Prop. 93 L (2012–2013)

Lov om førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar (fiskesalslagslova)

Til innhaldsliste

10 Merknader til dei enkelte paragrafane i lovforslaget

Kapittel 1. Innleiande føresegner

Til § 1 Formål

Råfisklova har ikkje formålsparagraf. Det er likevel lagt til grunn at lova skal medverke til å auke lønsemda i fiskerinæringa ved å sikre gode og stabile prisar. Departementet meiner at fiskesalslagslova bør ha ein formålsparagraf til liks med havressurslova og deltakarlova, jf. også drøftinga i kapittel 6.1.

Det vert gjort framlegg om at formålet med lova skal vere å medverke til ei berekraftig og samfunnsøkonomisk lønsam forvaltning av viltlevande marine ressursar. Dette skal skje ved å leggje til rette for gode rammer for førstehandsomsetning og ved å sikre god dokumentasjon av ressursuttaket. Setninga ”berekraftig og samfunnsøkonomisk lønsam forvaltning av viltlevande marine ressursar”, er lik ordlyden i havressurslova § 1. Sjå merknaden til denne paragrafen i havressurslova i Ot.prp. nr. 20 (2007-2008) Om lov om forvaltning av viltlevande marine ressursar (havressurslova).

”Berekraftig forvaltning” er ei forvaltning av dei viltlevande marine ressursane som gjev ei høgast mogleg langsiktig avkastning, slik at evna til reproduksjon på lengre sikt ikkje vert svekka. ”Samfunnsøkonomisk lønsam forvaltning” tyder at ressursane skal forvaltast slik at rammevilkåra legg til rette for verksemd som gjev eit overskot til samfunnet. Det gjeld både ressursar som er prissette i marknadene og andre ressursar som samfunnet verdset.

Målet om berekraftig og samfunnsøkonomisk lønsam forvaltning av viltlevande marine ressursar skal for det første nåast gjennom å leggje til rette for ”gode rammer for førstehandsomsetninga”. Departementet meiner lovutkastet medverkar til føreseielege og stabile vilkår for både fiskarsida og industrisida. For det andre skal formålet nåast gjennom å sikre god dokumentasjon av ressursuttaket. Hovudoppgåva til fiskesalslaga er å regulere førstehandsomsetninga av viltlevande marine ressursar. Gjennom denne aktiviteten kjem det fram ei rekkje opplysningar som er vesentlege i den nasjonale ressurskontrollen, og som dermed medverkar til å oppnå formålet med lova.

Til § 2 Sakleg verkeområde

Råfisklova har ikkje ei eiga føresegn om sakleg verkeområde. Lovforslaget er såleis nytt.

Første ledd slår fast at lova gjeld førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar, krav til råstoffkvalitet, stifting og godkjenning av fiskesalslag og kontrollansvaret og vedtaksretten deira.

Omgrepet ”førstehandsomsetning” er nytta for å klargjere verkeområdet slik at det ikkje er tvil om at lova gjeld – biletleg tala - frå fiskefartøy til kaikant. Omgrepet førstehandsomsetning er også valt sidan uttrykket ”omsetning” kan skape tvil om lova også vil gjelde for vidare salsledd.

Eit vesentleg punkt i lova er godkjenninga av fiskesalslaga og dei kompetanseheimlane som gjev fiskesalslaga ulike forvaltningsretta oppgåver. Departementet meiner det er tenleg at det går klart fram av verkeområdeføresegna at lova også gjeld godkjenning av fiskesalslag og kontrollansvaret og vedtaksretten til dei godkjende fiskesalslaga.

Første ledd andre punktum presiserer gjeldande rett som inneber at omsetning i første hand av fangst som er teken i medhald av havbeiteløyve ikkje er omfatta av fiskesalslagslova, dersom havbeiteløyvet er gjeve i medhald av lov 17. juni 2005 nr. 79 om akvakultur (akvakulturlova), eller forskrifter fastsette i medhald av akvakulturlova. Dette gjeld sjølv om det dreier seg om fangst av marine ressursar som er viltlevande. Med fangst teken i medhald av havbeiteløyve sikter ein til fangst av den aktuelle arten, og i den aktuelle lokaliteten, som løyvet gjeld. Førstehandsomsetning av andre artar som vert fangsta innanfor lokaliteten vil derimot vere omfatta av fiskesalslagslova. Dette gjeld sjølv om havbeiteløyvet kan innehalde føresegner om fangst av andre artar, til dømes predatorar.

Første ledd tredje punktum gjev departementet myndigheit til å fastsetje i forskrift at omsetning i første hand av fangst teken i medhald av havbeiteløyve likevel skal vere omfatta av lova. Departementet vil etter denne føresegna til dømes kunne fastsetje at lova gjeld omsetning i første hand av bestemte artar, eller av alle artar, som vert fangsta i medhald av havbeiteløyve. I dag er det Kongen som har slik myndigheit.

Andre ledd definerer kva som er førstehandsomsetning etter lova. For det første vil omsetning av fangst frå den som har hausta ressursen vere førstehandsomsetning, jf. andre ledd første alternativ. Ofte vil førstehandsomsetninga skje når fiskefartøyet ligg ved kai og sel fangsten sin til fiskemottaket. Men det er ikkje eit vilkår at eigedomsovergangen skjer på dette tidspunktet for at ei omsetning skal falle inn under dette alternativet. Også dersom fangsten er sett på land og til dømes vert plassert på eit fryselager for å verte seld seinare, vil det på dette seinare tidspunktet skje ei førstehandsomsetning som fell inn under lova.

For det andre vil den første omsetninga etter ilandføring, dersom fangsten ikkje tidlegare er omsett med godkjenning av eit fiskesalslag, falle inn under omgrepet førstehandsomsetning, jf. andre ledd andre alternativ. Det er ein slik type førstehandsomsetning når det har vore ei eigaroverdraging av fangsten ute på havet som ikkje er godkjend av fiskesalslaget, og fangsten deretter vert førd til land innanfor det stadlege verkeområdet til lova. Fisk som vert importert til Noreg, det vil seie fisk som er landa i utlandet og deretter vert transportert hit per bil, båt eller fly, fell likevel ikkje inn under dette alternativet.

