Meld. St. 21 (2013–2014)

Finansmarknadsmeldinga 2013

Til innhaldsliste

2 Finansnæringa og utsiktene for finansiell stabilitet

2.1 Innleiing og oppsummering

Finansiell stabilitet inneber at det finansielle systemet er robust nok til å ta imot innskot og andre tilbakebetalingspliktige midlar frå ålmenta, formidle finansiering, utføre betalingar og omfordele risiko på ein tilfredsstillande måte. Ein viktig del av dette er at bankar og andre finansinstitusjonar er solide og verkar på ein føremålstenleg måte.

Dette kapittelet handlar om strukturen i den norske finansnæringa, utsiktene for finansiell stabilitet og konkurransetilhøva i den norske banknæringa. Dei fyrste avsnitta gjev eit oversyn over den norske finansnæringa, arbeidet med å tryggje finansiell stabilitet i Noreg og det makroøkonomiske biletet. Utsiktene for finansiell stabilitet vert vurderte i eigne avsnitt om kredittinstitusjonane, forsikring og pensjon og verdipapirføretaka. Avsnitta inneheld oversikter og vurderingar av marknadstilhøve, risikoutviklinga og soliditet og resultat i institusjonane. Dessutan har kapittelet ei særskild omtale av operasjonell risiko i finansføretaka. Til slutt er det ein gjennomgang av konkurransetilhøva i den norske banknæringa.

Mykje av bakgrunnsinformasjonen og talmaterialet til dette kapitlet er henta frå Noregs Bank og Finanstilsynet.

2.2 Oversyn over finansnæringa

2.2.1 Rolle i økonomien og struktur

Det finansielle systemet gjennomfører betalingar og legg til rette for at føretak og hushald kan omfordele risiko. Finansmarknaden gjer det mogleg å glatte ut konsumet over tid, kjøpe bustad, finansiere næringsverksemd, plassere sparepengar, forsikre seg mot uførleik og tingskadar og spare til alderspensjon. Ein velfungerande finansmarknad medverkar til tryggleik og økonomisk vekst.

Av hushaldas samla ei gjeld på om lag 2 500 mrd. kr., var 88 pst. teke opp hjå kredittinstitusjonar. Av innanlandsgjelda hjå ikkje-finansielle føretak på 1 400 mrd. kr., var 80 pst. teke opp hjå kredittinstitusjonar. Føretaka nyttar i tillegg obligasjons- og sertifikatmarknaden til å finansiere verksemda. 14 pst. av gjelda til føretaka er obligasjons- og sertifikatgjeld. Obligasjons- og sertifikatmarknaden har vorte ein viktigare finansieringskjelde for dei ikkje-finansielle føretaka dei siste par åra, sjå boks 2.1.

Boks 2.1 Vekst i den norske obligasjons- og sertifikatmarknaden

Ved utgangen av 2013 var om lag 14 pst. av den innanlandske gjelda til dei ikkje-finansielle føretaka teken opp i obligasjons- og sertifikatmarknaden. Det har vore ein auke i obligasjons- og sertifikatgjelda i høve til den samla innanlandske gjelda dei siste par åra, men obligasjonsgjelda utgjer likevel ein mindre del av den samla gjelda enn til dømes for ti år sidan, jf. figur 2.1A. Bankar og andre finansinstitusjonar står for meir enn 80 pst. av gjelda. Til liks med det som er tilfelle i mange andre europeiske land, har finansinstitusjonane i Noreg ei dominerande stilling i marknaden for lån til ikkje-finansielle føretak. I somme andre land, til dømes Storbritannia og USA, er det vanlegare å ta opp lån i obligasjons- og sertifikatmarknaden.

Norske ikkje-finansielle føretak har teke opp meir obligasjons- og sertifikatgjeld dei siste to åra, sjå figur 2.1B. I 2012 og 2013 stod opplåning i marknaden for høvesvis 22 og 42 pst. av auken i innanlandsk gjeld til føretaka.

Figur 2.1 Innanlandsk kreditt (K2) til norske ikkje-finansielle føretak frå ulike kredittkjelder1

Figur 2.1 Innanlandsk kreditt (K2) til norske ikkje-finansielle føretak frå ulike kredittkjelder1

1 Finansinstitusjonar o.a. inkluderer kredittinstitusjonar, forsikringsselskap, pensjonskasser og den statistiske grupperinga «andre kjelder» (i hovudsak utlån frå Eksportkreditt).

Kjelde: Statistisk sentralbyrå.

Det er høg aktivitet i den norske obligasjons- og sertifikatmarknaden, særleg når det gjeld føretaksobligasjonar i industrisektoren, jf. figur 2.2. I 2012 og 2013 var auken i verdien av uteståande obligasjonar i dette segmentet på høvesvis 23 og 28 pst. Fleire utanlandske utferdarar nyttar òg den norske marknaden, jf. figuren, sjølv om det uteståande volumet har gått noko ned dei seinare åra.

Oslo Børs er den største marknaden i Norden for såkalla høgrenteobligasjonar, det vil seie obligasjonar utferda av føretak med svakare kredittillit. Oslo Børs har føremoner på andre felt òg. Han er ein internasjonalt viktig marknadsplass for mellom anna sjømat, energi, oljeservice og shipping.

Figur 2.2 Uteståande obligasjonar på Oslo Børs og Oslo ABM. Obligasjonar utferda av utanlandske føretak og norske føretak innan industri o.a. Mrd. kroner

Figur 2.2 Uteståande obligasjonar på Oslo Børs og Oslo ABM. Obligasjonar utferda av utanlandske føretak og norske føretak innan industri o.a. Mrd. kroner

Kjelde: Oslo Børs.

Finanssektoren finansierer økonomisk verksemd med lån og eigenkapital, og han formidlar og forvaltar store verdiar på vegner av kundane. Norske bankar forvaltar om lag 1 900 mrd. kroner i innskotsmidlar og innlån fra kundar. Livsforsikringsselskap og pensjonskasser forvaltar om lag 1 000 mrd. kroner som skal finansiere framtidig pensjonsytingar.

Det finansielle systemet er samansett av infrastruktur for transaksjonar, finansinstitusjonar og andre aktørar og marknadsplassar. Det er viktig for alle økonomiar at dei finansielle transaksjonane som følgjer av økonomisk samhandel, kan gjennomførast raskt, sikkert og til låge kostnader. Eit kjenneteikn ved den norske finansmarknaden er at det er utvikla ein effektiv og velfungerande finansiell infrastruktur som tek hand om disse transaksjonane. Avvikling av papirbaserte tenester og bruk av elektroniske løysingar har gjeve ei viktig effektivisering. Den finansielle infrastrukturen i Noreg er nærare omtalt i eit eige kapittel i Finansmarknadsmeldinga 2012.

I finansmarknaden har føretaka konsesjon etter kva for type verksemd dei driv. I høve til forvaltningskapitalen er det kredittinstitusjonane, det vil seie bankane, kredittføretaka og finansieringsselskapa, som er den klårt største gruppa, med livsforsikringsselskapa på andre plass, jf. figur 2.3 og tabell 2.1. Figuren syner utviklinga i tilhøvet mellom forvaltningskapitalen i kredittinstitusjonane og forsikringsselskapa, unnateke pensjonskassene, og BNP for Fastlands-Noreg. I perioden frå 1970 til 2013 har den finansielle sektoren vakse som del av den totale norske økonomien. Veksten i forvaltningskapitalen i kredittinstitusjonar, forsikringsselskap og andre finansinstitusjonar har vore sterkare enn veksten i BNP, med unnatak av første del av 90-talet og dei siste par åra. Forvaltningskapitalen i desse institusjonane utgjorde 320 pst. av BNP ved utgangen av 2013. I internasjonal samanheng er ikkje den norske finanssektoren særleg stor samanlikna med BNP.

Figur 2.3 Bruttoprodukt i basisverdi. Finansierings- og forsikringsverksemd som del av samla verdiskapning og av Fastlands-Noregs verdiskapning. Prosent

Figur 2.3 Bruttoprodukt i basisverdi. Finansierings- og forsikringsverksemd som del av samla verdiskapning og av Fastlands-Noregs verdiskapning. Prosent

Basisverdien er den verdien som produsenten sit att med for eit produkt etter at han har betalt meirverdiavgift og andre produktskattar og motteke eventuelle produktsubsidiar frå det offentlege.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå.

Ved utgangen av 2013 var det 220 kredittinstitusjonar på den norske kredittmarknaden. Av desse institusjonane var det 124 norske1 bankar og 54 finansieringsføretak (kredittforetak og finansieringsselskap). I tillegg var det 42 filialar av utanlandske kredittinstitusjonar i Noreg. Kredittføretaka tilbyr for det meste pantelån til finansiering av bustadkjøp og næringsverksemd, medan finansieringsselskapa i hovudsak driv med leasing, bilfinansiering, kortbaserte utlån og annan forbruksfinansiering. Samla forvaltningskapital i desse kredittinstitusjonane var på om lag 5355 mrd. kroner.

Tabell 2.1 Strukturen i den norske finansmarknaden (inkl. utenlandske filialer). Talet på institusjonar og samla forvaltningskapital (mrd. kr.) i ulike bransjar. Prosent av forvaltningskapital i ulike bransjar og til saman (marknadsdekar). Per 31. desember 2013

Kredittinstitusjonar

Verdipapifond

Skadeforsikring

Livsforsikring

Sum

Samla forvaltningskapital

5 355

663

210

1 090

7 318

Prosent av forvaltningskapital

DNB

40

17

1

27

35

SpareBank1/Samarbeidende Sparebankar

15

5

7

3

12

Nordea

11

10

0

7

10

KLP

0,5

15

2

31

6

Storebrand

1

12

1

23

5

Eika-Gruppen

5

1

2

0

4

Gjensidige

0,5

0

27

1

1

Sum finanskonsern/allianser

73

60

40

92

74

Andre selskap

27

40

60

8

26

Heile marknaden

100

100

100

100

100

herav utenlandske filialar

14

29

0,3

11

herav utenlandseigde dotterselskap

14

0,4

1

10

For kredittinstitusjonar er forvaltningskapitalen til filialar og dotterføretak i utlandet inkludert.

Kjelde: Finanstilsynet og Verdipapirfondenes Forening.

Det er 30 forvaltningsselskap for verdipapirfond på den norske marknaden. Det er både institusjonar med norsk konsesjon og utanlandske filialar som opererer i Noreg. Dei har ein samla forvaltningskapital på om lag 663 mrd. kroner. Det er om lag 100 mrd. kroner meir enn i 2012.

Det er 114 føretak som driv med forsikring på den norske marknaden (institusjonar med norsk konsesjon og utanlandske filialar som operer i Noreg). Av dei er det 95 føretak som driv med skadeforsikring. Det er eit nokså stort innslag av utanlandske filialar innanfor skadeforsikring. Dei utanlandske filialane stod for om lag 29 pst. av den totale verksemda innanfor skadeforsikring målt i forvaltningskapital.

Ved utgangen av 2013 var det 19 livsforsikringsselskap på den norske marknaden, 2 færre enn året før. Av dei 19 selskapa er 10 norskeeigde og 2 utanlandskeigde, medan resten er mindre filialar av utanlandske føretak. Livsforsikringsselskapa har ein samla forvaltningskapital på om lag 1 090 mrd. kroner. Det er 84 pensjonskasser på den norske marknaden. Dei har ein samla forvaltningskapital på om lag 220 mrd. kroner.

I finanssektoren finn ein dessutan marknadsplassar som hjelper til med å kanalisere kapital til næringsverksemd av ymist slag. I Noreg er det eitt selskap som har konsesjon til å drive verdipapirbørs. Oslo Børs omsette i 2013 eigenkapitalinstrument for over 800 mrd. kroner. Det vart emittert, det vil seie henta inn ny eigenkapital, for om lag 18 mrd. kroner, jf. figur 2.4. I tillegg vart det lagt ut nye obligasjonslån for rundt 160 mrd. kroner.

Figur 2.4 Eigenkapitalemitteringar. Oslo Børs. Mill. kroner.

Figur 2.4 Eigenkapitalemitteringar. Oslo Børs. Mill. kroner.

Kjelde: Oslo Børs.

