Meld. St. 18 (2023–2024)

Ein forbetra tilstand for villrein

Til innhaldsliste

8 Verkemiddel og tiltak for å nå måla om tilstanden til villreinen

8.1 Nullalternativet – forventa utvikling utan nye tiltak og verkemiddel

Regjeringa har vurdert ulike alternativ for å forbetre tilstanden til villreinen. Nullalternativet betyr i denne samanhengen at dagens politikk i villreinfjellet skal vidareførast, utan nye tiltak eller verkemiddel som blir foreslått i denne meldinga og i andre relevante prosessar. Her blir det vurdert kva for effekt nullalternativet vil ha for den forventa utviklinga av tilstanden i villreinfjella, og effekten blir sett i samanheng med måla for tilstanden til villreinen, som er:

  • å stoppe den negative utviklinga i villreinområda innan 2030

  • å oppnå minimum middels kvalitet for alle villreinområde innan 2050

  • å oppnå god kvalitet for alle nasjonale villreinområde innan 2100

Klassifiseringane av villreinområda etter kvalitetsnorma for villrein viser at 12 av 24 villreinområde i dag har dårleg kvalitet. Klassifiseringane viser også at årsaka til den dårlege kvaliteten varierer mykje mellom dei 12 aktuelle villreinområda, og der ein eller fleire av desse åtte måleparameterane er utslagsgjevande for den dårlege kvaliteten; trekkpassasjar, arealutnytting, lavbeite, meldepliktig sjukdom, genetisk variasjon, talet på vaksen bukk per simle, talet på kalv per simle og ungdyr og slaktevekt på kalv.

Omtalen i kapittel 7, som i stor grad er basert på klassifiseringane av villreinområda etter kvalitetsnorma for villrein, viser kva for påverknad som har ført til dårleg kvalitet etter dei åtte måleparametrane, og kvar dette er ei utfordring både i dag og i framtida, utan ny politikk.

Årsaka til tilfelle av dårleg kvalitet etter kvar av måleparametrane er varierande:

  • Slaktevekt kalv. Den dårlege kvaliteten kjem mellom anna av at bestandane tidlegare har vore for store, noko som har ført til overbeite, og deretter reduksjonsavskyting. Andre årsaker kan vere beitekonkurranse med husdyr, auka parasittbelastning og smitteoverføring ved saltslikkesteinar, ferdsel og ulike former for arealinngrep, slik som vasskraftutbyggingar, vegar og bygging av fritidsbustader. Vêr og klima kan også vere viktige påverknader.

  • Talet på kalv per simle. Dårleg kvalitet kan truleg komme av at bestandane tidlegare har vore store, noko som mellom anna førte til omfattande overbeite omkring 1960. Også arealinngrep og ferdsel som har ført til redusert tilgang på beiteområda, kan vere viktig. Det same gjeld vêr og klima.

  • Talet på eldre bukk. Dårleg kvalitet kjem i første rekkje av eit stort uttak av eldre bukk i samband med tiltak mot skrantesjuke.

  • Meldepliktig sjukdom. Dårleg tilstand kjem av skrantesjuke i desse områda.

  • Genetisk variasjon. Dårleg kvalitet kjem ofte av at bestandane stammar frå utsetting av ei handfull tamrein, og at det er manglande moglegheit for utveksling mellom villreinområda.

  • Lavbeite. Dårleg kvalitet kjem i hovudsak av vinterbeiteområde med lite lav.

  • Arealutnytting. Dårleg kvalitet kjem truleg i første rekkje av vegar og ferdsel, mellom anna som følgje av merkte stiar og oppkøyrde løyper, truleg i kombinasjon med motorferdsel i enkelte område. Tidlegare vasskraftutbyggingar og utbygging av fritidsbustader er også viktig.

  • Trekkpassasjar. Dårleg kvalitet kjem av ei rekkje former for arealbruk, der dei viktigaste er vasskraftutbyggingar, vegar, hytter, turisthytter og hotell, og auka ferdsel i samband med dette, tilrettelegging av merkte stiar og oppkøyrde løyper.

Omtalen i kapittel 7 viser at den negative utviklinga knytt til fleire av desse parametrane sannsynlegvis vil halde fram mot 2050, utan nye tiltak eller verkemiddel – nullalternativet. Dette er særleg aktuelt for parametrar som er relaterte til leveområde og menneskeleg påverknad, som følgje av ein vidare auke i bygginga av fritidsbustader og ulike former for ferdsel.

Omtalen i kapittel 7 viser også at nullalternativet kan føre til at område som i dag har middels kvalitet, vil kunne få dårleg kvalitet fram mot 2050, både på grunn av vidare menneskeleg påverknad og mellom anna spreiing av sjukdommar og parasittar og som følgje av klimaendringane.

Ny politikk er derfor nødvendig for å løyse dagens utfordringar i villreinfjellet og for å forbetre tilstanden til villreinen. Utan nye og forsterka tiltak og verkemiddel vil det ikkje vere mogleg å nå måla om tilstanden til villreinen. Regjeringa fremjar derfor i kapittel 8.2 politikk for å nå måla om tilstanden til villreinen.

8.2 Politikk for å nå måla om villreinens tilstand

Omtalen i kapittel 7 og kapittel 8.1 viser at det er nødvendig med ny politikk for å forbetre tilstanden til villrein. Utan ny politikk er det stort sannsyn for at den negative utviklinga vil halde fram. I dette kapittelet fremjar regjeringa derfor politikk som skal betre tilstanden til villreinen og villreinområda, i tråd med måla om villreinens tilstand, som er:

  • å stoppe den negative utviklinga i villreinområda innan 2030

  • å oppnå minimum middels kvalitet for alle villreinområde innan 2050

  • å oppnå god kvalitet for alle nasjonale villreinområde innan 2100

Regjeringa lyftar fram fem strategiske område for å nå desse måla og som saman skal svare ut og bidra til å løyse dei komplekse utfordringane i villreinfjellet. Dei fem strategiske områda er:

  1. heilskapleg og restriktiv arealforvaltning i villreinfjellet

  2. auka tilrettelegging av villreinvennleg ferdsel

  3. betre villreinhelse

  4. meir berekraftig bestandsforvaltning av villrein

  5. målretta restaurering av leveområda til villreinen

Under kvart av dei strategiske områda blir det foreslått ny politikk som skal føre til at måla for villrein kan bli nådde. Det er gjort nærmare greie for konsekvensane av denne politikken i kapittel 8.3. Vidare oppfølging av politikken er omtalt i kapittel 8.4.

Politikken som blir fremja i dette kapittelet, må også sjåast i samanheng med Noregs nye handlingsplan for naturmangfald, som skal leggjast fram som stortingsmelding hausten 2024, og også i samanheng med ny politikk for å redusere Noregs klimagassutslepp, som har stor betydning for forvaltning av areala i Noreg, og som blir fremja i ny klimamelding også i 2024.

Heilskapleg og restriktiv arealforvaltning i villreinfjellet

Manglande heilskapleg arealforvaltning av villreinfjellet, med utbygging og oppdeling av naturareal, er den viktigaste årsaka til den negative utviklinga for villreinen. Det blir derfor gjennom meldinga lagt opp til ein høg terskel for nye inngrep i villreinområda. Regjeringa meiner mellom anna det er nødvendig å etablere ei heilskapleg og restriktiv arealforvaltning i villreinfjellet, det vil seie både for dei 24 villreinområda og for dei områda utanfor villreinområda som påverkar areal som blir brukt av villreinen.

Ei meir heilskapleg arealforvaltning vil mellom anna bety at alle avgjerder og aktivitetar i villreinfjellet må sjåast i samanheng, og villreinomsynet må i større grad lyftast fram og vektleggjast, og som samstundes sikrar god ivaretaking av næringslivet og lokalsamfunnet. Som eit ledd i dette skal det leggjast til rette for meir samordning mellom sektorar og andre relevante aktørar, slik at samfunnet skal nå måla for villreinfjellet, mellom anna måla i denne meldinga for tilstanden til villreinen.

Ei restriktiv arealforvaltning betyr mellom anna at tiltakshierarkiet skal etterlevast i forvaltninga av villreinfjellet, med mål om å unngå eller avgrense naturinngrep, og setje i stand og om mogleg kompensere for øydelagt natur. Dette skal sjåast i samanheng med høg terskel for inngrep. Ein høg terskel utelukkar ikkje at inngrep kan tillatast dersom tungtvegande samfunnsinteresser tilseier det.

Klima- og miljødepartementet meiner, som i dag, at det er særleg viktig å ta vare på dei viktigaste funksjonsområda til villreinen, for eksempel kalvingsområde, sommarbeite, vinterbeite og trekkpassasjer. Dette vil i hovudsak gjelde innanfor villreinområda, men kan mellom anna også vere viktige trekkpassasjer mellom villreinområde.

Vidare viser Sametinget til at store arealinngrep i villreinområda kan føre til at villreinrein blir fortrengd ut frå beiteområda sine og trekkjer inn i område med samisk tamreindrift. Dette vil føre til utfordringar og meirarbeid for å avgrense og rydje opp i samanblandingar og også auke faren for spreiing av eventuell skrantesjuke. Regjeringa er einig med Sametinget i at forvaltninga av villrein sitt arealbehov ikkje bør medføre at villreinen trekkjer inn i område med samisk tamreindrift. Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL) meiner det er uheldig at det oppstår situasjonar med samanblanding av villrein og tamrein. Dette gjeld særleg i områda som blir brukt av tamreinlaga i Sør-Noreg. NRL ønskjer at tamreinnæringa blir gitt høve til å setje i verk nødvendige tiltak når slike situasjonar oppstår. Klima- og miljødepartementet har forståing for at det er uheldig med samanblanding av villrein og tamrein, og vil vurdere om det er behov for å gjere endringar i gjeldande regelverk.

Områdevern er eit effektivt verkemiddel for å ta vare på viktige leveområde for villrein. I oppfølginga av naturmangfaldmeldinga frå 2015 har det vore jobba med supplerande vern. Ein del av dette arbeidet handlar om nasjonalparkar, og her har det vore ein føresetnad om lokal tilslutning frå kommunane før utvidingsprosessar blir starta opp.

Andre arealbaserte verkemiddel er også viktige for at vi skal ta vare på areala i villreinfjellet, særleg innanfor dei avgrensa villreinområda.

