St.prp. nr. 96 (2008-2009)

Om samtykke til å setje i kraft ei skatteavtale med tilhøyrande protokoll mellom Noreg og Slovenia, underskriven i Ljubljana 18. februar 2008

Til innhaldsliste

Tilråing

Finansdepartementet

tilrår:

At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om samtykke til å setje i kraft ei skatteavtale med tilhøyrande protokoll mellom Noreg og Slovenia, underskriven i Ljubljana 18. februar 2008.

Vi HARALD, Noregs Konge,

stadfester:

Stortinget blir bedt om å gjere vedtak om samtykke til å setje i kraft ei skatteavtale med tilhøyrande protokoll mellom Noreg og Slovenia, underskriven i Ljubljana 18. februar 2008, i samsvar med eit vedlagt forslag.