Oslo Børs speglar i stor mon norsk økonomi. Norge er mellom anna ein av verdas største eksportørar av fisk og sjømatprodukt. Det ser ein att på Oslo Børs, som er verdas største finansielle marknadsplass for sjømatsektoren. Noreg er verdas tredje største gasseksportør og femte største oljeeksportør. Oslo Børs har det nest høgaste talet på noterte selskap i Europa innan energi og det nest høgaste talet i verda innan oljeservice. Selskap som inngår i energiindeksen, OSLO Energy Index, utgjer om lag halvparten av marknadsverdiane på Oslo Børs og i Oslo Axess. Noreg er ein sjøfartsnasjon òg. Det kjem til uttrykk ved at Oslo Børs er den børsen i Europa som har flest noterte shippingselskap. På verdsbasis er det berre New York-børsen som har fleire.

I sum medverkar finansnæringa til stor verdiskaping i den norske økonomien. Figur 2.5 syner utviklinga i bruttoproduktet i finansierings- og forsikringsnæringa som del av bruttoprodukta for høvesvis alle næringar og for Fastlands-Noreg. Bruttoprodukt er eit uttrykk for verdiskaping og er definert som produksjon minus produktinnsats.

Figur 2.5 Bruttoprodukt i basisverdi. Finansierings- og forsikringsverksemd som del av alle næringar og av Fastlands-Noreg. Prosent

Figur 2.5 Bruttoprodukt i basisverdi. Finansierings- og forsikringsverksemd som del av alle næringar og av Fastlands-Noreg. Prosent

Kjelde: Statistisk sentralbyrå.

Figuren syner at bruttoproduktet i finansnæringa som del av bruttoproduktet i norsk økonomi voks monaleg etter avreguleringa av finansnæringa i 1970- og 1980-åra og fram til bankkrisa på slutten av 1980-talet og byrjinga av 1990-talet. Etter ein nedgang i kjølvatnet av bankkrisa har det relative bruttoproduktet igjen vakse frå årtusenskiftet.

Verdiskapinga (faktorinntektene) i ein sektor tilfell eigarene av innsatsfaktorane i form av lønsinntekt til dei som eig arbeidskraft, profitt til dei som eig realkapital, jordleige eller ressursrente til dei som eig jord og andre ressursar, eller som skatt til staten.

I 2013 var om lag 54 000 årsverk sysselsette i bank og forsikring, og lønskostnadene var på om lag 45 mrd. kroner. Kredittinstitusjonar, forsikringsselskap og pensjonskasser hadde samla eit driftsresultat på 89 mrd. kroner. Lønnskostnadar kan sjåast på som avlønning av arbeidskraft, medan resultatet kan sjåast på som avløninga av kapitalen og naturressursinnsatsen. Figur 2.6 syner driftsresultat som del av faktorinntekter i nokre utvalde næringar. Figuren syner at ein relativt stor del av faktorinntektene i finansnæringa kjem kapitaleigarane til gode, men med atterhald om at driftsresultatet som nemnt også skal avløne naturressursar med meir. Figuren illustrerer mellom anna at finansnæringa er ei kapitalintensiv næring og difor har ein relativt låg lønsdel i faktorinntekta samanlikna med andre næringar.

Figur 2.6 Driftsresultat som del av faktorinntekt i utvalde næringar

Figur 2.6 Driftsresultat som del av faktorinntekt i utvalde næringar

Kjelde: Statistisk sentralbyrå.

2.2.2 Offentleg regulering

2.2.2.1 Arbeidet med finansiell stabilitet

Styresmaktene arbeider for å førebyggje soliditets- og likviditetskriser i finanssystemet med krav i lover og forskrifter og med tilsyn med finansinstitusjonane og finansmarknadene. I Noreg har ein lagt stor vekt på ei heilskapleg og konsistent regulering som mellom anna går ut på at same slags risiko vert regulert likt same kvar han finst, slik at risiko ikkje hopar seg opp der han er minst regulert. Dette prinsippet har lege til grunn for norsk finansmarknadsregulering i mange år. Dessutan er det ein føresetnad for finansiell stabilitet, og eit viktig mål i seg sjølv, å ha eit godt forbrukarvern på finansmarknaden.

Arbeidet med å tryggje finansiell stabilitet er i Noreg delt mellom Finansdepartementet, Noregs Bank og Finanstilsynet. Finansdepartementet har det overordna ansvaret for å sjå til at det finansielle systemet fungerer godt. Noregs Bank og Finanstilsynet skal medverke til at det finansielle systemet er robust og effektivt, og overvaker difor finansinstitusjonane, verdipapirmarknadene og betalingssystema for å avdekkje trugsmål mot stabiliteten. Finanstilsynet fører dessutan tilsyn med finansinstitusjonane og marknadsplassane. Noregs Bank er långjevar i siste instans.

I 2006 vart det etablert såkalla trepartsmøte mellom Finansdepartementet, Noregs Bank og Finanstilsynet. I desse trepartsmøta vert det utveksla informasjon om mellom anna utviklinga i norsk og internasjonal økonomi og stoda i finansmarknadene. Desse møta vert haldne kvart halvår, men oftare når det trengst. Det har vore halde to slike trepartsmøte i 2013, medan det til no i 2014 har vore eitt.

2.2.2.2 Skatter og avgifter

Regjeringa vil bruke skattesystemet til å finansiere fellesgode, sikre sosial mobilitet, oppnå meir effektiv ressursutnytting og gje betre vilkår for norsk næringsliv. Skattesystemet påverkar arbeidstilbod, forbruk, sparing og investeringar. Difor er det viktig at skattesystemet er utforma med utgangspunkt i at ressursane i samfunnet skal utnyttast best mogleg. Dei generelle omsyna gjeld for skattlegginga av finanssektoren òg.

I selskapsskattlegginga er det lagt vekt på lik handsaming av ulike investeringar, finansieringsformer og organisasjonsformer og symmetrisk handsaming av inntekter (gevinstar) og utgifter (tap). Finansinstitusjonar er i hovudsak underlagde dei same skattereglane som andre selskap. Renteinntekter vert skattelagde som ordinær inntekt, medan rentekostnadar gjev rett til fullt frådrag for finansinstitusjonane. Resultata vert skattlagde med ein flat sats på 27 pst., som for andre selskap. Men det er særskilde reglar for tapsavsetningar i bankar og fondskapital i livsforsikringsselskap.

I personskattlegginga er det fleire døme på at visse finansielle produkt har ei særleg gunstig handsaming. Eit døme er bustadsparing for ungdom (BSU), som gjev rett til skattefrådrag inntil ei viss grense for sparing til bustadføremål. Eit anna døme er skattefavorisert pensjonssparing. Arbeidsgjevarar har på visse vilkår plikt til å ha ei alderspensjonsordning for dei tilsette, såkalla obligatorisk tenestepensjon eller OTP. Pensjonssparinga i slike tenestepensjonsordningar vert handsama gunstigare enn anna sparing. I tenestepensjonsordningar gjev innskot (premie) frådrag for arbeidsgjevaren, sjølv om det er unnateke skattlegging som løn for arbeidstakaren. Den realiserte, løpande avkastninga på pensjonsmidlane vert ikkje skattlagd, og det vert ikkje kravd formuesskatt av behaldninga. Utbetalingar frå ordninga er skattepliktige som pensjonsinntekt. Kombinasjonen av obligatorisk tenestepensjon (OTP) og skattefavoriseringa har medverka til at ein stor del av forvaltningskapitalen i livsforsikringsselskap og pensjonskasser er knytt til slike tenestepensjonsordningar. Privatpersonar kan spare i skattestimulerte individuelle pensjonsordningar (IPS) òg.

Særleg på eitt punkt skil skattereglane for finansnæringa seg frå dei generelle skattereglane. Finansielle tenester står som hovudregel utanfor meirverdiavgiftssystemet. Meirverdiavgifta er ei generell avgift på innanlandsk forbruk av varer og tenester og har som føremål å skaffe inntekter til staten. Meirverdiavgifta vert kravd opp og innbetalt av avgiftspliktige næringsdrivande. Unnataket for finansielle tenester inneber at brukarane ikkje betaler meirverdiavgift, men også at finansinstitusjonane ikkje får frådrag for meirverdiavgift på varer og tenester som dei sjølve kjøper. Bakgrunnen for unnataket er at delar av meirverdien i finansinstitusjonane stammar frå marginbaserte tenester, mellom anna rentemarginane. Det er ikkje mogleg å skattleggje marginar med ei vanleg meirverdiavgift, og mellom anna difor har ein valt å gjere eit unnatak for finansielle tenester. Finansinstitusjonane betaler noko meirverdiavgift i og med at dei ikkje kan trekkje ifrå inngåande avgift, og fordi dei har noko omsetning av avgiftspliktige tenester. Grove overslag indikerer at det likevel vantar om lag 8 mrd. kroner på at heile meirverdien frå finansielle tenester vart skattlagd med 25 pst. (unnateke livsforsikring).

I fleire land er det særskilde skattar eller avgifter på finansnæringa. Dei er meinte dels å skaffe inntekter til staten, dels å finansiere eventuelle framtidige krisetiltak med særskilde fond og dels å vere eit supplement til den tradisjonelle finansmarknadsreguleringa, til dømes ved å redusere insentiv til å ta stor risiko. I Noreg er det ikkje innført særskilde skattar eller avgifter på finansnæringa, om ein ser bort ifrå avgifta til Bankanes sikringsfond. I NOU 2011: 1 Bedre rustet mot finanskriser føreslo Finanskriseutvalet mellom anna at styresmaktene skal sjå på om finansnæringa bør betale ei stabilitetsavgift som korrigerer for den økonomiske føremonen næringa har av forventningar om støtte frå staten ved ei krise, og ein såkalla aktivitetsskatt på overskot og lønsutbetalingar for å korrigere for at finansiell sektor ikkje betalar meirverdiavgift.

I somme land er det innført skattar som delvis korrigerer for at finansielle tenester er unnatekne frå meirverdiavgiftsplikta. Frankrike innførte i 1968 ein særskild skatt på løn i unnateken verksemd, medrekna finanssektoren. Danmark har sidan 1990 hatt ei særskild skattlegging av lønskostnader i fleire sektorar som har unnatak for meirverdiavgift, mellom annan finanssektoren. Satsen er høgare for finanssektoren enn for andre sektorar. I 2014 var han på 11,4 pst. Satsen skal aukast kvart år til 15,3 pst. i 2021. Slik ekstra skattlegging av lønskostnader kan i prinsippet fange opp meirverdien som tilfall arbeidskraft, medan meirverdien som vert teken ut i form av overskot, fell utanfor. Island innførte i 2012 ein aktivitetsskatt for finansinstitusjonar, unnateke pensjonsfond, som omfattar både lønskostnader og store overskot. I tillegg til vanleg skatt vert godtgjersle til dei tilsette skattlagd med 5,5 pst., medan overskot på over 1 mrd. islandske kroner vert skattlagt med 6 pst.

Skadeforsikring er skattlagd i mange land. Mellom anna Australia og New Zealand har vanleg meirverdiavgift med nokre særreglar for skadeforsikring. Dei fleste av EU-landa har særavgifter på forsikringspremiar.

Etter finanskrisa har fleire land innført såkalla stabilitetsavgifter eller bankskattar. Desse skattane er til dels svært forskjellig utforma i ulike land, men kan generelt samanliknast med den avgifta som bankane i Noreg betaler til Bankenes sikringsfond. Slike skattar eller avgifter har oftast heile eller delar av balansen til finansinstitusjonane som skattegrunnlag. Det er forskjellige løysingar når det gjeld om provenyet går til statskassa eller til fond som skal sikre innskot og motverke eller betale for framtidige kriser i banksektoren.

Både Sverige, Finland og Island har innført skatt og avgift på balanseeiningar. I Sverige er det dessutan varsla at bankane skal vere med på å finansiere oppbygginga av valutareservane til det offentlege, sidan utlandsfinansieringa til bankane påfører økonomien risiko for å måtte nytte valutareservane. I Noreg vert ein del av avgifta til sikringsfondet utrekna ut ifrå balanseeiningar, og frå 1. januar 2013 må bankane betale avgifta kvart år. Før betalte dei avgifta berre når sikringsfondet var underfinansiert. Banklovkommisjonen utredar no ei revisjon av lovgjevinga for vårt samla sikringsordningssystem blant anna i lys av relevant EU-regulering, sjå nærare omtale i pkt. 3.2.5.

