST ikkje vore god nok, sjølv om det med omsyn til personellet sine rettar også er grenser for kor selektive det er mogeleg å vere. Dessutan mista Forsvaret ein del personell med kritisk kompetanse innanfor ulike verksemder og forvaltningsområde, jamfør mellom anna dei problema som var i Forsvaret med økonomiforvaltninga, særskild i 2003 og 2004. Dette er forhold som kan tyde på at den raske nedbemanninga har medverka til ei for lite målretta nedbemanning med omsyn til kompetanse. Dette gjeld særleg den første tida då det vart lagt mest vekt på å få i stand ei frivillig nedbemanning framfor å målrette tiltaka mot det personellet som var overtallig i samsvar med strukturendringane i Forsvaret.
4.4.3 Røynsler
Forsvarsdepartementet meiner at denne gjennomgangen har bidrege til viktig kunnskap for fornyingsprosessar i Forsvaret i framtida. Det er særskildt tre forhold som departementet ønskjer å betre:
For det første må vedtekne omstillingsplanar settast i verk til rett tid. Utsettingar og forseinkingar medfører ekstra kostnader. I tillegg medfører forseinkingar og utsettingar ei utryggje for personellet som ikkje er naudsynt. Dersom den vedtekne omstillinga tidleg på 1990-talet hadde vorte gjennomført i samsvar med den tids planar, ville den økonomiske situasjonen, mellom anna balansen mellom drift og investeringar, vore langt betre enn den var mot slutten av 1990-talet og framover. Konsekvensen av denne manglande gjennomføringsevna vart ein mykje kraftigare og langt dyrare omstilling og større nedbemanning enn det som elles hadde vore naudsynt.
For det andre syner gjennomgangen at bruken av AST tidleg i perioden 2001 – 05 ikkje var tilstrekkeleg målretta samt at det i hovudsak berre vart bruka AST i nedbemanningsprosessen. Færre nytilsettingar og færre inntak på Forsvaret sine skolar vart lite brukt. Dette kan til dels verte forklart med at det vart lagt eit stort press på den einskilde sjef i Forsvaret i prosessen med å gjennomføre ei rask nedbemanning nettopp på grunn av manglande måloppnåing på 1990-talet. Samstundes hadde den einskilde leiar også eit ansvar for verkemiddelbruken, og ansvar for målretta bruk av AST-ordninga innanfor sitt område Desse faktorane har samla medført at Forsvaret har mista ein del kritisk kompetanse som det har vore vanskeleg å reetablere.
For det tredje er det viktig tidleg å definere kva kompetanse som det er bruk for i dei ulike delane av Forsvaret, og på kva slags måte ein kan videreutvikla kompetansen til eksisterande bemanning for å dekke behovet. Gjennomgangen syner at nedbemanninga i 2001 – 2005 vart gjennomført utan at kritisk kompetanse på førehand var godt nok definert og kartlagt. Ideelt sett burde konkretiseringa av kritisk kompetanse ha vore nedfelt i detaljerte organisasjonsplanar i forkant av nedbemanningsprosessen, noko som ikkje i tilstrekkeleg grad var tilfelle. Gjennomgangen har ikkje gått djupt når det gjeld kva område dette kan gjelde. Likevel vil departementet syne til Granskingsutvalget for IKT kontrakter i Forsvaret (Dalseide-utvalet), oppnemnd av Kongen i statsråd 6. januar 2006, som har peika på at Forsvaret til dømes synest å mangle bestillarkompetanse, og at ein slik mangel kan verte knytt direkte til ei for rask nedbemanning.
4.4.4 Oppfølgingstiltak
Hovudmåla er at Forsvaret til ei kvar tid skal kunne ha tilstrekkeleg og rett kompetanse i høve til dei operative krav og faglege behov, både når det gjeld militær og sivil kompetanse.
For betre å nå desse måla meiner regjeringa at det i samband med ny langtidsplan i Forsvaret for perioden 2009 – 2012 spesielt vil vere viktig at følgjande forhold vert ivaretatt:
Den vidare omstillinga av Forsvaret skal ha søkjelys på løysingar som er totaløkonomisk gunstige for Forsvaret, og ikkje berre bedriftsøkonomiske innsparinger.
At rett kompetanse innan dei ulike delane av Forsvaret vert identifisert tidleg. Denne må knytast konkret til organisasjons- og personelloppsettingsplanar i forkant av perioden.