For det tredje er sal frå fiskesalslag å rekne som førstehandsomsetning etter lova, jf. andre ledd andre punktum og kapittel 9.2.

Tredje ledd definerer omgrepet viltlevande marine ressursar på same måte som det er definert i havressurslova. Kva som vert rekna som viltlevande marine ressursar heng saman med den biologiske vurderinga av kva som er heimehøyrande i sjøen. Viltlevande marine ressursar er definert som fisk, sjøpattedyr med heilt eller delvis tilhald i sjøen, andre marine organismar og plantar med tilhald i sjøen eller på eller under havbotnen. Lova gjeld likevel ikkje for anadrome laksefiskar slik det er definert i lov 15. mai 1992 nr. 47 om lakse- og innlandsfisk mv. § 5 bokstav a. Med anadrome laksefiskar meiner lakse- og innlandsfiskelova § 5 laksefiskar som vandrar mellom sjø og ferskvatn og som er avhengig av ferskvatn for å reprodusere seg, og rogn og ungar av slik fisk.

Tredje ledd inneber at lova også femner om sedentære artar i tillegg til artar og organismar som lever i vassøyla og på overflata. Dyr som har delvis tilhald i sjøen, som dei ulike selartane, vert rekna som sjøpattedyr og er såleis omfatta av lova. Bruken av omgrepet ”marin” avgrensar vidare i biologisk forstand mot dyr som lever i vatn (akvatiske) og som heilt eller delvis held til i ferskvatn. Sjølv om ferskvassfisk også kan leve i område med brakkvatn, vil ikkje lova gjelde for førstehandsomsetning av slike artar.

Uttrykket viltlevande avgrensar lova mot akvakulturdyr som vert avla fram og haldne i fangenskap. Omsetning av oppdretta marine artar som torsk, steinbit og kveite fell såleis utanom lova. Rømt oppdrettstorsk osv. er likevel ikkje å rekne som akvakulturdyr dersom dei har rømt frå merda. Lova vil difor gjelde for rømt oppdrettstorsk, og slik fisk må følgjeleg verte omsett gjennom salslagssystemet. Kultiverte og genmodifiserte organismar er i utgangspunktet ikkje omfatta av lova, med mindre dei er naturaliserte som delemne i det marine økosystemet, på same måte som i havressurslova.

Til § 3 Stadleg verkeområde

Råfisklova inneheld ikkje føresegn om stadleg verkeområde. Lovutkastet er nytt.

Departementet fann det tenleg ut frå omsynet til ei heilskapleg og samordna fiskerilovgjeving, å ta utgangspunkt i verkeområdet til havressurslova. Det fell i det vesentlege saman med det som er lagt til grunn i praktiseringa av råfisklova.

Første ledd fastset at det stadlege verkeområdet til lova er på norsk landterritorium med unntak av Jan Mayen og Svalbard, i norsk sjøterritorium og indre farvatn, på den norske kontinentalsokkelen og i område oppretta etter lov 17. desember 1976 nr. 91 om Norges økonomiske sone §§ 1 og 5.

Lova gjeld i norsk sjøterritorium og indre farvatn slik det går fram i lov 27. juni 2003 nr. 57 om Norges territorialfarvann og tilstøtende sone (territorialfarvannsloven). Sjøterritoriet omfattar eit område på 12 nautiske mil utanfor grunnlinjene, medan indre farvatn omfattar alt farvatn innanfor grunnlinjene. Samleomgrepet territorialfarvatnet omfattar alle desse områda, jf. territorialfarvasslova § 1. Det følgjer av territorialfarvasslova § 5 at lova også gjeld for sjøterritoriet og dei indre farvatna ved Svalbard, Jan Mayen, Bouvetøya, Peter Is øy og Dronning Maud Land. Kva sjøområde ved norsk territorium og biland som er omfatta er avhengig av ikraftsetjinga av territorialfarvasslova, jf. § 5. Førebels er lova berre sett i kraft for Svalbard og Jan Mayen, i tillegg til det norske fastlandet.

Lovutkastet gjeld i område etablert etter lov 17. desember 1976 nr. 91 om Norges økonomiske sone (soneloven) §§ 1 og 5. Med heimel i sonelova § 1 er det oppretta særskilte havsoner etter havrettskonvensjonen kapittel V på 200 nautiske mil utanfor grunnlinjene utanfor fastlandet, Jan Mayen og Svalbard (ved forskrift 17. desember 1976 nr. 15 om iverksettelse av Norges økonomiske sone, forskrift 23. mai 1980 nr. 4 om opprettelse av fiskerisonen ved Jan Mayen og forskrift 3. juni 1977 om fiskevernsonen ved Svalbard).

Lovutkastet gjeld på norsk kontinentalsokkel slik sokkelen er avgrensa i lov 21. juni 1963 nr. 12 om vitenskapelig utforskning og undersøkelse etter og utnyttelse av andre undersjøiske naturforekomster enn petroleumsforekomster (kontinentalsokkelloven) § 1. Med ”kontinentalsokkelen” meiner ein havbotnen og undergrunnen i dei undersjøiske områda som strekkjer seg ut over norsk sjøterritorium gjennom heile den naturlege forlenginga av landterritoriet til ytterkanten av kontinentalsokkelen, men ikkje kortare enn 200 nautiske mil frå grunnlinjene som breidda av sjøterritoriet er målt frå, likevel ikkje utover midtlinja i forhold til ein annan stat. Yttergrensa til kontinentalsokkelen vert fastsett etter ein særskilt folkerettsleg prosedyre etter artikkel 76 i havrettskonvensjonen.

All fangst som vert omsett på første hand innanfor dette verkeområdet skal omsetjast med godkjenning av fiskesalslag, jf. § 8. Dette medfører at også fangstar hausta av utanlandske fartøy er omfatta av fiskesalslagslova dersom landinga skjer i Noreg.