I 2022 blei partane i konvensjonen om biologisk mangfald einige om den såkalla naturavtalen. Denne inneheld nye globale mål for å stoppe og reversere tapet av natur, medrekna eit mål om at minst 30 prosent av land og hav på jorda skal vere verna eller vere under anna bevaring innan 2030 (les meir om dette i kapittel 5.2). Det er ikkje berre verneområde som blir rekna med, ein kan og inkludere «andre effektive arealbaserte bevaringstiltak» (OECM).1 Det er lista opp fleire kriterium for at eit område skal kunne vere OECM. Beskyttelsen av området må vere effektiv og langvarig. Det er likevel ikkje eit absolutt forbod mot inngrep i OECM-område. Inngrep med ingen eller ubetydeleg verknad for villrein og anna naturmangfald er uproblematisk. For inngrep som er grunngitt i tungtvegande samfunnsinteresser og som får større negative verknader, må det bli sett vilkår om at trusselen mot villrein og anna naturmangfald som følgje av inngrepet blir så arealeffektivt og skånsamt som mogleg for naturen, gir minst mogleg naturbelastning og stiller krav til tiltakshavar om at naturen, der det er mogleg, skal restaurerast så raskt som mogleg. Gjennom tiltaka som blir foreslått i denne meldinga, blir dei 10 nasjonale villreinområda vurdert å kunne inngå i Noreg sitt bidrag til å nå det globale målet om minst 30 prosent bevaring av natur. Dette gjeld dei areala som er avgrensa som nasjonale villreinområde i dei regionale planane for villreinfjella, og som ikkje er verna. Innmelding av områda skal ikkje føre til ei ytterlegare restriktiv forvaltning av områda enn det som følgjer av politikken i kapittel 8.2. Regjeringa vil kome tilbake til oppfølginga av den globale naturavtalen i den komande naturmeldinga.

I den graden det likevel finst gode grunnar til å byggje ned naturareal i villreinfjellet, bør denne nedbygginga vurderast heilskapleg for areala i villreinfjellet knytt til det enkelte villreinområdet, og sjåast i samanheng med areal som eventuelt blir restaurert. Dette vil kunne bidra til at villreinen sin totale arealbruk ikkje blir redusert.

For å styrkje kunnskapen om leveområda til villreinen og endringar i arealbruk og økosystemtenester vil regjeringa lage ein tematisk naturrekneskap for villrein. Dette vil styrkje samfunnet sin kunnskap om leveområda og gi oversikt over utviklinga. Denne kunnskapen vil kunne vere særleg nyttig i lokal og regional arealplanlegging, men også for nasjonale prioriteringar.

Regjeringa vil:

  • Vurdere utviding av eksisterande nasjonalparkar der det er lokalt ønskje og aksept.

  • Lage ein tematisk naturrekneskap for villrein for å styrkje kunnskapen om leveområda til villreinen og endringar i arealbruk og økosystemtenester.

Staten har fleire roller i den konkrete forvaltninga av villreinfjellet. Han er overordna styresmakt for kommunane i arealplanlegginga etter plan- og bygningslova. I tillegg er staten sektorstyresmakt og utbyggar og avgjer spørsmål om bruk av areal gjennom ulike sektorregelverk. I første rekkje er det innan energi- og vassdrags-, mineral-, samferdsels- og forsvarssektoren at inngrep har eller potensielt kan få særleg betydning for tilstanden til villreinen.

For energi- og vassdragssektoren er det viktig å sjå verkemiddel og tiltak for berekraftig forvaltning av villrein opp mot den samfunnsnytta som dagens energiproduksjon i fjellområda i Sør-Noreg utgjer. Det er eit aukande behov for fornybar energi og regulerbar kraft. Det er viktig å oppretthalde og styrkje den fleksible og sikre kraftforsyninga som kraftanlegga bidrar til.

Styresmaktene skal vidareføre den restriktive praksisen med å gi konsesjon for energi- og vassdragsanlegg som kan komme i konflikt med villreinområde. Terskelen for å tillate nye anlegg og nett vil som eit utgangspunkt vere høgare enn for utviding av dei noverande. I dei tilfella det likevel blir gitt konsesjon, vil styresmaktene halde fram med å setje vilkår som tar omsyn til villreinen gjennom byggje- og driftsfasen, så langt det let seg gjere. Slike anlegg kan for eksempel vere nødvendige reinvesteringar av gamle kraftleidningar og opprustingar av eksisterande kraftanlegg.

Regjeringa vil:

  • Vidareføre at energi- og vassdragsstyresmaktene er restriktive med å gi konsesjonar til nye energiproduksjonsanlegg i villreinområde dersom anlegga har vesentleg negativ påverknad for villreinen, med mindre anlegget er viktig for andre vesentlege samfunnsomsyn, slik som forsyningssikkerheita og kraftbalansen.

  • Sikre at energi- og vassdragsstyresmaktene, i dei tilfella det likevel blir gitt konsesjon til nye energi- og vassdragsanlegg, set vilkår som tar omsyn til villreinen gjennom byggje- og driftsfasen, så langt det let seg gjere.

Regjeringa vil at eventuelle nye driftskonsesjonar til mineralutvinning skal vere så arealeffektive og skånsame som mogleg for naturen og stille krav til tiltakshavaren om at naturen skal reetablerast så raskt som mogleg. Minerallovutvalet foreslår i NOU 2022: 8 reviderte reglar for undersøking, der det i større grad enn i dag skal vurderast verknader for omgivnadene, naturen og så vidare før det blir gitt løyve til undersøking.

Regjeringa vil:

  • I samanheng med oppfølginga av NOU 2022: 8 Ny minerallov vurdere om det skal innførast særskilde varslingsreglar for mineralaktivitet i villreinområde for å ta omsyn til villrein.

  • Be Noregs forskingsråd vurdere behovet for forsking på og kunnskap om korleis mineralaktivitet påverkar villrein.

  • Leggje til rette for ei meir heilskapleg regulering av undersøkingsfasen for mineralprosjekt. Dette vil gjere at det blir enklare å vurdere verknader av undersøkingar på villrein og tilpasse løyva til slik aktivitet til villreinen sitt behov gjennom mellom anna avgrensingar i område, tidspunkt og metodar for undersøkingar.

  • Ta omsyn til villrein i behandlinga av arealplanar for mineralutvinning og i vurderinga av om søknader om driftskonsesjon etter minerallova skal bli innvilga.

  • I saker der det blir tildelt driftskonsesjon etter minerallova i villreinområda skal det bli teke nødvendige omsyn til villrein gjennom for eksempel bøtande tiltak, tilpassingar i drifta mv.

  • Leggje til rette for at det blir tatt omsyn til villrein ved revisjon av eksisterande driftskonsesjonar etter minerallova i villreinområde.

Når ein skal utarbeide planar for nye vegar og jernbaner som går gjennom villreinområde eller i nærleiken av dei, er det nødvendig å ta eit aukande omsyn til villreinen. For eksisterande veg og bane er ulike tiltak aktuelle, mellom anna bygging av tunnelar, viltovergangar eller snøoverbygg, vinterstenging av vegar, anten permanent eller mellombels, fjerning av fysiske hinder og brøytekantar for å gjere det lettare for villrein å krysse veg, etablering av stoppforbod på enkelte vegstrekningar for å minimere ferdsel i områda og så vidare. Regjeringa har mellom anna vedtatt å byggje ein ny tunnel på E134 over Haukeli, noko som vil bidra til å auke utvekslinga av villrein mellom Hardangervidda og Setesdal Ryfylke.

Regjeringa vil:

  • Greie ut tekniske løysingar som forbetrar tilstanden til villreinen, ved utarbeiding av planar for alle nye samferdselsanlegg i definerte villreinområde.

  • Utgreiing av tunnel-løysningar som betrar tilstanden for villrein skal inngå i all planlegging, der det er relevant. Kostnader og forventa nytte for villreinen og samfunnet skal på vanleg måte avvegast ved relevante avgjerdspunkt.

  • Gjenoppta prosjektet med mellombels vinterstengd riksveg 7 over Hardangervidda når det er kontroll med skrantesjuke i Nordfjella og på Hardangervidda. Kostnader og konsekvensar vil bli vurderte.

  • Omsyn til villrein blir innarbeidd i alle relevante nye driftskontraktar for riksvegar.

  • Vegnormalane sin fleksibilitet blir nytta til å innarbeide villreinomsyn i planlegging og gjennomføring av vegtiltak.

  • Be Statens vegvesen og andre vegforvaltarar som er ansvarleg for å drifte statlege vegar, gå gjennom alle driftskontraktar som er knytte til vegar som går igjennom villreinområde, og vurdere behovet for å innføre overnattingsforbod for bubil, stenging av gjeldande parkeringsplassar, forbod mot parkering langsmed vegen m.m. av omsyn til villrein.

Forsvarssektoren vil ta inn omsynet til villrein i skytefeltinstruksane til alle skytefelt og skytebanar som overlappar med villreinområde. I Forsvarets anlegg ved Hjerkinn er det rutinar for varsling til Statens naturoppsyn når det er transport til og frå anlegget. Dette har overføringsverdi til dei andre anlegga, og forsvarssektoren vil implementere slike rutinar framover også her. Forsvaret vil vidareføre den etablerte praksisen med å gjere bøtande tiltak før og under øvingar for ikkje å forstyrre villreinen.

Regjeringa vil:

  • Redusere belastninga på villrein gjennom framleis miljøbevisst planlegging og gjennomføring av aktivitetar i forsvarssektoren.

Kommunane er lokal planstyresmakt, og avgjerdene deira om den lokale arealforvaltninga har direkte konsekvensar for villrein, både gjennom utbygging av naturareal og auka ferdsel inn i villreinområda frå utbygde areal. Ei manglande oversikt over summen av all utbygging inneber at kommunane imellom finn det utfordrande å sjå konsekvensane av lokale enkeltvedtak i samanheng med den totale mengda inngrep i villreinfjellet.

