67,5 millionar kroner til næringsretta utviklingstiltak i Hordaland
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding 28.06.2005
Pressemelding | Dato: 28.06.2005 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Pressemelding
Nr.: 143/2005
Dato: 28.06.2005
67,5 millionar kroner til næringsretta utviklingstiltak i Hordaland
Regjeringa har løyvd 67,5 millionar kroner til næringsretta utviklingstiltak i Hordaland for 2005. Totalt er det sett av 795 millionar kroner i 2005 til ein særskilt næringsretta innsats i områda av landet som er omfatta av omlegginga av arbeidsgjevaravgifta frå 01.01.2004.
- Næringslivet og regionane har sjølve laga handlingsplanar for korleis midlane skal brukast, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg. - Eg er særleg nøgd med at næringslivet har tatt den førande rolla i å lage planane, og det er næringslivet sine prioriteringar som ligg til grunn for bruken av midlane.
- Helst ville vi behalde den differensierte arbeidsgjevaravgifta. Når det ikkje gjekk, har Regjeringa lagt vekt på å føre tilbake midlane til den einskilde region på best mogleg måte og etter innspel frå regionane, seier statsråd Erna Solberg.
I Hordaland er det særleg prioritert samferdsle og kompetanseheving i verksemdene. I tillegg er det laga bransjeprogram retta mot reiseliv, olje og gass og marin sektor. Av samferdsleprosjekt i fylket er det særlig Hardangerbrua og Jondalstunnelen som er prioritert.
Regjeringa vil også for 2006 følgje opp innsatsen med løyvingar til næringsretta utviklingstiltak.