Prop. 74 S (2012–2013)

Noregs deltaking i europeiske romprogram

Til innhaldsliste

6 Deltaking i ESA-programma

Dei frivillige programma i ESA blir vedtekne i samband med ministerrådsmøta og normalt fullførte over 3 til 15 år. Løyvingane frå medlemslanda er i utgangspunktet fastsette i tråd med NNI-andelen til landet, men regelverket opnar for eit deltakarnivå over NNI eller ned til 0,25 pst. av NNI. I kvart program skal norske aktørar få utviklingsoppdrag som svarer til den norske løyvinga. Deltakinga i programma til ESA styrkjer norsk teknologisk evne og medverkar til verdiskaping i norsk næringsliv.

I Prop 1 S. (2012-2013) kapittel 922 Romvirksomhet vart det informert om at vedtaka på ministerrådsmøtet ville kunne føre til endringar i løyvingane til ESA-programma. For å dekkje inn utbetalingar i 2013 som ville komme som følgje av nye forpliktingar, vart det løyvd 113,6 millionar kroner.

Nærare omtale av programma som Noreg vil delta i, står i kapittel 7. Under ministerrådsmøtet i Napoli tok Noreg på seg nye forpliktingar på 144,42 millionar euro med utbetalingar fram til 2022. Det vart teke atterhald om at Stortinget samtykte. Det årlege løyvingsbehovet vil følgje framdrifta i dei ulike programma og i tråd med gjeldande praksis bli lagt fram for Stortinget i dei årlege budsjettproposisjonane.