At det er ein god dialog med arbeidstakarorganisasjonane i den vidare omstillinga.
Når det gjeld bruken av militær og sivil kompetanse må mellom anna dei funksjonane og stillingane som det ut frå ei fagleg vurdering med føremon bør være sivilt tilsette, vere identifiserte.
At det er eit godt samsvar mellom inntaket ved Forsvaret sine skolar og tilsettingar og bemanningsplanar.
At det vert utarbeidd overordna styringsverktøy som kan gje tilstrekkeleg oversikt over personell og kompetanse.
At bruken av bemanningsrammer i styringa ikkje er til hinder for å finne løysingar som er totaløkonomisk gunstige for Forsvaret på sikt.
Menneska er den viktigaste ressursen som Forsvaret rår over. Regjeringa vil i den vidare omstilling og vidareutvikling av sektoren leggje til rette for at endringar i innretning og bemanning i større grad vert gjort med utgangspunkt i totaløkonomiske vurderingar, og sikre at dei verdiane som personellet utgjer for sektoren vert handsama på ein god måte i framtida.
4.5 Gjennomgang av tidlegare bortsettingsprosessar
4.5.1 Hovudfunn
Som varsla i St.prp. nr. 1 (2006 – 2007), har regjeringa gjennomgått Forsvaret sin bruk av bortsetting som verkemiddel. Dette er ei oppfølging av Soria Moria-erklæringa som seier at: «Regjeringen vil gjennomgå erfaringene fra nedbemanning, privatisering og anbud samt horisontal samhandel.»
Bortsetting av verksemd er prosessen med å overlate heile eller delar av ei verksemd sine funksjonar til ein eller fleire eksterne leverandørar, som vert forplikta å levere avtalte ytingar.
Som eit ledd i regjeringa sin gjennomgang av bortsettingsprosessane, er det gjennomført ei eiga evaluering i Forsvaret av gjennomførde bortsettingsprosjekt. Det har, i dei evaluerte prosjekta, vorte vurderte forhold innanfor perspektiva totaløkonomi og operative forhold, herunder beredskap og tryggleik, samt personellmessige konsekvensar. For alle prosjekta – anten dei resulterte i interne effektiviseringar eller i bortsetting – har Forsvaret si evaluering konkludert med at dei operative forholda har vorte tilfredsstillande tekne vare på, samstundes som det er identifisert betre kontroll og styring med kostnadene og auka fleksibilitet. Basert på denne evalueringa åleine er det likevel samla sett vanskeleg å seie noko eintydig om i kva grad dei valde løysingane faktisk er dei totaløkonomisk beste i eit lengre tidsperspektiv. Det er vidare vanskeleg å seie i kva grad dei gjennomførde bortsettingsprosessane kvalitativt har støtta opp under fornyinga av Forsvaret gjennom auka fokus på strategiske område, kvalitetsforbetring av kjernefunksjonar og reelle kostnadsreduksjonar. Dette skuldast mellom anna at Forsvaret si samla omstilling òg har medverka til økonomiske gevinstar innanfor dei ulike områda som har vorte eksponert for bortsettingsprosessar. Dessutan har fleire av dei evaluerte løysingane vore i drift i relativt kort tid, noko som gjer det vanskeleg å konkludere eintydig.
I den gjennomgangen som regjeringa har gjort på dette området, er det fokusert på desse hovudpunkta:
4.5.2 Den vidare omstillinga av Forsvaret
4.5.2.1 Effektivisere internt
Regjeringa vil føre vidare den moderniseringa av Forsvaret som vart sett i gang av Stoltenberg I-regjeringa. Dette inneber ei fortsett omlegging og modernisering av Forsvaret, med vekt på auka operativ aktivitet i nordområda og evne til deltaking i internasjonale operasjonar i regi av FN og NATO.
Der det er mogeleg og føremålstenleg å effektivisere internt i Forsvarets militære organisasjon, vil dette prioriterast framfor å setje delar av Forsvarets verksemd ut til eksterne aktørar. Dette er i tråd med det regjeringa la opp til i St.meld. nr. 10 (2005 – 2006), og som Stortinget slutta seg til (jf. Innst. S. nr. 176 (2005 – 2006). Som følgje av dette har rammene for Forsvaret sin bruk av verkemiddelet bortsetting blitt innskrenka. Regjeringa legg i det vidare fornyingsarbeidet difor opp til at verkemiddelet bortsetting vil kunne vere eitt av ei lang rekkje mogelege verkemiddel i Forsvaret sine fornyingsprosessar, men det skal berre brukast dersom dette er vurdert som meir føremålstenleg enn andre tiltak.