2.3 Det makroøkonomiske biletet

Fem år etter at den internasjonale finskrisa braut ut, har nokre land framleis lågare verdiskaping (BNP) enn før krisa. I fjor haust tok likevel veksten i verdsøkonomien seg noko opp, driven særleg av utviklinga i dei tradisjonelle industrilanda. I USA ser oppgangen ut til å vere robust, og eurolanda er på veg ut av den lengste perioden med negativ vekst i valutasamarbeidet si historie. Viktige tiltak frå styresmaktene i Europa, ikkje minst frå den europeiske sentralbanken, har redusert risikoen for eit nytt tilbakeslag.

Det siste året har det vore finanisell uro i fleire framveksande økonomiar. Utsikter til høgare avkastning på finansplasseringar i USA og andre tradisjonelle industriland medverka til kapitalutgang frå fleire store framveksande økonomiar og svekking av valutaen deira. Mange av desse landa har lite handlingsrom i den økonomiske politikken. Kina har ikkje vore råka av kapitalutgang slik som andre framveksande økonomiar, men den kinesiske valutaen har svekka seg noko, og veksten er lågare enn før finanskrisa. Eit tilbakeslag i Kina og andre framveksande økonomiar kan føre til alvorlege verknadar for verdsøkonomien og til eit fall i oljeprisen.

Norsk økonomi har klart seg bra i lang tid. Sysselsetjinga er høg og arbeidsløysa låg. Sidan årtusenskiftet har det vore høg vekst i prisane på norske eksportvarer, samstundes som prisen på einskilde importerte varer har vore låg. Høg oljepris og sterk oppgang i investeringane på norsk sokkel har gjeve høg kapasitetsutnytting og låg arbeidsløyse, men samtidig har dei medverka til ei todeling i norsk økonomi. Verksemder som leverer mykje til petroleumsnæringa i Noreg og utlandet, har vakse, medan situasjonen er krevjande for verksemder som konkurrerer i meir tradisjonelle eksportmarknader.

Ti år med høge oljeprisar og ei gunstig utvikling i byteforholdet har medverka til at lønene i ei årrekkje har auka raskare i Noreg enn i andre land. Mange norske verksemder har vore skjerma av høge prisar på produkta sine, men utviklinga har ikkje vore like tenleg for alle næringar. Mange norske verksemder er sårbare for at prisane faller eller krona styrkjer seg att. I 2013 svekka krona seg monaleg. Målt ved konkurransekursindeksen var krona meir enn 10 pst. svakare ved utgangen enn ved inngangen av 2013. Svekkinga av krona har betra den kostnadsmessige konkurranseevna i Noreg noko, og det er med på å halde produksjonen og sysselsetjinga i norsk økonomi oppe.

Prisane på bustader har auka over fleire år, sjå boks 2.2 nedanfor, samstundes som det har vore ein sterk auke i hushalda si gjeld. Med høg gjeld og i all hovudsak flytande rente på lån vil sjølv små renteaukar raskt slå ut i redusert kjøpekraft for hushalda.

Saman med det høge kostnadsnivået var det høge gjeldsnivået hjå hushalda truleg med på å dempe oppgangen i aktiviteten i fastlandsøkonomien i fjor. Sjølv om veksten i inntekta til hushalda heldt seg oppe, var veksten i forbruket til hushalda klårt svakare i 2013 enn i 2012. Auka merksemd blant hushalda om risikoen ved høg gjeld kan ha medverka til dette. Den sterke veksten i produksjonen i næringar som leverer til petroleumsverksemda, dempa seg noko gjennom fjoråret. Samstundes er veksten i meir tradisjonell eksportindustri framleis låg.

Rentebanen i den siste pengepolitiske rapporten frå Noregs Bank i mars 2014 byggjer på at styringsrenta kjem til å liggje på dagens nivå frem mot sommaren 2015, for deretter å aukast gradvis. I tilleggsproposisjonen 2014 rekna Finansdepartementet med ein vekst i BNP for Fastlands-Noreg på 2,5 prosent i år. Avdempinga i norsk økonomi gjennom 2013 og inn i 2014 trekkjer i retning av at veksten i BNP for Fastlands-Noreg kan verte noko lågare enn dette. Finansdepartementet vil leggje fram nye anslag i revidert nasjonalbudsjett i mai.

2.4 Kredittinstitusjonane

2.4.1 Risikotilhøva

Bankverksemd inneber mellom anna å finansiera langsiktige, ikkje-likvide utlån og andre eigedelar med likvide innskot. Ulik forfallsstruktur på gjeld og eigedelar gjev opphav til ein risiko for at ein bank ikkje får refinansiert eigedelar når han treng det. Risikoen for at ein bank ikkje kan innfri skyldnader ved forfall sjølv om han er solvent, det vil seie at verdien av eigedelane er høgare enn verdien av gjelda, vert kalla likviditetsrisiko.

Bankar som finansierer utlån med likvide innskot, står overfor ein likviditetsrisiko som botnar i at unormalt mange innskytarar samtidig kan be om å få utbetalt innskota deira. Så lenge innskytarane opptrer uavhengig av kvarandre, kan ein ha nokså god oversikt over denne risikoen og halde tilstrekkeleg med likvide eigedeler til å handtere riskoen. Uro blant innskytarane kan vere vanskeleg å handtere for ein einskild bank, men innskotsgarantiordninga hjelper til å redusere faren for at det skal oppstå uro.

Dei siste tiara har innlån i kapitalmarknaden vorte ein viktig del av finansieringa til norske bankar og andre kredittinstitusjonar. Marknadsfinansiering gjer at bankane kan styre likviditetsrisikoen sin på eit vis som dei ikkje kan med innskot. Men finanskrisa viste at om bankane legg til grunn at ny finansiering alltid vil vere tilgjengeleg i marknaden på kort varsel, kan likviditetsrisikoen deira auke raskt og mykje når desse marknadene vert mindre likvide.

Figur 2.7 Samansetjing av finansieringa til  bankane og kredittføretaka. Prosent av forvaltningskapital. Prosent

Figur 2.7 Samansetjing av finansieringa til bankane og kredittføretaka. Prosent av forvaltningskapital. Prosent

Kjelde: Finanstilsynet.

Prosentdelen kortsiktig marknadsfinansiering hjå bankane og kredittføretaka har dei siste åra gått ned, jf. figur 2.7. Samtidig har obligasjonslån med løpetid over eitt år, inkludert obligasjonar med fortrinnsrett (OMF), auka monaleg som del av total finansiering og utgjer no om lag 30 pst. Av dette utgjer OMF størsteparten. Løpetida på OMF og andre obligasjonslån òg har auka jamt og trutt i åra etter finanskrisa. I gjennomsnitt er løpetida no 6–7 år. Tala tyder på at bankane er mindre sårbare ved svikt i tilgangen på ny finansiering i marknaden. Tala tyder òg på at NIBOR og andre korte rentar er mindre viktige no for bankanes samla finansieringskostnadar, jf. omtale i pkt. 2.8.2.

Ein av grunnane til at OMF har vakse fram som ei av dei viktigaste finansieringskjeldene, er at bankane har tent på å skilje ut godt sikra bustadlån til kredittføretak som kan utferde OMF, medan dei sjølve har halde att meir risikable eigedelar i balansen. Høvet til å utferde OMF inneberer auka fleksibilitet og tilgang til nye finansieringsmarknader, men utviklinga inneber at det i ein krisesituasjon vil vere lågare tilgang på sikre eigedelar som institusjonane kan pantsetje for å sikre seg finansiering. Det kan isolert sett medverke til at tilgangen til ny marknadsfinansiering vert mindre stabil.

Bankane og kredittføretaka utferda obligasjonsgjeld for om lag 440 mrd. kroner i 2013. Det er på nivå med gjennomsnittet for dei seinare åra. Hovuddelen av utferdingane er OMF, og av dette er mesteparten i utanlandsk valuta. Gjelda i valuta finansierer utlån og andre eigedelar i norske kroner, noko som inneberer ein ikkje ubetydeleg valutarisiko hjå institusjonane. Institusjonane motverker denne med valutabyteavtalar på derivatmarknaden. Bankane sitt behov for å bruke derivatmarknaden for å styre valutarisikoen utgjer også ein potensiell risiko som kan kome til syne ved forstyrringar i derivatmarknaden.

Det er viktig at institusjonane har god styring på likviditetsrisikoen sin. I tråd med nye EU-reglar skal det innførast nye krav som vil innebere ei kvantitativ avgrensing av kor høg likviditetsrisikoen kan vere, sjå omtale i kapittel 3. Medan likviditetsdekningskravet LCR skal sikre at institusjonane har nok likvide eigedelar til å takle periodar med svikt i finansieringsmarknadene, skal finansieringskravet NSFR sikre at finansieringa er tilstrekkeleg stabil i høve til løpetida på eigedelane. Krava er ikkje endeleg utforma enno, men rapporteringa tyder på at dei større norske bankane ligg brukbart an til å stette LCR. Dei mindre bankane har generelt lågare likviditetsdekning enn dei større.

Kredittinstitusjonane driv hovudsakleg med utlån, og kredittrisiko er difor normalt den viktigaste risikofaktoren for institusjonane. Kredittrisikoen er sterkt knytt til kva evne og vilje norske hushald og føretak har til å betale renter og avdrag, og til verdiutviklinga på bustader og annan pantsett eigedom.

Dei siste åra har dei norske kredittinstitusjonane med få unnatak tilbode kreditt i ein heimemarknad i vekst. Kredittindikatorane K2 og K3 er breie mål på kor stor bruttogjeld publikum – det vil seie mellom anna kommuneforvaltninga, ikkje-finansielle føretak og hushald – har til høvesvis norske kredittkjelder og alle kredittkjelder samla. Medan tolvmånadersveksten i kreditt til hushalda har vore stabil, på i overkant av 10 pst. fram til finanskrisa og på om lag 7 pst. dei seinare åra, har veksten i kreditt til dei ikkje-finansielle føretaka variert mykje meir, sjå figur 2.8. Samla kredittvekst til føretaka har auka nokså jamt dei siste par åra, men det var eit omslag mot slutten av 2013, sjå figuren. Samanlikning av K2- og K3-tala for føretaka syner at den nylege nedgangen i kredittveksten særleg stammar frå ein nedgang i vekst i kreditt frå utanlandske kjelder.

Figur 2.8 Tolvmånadersvekst i innanlandsk kreditt (K2) og samla kreditt (K3) til høvesvis hushald m.m. og ikkje-finansielle føretak. Prosent

Figur 2.8 Tolvmånadersvekst i innanlandsk kreditt (K2) og samla kreditt (K3) til høvesvis hushald m.m. og ikkje-finansielle føretak. Prosent

Kjelde: Statistisk sentralbyrå.

Gjeldsbøra og rentebøra er nyttige tal når ein skal vurdere hushalda si evne til å bere gjelda. Gjeldsbøra er gjeld i prosent av disponibel inntekt, medan rentebøra er renteutgifter i prosent av disponibel inntekt. Gjeldsveksten har i fleire år vore høgare enn inntektsveksten, slik at gjeldsbøra har auka. Gjeldsbøra ligg no på om lag 200 pst., sjå figur 2.9. Ho aukar framleis, men i lågare takt enn før finanskrisa. Rentebøra er etter måten låg, på 6 pst., men ho er var for renteendringar.

Bak gjennomsnittstala for rentebøra og gjeldsbøra ligg det monaleg variasjon. Det er fare for at mange hushald kan få vanskar med å bere ein større renteauke. Berekningar frå Noregs Bank og Finanstilsynet syner at mange hushald vil måtte bruke ein stor del av inntekta si til å betale på lån om rentene skulle auke vesentleg. Noregs Bank har til dømes rekna på korleis renteauke og bustadprisfall vil påverke talet på hushald som er særleg utsette for misleghald av bustadlån, det vil seie hushald som har høg gjeld, større nettogjeld enn bustadverdi og mindre enn éi månadsinntekt til overs etter at rentekostnader og naudsynt konsum er betalt. Denne gruppa utgjorde 2,4 pst. av alle hushald i 2011. Om bustadlånsrenta aukar med 3 prosentpoeng og bustadprisane fell med 30 pst., vil 7 pst. av hushalda vere i denne utsette gruppa, gjeve tal per utgangen av 2011.2 Finanstilsynet har på grunnlag av 2013-tal rekna på kor mange hushald som ville fått ei rentebør på over 20 pst. om utlånsrenta hadde vore høgare. Hadde renta vore 2 prosentpoeng høgare i 2013, hadde 19 pst. av hushalda fått ei rentebør på over 20 pst. Faktisk hadde 8 pst. av hushalda ei rentebør på over 20 pst. i 2013. Hadde utlånsrenta istaden vore 5 prosentpoeng høgare, hadde meir enn 30 pst. av hushalda hatt ei rentebør over 20 pst., og denne gruppa av hushald hadde stått for nesten halvparten av all gjeld hjå hushalda.3 På grunn av veksten i gjeldsbøra vert rentebøra monaleg høgare med eit gjeve rentenivå i dag enn i 1988.

