Prop. 63 L (2023–2024)

Endringar i helsepersonelloven og helsetilsynsloven (administrative reaksjonar, karantenetid før søknad om ny autorisasjon mv.)

Til innhaldsliste

12 Økonomiske og administrative konsekvensar

12.1 Konsekvensar for helsepersonell og verksemder i helse- og omsorgstenesta

12.1.1 Konsekvensar for helsepersonell

Departementet sitt forslag i kapittel 6 om ei karantenetid på to år for å søkje om ny autorisasjon etter tilbaketrekking av autorisasjon som ikkje er varig, vil omfatte fleirtalet av helsepersonell som mister autorisasjonen. I 2021 var det i alt 155 helsepersonell som mista autorisasjonen. På den andre sida er ikkje ein periode på to år nødvendigvis særleg lang tid, med tanke på at dei grunnane som førte til tilbaketrekking ikkje lenger kan vere til stades for å få innvilga ny autorisasjon. I samband med dette vil departementet vise til at medianen for ny autorisasjon etter søknad er 3,2 år i dei sakene som Pasientovergrepsutvalget gjekk gjennom. Forslaget vil dermed ikkje nødvendigvis innebere ei innstramming overfor det enkelte helsepersonellet ved at det tar vesentleg lengre tid å få tilbake autorisasjonen enn i dag.

Forslaget i kapittel 7 om varig tilbaketrekking av autorisasjon vil ha vesentleg betydning for det aktuelle helsepersonellet, som kan miste moglegheit til inntekt og sjølvforsørging. Forslaget omfattar likevel berre dei aller mest alvorlege sakene. Det er grunn til å anta at desse sakene vil utgjere eit fåtal av alle saker om tilbaketrekking av autorisasjon. I perioden frå 2010 til 2020 fatta Helsetilsynet vedtak om tilbaketrekking av autorisasjon i 116 saker som gjaldt seksuelle relasjonar. Samla sett utgjorde saker om seksuelle relasjonar og anna rollesamanblanding berre 7 prosent av tilsynet sine vedtak i den aktuelle perioden. Truleg vil det derfor dreie seg om eit fåtal saker der det kan vere grunnlag for varig tilbaketrekking av autorisasjon. Ved å opne for at helsepersonell som har mista autorisasjon for alltid, likevel kan søkje om ny autorisasjon og få realitetsbehandla søknaden når det har gått minst ti år, vil verknaden av vedtaket for den enkelte bli dempa noko.

Forslaget i kapittel 8 gjer innlevering av pasientjournalarkiv obligatorisk ved varig tilbaketrekking av autorisasjon, med mindre pasientjournalarkivet blir overtatt av anna kvalifisert helsepersonell eller verksemd. Dette inneber at i nokre av dei alvorlegaste sakene blir helsepersonellet pålagt ei ny plikt. Ei slik innleveringsplikt kan likevel ikkje i seg sjølv reknast som spesielt tyngjande, sjølv om det kan føre til enkelte kostnadar for helsepersonellet. Helsetilsynet har dessutan påpeikt at dei i praksis allereie pålegg innlevering ved tilbaketrekking av autorisasjon. Det blir dermed lagt til grunn at forslaget ikkje vil ha nemneverdige konsekvensar for det mindretalet som mister autorisasjonen for alltid.

Forslaget i kapittel 9 om forbod mot å yte helsehjelp for helsepersonell utan autorisasjon som er til fare for pasienttryggleiken, kan ha betydelege konsekvensar for helsepersonellet det gjeld. Helsepersonell som medvite praktiserer yrket og som sjølv om dei er fråtekne autorisasjonen held fram med å yte helsehjelp der det inngår ein behandlingsrelasjon med pasientkontakt, kan likevel ikkje med rimelegheit forvente å framleis basere inntektene sine og sjølvforsørginga frå denne verksemda. Eit forbod vil dessutan berre vere aktuelt i dei mest alvorlege sakene. Forslaget gjeld ikkje det store fleirtalet av helsepersonell som arbeider i helse- og omsorgstenesta og som ikkje er omfatta av autorisasjonsordninga i helsepersonelloven, mellom anna ufaglærte. Desse utgjer om lag 114 000 personar på landsbasis.