For å bidra til ei meir målretta og samordna arealforvaltning har regjeringa mellom anna utforma forslag til nye statlege planretningslinjer for areal og mobilitet som blei send på allmenn høyring 13. mars 2024. Desse inneheld nasjonale føringar for kommunal og regional arealforvaltning i villreinfjellet. Planretningslinjene skal sikre at fylkeskommunar og kommunar tar nødvendige omsyn i arealplanlegginga, slik at villreinområda ikkje i særleg grad blir forringa eller går tapt gjennom arealendringar og nedbygging. Det er derfor foreslått at retningslinjene skal gjelde både innanfor villreinområda og i dei områda utanfor villreinområda som på ulike måtar påverkar areal som blir brukt av villrein. Retningslinjene skal også sikre at omsynet til villrein blir tilstrekkeleg vektlagt i avveginga mot andre samfunnsomsyn, slik at arealforvaltninga bidrar til at vi når måla som er sette for tilstanden til villreinen i denne meldinga. Det er viktig at dei generelle føringane for villreinfjellet som står i dei statlege planretningslinjene, blir gjennomførde på ein god måte i den regionale og kommunale arealplanlegginga. Planretningslinjene vil få betydning for vurderinga av motsegner og innvendingar til regionale og kommunale arealplanar.

Det er også behov for meir kunnskap og betre rettleiing om kva som er god landskapsøkologisk planlegging i villreinfjella, mellom anna korleis omsyn til trekkvegar, kalvingsområde og beiteområde skal ivaretakast betre i regional og kommunale planlegging. Klimaendringar og variasjonar over år må også takast omsyn til.

Fylkeskommunen har ei viktig rolle i å rettleie kommunen mot ein heilskapleg arealforvaltning i dei enkelte regionane, og regionale planar er det overordna verkemiddelet fylkeskommunen nyttar i denne rolla.

Dei regionale planane for villreinfjellet er viktige for å sikre heilskapleg arealforvaltning på tvers av kommunegrenser og hindre bit-for-bit-nedbygging. Med unntak av Norefjell-Reinsjøfjell er det berre dei ti nasjonale villreinområda som i dag er omfatta av ein regional plan for villreinfjellet. Regjeringa si vurdering er at dei regionale planane har vore eit godt styringsverktøy for dei nasjonale villreinområda. Regjeringa meiner derfor at regionale planar kan vere eit nyttig verktøy for dei andre villreinområda, slik at alle dei 24 villreinområda er dekte av regionale planar. Unntak kan vurderast for dei aller minste villreinområda.

Det kan også vere nødvendig å oppdatere dei gjeldande regionale planane for villreinfjellet med tanke på ny kunnskap om tilstanden til villreinen og effekten av ulike påverknader. Ved revidering av planane bør dette då skje ved styrkt vektlegging av omsynet til villreinen og måla for villreinen sin tilstand, og det bør leggjast til rette for mindre utbygging enn i dag i desse områda. Som del av regional plan skal det også utarbeidast eit handlingsprogram for gjennomføring av planen. Handlingsprogrammet skal vedtakast av den regional planstyresmakta. Behovet for rullering av handlingsprogrammet skal vurderast årleg. Det er viktig at det blir sørgt for god samordning mellom tiltaksplanar etter kvalitetsnorma for villrein og handlingsprogramma i planane.

Regjeringa vil:

  • Oppfordre fylkeskommunane til å revidere eksisterande regionale planar på grunnlag av klassifiseringa etter kvalitetsnorma og tiltaksplanar for villreinen med sikte på betre ivaretaking av villreinen sine leveområde.

  • Vurdere behovet for å utarbeide regionale planar for dei øvrige villreinområda slik at samtlege 24 villreinområde er dekte av regionale planar.

For at vi skal lukkast med ei heilskapleg og restriktiv arealforvaltning i villreinfjellet, er det viktig å ha ei realistisk oversikt over kva for areal ein planlegg å byggje ut, ut ifrå dagens kunnskap om tilstanden til villreinen. Manglande kunnskap om planlagte utbyggingar gir eit dårlegare avgjerdsgrunnlag enn eit godt, både for lokale, regionale og sentrale planstyresmakter.

Kommunar har sett av store areal til utbygging i planane sine, og den samla tomtereserven for fritidsbustader i leveområda til villreinen er 109,2 km2. Dette inneber eit stort samla utbyggingspotensial. Både omfanget av arealreservar og ny kunnskap om villreinen tilseier at det er behov for å revidere dei gjeldande utbyggingsplanane. Det er særleg behov for å vurdere område som er sette av til fritidsbustader, og som enno ikkje er bygde ut. Gamle kommuneplanar og reguleringsplanar bør gjennomgåast og oppdaterast med bakgrunn i ny kunnskap om konsekvensar for villrein, slik at planane bidrar til å nå måla i denne meldinga for tilstanden til villreinen.

Det er òg nødvendig med meir kunnskap om årsaka til at eksisterande kommunale og regionale planar ikkje har lukkast med å snu den negative utviklinga for villrein, jf. klassifiseringane av villreinområda etter kvalitetsnorma. Det er derfor behov for å evaluere regionale og kommunale planar for at vi skal få meir kunnskap og kunne gi betre rettleiing. Denne kunnskapen kan mellom anna liggje til grunn ved revidering av kommuneplanar og regionale planar og ved utarbeiding av nye regionale planar.

Det er arbeidd med å betre metodikken for konsekvensutgreiingar av planar og tiltak i leveområda til villreinen. Dette vil bidra til eit betre vedtaksgrunnlag og må følgjast opp med styrkt rettleiing.

Det skal bli lagt betre til rette for interkommunalt samarbeid for å styrkje kunnskapen til kommunane og kompetansen og samordninga i forvaltninga av villreinfjellet.

Regjeringa vil:

  • Oppfordre kommunane ved revidering av kommuneplanen sin arealdel å ta omsyn til ny kunnskap om villreinen sin arealbruk og oppdaterte regionale planar. Dette bør inkludere å gjere ei vurdering av ikkje realiserte område til fritidsbusetnad, for mogleg endring til LNFR-formål.

  • Evaluere regionale og kommunale planar i villreinfjella.

  • Styrkje rettleiinga om konsekvensutgreiingar for overordna planar og for konkrete prosjekt/tiltak og reguleringsplanar i leveområda til villreinen.

Fylkeskommunane og statsforvaltarane skal rettleie kommunane i korleis dei kan planleggje slik at måla i denne meldinga for tilstanden til villreinen kan bli nådde. Både fylkeskommunane og statsforvaltarane sit på god kompetanse og heilskapleg kunnskap om kva for utfordringar det er i villreinfjellet, og kva som skal til for å betre tilstanden for villrein. Det same gjeld Norsk villreinsenter, som også vil kunne hjelpe dei kommunane som ønskjer det, i dette arbeidet.

Kommunal- og distriktsdepartementet og Klima- og miljødepartementet skal også vidareføre samarbeidet med fylkeskommunane, statsforvaltarane og andre, for å sikre ei god oppfølging av dei regionale planane.

Fylkeskommunen og statsforvaltaren har også ei viktig rolle i å kontrollere at lokale avgjerder er i tråd med nasjonale føringar. Inntil måla i denne meldinga for tilstanden til villreinen er nådde, må det leggjast vesentleg vekt på omsynet til villreinen når det er konflikt med andre samfunnsomsyn, for eksempel utbyggingsinteresser. Klima- og miljødepartementet vil fortsatt leggje til grunn ei låg grense for innvendingar og motsegner i villreinfjellet dersom kommunane ikkje følgjer opp måla for tilstanden til villrein i sine regionale og kommunale arealplanar.

Regjeringa vil:

  • Vidareføre nettverk for fylkeskommunar og statsforvaltarar i fylke med villrein.

Kartforteljingane som Norsk villreinsenter har utarbeidd for klassifisering av alle villreinområda etter kvalitetsnorma, er eit særleg viktig kunnskapsgrunnlag som blir oppdatert kvart fjerde år. Dette omfattar mellom anna utpeiking, avgrensing og vurdering av fokusområde der det er konfliktar mellom villreinen sin arealbruk og menneskeleg arealbruk, i samarbeid med lokale ressursgrupper. Villreinsenteret er i dag eit viktig bindeledd mellom forsking og forvaltning i samband med arbeidet til kommunen med å sikre leveområda til villreinen, og det bør òg vere det i tida framover.

Villreinsenteret har også ei viktig rolle som sekretariat og kunnskapsleverandør for arbeidet med tiltaksplanar etter kvalitetsnorma. Både kartlegginga av villreinområda og arbeidet med tiltaksplanar har hittil vore prosjektbasert med korte kontraktar og små ressursar. Det er likevel behov for ei kontinuerleg oppfølging av desse arbeidsoppgåvene, som er heilt sentrale i det heilskaplege kunnskapssystemet for leveområda til villreinen. Dette gjeld også når tiltaksplanane skal implementerast, då kan villreinsenteret bistå i samband med gjennomføring av tiltak og evaluere effektar.

Norsk villreinsenter har også fått ei rolle som sekretariat og koordinering av regionale FoU-prosjekt og leiing av dialogprosessar for nedkjemping av skrantesjuke på Hardangervidda og reetablering av villreinstammen i Nordfjella sone 1. Villreinsenteret har også fått ei særskild rolle som rådgivar og rettleier for prosjekta i programmet «Villreinfjellet som verdiskapar», eit arbeid som ikkje har blitt følgt opp i tilstrekkeleg grad på grunn av ressursmangel.

Regjeringa vil:

  • Styrkje villreinsenteret si rolle som kunnskapsbank og kompetansesenter, slik at dei kan bistå aktuelle kommunar og fylkeskommunar i arealplanarbeid, og etablere ei fast organisering slik at villreinsenteret betre kan vareta rolla si.

  • Greie ut udekte rådgivings- og rettleiingsbehov som går ut over det statsforvaltarane har i dag, med sikte på at dette kan bli ivaretatt av villreinsenteret.

Satsinga på meir bruk av regionale og kommunale planar fører til auka arbeidsbelastning for aktuelle kommunar og fylkeskommunar. Fordi fleire kommunar og fylkeskommunar kan finne det vanskeleg å prioritere dette arbeidet, bør ein greie ut ei tilskotsordning som dei kan søkje på.

Etter at dei regionale planane for 10 nasjonale villreinområde var fastsette, blei det i 2017 etablert to europeiske villreinregionar med eit tilhøyrande verdiskapingsprogram: «Villreinfjellet som verdiskapar». Denne tilskotsordninga skal bidra til brei verdiskaping i dei 60 kommunane som er omfatta av dei regionale planane, og skal medverke til handlingsprogramma i planane blir gjennomførte. Ordninga har så langt vore særleg innretta mot reiselivet. Det har blitt gitt tilskot til meir enn 40 større og mindre prosjekt. For å auke utbyttet av prosjekta vil Klima- og miljødepartementet vurdere om ordninga frå no av bør omfatte alle dei 24 villreinområda, jf. at dei fleste villreinområda bør få regionale planar. Det bør også vurderast om kravet til eiga eller anna finansiering bør reduserast frå dei 50 prosentane som gjeld i dag.