Andre ledd gjev Kongen heimel til å fastsetje at heile eller delar av lova skal gjelde på norsk landterritorium på Jan Mayen, Svalbard, Bouvetøya, Peter Is øy og Dronning Maud Land.

Bouvetøya, Peter Is øy og Dronning Maud Land er underlagt norsk statshøgd som biland. Kongen bestemmer i kva grad andre lover skal gjelde for Bouvetøya, Peter Is øy og Dronning Maud Land etter lov 27. februar 1930 nr. 3 om Bouvetøya, Peter Is øy og Dronning Maud Land § 2. Tilsvarande gjeld for Jan Mayen etter lov 27. februar 1930 nr. 2 om Jan Mayen § 2.

Tredje ledd første punktum fastset at lova også vil gjelde utanfor områda nemnde i første ledd for fartøy som er omfatta av lov 26. mars 1999 nr. 15 om retten til å delta i fiske og fangst (deltakerloven). Dette inneber at fiskesalslagslova vil gjelde for alle norske fiskefartøy uavhengig av kvar fangsten er teken eller kvar fartøyet er. Til dømes må krill som er hausta av norsk fartøy i Sørishavet omsetjast i første hand med godkjenning av eit fiskesalslag i tråd med fiskesalslagslova.

Tredje ledd andre punktum gjev departementet heimel til i forskrift å fastsetje at fiskesalslagslova også skal gjelde for andre fartøy som er omfatta av lov 24. juni 1994 nr. 39 om sjøfarten (sjøloven) §§ 1 og 4 og lov 12. juni 1987 om norsk internasjonalt skipsregister (NIS-loven) § 1.

Etter fjerde ledd vil lova ikkje gjelde for fangst hausta med utanlandsk fartøy innanfor det stadlege verkeområdet til lova når fangsten vert landa i utanlandsk hamn, altså utanfor det stadlege verkeområdet til lova.

Kapittel 2. Stifting og godkjenning av fiskesalslag

Til § 4 Godkjenning av fiskesalslag

Føresegna vidarefører råfisklova § 3 første ledd og andre ledd.

Etter råfisklova § 3 første ledd kan departementet godkjenne vedtekter for salsorganisasjonar av fiskarar når fiskarane eller eigarane av båt eller reiskapar kan verte medlemmer ved direkte medlemskap eller ved medlemskap gjennom båtlag, lokale salslag eller gjennom den faglege fiskarorganisasjonen, og salsorganisasjonen er eit samvirkeforetak. Paragraf 3 andre ledd i råfisklova reknar opp kva element som skal vere med i vedtektene til salsorganisasjonen. Etter råfisklova er det såleis departementet si godkjenning av vedtektene som legg grunnlaget for salslaga si avgjerdsmakt etter lova.

Første ledd første punktum i lovutkastet § 4 fastset at departementet kan godkjenne eit samvirkeforetak som fiskesalslag etter fiskesalslagslova. Dette betyr at det framleis berre vil vere samvirkeforetak etter samvirkelova som kan godkjennast etter lova her som fiskesalslag. Kravet om at fiskesalslag skal vere eit samvirkeforetak er altså ei vidareføring av gjeldande rett. Føresegna inneber at omgrepet ”fiskesalslag” får ei legal vekt. Godkjenninga gjev fiskesalslag rett til å utøve myndigheit etter lova her.

Første ledd andre punktum fastset at berre fiskarar eller organisasjonar av fiskarar kan vere medlemmer i fiskesalslag. Organisasjonar av fiskarar er til dømes Norges Fiskarlag, Norges Kystfiskarlag, Sjømannsforbundet og Maskinistforbundet.

Andre ledd gjev reglar for kva vedtektene til samvirkelaget skal innehalde for at departementet kan godkjenne organisasjonen som eit fiskesalslag. For å verte godkjent som fiskesalslag må alle krava i a) til d) vere oppfylte.

Tredje ledd gjev departementet heimel til i forskrift å fastsetje nærare føresegner om ansvarsområda til fiskesalslaga, medrekna geografiske område og kva for viltlevande marine ressursar det enkelte fiskesalslag skal ha einerett til å omsetje. Verkeområda til dei ulike fiskesalslaga, medrekna geografisk område og kva ressursar laga kan omsetje, vert i dag regulert gjennom forskrift 30. april 2010 nr. 641 om omsetning i første hand av viltlevande marine ressursar. Departementet meiner det er tenleg at verkeområda til dei ulike fiskesalslaga framleis skal vere konkretiserte gjennom forskrift, og det er såleis ønskjeleg å vidareføre dagens system.

Siste ledd fastset at fiskesalslag har revisjonsplikt. Revisorlova § 2-1 bestemmer at rekneskapspliktige skal sjå til at årsrekneskapen vert revidert av ein registrert revisor eller statsautorisert revisor i samsvar med § 2-2 (revisjonsplikt) når ikkje anna er bestemt i eller i medhald av lov. Samvirkeforetak er etter rekneskapslova § 1-2 første ledd nr. 7 rekneskapspliktige. Revisorlova § 2-1 andre ledd fastset likevel at revisjonsplikta ikkje gjeld dersom driftsinntektene av den samla verksemda er mindre enn fem millionar kroner. Fiskesalslaga har gjennom eineretten til førstehandsomsetninga og rolla si i ressurskontrollen, fått ein viktig plass i norsk fiskeriforvaltning. Departementet meiner difor det er tenleg at fiskesalslag alltid har revisjonsplikt, uavhengig av kva for meir generelle vurderingar av trong for revisjonsplikt som måtte verte gjort i framtida.

Til § 5 Offentlege kontrollørar

Råfisklova § 3 andre ledd nr. 3 fastset at vedtektene til salsorganisasjonen skal bestemme at departementet skal ha høve til å oppnemne ein offentleg kontrollør som skal lønast av organisasjonen. Vidare seier føresegna at løna til kontrolløren skal fastsetjast av departementet. Det er i dag oppnemnt kontrollørar i alle seks fiskesalslaga. Den viktigaste funksjonen til kontrolløren er å føre kontroll med at den forvaltningsverksemda som salslaget utfører er i samsvar med gjeldande regelverk. Kva oppgåver kontrolløren skal utføre er i dag nærare fastsett i instruks.

