Meld. St. 18 (2023–2024)

Ein forbetra tilstand for villrein

Til innhaldsliste

5 Gjeldande politikk

5.1 Overordna om gjeldande politikk for forvaltning av villrein

Gjeldande politikk kjem til uttrykk i reglar, praksis og retningslinjer som styrer eller på andre måtar legg føringar for avgjerder på alle nivå som påverkar villrein i Noreg direkte. Nokre rammevilkår følgjast, andre bør følgjast, men som regel er det eit handlingsrom i vurderinga av korleis rammevilkåra skal bli følgde opp.

5.2 Internasjonale avtalar og forpliktingar

FNs berekraftsmål

Hausten 2015 vedtok FNs medlemsland 17 mål for berekraftig utvikling fram mot 2030. Berekraftsmåla er verda sin felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, kjempe mot ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Berekraftsmåla inneheld også mål om mellom anna bevaring av natur, og fleire av måla er relevante for forvaltninga av villrein. Mellom anna må Noreg verne, tilbakeføre og fremje berekraftig bruk av økosystema og stanse og reversere landforringing og stanse tap av artsmangfald. Dette gjeld mellom anna for villrein og villreinområda.

Noregs nasjonale oppfølging av berekraftsmåla er omtalt i stortingsmeldinga om Noregs handlingsplan for å nå berekraftsmåla innan 2030. Det står meir om denne oppfølginga i kapittel 5.5, mellom anna om korleis ho er relevant for forvaltninga av villrein.

I Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging uttrykker regjeringa ei forventning om at berekraftsmåla skal ligge til grunn for samfunns- og arealplanlegginga. Dette er viktig for å ta vare på villreinen (sjå også kapittel 5.4).

Konvensjonen om biologisk mangfald

Formålet med konvensjonen om biologisk mangfald er tredelt: å bevare det biologiske mangfaldet, å sikre berekraftig bruk av biologiske ressursar og å sikre ei rimeleg og rettferdig fordeling av fordelane ved å utnytte genetiske ressursar. Arbeidet under konvensjonen er organisert slik at ein skal kunne oppnå desse tre måla globalt og nasjonalt. For å oppfylle desse måla må Noreg mellom anna oppretthalde leveområda til villreinen og minimere menneskelege inngrep der.

Partane i konvensjonen er forplikta til å lage nasjonale handlingsplanar for å ta vare på natur og til å rapportere om korleis handlingsplanane blir gjennomførte. Noregs gjeldande handlingsplan er naturmangfaldmeldinga, som blei lagt fram 2016 (sjå kapittel 5.5).

I desember 2022 blei partane i konvensjonen om biologisk mangfald einige om eit nytt globalt rammeverk for natur («naturavtalen»), som erstatta dei såkalla Aichi-måla for 2020. Rammeverket består av globale mål: 4 langsiktige mål for 2050 og 23 mål fram mot 2030. Rammeverket set konkrete globale mål om å bevare naturen, oppnå berekraftig forvaltning og bruk og nedkjempe årsakene til nedbygging og forvitring av økosystem. Det er mellom anna eit mål om at minst 30 prosent av land og hav på jorda innan 2030 skal vere verna eller under anna bevaring, at minst 30 prosent av forringa økosystem innan 2030 skal vere under effektiv restaurering, og at ein skal ta grep for å bremse utryddinga av kjende trua artar og for å byggje opp igjen artsbestandane og bevare artane. Rammeverket inneheld òg mekanismar som skal bidra til ei effektiv gjennomføring, og legg opp til at alle land skal leggje fram nasjonale handlingsplanar for natur som viser korleis dei vil følgje opp dei globale måla. I 2024 skal regjeringa leggje fram ein norsk handlingsplan for natur for å følgje opp det nye globale rammeverket for natur (sjå kapittel 5.5).

Bernkonvensjonen

Konvensjonen om vern av ville europeiske planter og dyr og dei naturlege leveområda deira (Bernkonvensjonen) er forhandla fram under Europarådet. Konvensjonen har som formål å verne og bevare vill flora og fauna og dei naturlege habitata deira og å fremje mellomstatleg samarbeid på feltet. Trua og sårbare artar får særleg merksemd. For å oppfylle desse måla har Noreg mellom anna forplikta seg til å ta vare på villrein og dei naturlege leveområda til villreinen i Noreg.

Konvensjonen listar opp faunaarter som skal ha eit særskilt vern, i vedlegg II og III. Vedlegg II gir det strengaste vernet. Villrein står på liste III i konvensjonen, saman med resten av hjortefamilien (Cervidae). Medlemslanda set inn eigna og nødvendige rettslege og administrative tiltak for å verne artane i vedlegg III. All utnytting av artane skal regulerast, slik at bestandane blir haldne utanfor fare. Konvensjonen nemner også enkelte spesifikke tiltak som må gjennomførast.

Medlemslanda skal også forby alle vilkårlege verkemiddel for fangst og avliving av artane i vedlegg III, og dei skal forby alle verkemiddel som kan føre til at bestandar av ein art forsvinn lokalt eller blir alvorleg forstyrra. Det gjeld særleg dei konkrete verkemidla som blir lista opp i konvensjonen sitt vedlegg IV om forbodne verkemiddel og metodar. Slike verkemiddel og metodar omfattar mellom anna halvautomatiske eller automatiske våpen med eit magasin som kan halde meir enn to rundar med ammunisjon, motorkøyretøy i rørsle og luftfartøy. Konvensjonen opnar likevel for at medlemsstatane kan gjere unntak frå desse føresegna til visse lovlege formål, så lenge det ikkje er noka anna tilfredsstillande løysing og unntaket ikkje vil true bestanden slik at han ikkje overlever.

Verdsarvkonvensjonen

Unescos konvensjon om vern av kultur- og naturarven i verda, som også blir kalla verdsarvkonvensjonen, har som mål å verne kultur- og naturarv som har ein framifrå universell verdi sett frå eit historisk, kunstnarisk, vitskapleg eller estetisk synspunkt. Partane i konvensjonen er mellom anna forplikta til å identifisere kultur- og naturarv med potensiell verdsarvverdi på territoriet sitt. Noreg vidarefører prioriteringane frå verdsarvkomitéarbeidet (2017–2021) ved å arbeide for å sikre dei unike og universelle verdiane i verdsarven og ei meir heilskapleg forvaltning av kultur- og naturarven i tråd med prinsippa i konvensjonen. I tillegg arbeider Noreg for å gjere verdsarvlista meir representativ og for å styrkje institusjonar, ekspertar og lokalsamfunn, slik at dei kan ta vare på verdsarven. Målet er å få fram regionar og ulike typar kultur- og naturarv som er lite representerte på lista i dag. Eventuelle nye norske nominasjonar skal bidra til ei liste som er meir tematisk og geografisk representativ.

I dag blir verkemidla i verdsarvkonvensjonen i liten grad nytta aktivt i forvaltninga av villrein. I verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap ligg geologi og landskapsverdiar til grunn for verdsarvstatusen. Mindre deler av villreinområda Reinheimen-Breheimen, Raudafjell, Fjellheimen og Nordfjella høyrer til verdsarvområdet og nyt godt av at naturmangfaldet blir bevart, slik ein verdsarvstatus krev. Skulle større delar av eit villreinområde på sikt komme inn på verdsarvlista, vil verdsarvstatusen gi villreinforvaltninga høgare internasjonal prioritet og større merksemd.

Dovrefjell-området inneheld kulturmiljø frå jakt og fangst av villrein gjennom 10 000 år, med fangstgroper, leiegjerde, skjul og spor etter busetjingar. Det skjer no eit arbeid med å vurdere grunnlaget for å føre opp villreinfangsten på Dovrefjell på Noregs tentative liste til verdsarvkonvensjonen, som er ei oversikt over område Noreg har tenkt å nominere til verdsarvlista dei nærmaste åra. På oppdrag frå Riksantikvaren har Icomos (den faglege rådgivaren i kulturarvsaker for verdsarvkomiteen) komme til at Dovrefjell-området har potensial for å tilfredsstille krava for verdsarv, og at det bør vurderast om området også har naturverdiar som kan bli rekna som verdsarv. IUCN (den naturfaglege rådgivaren for verdsarvkomiteen) har vurdert dette på oppdrag frå Miljødirektoratet. IUCN konkluderer med at naturmangfaldet i nasjonalparkane Dovre, Dovrefjell-Sunndalsfjella, Rondane og Reinheimen har europeisk og truleg også global betydning, men at det ikkje ligg på verdsarvnivå per i dag. I vurderinga av villrein merkar IUCN seg at arten har ein svak bevaringstilstand på grunn av fragmentering, forstyrring og anna press på leveområdet. Under føresetnad av at det blir sett inn tiltak som betrar tilstanden, meiner IUCN at villrein vil kunne utgjere ein viktig delverdi i ein eventuell framtidig verdsarvsarvsøknad som også fremjar kulturmiljøverdiar. I 2024 skal Riksantikvaren i samarbeid med Miljødirektoratet gje Klima- og miljødepartementet ei anbefaling om å føre opp villreinfangsten på Dovrefjell på den tentative lista.

Det skjer også eit arbeid med å vurdere grunnlaget for eit samisk verdsarvområde: Ceavccageađge/Mortensnes i Várjjat Siida – ein arktisk verdsarv. Området omfattar kulturmiljø på Varangerhalvøya knytte til 12 000 år med bruk av ressursane og tilpassing til det arktiske landskapet, mellom anna med jakt på villrein. Kulturarven til samane har oppstått i møtet med dette landskapet, og ressursutnyttinga her omfattar òg store system for villreinfangst frå periodane før tamreindrifta blei etablert. På oppdrag frå Klima- og miljødepartementet leverte Riksantikvaren i desember 2023 ei anbefaling om å føre opp området på den tentative lista. Regjeringa vil vurdere oppføringa.

Europarådets landskapskonvensjon

Europarådets landskapskonvensjon skal fremje vern, forvaltning og planlegging av landskap. Konvensjonen omfattar alle typar landskap og er relevant for planlegginga i fjellområda. Han tar sikte på å påverke endringar i landskapet i ei retning som folk ønskjer, med særleg vekt på landskapet der folk bur og arbeider, og der barn veks opp. Konvensjonen legg til grunn at alle landskap skal forvaltast med sikte på ei berekraftig utvikling sosialt, økonomisk og miljømessig.