Figur 2.9 Gjeldsbør (høgre akse) og rentebør (venstre akse) hjå hushalda. Prosent

Figur 2.9 Gjeldsbør (høgre akse) og rentebør (venstre akse) hjå hushalda. Prosent

Rentebør er renteutgifter etter skatt i prosent av disponibel inntekt. Gjeldsbør er bruttogjeld i prosent av disponibel inntekt.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå og Finansdepartementet.

Meir enn halvparten av utlåna frå kredittinstitusjonane er lån til hushald, og av dette er om lag 90 pst. bustadlån. Tilhøva på bustadmarknaden har difor stor innverknad på etterspurnaden etter lån. Dei siste åra har etterspurnaden etter bustadlån vakse kraftig samtidig som kredittinstitusjonane har hatt god tilgang på finansiering til låg rente. Det at hushalda har hatt god tilgang til lån til låg rente, kan ha medverka til oppgangen i bustadprisane, noko som igjen har auka behovet for og etterspurnaden etter lån. Ein kan difor seie at tilbodet har medverka til å auke etterspurnaden. Tilsvarande kan det tenkjast at redusert tilbod av lån kan dempe bustadprisveksten og etter kvart også dempe etterspurnaden.

I 2013 stoppa veksten i bustadprisane opp, jf. boks 2.2. Viss bustadprisene stabiliserer seg, kan det medverke til at gjeldsveksten gradvis minkar til eit meir berekraftig nivå. Utviklinga i lånetterspurnaden kan likevel verte heilt annleis. Viss bustadprisane fell uventa eller renta aukar raskare enn venta, kan mange hushald oppleve at det vert ubalanse mellom gjeld og formue eller mellom inntekt og renter og avdrag. Slike finansielle ubalansar i hushalda kan medverke til at kredittinstitusjonane sine tap på utlån til hushalda aukar. Historia syner at ubalanse hjå hushalda kan gjere stor skade i økonomien sjølv når tapa på bustadlån er etter måten små. Det kjem av at mange hushald heilt rasjonelt gjenopprettar balansen ved å betale ned på bustadlån og stramme inn på andre utgifter slik at den samla etterspurnaden i økonomien fell. Auka sparing hjelper til med å gjenopprette den finansielle balansen hjå det einskilde hushaldet, men resultatet kan verte at dei finansielle ubalansene i hushalda sett under eitt aukar, til dømes ved at bustadprisene fell vidare. For ein bank òg kan det vere rasjonelt å te seg på ein måte som kan medverke til å forsterke ein nedgang. Til dømes kan det vere rasjonelt å stramme til på utlånspraksisen både til føretak og hushald når økonomien syner teikn til nedgang. Men dersom mange bankar gjer det samstundes, kjem nedgangen raskare og vert djupare. Bankar som er i stand til å halde ein nokolunde stabil utlånspraksis inn i ein nedgangskonjunktur, kan difor vere med på å stabilisere økonomien.

Bankane sin utlånspraksis i ein oppgangskonjunktur har dessutan innverknad på stabiliteten i økonomien. Faren for at det byggjer seg opp finansielle ubalansar hjå hushalda, er til stades særleg når ein høgkonjuntur varer lenge, eller når renta er låg over ein lang periode, slik at lånetterspurnaden er høg over lang tid. Viss bustadlånspraksisen til bankane er for lempeleg i slike langvarige perioder med høg låneetterspurnad, kan det byggje seg opp store ubalansar.

Finanstilsynet gjennomfører kvart år undersøkingar av korleis bankane gjev bustadlån. Den siste undersøkinga gjekk føre seg i august og september 20134 og syner mellom anna at 23 pst. av nye lån til kjøp av bustad hadde ein lånegrad, altså lån i høve til bustadverdien, på meir enn 85 pst. I undersøkinga frå 2012 hadde til samanlikning 27 pst. av låna ein lånegrad over 85 pst. For lån med lånegrad over 100 pst. var det ein nedgang frå 11 til 8 pst. Naturleg nok er det særleg dei yngre låntakarane som tek opp store lån i høve til verdien av bustaden. Bustadlånsundersøkinga for 2013 syner dessutan at det har vore ein monaleg nedgang både i talet på lån med avdragsfritak og i lengda på dei avdragsfrie periodane. I 2013-undersøkinga var 12 pst. av bustadlåna lån med avdragsfritak mot nesten 25 pst. for eit par år sidan. Gjennomsnittleg periode med avdragsfritak har gått ned med om lag eitt år i same tidsrom. Bustadlånsundersøkinga vert mellom anna brukt i oppfølginga av Finanstilsynet sine retningsliner for forsvarleg utlånspraksis for lån til bustadføremål, sjå omtale i kapittel 3.

Boks 2.2 Utviklinga på bustadmarknaden

Sterk vekst i realløningane og låge realrenter har saman med høg folkeauke og tidvis god tilgang på kreditt medverka til sterk oppgang i prisane på bustader over fleire år. Oppgangen snudde til nedgang i fjor, og ved utgangen av 2013 var prisnivået litt lågare enn ved inngangen til året. Det gjennomsnittlege prisnivået i 2013 var likevel 4,6 pst. høgare enn i 2012. Korrigert for veksten i konsumprisane var bustadprisane 2,4 pst. høgare i 2013 enn i 2012. Prisnivået er svært høgt, både historisk og samanlikna med andre land, jf. figur 2.10A. I perioden 2010–2012 var den reelle voksteren i norske bustadprisar i gjennomsnitt nær 7 pst. per år.

Deflatert med utviklinga i disponibel inntekt og gjennomsnittleg årsløn har bustadprisvoksteren vore monaleg lågare, men bustadprisnivået er historisk høgt om ein måler det slik òg, jf. figur 2.10B.

Prisutviklinga for dei største byane vitnar om store regionale forskjellar. Tromsø har no i lengre tid hatt den sterkaste tolvmånadersveksten, jf. figur 2.10C. I februar var bustadprisane i Tromsø 6,7 prosent høgare enn i same månad i fjor. I tilsvarande periode har bustadprisane i Oslo falle med 3,3 pst. Størst har nedgangen vore i Kristiansand, med eit fall på 6,4 pst.

Figur 2.10 Utviklinga i realbustadprisar i nokre land, bustadprisveksten i nokre norske byar og bustadprisutviklinga i Noreg deflatert med ulike faktorar

Figur 2.10 Utviklinga i realbustadprisar i nokre land, bustadprisveksten i nokre norske byar og bustadprisutviklinga i Noreg deflatert med ulike faktorar

Kjelde: Federal Reserve Bank of Dallas, EFF, Finn, Eiendomsverdi, Macrobond, Statistisk sentralbyrå, TBU og Finansdepartementet.

Utlån til ikkje-finansielle føretak utgjer om lag 40 pst. av dei samla utlåna frå norske kredittinstitusjonar. Ein stor del av utlåna til føretak er lån til føretak som driv med skipsfart eller næringseigedom, og dette er særleg konjunkturutsette næringar.

Figur 2.11 Eigenkapitaldel og gjeldsbeteningsevne børsnoterte føretak. Prosent

Figur 2.11 Eigenkapitaldel og gjeldsbeteningsevne børsnoterte føretak. Prosent

Kjelde: Noregs Bank.

Banklån er den største finansieringskjelda for norske føretak, men særleg dei større føretaka har dei seinare åra henta meir av finansieringa si i obligasjons- og sertifikatmarknaden.

Avdempinga i norsk økonomi og lågare investeringsaktivitet på norsk sokkel medverkar til svakare utsikter for innteninga til norske føretak, jf. avsnitt 2.4 over. Avdempinga i norsk økonomi og uvissa om den internasjonale konjunkturutviklinga kan få verknad for tilbodet og etterspurnaden i store deler av marknaden lån til føretak. Gjeldsbeteningsevna til dei børsnoterte føretaka har gått noko ned det siste året, jf. figur 2.11.

2.4.2 Soliditet og inntening

Mengda og kvaliteten på den ansvarlege kapitalen i ein bank er svært viktig for evna han har til å bere tap utan at innskytarar og andre vanlege kreditorar lir tap. Etter dei nye kapitaldekningsreglane som vart vedtekne i 2013, skal den reine kjernekapitalen utgjere minst 4,5 pst. av den risikovekta balansen. Den reine kjernekapitalen er i hovudsak eigenkapital, og han er det kapitalslaget som har høgast tapsberande evne. I tillegg til minstekrava skal institusjonane ha ein kapitalbuffer av rein kjernekapital på minst 4,5 pst. av den risikovekta balansen, slik at summen av minstekravet og bufferkrava vert 9 pst. Dei nye bufferkrava aukar gradvis fram til 1. juli 2016. På det tidspunktet vil det samla kravet til rein kjernekapital utgjere 11 pst., medrekna eit motsyklisk kapitalbufferkrav på 1 pst., for bankar som ikkje er systemviktige, medan det samla kravet vil vere 13 pst. for systemviktige bankar.5

Alle norske bankar stetta gjeldande minstekrav og bufferkrav ved utgangen av 2013. Vekta etter storleiken på banken låg den gjennomsnittlege reine kjernekapitaldekninga på 12,2 pst. ved utgangen av 2013, noko som er ein auke på 1,1 prosentpoeng frå året før, jf. figur 2.12.

Figur 2.12 Rein kjernekapital i prosent av berekningsgrunnlaget (rein kjernekapitaldekning) for norske bankar og bankkonsern og minste- og bufferkrav til rein kjernekapitaldekning. Prosent

Figur 2.12 Rein kjernekapital i prosent av berekningsgrunnlaget (rein kjernekapitaldekning) for norske bankar og bankkonsern og minste- og bufferkrav til rein kjernekapitaldekning. Prosent

Kjelde: Finanstilsynet og Finansdepartementet.

Figuren syner at norske bankar har styrkt soliditeten monaleg dei seinare åra. For bankane under eitt har den reine kjernekapitaldekninga auka jamt med til saman 5 prosentpoeng sidan 2008. Men om ein måler soliditetsstyrkinga på ein annan måte, med rein kjernekapital som del av den ikkje-risikovekta forvaltningskapitalen, har ikkje auken vore like kraftig. Dette soliditetsmålet har for bankane samla auka med om lag 1,5 prosentpoeng på dei fem åra, til eit nivå på 6,5 pst. ved utgangen av 2013. Dette er ikkje høgt i historisk samanheng. Skilnaden mellom den reine kjernekapitaldekninga og det ikkje-risikovekta målet har auka over fleire år og har aldri vore høgare enn ved utgangen av 2013. Når skilnaden aukar, kan det indikere høgare vekst i utlån som vert vekta lågare i berekningsgrunnlaget for kapitalkrava, til dømes utlån til bustadføremål.

Skilnaden mellom ulike mål på soliditet er høg i mange utanlandske bankar òg. Figur 2.13 syner kor solide dei største finanskonserna i Norden er ut ifrå tre ulike soliditetsmål. Skilnaden mellom den reine kjernekapitaldekninga og den reine kjernekapitalen som del av den ikkje-risikovekta forvaltningskapitalen er ikkje stor for norske DNB ASA samanlikna med dei andre konserna.

Større finansinstitusjonar, mellom anna alle dei store nordiske finanskonserna, berekner oftast risikovekter med eigne modellar etter den såkalla IRB-metoden. Desse modellane inneber gjennomgåande at bankane får lågare kapitalkrav enn dei ville ha fått om dei i staden hadde nytta den såkalla standardmetoden, der risikovektene er fastsette i forskrift, og dette er truleg ein del av motivasjonen for å nytte IRB-metoden. For at ikkje kapitalkrava skal verte svært låge, er det ei overgangsordning som inneber at institusjonar som nyttar interne modellar for å rekne ut kapitalkrav, må halde seg over ei viss grense for kor lågt dei kan risikovekte eigedelane sine. Dette vert kalla Basel I-golvet, sidan den nedre grensa er definert i høve til dei tidlegare Basel I-reglane.

