Meld. St. 21 (2013–2014)

Finansmarknadsmeldinga 2013

Til innhaldsliste

5 Verksemda til Noregs Bank i 2013

5.1 Innleiing

Noregs Bank har som mål å fremje den økonomiske stabiliteten i landet. Banken har utøvande og rådgjevande oppgåver i pengepolitikken og skal medverke til robuste og effektive betalingssystem og finansmarknader. Noregs Bank forvaltar valutareservane i landet og Statens pensjonsfond utland.

Verksemda til Noregs Bank er regulert i lov om Noregs Bank og pengevesenet mv. (sentralbanklova) av 24. mai 1985. Lova slår fast at Noregs Bank skal vere eit utøvande og rådgjevande organ for penge-, kreditt- og valutapolitikken. Banken skal utferde pengesetlar og myntar, fremje eit effektivt betalingssystem innanlands og overfor utlandet og overvake penge-, kreditt- og valutamarknadene. Lova gjev banken høve til å setje i verk tiltak som er vanlege eller naturlege for ein sentralbank. Noregs Bank har dessutan fått eit særskilt ansvar når det gjeld den motsykliske kapitalbufferen gjennom ei forskrift.

Regjeringa har fastsett eit inflasjonsmål for pengepolitikken i ei forskrift til sentralbanklova. Oppgåva Noregs Bank har med å forvalte Statens pensjonsfond utland, er regulert gjennom lov om Statens pensjonsfond og mandat for forvaltninga av Statens pensjonsfond utland (SPU), fastsett av Finansdepartementet.

5.2 Leiing og administrasjon

Dei øvste organa i Noregs Bank er hovudstyret og representantskapet. Hovudstyret leier den utøvande og rådgivande verksemda til banken, mens representantskapet skal føre tilsyn med at reglane for verksemda blir følgde.

Hovudstyret arbeider for å realisere banken sine mål og verdiar, med særleg vekt på strategiske problemstillingar knytt til å fremje prisstabilitet, finansiell stabilitet og ei effektiv og tillitvekkjande kapitalforvalting. Det blir lagt vekt på at Noregs Bank skal utføre oppgåvene sine med høg kvalitet og til låge kostnader. Hovudstyret har ansvar for at det er tilfredsstillande rammer, mål og prinsipp for verksemda. Vidare skal det sikre at rekneskapen og kapitalforvaltinga er under god styring og kontroll, og sjå til at risikostyringa og internkontrollen til banken er tilfredsstillande i alle delar av verksemda.

Hovudstyret består av sju medlemmer som er oppnemnde av regjeringa, med sentralbanksjefen som leiar og visesentralbanksjefen som nestleiar. Det har to underutval: revisjonsutvalet og kompensasjonsutvalet. Revisjonsutvalet består av tre av dei eksterne medlemmene av hovudstyret og er eit saksførebuande og rådgivande arbeidsutval som skal styrkje og effektivisere arbeidet med forvalting og oppfølging knytt til finansiell rapportering, risikostyring og internkontroll. Kompensasjonsutvalet består av to av dei eksterne medlemmene av hovudstyret. Det er eit saksførebuande og rådgivande utval for saker som gjeld lønns- og kompensasjonsordningane til banken.

Hovudstyret var frå 1. januar 2014 samansett slik:

  • Øystein Olsen, leiar

  • Jan F. Qvigstad, nestleiar

  • Liselott Kilaas

  • Egil Matsen

  • Hilde Myrberg

  • Kjetil Storesletten

  • Karen Helene Ulltveit-Moe

Varamedlemmer

  • Espen R. Moen

  • Hege Sjo

Funksjonærrepresentantar

  • Jan Erik Martinsen

  • Petter Nordal (varamedlem)

  • Gøril Bjerkhol Havro

  • Berit Moen (varamedlem)

Representantskapet til Noregs Bank består av 15 medlemmer som Stortinget har oppnemnt. Gjennom verksemd og rapportering skal representantskapet forvisse Stortinget om at Noregs Bank, medrekna forvaltinga av Statens pensjonsfond utland, er forsvarleg og formålstenleg driven, og at lover og føresetnader er følgde. Representantskapet organiserer eit tilsynssekretariat som utfører tilsyns- og kontrolloppgåver, forvaltar avtalen med ekstern revisor og utfører sekretariatsfunksjonar for representantskapet. Det fungerer òg som koordinator i samarbeidet mellom Noregs Bank, ekstern revisor og Riksrevisjonen, særleg i relasjon til Statens pensjonsfond utland. Tilsynssekretariatet er fagleg og administrativt uavhengig av banken. Representantskapet legg kvart år fram utgreiinga om verksemda si for Stortinget i form av ein eigen rapport.

Representantskapet var frå 1. januar 2014 samansett slik:

  • Reidar Sandal, leiar (vara: Tore Nordtun)

  • André Støylen, nestleiar (vara: Lars Tvete)

  • Frank Sve (vara: Tone T. Johansen)

  • Eva Karin Gråberg (vara: Rita Lekang)

  • Runbjørg Bremset Hansen (vara: Camilla Bakken Øvald)

  • Tormod Andreassen (vara: Beate Bø Nilsen)

  • Morten Lund (vara: Torunn Hovde Kaasa)

  • Synnøve Søndergaard (vara: Hilde Brørby Fivelsdal)

  • Randi Øverland (vara: Anne Grethe Tevik)

  • Vidar Bjørnstad (vara: Hans Kolstad)

  • Ingebrigt S. Sørfonn (vara: Solveig Ege Tengesdal)

  • Paul Birger Torgnes (vara: Arne Stapnes)

  • Toril Hovdenak (vara: Hans Aasnes)

  • Peter Meidell (vara: Brage Baklien)

  • Iver Nordseth (vara: Hanne Nora Nilssen)

Etter sentralbanklova skal sentralbanksjefen stå for den daglege leiinga av banken. Visesentralbanksjefen er nestleiar. Sentralbankverksemda er sett saman av avdelingane Marknader og banktenester (MB), Pengepolitikk (PPO) og Finansiell stabilitet (FST), Konsern- og fellesfunksjonar (KF) og stabsfunksjonar.

For NBIM har hovudstyret delegert avgjerdsmakt direkte til NBIM-leiaren gjennom stillingsinstruks. NBIM forvaltar Statens pensjonsfond utland og delar av valutareservane. NBIM har ein del eigne støttefunksjonar, men får òg støtte frå administrasjonen (KF) i sentralbankverksemda.

5.3 Arbeidet med finansiell stabilitet

5.3.1 Innleiing

Finansiell stabilitet er eit av hovudmåla for Noregs Bank. Paragraf 1 i sentralbanklova seier at banken skal utferde setlar og mynt, fremje eit effektivt betalingssystem innanlands og overfor utlandet og overvake penge-, kreditt og valutamarknadene. Paragraf 3 seier at banken skal varsle departementet når det etter banken si oppfatning er behov for tiltak av penge-, kreditt- og valutapolitisk karakter frå andre enn banken. Banken skal informere offentlegheita om penge-, kreditt- og valutatilhøva. I tillegg gir § 13 Noregs Bank eineretten til å utferde norske setlar og myntar. Etter § 17 skal Noregs Bank utføre bankforretningar for staten. Paragraf 9 gir Noregs Bank høve til å yte lån til og gjere innskot i forretnings- og sparebankar, mens § 20 fastset at Noregs Bank tek imot innskot frå bankane. Av det følgjer eit særleg ansvar for å overvake bankvesenet. Lova om betalingssystem gir Noregs Bank ansvaret for å gi konsesjon til avreknings- og oppgjerssystema for bankane og for å føre tilsyn med systema.

Noregs Bank overvaker det finansielle systemet samla sett. Banken sender regelmessig brev til Finansdepartementet med råd om tiltak som kan motverke at det byggjer seg opp systemrisiko. Analysane som ligg til grunn for vurderingane, blir det gjort greie for i faste rapportar som blir publiserte på same tid som ein sender brev til departementet.

Noregs Bank styrer likviditeten i banksektoren frå dag til dag ved å tilby bankane lån og ved å ta imot innskot. Det gir Noregs Bank eit spesielt ansvar for å overvake likviditetsrisikoen i banksystemet. Som långivar i siste instans har Noregs Bank ei sentral rolle når det gjeld å behandle kriser i det finansielle systemet.

5.3.2 Noregs Bank si vurdering av tilstanden i finansmarknaden

Risikopåslaga i finansmarknadene blei reduserte både ute og heime gjennom første halvår. Det var god tilgang på marknadsfinansiering for norske bankar, og løpetida auka. Den positive trenden internasjonalt stansa i mai, då den amerikanske sentralbanken signaliserte at ei nedtrapping av dei ekstraordinære obligasjonskjøpa kunne vere like rundt hjørnet. Obligasjonsrentene auka. Frå ettersommaren gjekk risikopremiane ned igjen, men statsobligasjonsrentene i dei store landa med lågast kredittrisiko (USA, Tyskland, Storbritannia og Japan) blei liggjande på eit høgare nivå. Norske bankar hadde heile tida god tilgang på marknadsfinansiering og til betre vilkår enn bankar i dei fleste andre landa. Som følgje av god innskotsvekst var behovet for marknadsfinansiering noko mindre. Ein vesentleg del av innskotsveksten kom frå internasjonale kjelder som ikkje kan reknast som stabile.

Bankane hadde svært god inntening og høg eigenkapitalavkasting i 2013. Tapa var låge, og utlånsrentene blei auka på vårparten grunngitt med behov for høgare inntening for å møte auka kapitalkrav frå myndigheitene. Forskjellen mellom pengemarknadsrenta og utlånsrenta til bankane heldt fram med å auke og nærma seg 3 prosenteiningar. Det er om lag ei dobling på dei to siste åra. Bankane kan styrkje kapitaldekninga si ved å betale ut noko mindre overskot enn det dei erklærer som ein langsiktig ambisjon. Nokre få bankar valde å hente inn ny eigenkapital. Alle bankane oppfylte kravet om ei kjernekapitaldekning på minst 9 prosent med god margin. Ved utgangen av 2013 hadde alle bankane ei rein kjernekapitaldekning på over 11 prosent.

I rapporten Finansiell stabilitet blei det gjennomført ein stresstest av dei seks største norske bankane. Testen viste at norske bankar vil kunne klare seg gjennom ein kraftig internasjonal nedgangskonjunktur så lenge dei har tilgang på finansiering. Skal bankane forhindre eit markert fall i kapitaldekninga, må dei vere i stand til å auke rentemarginane og kutte i nye utlån, spesielt til føretak. Det vil kunne forsterke tilbakeslaget i økonomien. Høgare kapitaldekning ville redusert risikoen for slike innstrammingar.