EØS-avtalen og handel

Naturforvaltning, mellom anna EUs fugle- og habitatdirektiv, er ikkje ein del av EØS-avtalen. Det betyr at EØS-avtalen ikkje regulerer forvaltninga av villrein direkte. Avtalen inneheld likevel reglar som kan ha noko å seie for villreinen og villreinforvaltninga. Mellom anna er EUs vassdirektiv innlemma i avtalen. Dette har innverknad på forvaltning av areala i villreinfjella. EØS-avtalen omfattar dessutan ei rekke klima- og miljøreguleringar som bidrar til å redusere påverknaden på naturmangfald, medrekna klimagassutslepp, avfall, kjemikal- og luftforureining. EØS-avtalen omfattar i utgangspunktet ikkje handel med landbruksvarer som levande dyr, kjøtt og kjøttprodukt, for eksempel frå reinsdyr, men han omfattar industrivarer som skinn og skinnprodukt frå dyr. Gjennom EØS-avtalen er det likevel etablert eit omfattande harmonisert regelverk på matområdet, mellom anna for mat, dyr og innsatsvarer. Regelverket gjeld også for landbruksvarer. Noreg er fullt ut harmonisert med EU-regelverket på dyrehelseområdet. Dette gjeld mellom anna reglane om sjukdomsnedkjemping og om handel med levande dyr og dyreprodukt innanfor EØS-området og med land utanfor EØS. I denne samanhengen er oppdaginga av skrantesjuke på villrein i Noreg særleg relevant.

Noreg og EU samarbeider også tett når det gjeld naturmangfald, både globalt og regionalt. Samarbeidet omfattar mellom anna å følgje opp konvensjonen for biologisk mangfald gjennom EØS-midlane, og å kartleggje økosystemtenester og den økonomiske verdien desse tenestene gir oss.

Det er lite internasjonal handel med villrein, men noko handel med tamreinprodukt. Dei ulike avtalane under Verdens handelsorganisasjon (WTO) og dei bilaterale og regionale handelsavtalane som til saman utgjer det internasjonale handelsregelverket, er derfor i liten grad relevant for villrein, og berre i nokon grad relevant for tamreinprodukt. Handelsregelverket opnar for at land kan gjennomføre ein god miljø- og klimapolitikk. Mellom anna er det høve til å innføre subsidiar, forbod, avgrensingar og merkeordningar. Likevel har regelverket generelle krav om at slike tiltak ikkje må avgrense handelen meir enn nødvendig, og dei må ikkje unødig forskjellsbehandle like varer, tenester og investeringar frå ulike land.

FNs tiår for naturrestaurering

Restaurering av natur handlar om å rette opp igjen tidlegare inngrep og andre negative påverknader for å forbetre den økologiske tilstanden og naturverdiane i område som er forringa eller øydelagde. Restaurering er ofte aktive tiltak som å fjerne ein veg eller tette ei grøft, men det kan òg vere at ein let naturen vere i fred slik at han reparerer seg sjølv. Restaurering kan òg innebere tiltak som førebyggjer eller hindrar tap av naturverdiar, og er dermed også eit viktig tiltak for å forbetre tilstanden til villrein i Noreg.

Naturrestaurering er heilt nødvendig for å bremse, stoppe og aller helst snu den negative trenden med tap av natur. Dette har mellom anna Naturpanelet (IPBES) og Klimapanelet (IPCC) slått fast i dei globale kunnskapsrapportane sine. Derfor har FN vedtatt at 2021–2030 skal vere det internasjonale restaureringstiåret. FN ønskjer å restaurere forringa og øydelagde økosystem for å motverke klimakrisa og styrkje matvaresikkerheita, vassforsyninga og naturmangfaldet. FN har utvikla ti prinsipp for økosystemrestaurering.

FNs berekraftsmål 15 handlar om å beskytte, byggje opp igjen og fremje berekraftig bruk av økosystema på jorda, og å sikre artsmangfaldet. Dette svarar godt til Noregs nasjonale klima- og miljømål 1.1 om at økosystema skal ha god tilstand og levere økosystemtenester. For å nå dette målet bør Noreg auke den målretta restaureringa av skada økosystem og hindre øydelegging av verdifull natur. Dette gjeld ikkje minst i villreinområda.

5.3 Gjeldande rett

Naturmangfaldlova

Formålet med naturmangfaldlova er å ta vare på mangfaldet i naturen ved hjelp av berekraftig bruk og vern. Noko av det viktigaste er at lova er sektorovergripande, som betyr at ho har verkemiddel som grip inn i sektorane på ulike måtar. Kapittel I, II, III og V er særleg aktuelle for forvaltning av villrein og villreinområda.

Kapittel I handlar mellom anna om formålet med lova. Føresegna lyder:

«Lovens formål er at naturen med dens biologiske, landskapsmessige og geologiske mangfold og økologiske prosesser tas vare på ved bærekraftig bruk og vern, også slik at den gir grunnlag for menneskenes virksomhet, kultur, helse og trivsel, nå og i fremtiden, også som grunnlag for samisk kultur.»

Med omgrepa «naturen» og «økologiske prosesser» blir det understreka at bevaring på staden er hovudmålet med lova. Det vil seie at økosystem, naturtypar, leveområde og artar blir tatt hand om der dei finst og kan utvikle seg naturleg. Målet om å sikre naturmangfaldet er både kortsiktig og langsiktig mål, noko som kjem til uttrykk gjennom orda «nå og i fremtiden». Begrepet «i fremtiden» skal også fange opp omsynet til framtidige generasjonar, jf. formuleringa i Grunnloven § 112 om at retten til eit helsesamt miljø og ein natur der produksjonsevna og mangfaldet blir haldne ved lag, skal bli varetatt òg for kommande slekter.

Kapittel II omfattar alminnelege føresegner om berekraftig bruk, mellom anna forvaltningsmålet for artar, som seier at artane og det genetiske mangfaldet deira blir varetatt på lang sikt, og at artane finst i levedyktige bestandar i dei naturlege utbreiingsområda sine. Kapittelet inneheld også prinsipp for offentleg avgjersler (såkalla «miljørettslege prinsipp»), som er retningslinjer for myndigheitene. Her finn vi også føresegner om kvalitetsnormer og prinsipp om aktsemd, som seier at alle skal opptre aktsamt og gjere det som er rimeleg for å unngå skade på naturmangfald i tråd med forvaltningsmåla.

Kapittel III omfattar reglar om forvaltning av artane. Prinsipp om forvaltning av artar seier mellom anna at hausting og anna uttak av naturleg viltlevande dyr skal følgje av lov eller vedtak med heimel i lov. Kapittelet inneheld også føresegner om anna uttak av vilt og regulering av ferdsel i utmark og føresegner om prioriterte artar.

Kapittel V om områdevern inneheld mellom anna føresegner om nasjonalparkar, landskapsvernområde, naturreservat og biotopvernområde. Kapittelet inneheld også føresegner om skjøtsel av verneområde og dispensasjon frå løyve om vern, der mellom anna såkalla «økologisk kompensasjon» er heimla.

Dei fleste enkeltvedtak med heimel i naturmangfaldlova er registrerte i Miljøvedtaksregistret.

Viltlova

Viltlova regulerer alle viltlevande landpattedyr og fuglar, amfibium og krypdyr. Lova er endra fleire gonger, mellom anna då naturmangfaldlova blei innført i 2009. Viltlova blei vidareført som ei ressurslov, men slik at generelle mål, prinsipp og reglar for hausting og anna uttak følgjer av naturmangfaldlova.

Viltlova har som formål at viltet og leveområda til viltet skal forvaltast i samsvar med naturmangfaldlova og slik at ein tar vare på produktiviteten og artsrikdommen i naturen. Innanfor denne ramma kan viltproduksjonen haustast til gode for landbruksnæringa og friluftslivet. Lova slår fast at retten til jakt ligg hos grunneigaren. Her er hovudprinsippet at jakt og fangst skal bli utøvd slik at viltet ikkje blir utsett for unødige lidingar, og slik at det ikkje oppstår fare for menneske eller husdyr, eller skade på eigedom.

Viltlova kapittel V handlar om reglar for forvaltning av hjortevilt, inkludert villrein. Nærmare reglar står i hjorteviltforskrifta (sjå eigen omtale av forskrifta).

Departementa arbeider no med å gå gjennom og modernisere viltlova. Landbruks- og matdepartementet leier dette arbeidet i nært samarbeid med Klima- og miljødepartementet.

Hjorteviltforskrifta

Hjorteviltforskrifta gjeld for elg, hjort, rådyr og villrein, og skal sikre at forvaltninga av hjortevilt tar vare på bestandane og leveområda sin produktivitet og mangfald. Forskrifta skal sørge for at det blir lagt til rette for ei lokal og berekraftig forvaltning med sikte på nærings- og rekreasjonsmessig bruk av hjorteviltressursane. Forvaltninga skal vidare sikre størrelsar på bestandane som fører til at hjortevilt ikkje forårsakar uakseptable skadar og ulemper på andre samfunnsinteresser.

Hjorteviltforskrifta er sentral i bestandsforvaltninga av villrein i Noreg. Forskrifta handlar mellom anna om kva rolle kommunane og villreinutvalet har i forvaltninga av villrein, og korleis den offentlege forvaltninga av villrein er varetatt av statlege villreinnemnder.

Plan- og bygningslova

Plan- og bygningslova bestemmer korleis areal skal brukast og regulerast. Lova skal fremje berekraftig utvikling til beste for den enkelte, samfunnet og dei framtidige generasjonane. Planlegging etter lova skal samordne ulike interesser og verdiar og gi grunnlag for vedtak om bruk og vern av ressursar. Lova har også føresegner om organisering av planarbeidet, samarbeid, deltaking og planbehandling.

Staten har fleire verkemiddel i plan- og bygningslova for å vareta nasjonale og regionale interesser. Dette omfattar mellom anna nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging, statlege planretningslinjer og føresegner og statleg arealplan. Kvart fjerde år vedtar regjeringa Nasjonale forventningar for regional og kommunal planlegging.