Regjeringa vil:

  • Greie ut tilskotsordningar for fylkeskommunar og kommunar for å gjere det enklare å gjennomføre planprosessar som kan bidra til å nå måla om tilstanden til villreinen

Regjeringa ønskjer å sjå nærmare på korleis villreinnemndene kan få ei tydelegare rolle i arealsaker som gjeld villreinområde, og der villreinnemndene er underlagde Klima- og miljødepartementet i desse sakene. Villreinnemndene med sekretariat har inngåande kunnskap om arealbehovet til villreinen og det forholdet han har til økosystemet, og dei har også god kunnskap om ulike lokale og regionale samfunnsforhold som er relevante for det enkelte villreinområdet. Ein tydelegere rolle for villreinnemnder i arealsaker vil kunne føre til ein betre balanse mellom arealbruk og bevaring av villreinområda.

Regjeringa vil:

  • Greie ut korleis villreinnemndene kan få ei tydelegare rolle i arealsaker som gjeld villreinområde, i saker der villreinnemndene vil vere underlagt Klima- og miljødepartementet.

Auka tilrettelegging av villreinvennleg ferdsel

Menneskeleg ferdsel er ei stor utfordring for villreinen og dei moglegheitene han har til å flytte seg fritt innanfor villreinområda. Mange som bruker villreinfjella forstyrrar villreinen fordi dei verken har kunnskap om eller har fått informasjon om korleis omsyn til villreinen kan bli varetatt. Regjeringa ønskjer å leggje til rette for at så mange som mogleg bruker norsk natur til friluftsliv, jakt, fiske, sanking og annan rekreasjon. Det blir derfor ikkje sett i verk generelle tiltak for direkte å redusere ferdsel til fots i villreinområda, men det skal vere auka tilrettelegging av meir villreinvennleg ferdsel. Det betyr særleg å styrkje arbeidet med å kanalisere ferdselen vekk frå område som er viktige for villrein, og ut mot område der ferdselen ikkje forstyrrar villreinen, for eksempel randområda eller andre fjellområde utan villrein.

Regjeringa ønskjer å bruke minst mogleg inngripande verkemiddel for å kanalisere ferdselen. Informasjon og rettleiing vil derfor vere eit særleg viktig verkemiddel for å endre befolkninga si ferdselsåtferd i villreinfjellet. Dette inkluderer mellom anna rettleiing og skilting om kva område og på kva tider av året det er ønskjeleg med minst mogleg ferdsel, og å nå ut til dei som ferdast, med informasjon om konsekvensen av ulike former for ferdselsaktivitet. For at vi skal lukkast med dette er det relevant med eit auka og meir målretta samarbeid med fylkeskommunane, kommunane og andre lokale og regionale aktørar i villreinfjellet.

Mange av turisthyttene i villreinfjellet er eigde eller drifta av ulike friluftsorganisasjonar. Store deler av sti- og løypenetta blir også drifta av desse organisasjonane. Dette er infrastruktur som har stor betydning for kvar folk ferdast. For at vi skal lukkast med å kanalisere menneskeleg ferdsel vekk frå område som er viktige for villrein, er det viktig med ein god dialog med desse organisasjonane. Klima- og miljødepartementet har derfor etablert eit samarbeid med friluftsorganisasjonar, med mål om å finne ei felles løysing for meir villreinvennleg ferdsel.

Regjeringa vil:

  • Sørgje for meir informasjon og rettleiing i villreinområda, i samarbeid med lokale og regionale aktørar, med sikte på større oppslutning om meir villreinvennleg ferdsel.

  • Setje i verk eit arbeid som viser korleis informasjons- og rettleiingsbehovet i villreinområda for ei meir villreinvennleg ferdsel kan løysast, eksempelvis gjennom tilføring av informasjonsressursar til nasjonalparkstyre i villreinområde slik at dei kan drive eit meir aktivt og publikumsretta arbeid.

  • Samarbeide med sentrale friluftsorganisasjonar for å sikre betre kanalisering av ferdsel i villreinområda.

Der informasjon og rettleiing ikkje er tilstrekkeleg, vil regjeringa vurdere verkemiddel som i større grad enn i dag gir høve til å setje i verk restriksjonar på menneskeleg ferdsel. Slike restriksjonar på ferdsel kan skje på mange nivå, alt frå at det blir fastsett enkle føresetnader for å ferdast i eit område til forbod mot ferdsel. Eit aktuelt verkemiddel kan vere å innføre ein ny heimel for å fastsetje tids- og arealavgrensa ferdselsrestriksjonar i delar av villreinområdet, som kan vedtakast på kort varsel i akutte situasjonar. Dette kan for eksempel omfatte å fastsette føresetnader for ferdsel og/eller ferdselsforbod i kalvingsområde i kalvingstida eller på ein sti der ferdselen hindrar villreinen i å flytte seg til viktige beiteområde. Det skal i samband med dette også greiast ut om det i særlege tilfelle kan vere grunn til å regulere ulike former for aktivitet, for eksempel motorisert ferdsel, hausting og anna uttak av viltlevande dyr, organisert aktivitet og så vidare. Eventuell bruk av slike verkemiddel må følgjast opp med god informasjon til dei som ferdast i villreinområda. Eit anna aktuelt verkemiddel regjeringa vil greie ut, er å etablere forskrifter for varige ferdselsrestriksjonar i geografisk avgrensa soner. Dette kan mellom anna vere aktuelt for område som er viktige for villreinen i ein lengre periode av året, og der nærliggjande infrastruktur eller liknande skaper mykje menneskeleg aktivitet i desse områda og i nærleiken av dei.

Regjeringa vil:

  • Greie ut forslag til nye verkemiddel med heimel i naturmangfaldlova for å kunne innføre både tidsavgrensa og varige ferdselsrestriksjonar ved behov.

Motorisert ferdsel utgjer ei særskild utfordring, fordi det gir lengre rekkjevidde inn i villreinområda. Det er nødvendig med ei heilskapleg forvaltning av motorferdsel i villreinområda, slik at det samla omfanget ikkje blir for stort.

Ofte er det eit utstrekt vegnett i store delar av villreinområdet, mellom anna i form av anleggsvegar for utbygging av vasskraft og landbruksvegar. Fleire av desse vegane strekkjer seg relativt langt inn i villreinområda og er ofte tilgjengeleg for motorisert ferdsel, noko som bidrar til auka ferdsel som gjer at villreinen vil unngå å bruke områda rundt desse vegane. Regjeringa ønskjer å redusere totalomfanget av motorferdsel på slike vegar i villreinområda. Dette gjeld ikkje for nyttekøyring, som køyring i samanheng med landbruksverksemd eller vedlikehald og reparasjonar av vassmagasin.

Når det gjeld anleggsvegar, er det ofte konsesjonæren sjølv som vil kunne leggje restriksjonar på motorisert ferdsel. Elles er det energi- og vassdragsstyresmaktene som kan innføre desse restriksjonane. Energi- og vassdragsstyresmaktene vil halde fram med å behandle enkeltsaker om ferdselsrestriksjonar på anleggsvegar med omsyn til villrein. Omsynet til villreinen må mellom anna vurderast opp mot andre brukarinteresser, private rettar og andre tiltak. Når det gjeld landbruksvegar, ønskjer regjeringa å oppmode vegeigaren til å vurdere tiltak for å redusere motorferdsel. Det er relevant med ein heilskapleg gjennomgang av relevante anleggsvegar og landbruksvegar i samband med arbeidet med tiltaksplanar etter kvalitetsnorma for villrein.

Motorisert ferdsel i utmark er i utgangspunktet ikkje tillate. Kommunane, nasjonalparkstyra og dei tre tilsynsutvala på Hardangervidda har likevel myndigheit til å gjere unntak frå det generelle forbodet mot motorisert ferdsel i utmark. I villreinområda omfattar dette i hovudsak bruk av snøskuter utanfor veg. I dag manglar det ei heilskapleg planlegging av motorferdsel i utmark i villreinområda. Det har ført til ulik praksis og i enkelte tilfelle eit omfang av motorisert ferdsel som påverkar tilstanden til villreinen negativt. Derfor må ein i større grad samordne praksisen i kommunane, nasjonalparkstyra og tilsynsutvala på Hardangervidda, slik at vi får ein heilskapleg og lik praktisering av løyve og krav til motorisert ferdsel. Dette kan bety at det bør leggjast til rette for samarbeids- og dialogforum mellom desse styresmaktene. Klima- og miljødepartementet ønskjer også å greie ut eit felles digitalt system for saksbehandling og rapportering i samband med slike løyve til motorferdsel i utmark i villreinområda.

Regjeringa vil

  • Sørgje for at det i samband med tiltaksplanane blir gjort ein systematisk gjennomgang av anleggsvegar i villreinområda og påverknaden deira på villrein, for å få redusert motorisert ferdsel som ikkje er knytt til nyttekøyring.

  • Sørgje for at det i forbindelse med tiltaksplanane gjerast ei systematisk gjennomgang av landbruksvegar i villreinområda, for å få redusert motorisert ferdsel som ikkje er knytt til nyttekøyring.

  • Arbeide for at løyves- og dispensasjonspraksis når det gjeld motorferdsel i utmark i villreinområda blir betre tilpassa villreinen sitt behov og meir samordna, mellom anna gjennom rettleiing av kommunar og forvaltningsstyresmakter for verneområde.

Det er i dag ei strengare regulering av ulike former for ferdsel innanfor enn utanfor nasjonalparkane. I verneforskriftene er det meldt kva typar aktivitetar som er tillatne i det enkelte verneområdet og kva ein må søke om å få løyve til. Relativt moderne former for ferdsel er i nokre tilfelle lite regulert. Eit eksempel på dette er kiting. Andre eksempel er digitale turstiar og turløp og ulike typar aktivitetar som er organiserte gjennom sosiale medium eller liknande, og som er av større omfang. Regjeringa ønskjer å modernisere verneforskriftene for villreinområda, slik at dei tar høgde for slike former for ferdsel.

Regjeringa vil:

  • Setje i gang eit arbeid der det blir vurdert endringar i reglane for ferdsel i verneforskrifter for nasjonalparkar med villreinformål, med sikte på betre ivaretaking av villrein.

