Historisk arkiv

32 millionar kroner til næringsretta utviklingstiltak i Telemark

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding 28.06.2005

Pressemelding

Nr.: 139/2005
Dato: 28.06.2005

32 millionar kroner til næringsretta utviklingstiltak i Telemark

Regjeringa har løyvd 32 millionar kroner til næringsretta utviklingstiltak i Telemark for 2005. Totalt er det sett av 795 millionar kroner i 2005 til ein særskilt næringsretta innsats i områda av landet som er omfatta av omlegginga av arbeidsgjevaravgifta frå 01.01.2004.

- Næringslivet og regionane har sjølve laga handlingsplanar for korleis midlane skal brukast, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg. - Eg er særleg nøgd med at næringslivet har tatt den førande rolla i å lage planane, og det er næringslivet sine prioriteringar som ligg til grunn for bruken av midlane.

- Helst ville vi behalde den differensierte arbeidsgjevaravgifta. Når det ikkje gjekk, har Regjeringa lagt vekt på å føre tilbake midlane til den einskilde region på best mogleg måte og etter innspel frå regionane, seier statsråd Erna Solberg.

Dei einskilde regionane i Telemark har laga eigne planar for bruken av midlane. I hovudsak er det planlagt tiltak innanfor digital infrastruktur, kompetanseheving, FoU/nyskaping og reiseliv. I tillegg er det laga eit program for entreprenørskap der ein skal satse på auka nyskaping i fylket.

Regjeringa vil også for 2006 følgje opp innsatsen med løyvingar til næringsretta utviklingstiltak.