3 Merknader til dei einskilde artiklane
Artiklane 1 og 2 har reglar om avtala sitt saklege bruksområde . I følgje artikkel 1 omfattar avtala personar som er busette (heimehøyrande) i den eine eller i begge statane. Artikkel 2 reknar opp kva for skattar som avtala omfattar for tida.
Artiklane 3-5 inneheld definisjonar av ulike ord og uttrykk i avtala.
Det følgjer av artikkel 3 punkt 1 a) i) at avtala også får verknad for den norske kontinentalsokkelen når det gjeld utøving av rettar med omsyn til havbotnen og undergrunnen og naturressursar der. Lik dei fleste andre skatteavtalene Noreg har inngått, får heller ikkje avtala med Qatar verknad på Svalbard, Jan Mayen og dei norske bilanda. Qatar omfattar havområde der Qatar kan utøve sine suverene rettar eller jurisdiksjon etter qatarsk lov og folkeretten, jf. artikkel 3 punkt 1 a) ii).
Dei andre definisjonane i artikkel 3 følgjer stort sett OECD-mønsteret.
Artikkel 4 definerer omgrepet «person bosatt i en kontraherende stat» . Punkt 1 og 2 avvik frå OECD-mønsteret og det som er vanleg i norske skatteavtaler ved at det gjeld ulike føresegner for Noreg og for Qatar. Av di Qatar ikkje skattlegg alle busette, gjeld ikkje noko krav om at vedkomande er busett i Qatar etter skattelovgivinga der. På den andre sida skal ikkje norske statsborgarar som er busette i Noreg, eller selskap som har den verkelege leiinga si utanfor Qatar, kunne reknast som busette i Qatar. Punkta 3 og 4 regulerer korleis situasjonen blir når ein fysisk eller juridisk person blir rekna for å vere busett (heimehøyrande) både i Noreg og i Qatar etter reglane i punkt 1 og 2.
Artikkel 5 inneheld ein definisjon av omgrepet «fast driftssted» . Denne definisjonen er viktig av di han gir ramma for skattlegging i kjeldestaten etter artikkel 7 av den fortenesta frå forretningsverksemd som ein person busett i den eine staten har frå verksemd i den andre staten.
I følgje artikkel 5 punkt 3 a) skal staden for eit byggjearbeid, eller eit anleggs- eller installasjonsprosjekt eller kontrollverksemd knytt til slike, sjåast på som ein fast driftsstad for føretaket, men berre dersom staden blir oppretthalden eller prosjektet eller verksemda varer lenger enn 6 månader. Reglane i punkt 3 avvik frå OECD-mønsteret ved at kravet til varigheit er sett til 6 månader og at kontrollverksemd er særskilt nemnd, slik det har vore vanleg i dei skatteavtalene Noreg har inngått i dei seinare åra. I punkt 3 b) er det teke inn reglar som i høve til OECD-mønsteret senkar terskelen for når eit føretak blir skattepliktig i den andre staten av tenester som blir utførde der.
Punkt 4 nemner kva omgrepet «fast driftssted» ikkje omfattar. Kort sagt går regelen ut på at innretningar som berre er til bruk for lagring, utstilling og utlevering eller anna førebuande verksemd eller hjelpeverksemd, ikkje skal utgjere ein fast driftsstad.
Punkt 5 regulerer når ein avhengig representant skal bli rekna for å utgjere ein fast driftsstad for føretaket. Når personen har, og vanlegvis nyttar, fullmakt til å slutte kontraktar på vegne av føretaket, skal han utgjere en fast driftsstad for føretaket.
Etter qatarsk ønskje er det i punkt 6 fastsett ein særregel for forsikringsverksemd som ikkje er reassuranse.
Punkt 7 slår fast at ein uavhengig representant ikkje utgjer fast driftsstad for oppdragsgivar så lenge han opptrer innanfor ramma av den vanlege forretningsverksemda si.
For verksemd på kontinentalsokkelen er det fastsett særreglar i artikkel 21, jf. merknadene nedanfor.
Artiklane 6-22 inneheld reglar om skattlegging av ulike former for inntekt. Desse reglane har som formål å hindre dobbel skattlegging, det vil seie at ein skattytar blir skattlagd i begge statar av same inntekt utan at skattlegginga i staten der inntekta skriv seg frå (kjeldestaten) blir teken omsyn til i staten der skattytaren er busett (bustadstaten). Dei detaljerte reglane om dei ulike formene for inntekt avgjer om det er bustadstaten eller kjeldestaten som skal ha den primære retten til å skattleggje.