Både fylkeskommunane og kommunane skal i tråd med lova utarbeide planstrategiar innan eitt år etter at dei nye fylkestinga og kommunestyra har tiltredd. I den regionale planstrategien skal fylkeskommunane gjere greie for status og utfordringar i fylket og behovet for nye planar og revisjonar av gjeldande planar, mellom anna i fjellområda. I den kommunale planstrategien skal kommunane mellom anna ta stilling til kva planar kommunen vil revidere, kva for behov det er for nye planar, og kva planar som kan vidareførast.

Fylkeskommunane kan utarbeide regionale planar med arealsoner. Det er denne plantypen, med retningslinjer for dei enkelte sonene, som blir nytta i dei regionale planane i villreinfjella. Regionale planar skal følgjast opp av andre sektorar og leggjast til grunn som føringar for den kommunale planlegginga. Vesentlege avvik frå dei regionale planane gir grunnlag for motsegn frå statsforvaltar. Det kan også bli gitt regionale planføresegner som gjer heile eller delar av den regionale planen bindande for inntil 10 år. Med ei slik føresegn kan det ikkje utan samtykke setjast i verk særskilt byggje- eller anleggstiltak innanfor nærare avgrensa geografiske område som etter føresegnene vil vere i strid med planen. Ingen av dei regionale planane for villreinfjella har fram til no tatt i bruk dette verkemiddelet.

Alle kommunar skal etter lova ha ein samla kommuneplan med ein samfunnsdel og ein arealdel. Samfunnsdelen i kommuneplanen skal mellom anna vise strategiske val og prioriteringar. Arealdelen i kommuneplanen er det viktigaste verktøyet kommunen har for å styre framtidig areal- og ressursbruk. Planen skal angi eksisterande og framtidige byggjeområde og infrastruktur og gi føresegner om korleis utbygginga skal skje. I landbruks-, natur-, frilufts- og reindriftsområda (LNFR-områda) er det ikkje tillate med annan utbygging enn landbruks- og reindriftstiltak, dersom det ikkje er område for spreidd utbygging i planen. I LNFR-område kan det setjast av soner med særlege omsyn, mellom anna til naturmiljø eller kulturmiljø. Det kan bli gitt særlege føresegner i randsona til nasjonalparkar og landskapsvernområde. Arealdelen i kommuneplanen er juridisk bindande, det vil seie at det ikkje kan tillatast ny utbygging eller tiltak i strid med planen. Gjennom planomtale, plankart, føresegner og retningslinjer skal planen gi rammene for utbygging og vern av areala, og gi føresegner om særlege omsyn som skal følgjast opp med reguleringsplanar. Det skal gå fram av planomtalen korleis nasjonale og regionale mål og retningslinjer er varetatt, og kva som er dei samla konsekvensane av planen. Arealdelen i kommuneplanen kan fråvikast ved dispensasjon og ved ein reguleringsplan.

Ein reguleringsplan er ein juridisk bindande plan med arealplankart med tilhøyrande planomtale og føresegner som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgivnader. Reguleringsplanar er bindande for framtidig arealbruk i området, men kan endrast, opphevast eller erstattast av ein ny plan eller dispensasjon. Det er krav om reguleringsplan for alle større byggje- og anleggstiltak og for andre tiltak som kan ha vesentlege verknader for miljø og samfunn. Kommunen kan krevje ein slik plan også for andre tiltak før dei kan gi byggjeløyve. Det er to typar reguleringsplan: områderegulering og detaljregulering. Konsesjonspliktige anlegg for energi er unntatt frå reguleringsplikta, med unntak for vindkraftanlegg. Frå 1. juli 2023 er det eit krav for vindkraftanlegg at dei må ha vedtatt områderegulering før det kan bli gitt konsesjon etter energilova. Lovendringa inneber at kommunen kan stoppe eit framlegg om å setje i gang områderegulering allereie ved oppstart eller undervegs i planprosessen. Det er ikkje krav om samordning av plan- og konsesjonsprosessen, men ein slik samordning med felles konsekvensutgreiing kan gi fordeler for framdrifta og betre prosess.

Sjå også eigen omtale av regionale planar for villreinfjella og konsekvensutgreiing.

Regionale planar for villreinfjella

Regionale planar for villreinfjella skal sikre ei heilskapleg forvaltning av fjellområde som er særleg viktige for framtida til villreinen i Noreg. Planane fastset ei langsiktig arealforvaltning som balanserer bruk og vern for dei aktuelle fjellområda med randområde. Det er utarbeidd planar for alle dei ti nasjonale villreinområda. Nokre av planane omfattar fleire fylke og fleire villreinområde. Fylkeskommunen har det overordna ansvaret for å utarbeide dei regionale planane for heilskapleg forvalting av areala i villreinfjella og oppfølginga av desse planane. Fylkeskommunane skal også sjå til at dei regionale planane blir lagt til grunn for utarbeiding av kommunale planar og gi planfagleg rettleiing til kommunane. Dei skal også utarbeide og følgje opp handlingsprogram og vurdere behov for revisjon av den regionale planen.

Miljøverndepartementet ga 12. april 2007 eit oppdrag til fylkeskommunane om å utarbeide fylkesdelplanar (no regionale planar) for ein heilskapleg forvaltning av fjellområde som er spesielt viktige for framtida til villreinen i Noreg.1 Oppdraget blei forankra i to stortingsmeldingar.2 I oppdraget går det fram at planane skal fastsetje ei langsiktig arealforvaltning som balanserer bruk og vern for dei aktuelle fjellområda med influensområde. Planane vil vere retningsgivande for kommunal planlegging og gi føringar for statleg og fylkeskommunal sektorplanlegging. Planane vil vere eit ledd i oppfølginga av den samla politikken til regjeringa for fjellområda. I oppdraget blei det gitt retningslinjer for innhald og opplegg for planane. Planarbeidet skulle omfatte tema som ferdsel, reiseliv, energitiltak og veganlegg. Det ble stilt krav om planprogram med konsekvensutgreiing. Det blei også vektlagt organisering av planarbeidet for å sikre lokal forankring både politisk og administrativt. Sidan 2005 har det vore krav om å konsekvensutgreie regionale og kommunale planar som er retningsgivande for arealforvaltninga.3

I 2007 blei det sett av midlar til oppstart av tre planar: Hardangervidda, Setesdal-Ryfylke – Setesdal Austhei og Rondane-Sølnkletten. Dette blei følgt opp med årlege tilskot frå departementet til planarbeid og forsking fram til 2013. Programmet med utarbeiding av i alt sju regionale planar for villreinfjella blei gjennomført i perioden 2007–2012. Det omfattar 61 kommunar i 11 fylke og er den største samordna regionale planinnsatsen i landet nokosinne. Til å koordinere planarbeidet blei det etablert eit nettverk med deltakarar frå regionalt og nasjonalt nivå som omfattar både villrein og naturfaglege miljø og plan- og utviklingsmiljø. Tilsvarande organiserte fylkeskommunane dei enkelte planprosessane med involvering av kommunar og andre partar. Nettverket og utgreiingsprosjekta som er knytt til programmet, har vore viktig for å gi meir kunnskap om villreinen i Noreg og eit godt samarbeid mellom forsking og forvaltning, der også lokalsamfunn vart involvert. Det blei også heldt jamlege konferansar med kommunane og andre involverte. Dei regionale planane og prosessane blei evaluert av Østlandsforskning i 2014.4

I alt er det utarbeidd sju regionale planar som dekkjer dei 10 nasjonale villreinområda (sjå også figur 5.1):

  • Regional plan for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Setesdal Austhei – Heiplanen. Vedtatt i fylkestinga i 2013.

  • Regional plan for Hardangervidda (2019–2035). Vedtatt i fylkestinga i 2019 og 2020, avgjerd av innvendingar i departementet i 2021.

  • Regional plan for Nordfjella med Raudafjell (2014–2025). Vedtatt i fylkestinga i 2014.

  • Regional plan for Ottadalsområdet (2016–2026). Vedtatt i fylkestinga i 2016.

  • Regional plan for Rondane – Sølnkletten. Vedtatt i fylkestinga i 2011, avgjerd av innvendingar i departementet i 2013.

  • Regional plan for Dovrefjellområdet. Vedtatt i fylkestinga i 2016, avgjerd av innvendingar i departementet i 2017.

  • Regional plan for Forollhogna villreinområde (2013–2025). Vedtatt i fylkestinga i 2013.

Figur 5.1 Kartet viser yttergrensene av dei regionale planane for bruk og vern av fjellområde med villrein. Dei regionale planane har arealsoner med ulike retningsliner for arealbruk innanfor sonene. Planane skal leggjast til grunn for sektoranes verksemd og f...

Figur 5.1 Kartet viser yttergrensene av dei regionale planane for bruk og vern av fjellområde med villrein. Dei regionale planane har arealsoner med ulike retningsliner for arealbruk innanfor sonene. Planane skal leggjast til grunn for sektoranes verksemd og følgjast opp i den kommunale planlegginga. Dei grøne områdane er villreinens leveområde for alle dei 24 villreinområda slik dei framgår av naturbase.

Kartet er utarbeidd av Kommunal- og distriktsdepartementet.

I tilknyting til dei regionale planane skal det utarbeidast eit handlingsprogram, men innhaldet og i kor stor grad desse er følgt opp og revidert varierer.

Dei regionale planane gjeld fram til dei er reviderte. For fleire av planane har fylkeskommunane prioritert å følgje opp og revidere handlingsprogrammet, og vurdert dette som viktigare enn å revidere sjølve planen. Ifølgje lova skal behovet for rullering av handlingsprogram bli vurdert årleg. Når det gjeld behov for revisjon av regionale planar, skal det vurderast kvart fjerde år i samband med utarbeiding av regionale planstrategi.

Dei regionale planane har vore viktige for å sikre leveområda til villreinen. Det har vore lite ny utbygging innanfor områda som er definert som nasjonalt villreinområde i dei regionale planane. Utbygging har skjedd i randsonene, for ein stor del i tråd med dei regionale planane. I nokre område har ferdselen og utbygginga auka i tida etter at dei regionale planane blei vedtatt. Planane har gitt retningslinjer for kva som kan byggast i dei ulike sonene, men set ikkje tal på kor mange hytter som kan byggjast. Både regionale og kommunale planar har i avgrensa grad moglegheit for å styre ferdsel.

