St.prp. nr. 81 (1999-2000)

Om takstoppgjera for legar, fysioterapeutar og psykologar per 1. juli 2000

Til innhaldsliste

1

Gjeldande avtalar om driftstilskot og takstar for legar, fysioterapeutar og spesialistar i klinisk psykologi løper ut 1. juli 2000.

Ved oppgjeret per 1. juli 1999 blei det gitt tillegg med ei økonomisk ramme svarande til 3,7 pst. for legane, 4,0 pst. for fysioterapeutane og 3,8 pst. for psykologane. I tillegg blei visse kirurgitakstar auka med 15 mill. kroner. Reguleringane fekk verknad frå same dato.

Den norske lægeforening, Norske Fysioterapeuters Forbund og Norsk Psykologforening og Kommunenes Sentralforbund/staten har starta forhandlingar om avtalar for perioden 1. juli 2000-30. juni 2001. Forhandlingane er førebels ikkje avslutta.

Spørsmålet om eventuelle meirutgifter for folketrygda som følgje av nye avtalar frå 1. juli 2000 kan ikkje leggjast fram for Stortinget til handsaming i vårsesjonen. Sosial- og helsedepartementet gjer med dette framlegg om at departementet får fullmakt til å gjere endringar i trygderefusjonar, fastlønstilskot og tilskot til driftsavtalar for legar, fysioterapeutar og psykologar frå 1. juli 2000 på grunnlag av eventuelle avtalar med dei respektive organisasjonane om regulering av honorartakstane og driftstilskota frå same dato. Det vil bli lagt fram sak for Stortinget seinare om endringar i løyvingane under kapitla 739, 2711 og 2755 i statsbudsjettet for 2000. Det er sett av reservar til dekning av meirutgiftene ved oppgjera under kapittel 2309 Tilfeldige utgifter (Ymseposten). Denne løyvinga vil det seinare bli gjort framlegg om å setje ned.

Til forsida