Regjeringa meiner at kommunane på eit generelt grunnlag bør planleggje for ei meir berekraftig besøksforvaltning i villreinområda og vurdere aktivt korleis ferdsel kan kanaliserast til område som ikkje er viktige for villrein. Dette kan mellom anna sjåast i samanheng med sti- og løypeplanar. Slike planar blir utarbeidde i kommunar som er omfatta av ein regional plan for villreinfjellet. Nasjonalpark- og verneområdestyra skal også prioritere arbeidet med å få på plass forvaltningsplanar og rullere dei. Dei skal også få på plass besøksstrategiar i alle verneområde der det er behov for dette.

Regjeringa vil:

  • Oppfordre fylkeskommunar og kommunar til å leggje til rette for berekraftig besøksforvaltning og utarbeide heilskaplege sti- og løypeplanar for å kanalisere ferdsel til område som ikkje er viktige for villreinen.

  • I samband med oppfølginga av NOU 2023: 10 Leve og oppleve – Reisemål for ei berekraftig framtid, vurdere korleis besøksforvaltning og reisemålsleiing kan bidra til å ta vare på omsynet til villreinen.

Betre villreinhelse

Regjeringa ønskjer ei betre villreinhelse, både i dag og i framtida. For å lukkast med dette treng vi betre kunnskap om kva dyresjukdommar og -parasittar som finst i villreinområda og i nærleiken. Dette inkluderer kunnskap om potensialet for smitteoverføring mellom ulike artar, slik som mellom villrein og tamrein, sau og anna hjortevilt. Det er også avgjerande med betre kunnskap om korleis dei ulike sjukdommane og parasittane påverkar tilstanden til villreinen, og korleis dette igjen er relatert til andre påverknader som villreinen er utsett for, slik som klimaendringar. Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet vil derfor leggje til rette for kunnskapsinnhenting som gjer forvaltninga betre i stand til å setje i gong effektive tiltak mot sjukdommar og parasittar som påverkar villrein negativt. Ein bør setje i verk tiltak så tidleg som mogleg, gjerne før sjukdommen eller parasitten får fotfeste i eit villreinområde.

Regjeringa vil:

  • Sikre gode sjukdomsførebyggjande tiltak, samt fortsett effektiv handtering og nedkjemping av alvorlege sjukdomsutbrot.

Klassisk skrantesjuke er den mest alvorlege dyresjukdommen som vi så langt har dokumentert på villrein i Noreg. Regjeringa sin strategi er så langt det er mogleg å avgrense spreiinga og om mogleg utrydde klassisk skrantesjuke i Noreg.

Det er indikasjonar på at mellom anna beitekonkurranse mellom sau og villrein kan vere ei medverkande årsak til lave kalvevekter i enkelte område. Dette er noko det er behov for meir kunnskap om. Regjeringa meiner også at det er viktig å gå i dialog med beitenæringa, med mål om å finne fram til felles løysingar for mellom anna romleg fordeling av beitedyr og sjukdomsførebyggjande tiltak tilpassa dei lokale forholda. Og at beitenæringa på ein god måte blir tatt vare på samtidig som ein bidrar til å betre tilstanden til villreinen. Kunnskapsgrunnlaget for det enkelte villreinområdet må liggje til grunn for eventuelle tiltak.

Landbruksnæringa har lang tradisjon for bruk av utmark i både fjellet og i lågareliggjande skogsområde, både i form av setring, tamreindrift, skogsdrift og andre utmarksnæringar. Beitebruk er viktig for å utnytte beiteressursane og sikre eit variert beite for husdyr. Beite i utmark bidrar også til å oppretthalde kulturlandskapet og hindre attgroing. Innanfor fleire av dei nasjonale villreinområda lever villreinen i sameksistens med beitedyr delar av året. Arealbruk og husdyrbeite kan vere ei utfordring i enkelte villreinområde. Dette heng mellom anna saman med talet beitedyr og i kva for område det blir beita, arealbruken til villreinen, samt storleik og kondisjon på reinen generelt. Det er behov for meir kunnskap om og i tilfelle korleis husdyrbeite påverkar villreinen i dei enkelte områda.

Regjeringa meiner også det er viktig at preventive tiltak mot fleire dyresjukdommar og -parasittar blir sett i gong raskt. Saltslikkesteinar til husdyr har truleg eit særleg stort potensial for spreiing av sjukdommar og parasittar. Det er grunn til å sjå på om ein skal regulere nærare talet på saltslikkesteinplassar, samt plasseringa av slike plassar. Det bør utgreiast mogleg alternativ til å bruke salt, slik som for eksempel ulike teknologiske løysingar som forenklar tilsyn og sanking.

Regjeringa vil:

  • Inngå samarbeid med beitenæringa om felles kunnskapsutfordringar knytt til beite for å redusere eventuelle negative påverknader av beitedyr i enkelte villreinområde. For eksempel kan det vere behov for å vurdere konkrete tiltak som plassering, utsetjing og reduksjon av talet saltsteinplassar, samt parasittbehandling før beiteslepp.

Meir berekraftig bestandsforvaltning av villrein

Det er viktig med ei adaptiv bestandsforvaltning av villreinen, det vil seie at det blir gjort endringar i forvaltninga på bakgrunn av god og oppdatert kunnskap. Det er i dag god kunnskap om lokal bestandsforvaltning i villreinområda. Utfordringsbiletet er likevel stadig meir komplekst. Derfor kan det vere behov for tilpassingar i forvaltningsstrategiane for å sikre ei langsiktig og meir berekraftig bestandsforvaltning av villrein.

Det er mellom anna viktig at talet på villrein i eit villreinområde ikkje overstig bereevna i området. Sjølv om dette i hovudsak er styrt av beitegrunnlaget i villreinområda, er klimaendringar, arealbruksendringar og ferdsel sentrale faktorar som i stadig større grad påverkar kor mykje beite som er tilgjengeleg for villreinen innanfor eit villreinområde. Det er behov for meir kunnskap om dette. Etter kvart som regjeringa sin politikk med ei heilskapleg arealforvaltning og auka naturrestaurering blir følgd opp, og villreinen får meir tilgjengeleg areal som kan nyttast, kan det vurderast om talet på dyr i aktuelle villreinområde kan auke.

Regjeringa ønskjer også å vurdere om villreinutvala og villreinnemndene bør får nye oppgåver i bestandsforvaltninga av villrein, slik at måla i denne meldinga om tilstanden til villreinen kan bli nådde på ein meir effektiv måte.

Regjeringa vil:

  • Bidra til å sikre at ny kunnskap tilpassa lokale forhold blir tatt i bruk i forvaltninga av villreinen.

  • Vidareføre villreinutvala og villreinnemndene og vurdere korleis deira oppgåver i forvaltninga kan vidareutviklast og forsterkast.

Jakt er det viktigaste verkemiddelet i bestandsforvaltninga for å regulere talet på villrein i villreinområda til eit nivå som er berekraftig ut frå tilgangen til beite. Jakt er viktig for rekreasjon, matauk og inntekt for mange, men det er òg ei kjelde til forstyrringar for villreinen. Det er behov for auka kunnskap om korleis jakt påverkar villrein negativt. I tilfelle der jakt er årsaka til at villreinen ikkje flytter seg inn i område han bør bruke, kan det vere eit bøtande tiltak å opprette jaktfrie fredingssoner under villreinjakt. Regjeringa ønskjer derfor å oppmode grunneigarar og rettshavarar til å bruke slike fredingssoner når det kan vere fordelaktig for villreinen, særleg i tilfelle der det kan følgjast opp med kunnskapsinnhenting om effekten av dette tiltaket.

Regjeringa vil:

  • Leggje til rette for at rettshavarar kan inngå frivillige samarbeid om fredingssoner i område der det er behov for dette.

Levedyktige bestandar av villrein i alle villreinområda i Noreg er ein grunnleggjande premiss for at arten skal klare seg på lang sikt i det opphavlege leveområdet sitt. Det er eit mål å vidareføre arbeidet med å reetablere villreinstammen i Nordfjella sone 1.

Regjeringa vil:

  • Vidareføre arbeidet med reetablering av villreinstammen i Nordfjella sone 1.

Det er i dag bestandsmål for gaupe og jerv i fleire av villreinområda. Bestandsmålet for kongeørn er gjeldande for alle villreinområde. Det er ikkje bestandsmål for bjørn og ulv i villreinområda, men det er regelmessig streifdyr som flytter seg gjennom desse områda. Regjeringa meiner det er behov for auka kunnskap om korleis både nærvær og fråvær av rovviltartane påverkar villreinen i dei norske villreinområda.

Regjeringa vil:

  • Auke kunnskapen om rovviltet sin påverknad på villrein.

Målretta restaurering av leveområda til villreinen

Regjeringa ønskjer å leggje til rette for at det skal vere meir utveksling av villrein mellom villreinbestandane, og at villreinen i større grad skal kunne flytte seg fritt innanfor dei villreinområda som er etablerte i dag. Dette krev målretta restaurering av leveområda til villrein. Det er særleg aktuelt i tidlegare trekkområde som har gått ut av bruk på grunn av menneskeleg aktivitet.

Det er behov for å gå gjennom juridiske verkemiddel som kan gi grunnlag for naturrestaurering. Klima- og miljødepartementet har gitt Miljødirektoratet oppdrag i 2024 om å vurdere dei eksisterande juridiske verkemidla og sjå på behov for nye, for å auke omfanget av naturrestaurering i Noreg.

Arbeidet med naturrestaurering i villreinområda og tilstøytane område som er eller kan bli viktig for villrein, vil i første rekkje bli prioritert når ein skal fastsetje tiltaksplanar etter kvalitetsnorma for villrein. Dette er planar som blir utarbeidde for dei enkelte villreinområda, og formålet med dei er å heve kvaliteten i desse områda. Tiltaksplanane blir tilpassa utfordringane for dei aktuelle villreinområda, og dei vil vere ein viktig reiskap for å forbetre tilstanden til villreinen i det enkelte villreinområdet. Område og tiltak for restaurering bør også vurderast i regionale og kommunale planar.

Regjeringa meiner det er viktig å involvere lokale og regionale aktørar i arbeidet med tiltaksplanane. Det er særleg viktig at dei regionale planane for villreinfjella blir godt koordinerte med tiltaksplanane og at fylkeskommunane og kommunane blir godt involverte i arbeidet.

Dei første tiltaksplanane skal etter planen sendast ut på allmenn høyring i 2024, og dei skal fastsetjast tidlegast i 2025. Les meir om arbeidet med å lage og vidare oppfølging av tiltaksplanar i kapittel 8.4.