5.3.3 Framlegg til tiltak frå Noregs Bank

I samsvar med forskrift av 4. oktober 2013 har Noregs Bank fått eit særskilt ansvar for å utarbeide eit avgjerdsgrunnlag for og å gi råd til Finansdepartementet om motsyklisk kapitalbuffer. Forskrifta blei gitt med heimel i mellom anna sentralbanklova § 2. Det var andre gongen føresegna blei nytta. Første gongen var då den pengepolitiske forskrifta blei gitt i 2001. Etter føresegna skal banken ha høve til å uttale seg, og melding om vedtak skal sendast til Stortinget så snart som mogleg. Noregs Bank støtta forslaget om å etablere ein motsyklisk kapitalbuffer i bankane og hadde ingen innvendingar til at Finansdepartementet tek avgjerd om den motsykliske kapitalbufferen etter råd frå Noregs Bank.

I Pengepolitisk rapport med vurdering av finansiell stabilitet gjorde Noregs Bank gjennom 2013 greie for avgjerdsgrunnlaget for å fastsetje den motsykliske kapitalbufferen. Det første rådet om nivået på bufferen blei sendt til Finansdepartementet i samband med at Pengepolitisk rapport 4/13 blei publisert. I brevet til departementet blei det lagt vekt på at samla kreditt som del av BNP var på eit historisk høgt nivå. Andre indikatorar for systemrisiko, som utviklinga i bustad- og næringseigedomsprisar og kor stor del av finansieringa bankane henta i finansmarknaden, var òg på høge nivå i 2013. Indikatorane var òg høgare enn berekna langsiktige trendar. Vurderinga til Noregs Bank var at finansielle ubalansar som kan forsterke eller utløyse eit tilbakeslag i økonomien, hadde bygd seg opp. Bankane burde derfor halde ein motsyklisk kapitalbuffer. Det blei samtidig lagt vekt på at nivået på bufferen må vurderast i lys av at dei andre kapitalkrava blir trappa opp dei nærmaste åra. Uvisse om korleis bankane si tilpassing til dei samla krava ville påverke den vidare utviklinga i norsk økonomi, talte for at kapitalkrava ikkje skal aukast for raskt. Noregs Bank tilrådde på denne bakgrunnen at kravet til den motsykliske kapitalbufferen blei sett til 1 prosent frå 1. januar 2015. Finansdepartementet bestemte 12. desember at bufferkravet skulle setjas til 1 prosent frå 30. juni 2015.

I mai bad Finansdepartementet Finanstilsynet i samarbeid med Noregs Bank om å utarbeide forslag til kriterium for å identifisere systemviktige finansinstitusjonar. I brev til departementet 4. november melde Finanstilsynet at dei etter ei samla vurdering foreslo DNB Bank, Nordea Bank Norge, SpareBank 1 Nord-Norge, SpareBank 1 SR-Bank, SpareBank 1 SMN, Sparebanken Vest, Sparebanken Sør og Sparebanken Pluss som systemviktige institusjonar. Dei to siste skulle fusjonere. Noregs Bank var einig i forslaget til metode, men stilte spørsmål ved to av identifikasjonskriteria til tilsynet. Etter forslaget frå Noregs Bank vil dei regionale sparebankane ikkje vere lista som systemviktige.

Noregs Bank har peikt på at dei nye interne modellane (IRB) som større bankar nytta til å berekne kapitalkrav, resulterte i for låg risikovekt for bustadlåna til bankane. Berekningar som Noregs Bank har gjort, tyder på at risikovektene for bustadlån burde liggje på omkring 20–30 prosent. I eit brev til Finansdepartementet 31. mai 2013 peikte Noregs Bank på at eventuelle endringar i regelverket ikkje burde svekkje berekningsgrunnlaget for kapitalkrava samanlikna med dagens system, og at overgangsgolvet frå Basel I må vidareførast fram til eit nytt golv for kapitalnivået er på plass.

5.4 Betalingssystemet, setlar og myntar

5.4.1 Betalingssystema

Noregs Bank gjer opp betalingar mellom bankane på kontoane deira i Noregs Bank og forsyner samfunnet med setlar og mynt på ein måte som fremjar eit effektivt betalingssystem. I tillegg overvaker Noregs Bank dei norske betalingssystema. Formålet er å fremje robuste og effektive betalingssystem og slik bidra til å styrkje stabiliteten i det finansielle systemet. Overvakinga skal først og fremst avgrense risikoen i systema for avrekning og oppgjer av pengeoverføringar mellom bankane (interbanksystema), men Noregs Bank overvaker òg viktige utviklingstrekk i betalingssystemet samla sett.

Tilsynet Noregs Bank har med dei konsesjonspliktige interbanksystema, skjer mellom anna på basis av rapporteringskrav og tilsynsmøte. Tilsyn og overvaking med interbanksystema følgjer av betalingssystemlova, sentralbanklova og internasjonale tilrådingar, i første rekkje frå Committee on Payment and Settlement Systems (CPSS) i BIS og International Organization of Securities Commissions (IOSCO). Frå 2013 er dei nye prinsippa til CPSS/IOSCO nytta. Noregs Bank ba eigarane av norske infrastruktursystem om å gjere ei sjølvevaluering mot dei nye prinsippa innan utgangen av 2013. Evalueringa til Noregs Bank vil bli publisert seinare i år i rapporten om finansiell infrastruktur.

To interbanksystem har konsesjon etter betalingssystemlova: avrekningssystemet NICS (Norwegian Interbank Clearing System) og den private oppgjersbanken DNB Bank ASA. Den private oppgjersbanken SpareBank 1 SMN er friteken for konsesjon. Avrekningane frå NICS blir gjorde opp i Noregs Bank for dei bankane som har oppgjer i sentralbanken. Etter at oppgjeret er utført i Noregs Bank, gjennomfører DNB Bank ASA og SpareBank 1 SMN oppgjer med deltakarbankane sine.

Det var få avbrotssituasjonar i dei konsesjonspliktige interbanksystema i 2013.

Noregs Bank overvaker òg verdipapiroppgjeret og oppgjerssystemet til Oslo Clearing. Arbeidet skjer i samarbeid med Finanstilsynet, som fører tilsyn med Verdipapirsentralen ASA og Oslo Clearing ASA. Noregs Bank deltek i ei sentralbankgruppe som overvaker CLS Bank, ein internasjonal bank som er spesialisert på valutahandelsoppgjer. Den amerikanske sentralbanken leier denne gruppa.

I «Rapport om finansiell infrastruktur» beskriv og drøftar Noregs Bank utviklinga i interbanksystema- og verdioppgjeret. Noregs Bank meiner at det norske systemet for avrekning og oppgjer held eit godt internasjonalt nivå. Noregs Bank beskriv i rapporten òg overvakinga av sitt eige oppgjerssystem og sitt eige tilsyn med finansiell infrastruktur.

Noregs Bank meiner at betalingsformidlinga i Noreg er effektiv, men det er likevel rom for forbetringar. Betalingskostnadene kan reduserast mellom anna ved å utferde fleire fakturaer elektronisk.

Noregs Bank gjennomfører for tida ei undersøking av dei samfunnsøkonomiske kostnadene ved betalingsformidling i Noreg. Undersøkinga omfattar kostnader i finansiell sektor og hos brukarstader og publikum. Resultata skal publiserast seinare i år. Undersøkinga vil mellom anna gi grunnlag for å samanlikne kostnadseffektiviteten i norsk betalingsformidling mot andre land og mot tidlegare tidsperiodar.

I desember 2013 blei det arrangert ei felles kriseøving med deltaking frå Finansdepartementet, Finanstilsynet og Noregs Bank. Formålet var å øve på å handtere ei krise med utgangspunkt i at den sentrale finansielle infrastrukturen ikkje fungerte.

5.4.2 Oppgjerssystemet til Noregs Bank

Noregs Bank er den øvste oppgjersbanken for betalingar mellom bankane i Noreg. Denne oppgåva er knytt til det ansvaret Noregs Bank har etter sentralbanklova for å fremje eit effektivt betalingssystem innanlands og overfor utlandet, og til bankane sitt høve til å halde konto og ta opp lån i Noregs Bank. Fordi sentralbanken utferdar pengar, er innskot i sentralbanken utan kreditt- og likviditetsrisiko for bankane. Derfor er renta på sentralbankpengar ein basis for rentedanninga i heile økonomien.

Alle bankar i Noreg kan ha konto i Noregs Bank. Ved utgangen av 2013 hadde 128 bankar slik konto, mot 130 i 2012. Av desse gjorde 22 bankar opp betalingane sine dagleg i oppgjerssystemet til Noregs Bank (NBO), både enkeltbetalingar og nettoposisjonar i avrekningar. Dei andre bankane nytta kontoen til betalingar som i hovudsak er knytte til lån og innskot i Noregs Bank. CLS Bank (Continuous Linked Settlement) har ein konto som blir nytta til daglege oppgjer av kronedelen av handel med valuta innanfor det internasjonale systemet for oppgjer av slike handlar. Oslo Clearing ASA er sentral motpart i handel med finansielle instrument og har konto i NBO for daglege oppgjer av posisjonar mellom bankane. To sentralbankar og Den internasjonale oppgjersbanken (BIS) har òg konto i NBO. I tillegg har fem bankar avtale om beredskapskonto som kan takast i bruk dersom banken treng å bruke Noregs Bank som oppgjersbank.

I oppgjerssystemet til Noregs Bank blei det i 2013 i gjennomsnitt gjort opp betalingar for 203 milliardar kroner dagleg, mot 216 milliardar kroner i 2012. Ved utgangen av 2013 hadde bankane folio- og reserveinnskot på i alt 37,2 milliardar kroner.

Noregs Bank har avtale med EVRY ASA om å levere IKT-driftstenester for oppgjerssystemet. Det har ikkje vore alvorlege avbrot i oppgjerssystemet i 2013.

Bankane betaler for oppgjerstenestene i Noregs Bank. Prisane er sette slik at inntektene skal dekkje dei relevante kostnadene med å utføre desse tenestene. For 2013 var prisane uendra frå 2012.

Saman med sentralbankane i Danmark og Sverige og på Island deltek Noregs Bank i eit nordisk forum for å utveksle erfaringar med oppgjerssystema og med løysingane for pantsetjing frå bankane for lån i sentralbankane.

I 2012 blei det lagt fram nye felles internasjonale tilrådingar for infrastrukturar i finansielle marknader frå komiteen for betalings- og oppgjerssystem (CPSS) og den tekniske komiteen i den internasjonale organisasjonen for tilsyn med verdipapir (IOSCO). I CPSS deltek sentralbankar innanfor samarbeidet i Den internasjonale oppgjersbanken (BIS). I IOSCO deltek tilsynsorgan for verdipapirmarknadene. Noregs Bank har i 2013 vurdert drifta, utviklinga og forvaltinga av sitt eige oppgjerssystem i lys av desse tilrådingane.

5.4.3 Setlar og myntar

5.4.3.1 Organisering av kontantforsyninga

Sentralbanklova gir Noregs Bank ansvaret for å utferde pengesetlar og myntar. Det inneber mellom anna å sørgje for at det blir produsert nok setlar og myntar til å dekkje behovet til samfunnet, og at desse betalingsmidlane blir gjorde tilgjengelege. Noregs Bank forsyner bankane med kontantar frå fem sentralbankdepot, og bankane står for den vidare distribusjonen til publikum. Sentralbanken har òg eit ansvar for å halde oppe ein tilfredsstillande kvalitet på setlar og myntar i omløp. Det blir mellom anna gjort ved å leggje til rette for at slitne og skadde setlar og myntar blir tekne ut av omløp og blir destruerte.

