2 Departementets oppfølging av stortingsvedtaket
I St prp nr 19 (1996-97) heiter det:
«Departementet vil tilrå at selve beregningsrutinen og satsene i regelverket fastsettes av departementet og tilpasses den bevilgningen som Stortinget fastsetter ved behandlingen av det årlige statsbudsjettet.»
Det vart i statsbudsjettet for 1997 løyvd til saman 1 369 mill kroner til bustøtte. Av desse vart 634 mill kroner løyvd til Sosial- og helsedepartementets butilskotsordning og 735 mill. kr. til Kommunal- og arbeidsdepartementets bustøtteordning. Departementet vil her understreke at reint teknisk vil berre 2/3 av løyvinga frå Sosial- og helsedepartementets butilskotsordning kome til utbetaling i 1997, jf St prp nr 63 (1996-97) om tilleggsløyvingar og omprioriteringar for 1997. Grunnen til dette er at 3. og siste termin, i 1997 blir utbetalt 2. januar 1998 og difor blir belasta bustøttebudsjettet for 1998.
Departementet har, med utgangspunkt i dette og Innst. S. nr. 99 (1996-97), utarbeidd satsar for utrekning av bustøtte for alders-, uføre- og etterlattepensjonistar. Det er ikkje gjort endringar i regelverket for barnefamiliar, her irekna småbarnsfamiliar. Vedtaka er følgde opp i forhold til Husbanken gjennom tillegg til tildelingsbrevet av 26. februar 1997. Buutgiftstaka for alders-, uføre- og etterlattepensjonistar med inntekter opp til minstepensjon pluss 30 prosent, blei auka med eit fast beløp for lys og varme. Det faste beløpet varierer med omsyn til tre klimasoner og vart fastsett til 4 600 kroner i sone 1, til 3 200 kroner i sone 2 og til 2 800 kroner i sone 3 for hushald med éin person. Buutgifstaka i sone 1 for pensjonistar med inntekter under minstepensjon pluss 30 prosent blei etter dette som følgjande:
37 100 kroner for hushald med ein person.
50 200 kroner for hushald med to personar.
55 300 kroner for hushald med tre personar.
61 000 kroner for hushald med fire personar.
Som det vart varsla i St prp nr 19 (1996-97) starta minste rimelege buutgift på 15 prosent av inntekta med ei opptrapping på 0,3 prosentpoeng pr 1 000 kroner i inntektsauke. Utrekninga av formuestillegget vart også presentert i St prp nr 19 (1996-97).
Dekningsprosenten vart i lys av løyvinga i 1997 sett til 60 prosent. Regelverket vart elles utarbeidd slik at dei med dei lågaste inntektene får mest i støtte. Dette mellom anna gjennom at eigenandelen er lågast for dei med dei lågaste inntektene, og at berre persnjonistar med inntketer under 130 prosent av minstepensjon får tillagt utgifter til lys og varme.