St.prp. nr. 82 (1996-97)

Om endra løyvingsvedtak for 1997 for Oslo Lufthavn AS og NSB Gardermobanen AS

Til innholdsfortegnelse

0

Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om endra løyvingar for 1997 for Oslo Lufthavn AS og NSB Gardermobanen AS. Endringane heng saman med at fordelinga mellom ulike år og total låneramme blir annleis enn det som ein tidlegare har rekna med.

Kap. 1312 Oslo Lufthavn AS

For 1997 er det til Oslo Lufthavn AS løyvd eit lån på 3 400 mill. kr. I tillegg er det løyvd eit lån i 1997 til kommersielle tilleggsprosjekt på 320 mill. kr, jf. St.prp. nr. 37/Innst. S. nr. 167 (1996-97), slik at den totale løyvinga til lån til Oslo Lufthavn AS i 1997 er 3 720 mill. kr. Oslo Lufthavn AS har gjennomført ein budsjettrevisjon og periodisering av kostnader som viser at lånebehovet i 1997 er 600 mill. kr lågare enn opphaveleg løyvd. Tilsvarande er lånebehovet i 1998, som tidlegare vart rekna til 1 400 mill. kr, no auka til 2 000 mill. kr. På denne bakgrunn foreslår Samferdselsdepartementet for 1997 å redusere lånet på kap. 1312 Oslo Lufthavn AS, post 90 Lån, med 600 mill kr. Selskapet si totale låneramme for 1997 vil dermed utgjere 3 120 mill. kr. Luftfartsverket har i tillegg tilført Oslo Lufthavn AS 350 mill. kr i ansvarleg lånekapital i 1997.

Kap. 1352 NSB Gardermobanen AS

Investeringsramma for utbygging av Gardermobanen (kjørevegen) er i St.prp. nr. 90 (1991-92) Utbygging og finansiering av hovedflyplass for Oslo-området på Gardermoen med tilhørende tilbringersystem og konsekvenser for Forsvaret, utrekna til 4 600 mill. 1992-kr, med ei uvisse på +/- 20 pst. Omrekna til 1998-kr og tillagt 20 pst. for den uvisse som låg til grunn for Stortingets utbyggingsvedtak, utgjer dette ei ramme for utbygginga av Gardermobanen på 6 000 mill. 1998-kr, ekskl. grunnerverv.

NSB Gardermobanen AS har gjennomført risikoanalysar i samband med sin budsjettrevisjon nr. 5 i juni 1997. Desse viser ein mest sannsynleg sluttverdi på om lag 6 000 mill. 1998-kr. Denne verdien ligg innafor den opphavlege investeringsramma tillagt 20 pst. for uvisse. Gjeldande låneramme for utbygginga er på 5 670 mill. 1998-kr. Det vil såleis vere behov for å auke låneramma. Behovet for auka låneramme har m.a. si årsak i tilleggsarbeid i Romeriksporten og kostnadsauke ved grunnarbeid. Det vil bli gjort nærare greie for utbygginga, m.a. av kostnadsramme, lån og eigenkapital, i budsjettproposisjon 1998 for Samferdselsdepartementet.

For 1997 er det løyvd 1 830 mill. kr. i lån til NSB Gardermobanen AS, inkl. 405 mill. kr i ansvarleg lån. Det er vidare løyvd 215 mill. kr i refusjon for auka meirverdiavgift. Pga. auken i den totale låneramma, endra framdrift og dermed endring av utbetalingar frå 1996 og 1998 til 1997, samt utbetaling av likviditetslån til Scandinavian Rock Group i samband med at drifta i Romeriksporten starta opp på nytt, vil det vere eit større lånebehov i 1997 enn dei løyvingane over kap. 1352 som tidlegare er vedtekne av Stortinget. På denne bakgrunn foreslår Samferdselsdepartementet for 1997 å auke lånet på kap. 1352 NSB Gardermobanen AS, post 90 Lån, med 440 mill kr til 1 865 mill. kr og post 91 Ansvarleg lån, med 130 mill. kr til 535 mill. kr. Til saman inneber dette ein auke med 570 mill. kr til 2 400 mill. kr. Samstundes foreslår Samferdselsdepartementet å auke kap. 1352 NSB Gardermobanen AS, post 70 Refusjon av meirverdiavgift, med 62 mill. kr til 277 mill. kr.

Til forsiden