Skatteavtala regulerer ikkje forskott på skatt. Statane kan derfor i prinsippet halde tilbake kjeldeskatt etter den fulle satsen som følgjer av interne lover. Når skatteavtala fører til at skatt anten skal betalast med ein redusert sats eller inntekta ikkje skal skattleggjast, må ein gjere ei justering (refusjon) i ettertid.
Artikkel 6 fastset at inntekt frå fast eigedom kan skattleggjast i den staten der eigedommen ligg (kjeldestaten). Det same gjeld inntekt frå direkte bruk av fast eigedom eller anna utnytting av han. Slik er også regelen i OECD-mønsteret.
Artikkel 7 inneheld reglar om skattlegging av fortenesta frå den forretningsverksemda som eit føretak heimehøyrande i ein kontraherande stat driv i den andre staten. Inntekt frå slik verksemd kan berre skattleggjast i den sistnemnde staten dersom verksemda blir utøvd gjennom ein fast driftsstad der. Dei nærmare definisjonane av kva ein skal forstå med omgrepet «fast driftsstad» er gitt i artikkel 5. Artikkel 7 inneheld hovudprinsippa for sjølve fastsetjinga av fortenesta som skriv seg frå den faste driftsstaden.
Som i OECD-mønsteret, er hovudregelen at berre inntekt som kjem frå den faste driftsstaden, skal kunne skattleggjast i kjeldestaten. Inntekt frå anna, ikkje tilknytt verksemd i same stat fell såleis utanfor grunnlaget for skatt av driftsstaden.
Punkt 2 i artikkelen inneheld grunnregelen for fastsetjing av fortenesta til den faste driftsstaden. Driftsstaden skal tilreknast den fortenesta som han venteleg ville ha hatt dersom han hadde vore eit særskilt sjølvstendig føretak som utøvde same eller liknande verksemd under same eller liknande tilhøve, og opptredde heilt uavhengig av det føretaket som den faste driftsstaden tilhøyrer (armlengdeprinsippet).
Punkt 3 i artikkelen gir reglar om ramma for kva for utgifter ein kan trekkje frå når ein fastset den skattbare fortenesta til den faste driftsstaden.
Artikkel 8 gir reglar om skattlegging av forteneste frå internasjonal skips- og luftfartsverksemd , slik denne verksemda er definert i artikkel 3 punkt 1 f).
Punkt 1 skil seg noko frå OECD-mønsteret, ettersom det fastset at forteneste frå drift av skip eller luftfartøy som blir drive i internasjonal fart, berre kan skattleggjast i den staten der føretaket er heimehørande, medan OECD-mønsteret lar det vere avgjerande kvar den verkelege leiinga av føretaket skjer. Dette er likt med dei skatteavtalene Noreg har inngått dei seinare åra og er føreslått som ei alternativ løysing i kommentarane til OECD-mønsteret. I dei fleste tilfelle gir dei to alternativa det same resultatet. Etter norsk syn er det likevel lettare å praktisere ein regel som byggjer på kvar føretaket er heimehørande i tilfelle der det ikkje er klart kvar den verkelige leiinga for føretaket har sitt sete. Dette gjeld særleg når føretaket blir drive av selskap eller andre samanslutningar med solidarisk ansvar for deltakarane. I følgje avtala blir kvar deltakar skattlagd i den staten der deltakaren er busett.
Punkt 2 fastset at forteneste frå bruk, vedlikehald eller leie av konteinarar (inkludert tilhengarar og tilknytt utstyr for transport av konteinarar) som blir nytta til transport av varer, berre skal kunne skattleggjast i den staten der føretaket som har fortenesta av drifta er heimehørande, dersom det ikkje dreier seg om transport utelukkande mellom stader innan den andre staten.
Punkt 3 klargjer at reglane i punkt 1 også gjeld forteneste når eit føretak tek del i ein pool, ei felles forretningsverksemd eller eit internasjonalt driftskontor.
I punkt 4 finn ein særreglar som tek omsyn til inntekter eit konsortium mottek.