5.4.3.2 Utgjeving av minnemyntar

Noregs Bank gir ut jubileums- og minnemyntar i gull og sølv med spesiell heimel i sentralbanklova § 16 og sirkulasjonsmynt med spesialpreg etter sentralbanklova § 13, som er den generelle heimelen for utferding av mynt. Det er Kongen som avgjer om ein skal gi ut myntar, jf. sentralbanklova § 16. Denne kompetansen var i perioden 1994–2011 delegert til Noregs Bank. I 2013 har Noregs Bank gitt ut ein sirkulasjonsmynt med spesialpreg for å markere at det er 100 år sidan den allmenne stemmeretten blei innført i Noreg.

5.4.3.3 Utvikling av ny setelserie

Norske setlar skal fungere effektivt som betalingsmiddel, og publikum skal ha tillit til at setlane er ekte. Risikoen for at norske setlar blir forfalska, kan reduserast ved å sørgje for at tryggleiksnivået i setlane ikkje er dårlegare enn i andre, samanliknbare land. Fleire sentralbankar, slik som Sveriges Riksbank, Danmarks Nationalbank, Bank of England og European Central Bank, er no i ferd med å gi ut nye setelseriar med betra tryggleik. Det krev at tryggleiksnivået i norske setlar blir høgare, slik at setlane også i framtida skal vere like vanskelege å forfalske som setlane til andre land. Noregs Bank har derfor starta arbeidet med å utvikle ein ny setelserie. Serien blir den åttande i rekkja. Å utvikle ein ny setelserie er eit komplisert og krevjande prosjekt som vil strekkje seg over fleire år.

I 2013 blei det bestemt at valørinndelinga 50, 100, 200, 500 og 1000, og hovudfargane frå i dag, skal vidareførast i den nye setelserien. Formatet eller storleiken på alle valørane skal endrast, slik at alle valørar får den same høgda, men ulik breidd. Det skal framleis brukast bomullspapir på norske setlar, og tradisjonen med bokmål på framsida og nynorsk på baksida av setlane skal vidareførast.

Vidare har Noregs Bank bestemt at «havet», med undertittelen «Kva havet har hatt å seie for nærings- og velferdsutviklinga i Noreg», skal vere temaet for setelserien. Temaet skal dekkje både fram- og baksida av setlane.

5.5 Utøvinga av pengepolitikken

Under dette punktet vert Noregs Bank si utøving av pengepolitikken i 2013 vurdert. Som eit grunnlag for vurderinga følgjer det fyrst ei kort omtale av retningslinene for pengepolitikken. Deretter følgjer ei omtale av utøvinga av pengepolitikken i 2013 og vurderingar frå nokre andre institusjonar, deriblant Norges Bank Watch, OECD, IMF og Finanstilsynet. Departementet sine vurderingar kjem til slutt.

5.5.1 Retningslinene for pengepolitikken

Etter sentralbanklova § 1 skal Noregs Bank vere eit utøvande og rådgjevande organ i penge-, kreditt- og valutapolitikken. Banken skal gje ut setlar og mynt og fremje eit effektivt betalingssystem. Dessutan skal Noregs Bank overvake penge-, kreditt- og valutamarknadene.

Dei noverande retningslinene for pengepolitikken vart fastsette i forskrift ved Kronprinsregentens resolusjon 29. mars 2001 med heimel i sentralbanklova § 2 tredje ledd og § 4 andre ledd, jamfør boks 6.1. Retningslinene vart grunngjevne og utdjupa i St.meld. nr. 29 (2000–2001) Retningsliner for den økonomiske politikken, som vart lagd fram same dagen.

Boks 5.1 Forskrift om pengepolitikken

Fastsatt ved kronprinsregentens resolusjon 29. mars 2001 med hjemmel i sentralbankloven § 2 tredje ledd og § 4 annet ledd.

I

§ 1.

Pengepolitikken skal sikte mot stabilitet i den norske krones nasjonale og internasjonale verdi, herunder også bidra til stabile forventninger om valutakursutviklingen. Pengepolitikken skal samtidig understøtte finanspolitikken ved å bidra til å stabilisere utviklingen i produksjon og sysselsetting.

Norges Bank forestår den operative gjennomføringen av pengepolitikken.

Norges Banks operative gjennomføring av pengepolitikken skal i samsvar med første ledd rettes inn mot lav og stabil inflasjon. Det operative målet for pengepolitikken skal være en årsvekst i konsumprisene som over tid er nær 2,5 prosent

Det skal i utgangspunktet ikke tas hensyn til direkte effekter på konsumprisene som skyldes endringer i rentenivået, skatter, avgifter og særskilte, midlertidige forstyrrelser.

§ 2.

Norges Bank skal jevnlig offentliggjøre de vurderingene som ligger til grunn for den operative gjennomføringen av pengepolitikken.

§ 3.

Den norske krones internasjonale verdi fastlegges på grunnlag av kursene i valutamarkedet.

§ 4.

Norges Bank gir på statens vegne de meddelelser om kursordningen som følger av deltagelse i Det internasjonale valutafond, jf. lov om Norges Bank og pengevesenet § 25 første ledd.

II

Denne forskrift trer i kraft straks. Samtidig oppheves forskrift av 6. mai 1994 nr. 0331 om den norske krones kursordning.

I tråd med forskrifta skal pengepolitikken sikte mot stabilitet i den nasjonale og internasjonale verdien av den norske krona. Den operative gjennomføringa av pengepolitikken skal i samsvar med dette rettast inn mot låg og stabil inflasjon, definert som ein årsvekst i konsumprisane som over tid er nær 2,5 prosent. Av forskrifta følgjer det at pengepolitikken skal medverke til å stabilisere utviklinga i produksjon og sysselsetjing og samstundes medverka til stabile forventningar om valutakursutviklinga. I St.meld. nr. 29 (2000–2001) står det vidare at rentesetjinga til Noregs Bank skal vera framoverretta og ta tilbørleg omsyn til uvisse knytt til makroøkonomiske prognosar og vurderingar. Når hovudstyret i Noregs Banks fastset renta, skal det ta omsyn til at det kan ta tid før endringar i politikken får verknad. Dessutan skal styret sjå bort frå forstyrringar av mellombels karakter som ein meiner ikkje vil påverka den underliggjande pris- og kostnadsveksten.

Den langsiktige oppgåva til pengepolitikken er å medverke til å gje økonomien eit nominelt ankerfeste. Forskrifta etablerer fleksibel inflasjonsstyring som rettesnor for pengepolitikken. På kort og mellomlang sikt må Noregs Bank vege omsynet til låg og stabil inflasjon vegast mot omsynet til stabilitet i produksjon og sysselsetjing. Ofte er det ingen motsetnad mellom desse to omsyna. Dersom det kjem til konflikt, må Noregs Bank utøve skjønn når dei to omsyna vegast mot kvarandre.

5.5.2 Verkemiddel og avvegingar i pengepolitikken

Det viktigaste verkemiddelet i utøvinga av pengepolitikken er styringsrenta. Dette er renta på bankinnskot over natta i Noregs Bank. I normale situasjonar har endringar i styringsrenta nokså sterkt gjennomslag i dei heilt kortsiktige pengemarknadsrentene, det vil seie dags- og vekesrentene. Marknadsrentene på lån og plasseringar med lengre løpetider er påverka av nivået på styringsrenta, men òg av korleis marknadsaktørane ventar at styringsrenta kjem til å utvikla seg i framtida.

Forventingane til styringsrenta i marknaden heng saman med kva aktørane trur om den økonomiske utviklinga, særleg om vekst og prisstiging, og med synet deira på det framtidige handlingsmønsteret til sentralbanken i pengepolitikken. Marknadsrentene verkar inn på kronekursen, på prisane på verdipapir, på bustadprisane og etterspurnaden etter lån, på investeringar og på forbruk. Dessutan påverkar styringsrenta til Noregs Bank forventingane om den økonomiske utviklinga og framtidig inflasjon. Gjennom alle desse kanalane verkar renta på dei samla etterspurnads- og produksjonstilhøva og på prisar og løner.

I årsmeldinga for 2013 skriv Noregs Bank mellom anna dette om fleksibel inflasjonsstyring:

«Noregs Bank legg til grunn at inflasjonsstyringa skal vere fleksibel, slik at det blir lagt vekt på å jamne ut svingingar både i inflasjon og i produksjon og sysselsetjing når renta blir sett. Den fleksible inflasjonsstyringa byggjer bru mellom den langsiktige oppgåva for pengepolitikken, som er å halde inflasjonen låg og forankre inflasjonsforventingane, og omsynet til utjamning av utviklinga i produksjonen.»

Fire gonger i året publiserer Noregs Bank «Pengepolitisk rapport med vurdering av finansiell stabilitet», samstundes med publisering av renteavgjerder til hovudstyret. I rapportane vurderer Noregs Bank den økonomiske stoda og utviklinga. Hovudstyret fastset ein pengepolitisk strategi i form av eit intervall for styringsrenta for perioden fram til publisering av den neste pengepolitiske rapporten. Dessutan inneheld rapporten vurderingar og råd frå Noregs Bank om den motsykliske kapitalbufferen, jf. omtale i kapittel 3.

For at pengepolitikken skal vere truverdig med dei føresetnadene Noregs Bank legg til grunn for den økonomiske utviklinga, må renteprognosen til banken på rimeleg vis vege dei ulike omsyna pengepolitikken skal ta, mot kvarandre. Når handlingsmønsteret til Noregs Bank i pengepolitikken vert oppfatta som stabilt og truverdig, styrkjer det verknaden av pengepolitikken òg. Noregs Bank har utarbeidd eit sett kriterier for kva banken meiner er ei god framtidig utvikling i renta. Det er gjort greie for kriteria i dei pengepolitiske rapportane.

Gjennomføringa av pengepolitikken krev god tilgang til informasjon om den økonomiske utviklinga. Noregs Bank har sidan 2002 henta inn informasjon om utviklinga i produksjon og prisar og om planar for investeringar og sysselsetjing i tida framover frå eit eige, regionalt nettverk av føretak og offentlege verksemder. Om lag 1500 kontaktar er knytte til dette nettverket. Saman med tilgjengeleg offisiell statistikk er rapportane frå det regionale nettverket ein viktig del av avgjerdsgrunnlaget til banken.

5.5.3 Utøvinga av pengepolitikken i 2013

Pengepolitikken verkar med eit tidsetterslep. Utviklinga i inflasjon, produksjon og sysselsetjing i 2013 er difor påverka av pengepolitikken i tidlegare år òg.