Salslaga har gjennom råfisklova vorte tildelt ei nasjonal rolle i ressursforvaltninga. Denne rolla er i nyare tid vidareutvikla og vorte stadig viktigare. Det er ein føresetnad for systemet at fiskesalslaga har tilstrekkeleg legitimitet som objektiv kontrollstyresmakt. Legitimiteten kan verte utfordra sidan salslaga heilt og fullt er eigd av fiskarane, og kontrollen til salslaga i praksis inneber tilsyn med at dei som eig laget følgjer lovverket. Statens kontrollør kan i eit slikt perspektiv ha ein viktig funksjon og kan styrkje salslaga som nasjonal ressurskontrollstyresmakt.

Departementet meiner det er tenleg at fiskesalslagslova får ei eiga føresegn om offentlege kontrollørar. Ei slik føresegn vil gjere det tydeleg at fiskesalslaga er underlagt ekstern kontroll, og det vil vere med å styrkje legitimiteten til salslaga.

Første ledd første punktum fastset at departementet skal oppnemne ein offentleg kontrollør i kvart fiskesalslag som skal utføre dei tilsynsoppgåvene som departementet fastset i forskrift. Departementet meiner at oppgåvene til kontrolløren skal forskriftfestast. Dette vil sikre at arbeidet til kontrolløren vert oversiktleg og føreseieleg, noko departementet meiner er ein fordel for både kontrolløren og den som vert kontrollert.

Første ledd andre punktum slår fast at arbeidet til kontrolløren skal honorerast av fiskesalslaget. Det er departementet som fastset kor stort honoraret skal vere. Omgrepet honorar er nytta fordi kontrolløren ikkje er tilsett i fiskesalslaget.

Andre ledd slår fast at fiskesalslaga skal gje kontrolløren uhindra tilgang til og innsyn i alle bøker og protokollar og all korrespondanse i salslaget og på førespurnad ha tilgang til andre opplysningar. Uhindra tilgang tyder at kontrolløren heile tida skal ha tilgang til dei opplysningar han eller ho meiner er nødvendige for kontrollen. Andre ledd fastset vidare at kontrolløren har rett til å vere til stades på styremøte og årsmøte i fiskesalslaget.

Til § 6. Tilbakekalling av godkjenning

Råfisklova har i dag inga føresegn om tilbakekalling av departementet si godkjenning. Departementet meiner at lova bør ha ei slik føresegn, jf kapittel 19.5.

Første ledd slår fast at departementet kan trekkje tilbake godkjenninga dersom enkelte føresetnader for godkjenning vert brotne. Godkjenninga kan trekkjast tilbake permanent eller mellombels. Om tilbaketrekkinga skal vere mellombels eller permanent vert avgjort etter ei heilskapleg vurdering av saksfeltet, medrekna kva for føresetnader som er brotne, kva omfang brota har og kor alvorlege dei er. Formålet med føresegna er å vise at avgjerdsmakta som er tildelt etter lova er gjeven under enkelte føresetnader.

Første ledd bokstav a) fastset at godkjenninga kan trekkjast tilbake permanent eller mellombels dersom fiskesalslaget ikkje oppfyller dei krava som er fastsette i eller etter samvirkelova. Utkastet slår fast at det berre er samvirkeforetak som kan godkjennast som fiskesalslag. Dersom fiskesalslaget ikkje oppfyller krava i samvirkelova, vil salslaget heller ikkje tilfredsstille § 4 i utkast til ny fiskesalslagslov. Departementet meiner det er nødvendig formelt å kunne trekkje tilbake ei godkjenning som er gjeven etter lova.

Første ledd bokstav b) fastset at godkjenning kan trekkjast tilbake permanent eller mellombels dersom fiskesalslaget hindrar kontrolløren i arbeid sitt. Departementet meiner det er nødvendig å presisere kor viktig det er at kontrolløren får utføre kontrollen uhindra.

Første ledd bokstav c) fastset at godkjenninga kan trekkjast tilbake permanent eller mellombels dersom salslaget grovt eller gjenteke har brote føresegner fastsette i eller etter lova.

Første ledd bokstav d) fastset at godkjenninga kan trekkjast tilbake permanent eller mellombels dersom organiseringa og strukturen til fiskesalslaga ikkje er tenleg ut frå formålet med lova. Formålet med lova er å medverke til ei berekraftig og samfunnsøkonomisk lønsam forvaltning av viltlevande marine ressursar ved å leggje til rette for gode rammer for førstehandsomsetning og ved å sikre god dokumentasjon av ressursuttaket. Føresegna krev at det må gjerast ei heilskapleg og overordna vurdering knytt til fiskesalslaga og dei politiske måla om berekraftig og samfunnsøkonomisk lønsam forvaltning av dei viltlevande marine ressursane.

Andre ledd fastset at departementet ved tilbakekalling av godkjenning kan fastsetje at eit anna fiskesalslag skal overta ansvarsområdet til det fiskesalslaget som fekk godkjenninga si kalla tilbake. Formålet med føresegna er å kunne rette oppatt rammevilkåra for førstehandsomsetninga gjennom å utvide verkeområdet til eit anna fiskesalslag.

Til § 7 Overføring av ansvar

Føresegna vidarefører råfisklova § 2 siste ledd, men vert noko utvida.

Første punktum fastset at eit fiskesalslag kan overføre ansvar etter lova her eller etter havressurslova til eit felles organ for to eller fleire godkjende fiskesalslag. Eit døme kan vere at salslaga opprettar eit eige organ som skal ta seg av den lovpålagde ressurskontrollen til laga. Slike fellesorgan kan leggje til rette for meir effektiv oppgåveløysing, særleg for dei minste salslaga.

Andre punktum slår fast at fellesorganet skal ha vedtekter som er godkjende av departementet. Formålet med føresegna er å sikre at aktivitetane til fellesorganet ligg innanfor ramma av det fiskesalslaget kan foreta seg etter fiskesalslagslova.