Artikkel 9 omhandlar føretak med fast tilknyting til kvarandre . Artikkelen gjeld assosierte føretak, det vil seie mor- og dotterselskap og føretak under felles kontroll og leiing. Regelen gir skattestyresmaktene høve til å setje opp den skattbare fortenesta til eit føretak. Vilkåret for slik høging er at fortenesta er redusert av di føretaket og eit tilknytt føretak i sitt økonomiske samkvem har nytta forretningsvilkår som avvik frå dei som ville ha vore avtalt mellom uavhengige føretak under tilsvarande tilhøve. Når skattestyresmaktene rettar opp fortenesta i slike høve, så skal dei forretningsvilkåra som blei nytta, for skattleggingsformål bli erstatta med den såkalla armlengdestandarden, jf. skatteloven § 13-1. Regelen byggjer på prinsippa i OECD-mønsteret.
Artikkel 10 gjeld skattlegging av utbytte . Etter punkt 1 i artikkelen kan slike inntekter skattleggjast i den kontraherande staten der aksjonæren er busett. Dei same inntektene kan dessutan skattleggjast i den staten der selskapet som deler ut utbyttet er heimehøyrande (kjeldestaten), men reglane i punkt 2 set grenser for den skattesatsen som kan nyttast.
Punkt 2 a) gjeld utbytte til selskap som direkte kontrollerer minst 10 prosent av kapitalen i det selskapet som deler ut utbyttet. I slike høve er grensa for den skattesatsen som kan nyttast, sett til 5 prosent. Punkt 2 b) avgrensar kjeldeskattesatsen i andre høve til 15 prosent. Punktet følgjer OECD-mønsteret, bortsett frå at mønsteret har eit eigarkrav på 25 prosent for at den låge satsen skal gjelde.
I punkt 3 er det gjort unntak frå retten til å ileggje kjeldeskatt når regjeringa i ein av statane mottek utbyttet. For Noreg sitt vedkomande omfattar dette Statens Pensjonsfond – Utland. Unntaket kan også omfatte offentlegrettslege organ eller institusjonar som dei kompetente styresmaktene i Noreg og Qatar måtte bli samde om. Dette er i tråd med det som har vore det norske utgangspunktet i skatteavtaleforhandlingar dei seinare åra.
Det er eit vilkår i både punkt 2 og 3 at mottakaren er den verkelege rettshavar og ikkje til dømes ein stråmann for ein faktisk eigar anten i kjeldelandet eller i eit tredje land.
Dei avgrensingane i retten til å krevje kjeldeskatt som er nemnde ovanfor, gjeld likevel ikkje alltid. Kjeldestaten er ikkje bunden av desse satsane når dei aksjane som det blir delt ut utbytte frå, reelt er knytte til verksemd som blir driven gjennom ein fast driftsstad eller ein fast stad som rettshavaren har i den staten der det utdelande selskapet er heimehøyrande. Etter punkt 5 i artikkelen skal utbyttet i desse høva skattleggjast i samsvar med reglane i høvesvis artikkel 7 og artikkel 14. Tilsvarande reglar gjeld etter artikkel 11 punkt 3 for renter og etter artikkel 12 punkt 4 for royalty.
Punkt 6 inneheld reglar som skal hindre at ein kontraherande stat skattlegg utbytte utbetalt av eit selskap i den andre kontraherande staten, berre fordi fortenesta som ligg til grunn for utbyttet, har si kjelde i den førstnemnde staten. Slike utbytte kan berre skattleggjast i den førstnemnde staten dersom mottakaren er busett i denne staten, eller som ein del av fortenesta til ein fast driftsstad eller fast stad der.
Artikkel 11 handlar om renteinntekter . Som i dei skatteavtalene Noreg har inngått dei seinare åra, er det fastsett at slike inntekter berre kan skattleggjast i den staten der mottakaren er busett, jf. punkt 1. Det er for tida ingen allmenn heimel i norsk skattelov til å krevje kjeldeskatt av renter som blir utbetalte frå Noreg til mottakar busett i utlandet.
Artikkel 12 gir reglar om skattlegging av royalty . Reglane skil seg etter qatarsk ønskje frå OECD-mønsteret ved at royalty kan skattleggjast både i staten der mottakaren er busett og i kjeldestaten. Kjeldeskattesatsen er avgrensa til 5 prosent av bruttobeløpet av royaltyen. Det er for tida ingen heimel i norsk skattelov til å krevje kjeldeskatt av royalty som blir utbetalt frå Noreg til ein mottakar busett i utlandet.
Artikkel 13 handlar om skatt av formuesgevinstar . Regelen byggjer på prinsippet om at retten til å skattleggje formuesgevinst bør liggje hos den staten som hadde rett til å skattleggje formuesgodet og avkastninga av dette, før det blei avhenda.