Strategien som hovudstyret la for styringsrenta i Pengepolitisk rapport 3/12 i oktober 2012, var at renta burde liggje i intervallet 1 – 2 prosent i perioden fram til neste rapport skulle leggjast fram i mars 2013, med mindre norsk økonomi skulle verte utsett for nye store forstyrringar. Dei fyrste månadene av 2013 vart vekstutsiktene hos handelspartnarane våre noko svakare, særleg i euroområdet. Utviklinga i finansmarknadene heldt fram med å betre seg, mellom anna på grunn av tiltak frå styringsmaktene i ulike land. Krona, som hadde styrkt seg gjennom 2012, styrka seg vidare fram til februar, men tok så til å svekkje seg. Utlånsmarginane til bankane heldt seg høge. I Noreg var prisveksten noko lågare enn venta. Samstundes hadde sysselsetjingsveksten minka, medan kapasitetsutnyttinga var litt lågare enn det som var venta hausten før. Gjelda til hushalda og bustadprisane steig meir enn inntektene. Hovudstyret vedtok å halda styringsrenta uendra på 1,5 prosent, i tråd med prognosen i den pengepolitiske rapporten frå oktober. Nye analysar av kostnadsutviklinga i forbruksretta næringar indikerte at ho over ein lengre periode hadde vore lågare enn det banken tidlegare hadde lagt til grunn. Ifølgje Noregs Bank kunne låg lønsvekst hos handelspartnarane våre og høg arbeidsinnvandring gjere at det ville ta lengre tid enn tidlegare rekna med før prisveksten ville ta seg opp. Dette, saman med svekte vekstutsikter for den internasjonale økonomien, tilsa ifølgje banken at styringsrenta burde haldast låg lenger enn tidlegare berekna. Rentebanen i Pengepolitisk rapport 1/13 viste at den første renteauken ville kome våren 2014.

I perioden fram mot rentemøtet i mai svekte vekstutsiktene seg for euroområdet noko, men den globale veksten heldt seg oppe. Endå ein gong vart den venta oppgangen i styringsrentene internasjonalt skoven ut i tid. Kronekursen svekka seg vidare. Bankane auka utlånsrentene til hushalda og til føretak. I Noreg var veksten i konsumprisane litt lågare enn venta, og lønsoppgjeret peikte mot at lønsveksten kunne verte noko lågare enn berekna i Pengepolitisk rapport 1/13. Samstundes var det framleis god vekst i norsk økonomi. I tråd med renteprognosen i Pengepolitisk rapport 1/13 vedtok Noregs Bank å halde styringsrenta uendra på rentemøtet i mai.

Fram mot sommaren svekte veksten hos handelspartnarane seg ytterlegare. Den venta oppgangen i styringsrentene internasjonalt hadde likevel stige litt igjen, og var i juni om lag på same nivå som i mars. Krona svekte seg vidare, og var svakare enn det som var lagt til grunn i den pengepolitiske rapporten frå mars. Påslaga i penge- og kredittmarknadene fall noko, og bankane auka utlånsrentene til hushald og føretak. I Noreg var prisstiginga noko høgare enn det som var lagt til grunn i den pengepolitiske rapporten frå mars. Samstundes var veksten i norsk økonomi noko lågare enn Noregs Bank hadde rekna med. Ifølgje det regionale nettverket var utsiktene for produksjonen noko svekte. Oppgangen i bustadprisane hadde stoppa opp. På rentemøtet i juni vedtok Noregs Bank å halda styringsrenta uendra. Samstundes la banken fram ei ny og lågare rentebane. Noregs Bank peika på utsikter til lågare vekst og lågare inflasjon i norsk økonomi enn tidligare rekna med.

Gjennom sommaren var det teikn til aukande økonomisk vekst i fleire industriland. Samstundes svekte vekstutsiktene seg i fleire av dei framveksande økonomiane. Den venta oppgangen i styringsrentene ute var på nytt skoven noko fram i tid. Krona svekte seg mykje, særleg rett etter rentemøtet i juni. Situasjonen i norsk økonomi var framleis god, men veksten var lågare enn det som var lagt til grunn i Pengepolitisk rapport 2/13. Veksten i konsumprisane tok seg opp gjennom sommaren og var klårt høgare enn venta. På rentemøtet i september vedtok Noregs Bank å halde styringsrenta uendra. Banken peika på at konsumprisveksten hadde vore høgare enn venta og at krona hadde svekt seg, samstundes som veksten i norsk økonomi hadde vore lågare enn venta. Rentebana i Pengepolitisk rapport 3/13 tilsa ei noko høgare styringsrente i 2014 og 2015 enn rapporten i juni.

Fram mot rentemøtet i oktober utvikla økonomien både hos handelspartnarane våre og i Noreg om lag som Noregs Bank hadde lagt til grunn i den pengepolitiske rapporten i september. Krona svekte seg vidare. Etter to månader med kraftig oppgang i tolvmånadersveksten fall den underliggjande inflasjonen markert i september. Noregs Bank vedtok å halde styringsrenta uendra på rentemøtet i oktober.

Utviklinga i internasjonal økonomi mot slutten av året var noko svakare enn Noregs Bank hadde venta. Den europeiske sentralbanken (ESB) sette ned styringsrenta frå 0,5 til 0,25 prosent på sitt rentemøte i november. Den venta oppgangen i styringsrentene ute vart på ny skoven ut i tid. Krona heldt fram med å svekke seg. I Noreg såg veksten ut til å verte lågare enn berekna i Pengepolitisk rapport 3/13. Veksten minka i dei fleste næringane. Andelen av bedrifter i det regionale nettverket som meldte om kapasitetsproblem, gjekk ned. Bustadprisane fall. Prisstiginga var noko lågare enn Noregs Bank hadde venta. Noregs Banks hovudstyre vedtok på møtet i desember å halde styringsrenta uendra på 1,5 prosent, medan den nye rentebana til Noregs Bank var litt lågare enn den føre. I pressemeldinga etter rentemøtet i desember skreiv Noregs Bank:

«Konsumprisveksten har de siste to månedene vært noe lavere enn ventet, og det ser ut til at veksten i norsk økonomi den nærmeste tiden blir noe lavere enn tidligere antatt. På den andre siden har kronen svekket seg mye. Etter en samlet vurdering holdes styringsrenten uendret på dette møtet
Analysene tilsier at styringsrenten holdes på dagens nivå fram mot sommeren 2015, og at den deretter økes gradvis. Det innebærer at oppgangen i styringsrenten nå anslås å komme ett år senere enn vi så for oss i september.»

Tabell 5.1 Rentevedtaka til hovudstyret i Noregs Bank i 2013

Rentemøte

Endring i prosenteiningar

Styringsrenta etter møtet

Overslag på styringsrente i 2015

14. mars

0,00

1,50

8. mai

0,00

1,50

-

20. juni

0,00

1,50

2

19. september

0,00

1,50

2

24. oktober

0,00

1,50

-

5. desember

0,00

1,50

Kjelde: Noregs Bank.

Figur 5.2 viser endringane i prognosen for styringsrenta frå Pengepolitisk rapport 3/12 til Pengepolitisk rapport 4/13. Søylene illustrerer korleis Noregs Bank i denne perioden vurderte at ulike faktorar verka inn på inflasjon, produksjon og sysselsetjing. Gjennom 2013 justerte Noregs Bank prognosen for styringsrenta ned og skauv oppgangen ut i tid. Både utsikter til lågare priser og lågare kapasitetsutnytting drog renteprognosen ned gjennom året, medan svakare kronekurs trekte i motsett retning.

Figur 5.1 Styringsrenta i referansebana PPR 3/12, PPR 1/13, PPR 2/13 og PPR 3/13 PPR 4/13. Prosent. 1.kvartal 2008 – 4. kvartal 2016

Figur 5.1 Styringsrenta i referansebana PPR 3/12, PPR 1/13, PPR 2/13 og PPR 3/13 PPR 4/13. Prosent. 1.kvartal 2008 – 4. kvartal 2016

Kjelde: Noregs Bank.

Figur 5.2 Endring i prognosen for styringsrenta frå Pengepolitisk rapport 3/12 til Pengepolitisk rapport 4/13. Prosenteiningar. 4. kvartal 2013 – 4. kvartal 2015

Figur 5.2 Endring i prognosen for styringsrenta frå Pengepolitisk rapport 3/12 til Pengepolitisk rapport 4/13. Prosenteiningar. 4. kvartal 2013 – 4. kvartal 2015

Kjelde: Noregs Bank.

5.5.4 Utviklinga i risikopåslag og utlånsrentene til hushald og føretak

Då uroa i euroområdet loga opp att sommaren 2011, auka skilnaden mellom pengemarknadsrentene og det marknadsaktørane venta at styringsrenta ville verte i den same perioden, jf. figur 5.3. På sitt høgste i november 2011 utgjorde dette påslaget på pengemarknadsrenta med tre månaders løpetid 1½ prosenteining. Påslaget byrja deretter å falle inntil det sommaren 2013 var nede i ¼ prosenteining. Det har deretter halde seg meir eller mindre stabilt. Både oppgangen hausten 2011 og nedgangen gjennom 2012 og våren 2013 må sjåast i samanheng med utviklinga i pengemarknaden internasjonalt. Noregs Bank skriv mellom anna dette om utviklinga i årsmeldinga for 2013:

«Rentepåslaget i den norske pengemarknaden fall gjennom 2013. Påslaget i den norske pengemarknaden fall i takt med internasjonale påslag gjennom året. I tillegg bidrog høg strukturell likviditet i andre halvår til at påslaget i den norske pengemarknaden fall ytterlegare. I løpet av året fall påslaget frå noko over til noko under normalt nivå.»

Skilnaden mellom tre månaders pengemarknadsrente og den styringsrenta marknadsaktørane ventar seg, har dei siste åra vore høgare i Noreg enn i mange andre land. Det er ei viktig orsak til fleire strukturelle tiltak i den norske pengemarknaden dei siste åra.

Den 3. oktober 2011 vart det innført eit nytt system for å styre likviditeten til bankane. I det nye systemet får bankane berre ein viss kvote forrenta til styringsrenta. Innskot utover kvoten vert forrenta til reserverenta, som ligg ein prosenteining lågare enn styringsrenta. Føremålet med det nye systemet er å fremja utlånsaktiviteten i internbankmarknaden. Samstundes som det nye systemet for likviditetsstyringa vart innført, byrja Noregs Bank å notere Nowa-renta. Nowa er eit vekta gjennomsnitt av rentesatsane på avtaler om usikra lån i norske kroner mellom bankar med utbetaling same dagen og tilbakebetaling neste bankdag. I 2013 var det i gjennomsnitt mest ingen skilnad mellom Nowa-renta og styringsrenta.