Ny kunnskap mellom anna frå klassifiseringa av villreinområda tilseier at dei regionale planane bør oppdaterast. Tilsvarande bør kommunale planar oppdaterast med ny kunnskap og oppdaterte regionale planar. Føringar om dette er derfor tatt inn i nasjonale forventingar til regional og kommunal planlegging 2023–2027:

«Villreinens leveområder sikres, og vedtatte regionale planer for villreinfjella oppdateres i samsvar med ny kunnskap og følges opp i den kommunale planleggingen.»

Det er eit mål å oppnå god status for villreinen innan 2100 for dei nasjonale villreinområda i landet. På initiativ frå kommunane er det utarbeidd og vedtatt ein ny regional plan for Norefjell-Reinsjøfjell villreinområde. Denne planen blei vedtatt av fylkestinget i 2020, med endringar frå det dåverande Kommunal- og moderniseringsdepartementet i 2021.

Reglar om konsekvensutgreiing

Reglane om konsekvensutgreiing er gitt i plan- og bygningslova og i forskrift om konsekvensutgreiing (KU-forskrifta), som er heimla i lova. Konsekvensutgreiingar er grunnlag for avgjerd om utbyggingar som kan gi vesentlege verknader for samfunn og miljø, og planar for utbygging av slike. Forskrifta har reglar for å sikre god kvalitet i utgreiingar av konsekvensane av slike utbyggingar, og for å sikre medverknad frå private og offentlege i arbeidet med utgreiinga.

For regionale planar og kommuneplanar med retningslinjer eller rammer for framtidig utbygging og for reguleringsplanar som kan få vesentlege verknadar for miljø og samfunn, skal planbeskriving gi særskilt vurdering og beskriving – konsekvensutgreiing – av planens verknad for miljø og samfunn.

KU-forskrifta stiller nærmare krav om konsekvensutgreiing for ei rekkje planar og tiltak. Dei mest omfattande planane og tiltaka skal alltid ha konsekvensutgreiing. Arealdelen i kommuneplanen, regionale planar, kommunedelplanar og områdereguleringar som fastset rammer for utbyggingstiltak, skal ha konsekvensutgreiing og planprogram. Dei planane og tiltaka som alltid skal ha konsekvensutgreiing, er lista opp i vedlegg I til forskrifta. Det gjeld for eksempel store samferdselsutbyggingar og industriverksemder. Det er også ein del planar og tiltak som skal ha konsekvensutgreiing viss dei etter ei konkret vurdering kan ha vesentleg verknad for miljø og samfunn, for eksempel for villreinen. Dette gjeld mellom anna samferdselsutbyggingar, feriebyar, skianlegg, permanente campingplassar, landbruksvegar, næringsbygg, deponi, mineraluttak og gruver under jorda og energianlegg som kraftleidningar som ikkje blir omfatta av vedlegg I. Kva som er vesentlege verknader, står i § 10 i forskrifta.

Konsekvensutgreiingar er viktige for å få fram kva for miljøverdiar som finst i området, for eksempel villrein, korleis desse verdiane kan bli påverka av forslaget til utbygging, og kva tiltak som kan eller skal gjennomførast for å redusere dei negative konsekvensane som er påviste. Det går fram av § 21 i forskrifta at konsekvensutgreiinga skal identifisere og beskrive kva verknader planen har for mellom anna naturmangfaldet og dermed villreinen. Utgreiinga av konsekvensar for villrein skal følgje anerkjend metodikk, som står i Handbok M-1941 frå Miljødirektoratet. Dersom det manglar kunnskap om viktige forhold, skal dette innhentast.

Energi- og vassdragslovgivinga

Alle anlegg som produserer og overfører elektrisk energi over ein viss storleik, må ha konsesjon frå myndigheitene. Vasskraftverk må ha konsesjon etter vassressurslova eller vassdragsreguleringslova, mens vindkraftverk, solkraftverk og kraftleidningar treng konsesjon etter energilova. Konsesjonen og etterfølgjande detaljerte planar set vilkår for både bygginga av anlegget og driftsfasen. Etter lovendringa i 2023 kan det ikkje blir gitt konsesjon for vindkraft før det er vedtatt områderegulering etter plan- og bygningslova for vindkraftanlegget.

For at energi- og vassdragsmyndigheitene skal gi konsesjon, må dei samla fordelane for allmenne og private interesser vere større enn ulempene. Regelverket for konsesjonsbehandling skal sikre at ulike omsyn blir belyste og avvegne. Det skal tas ekstra omsyn til artar på Norsk raudliste for naturtypar og artar som Noreg har særleg internasjonalt ansvar for, for eksempel villrein. Det er i dag særleg streng praksis for å gi konsesjon til nye energianlegg i sjølve villreinområda og til inngrep i randområde og bygdenære område dersom det ikkje blir tatt omsyn til villreinen.

Vassdrags- eller energikonsesjonar fastset dei overordna rammene for tiltaket. Konsesjonen fastset konkrete vilkår for å minske dei negative verknadene av utbygginga, både i byggjeperioden og i driftsfasen. Det blir også fastsett standardvilkår som mellom anna gir miljøstyresmaktene løyve til å påleggje etterfølgjande tiltak og undersøkingar. For anleggsvegar er vilkåra som hovudregel at vegane skal kunne bli nytta av allmenta. Samtidig gir konsesjonen Norges vassdrags- og energidirektorat heimel til å kunne gje etterfølgjande ferdselsrestriksjonar.

Før bygginga skal detaljerte planar godkjennast av energi- og vassdragsmyndigheitene. Desse detaljerte planane fastset kvar dei enkelte delane av anlegget (som ikkje er endeleg fastlagt i konsesjonen) skal plasserast, korleis dei skal utformast, og kva for vilkår som kan bøte på ulempene med tiltaket. Det kan for eksempel setjast vilkår om når anleggsarbeid kan utførast, av omsyn til villrein.

Store vasskraftanlegg har normalt evigvarande konsesjonar etter vassdragsreguleringslova. Likevel er det mogleg å revidere vilkåra for konsesjonen. Det blir innført standardvilkår ved revisjon, mellom anna naturforvaltningsvilkår som gir løyve til å påleggje tiltak og undersøkingar. Det er også mogleg å setje miljørelaterte økonomiske vilkår ved revisjonen, slik villreinfondet er eit eksempel på.

For vasskraftverk med konsesjon etter vassressurslova kan vilkåra endrast i særlege tilfelle. For konsesjonsfrie vasskraftverk kan anlegget bli kalla inn til konsesjonsbehandling om det finst sterke miljømessige omsyn. For alle vasskraftverk med standard konsesjonsvilkår kan myndigheitene påleggje tiltak som bøter på ulempene, eller kunnskapsinnhenting. For anlegg etter energilova kan Norges vassdrags- og energidirektorat fastsetje nye vilkår dersom det føreligg sterke samfunnsmessige interesser.

Matlova

Matlova har som formål å sikre helsemessig trygge næringsmiddel og fremje helse og kvalitet og omsyn til forbrukar langs heile matkjeda. Lova skal òg ta omsyn til plante- og dyrehelse, og lova har eigne reglar for å ta vare på desse omsyna.

Lova gir overordna rammer og føringar for handtering av dyresjukdommar og krav til dyrehelse. Alle har plikt til å vise nødvendig varsemd, slik at det ikkje oppstår fare for utvikling eller spreiing av smittsame dyresjukdommar. Dette gjeld både dyr i dyrehald og viltlevande dyr. Kva som skal leggjast til grunn for vurderingane av varsemd, vil variere. Dersom det oppstår sjukdomsutbrot som krev særskilde restriksjonar eller tiltak, vil det med heimel i matlova bli vedtatt eigne forskrifter for å handtere sjukdomsutbrotet.

Dyrehelse er ein del av EØS-avtalen, og det meste av det norske regelverket for dyrehelse er derfor harmoniserte reglar som er innlemma i avtalen. Dyrehelseforskrifta fungerer som ei rammeforskrift til ei rekkje utfyllande forskrifter. Regelverket byggjer på EUs dyrehelseforordning med underliggjande regelverk. Dette utelukkar ikkje at det er rom for særnorske reglar på enkelte område. Når det gjeld villrein og villreinforvaltning, er det gitt særskilde nasjonale reglar i forskrift på grunn av situasjonen med skrantesjuke i villreinbestandane i Nordfjella og Hardangervidda.

Ulike sjukdommar krev ofte ulik handtering og ulike tiltak. Ved alvorlege sjukdomsutbrot som for eksempel skrantesjuke vil inngripande tiltak kunne vere nødvendige for å kjempe mot eller hindre at sjukdomar spreier seg. Det kan dreie seg om avliving, oppretting av soner, prøvetaking, restriksjonar på transport og bruk av områda og så vidare. Samla er dette tiltak som vil påverke villreinen på ulike måtar, og som vil ha forankring i regelverket.

Dyrevelferdslova

Dyrevelferdslova har som formål å fremje god dyrevelferd og respekt for dyr. Lova gjeld alle forhold som påverkar velferda til dyra og respekten for dei, mellom anna for villreinen. Med er alle handlingar og aktivitetar, mellom anna unnlatingar som har betydning for dyra si velferd eller respekten for dyr. Formålet med lova er ikkje å hindre alle påkjenningar for dyr. Kvart liv, både i dyrehold og i vill tilstand, inneber ulike former for belastningar.

Lova gir overordna rammer og føringar for omgang med og påverknad på dyr med omsyn til dyra si velferd. Alle som får kjennskap til at eit større tal ville dyr er utsette for sjukdom, skade eller annan liding utanom det normale, har plikt til å varsle Mattilsynet eller politiet. Det er forbod mot å utøve vald mot dyr eller å etterlate dyr i hjelpelaus tilstand.

Jakt, fangst og fiske skal bli utøvd på ein dyrevelferdsmessig forsvarleg måte. Dette er nærmare regulert i viltlova.