Regjeringa vil:

  • Sikre god koordinering med regionale planar i arbeidet med oppfølging av tiltaksplanar etter kvalitetsnorma.

Det er også viktig at tiltaksplanane blir følgde opp raskt etter at dei er fastsett, og at alle aktuelle etatar og forvaltningsorgan prioriterer oppfølginga.

Ved vilkårsrevisjonar for eksisterande vasskraftanlegg som påverkar leveområda til villreinen, tar styresmaktene stilling til krav om bøtande tiltak. Praksisen i dei seinaste revisjonane er at konsesjonæren ikkje har blitt pålagd konkrete tiltak. I staden har konsesjonæren blitt pålagd å bidra til å finansiere eit villreinfond for det aktuelle villreinområdet. Villreinfonda kan nyttast til å finansiere nødvendige utgreiingar og prioriterte bøtande tiltak i det aktuelle villreinområdet. Dermed kan villreinfonda vere med på finansiere tiltaksplanane. I vassdragsreguleringskonsesjonar med villreinfond vil det ikkje vere rimeleg at styresmaktene i tillegg opnar for utstrekt bruk av standardvilkåra for å påleggje kostbare undersøkingar og tiltak av omsyn til villrein.

Regjeringa vil:

  • Påleggje konsesjonærane i framtidige revisjonssaker å bidra til finansiering av eit villreinfond for det aktuelle villreinområdet, i tråd med ny berekningsmetode, der det ikkje finst eigna bøtande tiltak.

Regjeringa ønskjer å greie ut om det er aktuelt at andre næringer bidrar til å finansiere eit tverrsektorielt villreinfond, mellom anna for å sikre heilskapleg og effektiv bruk av midlane. Det må greiast ut korleis ei slik ordning kan bli heimla. Eit tverrsektorielt villreinfond kan også vere med på å finansiere tiltaksplanane. Eventuelle finansielle bidrag frå andre sektorar må stå i forhold til påverknaden på villreinen og kostnaden for bøtande eller restaurerande tiltak, og i tråd med miljøpåverkar-betaler-prinsippet. Utgreiinga vil ikkje omfatte eksisterande beitebruk i villreinfjellet. Finansieringsordninga må ikkje gjere at tiltakshavaren kan betale seg ut av dei negative følgjene tiltaket får for villreinen, eller senke terskelen for inngrep i villreinområda.

Regjeringa vil:

  • Greie ut om og korleis villreinfondet kan gjerast tverrsektorielt og i tråd med miljøpåverkar-betaler-prinsippet i naturmangfaldlova § 11, i samband med tyngre tekniske inngrep som vil påverke areal som blir brukt av villrein.

Fordi villreinområda blir klassifiserte etter kvalitetsnorma kvart fjerde år, vil det vere naturleg å vurdere om det er nødvendig å revidere tiltaksplanane, også kvart fjerde år. Tiltaksplanane bør i alle tilfelle reviderast minimum kvart åttande år. Det er då viktig at kunnskap, dataseriar og overvaking som ligg til grunn for kvalitetsnorma, har eit langsiktig perspektiv og aukar presisjonen i klassifiseringane etter kvalitetsnorma. Regjeringa ønskjer derfor å leggje til rette for ei betre og meir langsiktig kunnskapsoppbygging for klassifisering av villreinområda etter kvalitetsnorma for villrein. Regjeringa vil leggje dette ansvaret til Miljødirektoratet. Det er eit mål at revisjonar av tiltaksplanar skal gjennomførast av Miljødirektoratet, i samarbeid med aktuelle sektoretatar.

Regjeringa vil:

  • Gi Miljødirektoratet det koordinerande ansvaret for sektorane si oppfølging av tiltaksplanar etter kvalitetsnorma, samt ansvaret for at planane blir reviderte minimum kvart åttande år, i samarbeid med aktuelle etatar. Klima- og miljødepartementet i samarbeid med aktuelle departement godkjenner endelege planar.

Kvalitetsnorma for villrein gir ei god statusskildring av tilstanden i alle villreinområde etter eit definert sett av delnormer og måleparametrar med fagleg fastsette grenseverdiar. I utgangspunktet gir likevel ikkje kvalitetsnorma noko direkte svar på årsakene til at tilstanden er som han er. Vi treng eigne forskingsprosjekt for å avklare tilstanden og styrkje kunnskapsgrunnlaget om påverknadsfaktorane i ulike område. Dette kan vi gjere ved å opparbeide ny generell basiskunnskap, for eksempel om dyrehelse, eller ved å utvikle ny og betre metodikk for klassifiseringa, for eksempel for genetikk. Det er også behov for å følgje opp tidlegare regionale FoU-prosjekt med brukarmedverknad som har vore gjennomførte i mange av dei nasjonale villreinområda, og å følgje opp effekten av tiltak som blir gjennomførte i tråd med tiltaksplanane som blir fastsette etter kvalitetsnorma. Det er også viktig at det blir etablert gode møteplassar mellom brukarar som blir omfatta av tiltak, og dei som driv med FoU, jf. arbeidet i styringsgruppene for dei lokale GPS-merkeprosjekta.

Regjeringa vil:

  • Sikre tilstrekkeleg brukarmedverknad og møteplassar i arbeidet med utvikling og oppfølging av tiltaksplanar for villrein.

  • Styrkje den systematiske forskinga, slik at ho kan byggje opp under arbeidet med kvalitetsnorma og tiltaksplanane for villrein, medrekna også lokale initiativ.

Sametinget meiner erfaringsbasert kunnskap frå den samiske tamreindrifta bør inngå i kunnskapsoppbygginga. Dette kan dreie seg om kunnskap om korleis villrein påverkar samisk tamreinreindrift mellom anna når det gjeld samanblandingar av villrein og tamrein. Regjeringa er einig med Sametinget i at erfaringsbasert kunnskap frå den samiske reindrifta, der den er relevant for villrein, bør inngå i kunnskapsgrunnlaget for forvaltning av villrein.

8.3 Konsekvensar for samfunnet og økosystemet som følgje av ny politikk

Regjeringa sine mål for tilstanden til villrein er presenterte i kapittel 2.2, og politikken for å nå måla er presentert i kapittel 8.2.

Det er krevjande å vurdere dei samla konsekvensane av politikken til regjeringa, både for villreinen og for samfunnet. Dess lenger fram i tid mål, tiltak og verkemiddelbruk ligg, dess større er uvissa, og dess meir krevjande er det å vurdere konsekvensane.

Å ta vare på villreinen og leveområda til villreinen vil ha ein positiv nytteverdi for samfunnet på fleire måtar. Villreinfjellet gir oss eit mangfald av økosystemtenester som gir direkte og indirekte bidrag til menneskeleg velferd. Eksempel på bruksverdiar frå villreinfjellet er rekreasjon, jakt, husdyrbeite og kunnskap, og eksempel på ikkje-bruksverdiar er at villreinen eksisterer (eksistensverdi), og at naturen blir tatt vare på for framtidige generasjonar (arveverdi). Sjå kapittel 4 for å få meir informasjon om økosystemtenester frå villreinfjellet.

Det er viktig å oppnå måla i denne meldinga for tilstanden til villreinen for minst mogleg kostnad for samfunnet. Tiltak som minimerer dei største negative påverknadsfaktorane, vil ha størst positiv effekt for villreinen og dei økosystemtenestene han bidrar med. Dette gjeld særleg stans i nye arealinngrep og revidering og oppheving av eldre planar som ikkje er iverksett. Tiltak som minimerer dei største negative påverknadsfaktorane, blir også forventa å ha den største påverknaden på aktuelle aktørar, i form av kostnader eller avgrensingar i handlingsrom.

Fleire av tiltaka som blir presenterte i kapittel 8.2, vil ikkje stanse den negative utviklinga for villreinen tvert, men dei vil ha ein positiv verknad på sikt. Det gjeld for eksempel tiltak knytte til forsking og utgreiingar, der ein på bakgrunn av ny kunnskap kan setje i verk effektive tiltak i framtida. Villrein er ein art vi allereie har mykje kunnskap om. Frå eit ressursperspektiv er det viktig å vurdere i kva grad det er mogleg å basere seg på gjeldande kunnskap for å betre forholda for villreinen.

Effekten av forskings- og utgreiingstiltak er avhengig av at kunnskapen som kjem fram, førar til konkrete tiltak som betrar tilstanden for villrein. Det gjeld også for arealbruk, eksempelvis revisjon av regionale planar. Dei enkelte utgreiingsprosessane vil vise kva for konsekvensar slike tiltak vil ha for villreinen, samfunnet, landbruksnæringa og samiske interesser.

Nedanfor er det ein overordna omtale av konsekvensane av regjeringa sine tiltak som blir forventa å føre til ei reell endring for villreinen på kortare sikt. Det er og pekt på aktørar som kan bli påvirka av tiltaka.

Arealinngrep er den største trusselen mot villreinen i dag. Tiltaka som blir fremja i denne meldinga, skal legge opp til ein høg terskel for arealinngrep i villreinområda, slik at måla i denne meldinga for tilstanden til villreinen kan bli nådde. Konsekvensane av ein høg terskel for inngrep vil avhenge av om det finst relevante bøtande tiltak, og om inngrepa kan gjennomførast utan å ha negativ innverknad på måla for tilstanden til villreinen. Høg terskel for nye inngrep vil generelt sett ha ein positiv effekt på villreinen og leveområda til arten, samanlikna med eit alternativ med nye inngrep. Å unngå nye arealinngrep er det som i størst grad vil bidra til at vi kan nå målet om å stanse den negative utviklinga i villreinområda. Generelt vil tiltak som fører til at arealinngrep blir unngått eller moderert, føre til positiv endring for villreinen (eller unngått negativ endring). Dei negative konsekvensane av ein høg terskel kan vere at ønskte prosjekt ikkje blir realiserte, for eksempel i tilfelle der det ikkje er tungtvegande samfunnsinteresser som taler for å tillate inngrep.

Regjeringa har sendt på høyring forslag til nye statlege planretningslinjer for areal og mobilitet. Slike planretningslinjer er eit viktig verkemiddel for å sikre at viktige mål og verdiar for samfunnet, for eksempel omsynet til villrein, blir tilstrekkeleg tatt vare på i arealforvaltninga og vektlagde i avveginga mot andre samfunnsomsyn. I dei nye planretningslinjene for areal- og mobilitet er det derfor foreslått at ein skal ta omsyn til leveområda til villreinen i planlegginga. Ei god oppfølging av planretningslinjene vil, saman med andre tiltak for å betre omsynet til villrein i arealforvaltninga, bidra til betre forhold for areala i villreinfjellet. Planar som avvik frå planretningslinjene, dannar grunnlag for at miljøforvaltninga kan vurdere motsegn eller innvending.