Regjeringa ser det ikkje som aktuelt å privatisere dei ulike oppgåvene som Forsvaret er pålagt i dag.
4.5.2.2 Kjernefunksjonar i Forsvaret
Når det gjeld kjernefunksjonar i Forsvaret, skal desse alltid utførast i regi av Forsvaret sjølv. Kva som er Forsvaret sine kjernefunksjonar, må vurderast på grunnlag av grundige prinsipielle vurderingar og analysar. Eit klart mål for omstillinga av Forsvaret er å styrkje den operative verksemda, slik at Forsvaret sine oppgåver løysast på ein best mogeleg måte. For å få til dette, er logistikk- og støttefunksjonar som direkte understøttar den operative verksemda heilt avgjerande. Operativ verksemd, medrekna direkte operativt understøttande logistikk, er difor uansett område som bør gjennomførast i eigen regi. Dette vil bli reflektert i det vidare arbeidet med Forsvaret sitt logistikk- og støttekonsept.
4.5.2.3 Tryggingspolitiske forhold og operative krav
I vurderingane av alternative fornyingstiltak vil omsynet til tryggingspolitiske og operative forhold tilleggast stor vekt i vurderingane, medrekna mellom anna fleksibilitet, tilgang på naudsynt kompetanse og leveransetryggleik. For å oppnå dette, må det operative fagmiljøet tidleg i vurderingsfasen gjere eit grundigare arbeid med omsyn til å presisere operative og funksjonelle krav, og dette må være bestemmande for kor vidt Forsvaret sjølv eller eksterne aktørar skal stå som leverandør.
4.5.2.4 Total- og samfunnsøkonomiske vurderingar og personellmessige forhold
I vurderinga av kva som er føremålstenlege fornyingstiltak, skal totaløkonomiske forhold leggast til grunn, ikkje bare bedriftsøkonomiske innsparingar. I et større perspektiv er det også naudsynt å vurdere dei samfunnsøkonomiske konsekvensane av ulike fornyingstiltak i Forsvaret.
Omstillingsprosessar er krevjande for dei tilsette. Det er difor viktig å leggje vekt på prosessar som, så langt det er råd, bidreg til å redusere utryggleik knytt til det vidare moderniseringsarbeidet. Regjeringa vil difor særleg leggje vekt på dei personellmessige forholda ved vurderinga av totaløkonomiske konsekvensar av alternative fornyingstiltak. Dei tilsette skal involverast på ein skikkeleg måte i alle effektiviseringsprosessar, ikkje minst når det gjeld eventuelle bortsettingsprosessar. Involvering og god dialog bidreg til redusert uvisse for dei tilsette, samstundes som det kan stimulere til interne løysingar som alternativ til bortsetting. Eit godt, ryddig, konstruktivt og involverande forhold til arbeidstakarane og deira representantar er ein føresetnad for å oppnå ei vellykka gjennomføring av slike prosessar. Arbeidstakarane skal involverast på eit tidleg tidspunkt, og i samsvar med lov- og avtaleverk.
4.5.2.5 Samhandling med næringslivet
Forsvaret er ein viktig og stor samfunnsinstitusjon som både har og er avhengig av eit godt samarbeid med andre samfunnsinstitusjonar og effektiv samhandling med næringslivet, både nasjonalt og internasjonalt, for å ivareta sine pålagde oppgåver best mogeleg. Slik samhandling bidreg òg til næringsutvikling og kompetanseoppbygging i næringslivet i ulike lokalmiljø over heile landet. Industrien og næringslivet elles medverkar til å skaffe Forsvaret det Forsvaret treng av varer og tenester, frå kompliserte og integrerte prosessar innanfor produksjon og drift, til dei meir enkle varer og tenester. I St.prp. nr. 1 (2006 – 2007) omtala regjeringa at det er sett i gang eit arbeid med å gjennomgå og vidareutvikle strategien for dei næringspolitiske aspekta ved Forsvaret sine framskaffingar. Regjeringa vil der mellom anna kome nærmare tilbake til Forsvaret si samhandling med næringslivet.