Viss ein reknar ut den reine kjernekapitaldekninga til dei nordiske finanskonserna berre basert på deira eigne modellar, det vil seie utan Basel I-golvet, vert avstanden mellom det risikovekta og det ikkje-risikovekta soliditetsmålet svært stor hjå mange bankar, jf. figur 2.13. Den svenske Handelsbanken ser til dømes særs solid ut når ein får opplyst at den reine kjernekapitaldekninga er på 18 pst., men banken har ikkje meir enn 4 pst. rein kjernekapital i høve til forvaltningskapitalen. På den andre sida kan DNB ASA sjå ut som den minst solide av dei nordiske konserna, sidan den reine kjernekapitaldekninga utan Basel I-golvet er lågast i utvalet, men DNB ASA er den som har høgast rein kjernekapital i høve til forvaltningskapital. Dette temaet er drøfta i kapittel 3 òg.

Figur 2.13 Rein kjernkapitaldekning med og utan Basel I-golv og rein kjernekapital som del av forvaltningskapitalen (FK) ved utgangen av 2013. Nordiske finanskonsern. Prosent

Figur 2.13 Rein kjernkapitaldekning med og utan Basel I-golv og rein kjernekapital som del av forvaltningskapitalen (FK) ved utgangen av 2013. Nordiske finanskonsern. Prosent

Kjelde: Finanstilsynet.

Dei siste fem åra har den reine kjernekapitaldekninga hos dei seks største bankkonserna i Noreg hovudsakelig auka gjennom tilbakehaldt overskot og eigenkapitalemisjonar, jf. figur 2.14. Noko av auka kjem også av at berekningsgrunnlaget har vorte redusert noko i forhold til den reine kjernekapitalen, i stort mon som følgje av at dei gjennomsnittlege risikovektene har vorte redusert.

Figur 2.14 Endringar (dekomponert) i rein kjernekapitaldekning. Prosentpoeng. Vekta gjennomsnitt for dei seks største bankkonserna. 2009 – 2013.

Figur 2.14 Endringar (dekomponert) i rein kjernekapitaldekning. Prosentpoeng. Vekta gjennomsnitt for dei seks største bankkonserna. 2009 – 2013.

Kjelde: Noregs Bank.

Norske bankar fekk eit samla resultat før skatt på vel 45 mrd. kroner i 2013, om lag 8 mrd. kroner meir enn året før. Betringa av resultatet kjem for det meste av ein auke i netto renteinntekter, som er den viktigaste inntektskjelda til bankane. Bankane og kredittføretaka sine netto renteinntektar på bustadlån auka særskild i 2013.

Sidan bankane i stor mon overfører utlånsporteføljar til kredittføretaka, har det vore ein stor auke i låna som kredittføretaka eig. Om lag 56 pst. av alle norske bustadlån sett under eitt ligg no i bustadkredittføretak som utferdar OMF.

Samla hadde kredittføretaka, unnateke Eksportfinans ASA, monaleg høgare resultat i 2013 enn året før, mest på grunn av høgare netto renteinntekter. Resultatet før skatt gjekk opp med om lag 3,5 mrd. kroner til 7,3 mrd. kroner. Dei fleste kredittføretaka som utferdar OMF, er heileigde av ein bank, og resultata deira inngår difor i resultata til bankane. Desse kredittføretaka auka den reine kjernekapitaldekninga si frå 12,7 pst. til 13,1 pst. i 2013. Dei andre OMF-føretaka, som er deleigde av fleire bankar, hadde ei rein kjernekapitaldekning på 10,6 pst. ved utgangen av 2013, det same som året før.

Finansieringsselskapa hadde eit resultat før skatt på om lag 2,6 mrd. kroner i 2013. Det er noko høgare enn i 2012, og betringa av resultatet heng saman med ein auke i netto renteinntekter.

Det er uvisse om den vidare utviklinga, og hushalda si høge gjeld utgjer ein risiko for ubalansar. Bankane og dei andre kredittinstitusjonane står betre rusta mot forstyrringar no enn for nokre år sidan. Dei har styrka soliditeten, og dei har ein mindre risikabel finansieringsstruktur. Det er viktig at institusjonane held fram med å byggje opp soliditeten og redusere likviditetsrisikoen. Tilhøva ligg godt til rette for dette no når innteninga er god og marknadene fungerer godt.

2.5 Forsikring og pensjon

2.5.1 Risikotilhøva

Livsforsikringsselskap og pensjonskasser lovar forsikra personar ei yting når ei bestemt hending skjer, til dømes at den forsikra vert ufør eller at han eller ho når den alderen som krevst for å få alderspensjon. Pengeverdien av desse lovnadene er dei viktigaste skyldnadene som livsforsikringsselskapa og pensjonskassene har.

Forsikringsrisikoen for livsforsikringsselskapa og pensjonskassene er i stor mon knytt til om fleire vert uføre, eller om dei forsikra i gjennomsnitt lever lenger enn det som er lagt til grunn. Dessutan heng risikoen saman med kva slags forsikring kundane har. Når det gjeld ytingspensjon, i motsetnad til innskotspensjon, har selskapa til dømes ofte teke på seg ein lovnad om livsvarig alderspensjon. Dersom kundane lever lenger enn det som vart lagt til grunn då premiane vart innbetalte, må forsikringsselskapa dekkje inn det som manglar.

Levealderen i Noreg aukar. Dei føresetnadene om levealder (døyingsgrunnlaget) som ein har nytta dei siste åra, det såkalla K2005-grunnlaget for kollektive pensjonsordningar, er ikkje tilpassa endringane i levealderen til dei som er forsikra. Difor fastsette Finanstilsynet for eit år sidan eit nytt minstekrav til døyingsgrunnlag, sjå omtale i kapittel 3 og i Finansmarknadsmeldinga 2012. Det nye minstekravet skal sikre at livsforsikringsselskapa og pensjonskassene set av nok kapital til å møte den høgare levealderen.

Ved overgangen til det nye døyingsgrunnlaget må forsikringsselskapa auke premiane for alderspensjonane i kollektive pensjonsordningar. Dei finansielle avsetningane for allereie opptent alderspensjon må òg aukast. Selskapa kan nytte eit eventuelt overskot ved forvaltninga av kundemidlane (avkastninga på kollektivportefølja ut over den renta dei har garantert kundane) til å finansiera opp til 80 pst. av denne auken i avsetningane (oppreservering), sjå nærare omtale i pkt. 3.3.4. Livsforsikringsselskapa nytta om lag 8 mrd. kroner av avkastningsoverskotet til oppreservering i 2013. Gjenståande oppreserveringsbehov er på om lag 19 mrd. kroner.

Figur 2.15 Utviklinga i gjennomsnittleg rentegaranti i norske livsforsikringsselskap og renter på tiårige statsobligasjonar for Noreg (NOK), USA (USD) og eurosona (EUR).1 Prosent

Figur 2.15 Utviklinga i gjennomsnittleg rentegaranti i norske livsforsikringsselskap og renter på tiårige statsobligasjonar for Noreg (NOK), USA (USD) og eurosona (EUR).1 Prosent

1 Obligasjonar med AAA-rating.

Kjelde: Finanstilsynet.

Etter forsikringsverksemdslova skal kundar med kollektive pensjonsprodukt og kontraktfastsette ytingar kvart år førehandsbetale for forvaltning av pensjonsmidlane. Forsikringsselskapa ber ein marknadsrisiko, det vil seie at dei kan tape når marknadsprisane på eigedelane endrar seg. Det kjem av at selskapa har gjeve kundane ein rentegaranti, altså garantert dei ei avkastning av midlane deira. Det er viktig at selskapa tek seg betalt for denne rentegarantien, og at dei nyttar inntektene til å byggje opp forsvarlege eigenkapitalbufferar for dei åra avkastninga av kundeporteføljane er lågare enn rentegarantien.

For fripolisar og individuelle forsikringskontraktar teikna før 2008, kan ikkje selskapa ta inn rentegarantipremie. Dei får i staden inntektene sine ved at selskapet og kunden deler eit eventuelt overskot frå kapitalavkastninga i dei åra ho er høgare enn garantien. Denne prisinga gjennom deling av eventuelt overskot gjer at livsforsikringsselskapa og pensjonskassene er særleg utsette dersom dei har bygt for låge eigenkapitalbufferar før ein periode med låg avkastning på kundemidlene.

Dei siste åra har marknadsrentene på lite risikable rentefordringar gått ned. Marknadsrenta på statsobligasjonar er no jamt over lågare enn den gjennomsnittlege rentegarantien sjølv om rentane auka monaleg i 2013, jf. figur 2.15. For selskapa vil eit vedvarande lågt rentenivå gjere det krevjande å sikre god nok avkastning i høve til rentegarantien.

Marknadsrisikoen for livsforsikringsselskapa har vorte knytt nærare til utviklinga for obligasjonar og sertifikat. Medan aksjedelen i porteføljane av eigedelar har minka, har delen av renteberande papir auka, jf. figur 2.16.

Figur 2.16 Eigedelane til livsforsikringsselskapa. Del av total finansiering

Figur 2.16 Eigedelane til livsforsikringsselskapa. Del av total finansiering

Kjelde: Finanstilsynet.

2.5.2 Soliditet og inntening

Livsforsikringsselskapa hadde eit resultat før skatt på 6,9 mrd. kroner i 2013. Dette var ein auke på 1,8 mrd. kroner jamført med resultatet i 2012. Det verdijusterte resultatet før skatt (som tek omsyn til urealiserte kursgevinstar) var 16,4 mrd. kroner i 2013.

Bufferkapitalen gjev uttrykk for den evna livsforsikringsselskapa har til å ta tap utan å hamne under dei fastsette minstekrava til ansvarleg kapital.6 Jamført med forvaltningskapitalen var bufferkapitalen i livsforsikringsselskapa 6,1 pst. ved utgangen av 2013, om lag 0,6 prosentpoeng høgare enn i 2012, jf. figur 2.17. Det kjem for det meste av ein auke i kursreguleringsfonda som speglar urealiserte endringar i marknadsverdien på eigedelane i kollektivporteføljen.

Figur 2.17 Utviklinga i bufferkapital. Prosent av forvaltningskapital

Figur 2.17 Utviklinga i bufferkapital. Prosent av forvaltningskapital

Kjelde: Finanstilsynet.

Kapitaldekninga i selskapa under eitt var 16,8 pst. ved utgangen av 2013. Dette var ein auke frå 2012 på 0,6 prosentpoeng. Kapitaldekningskravet for livsforsikringsselskapa er, til liks med det som gjeld for kredittinstitusjonane, 8 pst. av eit risikovigd berekningsgrunnlag. Alle selskapa stettar kapitaldekningskravet.

Pensjonskassene hadde eit resultat før skatt på om lag 2 mrd. kroner i 2013.7 Det utgjer om lag 1 pst. av den gjennomsnittlege forvaltningskapitalen deira. Monaleg urealisert auke i verdien på eigedelane gav eit verdijustert resultat på 14 mrd. kroner i 2013.

Ved utgangen av 2013 hadde pensjonskassene samla ei kapitaldekning på 15,5 prosent, om lag 1 prosentpoeng lågare enn året før.

Livsforsikringsselskapa og pensjonskassene står overfor store utfordringar knytte til aukande levealder og låge renter. Som Finansdepartementet har understreka i finansmarknadsmeldingane i fleire år, er det svært viktig at livsforsikringsselskapa og pensjonskassene passar på at det med god tryggingsmargin er samsvar mellom risiko og soliditet.

Skadeforsikringsføretaka fekk eit resultat før skatt på 6,8 mrd. kroner i 2013,8 noko som er 0,3 mrd. kroner lågare enn i 2012. Summen av skadeerstatningskostnader og andre forsikringsrelaterte driftskostnader for eiga rekning, målt i prosent av premieinntekter for eiga rekning vert kalla combined ratio. Det gjev eit uttrykk for kor lønsam sjølve forsikringsverksemda er. Er combined ratio høgare enn 100 pst., må selskapet ha andre inntekter enn premieinntekter for å gå i balanse, til dømes finansinntekter. I 2013 var combined ratio for skadeforsikringsselskapa på 88 pst. Dette var 1,5 prosentpoeng lågare enn året før, jf. figur 2.18. Det var nedgang både i skadeprosenten, altså erstatningsutbetalingar i prosent av premieinntekter, og i kostnadsprosenten, altså driftsutgifter i prosent av premieinntekter.

Samla sett var soliditeten i dei norske skadeforsikringsselskapa i 2013 relativt god. Kapitaldekninga til skadeforsikringsselskapa var på 43,3 pst.

