142,5 millionar kroner til næringsretta utviklingstiltak i Troms
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding 28.06.2005
Pressemelding | Dato: 28.06.2005 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Pressemelding
Nr.: 149/2005
Dato: 28.06.2005
142,5 millionar kroner til næringsretta utviklingstiltak i Troms
Regjeringa har løyvd 142,5 millionar kroner til næringsretta utviklingstiltak i Troms for 2005. Totalt er det sett av 795 millionar kroner i 2005 til ein særskilt næringsretta innsats i områda av landet som er omfatta av omlegginga av arbeidsgjevaravgifta frå 01.01.2004.
- Næringslivet og regionane har sjølve laga handlingsplanar for korleis midlane skal brukast, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg. - Eg er særleg nøgd med at næringslivet har tatt den førande rolla i å lage planane, og det er næringslivet sine prioriteringar som ligg til grunn for bruken av midlane.
- Helst ville vi behalde den differensierte arbeidsgjevaravgifta. Når det ikkje gjekk, har Regjeringa lagt vekt på å føre tilbake midlane til den einskilde region på best mogleg måte og etter innspel frå regionane, seier statsråd Erna Solberg.
Handlingsplanen frå Troms er relatert til dei nærings- og samfunnsmessige utfordringane regionane har og byggjer på innspel frå kommunar, regionar, bransjeorganisasjonar, finansinstitusjonar og FoU-miljø. Tiltaksområda i planen for Troms er retta inn mot kompetanseheving, innovasjon og nyskaping, regionbygging og infrastruktur. Det er ønske om å prioritere større satsingar innanfor desse satsingsområda for å oppnå målet om varige, positive effektar for næringslivet i regionen.
Regjeringa vil også for 2006 følgje opp innsatsen med løyvingar til næringsretta utviklingstiltak.