Andre ledd slår fast at dersom det blir etablert eit slikt fellesorgan for å ivareta salslaga sine kontrolloppgåver etter havressurslova eller etter lova her, vil fullmaktene som følgjer av kapittel 6 også gjelde for dette organet.

Kapittel 3. Førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar

Til § 8 Førstehandsomsetning

Råfisklova § 2 gjev Kongen heimel til å bestemme at det skal vere forbode å tilverke, omsetje eller utføre råfisk dersom råfisken ikkje er omsett i første hand gjennom eller med godkjenning av ein salsorganisasjon av fiskarar, og vedtektene til organisasjonen er godkjende av departementet.

Forskrift om omsetning i første hand av viltlevande marine ressursar § 2 slår fast at det er forbode å tilverke, omsetje eller utføre marine ressursar dersom dei ikkje i første hand er omsette gjennom eller med godkjenning av eit fiskesalslag med vedtekter som er godkjende av departementet.

Departementet meiner det er tenleg å tydeleggjere gjeldande rett i fiskesalslagslova og at påbodet bør gå fram direkte av lova sjølv.

Første ledd slår difor fast at førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar skal skje gjennom eller med godkjenning av eit fiskesalslag. Føresegna vidarefører fiskesalslaga sitt monopol på omsetning av viltlevande marine ressursar.

Andre ledd bestemmer at det er forbode å utføre og tilverke viltlevande marine ressursar som ikkje er omsett i første hand med godkjenning av eit fiskesalslag, med mindre det er til eige forbruk. Føresegna vidarefører råfisklova § 2 første ledd. Med utførsel er meint all aktivitet som fører viltlevande marine ressursar ut av det stadlege verkeområdet til lova. Med tilverking er meint til dømes salting, henging og anna vidareforedling av fangsten.

Fiskeri- og kystdepartementet innførde utførselskvote for fisk og fiskevarer frå 1. juni 2006. Kvoten avgrensa mengda marin fisk eller fiskevarer frå sportsfiske som kan førast ut av landet til 15 kg per person, utan omsyn til alder. Med ”eige forbruk” er meint i lova slik utførsel som er lovleg etter denne føresegna.

Tredje ledd bestemmer at departementet i forskrift kan gi nærare føresegner om unntak frå første og andre ledd, mellom anna for deler, produkt eller biprodukt av viltlevande marine ressursar og om sjølvtilverking av eigen fangst.

Med sjølvtilverking er meint tilverking av den fangsten som fiskaren har hausta sjølv, til dømes gjennom salting og tørking. Omgrepet sjølvtilverking omfattar individuelle fiskarar så vel som juridiske personar som disponerer både fiske- og tilverkingskapasitet. Forskrift som regulerer sjølvtilverking vil kunne omfatte tilverking både om bord i fiskefartøyet, i eigne fabrikkskip eller på anlegg i land. Forskriftsheimelen inneber at departementet kan gje nærare reglar for kva som skal reknast som sjølvtilverking av eigen fangst, medrekna personelle kriterium for kven som utfører tilverkinga.

Til § 9 Fastsetjing av avgift

Lovutkastet vidarefører gjeldande råfisklov § 3 tredje ledd.

Første ledd bestemmer at eit fiskesalslag kan fastsetje ei avgift for førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar. Avgifta skal fastsetjast på fiskesalslaget sitt årsmøte.

Andre ledd slår fast at avgifta skal gå til verksemd som anten direkte er knytt til førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar, eller som står i rimeleg nær samanheng med fremje av dette formålet. Lovutkastet inneber såleis ein skranke for kva salslaga kan nytte avgifta til. Høgsterett behandla i Rt-1997-1210 eit spørsmål om Norges Råfisklag si overføring av avgiftsmidlar til Norges Fiskarlag. Medlemmer av Norges Kystfiskarlag fekk medhald av Høgsterett i at det ikkje kunne trekkjast pengar frå avgifta på fangstar dei leverte, til fordel for Norges Fiskarlag. Høgsterett uttalte i saka at:

”Det synes klart at loven ikke gir hjemmel for at avgiftsmidler kan brukes til fagorganisasjonsformål generelt, eller til organisasjonenes egen næringsvirksomhet utenfor enerettsområdet. Bruken av midlene må gå til virksomhet som enten direkte knytter seg til førstehåndsomsetningen av fisk, eller som står i rimelig nær sammenheng med fremme av dette formålet. Derimot kan det ikke ha avgjørende betydning om midlene brukes av Råfisklaget eller av Fiskarlaget, idet Råfisklaget må kunne bruke Norges Fiskarlag som instrument for å fremme sitt lovfestete omsetningsmonopol og yte vederlag for dette av avgiftsmidler.”

Etter det departementet kjenner til har fiskesalslaga halde seg til dette etter dommen. Departementet er samd i at dette er ei god retningslinje og avgrensing for bruken av avgiftsmidlane, og gjer framlegg om å lovfeste dette.

Føresegna slår fast at reglane i kapittel VII i forvaltningslova ikkje gjeld ved fastsetjing av avgift. Det inneber at reglane i forvaltningslova om til dømes høyring og kunngjering ikkje gjeld, sjølv om avgjerda etter sitt materielle innhald er å sjå som ei forskrift etter definisjonen i forvaltningslova.

Til § 10 Fastsetjing av salsvilkår og omsetningsformer:

Føresegna er ei vidareføring av råfisklova § 4, og gjev salslaga einerett til å fastsetje salsvilkår og omsetningsformer. Spørsmål omkring fastsetjing av salsvilkår og omsetningsformer er drøfta i kapittel 6.3.

Første ledd bestemmer at eit fiskesalslag skal fastsetje allmenne salsvilkår for førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar, og kan bestemme kva omsetningsformer som kan nyttast.

Etter andre ledd skal endringar i salsvilkår eller omsetningsformer leggjast fram for partane før endeleg avgjerd vert teken. Partane vil her vere organisasjonar for dei kjøparane som dette gjeld, ikkje enkeltbedriftene.