Figur 2.18 Utviklinga i kostnads- og skadeprosenten til skadeforsikringsføretaka. Prosent

Figur 2.18 Utviklinga i kostnads- og skadeprosenten til skadeforsikringsføretaka. Prosent

Kjelde: Finanstilsynet.

2.6 Verdipapirføretaka

Verdipapirføretak som ikkje er integrerte i bankar, hadde driftsinntekter på 6,5 mrd. kroner i 2013, om lag 1 mrd. kroner meir enn året før. Inntektsauken kom hovudsakeleg frå emisjons- og rådgjevingsverksemd, såkalla corporate finance, som er eit kjerneområde for desse føretaka. Driftsresultatet var om lag 1,2 mrd. kroner, noko som er 617 mill. kroner høgare enn i 2012. Verdipapirføretak som er integrerte i bankar og filialar av utanlandske verdipapirføretak, hadde eit fall i driftsinntektene på høvesvis 21 og 18 pst. i 2013 samanlikna med 2012.

2.7 Operasjonell risiko i finansføretaka

Operasjonell risiko er risiko for tap som kjem av manglande eller sviktande interne prosessar, svikt i system eller hjå personar. Operasjonell risiko omfattar mellom anna juridisk risiko og omdømerisiko. Årsakene kan til dømes vere mangelfulle prosedyrar, feil i informasjons- og kommunikasjonsteknologisystem (IKT-system), regelbrot, brann, åtak eller tillitssvikt. Avgrensinga mot andre typar risiko er ikkje presis, og tap som vert klassifiserte under kredittrisiko eller marknadsrisiko, kan skuldast eller forsterkast av operasjonell svikt, til dømes veike sider ved kredittvurderingsprosessar.

Finansdepartementet har som mål at det skal drivast systematisk førebyggjande arbeid for å gjere finansinstitusjonane og finansmarknadene mindre sårbare og for å sikre ei god nok vernebuing til å handtere risikohendingar. Beredskapsutvalet for finansiell infrastruktur (BFI) vart skipa for å tryggje ei best mogleg samordning av vernebuingsarbeidet i den finansielle infrastrukturen. Utvalet vurderer driftsstabilitet, risiko og sårbarheit i den finansielle infrastrukturen. Utvalet har i 2013 hatt tre ordinære møte og ei vernebuingsøving. Finanstilsynet er sekretariat for BFI, og verksemda til utvalet er difor også omtala i kapittel 6 om verksemda til Finanstilsynet.

Bankane sin tilgang til ein felles betalingsinfrastruktur gjer at kundar i éin bank lettvint og kostnadseffektivt kan gjennomføre transaksjonar med kundar i andre bankar. Stabiliteten i systema i den finansielle infrastrukturen i Noreg er etter måten god, og tapa som følgjer av misbruk og svindel, er små. Likevel er infrastrukturen sårbar for teknisk svikt og trugsmål utanfrå. Finansdepartementet greidde ut om sårbarheit i den finansielle infrastrukturen i kapittel 5 i Finansmarknadsmeldinga 2012. Figur 2.19 syner at tilgjengelegheita til systema i den finansielle infrastrukturen var noko betre i 2013 enn tidlegare år.9 Storparten av dei avvikshendingane og feila som skjer, er knytt til problem i nettbankane.

Figur 2.19 Konsekvensvekta avvikshendingar og feil i norske finansføretak

Figur 2.19 Konsekvensvekta avvikshendingar og feil i norske finansføretak

Verdiane langs den loddrette aksen uttrykkjer ei vekta og summert vurdering av skadeomfanget av hendingar innan ulike tenester. Tenestene er nettbank (privat og bedrift), betalingskort, mobilbetalingar, aksjehandel, betalingar til utlandet, interne tenester og avrekning og oppgjer. Skadeomfanget er utleidd av talet på brukarar som vart råka, tida hendinga varte, og ei skjønsvurdering av kor alvorleg hendinga var for brukarane. Tala på figuren kan berre nyttast til å samanlikne omfanget av hendingar på tvers av tenester og over år.

Kjelde: Finanstilsynet.

Eit stadig meir aktuelt tema er finansføretaka si bortsettjing av drift og utvikling av IKT-system til andre aktørar. Bortsetjing av IKT-verksemd kan minske kostnadane, men det kan gjere betalingssystem og andre deler av den finansielle infrastrukturen meir utsett for driftsavvik òg. Mellom anna kan ein få dårlegare kontroll med systema og større operasjonell risiko om ein stor del av IKT-verksemda i finanssektoren vert utkontraktert eller flytta til utlandet. Dette kan òg auke risikoen for at framande kan få innsyn i (og stele) konfidensiell finansiell informasjon.

Finanstilsynet klassifiserer IKT-oppgåver slik:

  1. IKT-drift inneber at dei som står for drifta, må ha dei tilgangsrettane som er naudsynte for å sikre effektiv gjennomføring og for å kunne gripe inn om det oppstår problem, til dømes på nattetid. Konsekvensane ved feil og uønskte hendingar kan vere alvorlege.

  2. Oppgåver som er knytte til IKT-drift, men som ikkje direkte er del av den løpande drifta, er noko mindre sensitive. Når slike oppgåver vert utførte i utlandet, vert gjerne resultata leverte til eit mottak i Noreg før dei vert lagde inn i driftssystemet. Slike oppgåver kan for eksempel vere gjennomgang av nytt dataprogram, endringar i eit eksisterande dataprogram eller utprøving før ein set i verk ei endring. Mottaket i Noreg kvalitetssikrar dei innkomande oppgåveresultata.

  3. Reine IKT-utviklingsoppgåver som skjer gjennom eit leveranseopplegg til eit mottak i Noreg, er også mindre sensitive. Det vanlege er at mottaket i Noreg tek over og sikrar kontroll med den utvikla løysinga og gjer eigne testar og anna kvalitetssikring før ho vert teken i bruk.

Det er lang tradisjon i Noreg for bruk av utkontraktering av IKT-oppgåver i finanssektoren. Dei fleste IKT-leverandørar er frittståande, ofte børsnoterte, verksemder som har eigarar i og utanfor Noreg.

Fram til omkring år 2000 hadde alle norske banker IKT-drifta si i Noreg. No er ein større del av IKT-drifta til norske banker og filialar flytta ut av landet, mellom anna etter utanlandske oppkjøp av norske bankar og utkontraktering frå attverande norskeigde bankar. På verdipapirområdet òg skjer mykje av IKT-verksemda i utlandet.

Om ein ser bort frå den IKT-drifta til norske finansføretak som vert utført i Sverige og Danmark, er det særleg reine IKT-utviklingsoppgåver som vert utførte i utlandet for norske finansføretak. Alle dei større konsulentselskapa, som er viktige leverandørar til norske finansføretak, har eigne selskap i lågkostland, særleg i India. Samtidig har store indiske aktørar fått oppdrag i det norske marknaden. Oppgåver knytte til IKT-drift vert òg i aukande grad utført i utlandet. Utviklinga vert driven fram mellom anna av føretaka sine behov for kostnadsreduksjonar. Føretaka kan dessutan ha forventningar om at kjende internasjonale operatørar skal medverke til høg kvalitet i tenesteproduksjonen.

Når leveransar av tenester kjem frå land som ligg langt unna Noreg, kan val av kommunikasjonsløysingar ha mykje å seie for risikoen i leveransane. Om ein ikkje har reserveløysingar gjennom uavhengige kanalar, kan leveransane vere sårbare for brot i kommunikasjonen. Til dømes har det vore alvorlege brot på kommunikasjonsliner som går gjennom kablar på havbotn. Slike kablar utgjer ein sentral del av den elektroniske infrastrukturen i verda. For leveransar av viktige tenester i mellom anna finanssektoren må det lagast fleire uavhengige kommunikasjonsløysingar for den same leveransen. Om dette er mogleg eller ikkje, kjem an på kvar i verda leveransen kjem frå.

Finanstilsynet legg vekt på at flytting av IKT-oppgåver ut av Noreg generelt stiller store krav til risikoforståing og risikohandtering hos det einskilde finansføretaket, sjå rundskriv 14/2010 frå tilsynet. Dette er eit særleg viktig omsyn ved flytting av oppgåver til område med høg landrisiko, det vil seie land som er politisk og/eller økonomisk ustabile. Finanstilsynet har vurdert at dei IKT-oppgåvene som vert leverte frå område med høg landrisiko, ikkje er kritiske, og at forstyrringar i leveransen av desse oppgåvene ikkje vil true den finansielle stabiliteten eller på annan måte representere ein trussel for dei aktuelle finansføretaka i Noreg. Oppgåvene som vert utførte frå høgrisikoområde, har til no hatt avgrensa omfang og risiko. Dette kan likevel endre seg i løpet av nokså kort tid, ettersom det ser ut til at meir verksemd vert flytta til slike område. Dette treng ikkje å innebere vesentleg endra risiko for det einskilde finansføretaket, men risikoauken for den finansielle infrastrukturen som heilskap kan likevel verte monaleg. Det kan òg representere ein trussel for kundane, i form av auka risiko for at personleg informasjon kjem på avveie o.a. Myndighetene arbeider med nye reglar om utkontraktering som skal presisere adgangen til dette og betre myndigetene sin adgang til å gripe inn mot ny eller endret ukontkraktering av verksemd, sjå nærare i pkt. 3.8

Det er viktig at utflytting av IKT-oppgåver skjer på ein forsvarleg måte, både for det einskilde finansføretaket og for finanssystemet som heilskap. Regelverket og regelverksutviklinga på dette området er omtalt i kapittel 3.

Noregs Bank og Finanstilsynet publiserer årleg kvar sin rapport om den finansielle infrastrukturen. Noregs Bank sin årsrapport om betalingssystem drøftar utviklinga i kunderetta betalingsformidling og i internbanksystema, medan risiko- og sårbarheitsanalysen til Finanstilsynet tek føre seg bruken av informasjons- og kommunikasjonsteknologi i finanssektoren.

2.8 Konkurranse i banknæringa

2.8.1 Historisk tilbakeblikk

Konkurranse kan gje meir kostnadseffektiv drift, lågare prisar og betre tilordning og bruk av arbeidskraft og kapital. Samfunnet og bankkundane vil difor vere tente med konkurranse mellom bankane. Høg konsentrasjon kan derimot svekkje både konkurransen og utsiktene til finansiell stabilitet.

Vektlegginga av konkurranse for å skape god kapitaltilordning har endra seg mykje dei siste tiåra. Etter andre verdskrigen og fram til slutten av 1980-åra vart renter og kreditt til ulike delar av økonomien regulert og dels fastsett direkte av styresmaktene. Reguleringar førte til at bankane hadde høve og insentiv til å velje kundar med låg risiko. Trass i tidvis valutauro, tiltakande inflasjon og lønsvekst var bankane prega av stabilitet.

Utover 1980-talet vart den direkte kredittreguleringa fjerna og erstatta av eit system der kreditt skulle fordelast etter eit marknadsprinsipp. Det vart òg lov for utanlandske bankar og utanlandske finansieringsselskap til å etablere representasjonskontorer i Noreg, som skulle formidle kontakt mellom norske kundar og den utanlandske kreditoren. Samla sett førte dereguleringa mellom anna til sterk utlånsvekst og høg aktivitet i økonomien. Bankane handterte ikkje overgangen til ei meir liberal regulering godt nok, og frå 1987 auka tapa i institusjonane monaleg. Året etter hadde dei første bankane tapt eigenkapitalen, og situasjonen utvikla seg deretter raskt til ei omfattande bankkrise, slik mange andre land òg har fått når omfattande kredittreguleringar har vortne avvikla.

Bankkrisa og overgang frå kredittregulering til meir konkurranse utløyste eit behov for sterkare soliditetsreglar, betre tilsyn og strukturendringar i banksektoren. Ei rad banksamanslåingar førte likevel til at den norske bankmarknaden vart meir konsentrert.

Då Noreg kom med i EØS i 1994, vart den norske finansmarknaden opna for tenestetilbydarar frå EØS gjennom etablering av dotterføretak eller filialar eller ved grensekryssande verksemd. Føremålet har vore å skape ein felles bankmarknad i EØS-området, slik at effektive bankar raskt kunne ekspandere inn i land der marginar og prisar var høgare enn dei trong vere. I teorien er det no om lag 6 000 bankar som kan rette tilbod om lån, innskot og andre banktenester mot den norske marknaden. Av desse er det likevel berre ein liten del som tek aktivt del i den norske marknaden, og det er enno ikkje skapt éin bankmarknad i EØS. Likevel har EØS-avtalen prega utviklinga i bankmarknaden i Noreg dei siste tiåra.