Skogbrukslova

Skogbrukslova har til formål å fremje ei berekraftig forvaltning av skogressursane i landet med sikte på aktiv lokal og nasjonal verdiskaping, og å sikre det biologiske mangfaldet, omsyn til landskapet, friluftslivet og kulturverdiane i skogen.

Lova gjeld for all skog og skogmark, og byggjer opp under skogeigar sitt forvaltaransvar. Lova inneheld også heimel for å gi nærmare føresegner om planlegging, godkjenning og bygging av skogsvegar og andre anlegg og tekniske inngrep knytte til skogbruk (sjå omtalen av landbruksvegforskrifta under). Det er gitt fleire forskrifter til lova.

Landbruksvegforskrifta

Landbruksvegforskrifta er fastsett med heimel i både skogbrukslova og jordlova. Forskrifta inneheld reglar for nybygging og ombygging av landbruksvegar i tilfelle der landbruksverksemd er hovudformålet. I andre tilfelle skal vegsøknaden behandlast etter reglane i plan- og bygningslova.

Formålet med forskrifta er å sikre at planlegging og bygging av landbruksvegar skjer på ein måte som skal gje landbruksfaglege og heilskaplege løysningar. Det skal også leggjast vekt på omsynet til miljøverdiar som naturmangfald, landskap, kulturminne og friluftsliv, omsynet til fare for flaum, erosjon og lausmasseskred og andre interesser som blir påverka av vegframføringa. Forskrifta inneheld detaljerte saksbehandlingsreglar som ikkje er til hinder for at kommunen òg kan leggje vekt på omsyn til villreinen i sakshandsaminga. Nybygging av landbruksvegar med ei lengde på over fem kilometer skal vurderast konsekvensutgreia før vedtak blir fatta.

Grannegjerdelova

Grannegjerdelova gjeld retten til å setje opp gjerder mellom naboeigedommar. Gjerdespørsmål er av privatrettsleg karakter, og lova er i det vesentlege deklaratorisk. Det inneber at mange av fråsegnene i lova kan bli fråvikne gjennom avtaler.

Lova skil ikkje mellom innmark og utmark, men er avgrensa med at gjerdehald inntil offentleg veg eller jernbane ikkje går inn under lova. Jordskiftedomstolen avgjer spørsmål om gjerdehald etter gjerdelova.

Det er eit krav at eit grannegjerde skal vere laga og vedlikeheldt slik at det ikkje er farleg for folk eller husdyr. I juridisk teori er dette kravet tolka slik at det også gjeld ville dyr slik som villrein.

Reindriftslova

Reindriftslova skal leggje til rette for at det samiske reinbeiteområdet har ei økologisk, økonomisk og kulturelt berekraftig reindrift med basis i samisk kultur, tradisjon og sedvane til gagn for reindriftsbefolkninga sjølv og samfunnet elles. For å nå desse måla skal lova gi grunnlag for ei hensiktsmessig organisering og forvaltning av reindrifta. Reindrifta skal bli varetatt som eit viktig grunnlag for samisk kultur og samfunnsliv.

Lova skal bidra til sikring av reindriftsareala i det samiske reinbeiteområdet som reindrifta sitt viktigaste ressursgrunnlag. Ansvaret for å sikre areala ligg både på innehavaren av reindriftsretten, andre rettshavarar og styresmaktene.

Utanfor det samiske reinbeiteområdet skal lova leggje forholda til rette for ei økologisk og økonomisk berekraftig utnytting av reinbeiteressursane med basis i lokal kultur og tradisjon i dei områda der det er gitt løyve til reindrift etter reglane i § 8. Av § 8 første ledd går det fram at utanfor det samiske reinbeiteområdet kan ikkje reindrift bli utøvd utan særskilt løyve frå Kongen. Eit slikt løyve kan berre bli gitt til den som kan leggje fram skriftleg samtykke frå grunneigaren og rettshavaren, eller som på ein annan måte disponerer tilstrekkeleg store og hensiktsmessig avgrensa reinbeiteareal. Løyve bør ikkje bli gitt for villreinområde. Ein bør også vere aktsam med å gi løyve for område som ligg slik til i nærleiken av reinbeiteområde at det kan skape konfliktar.

Både i og utanfor det samiske reinbeiteområdet skal lova bidra til å sikre forsvarleg dyrevelferd for tamrein.

Fjellova

Fjellova gjeld for statsallmenningane. Statsallmenningar er statleg eigedom i Sør-Noreg frå Trøndelag og sørover. Statsallmenningane dekkjer eit areal på om lag 26 millionar dekar. Dette er i stor grad fjellområde, men det er også store skogstrekningar. Statsallmenningane er viktige både for dei som har rettar til jordbruk, for den samiske reindrifta, for folk sin tilgang til jakt og fiske og for friluftslivet.

Statsallmenningane blir administrerte av eigne fjellstyre (sjå kapittel 6.10). Fjellstyra følgjer opp reglane mellom anna for beitebruk, oppsyn, jakt og fiske i statsallmenningane. Administrasjon av jakt på villrein står sentralt i mange av statsallmenningane.

Friluftslova

Friluftslova vernar naturgrunnlaget for friluftslivet og sikrar den retten allmenta har til ferdsel og opphald i naturen. Rettane som følgjer av allemannsretten, er lovfesta i friluftslova og sikrar oss moglegheita til å vere ute i naturen, som er ein del av kulturarven vår.

Vi har frå gammalt av hatt rett til å ferdast i skog og mark, i elvane, på innsjøar, i skjergarden og til fjells utan omsyn til kven som eig grunnen. Allemannsretten gir ikkje berre rettar, det følgjer òg plikter med. Det er eit krav at du skal te deg omsynsfullt og varsamt. Dette kan for eksempel gjelde omsyn til ulike naturområde eller artar.

Allemannsretten gir rett til ferdsel i utmark. Innmark er område som gardsplass, hustomt, hage, industriareal, dyrka mark og liknande areal der allmenn ferdsel vil vere til bry for eigaren av grunnen. Utmark er alt som ikkje er innmark, og omfattar det meste av skog, fjell, myr og strand.

Nokre av nasjonalparkane våre har som formål å ta vare på leveområda til villreinen. Sjølv om allemannsretten også gjeld i desse områda, krevst det særleg varsemd når ein ferdast til fots, slik at villreinen ikkje blir forstyrra. Dette går ofte fram av føresegnene til det enkelte verneområdet.

Friluftslova opnar for at kommunen kan lage åtferdsreglar for regulering av ferdselen på område der utfarten er stor.

Motorferdsellova

Motorferdsellova regulerer motorferdsel i utmark. Med motorferdsel meiner vi bruk av køyretøy, båt eller andre flytande eller svevande fartøy som er drivne med motor, og landing og start med motordrivne luftfartøy. Formålet med lova er «ut fra et samfunnsmessig helhetssyn å regulere motorferdselen i utmark og vassdrag med sikte på å verne om naturmiljøet og fremme trivselen». Motorisert ferdsel i utmark er som hovudregel forbode, men det er nokre unntak som går fram av lova. Dei fleste unntaka er knytt til nyttekøyring og gjeld naudetatane og transport i landbruks- og reindriftsnæringa. Det er i forskrift også gjort unntak for mellom anna transport ved jakt på villrein innanfor Hardangervidda villreinområde.

I ein del tilfelle er motorferdselen avhengig av løyve frå kommunen. Kommunen må då vurdere behovet for transport og mot moglege skadar og ulemper for friluftsliv og naturmangfald, inkludert villrein i område der det er aktuelt. Kommunen kan setje vilkår som kan redusere ulemper og skadar ved ferdselen, for eksempel vilkår som kanaliserer motorferdselen til bestemde tider og stader.

Sidan 2015 har motorferdsellova opna for at kommunen kan vedta snøskuterløyper for fritidskøyring. Lova forbyr løyper i nasjonale villreinområde.

Motorferdsellovutvalet blei sett ned 3. september 2021. Utvalet skal gå gjennom regelverket om motorferdsel i utmark og vassdrag og foreslå endringar som tar omsyn til føringar frå Stortinget i vedtak 25. mai 2021 nr. 973:

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om revidering av lov om motorferdsel i utmark og vassdrag med sikte på økt lokalt selvstyre og redusert byråkrati knyttet til praktiseringen av loven, samtidig som hensyn til natur og friluftsliv blir ivaretatt.»

Utvalet skal levere utgreiinga si innan 21. mai 2024.

Kulturminnelova

Lov 1978 nr. 50 om kulturminne (kulturminnelova) skal vareta kulturminne og kulturmiljø som ein del av kulturarven og identiteten vår og som eit ledd i ei heilskapleg miljø- og ressursforvaltning. Lova har reglar om vern av arkeologisk materiale, bygningar, miljø og landskap som anten er automatisk freda eller vedtatt freda. I lova er det óg reglar om forvaltninga av freda kulturmiljø og om forholdet til private eigarar . Lova set mellom anna grenser for kva ein kan gjere med det kulturmiljø som blir omfatta, og stiller krav til utbyggjarar og andre som set inn tiltak som påverkar kulturmiljøet. Jeger- og fangstkultur i tilknyting til villrein har skapt kulturminne som kan vere omfatta av lova.

Kulturmiljølovutvalet blei sett ned 22. juni 2022 og arbeider no med ei ny lov. Den nye lova skal bli ein betre reiskap til å ta vare på kulturmiljøet og vere tilpassa etter samfunnsutviklinga. Utvalet skal levere utgreiinga si med forslag til ny kulturmiljølov innan 1. februar 2025.

Lovgivinga for verksemda til forsvarssektoren

Forsvarssektoren er underlagd ei rekkje lovfesta krav innanfor miljøområdet, og desse krava ligg til grunn for verksemda i sektoren.

Forsvarssektoren har òg eigne retningslinjer for miljøstyring. Slike retningslinjer er ikkje lov eller forskrift, men administrative verkemiddel.

Verksemda i skyte- og øvingsfelt blir regulert gjennom skytefeltinstruksar for det enkelte skytefeltet. Ved Forsvaret sitt attverande anlegg ved Hjerkinn har ein saman med Statsforvaltaren utvikla rutinar for varsling i samband med transport til og frå anlegget.