Etter punkt 1 kan gevinst frå avhending av fast eigedom skattleggjast i den kontraherande staten der eigedommen ligg.
Gevinst frå avhending av lausøyre som utgjer driftsmiddel knytt til ein fast driftsstad eller ein fast stad, kan etter punkt 2 i artikkelen skattleggjast i den kontraherande staten der den faste driftsstaden eller den faste staden ligg. Det same gjeld gevinst frå avhending av sjølve den faste driftsstaden eller faste staden.
Etter punkt 3 skal gevinst frå avhending av skip og luftfartøy som er drivne i internasjonal fart, berre kunne skattleggjast i den staten der føretaket som mottek gevinsten, er heimehøyrande. Det same gjeld gevinst frå avhending av konteinarar som ikkje utelukkande er drivne i transport mellom stader innan den andre staten.
Gevinst frå avhending av andre formuesgode enn dei som er særskilt nemnde, kan berre skattleggjast i den staten der avhendaren er busett, jf. punkt 5.
Artikkel 14 gjeld skattlegginga av inntekt ved utøving av fritt yrke . I samsvar med OECDs tidlegare mønster fastset artikkelen i punkt 1 at inntekt ved utøving av fritt yrke berre skal kunne skattleggjast i den staten der yrkesutøvaren er busett, med mindre vedkomande vanlegvis rår over ein fast stad (kontor eller liknande) for verksemda i den andre kontraherande staten, jf. punkt 1 b). I så fall kan den sistnemnde staten skattleggje den delen av inntekta som skriv seg frå tenestene som er ytt ved den faste staden. Uttrykket «fast stad» er ikkje definert i avtala. I punkt 2 er det derimot nemnt eksempel på aktivitetar og yrkesgrupper som er omfatta av uttrykket «fritt yrke». Ut frå arten av tenester (lege, advokat, arkitekt mv.) vil det oftast vere aktuelt med kontorlokale av ulike slag. Kontorlokale er likevel ikkje eit naudsynt kriterium for å etablere fast stad.
Punkt 1 a) utvidar arbeidsstaten sin rett til å skattleggje til også å gjelde dersom yrkesutøvaren oppheld seg i arbeidsstaten i eit eller fleire tidsrom som til saman overstig 183 dagar i løpet av ein tolvmånaders periode. Om den nemnde fristen blir overskride, blir yrkesutøvaren også skattepliktig til arbeidsstaten for dei første 183 dagane. Regelen i dette punktet korresponderer med føresegna i artikkel 15 punkt 2 a) om lønnsmottakarar. For opphald som overstig 183 dagar i løpet av ein tolvmånaders periode, blir det derfor mindre viktig å trekkje den ofte vanskelege grensa mellom sjølvstendige yrkesutøvarar og lønnsmottakarar.
Lønnsinntekter er omhandla i artikkel 15 . Som etter OECD-mønsteret tilkjem det den staten der lønnsmottakaren er busett å skattleggje lønnsinntektene, dersom ikkje arbeidet blir utført i den andre staten. I så fall har den staten der arbeidet blir utført, rett til å skattleggje inntektene. Frå denne regelen gjer punkt 2 eit unntak på visse vilkår for korte opphald, den såkalla 183-dagarsregelen. Regelen avvik frå OECD-mønsteret ved at det i punkt 2 b) er eit vilkår at arbeidsgivaren er heimehøyrande i den staten der lønnsmottakaren er busett, slik det har vore vanleg i skatteavtalene Noreg har inngått dei seinare åra. Etter vanleg oppfatning får unntaket i punkt 2 ikkje verknad dersom arbeidstakaren er utleigd. Dette er presisert i punkt 2 b). Med utleigde arbeidstakarar meiner ein i denne samanhengen personar som formelt er arbeidstakar hos og får utbetalt lønn av eit utanlandsk føretak, men som er stilt til disposisjon for eit anna føretak og er under instruksjon og ansvar av dette føretaket.
Punkt 3 i artikkelen gir særreglar for lønnsarbeid utført om bord i eit skip eller luftfartøy i internasjonal fart. I tråd med artikkel 8 om skattlegging av skips- og luftfartsinntekt skil punktet seg noko frå OECD-mønsteret og bestemmer at lønnsinntekter frå slikt arbeid kan skattleggjast i den staten der føretaket er heimehøyrande. Er arbeidet utført ombord i eit NIS-skip, skal inntekta berre kunne skattleggjast der mottakaren er busett.