Ei viktig drivkraft for endringar i bankmarknadene dei siste tiåra har vore utviklinga av ny teknologi innanfor databehandling og kommunikasjon. Utnytting av denne nye teknologien til å utvikle nye tenester og produkt er blitt svært viktig for bankane, og har bidratt til å redusere behovet for fysisk tilstedeværelse for tilbydarar av banktenester. Noreg er eit av dei leiande landa når det gjeld å ta i bruk moderne teknologi innanfor betalings- og informasjonsformidling, og vi er i verdstoppen innanfor kortbruk, nettbank og eFaktura. Sjå nærare omtale om den teknologiske utviklinga i bankmarknaden i Finansmarknadsmeldinga 2012 og Kredittmeldinga 2007.

2.8.1.1 Marknadskonsentrasjon

Bankmarknaden i Noreg er prega av somme store aktørar og mange mindre. Ved utgangen av 2013 var det 138 bankar i Noreg, og dei fleste sparebankar samarbeider i ulike grupperingar, slik som Eika-gruppa.

Konsentrasjonsmål er mykje brukt for å forklare konkurranseåtferd i bankmarknaden.10 Det er empirisk støtte for at konsentrasjon på tilbodssida i ein marknad kan gje høge prisar og høg avkastning på eigenkapitalen til produsentane. I økonomisk teori kan ein òg finne støtte for at konsentrasjon kan gje slike resultat, men samtidig viser teorien at konsentrasjon verkar saman med andre forhold. Desse samspelverknadene kan vere heilt avgjerande for om og kor mykje konsentrasjonen svekkjer konkurransen. Tek ein i bruk konsentrasjonsmål for å belyse konkurransen, er det difor viktig å hugse at samanhengen mellom konsentrasjonen og konkurransen er kompleks.

Det kan òg vere vanskeleg å definere kva som er den relevante marknaden. Det er også grunn til å tro at denne definisjonen endrast over tid, til dømes på grunn av teknologisk utvikling. På tross av desse problema, kan låg konsentrasjon i ein marknad vere eit tekn på høg konkurranse, og høg konsentrasjon vere eit teikn på låg konkurranse.

Konsentrasjon kan målast på ulikt vis, men Herfindahl-Hirschmann-indeksen, HHI, er ein svært vanlig målemetode når konsentrasjon skal nyttast for å belyse konkurransen i ein marknad. HHI er summen av kvadrerte marknadsdelar for tilbydarane i marknaden, og han kan ha verdiar mellom 0 og 1, der verdiar ned mot null betyr låg konsentrasjon i marknaden og ein verdi på 1 betyr at det berre er éin tilbydar, altså eit monopol. Til høgare indeksen er, til høgare er konsentrasjonen.

Figur 2.20 Utviklinga i HHI målt ut ifrå marknadsdelar i samla forvaltningskapital

Figur 2.20 Utviklinga i HHI målt ut ifrå marknadsdelar i samla forvaltningskapital

Kjelde: Finanstilsynet.

Figur 2.20 viser utviklinga i HHI frå 1990 og fram til i dag, basert på samla forvaltningskapital for alle bankar i Noreg, inkludert forvaltningskapital knytt til dei norske bankane si verksemd i utlandet. Figuren viser at marknadskonsentrasjonen har auka frå 2004, med unnatak av ein kort periode i 2009. Den skarpe auken i HHI mellom 2002 og 2004 skuldast blant anna fusjonen mellom DnB og Gjensidige NOR.

Konsentrasjonen i den norske bankmarknaden er no relativt høg samanlikna med mellom anna Danmark, Sverige, Irland, Storbritannia og Tyskland målt ved Herfindahl-indeksen. Konsentrasjonen er noko lågare i Noreg enn i Finland, Belgia og Nederland. Som i Noreg har Herfindahl-indeksen auka sidan 2005 både i Nederland og Finland. I til dømes Sverige og Danmark, derimot, har Herfindahl-indeksen lege relativt stabilt i same periode, medan han har vorte redusert monaleg i Belgia.

2.8.1.2 Marginar

Rentemarginen, skilnaden mellom bankanes gjennomsnittlige utlånsrente og bankanes gjennomsnittlige innskotsrente, er ei viktig inntektskjelde for bankane, og den må, saman med andre inntekter, vere stor nok til å dekkje bankane sine kostnader og venta tap. Ein kan gå ut ifrå at rentemarginane vert påverka av, men ikkje berre av, konkurransen mellom bankane. Kostnadsutviklinga, utviklinga i venta tap og fordelinga mellom margininntekter og andre inntekter kan òg vere viktig.

Risikopåslaga i marknaden òg kan påverke marginane. I tilfelle der risikopåslaga går opp i marknaden, kan til dømes krav til eigenkapitalavkastninga i bankane gå opp slik som i marknaden elles. Når ein tolkar rentemarginen for dei siste åra i figur 2.21, bør ein difor ha i mente at risikopåslaga for bankane i perioden før utbrotet av den internasjonale finanskrisa var svært låge, og at påslaga har falle monaleg frå toppnivåa, men at dei framleis ligg mykje over nivået frå før den internasjonale finanskrisa braut ut.

Figur 2.21 Utviklinga i rentemargin til norske bankar. Prosent

Figur 2.21 Utviklinga i rentemargin til norske bankar. Prosent

Kjelde: Finanstilsynet.

Figur 2.22A viser at sidan 1990 har bankane sin rentemargin vorte redusert frå vel 5,5 pst. til omkring 2 pst. Rentemarginen har lege nokså jamt rundt 2 pst. frå seint 2006 og fram til i dag, med somme svingingar rundt uroa under finanskrisa i 2008.

Figur 2.22 Utviklinga i rentemargin og eigenkapitalavkastning for norske bankar

Figur 2.22 Utviklinga i rentemargin og eigenkapitalavkastning for norske bankar

Kjelde: Statistisk sentralbyrå og Bankenes sikringsfond.

Eigenkapitalavkastning ut over det normale samla, eller innanfor ulike marknadssegment, kan vere endå ein indikasjon på svak konkurranse.11 Resultata i banknæringa er likevel svært vare for konjunkturelle forhold, og enkeltår med gode eller dårlege resultat seier difor lite om konkurransen. Dersom eigenkapitalavkastninga i banknæringa ligg rundt eit normalt jamvektsnivå over tid, kan det likevel tyde på at konkurranseintensiteten i banknæringa ikkje skil seg frå den ein finn i andre næringar.

Figur 2.22B tyder på at den årlege gjennomsnittlege eigenkapitalavkastninga i perioden frå 1999 til 3. kvartal 2013 varierte rundt eit nivå på om lag 11,3 pst. Den annualiserte eigenkapitalavkastninga ved utgangen av 2013 var på om lag 12 pst. Dette syner at den noverande eigenkapitalavkastninga ikkje er unormalt høg jamført med det ho har vore. Denne samanlikninga tek likevel ikkje omsyn til at avkastningskravet til eigenkapitalen kan verte lågare når eigenkapitalgraden aukar.

Eigenkapitalavkastninga til bankane i den norske marknaden kan vere ein indikator på konkurransen mellom bankane her og no, men ho kan også ha ein viktig langsiktsverknad på konkurransen. Viss eigenkapitalavkastninga er høgare i Noreg enn i andre bankmarknader, kan det stimulere utanlandske bankar til å etablere verksemd i Noreg. Om ein ser på resultata før skatt i høve til den samla forvaltningskapitalen, er lønsemda i norske bankar relativt høg i internasjonal samanheng. Dei nordiske landa, Noreg, Sverige og Finland, hadde høg lønsemd både før og under krisa samanlikna med mellom andre Tyskland, Nederland og Belgia. I USA var rett nok lønsemda noko høgare før finanskrisa, men Noreg, Sverige og Finland var dei einaste landa i utvalet i ein studie av Ulltveit-Moe et.al. som hadde strengt positive resultat i høve til forvaltningskapitalen gjennom finanskrisa.12 I 2011 var det igjen berre i USA at lønsemda til bankane, målt på denne måten, var betre enn i Noreg.

Målt etter eigenkapitalavkastninga òg er nordiske bankar jamt over lønsame i internasjonal samanheng. Frå relativt like nivå i 1999 har utviklinga gjennom finanskrisa gjort at eigenkapitalavkastninga varierer meir mellom landa i 2011. Medan Storbritannia og Danmark hadde låg lønsemd i bankane, var norske og svenske bankar dei som leverte den høgaste eigenkapitalavkastninga i 2011 i utvalet i Ulltveit-Moe et.al.

2.8.1.3 Kostnadsgjennomslag for regulatoriske endringar

I heile EØS-området er bankreguleringa no i endring. Regulatoriske endringar kan ha ein verknad på bankane sine kostnader. Graden av konkurranse i den norske marknaden kan ha stor verknad for i kor stor grad auka kostnader vert velta over på kundane, og i fleire land har ein sett at den nye reguleringa utløyser ein debatt om konkurransen.

Det er vanskeleg å gje eksakte svar på korleis ei ny regulering vil påverke kostnadene i norske bankar. Auka kapitalkrav inneber at bankane må ha meir eigenkapital per utlån enn før. Eigenkapital er generelt dyrare enn gjeld.13 Auka eigenkapitalkrav kan difor auke dei samla finansieringskostnadene til bankane. Den samla verknaden på kostnadane vil avhenge av kor mykje dyrare eigenkapital i utgangspunktet er enn gjeld, og av korleis avkastningskrav og risikopremier endrar seg når banken får meir eigenkapital og difor vert meir solid. Særleg den sistnemde problemstillinga har vore mykje diskutert.

Franco Modigliani og Merton Miller utvikla på slutten av 1950-talet eit kjent resultat som vert kalla Modigliani-Miller-teoremet.14 Teoremet seier at i likevekt er verdien av eit føretak under visse føresetnader uavhengig av høvet mellom eigenkapitalen og gjelda.15 Den europeiske sentralbanken (ESB) har rekna på i kva mon Modigliani-Miller-teoremet faktisk held for bankar.16 ESB har nytta data for 54 bankar frå heile verda, medrekna dei nordiske storbankane, i perioden 1995–2011 og kome til at Modigliani-Miller-effekten truleg ligg ein stad mellom 41 og 73 pst. avhengig av modelleringa. Det inneber i så fall at mellom 41 og 73 pst. av kostnaden ved auka eigenkapitaldel vert vunnen att gjennom lågare krav til eigenkapitalavkastning. I tillegg vil det vere naturleg å tenkje seg at risikopåslaget på gjelda òg fell, jamfør drøftinga over. Det reduserer dei samla finansieringskostnadene vidare, jf. ei djupare omtale av dette temaet i Finansmarknadsmeldinga 2011.

Dersom ein går ut ifrå ein skilnad på 10 prosenteiningar mellom avkastninga på eigenkapital og renta på gjeld og nyttar tala for Modigliani-Miller-effekten ovanfor, vil ein auke i den reine kjernekapitaldekninga på éi prosenteining auke finansieringskostnadene med om lag 2 og 4 basispunkt.1718 Desse berekningane er rett nok ikkje sikre. Dei er berre meinte å gje ein peikepinn om dei moglege verknadene av auka kapitalkrav.

Retningsliner for bustadlån òg kan ha hatt verknad på rentemarginane. Desse retningslinene inneber at dei meir risikable kundane ikkje får bustadlån. Såleis gjer dette utlånsporteføljen til bankane tryggare, noko som dreg i retning av både lågare finansieringskostnader for bustadlån og redusert behov for marginar på slike lån.

Forventningar om framtidige regulatoriske endringar òg kan ha verknad på finansieringskostnadene og utlånsmarginar. Dette har ein sannsynlegvis sett ved tidligare omfattande regulatoriske endringar. Forventningar om eit nytt system for avvikling av bankar som går konkurs, kan til dømes allereie no påverke prisane på lang finansiering hjå bankane og føre til at bankane endrar sine marginar. Dette er nærare omtalt i kapittel 3.2.5. Eit ordna system for avvikling av bankar kan redusere den implisitte støtteforventninga hjå store bankar. Slike støtteforventningar kan vere verd ein del. Finanskriseutvalet rekna til dømes med at DNB hadde ein implisitt statsgaranti som var verd mellom 1 og 4 mrd. kroner årleg.19 Vidare kan forventningar om nye krav til likviditet og stabil finansiering òg ha verknad for marginane til bankane. Dette er nærare omtalt i kapittel 3.2.2. Den samla verknaden av finansmarknadsreguleringa og bankane og investorane sine forventningar til dei, er vanskeleg å talfeste nærare.