Etter initiativ frå Noregs Bank innførte Finans Norge eit regelverk for fastsetjing av Nibor-renta gjeldande frå 1. august 2011. Regelverket inneheld mellom anna ein definisjon av denne referanserenta. Siktemålet er å gjera fastsetjinga meir oversiktleg. I eit brev til Finansdepartementet 31. august 2012 skreiv Finanstilsynet mellom anna at Finans Norge bør betra kommunikasjonen til ålmenta om korleis Nibor vert fastsett og korleis fastsetjinga vert overvaka, og at styringsgruppa for Nibor bør få eit tydeleg ansvar for å ta imot og vurdere meldingar om mistanke om feil. Med verknad frå 1. februar 2013 innførte Finans Norge nye interne reglar. Dei nye reglane seier at bankar som deltek i fastsetjinga av Nibor, skal ha klåre retningsliner for å sjå og handtere interessekonfliktar som måtte melde seg som følgje av at bankane sjølve har interesser i marknader der Nibor vert nytta som referanserente. Retningslinene skal vere dokumenterte og kunne leggjast fram når Finanstilsynet bed om det.

Hausten 2013 styrkte Finans Norge Nibor-regelverket endå meir med siktemål om å betre marknadsaktørane si tillit til prosessen rundt fastsetjinga av Nibor. Det er skipa eit kontrollutval som skal føre tilsyn med at regelverket vert overhalde. Kontrollutvalet skal mellom anna evaluere panelbankane sine bidrag til Nibor. Oslo Børs speler ei viktig rolle i det nye systemet. Børsen skal mellom anna leggje teknisk til rette for mottak av Nibor-bidrag frå bankane som inngår i Nibor-panelet og bruke bidraga til å rekne ut Nibor i tråd med Nibor-regelverket. Det nye Nibor-regelverket opnar for at Nibor kan korrigerast dersom det vert oppdaga feil i berekningane innan éin time etter tidspunktet renta vert bestemd. Dei nye retningslinene for Nibor tredde i kraft 9. desember 2013. Frå 1. januar 2014 har talet på løpetider på Nibor-rentene vorte redusert frå ti til fem.

Figur 5.3 Differansen mellom pengemarknadsrenter og venta styringsrente. Prosenteiningar. 5-dagars glidande gjennomsnitt. 1. januar 2012 – 31. desember 2013

Figur 5.3 Differansen mellom pengemarknadsrenter og venta styringsrente. Prosenteiningar. 5-dagars glidande gjennomsnitt. 1. januar 2012 – 31. desember 2013

Kjelde: Noregs Bank.

I rentesetjinga tek Noregs Bank omsyn både til utviklinga i risikopåslaga i pengemarknaden og til utviklinga i utlånsmarginane til bankane.

5.5.5 Utviklinga i inflasjon, produksjon, sysselsetjing og valutakurs

KPI vil ofte variere mykje frå månad til månad, særleg ved store svingingar i straumprisane. I ulike indikatorar for underliggjande prisvekst har ein freista å fjerne endringar i konsumprisane som kjem av mellombelse forstyrringar. Prisveksten justert for avgiftsendringar og utanom energivarer (KPI-JAE) er eit slikt mål. Sidan 2008 har Noregs Bank også rekna ut indikatoren KPIXE for underliggjande inflasjon. I denne indikatoren er KPI justert for avgiftsendringar og mellombelse endringar i energiprisane, medan han siktar mot å fange opp eventuelle trendar i energiprisane. Noregs Bank opplyser i tillegg om utviklinga i eit trimma gjennomsnitt og ein modellbasert indikator for underliggjande prisvekst (KPIM).

I den pengepolitiske rapporten frå oktober 2012 la Noregs Bank til grunn at veksten i KPI ville verta 2 prosent, medan veksten i KPI-JAE ville verte 1½ prosent i 2013. I den pengepolitiske rapporten frå desember 2013 var overslaga høvesvis 2¼ og 1½ prosent. Veksten i konsumprisane (KPI) vart i på 2,1 prosent frå 2012 til 2013, opp frå 0,8 prosentåret før. Auken i KPI-JAE vart 1,6 pst i 2013. Dei siste fem åra har KPI i gjennomsnitt auka med 1,7 prosent årleg. Figur 5.4 syner veksten i konsumprisane gjennom dei siste åra.

Figur 5.4 Konsumprisar. Tolvmånadarsvekst. Prosent. Januar 2008 – Oktober 2013

Figur 5.4 Konsumprisar. Tolvmånadarsvekst. Prosent. Januar 2008 – Oktober 2013

1 Figur 5.4 er lik figur 1.8 i Pengepolitisk rapport 4/13 frå Noregs Bank.

2 KPI justert for avgiftsendringar og utan energivarer.

3 KPI justert for avgiftsendringar og utan mellombels endringar i energipriser. Realtidstal.

4 Modellbasert indikator for underliggjande inflasjon. Sjå Aktuell kommentar 5/2010 frå Noregs Bank.

Kjelde: Noregs Bank.

I årsmeldinga for 2013 skriv Noregs Bank mellom anna dette om utviklinga i inflasjonen over tid:

«Ut frå mandatet for pengepolitikken tek Noregs Bank sikte på ein årsvekst i konsumprisindeksen (KPI) som over tid ligg nær 2,5 prosent. Konsumprisveksten for eit kortare tidsrom er ikkje eit godt nok grunnlag for å vurdere om måla i pengepolitikken er nådde over tid. Dei siste ti åra har den gjennomsnittlege årlege konsumprisveksten vore 1,8 prosent. Avviket frå inflasjonsmålet på 2,5 prosent kjem av at økonomien tidlegare i tiåret var «ramma» av ei rekkje gunstige forstyrringar på produksjonssida, mellom anna sterk vekst i produktiviteten, god tilgang på arbeidskraft frå andre land og lågare prisvekst på importerte varer. Det speglar seg i at veksten i norsk økonomi var sterk, samtidig som inflasjonen ein periode var lågare enn venta.»
Figur 5.5 Inflasjon. Glidande tiårs gjennomsnitt2 og variasjon3 i KPI. Prosent. 1982–2013

Figur 5.5 Inflasjon. Glidande tiårs gjennomsnitt2 og variasjon3 i KPI. Prosent. 1982–2013

1 Figur 5.5 er lik figur 2.7 i årsmeldinga frå Noregs Bank for 2013.

2 Det glidande gjennomsnittet er rekna over ein tiårsperiode.

3 Bandet rundt KPI er variasjonen i KPI i snittperioden, målt ved +/– eitt standardavvik.

Kjelde: Noregs Bank.

Dersom aktørane i økonomien har tillit til at sentralbanken når inflasjonsmålet, vil dei venta at inflasjonen på sikt vert lik målet. I årsmeldinga for 2013 skriv Noregs Bank mellom anna:

«Tillit til at inflasjonsmålet blir nådd, er ein føresetnad for at pengepolitikken òg kan medverke til å stabilisere utviklinga i produksjon og sysselsetjing. Inflasjonen vil ikkje vere lik målet til kvar tid, men med tillit til pengepolitikken vil den forventa prisveksten på lengre sikt vere nær inflasjonsmålet. Det er i seg sjølv med på å stabilisere inflasjonen.»

På oppdrag frå Noregs Bank gjennomfører Perduco kvartalsvise spørjeundersøkingar om mellom anna venta inflasjon. Figur 5.6 syner utviklinga i venta prisvekst dei siste åra. I 1. kvartal 2014 venta fagøkonomane ein konsumprisvekst på 2,4 prosent om to år og 2,5 prosent om fem år. Arbeidslivsorganisasjonane òg venta ein prisvekst på 2,4 prosent om to år og 2,6 prosent om fem år. Hushalda har til vanleg hatt eit noko høgare overslag for prisveksten enn dette.

Figur 5.6 Venta konsumprisvekst om to og fem år.2 Prosent. 1. kvartal 2008 – 4. kvartal 2013

Figur 5.6 Venta konsumprisvekst om to og fem år.2 Prosent. 1. kvartal 2008 – 4. kvartal 2013

1 Figur 5.6 er lik figur 1.10 i Pengepolitisk rapport 4/13 frå Noregs Bank.

2 Gjennomsnitt av forventningane til arbeidslivsorganisasjonar og økonomar i finansnæringa og akademia.

Kjelde: Noregs Bank.

Noregs Bank nyttar eit berekna produksjonsgap for å uttrykkje korleis dei vurderer den samla kapasitetsutnyttinga i økonomien. Produksjonsgapet viser avvik mellom faktisk nivå i BNP for Fastlands-Noreg og eit berekna normalnivå. Figur 5.7 syner korleis Noregs Bank rekna utviklinga og variasjonen i produksjonsgapet frå 1982 til 2012. Variasjonen er illustrert med bandet rundt produksjonsgapet. I årsmeldinga for 2013 skriv Noregs Bank at målt på denne måten har svingingane i økonomien dei siste ti åra i gjennomsnitt vore noko mindre enn i åra kring 1990. Utslaga i produksjonen hausten 2008 og våren 2009 var likevel meir markerte enn dei hadde vore på fleire år.

Figur 5.7 Anslag på produksjonsgap1. Nivå og variasjon2.  Prosent. 1982 – 2013

Figur 5.7 Anslag på produksjonsgap1. Nivå og variasjon2. Prosent. 1982 – 2013

1 Figur 5.7 er nesten lik figur 2.8 i årsmeldinga frå Noregs Bank for 2013.

2 Produksjonsgapet måler forskjellen mellom BNP og overslaget på potensielt BNP for Fastlands-Noreg.

3 Bandet viser variasjon i produksjonsgapet målt ved +/– eitt standardavvik. Standardavvika er utrekna over ein tiårsperiode.

Kjelde: Noregs Bank.

Det er stor uvisse kring utrekninga av produksjonsgapet. I Inflasjonsrapport 3/2006 skreiv Noregs Bank mellom anna:

«Produksjonsgapet er ikke observerbart og må anslås. Det er stor grad av usikkerhet i anslagene, ikke bare for framtidig produksjonsgap, men også for produksjonsgapet i dag. Ulike beregningsmetoder kan gi ulike anslag på produksjonsgapet. Hver metode har sine styrker og svakheter, og det er ikke opplagt hvilken av metodene som gir det beste uttrykket for ressursknappheten. I tillegg til metodeusikkerhet er anslag på produksjonsgapet usikkert på grunn av usikre data.»

Difor meiner Noregs Bank at det må nyttast andre indikatorar òg når ein skal vurdere kapasitetsutnyttinga i økonomien. Utviklinga i arbeidsløysa er ein slik indikator. Banken ser på eit bredt sett av indikatorar.

5.5.6 Vurderingar frå andre av korleis Noregs Bank utøver pengepolitikken

Det er kome fleire rapportar som omtalar korleis pengepolitikken i Noreg har vore utøvd i tida etter at Finansmarknadsmeldinga 2012 vart lagd fram i mai 2013. Nedanfor er vurderingane i følgjande rapportar kort omtala:

  • Norges Bank Watch 2014, ein rapport frå ei ekspertgruppe oppnemnd av Centre for Monetary Economics (CME) ved Handelshøyskolen BI. Finansdepartementet er med og finansierer denne rapporten.

  • OECDs landrapport om Norge, framlagd 5. mars 2014

  • IMFs oppsummerande referat frå 5. september 2013 etter at ein delegasjon frå organisasjonen hadde vitja Noreg i samband med ein artikkel IV-konsultasjon

  • Årsmeldinga 2013 frå Finanstilsynet, publisert 12. mars 2014.