Forslaget om forbod mot å yte helsehjelp vil truleg omfatte eit fåtal av alt personell i helse- og omsorgstenesta, men noko eksakt omfang er vanskeleg å talfeste. Forbodet vil i utgangspunktet gjelde på ubestemt tid. På same tid foreslår departementet at det skal vere klageåtgang på vedtak om forbod mot å yte helsehjelp, på linje med klageåtgangen over andre administrative reaksjonar. Det vil derfor vere høve til å få overprøvd Helsetilsynets vurderingar i Statens helsepersonellnemd og for domstolane, noko som vil vere ein viktig garanti for rettstryggleik. Forslaget om at forbodet skal kunne følgjast opp med tvangsmulkt dersom det ikkje blir overhalde, vil ha økonomiske konsekvensar for det enkelte helsepersonellet.

12.1.2 Konsekvensar for verksemder og arbeidsgivarar

Samla sett legg departementet til grunn at forslaga i høyringsnotatet ikkje vil ha vesentlege konsekvensar for verksemder og arbeidsgivarar.

Departementet sitt forslag i kapittel 9 om forbod mot å yte helsehjelp for helsepersonell som ikkje lenger har autorisasjon og som er til fare for pasienttryggleiken, kan redusere belastninga på verksemder og arbeidsgivarar i samband med handteringa av personalsaker mot det aktuelle helsepersonellet.

Eventuelle meirkostnader som følgje av lovendringane må dekkast innafor gjeldande rammer for verksemdene.

12.1.3 Konsekvensar for tilsynsmyndigheitene

Departementet sine forslag i kapitla 6 og 7 om karantenetid for å sette fram ny søknad på høvesvis ti år ved varig tilbaketrekking av autorisasjon og to år ved tilbaketrekking som ikkje er varig, kan hindre at det blir sett fram søknader for tidleg som i dag må realitetsbehandlast og på det viset krev unødig bruk av ressursar hos Helsetilsynet. Forslaga vil føre til at søknader som blir sette fram før det har gått høvesvis to og ti år, som hovudregel kan avvisast utan realitetsbehandling. Samtidig må Helsetilsynet fatte vedtak om avvising av søknaden som for tidleg sett fram og ein må kunne klage på vedtaket. Dette kan føre til noko meirarbeid for tilsynet og klageinstansen.

Forslaget om at Helsetilsynet får åtgang til å gjere unntak frå kravet til to års karantenetid når det ligg føre særlege grunnar, kan føre til at helsepersonell vil prøve å nytte seg av unntaksåtgangen ved å sette fram søknader om ny autorisasjon før utløpet av tidsperioden på to år. Vurderinga av om det er grunnlag for å gi unntak eller om søknaden kan avvisast, må gjerast i alle saker. Samtidig må tilsynet også i dag ta stilling til søknader om å få ny autorisasjon.

Forslaget i kapittel 8 om obligatorisk innlevering av helsepersonellet sitt pasientjournalarkiv ved varig tilbaketrekking av autorisasjon, vil ikkje føre til meirarbeid for Helsetilsynet sidan plikta kviler på helsepersonellet. Forslaget kan føre til noko meirarbeid for Norsk helsearkiv som skal ta imot og oppbevare journalarkiva. Samtidig gjeld plikta til innlevering berre i dei alvorlegaste tilfella, slik at talet på saker truleg vil vere svært lågt.

Forslaget i kapittel 9 om forbod mot å yte helsehjelp for helsepersonell som ikkje lenger har autorisasjon og som er til fare for pasienttryggleiken, er ei ny oppgåve for Helsetilsynet som kan auke arbeidsmengda og leggje noko beslag på ressursar hos Helsetilsynet. Forslaget vil også kunne føre til meirarbeid for statsforvaltarane når det gjeld saksførebuing og ved at det i større grad må førast tilsyn med uautorisert helsepersonell sidan også desse skal kunne givast faglege pålegg. Forslaget om at tilsynet kan følgje opp manglande etterleving av forbodet med å ileggje tvangsmulkt overfor det enkelte helsepersonellet, kan også føre til meirarbeid.

Eventuelle meirkostnader for tilsynsmyndigheitene som følgje av lovendringane må dekkast innafor gjeldande rammer.

Til forsida