Under større øvingar som går utanfor skyte- og øvingsfelta til Forsvaret, blir lova om militære rekvisisjonar brukt til å skaffe sivilt lende til øvingsformål. Ved all slik aktivitet har Forsvaret eit særleg ansvar for å førebyggje miljøskadar og gi erstatning for dei. Under slike øvingar blir det derfor mellom anna skrive øvingsordrar med miljøvernvedlegg. Det blir då trykt opp ein miljøvernfoldar til alle øvande på deira eige språk, og det blir laga eit øvingskart med spesifikke område og objekt merka som såkalla «Out of Bounds».

5.4 Gjeldande retningslinjer og rettleiingar

Kvalitetsnorma for villrein

Kvalitetsnorma for villrein er heimla i naturmangfaldlova § 13 og er ei oppfølging av Stortinget sitt oppmodingsvedtak 677 (2016) i samband med behandlinga av naturmangfaldmeldinga, der «Stortinget ber regjeringen utarbeide en kvalitetsnorm for villrein (…).»

Kvalitetsnorma tredde i kraft i 2020, jf. Kongeleg resolusjon 23. juni 2020 om kvalitetsnorm for villrein (Rangifer tarandus), og er ei retningsgivande norm. Ho byggjer på faglege råd frå ei uavhengig og breitt samansett ekspertgruppe nedsett av Miljødirektoratet, jf. NINA Rapport 1400 – Miljøkvalitetsnorm for villrein: Forslag fra en ekspertgruppe (2017).5

Kvalitetsnorma beskriv kvaliteten på villreinbestanden, på lavbeitet som ein sentral del av beitegrunnlaget og på leveområdet for kvart villreinområde. Det er også fastsett måleparametrar for dei enkelte delane av norma med grenseverdiar, og på bakgrunn av dette skal det kvart fjerde år vurderast om dei 24 villreinområda har god, middels eller dårleg kvalitet.

Målet i kvalitetsnorma er å halde ved like eller nå minimum middels kvalitet for dei enkelte villreinområda så snart som mogleg. Klima- og miljødepartementet og andre aktuelle departement kan i samråd vike frå minimumsmålet for heile villreinområdet dersom andre viktige samfunnsinteresser veg tyngre enn omsynet til villreinen.

Kvalitetsnorma beskriv også korleis analysar av påverknader kan bidra til å forklare kvifor eit villreinområde ikkje oppnår god eller middels tilstand. Dette gir grunnlag for tiltaksplanar som kan bidra til å redusere negative påverknader. Slike planar blir utarbeidde i samråd med andre aktuelle styresmakter, med bistand frå lokal og regional forvaltning for dei enkelte villreinområda.

Det blei gjennomført ei første klassifisering av dei 10 nasjonale villreinområda i 2022 og dei andre 14 områda i 2023 (sjå meir om resultata frå klassifiseringane i kapittel 7.3).

Rundskriv H-2/14

Rundskriv H-2/14 (Retningslinjer for innsigelse i plansaker etter plan- og bygningsloven) gir ein nærmare omtale av ordninga for motsegn, oversending av saker om motsegn til departementet og departementet si behandling av sakene. Rundskrivet skildrar kva som er ei motsegn, kva som er rolla til kommunane og styresmaktene, og kva for fristar og avgrensingar som finst i høvet til å fremje motsegn. Det går også nærmare fram kven som kan fremje motsegn, og når motsegn kan blir fremja. Rundskrivet skildrar også korleis kommunane skal behandle motsegner og mekle i saker.

Rundskriv T-2/16

Rundskriv T-2/16 (Nasjonale og vesentlige regionale interesser på miljøområdet – klargjøring av miljøforvaltningens innsigelsespraksis) handlar om nasjonale og vesentleg regionale interesser på miljøområdet og klargjer korleis miljøforvaltninga skal bruke verkemiddelet motsegn i samband med kommunal planlegging.

For å bidra til ein meir einsarta forvaltningspraksis og gi auka føreseielegheit for kommunal arealplanlegging klargjer dette rundskrivet kva som er spørsmål av nasjonal eller vesentleg regional betydning på klima- og miljøområdet. Rundskrivet skal leggjast til grunn for motsegnpraksisen i miljøforvaltninga og bidra til auka medvit om kva for nasjonale og vesentleg regionale klima- og miljøomsyn staten meiner ein skal ta i den kommunale arealplanlegginga.

Dersom eit planforslag rammar nasjonale eller vesentlege regionale miljøverdiar, kan motsegn vurderast, jf. plan- og bygningslova § 5-4. Det vil likevel kvile på ei konkret vurdering i den enkelte saka om ein skal fremje motsegn. Viktige funksjonsområde for villreinen er eit slikt nasjonalt omsyn som er omtalt i dette rundskrivet, og statsforvaltaren skal derfor vurdere om det skal bli fremja motsegn dersom eit planforslag inneheld ein ny arealbruk som vil komme i konflikt med slike område. Statsforvaltaren skal i tillegg vurdere desse elementa:

  • konsekvensen for miljøverdiane

  • den samfunnsmessige nytta

  • moglegheiter for alternative løysingar og tiltak som bøter på ulempene

  • ei samla vurdering av fordelar og ulemper

Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging

Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging 2023–2027 blei vedtatt ved kongeleg resolusjon 20. juni 2023. Det er følgjande forventningspunkt til kommunane og fylkeskommunane:

«Villreinens leveområder sikres, og vedtatte regionale planer for villreinfjella oppdateres i samsvar med ny kunnskap og følges opp i den kommunale planleggingen.»

Det blir peikt på at villreinen er ein viktig del av norsk natur og kultur, og at vi har eit særleg forvaltningsansvar for arten. Klassifiseringa av dei 10 nasjonale villreinområda etter kvalitetsnorma for villrein viser at 6 av desse 10 villreinområda har dårleg kvalitet, 4 har middels kvalitet, og ingen av dei nasjonale villreinområde har god kvalitet. Derfor er nødvendig med effektive og målretta tiltak for å sikre villreinen og villreinen sitt leveområde. Fylkeskommunane og kommunane bør leggje stor vekt på resultata frå klassifiseringa av villreinområda og arbeide aktivt for å oppnå kvalitetsmåla for dei nasjonale villreinområda. Dei regionale planane for fjellområda med villrein blir framheva som eit viktig verktøy for å få til dette.

I dei nasjonale forventningane er det elles framheva at regionale og kommunale planar skal leggje til rette for ei berekraftig utvikling i fjell og utmark. Utbygginga skal vere avgrensa mot mellom anna samanhengande natur- og friluftslivsområde. Potensialet for fortetting eller utviding av eksisterande fritidsbusetnader må vurderast før det blir lagt til rette for utbygging i nye område, særleg der det er utbyggingspress. Kommunane bør unngå nye hytteområde i og over skoggrensa og på myr. Når arealdelen i kommuneplanen skal bli revidert, er det venta at kommunen skal vurdere å endre den tidlegare godkjende arealbruken av omsyn til mellom anna klima, naturmangfald og kulturmiljø. Det er òg venta at viktig naturmangfald, friluftslivsområde, overordna grønstruktur, kulturmiljø og landskap blir kartlagde og sikra i planlegginga. Samla verknader av eksisterande og planlagt arealbruk skal bli vektlagt.

Rettleiing om planlegging av fritidsbustader

Rettleiinga om planlegging av fritidsbustader frå 2022 (H-2528N Kommunal- og distriktsdepartementet) gir ei oversikt over nasjonale føringar og omsyn som er viktige for å sikre berekraftig lokalisering, utbygging og bruk av fritidsbustader. I tillegg beskriv rettleiinga korleis omsyna kan inngå i kommunale og regionale planar, med hovudvekt på kommunal planlegging.

Målet er at rettleiinga skal bidra til ei planlegging av fritidsbustader som er berekraftig, ved at lokal verdiskaping, miljøomsyn, samfunnstryggleik, beredskap og generelle mål for samfunnsutvikling blir følgde opp på ein god måte. Rettleiinga gir konkrete råd om korleis hyttebygging kan bli meir berekraftig.

Rettleiinga er ikkje eit sjølvstendig grunnlag for motsegner. Som det går fram av rundskriv H-2/14 Retningslinjer for innsigelse i plansaker etter plan- og bygningsloven, skal motsegner vere forankra i vedtekne nasjonale eller regionale mål, rammer og retningslinjer, som kan vere gitt i lover, stortingsmeldingar, statlege planføresegner, statlege planretningslinjer, regionale planar og rundskriv. Ei motsegn skal vere grunngitt i konkrete forhold som gjer det nødvendig å fremje motsegn.

Rettleiing om planlegging for spreidde bustad-, fritids- og næringsbygg i landbruks-, natur-, frilufts- og reindriftsområde

Rettleiinga frå 2020 (Kommunal- og distriktsdepartementet 2020) viser korleis kommunane i medhald av plan- og bygningslova kan styre spreidde bustad-, fritids- eller næringsbygg og anna spreidd utbygging innanfor område som er sett av til landbruks-, natur- og friluftsformål og reindrift (LNFR) i kommunale arealplanar. Ei avklaring av område for spreidd utbygging kan redusere potensialet for konflikt og stimulere til positiv utvikling i eit område.

5.5 Dokument til Stortinget

Naturmangfald

Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfold og Stortinget si behandling av denne, jf. Innst. 294 S (2015–2016), er Noregs gjeldande handlingsplan for natur. Denne stortingsmeldinga eit av dei viktigaste strategiske grunnlaga for å ta vare på naturmangfald i Noreg, inkludert villrein. Meldinga peiker på politikk og tiltak som vil bidra til at vi når nasjonale og internasjonale mål på området. Eit hovudgrep i meldinga er at det er ei dreiing mot eit heilskapleg blikk på dei viktige samanhengane i naturen, og at forvaltninga innanfor ulike sektorar i større grad blir sett i samanheng. Naturmangfaldmeldinga lyftar også fram spesifikke tiltak for å sikre leveområda til villreinen og ei berekraftig samfunnsutvikling i fjellområde med villrein. Meldinga peiker også på arbeidet med ei kvalitetsnorm for villrein. I Stortinget si behandling av meldinga blei regjeringa mellom anna beden om å utarbeide ei kvalitetsnorm for villrein, jf. vedtak 677.