I Norges Bank Watch 2014 heiter det mellom anna om utøvinga av pengepolitikken i 2013:

«Norges Bank kept the policy rate unchanged in 2013. We note some issues related to these decisions. First, none of the rate decisions came as surprises. That should be commended as a consequence of transparency and predictability. However, the policy rate path was changed substantially during the year as a reflection of changes in the economic outlook. To some extents these changes surprised the markets. This indicates that the transparency and predictability may be less effective in influencing short and medium term expectation beyond the actual monetary policy meeting.
Second, the policy rate has been kept unchanged despite all the changes in the economic outlook. Instead, the forecasts of future interest rates have been changed repeatedly, mostly in the direction of putting rate hikes further and further off into the future. This may lead one to suspect that Norges Bank has shifted from using the policy rate towards using rate forecasts as its main policy instrument. We see a risk that outside observers perceive this as a sign of timidity regarding actual changes in the policy rate.
Third, keeping policy rates unchanged despite all the economic changes may leave market participants with an exaggerated impression of how long the policy rate will remain unchanged at the current, rather low level even if the economic outlook improves. Norges Bank has expressed concerns that low interest rates over time may encourage risk taking. Keeping the policy rates not only low but also seemingly unaffected of the changes in the economic outlook, may add to this financial stability risk. We miss a discussion of this point in the MPRs.»

Norges Bank Watch-gruppa uttrykkjer uro over at Noregs Bank sine overslag for veksten i KPI i nesten alle dei pengepolitiske rapportane dei siste tre åra har vore lågare enn inflasjonsmålet gjennom heile prognoseperioden. Gruppa viser i denne samanheng til at produksjonsgapet samstundes har vore negativt gjennom berekningsperioden i dei to siste pengepolitiske rapportane i 2013. Gruppa skriv at Noregs Bank kunne ha sett ned renta og på den måten redusert både inflasjonsgapet og produksjonsgapet. Gruppa meiner at innføringa av ein motsyklisk kapitalbuffer og reglar om høgre eigenkapital ved bustadlån er effektive verkemiddel for finansiell stabilitet, og at Noregs Bank av den grunn bør vende attende til ein meir standard inflasjonsstyring, der ein fyrst og fremst legg vekt på omsynet til inflasjon og produksjon når renta vert sett.

Norges Bank Watch-gruppa kommenterte òg det nye systemet med motsyklisk kapitalbuffer der Noregs Bank har fått i oppdrag å utarbeide eit informasjonsgrunnlag og gje Finansdepartementet råd om nivået på den motsyklisk kapitalbuffaren til bankane. Rådet til Noregs Bank er ikkje offentleg før Finansdepartementet har fatta si avgjerd. Norges Bank Watch-gruppa meiner at Noregs Bank bør få publisere sitt råd om motsyklisk kapitalbuffer samstundes som det vert gjeven til Finansdepartementet.

Norges Bank Watch-gruppa stiller seg positivt til Noregs Bank sitt initiativ med å byrje å notere Nowa-renta hausten 2011. Gruppa meiner Noregs Bank bør arbeide vidare med å betre høva i Nibor-marknaden.

Norges Bank Watch-gruppa meiner vidare at Noregs Bank sine rutinar for kommunikasjon i pengepolitikken er gode, men peikar samstundes på område der banken kunne gjort meir. Mellom anna meiner Noregs Bank Watch at Noregs Bank bør vurdere å supplere rentebana med omtale av vilkår som må vere oppfylt for at det vil vere nærliggande å endre renta. Slike vilkår kan vere utviklinga i ulike makroøkonomiske storleikar, etter mønster av mellom anna sentralbankane i USA og Storbritannia. Dessutan meiner gruppa at Noregs Bank bør publisere referat frå møta i hovudstyret i rimeleg tid etter at møtet er halde, inkludert korleis dei einskilde medlemane har stemt. Vidare meiner gruppa at dei eksterne styremedlemmene bør få uttale seg om pengepolitikken.

Norges Bank Watch-gruppa føreslår nokre endringar i det institusjonelle rammeverket for pengepolitikken, mellom anna at instruksjonsretten og føreleggingsplikta vert tekne vekk. .

I OECD sin nyaste landrapport om Noreg, som vart lagd fram 5. mars 2014 skriv dei mellom anna:

«Flexible inflation targeting has worked well in the face of the financial turmoil of the past decade. The authorities have been rightly concerned about rising house prices and the vulnerability of highly-geared households. Policy interest rates have been somewhat higher than would have otherwise been warranted because of this. Signs of a cooling housing market may be due to guidance on loan-to-value ratios and perhaps also to anticipation of tighter capital requirement for banks. Norway has adopted a counter-cyclical buffer, to strengthen the banking system in case of severe shocks, before others. Its operation will involve some learning by doing and, while not being concerned with fine tuning, should also give the central bank a little more room for manoeuvre in its use of policy rates.»

I eit oppsummerande referat frå 5. september 2013 etter at ein delegasjon frå organisasjonen hadde vitja Noreg i samband med ein artikkel IV-konsultasjon i mai 2013, skriv IMF mellom anna:

«With inflation well below the 2.5 percent target, the authorities have held the policy rate at 1.5 percent. The current stance is appropriate in balancing the below-target inflation for an economy near potential. Overheating in property markets should be addressed through financial sector policies.»

I årsmeldinga frå Finanstilsynet for 2013 omtalar Finanstilsynet den økonomiske utviklinga. Om verknaden rentepolitikken har på norsk økonomi, heiter det mellom anna:

«Husholdningenes gjeld vokste også i 2013 mer enn inntektene. Husholdningsgjelden og boligprisene henger nært sammen. I siste del av året falt norske boligpriser noe etter en lang periode med sterk vekst. En utflating av boligprisene vil bidra til gradvis lavere gjeldsvekst og dermed til økonomisk og finansiell stabilitet.
Prisutviklingen er imidlertid usikker. Dersom boligprisene på nytt skulle skyte fart, vil det øke risikoen for framtidig ustabilitet. Historien viser samtidig at lang tids prisoppgang og gjeldsvekst ofte blir etterfulgt av et selvforsterkende og betydelig prisfall. Dersom et kraftig prisfall skjer i en situasjon med rekordlav rente, kan det ta lang tid før prisene igjen tar seg opp, og husholdningenes behov for å redusere sin gjeldsgrad vil prege økonomien i lang tid.»

Finansiell stabilitet er omtala nærare i kapittel 2 i denne meldinga.

5.5.7 Departementet sine vurderingar av korleis Noregs Bank utøver pengepolitikken

Retningslinene for pengepolitikken som vart fastsette 29. mars 2001, ligg fast. Det var brei semje i Stortinget om desse retningslinene. Det ser ut til å vere tillit til pengepolitikken både hjå marknadsaktørar, i dei akademiske miljøa og allment i opinionen. Innanfor retningslinene skal Noregs Bank utøva eit sakleg avgrensa skjøn. Slik departementet ser det er ansvarsdelinga mellom dei politiske styresmaktene og Noregs Bank tenleg.

Departementet meiner at dei gjeldande retningslinene for pengepolitikken utgjer eit godt rammeverk for korleis Noregs Bank skal utøve pengepolitikken, og at retningslinene har vist seg robuste, også i samband med finanskrisa. Retningslinene gjorde det mogleg for Noregs Bank å setje ned rentene markant då den venta inflasjonen og produksjonen fall hausten 2008. Den ekspansive pengepolitikken bidrog til å stabilisere utviklinga i norsk økonomi. Rammeverket er godt i tråd med praksis i andre land med fleksibel inflasjonsstyring.

I forskrifta for pengepolitikken heiter det at han skal sikte mot stabilitet i den nasjonale og internasjonale verdien av den norske krona. Pengepolitikken skal sikte mot låg og stabil inflasjon. Det operative målet for pengepolitikken er ein årsvekst i konsumprisane som over tid ligg nær 2,5 prosent. Pengepolitikken skal samstundes stø finanspolitikken i å medverka til ein stabil utvikling i produksjon og sysselsetjing og til stabile forventningar om valutakursutviklinga.

Budsjettpolitikken og pengepolitikken må verke saman for ein stabil utvikling i produksjon og etterspurnad i norsk økonomi. Retningslinene for den økonomiske politikken inneber at han har ei klår rolle å spele i stabiliseringspolitikken. Verkemidla i pengepolitikken kan raskt endrast dersom utsiktene for økonomien endrar seg.

Pengepolitikken skal vera framoverretta. Noregs Bank fastset renta med sikte på å stabilisere inflasjonen nær målet på 2,5 prosent på mellomlang sikt. Horisonten varierer med dei forstyrringane økonomien er utsett for, og med dei verknadene slike forstyrringar har på inflasjonen og realøkonomien framover. I utøvinga av pengepolitikken må Noregs Bank vege omsynet til stabil inflasjon mot omsynet til stabilitet i produksjon og sysselsetjing på kort til mellomlang sikt.

Noregs Bank legg også vekt på at pengepolitikken skal vere robust. Renta bør ifølgje banken setjast slik at pengepolitikken dempar faren for at finansielle ubalansar byggjer seg opp i økonomien, og slik at ei akseptabel utvikling i inflasjon og produksjon er sannsynleg også med alternative føresetnader for korleis økonomien verkar. Omsynet til robusthet er ifølgje banken ikkje eit mål i seg sjølv, men er inkludert fordi eit slikt omsyn, i ein usikker verden, vil kunne gje ein betre utvikling i inflasjon, produksjon og sysselsetjing over tid.

Når ein skal vurdere prisutviklinga over tid, er det utviklinga i samla KPI som er det sentrale målet. Konsumprisane (KPI) auka med 2,1 prosent frå 2012 til 2013 og med 0,8 prosent året før. Gjennomsnittleg vekst i konsumprisane har vore 1,7 prosent dei siste fem åra og 1,8 prosent dei siste ti åra, det vil seie noko under inflasjonsmålet i pengepolitikken. Låge importprisar har styrkt kjøpekrafta for norske hushald og bidrege til å halde lønsemda for norske verksemder oppe. Veksten i aktiviteten i Fastlands-Noreg var i 2011 og 2012 i gjennomsnitt nærare 3 prosent, det vil seie over gjennomsnittet dei siste 40 åra. I 2013 vart veksten noko lågare, og Noregs Bank reknar no med at produksjonen i Fastlands-Noreg vil vere litt lågare enn kapasiteten dei næraste åra. Både omsynet til å halde veksten i konsumprisane nær 2,5 prosent og omsynet til å halde kapasitetsutnyttinga oppe dei nærmaste åra talte ifølgje Noregs Bank isolert sett for ei lågare rente. Norges Bank la samstundes vekt på at ei lågare rente kunne auke faren for at finansielle ubalansar byggjer seg vidare opp. Det kan auke faren for at finansielle ubalansar lenger fram i tid utløysar eller forsterkar eit tilbakeslag i økonomien. Noregs Bank peika vidare på at uvisse om drivkreftene i økonomiens virkemåte talte for å gå forsiktig fram i rentesetjinga. Framfor å setje ned styringsrenta endå meir har Noregs Bank sagt at ein vil bruke noko lengre tid på å nå inflasjonsmålet. Forventningane til inflasjonen nokre år fram i tid ser ut til å vere godt forankra nær inflasjonsmålet, jf. avsnitt 5.4.2 over. Ein slik tillit til inflasjonsmålet gjer det lettare for Noregs Bank å medverke til stabilitet i produksjon og sysselsetjing, jf. forskrifta for pengepolitikken.

