3 Framlegg om ny kostnads- og styringsramme
Mellom anna i lys av den sterke kostnadsauken for dette prosjektet vil det verte gjennomført ein ekstern gjennomgang av prosjektet. Førmålet med denne gjennomgangen er å få betre oversikt over kvifor det er naudsynt å auke kostnadsramma såpass mykje. Det vil og redusere risikoen for å komme i liknande situasjonar i framtida.
Det er òg vurdert om ein bør stoppe prosjektet i påvente av resultatet av denne gjennomgangen. Ein slik stopp i arbeida i prosjektet vil truleg sinke prosjektet med ca seks månader. Vidare vil dei fleste av dei 130 personane som er tilsette i prosjektet, miste jobben. Ein stopp vil i tillegg gje store meirkostnader for prosjektet i form av tapt produktivitet under avvikling av eksisterande kontraktar, oppfølging av plikter som gjeld avbestilling av kontraktar som er inngått, utgifter til å inngå nye kontraktar, og til vakthald og sikring før byggjearbeida kan starte oppatt. Sjølv om byggjemarknaden ikkje er så stram som tidlegare, er det lite realistisk at meirutgiftene ved ein stopp lar seg tene inn ved nye anbod. Ei utsetjing av prosjektet vil ha uheldige konsekvensar for Universitetet i Oslo, både for organiseringa av undervisninga og for forskinga, men òg for datatryggleiken ved Universitetet i Oslo og dei nasjonale funksjonar universitetet har ansvar for. Etter ei samla vurdering er det vurdert at den beste løysinga difor vil vere å utvide kostnads- og styringsramma, slik at ein unngår stopp i prosjektet. Det vert difor gjort framlegg om å utvide kostnadsramma i dette prosjektet til 1 357,5 mill. kroner i prisnivå pr. juli 2009. Styringsramma vil verte sett til 1 310,4 mill. kroner i prisnivå pr. juli 2009.