I tråd med konvensjonen om biologisk mangfald og for å følgje opp det nye globale rammeverket for natur (sjå kapittel 5.2) skal Noreg leggje fram ein ny handlingsplan for natur. Handlingsplanen skal leggjast fram i form av ei stortingsmelding i 2024. Det vil gå fram av denne meldinga korleis Noreg konkret skal følgje opp det ny globale rammeverket.

FNs berekraftsmål også relevante for forvaltninga av villrein i Noreg. Meld. St. 40 (2020–2021) Mål med mening – Norges handlingsplan for å nå bærekraftsmålene innen 2030 og Stortinget si behandling av denne, jf. Innst. 218 S (2021–2022), set berekraftsmåla inn i ein norsk samanheng og ser på korleis norske verksemder, organisasjonar og offentlege myndigheiter kan nå dei 17 berekraftsmåla. Fleire av berekraftsmåla er relevante for arbeidet med å ta vare på villrein, men mål 15 er særleg viktig. Hovudmål 15 er «livet på land», og dette målet er delt opp i fleire delmål. Delmål 15.4 handlar om å bevare økosystema i fjellområda og er såleis særleg aktuelt for forvaltninga av villrein. Kvalitetsnorma er derfor også ein av dei fem moglege norske målepunkta som er lyfte fram i meldinga for å vurdere om Noreg når delmål 15.4. Meldinga seier òg at ein skal gjere følgjande: «Vurdere økonomiske insentiver som kan bidra til å redusere negativ påvirkning fra arealbruk og arealbruksendringer.». I Stortinget sin innstilling til meldinga seier eit fleirtal mellom anna også at det skal takast omsyn til berekraftsmåla i regional og kommunal areal- og samfunnsplanlegging.

Villrein har ein unik posisjon som symbol for norsk kultur og historie, mellom anna på grunn av dei mange kulturmiljøa som er knytte til tidlegare jakt og fangst på villrein. I Meld. St. 16 (2019–2020) Nye mål i kulturmiljøpolitikken og Stortinget si behandling av denne, jf. Innst. 379 S (2019–2020), blir tre nye mål presenterte på kulturmiljøfeltet: engasjement, berekraft og mangfald. Meldinga understrekar betydninga av heilskap og samanheng og gjer tilknytinga til andre delar av klima- og miljøpolitikken tydelegare. Meldinga slår også fast at kulturmiljø er eit felles gode og ein viktig samfunnsressurs som kan bidra til både miljømessig, sosial og økonomisk berekraft.

Klima

Regjeringa sin klimastatus- og plan, også omtalt som «grøn bok», er eit vedlegg til Klima- og miljødepartementets årlege Prop. 1 S (budsjettproposisjonen). Planen seier noko om kva for mål Noreg har forplikta seg til å nå, kva som er status for å nå desse måla, og kva regjeringa vil gjere for å tette gapet mellom status og mål. For villrein er dette særleg relevant når det gjeld mål og tiltak knytte til skog- og arealbrukssektoren. Her vil det vere enkelte synergiar mellom arbeidet med å følgje opp villreinmeldinga og arbeidet for å nå klimamåla. For eksempel vil bevaring og restaurering av natur for å betre tilstanden for villrein også vere viktig for klimatilpassing og lagring av karbon. Fortetting og transformasjon av allereie utbygd areal framfor meir utbygging i urørt natur er eit viktig klimatiltak som òg vil vere positivt for villreinen, når alternativet er utbygging i villreinområda eller i randsona. Det er særleg relevant når det gjeld utbygging av fritidsbustader.

Meld. St. 26 (2022–2023) – Klima i endring – sammen for et klimarobust samfunn og Stortinget si behandling av denne, jf. Innst. 161 S (2023–2024), inneheld Noreg si plan for innsatsen for klimatilpassing på tvers av sektorane og tiltak på utvalde sektorområde for perioden 2024–2028. Innsatsen skal bidra til å gjere naturen og samfunnet i Noreg meir robuste i møtet med klimaendringane. Meldinga legg vekt på dei omfattande konsekvensane klimaendringane har for naturen, og den viktige rolla naturen har i klimatilpassinga. Med tanke på at villreinområda har eit samla areal på om lag 50 000 km2, er forvaltninga av dei viktig i denne samanhengen. Gjennom meldinga er det nasjonale målet for klimatilpassing utvida, slik at det også omfattar økosystema: «samfunnet og økosystemene skal forberedes på og tilpasses til klimaendringene».

Regjeringa skal hausten 2024 leggje fram ei klimamelding for perioden fram mot 2035. Klimameldinga skal vere heilskapleg og overordna og leggje langsiktige rammer for omstillinga av hele økonomien til lågutsleppssamfunnet. Klimameldinga skal bidra til ei kontinuerleg utvikling av klimapolitikken, i tillegg til å identifisere og leggje frem nye tiltak og verkemiddel for utsleppskutt og styrka opptak og lagring av karbon i økosystem. Klimameldinga skal ha ei tydeleg kopling til mål om naturmangfald og berekraftig arealforvaltning, og natur-, og miljøomsyn vil vere eit gjennomgåande tema i meldinga.

Friluftsliv

Friluftslivet er viktig i Noreg, og mange ferdast i villreinområda. Meld. St. 18 (2015–2016) Friluftsliv – Natur som kilde til helse og livskvalitet og Stortinget si behandling av denne, jf. Innst. 26 S (2016–2017), peiker på at i fjellområda er det særleg utfordringar knytte til forholdet mellom utbygging, motorisert ferdsel, friluftslivsaktivitetar og villreinen sitt behov for uforstyrra leveområde. Meldinga peiker på at gjennom god tilrettelegging kan i dei fleste tilfelle både villrein og friluftslivets behov bli dekte, og at tilrettelegginga kan styre det meste av ferdselen utanom viktige funksjonsområde for villrein, som kalvingsområde og trekkvegar. Det heiter også at konfliktreduserande tiltak som tilrettelegging og informasjon skal bli prioriterte framfor strengare reguleringar som avgrensar allemannsretten. Besøksstrategiar for nasjonalparkane og dei regionale villreinplanane vil vere viktige verktøy for val av trasear for stiar og løyper og for saker som gjeld turisthytter. Meldinga tar opp at mange stader er det ei utfordring å balansere ønsket om hyttebygging med landskaps- og miljøomsyn. Det blir særleg peikt på at det er viktig å ta vare på større og samanhengande friluftsområde i fjellet nær storbyane, og at det er viktig at kommunane definerer langsiktige utbyggingsgrenser, mellom anna mot snaufjell. Det skal takast omsyn til arealbehovet til friluftslivet og naturmangfaldet i fjellet utanfor verneområda, og derfor blir fylkeskommunar med fjellområde med stort utbyggingspress oppmoda til å utarbeide regionale planar som tar vare på større naturområde i fjellområda.

Energi

Regjeringa si energipolitikk er lagt fram i Meld. St. 11 (2021–2022) Tilleggsmelding til Meld. St. 36 (2020–2021) Energi til arbeid – langsiktig verdiskaping fra norske energiressurser, og byggjer vidare på Stortinget si behandling, jf. Innst. 446 S (2021–2022), og tidlegare meldingar om vindkraft og energi. Noreg må auke produksjonen av fornybar energi og bruke energien meir effektivt. Dette er avgjerande for at vi skal lukkast med det grøne skiftet, nå klimamåla og sikre tilgang på rimeleg og fornybar kraft. Vala i den langsiktige energipolitikken er likevel ikkje utan dilemma. Dei siste åra har vist at mange tiltak for å styrkje kraftforsyninga er omdiskuterte, også tiltak som er gjennomførte i villreinområde, og kan ha uakseptable konsekvensar for naturen eller lokalsamfunna. Dette er ei utfordring regjeringa no vil ta tak i.

Regjeringa har følgt opp Stortinget sitt oppmodingsvedtak nr. 143/2020 ved å endre energilova og plan- og bygningslova slik at kommunane frå 1. juli 2023 har fått ei større rolle i saker om vindkraftutbygging.

Regjeringa si energipolitikk er også beskrive i Prop. 1 S (2022–2023) Olje- og energidepartementet. Det går der fram at det framleis er store moglegheiter til utbygging av fornybar kraftproduksjon i Noreg. Regjeringa vil gjere gode vurderingar i konsesjonsbehandlinga for å leggje til rette for utbygging av lønnsam fornybar energi. All kraftproduksjon inneber samtidig miljøkonsekvensar. Noregs fornybare energiressursar skal forvaltast slik at dei kjem lokalsamfunna, nasjonen og dei framtidige generasjonane til gode. Vasskrafta si rolle blir viktigare i åra som kjem, sidan behovet for regulerbar og fleksibel kraftproduksjon aukar. Regjeringa vil leggje til rette for ei forsvarleg utnytting av potensialet for ny vasskraft. Regjeringa vil også leggje til rette for ei langsiktig utvikling av lønnsam vindkraft og sørgje for tilstrekkeleg nett til å overføre kraft. Det blir også lagt vekt på at sjølv om Noreg har god tilgang på energi i eit normalår, må energien nyttast på ein effektiv måte for at vi skal unngå unødige naturinngrep, mellom anna uønskte konsekvensar for villreinen og villreinområda. Mange effektiviseringstiltak kan også bidra til å redusere maksimalbelastninga i nettet og dermed behovet for nettutbyggingar.

Samferdsel

Den gjeldande nasjonale transportplanen for 2022–2033, jf. Meld. St. 20 (2020–2021), og Stortinget si behandling av denne, jf. Innst. 653 S (2020–2021), har ein nærmare omtale av nye vegprosjekt som kan starte opp i ein første seksårsperiode. Prosjektet E134 Røldal–Seljestad over Haukelifjell skal bidra til at E134 over Haukelifjell blir ei føreseieleg, sikker og effektiv transportåre mellom Austlandet og Vestlandet. Om vinteren er dagens veg ofte stengd i Håradalen. Sterk stigning og skarpe svingar fører til at store køyretøy set seg fast og hindrar trafikken. Ny veg i tunnel frå Røldal til Seljestad med betre vegstandard og stigningsforhold skal gjere vegen meir føreseieleg og framkomeleg og auke trafikktryggleiken. I tillegg blir sju skredpunkt utbetra langs den noverande vegen. Prosjektet er det første byggjetrinnet på strekninga frå Vågsli til Seljestad. Parsellen E134 Røldal–Seljestad kortar ned køyrelengda med 6,4 km og reduserer reisetida med om lag 18 minutt for tyngre køyretøy og om lag 12 minutt for personbilar. Kommunedelplanen blei vedtatt i 2008 og reguleringsplanen i 2019.