Utviklinga i samla KPI varierer mykje frå år til år, mellom anna som følgje av store variasjonar i straumprisane. Når ein skal vurdere inflasjonen i dag og utsiktene for den vidare prisveksten, gjev KPI, slik han ser ut i augneblinken, difor ikkje det beste vurderingsgrunnlaget. I ulike indikatorar for underliggjande prisvekst freistar ein å fjerne endringar i konsumprisane som skriv seg frå mellombelse forstyrringar som ein bør sjå bort frå ved fastsetjing av renta, jf. omtalen over. Noregs Bank nyttar fleire indikatorar for å få eit bilete av den underliggjande inflasjonen. Konsumprisane justerte for avgiftsendringar og frårekna energivarer, KPI-JAE, er ein sentral indeks. I tillegg reknar Noregs Bank ut ein indeks kalla KPIXE, der ein med utgangspunkt i KPI-JAE også tar med tendensutviklinga i energiprisane. Noregs Bank publiserer prisveksten målt med denne indikatoren same dagen som KPI vert publisert. Veksten i KPI-JAE var 1,6 prosent i 2013, dvs. 0,4 prosenteiningar høgare enn året før, medan KPIXE var 1,4 prosent. Ingen enkeltindikator kan gi eit fullgodt svar på kva den underliggjande prisstiginga er eller vil verte i nær framtid. Å nytte fleire ulike indikatorar for denne storleiken, slik Noregs Bank gjer, medverkar til eit betre grunnlag for vurderingane til banken.

Sommaren og hausten 2011 vart utsiktene dårlegare både for internasjonal og norsk økonomi. I mange andre land sette sentralbankane ned styringsrenta. I denne stoda vedtok Noregs Bank i desember 2011 å setje ned styringsrenta med 0,50 prosenteiningar, til 1,75 prosent. I mars 2012 vart styringsrenta sett ned med endå 0,25 prosenteiningar. Styringsrenta er sidan vorten liggjande i ro på 1,5 prosent. Stoda hjå dei viktigaste handelspartnarane er no slik at rentene der truleg vert verande svært låge ei god stund framover. Det påverkar i sin tur dei avvegingane Noregs Bank gjer i rentesetjinga. Rentebana til Noregs Bank, som vart publisert i samband med rentemøtet 27. mars i år, tyder på at rentene vil halde seg låge i Noreg òg dei næraste åra, endå om det vert ein gradvis auke.

Uro i dei internasjonale finansmarknadene gav ei periode høgare påslag mellom pengemarkedsrentene og Noregs Bank si styringsrente. Desse påslaga er no komen ned igjen, jf. omtalen over. Tiltaka som vart sette i verk mellom anna av Noregs Bank kan ha medverka til dette. Det er viktig med ein pengemarknad som fungerer godt, og departementet meiner difor at det mellom anna er særs viktig at systemet for fastsetjinga av Nibor-renta er robust og tillitvekkjande. Det er naudsynt å følgje med på verknaden av endringane som er gjorde på dette området framover.

Medan risikopåslaget i pengemarknadsrentene har gått mykje ned gjennom 2012 og 2013, har utlånsrentene til hushald og føretak halde seg oppe. Bankane sjølve dreg fram auka krav til eigekapital som ein av grunnane til dette. I rentesetjinga tek Noregs Bank omsyn både til utviklinga i risikopåslaga i pengemarknaden og til utviklinga i utlånsmarginane til bankane.

Med utgangspunkt i forskrifta skal pengepolitikken medverka til stabilitet i den internasjonale kroneverdien og til å stabilisera forventningane om valutakursutviklinga. Det operative målet for pengepolitikken er låg og stabil inflasjon. Difor er det ikkje sett noko fast mål for nivået på kronekursen. Utviklinga i kronekursen har likevel innverknad på rentesetjinga, fordi kursen påverkar inflasjon og produksjon, særleg i ein liten og open økonomi som den norske.

Det har vore store endringar i verdien av den norske krona i samband med uroa på finansmarknadene dei siste åra. Krona svekte seg markert gjennom andre halvår 2008, men brorparten av dette vart reversert i 2009. Dei tre neste åra styrkte krona seg igjen, og i februar 2013 var ho 7 prosent sterkare enn gjennomsnittet for dei siste ti åra, målt ved konkurransekursindeksen. I fjor snudde dette, og krona svekte seg markert. Målt ved konkurransekursindeksen var krona 11 prosent svakare ved utgangen av 2013 enn ved byrjinga av året, og nesten 4 prosent svakare enn gjennomsnittet for dei siste ti åra. Kronesvekkinga har truleg samanheng med at det har vore ein viss demping i vekstutsiktene i norsk økonomi samstundes som utsiktene internasjonalt har betra seg noko. Innstramming av pengepolitikken i USA har truleg også medverka, ved at investorar vel å flytte midlar frå andre land til USA. Med flytande valutakurs må ein rekne med at kursen vil variere frå tid til annan. Slike variasjonar kan vere ein form for automatisk stabilisator for økonomien. Kostnadsnivået i norsk økonomi er høgt, både på grunn av at lønene i Noreg har vakse raskare enn lønene ute, men også fordi krona har styrkt seg over fleire år. Svekkinga av krona i 2013 medverka til at situasjonen for konkurranseutsette føretak i Noreg vart litt lettare, samstundes som veksten i etterspurnad frå oljeverksemdane går ned. Kostnadene er likevel framleis mykje høgare i Noreg enn dei hjå handelspartnarane våre.

Tydeleg kommunikasjon om intensjonane bak innrettinga av pengepolitikken medverkar også til å stabilisere forventningane om valutakursutviklinga. Det at Noregs Bank publiserer ei eiga bane for renta framover, er ein viktig del av denne kommunikasjonen.

Arbeidet med å tryggje finansiell stabilitet er i Noreg delt mellom Finansdepartementet, Noregs Bank og Finanstilsynet. Noregs Bank skal saman med Finanstilsynet sjå til at det finansielle systemet er robust og effektivt og overvakar difor finansinstitusjonane, verdipapirmarknadene og betalingssystema for å avdekkje element som kan truge stabiliteten. Dessutan er Noregs Bank långjevar i siste instans for bankane. I kapittel 2 i denne meldinga er arbeidet med finansiell stabilitet nærare omtala.

Som omtala i kapittel 2, har både bustadprisane og gjelda til hushalda auka sterkt i Noreg over fleire år. Utviklinga i gjeld, formuesprisar og gjeldsbetalingsevne har i lang tid vore ein del av grunnlaget for rentesetjinga til Noregs Bank. Banken har mellom anna sagt at han vil ha eit langsiktig perspektiv på inflasjonsmålet ettersom mogleg ubalanse i formuesprisane kan påverke aktiviteten og inflasjonen ei god stund frametter.

Eit slikt omsyn til risikoen for finansielle ubalansar må vegast mot dei andre omsyna i mandatet til Noregs Bank.

I oktober 2013 fastsette Regjeringa ei forskrift om ein motsyklisk kapitalbuffer. Den motsykliske kapitalbufferen er eitt av fleire element i det nye regelverket for bankane si kapitaldekning som vart vedteke av Stortinget i juni 2013. Bufferkravet skal normalt liggje mellom 0 og 2,5 prosent av berekningsgrunnlaget til bankane. Finansdepartementet skal fastsetje nivået på den motsykliske kapitalbufferen kvart kvartal. Noregs Bank har fått i oppdrag å lage eit informasjonsgrunnlag og gje departementet råd om nivået. Pengepolitisk rapport 4/13 som vart gjeven ut i desember 2013, inneheldt eit slikt informasjonsgrunnlag. Den motsykliske kapitalbufferen er nærare omtala i kapittel 3.

For at hushalda og andre aktørar i økonomien skal kunne tilpasse si verksemd på ei god måte, er det viktig at Noregs Bank opplyser klårt om kva for vurderingar som ligg til grunn for renteavgjerdene, og korleis banken vurderer den framtidige renteutviklinga. Då har det hatt god verknad at Noregs Bank sidan hausten 2005 har offentleggjort sine eigne renteprognosar. Noregs Bank har fått merksemd i utlandet på grunn av den gode og opne formidlinga av vurderingane som styrer utøvinga av pengepolitikken. Noregs Bank skriv også kva styret har lagt vekt på i vurderingane som ligg bak renteavgjerdene, og om ein har vurdert andre alternativ for renta. Frå og med nummer 1/11 har Pengepolitisk rapport opna med eit kapittel som omtaler vurderingane og drøftingane i hovudstyret på møtet dei held to veker før rentemøtet. Frå og med nummer 3/11 har ein dessutan teke med drøftingane i hovudstyret frå rentemøta som vert haldne mellom dei pengepolitiske rapportane. Frå og med nummer 1/13 har finansiell stabilitet fått ein meir sentral plass i rapportene, og frå og med nummer 3/13 har Noregs Bank presentert eit informasjonsgrunnlag for den motsykliske kapitalbufferen. Departementet meiner at Noregs Bank alt i alt kommuniserer klårt og godt om vurderingane av virkemiddelbruken i pengepolitikken.

Departementet finn ikkje grunnlag for merknader til den måten Noregs Bank har utøvd pengepolitikken på i 2013.

5.6 Kapitalforvaltninga

5.6.1 Innleiing

Ved utgangen av 2013 hadde Noregs Bank 5 389 milliardar kroner til forvalting i dei internasjonale kapitalmarknadene. Hovuddelen av dette er Statens pensjonsfond utland (SPU), som Noregs Bank forvaltar for Finansdepartementet. Banken forvaltar òg sine eigne internasjonale reservar. Det er lagt ut avkastingsrapportar på nettsidene til banken.

5.6.2 Valutareservane

Dei internasjonale reservane til Noregs Bank består av valutareservane og krav på Det internasjonale valutafondet (IMF). Valutareservane utgjorde 93 prosent av dei totale internasjonale reservane ved utgangen av 2013.

Valutareservane skal kunne nyttast til transaksjonar i valutamarknaden som ledd i gjennomføringa av pengepolitikken eller ut frå omsyn til finansiell stabilitet og for å møte dei internasjonale pliktene Noregs Bank har overfor IMF og enkeltland.