Klima- og miljødepartementet vil fortsatt leggje til grunn ei låg grense for innvendingar og motsegner i villreinfjellet dersom kommunane ikkje følgjer opp måla for tilstanden til villrein i sine regionale og kommunale arealplanar. Det er også viktig å vurdere forholdet mellom kvaliteten på det aktuelle villreinområdet og måla om tilstanden til villreinen. Dersom fleire motsegner og innvendingar som blir fremja på grunnlag av konsekvensar for villrein, får medhald, vil det styrkje den høge terskelen for arealinngrep i villreinfjellet. Samtidig vil ei lågare grense for motsegn og innvendingar føre til noko auka ressursbruk i forvaltninga. Konsekvensane for lokale og regionale aktørar vil variere frå sak til sak, dersom fleire motsegner og innvendingar får medhald.

Då plan- og bygningslova blei evaluert i 2018, kom det fram at mangel på kompetanse og kapasitet svekkjer naturmangfaldomsyn når kommunane legg planar.2 Regjeringa ønskjer å leggje til rette for kompetanseoppbygging i kommunane, gjennom mellom anna styrkt rettleiing frå fylkeskommunar og statsforvaltarar, interkommunalt samarbeid og styrking av Norsk villreinsenter si rolle som kunnskapsbank og kompetansesenter. På sikt vil ei slik kompetanseheving kunne bidra til at ein tar meir omsyn til villrein i arealplanlegginga, når ein reviderer dei gjeldande arealplanane, og når ein utarbeider nye. Det vil også bidra til at inngrep kan sjåast i samanheng både innanfor kommunegrensene og på tvers av dei.

Regjeringa legg opp til at det skal takast sterkare omsyn til villrein i bruken og drifta av gjeldande anlegg og andre inngrep, og at det ved eventuelle nye løyve til inngrep skal stillast vilkår som skånar villreinen mest mogleg. Dersom vi får ei meir systematisk tilnærming til å setje vilkår om omsynet til villrein, og dersom denne tilnærminga blir innarbeidd i rutinar på tvers av sektorane, kan tilstanden til villreinen bli betre enn i dag. Dette vil kunne ha konsekvensar for ulike brukargrupper, hovudsakleg vil det kunne føre til noko auka kostnader og endra rutinar for den driftsansvarlege aktøren. Når det gjeld vegar spesifikt, er det snakk om tiltak som mellombels stenging eller sesongstenging av veg, overnattingsforbod for bubil, stenging av parkeringsplassar, forbod mot parkering langsmed vegen og så vidare. Desse tiltaka kan bety at ulike brukargrupper får færre moglegheiter til å bruke vegen.

Ein naturrekneskap kan på sikt bidra til å styrkje kunnskapen om leveområda til villreinen, arealbruksendringar og økosystemtenester. På den måten kan naturrekneskapen betre vedtaksgrunnlaget for mellom anna tiltak og planprosessar.

Tiltak for ein meir villreinvennleg ferdsel er viktige for at vi skal nå måla i denne meldinga for tilstanden til villreinen. Informasjon, rettleiing og kanalisering av ferdsel er tiltak som i stor grad blir gjennomførte i dag. Dersom desse tiltaka skal ha ein positiv effekt på villrein, må ferdselsmønsteret endre seg slik at det blir mindre ferdsel i viktige villreinområde samanlikna med ferdselsmønsteret i dag. Når ein skal endre ferdselsmønsteret, er det viktig å vurdere tiltak og konsekvensane for villreinområda i samanheng, slik at innskjerping i ferdsel i eitt område ikkje fører til meir ferdsel i andre område som er viktige for villreinen. Det vil òg vere viktig å vurdere korleis endra ferdselsruter vil kunne påverke mellom anna primærnæringar. Tiltaka vil krevje prioritering av ressursar til informasjonsarbeid.

Dersom tiltaka sikrar ei betre kanalisering av ferdsel i villreinområda, kan tiltaka ha ein kostnad for friluftsorganisasjonar. Sjølv om friluftsorganisasjonane legg ned ein innsats for å endre tilbodet sitt, kan det ha ein kostnad for dei dersom dei får færre gjester på grunn av mindre ferdsel. Klima- og miljødepartementet har som ein del av meldingsarbeidet inngått eit samarbeid med sentrale friluftsorganisasjonar, mellom anna for å minimere kostnadene for organisasjonane. Tiltaka kan også vere negative for personar som brukar villreinområda til rekreasjon, dersom turmoglegheitene blir endra. Graden av påverknad vil avhenge av kva alternative turruter som ikkje forstyrrar villrein som er tilgjengelege, og om brukarane opplever desse turrutene som eit godt alternativ.

Med heimel i naturmangfaldlova vil regjeringa greie ut nye verkemiddel som ein kan bruke til innføre tidsavgrensa og varige ferdselsrestriksjonar ved behov. Regjeringa vil også setje i verk eit arbeid for å vurdere endringar for ferdsel i verneforskrifter for nasjonalparkar. Dersom verkemidla fører til mindre ferdsel i område som er viktige for villrein, og mindre ferdsel i sårbare periodar, vil det ha ein positiv effekt på villreinen. Avgrensingar i den frie ferdselen kan føre til at turruter og andre trasear for ferdsel til fots vil kunne bli stengde. Dette vil kunne gjere det vanskeleg med lengre fleirdagsturar og redusere friluftslivskvalitetane til områda.

I samband med tiltaksplanane vil regjeringa gå systematisk gjennom tiltak som kan redusere motorisert ferdsel på vegar og som påverkar villreinen negativt. Tiltak for å redusere motorisert ferdsel vil ha ein positiv effekt på villreinen. Ein mogleg konsekvens vil vere at folk mister ein enkel tilgang til dei sentrale delane av villreinområda og i større grad må ferdast i randområda. Det vil kunne ha noko å seie for opplevingane i fjellet og påverke innteningsgrunnlaget for turistbedrifter samt at lokalbefolkninga får mindre tilgang til fjellet når dei skal hauste og transportere ut vilt, bær og fisk. Tiltak knytte til motorisert ferdsel på anleggsvegar og landbruksvegar skal ikkje få konsekvensar for nyttekøyring, slik som køyring i samband med landbruksverksemd eller vedlikehald og reparasjonar av vassmagasin og kraftleidningar.

Ei forbetring av helsetilstanden til villrein, med god kondisjon og fråvær eller låg førekomst av sjukdomar, har mange fordelar. Villreinbestandene vil vere mindre sårbar i møte med andre utfordringar og påverknadsfaktorar, og dei vil ha eit vekstpotensial som utgjer ein buffer i dårlege tider, og som er eit overskot som det også kan haustast av. Sjukdommar og parasittar kan påverke helsetilstanden sjølv om bestandane er livskraftige. Nærvær av alvorlege sjukdommar vil ikkje berre kunne ha konsekvensar for villreinen, men òg for andre artar eller menneske. Om ein for eksempel ikkje maktar å nedkjempe skrantesjuke, kan det få store konsekvensar for dyrehelsa, dyrevelferda, natur, kulturen og næringa. Dette vil mellom anna kunne true urfolks rettar, berekraftige bestandar landet rundt, jakt for framtidige generasjonar, distriktskultur og det internasjonale renommeet som reinsdyrkjøttet har. Dersom skrantesjuken spreier seg til område utanfor villreinområda, kan det etter kvart òg medføre at sjukdommen kan spreie seg i resten av Noreg og utover Noregs grenser.

Regjeringa vil inngå eit samarbeid med beitenæringa om felles kunnskapsutfordringar som er knytte til beite, for å redusere eventuelle negative påverknader frå beitedyr i enkelte villreinområde. For eksempel kan det vere behov for å vurdere konkrete tiltak som plassering, utsetjing og reduksjon av talet på saltsteinplassar, samt parasittbehandling før beiteslepp. Dersom tiltak knytte til saltsteinplassar fører til mindre smitteoverføring mellom villrein og frå sau til villrein, vil det vere bra for tilstanden til villreinen, og det kan vere viktig for å førebyggje nye sjukdommar. Også tamreinnæringa kan ha interesse eller nytte av at helsetilstanden til villreinen er god, fordi potensialet for smitteoverføring til tamrein blir mindre. Parasittbehandling vil redusere parasittbelastninga på beitet. Det vil òg førebyggje nedsett matlyst, diaré og dehydrering, nedsett tilvekst og i alvorlege tilfelle dødelegheit hos sau. I tillegg vil det gi positive effektar for villreinen på grunn av mindre smittepress. Dersom ein reduserer talet på saltsteinplassar eller legg dei til nye stader, kan dette påverke sauenæringa negativt ved at tilsynet blir meir arbeidskrevjande, og vil i praksis kunne innebere beiterestriksjonar. Parasittbehandling før beiteslepp vil også ha ein kostnad for bonden. Tiltak knytte til beite vil også kunne føre til gjengroing, og potensielt gi dårlegare ernæringsgrunnlag for beitedyr. Det er lite kunnskap om konsekvensane og kva kostnader desse tiltaka vil medføre for landbruksnæringa og samfunnet.

Tiltaksplanane etter kvalitetsnorma for villrein vil vere ei ramme for arbeidet med naturrestaurering av leveområda til villreinen og prioriteringa av ulike restaureringstiltak. Tiltaksplanane skal gjere dette arbeidet meir målretta og kostnadseffektivt. Det er spesielt nyttig med restaureringstiltak som tar vare på eller får tilbake funksjonaliteten i leveområda. Fysiske restaureringstiltak av det som er trekkhindringar i dag, vil i nokre tilfelle vere svært kostbare, men dei kan også ha store økologiske nytteverknader. Restaureringstiltak vil mellom anna kunne påverke grunneigarar og friluftslivet.

I framtidige vassdragsrevisjonssaker vil regjeringa påleggje konsesjonærane å bidra til finansiering av eit villreinfond for det aktuelle villreinområdet. Villreinfondet kan bidra til å finansiere tiltaka i tiltaksplanane for villreinområda.

