Historisk arkiv

21,6 millionar kroner til næringsretta utviklingstiltak i Buskerud

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding 28.06.2005

Pressemelding

Nr.: 138/2005
Dato: 28.06.2005

21,6 millionar kroner til næringsretta utviklingstiltak i Buskerud

Regjeringa har løyvd 21,6 millionar kroner til næringsretta utviklingstiltak i Buskerud for 2005. Totalt er det sett av 795 millionar kroner i 2005 til ein særskilt næringsretta innsats i områda av landet som er omfatta av omlegginga av arbeidsgjevaravgifta frå 01.01.2004.

- Næringslivet og regionane har sjølve laga handlingsplanar for korleis midlane skal brukast, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg. - Eg er særleg nøgd med at næringslivet har tatt den førande rolla i å lage planane, og det er næringslivet sine prioriteringar som ligg til grunn for bruken av midlane.

- Helst ville vi behalde den differensierte arbeidsgjevaravgifta. Når det ikkje gjekk, har Regjeringa lagt vekt på å føre tilbake midlane til den einskilde region på best mogleg måte og etter innspel frå regionane, seier statsråd Erna Solberg.

Buskerud har særleg prioritert tiltak innanfor samferdsle, marknadsføring og kompetanseheving i verksemder som er omfatta av avgiftsomlegginga. Buskerud ønskjer mellom anna å setje av midlar til vegprosjekta Sokna-Ørgenvika og utbetringsarbeid på RV 287 gjennom Sigdal som eit ledd i å betre infrastrukturen i fylket. I tillegg ønskjer Buskerud å satse på marknadsføring av reiselivet i regionen og på utbygging av breibandsnettet i område der det er dårleg dekning i dag.

Regjeringa vil også for 2006 følgje opp innsatsen med løyvingar til næringsretta utviklingstiltak.