Når det gjeld lønn for arbeid utført om bord i luftfartøy som blir operert av konsortiet SAS i internasjonal fart, skil avtala seg i punkt 4 etter norsk ønskje frå OECD-mønsteret ved at inntekta av slikt arbeid berre skal kunne skattleggjast i bustadstaten til arbeidstakaren. Etter qatarsk ønskje er det i punkt 5 teke inn ein regel for lønn til personar som er busette i den eine staten og arbeider i den andre staten som områdeleiarar i luftfarts- eller skipsfartsføretak som er heimehøyrande i bustadstaten. Dei første 24 månadene av opphaldet i den andre staten skal vedkomande berre kunne skattleggjast i bustadstaten for slik lønn.
Artikkel 16 handlar om styregodtgjersle . Slike inntekter kan, i samsvar med OECD-mønsteret, skattleggjast i den staten der selskapet er heimehøyrande. Etter qatarsk ønskje er regelen utvida i punkt 2 til å gjelde godtgjersle til andre selskapsleiarar på høgste plan.
Artikkel 17 fastset at artistar og idrettsutøvarar kan skattleggjast i den staten der slik verksemd blir utøvd, utan omsyn til reglane i artikkel 14 om inntekt av sjølvstendige personlege tenester og artikkel 15 om lønnsarbeid i privat teneste. Punkt 2 i artikkelen inneheld eit tillegg som presiserer at den staten der artisten eller idrettsutøvaren opptrer, har rett til å skattleggje også når vederlaget blir utbetalt til ein tredjemann, til dømes eit artistbyrå eller eit selskap artisten har oppretta. Reglane i punkta 1 og 2 byggjer på OECD-mønsteret.
I punkt 3 er det teke inn ei føresegn frå kommentarane til OECD-modellen. Ho gjer unntak frå reglane i punkt 1 og 2 når framsyninga i den eine kontraherande staten for ein vesentleg del blir finansiert av offentlege midlar frå den staten der artisten er busett. I slike tilfelle skal inntekta berre kunne skattleggjast der.
Artikkel 18 handlar om pensjonar og liknande ytingar . I motsetnad til dei tilsvarande reglane i OECD-mønsteret, men i samsvar med skatteavtalene Noreg har inngått dei seinare åra, omfattar denne artikkelen alle typar pensjon, både private og offentlege, og gir kjeldestaten høve til å skattleggje slike ytingar. Ved lov 6 mars 2009 nr. 14 er det innført heimel til å skattleggje pensjonsutbetalingar til personar som ikkje er busette i Noreg frå og med inntektsåret 2010.
Artikkel 19 handlar om offentleg teneste . Som hovudregel og i samsvar med OECD-mønsteret, er det den staten som betaler ut godtgjersla, som har rett til å skattleggje. Regelen gjeld ikkje for godtgjersle knytt til utøving av offentleg forretningsverksemd, jf. punkt 2. Offentlege pensjonsutbetalingar går som nemnt under artikkel 18.
Artikkel 20 gjeld studentar og lærlingar som er busette i den eine kontraherande staten og som oppheld seg mellombels i den andre staten for å få utdanning eller opplæring. Dei skal ikkje skattleggjast i den sistnemnde staten av pengebeløp som dei mottek til underhald, utdanning eller opplæring frå kjelder utanfor denne staten. Regelen samsvarer med OECD-mønsteret og med skatteloven § 2-30 andre ledd. Etter ønske frå Qatar er det i punkt 2 presisert at studentar og lærlingar som mottek utbetalingar som er skattepliktige i opphaldsstaten, har krav på tilsvarande frådrag og liknande som personar som er busette i opphaldsstaten har krav på. Dette er likevel ikkje noko meir enn det dei ville hatt krav på sjølv utan den særskilde føresegna.
Artikkel 21 inneheld reglar om verksemd utanfor kysten (offshoreverksemd). Punkt 1 slår fast at reglane i artikkelen skal gå føre, same kva som elles følgjer av avtala.
Punkta 2 og 3 handlar om skattlegging av næringsverksemd. Dei fastset at verksemd utøvd utanfor kysten av ein stat skal reknast som verksemd utøvd gjennom ein fast driftsstad eller ein fast stad i denne staten, dersom verksemda blir utøvd til saman over 30 dagar i løpet av ein periode på tolv månader. Inntekta frå slik verksemd kan i så fall skattleggjast frå første dag i denne staten. Reglane i punkt 3 a) og b) tek sikte på å hindre at fristen på 30 dagar blir omgått.