Regjeringa vil greie ut om og korleis eit villreinfond kan gjelde andre sektorar, i tråd med prinsippet om at miljøpåverkaren betaler, som allereie er eit etablert prinsipp for vasskraftsektoren i dag. Avhengig av korleis ordninga blir innretta, kan det føre til ulemper for personar, næringar eller verksemder som brukar villreinområdet på ulike vis og belastar villreinen. Dersom fleire sektorar bidrar etter eige regelverk, kan dette påverke storleiken på villreinfondet, og dette vil påverke kva tiltak som kan bli finansierte for å betre tilstanden til villreinen. Utgreiinga skal ikkje omfatte eksisterande beitebruk.

Kvalitetsnorma for villrein har blitt eit kunnskapssystem som gir forvaltninga, politikarane og allmenta kvalitetssikra informasjon om tilstanden i villreinområda våre. Kvalitetsnorma er eit viktig og uavhengig måleverktøy for å vurdere om politikken og tiltaka er tilstrekkelege til at ein kan nå måla som er sette i denne meldinga. Såleis kan norma bidra til at måla for tilstanden til villreinen kan bli nådde på ein meir effektiv måte.

8.4 Framtidas villreinfjell

Regjeringa meiner at klima og natur skal vere ei ramme rundt all politikk. Naturen er sjølve grunnlaget for velferda vår, og berekraftig bruk av naturressursane er avgjerande for verdiskaping, arbeidsplassar, og busetjing over heile landet. Villreinfjellet med eit mangfald av ressursar og økosystemtenester er viktig for storsamfunnet og representerer ein viktig del av norsk natur. Villreinen er ein del av identiteten for mange av dei som bur nær villreinområda, og arten er også ei viktig kjelde til opplevingar, friluftsliv og naturbasert reiseliv. Villreinen har også ein stor økonomisk verdi for mange, mellom anna for dei som tilbyr jakt og jaktkort og anna verdiskaping, og er ikke minst ei kjelde til viltkjøtt. Det vidare potensialet for berekraftig verdiskaping knytt til villrein og villreinfjellet er stort. Regjeringa vil derfor gjennom denne stortingsmeldinga leggje til rette for ei langsiktig og berekraftig forvaltning av villreinen og villreinfjella.

Villreinen er også ein nøkkelart, ein art som er spesielt viktig for økosystemet, i store delar av landet. Vi finn villrein i dei fleste høgfjellsområda sør for Trondheim, og villreinområda omfattar om lag ein firedel av areala i Sør-Noreg. Tar vi vare på villreinen på ein langsiktig og berekraftig måte, tar vi derfor også vare på eit stort område og mange av dei artane som lever i desse områda, og dei økosystemtenestene som dette området gir til samfunnet. Regjeringa meiner derfor at villreinen må vere ei viktig ramme rundt all politikk i villreinfjellet, og har som mål å oppretthalde minst det leveområdet villreinen har i dag.

Villreinbestandane har i fleire år hatt ei negativ utvikling, i hovudsak på grunn av menneskeleg påverknad. Om vi held fram som no, vil den negative utviklinga også halde fram, og på sikt vil ikkje villreinen lenger vere levedyktig i enkelte villreinområde. Det er knytt betydeleg uvisse til effektane av klimaendringane og korleis dei påverkar moglegheita til å nå måla i denne meldinga for tilstanden til villreinen. I tillegg til menneskeleg aktivitet vil klimaendringar og global oppvarming truleg bli eit aukande problem for villreinen. Regjeringa vil derfor med denne meldinga gjere eit krafttak for å betre tilstanden for villreinen og leggje til rette for ei forvaltning som gjer villreinen meir robust mot framtidige klimaendringar.

Måla for tilstanden til villreinen, som er nærmare omtalt i kapittel 2.2, er å stanse den negative utviklinga innan 2030 og oppnå minst middels god kvalitet i alle villreinområde innan 2050. Mot 2100 er målet at det skal vere god kvalitet i alle nasjonale villreinområde. Det er klassifiseringa etter kvalitetsnorma for villrein og den vidare utviklinga for delparametrane i kvalitetsnorma som skal brukast til å vurdere om måla i denne meldinga for tilstanden til villreinen blir nådde.

Målet om å stanse den negative utviklinga innan 2030 er retta mot alle påverknadsfaktorar som utgjer ein trussel mot villrein i Noreg i dag. Tilstandsutviklinga vil bli målt gjennom alle delparametrane i kvalitetsnorma for villrein.

Dersom målet om middels tilstand skal bli nådd i 2050, skal ingen delparametrar i kvalitetsnorma for villrein vise dårleg kvalitet. Det vil krevje at villrein tar i bruk større leveområde og fleire trekkvegar, og at bestandane blir meir robuste, slik at dei kan handtere klimaendringane betre og bli meir motstandsdyktige mot klassisk skrantesjuke.

For at vi skal oppnå god kvalitet i dei ti nasjonale villreinområda, er det nødvendig med omfattande forbetringar på tvers av alle dei tre delnormene i kvalitetsnorma for villrein, og det krev at alle delparametrane kjem opp til god kvalitet. Berre 27 av 80 parametrar blei vurderte som «gode» for dei ti nasjonale villreinområda i klassifiseringa frå 2022 (åtte parametrar blei vurderte for kvart av dei ti områda). Ikkje minst vil klimaendringane vere ein heilt sentral premiss i eit så langt tidsperspektiv. Visjonen gir likevel ei tydeleg føring om å arbeide for ein god tilstand og set krav til kva som må oppnåast på kort sikt. Ein slik visjon impliserer mellom anna at ein bør gjennomføre tiltak som på ein rimeleg måte vil gi ei forbetring som overgår minimumsmåla i kvalitetsnorma. Tiltak med lang planleggingshorisont eller lang levetid, for eksempel store infrastrukturprosjekt eller kraftkonsesjonar, bør tilpassast ambisjonsnivået for 2100 så snart som mogleg.

Regjeringa si politikk for å nå måla er omtalt i kapittel 8.2. Denne politikken må samstundes bli sett i samanheng med den nye naturmeldinga og klimameldinga, som begge blir fremja i 2024, og som også vil bli viktige for forvaltninga av villreinområda. Samla vil desse meldingane utgjere ei heilskapleg og overordna klima- og naturpolitikk frå regjeringa.

Departementa har ansvaret for å gjennomføre tiltak og endringar i verkemiddelbruken innanfor eigne ansvarsområde for både meldinga og tiltaksplanar. Klima- og miljødepartementet vil i samråd med aktuelle departement halde oversikt over statusen og følgje opp stortingsmeldinga. Miljødirektoratet vil ha ansvaret for å følgje opp tiltaksplanane, i samarbeid med aktuelle etatar på direktoratsnivå.

Tiltaksplanar etter kvalitetsnorm for villrein vil vere regjeringa sitt viktigaste tiltak for å snu den negative utviklinga og forbetre tilstanden i villreinområda. Tiltaksplanane vil bli konkrete og utforma innanfor rammene av til ein kvar tid gjeldande politikk. Det har derfor vore viktig for regjeringa å sjå arbeidet med tiltaksplanane i samanheng med stortingsmeldinga. Tiltaksplanane blir utarbeidde kvar for seg og tilpassa utfordringane for det konkrete villreinområdet, basert på best tilgjengeleg kunnskap.

Fordi dei ti nasjonale villreinområda blei klassifiserte allereie i 2022, startar regjeringa med å utforme tiltaksplanar for desse. Ingen nasjonale villreinområde har i 2022 god kvalitet, og det er ein fare for at kvaliteten kan blir dårlegare i alle område. Derfor vil regjeringa utforme tiltaksplanar for alle dei ti nasjonale villreinområda. Når det gjeld dei 14 ikkje-nasjonale villreinområda, må det gjerast ei heilskapleg vurdering av kva for av desse områda som treng tiltaksplanar. Før det blir tatt stilling til dette, ønskjer regjeringa å få erfaring med utarbeiding av tiltaksplanar for dei nasjonale villreinområda. Det blir som eit utgangspunkt ikkje laga tiltaksplanar for villreinområde med god kvalitet. Regjeringa vil understreke at arbeidet med å gjennomføre tiltaksplanane har høy prioritet, og at arbeidet må starte raskt etter at tiltaksplanane er vedtatt. Regjeringa ønskjer at alle skal bidra til å gjennomføre planane, både statleg, kommunal, privat og frivillig sektor.

Det er stor uvisse knytt til vurderinga av effekten av ny politikk for å forbetre tilstanden til villrein, men regjeringa vurderer det slik at måla i denne meldinga om tilstanden til villrein kan bli nådde. På grunn av den store uvissa, og særleg med tanke på vidare bygging av fritidsbustader og ulike former for ferdsel, er det nødvendig å følgje utviklinga nøye.

Regjeringa tar sikte på å evaluere framgangen i gjennomføringa av stortingsmeldinga og tiltaksplanane innan 2030. Evalueringa skal sjå nærmare på effekten av tiltak og verkemiddel og på kva som er årsaka til at målet eventuelt ikkje blir nådd. Evalueringa skal også gi råd om kva for nye tiltak eller nye eller endra verkemiddel som er nødvendige for at målet om middels god kvalitet likevel kan bli nådde innan 2050. Det bør gjennomførast ei tilsvarande evaluering innan 2040 og fram mot 2050, dersom klassifiseringane etter kvalitetsnorma tilseier at målet om målet om middels god kvalitet i 2050 ikkje blir nådd.

Som følgje av evalueringane vil departementa vurdere å oppdatere strategiar eller justere den planlagde verkemiddelbruken for å styrkje arbeidet med å nå måla i denne meldinga. Dersom det er sannsyn for at måla om tilstanden til villreinen ikkje vil bli nådde fram mot 2030 og 2050, er det nødvendig å vurdere nye eller forsterka tiltak og verkemiddel på tvers av alle aktuelle sektorar, slik at måla i denne meldinga likevel kan bli nådde.

Fotnotar

1.

OECM er ei forkorting av «Other Effective Area-based Conservation Measure», som er eit geografisk avgrensa område som ikkje er eit verneområde, og som blir styrt og forvalta på måtar som gir positive og vedvarande langsiktige resultat for bevaring av biologisk mangfald på den opphavlege staden, med tilhøyrande økosystemfunksjonar og -tenester og, der det er aktuelt, kulturelle, åndelege, sosioøkonomiske og andre lokalt relevante verdiar.

2.

Hanssen & Aarsæther (red.) (2018): Plan- og bygningsloven 2008 – En lov for vår tid?, Universitetsforlaget.

Til forsida