Tredje ledd slår fast at kjøpar og seljar er bundne av dei fastsette salsvilkåra og omsetningsformer, medan fjerde ledd slår fast at føresegnene i forvaltningslova kapittel VII om fastsetjing av forskrifter ikkje gjeld ved fastsetjing av salsvilkår og omsetningsformer.

Til § 11 Fastsetjing av minstepris

Råfisklova har ikkje eigen føresegn om minstepris, men heimelen til å fastsetje minstepris ligg i råfisklova § 4. Heimelen til å fastsetje minstepris er eit viktig instrument innanfor førstehandsomsetninga av viltlevande marine ressursar, og det tilseier at heimelen vert framheva og utbygd i ei eiga føresegn.

Det vert også vist til drøftinga i kapittel 6.2.

Første ledd første punktum bestemmer at det kan fastsetjast ein minstepris for førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar. Føresegna er ein kan-regel og inneber inga plikt for laget til å fastsetje minstepris.

Første ledd andre punktum fortel kva som er målet med å fastsetje ein minstepris. Målet med minstepris er å oppnå ei rimeleg fordeling av inntekta frå marknaden mellom fiskar og industri. Subjektivt sett kan det tenkjast at fiskarsida og industrisida er usamde om kva som er ei rimeleg fordeling av inntekt frå marknaden. Spørsmålet om kva som er rimeleg må likevel ta utgangspunkt i ei objektiv vurdering av forholda, og nødvendigvis byggje på ei heilskapsvurdering av ei rekkje ulike forhold.

Andre ledd bestemmer at minsteprisen skal avgjerast av fiskesalslaget og dei andre partane i fellesskap. Føresegna inneber ikkje at enkeltaktørar på industrisida kan krevje minsteprisforhandlingar. Med dei andre partane er meint interesseorganisasjonane på industrisida. I dag vert kjøpar-/industrisida representert av FHL og NSL i prisforhandlingane. Andre ledd bestemmer vidare at det er fiskesalslaget som skal fastsetje minsteprisen. Det er såleis salslaget som står for den formelle fastsetjinga av minsteprisen. Salslaget er bunde til å fastsetje den prisen som det vert semje om. Lovforslaget gjev ingen føringar for kva instans eller organ innanfor fiskesalslaga som kan fastsetje minsteprisen. Storleiken på fiskesalslaga, strukturen og verksemda varierer, og det er difor tenleg at salslaga sjølve vurderer kva organ eller instans som tek den formelle avgjerda om minsteprisen.

Tredje ledd bestemmer at det er forbode å omsetje til lågare pris enn den fastsette minsteprisen.

Til § 12 Framgangsmåte ved usemje

Føresegna fortel kva prosedyrar som gjeld dersom partane etter forhandlingar ikkje lukkast i å verte samde om minsteprisen.

Etter første ledd skal spørsmålet om minstepris leggjast fram for mekling dersom partane ikkje vert samde om minstepris.

Andre ledd bestemmer at dersom mekling ikkje fører fram, skal spørsmål om minstepris fastsetjast av fiskesalslaget. Dette inneber at den endelege vedtaksmakta i minsteprisspørsmålet, ligg til fiskesalslaga.

Partane i fellesskap dekkjer kostnadene med mekling. Det vert lagt opp til at meklingsnemnda skal leiast av ein person oppnemnd av Riksmeklaren og i tillegg bestå av to personar oppnemnde etter forslag frå høvesvis kjøparorganisasjonane og salslaga. I prøveperioden var det to nemnder, ei for pelagisk sektor og ei for dei andre salslaga. Departementet er i tvil om dette er nødvendig. Det er uansett ikkje nødvendig å lovfeste dette, og departementet vil difor ta stilling til dette etter nærare drøftingar med partane.

Kapittel 4. Regulering av hausting og dirigering av fangstar

Til § 13 Rett til å regulere hausting

Føresegna vidarefører råfisklova § 5. Det vert også vist til kapittel 6.4.

Første ledd første punktum bestemmer at eit fiskesalslag kan fastsetje mellombels forbod mot hausting eller gjennomføre andre reguleringar når det er nødvendig av omsyn til avtaket.

Avgjerder etter første ledd første punktum vedkjem ressursforvaltninga indirekte, sjølv om det er forhold kring avtaket som ligg bak.

Det er omsynet til avtaket som kan grunngje tiltak etter føresegna. Med ”nødvendig” er meint at det må liggje føre ein situasjon som faktisk tilseier bruk av tiltak. Fiskesalslaget kan ikkje setje i verk tiltak utan at dei rådande forholda, eller forhold som er under vegs, tilseier det. Prisnivå i seg sjølv kan til dømes ikkje nyttast som grunngjeving for fangststopp. Heller ikkje kan ressursomsyn som påverknad på andre fiskeri nyttast som grunngjeving. Men føresegna vil vere aktuell til dømes ved slike toppar i fisket som fører til at det oppstår spørsmål om fisken i det heile kan omsetjast. Slike toppar har i dei seinare åra til dømes dukka opp under hysefisket om våren, og Norges Råfisklag har innført tiltak etter råfisklova § 5.

Dersom det vert fastsett fleire reguleringar om det same fisket, er hovudregelen at fiskarane må rette seg etter dei strengaste reguleringane.

Første ledd andre punktum slår fast at dei tiltak som kan setjast i verk etter første ledd første punktum, også kan setjast i verk dersom tiltaket er nødvendig for å oppnå ei tenleg utnytting av fangstane. I forarbeida til råfisklova, jf. Ot.prp. nr. 34 (1975-1976) s. 3, uttalar departementet at det er ”et klart behov for å kunne regulere avtaket av fangstene også ut fra hensynet til å få fangstene anvendt på den beste måten, for eksempel til frysing for menneskemat istedenfor oppmaling til dyrefor”. Departementet meiner det framleis kan vere behov for ei slik føresegn, og foreslår å vidareføre heimelen.

