Prop. 74 S (2012–2013)

Noregs deltaking i europeiske romprogram

Til innhaldsliste

3 Norsk Romsenter

Norsk Romsenter vart oppretta i 1987 og er eit statleg forvaltningsorgan under Nærings- og handelsdepartementet. Hovudmålet er å medverke til at romverksemda skal gi vesentlege og kontinuerlege bidrag til verdiskaping, innovasjon, kunnskapsutvikling og miljø- og samfunnstryggleik. Norsk Romsenter forvaltar den norske medlemskapen i ESA og følgjer opp andre saker som gjeld nasjonal og internasjonal romverksemd.