Punkt 4 inneheld eit unntak frå dei generelle reglane i punkta 2 og 3. Det gjeld forteneste av transport av forsyningar eller personell, eller av drift av taubåtar eller liknande hjelpefartøy knytt til verksemd som omhandla i artikkelen. Slik forteneste skal berre skattleggjast i den staten der personen som mottek fortenesta, er busett.
I punkt 5 a) er det gitt reglar om skattlegging av lønnsinntekter i samband med offshoreverksemd. Slik inntekt kan skattleggjast i kjeldestaten dersom arbeidsopphaldet til saman varer meir enn 30 dagar i løpet av ein periode på tolv månader. Om arbeidet er utført for arbeidsgivar heimehøyrande i kjeldestaten, kan inntekta skattleggjast der frå dag ein. Lønnsinntekter for teneste om bord i skip eller luftfartøy som er omfatta av unntaket i punkt 4, kan derimot skattleggjast i den staten der arbeidsgivaren er heimehøyrande.
Punkt 6 gjeld gevinst frå overføring av rettar til undersøking eller utnytting av naturførekomstar, eigedom som i sokkelstaten blir nytta i samband med verksemda utanfor kysten, og aksjar eller andelar som hentar sin verdi frå slike rettar eller slik eigedom. Slike gevinstar kan kjeldestaten skattleggje.
Artikkel 22 gjeld anna inntekt , det vil seie inntekt som ikkje er særskilt omhandla i dei andre artiklane i avtala. I samsvar med OECD-mønsteret er det fastsett at slike inntekter berre skal kunne skattleggjast i den staten der mottakaren er busett.
Inntekter som er knytt til ein fast driftsstad eller ein fast stad, skal ikkje skattleggast etter artikkel 22, men etter høvesvis artikkel 7 eller 14, jf. punkt 2. Punkt 3 skil seg frå OECD-mønsteret ved at kjeldestaten her får rett til å skattleggje anna inntekt som har sitt opphav der.
Etter norsk ønskje er rettane etter avtala avgrensa i artikkel 23 ved at artiklane 6 til 22 ikkje gjeld for einingar som blir fritekne for skatt eller har særskilt låg skatt etter lovgiving som blir vedteken etter underteikninga av avtala. I protokoll til avtala er det etter qatarsk ønskje presisert at lovgivinga om skattlegging av qatarske statsborgarar og om Qatar Financial Centre skal reknast som vedteken.
Artikkel 24 gir reglar om korleis ein går fram for å hindre dobbel skattlegging .
Både Noreg og Qatar nyttar godskrivingsmetoden (kreditmetoden) for å unngå dobbel skattlegging. Metoden inneber at Noreg, overfor personar busette i Noreg, kan skattleggje ei inntekt også når det går fram av dei materielle reglane i avtala at inntekta kan skattleggjast i Qatar. Noreg må så gi frådrag i den utlikna skatten med eit beløp som svarer til den skatten som er betalt i Qatar (kjeldestaten). Tilsvarande gjeld for Qatar. Frådraget kan ikkje overstige den skatten som fell på den aktuelle inntekta i bustadstaten.
I punkt 1 b) er det fastsett at i den grad ein person busett i Noreg mottek inntekter som etter nokon av reglane i avtala er unntatt frå skattlegging i Noreg, så kan Noreg likevel ta omsyn til denne inntekta ved utrekning av den skatten som skal betalast av resten av inntekta til personen (progresjonsatterhald).
Artiklane 25-30 inneheld nokre særlege reglar om ikkje-diskriminering (artikkel 25), framgangsmåten ved inngåing av gjensidige avtaler mellom dei kompetente styresmaktene i dei to statane (artikkel 26), utveksling av opplysningar (artikkel 27), og om diplomatiske og konsulære tenestemenn (artikkel 28). Artikkel 25 er tilpassa det omstende at Qatar skattlegg utanlandske personar og ikkje skattlegg qatarske personar og borgarar av medlemsstatar i Golfsamarbeidsrådet. Artikkel 27 følgjer i hovudsak OECD-mønsteret, med nokre avvik som er tekne inn etter qatarsk ønskje.
Artiklane 29 og 30 inneheld sluttreglar om når avtala skal tre i kraft og når ho sluttar å gjelde, jf. kapittel 1 ovanfor.