Andre ledd bestemmer at forbod og reguleringar etter første ledd, kan avgrensast til enkelte fiskeslag, distrikt og fartøygrupper. Fiskesalslaget kan såleis regulere på ulike måtar. Til dømes kan forbod mot fangst av visse fiskeslag i eit nærare oppgjeve geografisk område og tidsrom vere ei aktuell regulering. Tilsvarande kan tilhøva gjere det naturleg å regulere med kvotereguleringar per tur eller per tidseining, eller at fartøya vert pålagde eit oppgjeve tal liggjedagar mellom kvar tur. Val av avgrensingar må liggje innanfor ramma av det som er nødvendig av omsyn til avtaket eller for å oppnå ei tenleg utnytting av fangstane.

Tredje ledd gjev departementet heimel til i forskrift å gje nærare føresegner om fiskesalslaga sin reguleringsrett etter første og andre ledd.

Fjerde ledd vidarefører dagens føresegn om at forvaltningslova kapittel VII ikkje gjeld ved avgjerder om slik regulering.

Til § 14 Rett til å dirigere fangstar

Føresegna vidarefører råfisklova § 6. Det vert også vist til kapittel 6.4.

Første ledd bestemmer at et fiskesalslag kan, når det er nødvendig for å få fangstane omsett på den mest tenlege måten, dirigere fangstar til bestemte kjøparar og til bestemt bruk. Med ”nødvendig” er meint at det må vere ein situasjon som faktisk tilseier bruk av tiltak. Formålet med føresegna er å sikre ei rasjonell omsetning av fangstane ut frå tilgjengeleg landingskapasitet. Denne retten har dei seinare åra berre vore nytta av Norges Råfisklag, men andre salslag kan ha dirigeringsordningar basert på samtykke.

Andre ledd vidarefører dagens ordning med at forvaltningsloven kapittel V og VII ikkje gjeld ved avgjerder etter første ledd. Det tyder, som for regulering og dei andre stadane i lova der det er gjort unntak for forvaltningslova kapittel VII, at ordninga ikkje krev høyring og kunngjering etter reglane for forskrifter i forvaltningslova. Ved dirigering vert det også fatta vedtak som er å rekne som enkeltvedtak etter forvaltningslova.

Til § 15. Orientering

Føresegna gjev fiskesalslaga plikt til å orientere partane når det er nødvendig å nytte regulerings- eller dirigeringsretten etter § 13 og § 14. Formålet med dette er å medverke til at partane, så langt råd er, kan førebu seg på tiltaka. Partane er også her organisasjonane til dei kjøparane som dette gjeld.

Kapittel 5. Kvalitetskrav

Til § 16 Tilsyn med kvaltitetskrav til hausting og handtering av råstoff

Føresegna gjev departementet heimel til i forskrift å kunne påleggje fiskesalslaga oppgåver for å fremme og ha tilsyn med den aktiviteten som skjer om bord i fartøya og under og etter ilandføring, medrekna fangst, sleping, transport og lagring av levande fangst når det gjeld kvalitet ved hausting og handtering av råstoff i samsvar med forskrifter om kvalitet gjeve i medhald av denne paragrafen og matlova § 9. Forskriftsarbeidet må samordnast med regelverk etter matlova, og Mattilsynet sitt overordna ansvar for tilsyn med regelverk for å sikre matryggleik m.v.

Føresegna gjev óg heimel til i forskrift å fastsetje nærare føresegner om direkte handtering av levande fangst, medrekna bløgging, sløying, reinsing, skyljing og hovudkapping, i tillegg til krav til utstyr som vert nytta ved slik handtering. Krav til oppbevaring av fangst, mellom anna temperatur og innfrysing av fangsten, kan også fastsetjast med heimel i andre ledd.

Det følgjer av § 17 første ledd at fiskesalslaga skal kontrollere at føresegner som er fastsette i eller etter lova vert haldne. Det same kan gjelde for føresegner som gjeld råstoffkvalitet og råstoffhandtering som er fastsette etter matlova. Det kan vere tenleg at denne kvalitetskontrollen vert gjort av fellesorgan for to eller fleire fiskesalslag, jf. § 7, og at industrien vert involvert i organisering og styring av dette arbeidet.

Kapittel 6. Kontrollansvaret til fiskesalslaga

Til § 17 Kontrolloppgåver

Føresegna er ei vidareføring av råfisklova § 7, jf. også havressurslova § 48.

Første ledd bestemmer at fiskesalslaga skal kontrollere at føresegner som er fastsette i eller etter fiskesalslagslova vert haldne. Dette er med andre ord ei plikt for salslaga; føresegna fastslår kva kontrolloppgåvene til fiskesalslaga er og at fiskesalslaga har eit sjølvstendig ansvar for kontrollen. Det kan vere tenleg at t.d. kvalitetskontrollen vert utført av fellesorgan for to eller fleire fiskesalslag, jf. § 7, og at industrien vert involvert i organisering og styring av dette arbeidet.

Andre ledd gjev departementet heimel til å påleggje eit fiskesalslag å kontrollere fangstar sjølv om fangsten i utgangpunktet ikkje er omfatta av fiskesalslaget sin einerett til førstehandsomsetning. Slik kontroll kan både innebere kvoteavrekning og fangstrapportering og andre former for kontroll. Det kan til dømes vere tenleg at fiskesalslaga gjennom sine system fører kontroll med uttaket av ein ressurs sjølv om retten til førstehandsomsetning av arten ikkje ligg til fiskesalslaga. Sidan fiskesalslaga ikkje er underlagt alminneleg instruksjonsmakt frå departementet er det nødvendig å lovfeste heimelen.

Tredje ledd fastset at departementet i forskrift kan gje nærare føresegner om organisering av kontrollarbeidet til eit fiskesalslag, om gjennomføring av kontroll og om rapporterings- og kontrollrutinar. Denne kompetansen vil departementet kunne delegere til Fiskeridirektoratet.

Til § 18 Tilgang og bistandsplikt

Føresegna er ei vidareføring av råfisklova § 7 andre ledd, jf. også havressurslova § 48 andre ledd.