Landbruk og dyrehelse

Norsk landbruk forvaltar store delar av areala i Noreg gjennom jordbruk, skogbruk, reindrift og annan aktivitet. Mange av desse aktivitetane skjer i villreinområda eller i nærleiken av dei. Hausting av villrein og andre jaktbare viltartar er eit viktig grunnlag for næringsutvikling knytt til mellom anna jakt, jaktturisme og foredling av viltkjøtt. Utviklingsprogrammet for landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping har mellom anna som mål å få til auka vekst og verdiskaping innan lokalmat, reiseliv, reindriftsnæring, innlandsfiske, jaktturisme og viltkjøtt og annan ny næringsverksemd basert på ressursane i landbruket og reindrifta.

Å leggje til rette for bruk av beite- og jordressursane er sentralt for å nå målet om landbruk over heile landet. Dette gjeld òg i villreinområda. Husdyrbeiting i utmark bidrar til å skjøtte landskapet og det biologiske mangfaldet og til å halde utmarka open. Reindriftsnæringa er viktig for ta vare på samisk kultur, samfunnsliv og språk. Næringa nyttar utmarksressursar og har potensial for auka verdiskaping, særleg gjennom auka vidareforedling av reinkjøtt og formidling av reindriftssamisk kultur og levesett.

Førekomst av smittestoff i husdyr og mat som er produsert i Noreg, er låg samanlikna med dei fleste andre land. All mat som blir omsett i Noreg, skal vere trygg, også viltkjøtt, og det blir derfor lagt vekt på kontinuerleg overvaking, slik at tiltak kan setjast inn i tide.

Forsvar

I ein krevjande tryggingspolitisk situasjon og i lys av dei overordna måla for forsvarssektoren må sektoren sørgje for å halde oppe evna til å utføre Forsvarets oppdrag og oppgåver. Sektoren har eit samfunnsoppdrag som krev at ein er til stades og har trening og øving. Denne regjeringa satsar på Forsvar og vernebuing, og har gjennom dei siste statsbudsjetta styrka både bemanninga og øvingsaktiviteten i Forsvaret. Regjeringa tek sikte på å leggje fram ein ny langtidsplan for forsvarssektoren for Stortinget i løpet av våren 2024. Dette vil kunne påverke villreinområda. Behova i Forsvaret og den alvorlege tryggingspolitiske situasjonen gjer at vi treng ei langsiktig forplikting til å byggje opp forsvarsevna og auke aktivitetsnivået. Som nye tiltak for å bøte på ulempene vil sektoren sjå til at omsynet til villrein implementerast i skytefeltinstruksane til skytefelt og skytebaner som overlappar med villreinområde, og ha rutinar for varsling til Statens naturoppsyn når ein har transport til og frå anlegg. Dette vil i sum gjere at forsvarssektoren ikkje aukar den samla belastninga på villreinområda.

5.6 Gjeldande tilskotsregelverk

Tilskot for å vareta naturmangfald i kommuneplanlegginga

Kommunar kan søkje om midlar til planar og tiltak som bidrar til å styrkje arbeidet med naturmangfald. Utarbeiding av ein kommunedelplan for naturmangfald er eit viktig verkemiddel for å synleggjere naturmangfaldverdiane i planarbeidet til kommunane, og kommunane kan søkje tilskot til utarbeiding av ein slik plan. Frå 2024 er det også høve til å søkje om tilskot til revisjon av tidlegare vedteke kommunedelplan for natur, inkludert oppdatere kunnskapsgrunnlaget om naturmangfald, og tilskot til ein gjennomgang av eldre arealplanar og vurdere desse i tråd med oppdatert kunnskap om naturverdiar – såkalla planvask. Det er også gitt høve for kommunar til å søke om tilskot til å gjere tiltak i naturen for å betre naturmangfaldet.

Villreinfjellet som verdiskapar

Ordninga har som formål å stimulere til brei verdiskaping knytt til dei ti nasjonale villreinområda, særleg retta mot inn ulike delar av reiselivet. Ordninga skal bidra til at dei regionale planane blir gjennomførte på ein god måte, og til å utvikle og spreie kunnskap om villreinen og villreinfjellet til ulike målgrupper. Med brei verdiskaping siktar ein til økonomisk, miljømessig, sosial og kulturell verdiskaping.

Med utgangspunkt i den breie verdiskapinga vil det vere ei målsetjing å få til gode «vinn-vinn-prosjekt» som kan bidra til økonomisk verdiskaping i reiselivet og fungere som mildnande tiltak i område der det er identifisert utfordringar og konfliktar knytte til arealinngrep og menneskeleg aktivitet. Det er ein grunnleggjande føresetnad for prosjekta at dei ikkje aukar den negative belastninga på villreinen og sårbare leveområde.

Høvet til å søkje om og lokalisere prosjekt er i dag avgrensa til dei 60 kommunane som er omfatta av dei regionale planane for villreinfjella.

Tilskot til forvaltning av haustbare viltressursar og tilskot til viltformål

Ordninga er retta mot tiltak innanfor viltforvaltninga og primært knytt til haustbare viltartar, men òg til ikkje-haustbare viltartar. Viltfondsmidlar blir mellom anna brukte til dei statlege villreinnemndene og til bestands- og helseovervakingsprogram. Tilskot til viltformål skal òg dekkje tiltak i villreinforvaltninga, som drift av villreinområda, teljing av bestandar, overvaking, styrking av oppsyn og registrering i villreinområda og dessutan utvikling av driftsplanar. Innbetalte fellingsavgifter skal førast tilbake til det enkelte villreinområdet, og midlane skal disponerast av villreinnemnda.

Tilskot til Statskog SFs myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver

Ordninga omfattar tilskot til Statskog SF, som mellom anna skal leggje til rette for at folk flest skal kunne drive eit aktivt friluftsliv på areala til føretaket. Som ledd i dette arbeidet held føretaket ope husvære i fjellet, merkjer stiar og løyper og byggjer og driv vedlikehald av bruer, klopper, rasteplassar og fiskebryggjer. Statskog SF har eit nært samarbeid med miljø-, landbruks- og helsestyresmaktene og dei frivillige organisasjonane.

Tilskot til oppsyn i statsallmenningar

Ordninga omfattar tilskot til oppsyn i statsallmenningar. Statsallmenningane i Sør- og Midt-Noreg, som òg omfattar ein god del villreinareal, utgjer over 26 mill. dekar, tilsvarande 11 prosent av alt utmarksareal i Noreg. Fjelloppsynet skal følgje opp føresegner gitt i eller i medhald av fjellova og vere saksbehandlar for fjellstyra. Dette omfattar tilsyn med utøvinga av bruksrettane og jakt og fiske. Fjelloppsynet skal føre tilsyn med statsallmenningane på vegner av staten som grunneigar etter nærmare prioriteringar gitt av Statskog SF.

Tilskot til beitenæringa

Utmarksbeite er ein viktig del av fôrgrunnlaget i det norske jordbruket. I alt blir det hausta verdiar for om lag 1 milliard kroner kvar sommar. I 2022 fekk 1,9 millionar sauer, 263 000 storfe, 60 000 geiter og 8 000 hestar produksjonstilskot for meir enn 5 veker i utmark. Formålet med tilskotsordninga er å leggje til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, redusere tapet av dyr på utmarksbeite og fremje fellestiltak i beiteområda.

Aktuelle brukargrupper kan vere organisasjonar og næringsdrivande innanfor landbruk og reindrift, grunneigarar, hytteeigarar, turisme og idrettslag.

Eksempel på tilskot i denne ordninga er

  • investeringar knytte til utmarksbeite, for eksempel sperregjerde, sankeanlegg, saltsteinautomatar, ferister, bruer, gjetarhytter og elektroniske bjøller

  • planleggings- og tilretteleggingstiltak som utarbeiding av planar (mellom anna beitebruksplan, tiltaksplan, beredskapsplan) for utmarksbeite og vegetasjonskartlegging

Det blir også gitt driftstilskot til beitelag. Tilskotet skal gå til organisert tilsyn, sanking og andre fellestiltak knytte til utmarksbeite. Ordninga gjeld for sau, geit og storfe som beitar i utmark.

Besøkssenter for natur og verdsarv

Formålet med tilskotsordninga er å medverke til drift og utvikling av besøkssenter for natur og verdsarv, slik at sentra kan formidle kunnskap om natur og verdsarv til befolkninga. Ordninga gjeld for senter som er autoriserte som besøkssenter av Miljødirektoratet.

Tilskotet kan nyttast til mellom anna administrasjon, planlegging og gjennomføring av informasjonstiltak og naturrettleiing og til utvikling, kompetanseheving, utstilling og informasjon.

Fotnotar

1.

Brev 12. april 2007, ref: 2005/04990-14 Miljøverndepartementet.

2.

St.meld. nr. 21 (2004–2005) og St.meld. nr. 26 (2006–2007).

3.

SEA-direktivet/plandirektivet.

4.

Bråtå, H.O., Ericsson, B., Reimers, E. og Skjeggedal, T. (2014). Regionale planer for bruk og vern av villreinfjellene. Evaluering av prosess og planer. Østlandsforskning (ØF-rapport 2/2024).

5.

Kjørstad, M., Bøthun, S., Gundersen, V., Holand, Ø., Madslien, K., Mysterud, A., Nerhoel, I., Punsvik, T., Røed, K., Strand, O., Tveraa, T., Tømmervik, H., Ytrehus, B. og Veiberg, V. (2017). Miljøkvalitetsnorm for villrein. Forslag fra en ekspertgruppe. NINA Rapport 1400. Norsk institutt for naturforskning (NINA).

Til forsida