Hovudstyret i Noregs Bank fastset prinsipp for forvaltinga av valutareservane og har delegert til sentralbanksjefen å gi utfyllande retningslinjer. Reservane er delte inn i ein langsiktig portefølje, ein pengemarknadsportefølje og ein petrobufferportefølje. Den langsiktige porteføljen blir forvalta av Noregs Bank Investment Management (NBIM), mens pengemarknadsporteføljen og petrobufferporteføljen blir forvalta av Noregs Bank Marknader og Banktenester (MB). Formålet med petrobufferporteføljen er å sørgje for formålstenleg tilførsel av nye midlar til Statens pensjonsfond utland (SPU).

Valutareservane skal vere plasserte slik at minst 10 milliardar SDR, inkludert heile pengemarknadsporteføljen, skal kunne nyttast innan éin handledag utan å måtte realisere tap av verdi. Pengemarknadsporteføljen og petrobufferporteføljen inneheld berre korte renteinvesteringar, mens den langsiktige porteføljen har ein strategisk aksjedel på 40 prosent og ein obligasjonsdel på 60 prosent. For både den langsiktige porteføljen og pengemarknadsporteføljen er dei strategiske hovudvala spesifiserte ved å definere referanseindeksar. Det er konstruerte porteføljar med bestemte land- og valutafordelingar og med konkrete verdipapir eller renteindeksar innanfor dei ulike delmarknadene eller valutaene. Referanseindeksane er utgangspunktet for å styre og overvake risikoeksponeringa og for å vurdere den avkastinga Noregs Bank faktisk oppnår i reserveforvaltinga.

Marknadsverdien av valutareservane var 330 milliardar kroner ved utgangen av fjerde kvartal 2013. Aksjar og lange renteinvesteringar utgjorde til saman 273 milliardar kroner, mens pengemarknadsinvesteringar og petrobufferporteføljen var på høvesvis 38 og 18 milliardar kroner. Reservane auka med 62 milliardar kroner gjennom året, hovudsakleg som følgje av avkasting på aksjar og svakare krone mot valutaene som reservane er investerte i.

Avkastinga på valutareservane, målt i internasjonal valuta, eksklusiv petrobufferporteføljen, svarte til 28 milliardar kroner, eller 9,67 prosent, i 2013.

Avkastinga for aksjar og lange renteinvesteringar blir målt mot avkastinga til globale referanseindeksar. Desse tek utgangspunkt i høvesvis indeksar frå FTSE Group og Barclays Capital. Aksjeinvesteringar hadde ei avkasting på 28,94 prosent for året, som var 0,60 prosenteining høgare enn avkastinga til referanseindeksen for aksjar. Lange renteinvesteringar hadde i den same perioden ei avkasting på minus 1,14 prosent, som var 0,16 prosenteining høgare enn avkastinga til referanseindeksen for obligasjonar.

Pengemarknadsinvesteringar, eksklusiv petrobufferporteføljen, oppnådde ei avkasting i 2013 på 0,13 prosent. Avkastinga blir målt mot avkastinga til referanseindeksar som består av overnatta pengemarknadsrenter og statssertifikat for amerikanske dollar og euro. Avkastinga på pengemarknadsinvesteringar var 0,06 prosenteining høgare enn avkastinga til referanseindeksen for året. Den låge avkastinga må sjåast i samanheng med krava som blir sette til likviditet i pengemarknadsinvesteringar og til avgrensingane i investeringsuniverset.

Dei siste ti åra har den årlege nominelle avkastinga for valutareservane, eksklusiv petrobufferporteføljen, vore 5,89 prosent, målt i internasjonal valuta. Forvaltinga gav i 2013 ei meiravkasting på 0,70 prosenteining målt i forhold til kva ein ville oppnådd ved å investere i referanseindeksen.

Det er fastsett eit nivå for kor mykje dei ulike investeringane i valutareservane kan avvike frå referanseindeksen. Forvaltinga skal innrettast med sikte på at venta relativ volatilitet ikkje skal overstige 1 prosenteining. Venta relativ volatilitet er eit samla risikomål, og for å berekne dette måltalet nyttar vi ein modell med utgangspunkt i historiske svingingar i marknadene. I 2013 blei venta relativ volatilitet i gjennomsnitt målt til 0,29 prosenteining for aksjar og lange renteinvesteringar, mens han for pengemarknadsinvesteringar blei målt til 0,04 prosenteining

Bruttoinntektene frå Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumssektoren (SDØE) blir overførte til Noregs Bank og plasserte i petrobufferporteføljen. I tillegg kjøper Noregs Bank i periodar valuta direkte i marknaden for å kunne dekkje det beløpet som skal setjast av til Statens pensjonsfond utland. Midlane i petrobufferporteføljen blir plasserte i pengemarknadsinstrument. Ved utgangen av 2013 var verdien av porteføljen 18 milliardar kroner. Det blir normalt overført midlar frå petrobufferporteføljen til Statens pensjonsfond utland kvar månad.

5.6.3 Statens pensjonsfond utland

Noregs Bank står for den operative forvaltinga av Statens pensjonsfond utland på vegner av Finansdepartementet. Ved utgangen av 2013 var marknadsverdien av fondet 5 038 milliardar kroner, før frådrag for forvaltingshonorar til Noregs Bank. Finansdepartementet overførte i 2013 til saman 239 milliardar kroner til Statens pensjonsfond utland.

Forvaltingsoppdraget er regulert av forskrifta «Mandat for forvaltningen av Statens pensjonsfond utland». Finansdepartementet har fastsett ein strategisk referanseindeks med 60 prosent aksjar og 40 prosent obligasjonar, fråtrekt den delen av investeringsporteføljen som er investert i eigedomsporteføljen. Referanseindeksen uttrykkjer oppdragsgivaren sin investeringsstrategi for fondet og er eit viktig utgangspunkt for å styre risikoen i den operative forvaltinga og for å vurdere resultata av forvaltinga i Noregs Bank. Finansdepartementet har sett grenser for kor mykje den faktiske porteføljen kan avvike frå referanseindeksen.

Fondet hadde i 2013 ei avkasting på 15,9 prosent, målt i ei valutakorg som svarer til samansetjinga av referanseindeksen. Det er dette avkastingsmålet som best beskriv utviklinga i den internasjonale kjøpekrafta til fondet. Målt i internasjonal valuta var avkastinga på aksjeporteføljen 26,3 prosent, mens renteporteføljen hadde ei avkasting på 0,1 prosent.

Avkastinga i 2013 var 1,0 prosenteining høgare enn avkastinga på referanseindeksen. Aksjeporteføljen hadde ei meiravkasting på 1,28 prosenteining mens renteporteføljen hadde ei meiravkasting på 0,25 prosenteining

Sidan 1998 har den årlege nominelle avkastinga vore 5,70 prosent, målt i internasjonal valuta. Etter frådrag for forvaltingskostnader og prisstiging har netto realavkasting vore 3,65 prosent per år.

5.7 Rekneskap og budsjett

Årsrekneskapen til Noregs Bank er avlagd etter rekneskapslova og forskrift om årsrekneskap for Noregs Bank. Forskrifta krev at rekneskapen til Noregs Bank skal utarbeidast i samsvar med International Financial Reporting Standards (IFRS), som er fastsett av EU, men stiller særlege krav til presentasjon av investeringsporteføljen til Statens pensjonsfond utland og dotterselskap som berre utgjer investeringar som ledd i forvaltinga av investeringsporteføljen. Forskrifta fastset at rekneskapen til Noregs Bank skal omfatte rekneskapsrapportering for investeringsporteføljen til Statens pensjonsfond utland, og at denne skal utarbeidast i samsvar med IFRS.

Valutareservane er den dominerande eigedelen i Noregs Bank, når ein ser bort frå Statens pensjonsfond utland (SPU) som ikkje verkar inn på resultatet i Noregs Bank. Noregs Bank har ei rentefri gjeld i form av setlar og myntar i omløp. I tillegg har banken innanlandske innskot frå staten og andre bankar. Denne samansetjinga av balansen vil normalt gi positiv avkasting over tid. Eigedelane til banken er hovudsakleg plasserte i valuta, mens gjelda primært er i norske kroner. Det gir ein valutarisiko som krev nok eigenkapital. Noregs Bank presenterer eigne kolonnar i resultatoppstillinga, balansen og kontantstraumoppstillinga som viser valutareservane til banken. I all hovudsak er kontantstraumane i Noregs Bank av operasjonell karakter.

Inntektene til Noregs Bank består i hovudsak av netto inntekt frå finansielle instrument knytte til valutareservane. Gevinstar og tap består av valutakursendringar, aksjekursendringar og renteendringar som påverkar obligasjonskursane. Resultatet for Noregs Bank er avhengig av korleis desse parametrane utviklar seg, og det kan gi store årlege svingingar i resultatet.

For 2013 viser det samla resultatet for Noregs Bank eit overskot på 53,4 milliardar kroner, mot eit overskot på 0,8 milliardar kroner i 2012. Netto inntekt frå finansielle instrument i dei internasjonale verdipapirmarknadene knytte til valutareservane til banken har gitt ein gevinst på 53,2 milliardar kroner i 2013, mot 0,3 milliardar i 2012. Grunnen til aukinga i denne nettoinntekta er at den norske krona har svekt seg mot dei fleste hovudvalutaene i valutareservane, som – omrekna til norske kroner – har ført til ein valutagevinst på 25 milliardar kroner i 2013.

I 2012 gav styrkinga av den norske krona mot dei fleste hovudvalutaene i valutareservane eit valutatap på 21,2 milliardar kroner for valutareservane. Gevinstar og tap som skriv seg frå endra kronekurs, verkar ikkje inn på den internasjonale kjøpekrafta for valutareservane. Det er ikkje betalt renter til statskassen i 2013. I 2012 utgjorde dei samla rentekostnadene til statskassen 0,6 milliardar kroner.

Endring i aktuarmessige gevinstar og tap for pensjonspliktene til banken utgjer eit tap på 0,1 milliardar kroner for 2013 og ein gevinst på 1,3 milliardar i 2012.

Kursreguleringsfondet var på 73,3 milliardar kroner ved utgangen av 2012. Etter resultatdisponering for 2013 utgjer kursreguleringsfondet 126,7 milliardar kroner. Finansdepartementet har fastsett kor mykje Noregs Bank kan setje av til kursreguleringsfond for å møte endringar i valutakursane og verdipapirprisane. Storleiken på valutareservane og dei innanlandske fordringane ved årsskiftet gir grunnlag for å setje av inntil 136,1 milliardar kroner i kursreguleringsfondet.

Den totale balansen for Noregs Bank ved utgangen av 2013 er på 5 414 milliardar kroner, herav kronekonto/investeringsporteføljen til Statens pensjonsfond utland på 5 035 milliardar kroner. Kronekontoen til Statens pensjonsfond utland er ein gjeldspost for Noregs Bank. Motverdien av kroneinnskotet blir investert av Noregs Bank i ein øyremerkt investeringsportefølje i utlandet. Den oppnådde avkastinga på investeringsporteføljen blir tilført kronekontoen til Statens pensjonsfond utland. Kostnadene som Noregs Bank har i samband med forvaltinga av Statens pensjonsfond utland, blir dekte av Finansdepartementet innanfor ei øvre grense.

Til forsida