Det er utvikla meir formaliserte modellar for å kople graden av konkurranse til bedriftene sine inntekter. Panzar-Rosse H-testen er ein modell som er mykje brukt. Den illustrerer ein bank sine inntekter ved ei endring i prisen på innsatsfaktorane. Tankegangen bak modellen er at bankar som deltek i perfekt konkurranse, på lang sikt må få dekt gjennomsnittskostnadene sine, men heller ikkje meir. Høgare verdiar på H-testen heng saman med meir konkurranse, og under perfekt konkurranse vil H-testen vere lik 1, som representerer fullt kostnadsgjennomslag. Federal Reserve St. Louis har estimert H-testen for den norske bankmarknaden basert på tal frå Verdsbanken for 2010 og kome fram til talet 0,3. Det er nokså lågt og tyder isolert sett på at konkurransen mellom norske banker er låg.

Panzar-Rosse H-testen har ei teoretisk grunngjeving og kan difor ha fordeler samanlikna med analysar som tar utgangspunkt i å belyse konkurranse gjennom strukturelle mål som for eksempel konsentrasjon, eller ved observasjonar av overskot og marginar. Det er likevel ikkje slik at føresetnadene bak Panzar-Rosse-testen alltid er oppfylte i praksis.

2.8.2 Personkundemarknaden

Dersom kundane ikkje søkjer seg ifrå dyre bankar og til billegare banker, vert konkurransen mellom bankane lite effektiv. Låg kundemobilitet kan kome av innlåsingsprogram, altså at ein bank tilbyr til dømes både lønskonto, forsikring og lån, eller av at prisane er lite samanliknbare, eller av andre forhold som kunden oppfattar som flyttehindringar.

Figur 2.23 Bytte av bank i personkundemarknaden. Prosent

Figur 2.23 Bytte av bank i personkundemarknaden. Prosent

Kjelde: Finans Norge.

Figur 2.23 viser utviklinga i ulike faktorar som kastar lys på lojaliteten til norske personkundar. Prosentdelen av personkundar som ikkje byter eller har teke i bruk ny bank i løpet av det siste året, har lege stabilt på 88 dei siste ti åra. Over 40 pst. er med i ei form for kundeprogram i banken, og denne delen har auka gradvis frå kring 28 pst. i 2004. Fem prosent av kundane har skifta hovudbank i løpet av det siste året i 2013, og 6 pst. har byrja bruke ein ny bank, som oftast som tilleggsbank. Den same undersøkinga viser at berre 7 pst. nokosinne har sjekka finansportalen for bankinformasjon.

Andre tal kan nyansere dette. Forbrukerrådet si byteundersøking for 2013 syner at ein tredel av personkundane har reforhandla bustadlånet eller bytt bustadlånbank dei siste to åra. Dette kan være eit teikn på at forbrukarane er prismedvitne og nyttar informasjonen i marknaden for å få betre vilkår hos banken dei allereie er kundar i, men utan å byte bank. Denne utviklinga kan ha blitt forsterka av den teknologiske framgangen i næringa og samanlikningsverkty som Finansportalen.

Figur 2.24 viser konsentrasjonen målt ved HHI for innskot frå personkundar og bustadlån til personkundar. Desse måla gjev eit betre bilete av konsentrasjonen på personkundemarknaden enn tala i innleiinga, som dekkjer heile marknaden. Figuren viser at konsentrasjonen ved mottak av innskot og ved utlån til personkundar er lågare enn for bankane samla, og at konsentrasjonen har falle dei seinare åra. Spranga oppover i konsentrasjon må sjåast i samanheng med fusjonen mellom Postbanken BA og Den norske Bank ASA i 1999 og fusjonen mellom DNB NOR ASA og Gjensidige NOR Sparebank ASA i 2003.

Figur 2.24 HHI for innskot frå personkundar og bustadlån til personkundar

Figur 2.24 HHI for innskot frå personkundar og bustadlån til personkundar

Kjelde: Finanstilsynet.

Rentemarginen til bankane tek ikkje omsyn til at det å ta imot innskot og det å gje lån er ulike aktivitetar. Utlånsmarginen til bankane er marginen mellom utlånsrenta til bankane og pengemarknadsrenta. Nibor brukes ofte som eit mål på pengemarknadsrenta. Nibor er ei referanserente, og svært mange avtaleforhold i finansmarknadene er knytta opp mot den. Figur 2.25 viser at marginen ved utlån til personkundar gjorde eit sprang ved utbrotet av finanskrisa. Ved utgongen av 2013 var utlånsmarginen til private føretak og personkundar like stor, målt ved differansen til Nibor. Det indikerer høgare lønsemd og lågare konkurranse på personkundemarknaden enn på marknaden for private føretak, ettersom marginane for private føretak i utgangspunktet er forbundne med høgare risiko.

Figur 2.25 Differansen mellom utlånsrenta på ulike typer lån og tre månaders Nibor. Prosent

Figur 2.25 Differansen mellom utlånsrenta på ulike typer lån og tre månaders Nibor. Prosent

Kjelde: Finanstilsynet.

Nibor er ei viktig referanserente på derivatmarknaden og ved fastsetjing av utlånsrentene til bankane, men utlånsmarginen målt ved Nibor gjev likevel ikkje eit presist uttrykk for bankane sine marginar ved utlån, fordi kostnadane ved å finansiere eit utlån kan avvike frå Nibor. Noregs Bank har difor gjort eit overslag over bankane sin finansieringskostnad på bustadlån frå 2010 til utgangen av 2013, rekna ut ifrå den vekta renta på behaldninga av OMF-lån og den vekta innskotsrenta. Figur 2.26 nedanfor viser at utlånsmarginen på bustadlån basert på desse tala har auka monaleg sidan 2012. Ved utgangen av 2013 låg utlånsmarginen, definert som renta på nye bustadlån minus den estimerte finansieringskostnaden, på om lag 1,8 pst., ein auke frå kring 0,5 pst. i august 2011. Den estimerte finansieringskostnaden har dessutan ikkje vore redusert på same måten som pengemarknadsrentene i løpet av dei siste åra. Figur 2.26 kan difor tyde på at konkurransen mellom bankane på utlån til personkundar er svekt dei siste par åra. På den andre sida er det ikkje klårt at utlånsmarginane frå hausten 2011 var høge nok til å dekkje kostnadene og risikoen ved bankane sine utlån.

Figur 2.26 Utlånsmargin for bustadlån basert på gjennomsnittleg bustadlånsrente og estimert finansieringskostnad på bustadlån. Prosentpoeng

Figur 2.26 Utlånsmargin for bustadlån basert på gjennomsnittleg bustadlånsrente og estimert finansieringskostnad på bustadlån. Prosentpoeng

Kjelde: Noregs Bank.

2.8.3 Føretaksmarknaden

Lån til føretak er meir einsarta enn bustadlån til personkundar. Det er større spreiing og i gjennomsnitt meir risiko knytt til lån til føretaka, og bankane bør ofte ha inngåande kjennskap til utsiktene for dei bransjane føretaka driv i.

Heller ikkje ved utlån til føretak er det slik at finansieringskostnaden for banken er nøye knytt til Nibor. På same måten som for personkundemarknaden har Noregs Bank estimert ein finansieringskostnad som skal reflektere finansieringskostnaden betre. Finansieringskostnaden ved utlån til føretak er estimert ut ifrå den vekta renta på behaldninga av senior bankobligasjonar og den vekta innskotsrenta.

Figur 2.27 viser utlånsmargin for føretak, basert på utlånsrente på føretakslån minus den estimerte finansieringskostnaden på føretakslån. Figuren viser at utlånsmarginen for private føretak har vore relativt stabil dei seinare åra. Den estimerte finansieringskostnaden for føretakslån er ikkje redusert i like stor grad som pengemarknadsrenta sidan 2012. Utlånsmarginen for føretak har vore stabil på om lag 2 pst. dei siste åra, og ved utgangen av 2013 var han på 2 pst. Det er større risiko knytt til føretakslånsida, og om konkurransen var som i personkundemarknaden, kunne ein difor venta at utlånsmarginen låg høgare.

Figur 2.27 Utlånsmargin for føretak basert på utlånsrente for føretak og estimert finansieringskostnad på føretakslån. Prosentpoeng

Figur 2.27 Utlånsmargin for føretak basert på utlånsrente for føretak og estimert finansieringskostnad på føretakslån. Prosentpoeng

Kjelde: Finanstilsynet.

Fotnotar

1.

Dette omfatter norskeide institusjonar og utenlandskeide institusjonar sine dotterføretak i Noreg.

2.

Sjå kapittel 3 i Noregs Bank sin rapport Finansiell stabilitet 2013.

3.

Sjå kapittel 2 i Finanstilsynet sin rapport Finansielt utsym 2014.

4.

Dei 30 største bankane var med i undersøkinga. Dei står for om lag 88 pst. av alle bustadlån frå bankar.

5.

Det samla kapitalbufferkravet aukar til 5,5 pst. frå 1. juli 2014 og vidare til 6,5 pst. frå 1. juli 2015, medrekna eit motsyklisk kapitalbufferkrav på 1 pst., jf. kapittel 3. På toppen av dette kjem det eit særskilt kapitalbufferkrav for systemviktige institusjonar på 1 pst. frå 1. juli 2015 og 2 pst. frå 1. juli 2016.

6.

Bufferkapitalen er samansett av eigenkapital, i form av kjernekapital ut over minstekravet, og kundemidlar, i form av tilleggsavsetningar, opp til eitt års rentegaranti, kursreguleringsfond og risikoutjamningsfond

7.

Desse tala for pensjonskassene byggjer på eit utval som står for om lag 93 pst. av den samla forvaltningskapitalen i pensjonskassene.

8.

Ikkje medrekna captives, sjøforsikringsselskapa Gard og Skuld og Den Norske Krigsforsikring for Skib.

9.

Tala i figuren er henta frå den obligatoriske rapporteringa til Finanstilsynet om avvikshendingar og feil. Finanstilsynet har bygt opp ein database med informasjon om slike hendingar, og denne basen vert nytta i tilsynsarbeidet. Førebels finst det lite internasjonal statistikk som kan brukast for å samanlikne kvaliteten og tilgjengelegheita til dei norske systema med tilhøva i andre land. Rapporteringa til Finanstilsynet fortel berre om utviklinga frå år til år i Noreg.

10.

OECD (2011). Bank Competition and Financial Stability.

11.

Resultat etter skatt, som del av bokført eigenkapital.

12.

Karen Helene Ulltveit-Moe, Bent Vale, Morten H. Grindaker og Erling Skancke (2013) , Competitiveness and regulation of Norwegian Banks. Norges Bank Staff Memo 18/2013.

13.

For eit føretak er avkastningskravet til eigenkapitalen generelt høgare enn renta på gjelda. Ein viktig grunn til det er at eigenkapitalen tek meir risiko enn gjelda. Reduserer føretaket eigenkapitalen, aukar risikoen både for eigarane og kreditorane. Eit føretak med låg eigenkapital må altså rekna med at avkastningskravet frå eigarane og renta på innlåna er høgare enn i eit tilsvarande føretak med høgare eigenkapital.

14.

Modigliani, F. og Miller, M. (1958), The cost of capital, corporation finance and the theory of investment, American Economic Review 48(3): 261–297.

15.

Føresetnadene gjeld neppe fullt ut, mellom anna fordi skattetilhøve og informasjonsmessige asymmetriar kan gjere det dyrare å finansiere seg med ny aksjekapital enn med gjeld.

16.

Den europeiske sentralbanken (2011), Common equity capital, banks’ riskiness and required return on equity, Financial Stability Review December 2011.

17.

Bent Vale finn i artikkelen «Effects of higher equity ratio on a bank’s total funding costs and lending» (Staff memo 10/2011) at eigenkapitalavkastninga på DNB var om lag 13,86 pst. i perioden 2004–20010, medan innlånsrente, representert med 3 md. Nibor, i same periode var på 3,48 pst. Ein skilnad mellom eigenkapitalavkastning og innlånskostnader på 10 pst. vert støtta i dette kapittelet òg.

18.

Under den føresetnaden at risikovekta eigedelar utgjer om lag 2/3 av forvaltningskapitalen

19.

NOU 2011: 1
Til forsida