Første ledd inneheld ei positiv opprekning av kvar fiskesalslaga kan krevje tilgang, og kva dei kan krevje tilgang til, for å utføre kontrolloppgåvene etter § 17. Fiskesalslaga kan dermed ikkje krevje å få utføre kontroll på stader eller krevje å få opplysningar som ikkje er omfatta av opprekninga. Første ledd viser såleis både kva fiskesalslaga kan kontrollere og kva dei ikkje har krav på å kontrollere. Dersom eit fiskesalslag under kontrollen ønskjer tilgang til stader eller opplysningar som ikkje er nemnde i første ledd, har den som vert kontrollert ikkje plikt til å gje slik tilgang.

Når fiskesalslag gjennomfører kontroll skal dei etter første ledd ha uhindra tilgang til haustings- eller transportfartøy og til kontora, lagera og produksjonsanlegga til kjøparen eller mottakaren. Det same gjeld når fangst vert overført frå eller til steng eller merd. Fiskesalslaga skal såleis ha tilgang til dei som er involverte i landing eller førstehandsomsetning av fangst. Det er kontroll av desse aktørane som har klarast samanheng med fiskesalslaga si verksemd etter lova. For å kunne gjennomføre kontrollen på dei stadene som er nemnde i første ledd første og tredje punktum, er det nødvendig å ha tilgang til relevante kontrollopplysningar. Første ledd andre punktum bestemmer kva for kontrollopplysningar fiskesalslaga skal ha uhindra tilgang til, medrekna fangstdagboka til fartøyet, landingsjournalen til mottaket eller kjøparen, landings- og sluttsetlar og rekneskap. Når fiskesalslaget utfører ein kontroll, er det som offentleg styresmakt, og som offentleg styresmakt er fiskesalslaga underlagde teieplikt om forretningsløyndomar med tilhøyrande reglar om straff om dei ikkje held seg til pliktene. Tilsvarande gjeld bruk av slik informasjon i eigen næring. At salslaget utfører kontroll som offentleg styresmakt, har også det til følgje at dei frå salslaget som utfører kontrollen er å rekne som offentlege tenestemenn etter dei reglane som vernar om offentleg tenestemann under utføring av tenesta.

Tilgangen til stader og opplysningar er nødvendig for å kunne sjekke om det er fangst igjen i fartøyet, at levert kvantum fangst stemmer med det oppgjevne kvantum på sluttsetel og i fangstdagbok, og om det er levert kvantum som ikkje er ført på landings- eller sluttsetlar. Tilgang til rekneskap både til fartøy og kjøpar/mottakar, er viktig for å kunne undersøkje om det er motteke betaling for fisk eller gjeve andre vederlag som ikkje stemmer med det kvantum som er ført på landings- eller sluttsetelen.

Fiskesalslaga skal ha tilgang til fartøy, mottak og kjøparar og opplysningar i samband med landing eller etter landing av fangst. Heimelen skal ikkje tolkast så vidt at fiskesalslaga skal ha tilgang til dømes til fartøy under utøving av fiske.

Andre ledd pålegg dei som vert kontrollerte å samarbeide med fiskesalslaga ved kontroll og gje tilgang til stader og opplysningar som er omfatta av første ledd. Samarbeidsplikta er nødvendig for at fiskesalslaga skal kunne utføre dei pålagde kontrolloppgåvene på ein god måte. Lovutkastet inneber også at kontrollsubjektet må yte bistand under kontrollen. Slik bistand kan til dømes vere å hente fram aktuelle permar osv. som inneheld dei opplysningar som kontrolløren ber om.

Tredje ledd fastset at politiet skal yte salslaget nødvendig hjelp og vern under utføring av kontroll. Ei slik plikt finst også for Fiskeridirektoratet, jf havressurslova § 46 siste ledd og for andre kontrolletatar, jf. mellom anna tollova av 10. juni 1966 § 20. Som nemnd ovanfor utfører salslaga kontroll som offentleg styresmakt, og då er det naturleg at politiet får ei slik plikt også i høve til salslaga si kontrollverksemd.

Til § 19 Utveksling av informasjon

Føresegna er ny og slår fast at eit fiskesalslag skal gje og ta i mot dei opplysningane som Fiskeridirektoratet meiner er nødvendige for å gjennomføre kontroll etter fiskesalslagslova og havressurslova.

Fiskeridirektoratet har eit overordna ansvar for ressurskontrollarbeidet i Noreg. Fiskeridirektoratet skal føre kontroll med at føresegnene fastsette i og etter havressurslova, deltakarlova, sonelova, fiskeforbodslova, og den nye fiskesalslagslova vert følgde. Opplysningane som fiskesalslaga skal kontrollere vil i dei aller fleste høve vere dei same anten dei gjennomfører ressurskontroll etter havressurslova eller omsetningskontroll etter fiskesalslagslova. Når det først er brot på regelverket, finn ein ved kontroll ofte brot på begge typar reglar. Omsetningskontroll og ressurskontroll heng difor nært saman. I lys av dette kan det vere tenleg at Fiskeridirektoratet, som har det overordna ressurskontrollarbeidet i Noreg, har høve til å krevje utlevert slik informasjon frå eit fiskesalslag som direktoratet meiner er nødvendig for kontrollarbeidet sitt.

Tilsvarande kan Fiskeridirektorat ha behov for å gje informasjon til salslaga, som direktoratet meiner er nødvendige for at fiskesalslaga skal utøve kontrollfunksjonane sine på ein tenleg måte.

Til § 20 Utveksling av opplysningar mellom kontrollstyresmakter

Føresegna er ny og er ein særleg regel om unntak frå teieplikta ved utveksling av opplysningar mellom kontrollpersonell i fiskesalslag og andre kontrollstyresmakter. Lovutkastet er ei omskriving av havressurslova § 49. Bakgrunnen for havressurslova § 49 er at ulike føresegner om teieplikt for personell i ulike etatar kan innebere ei unødig hindring i samarbeidet om ressurskontroll.

Første ledd inneber at kontrollpersonellet i fiskesalslaga, utan hinder av teieplikt, kan gje andre kontrollstyresmakter, politi eller påtalemakt opplysningar som har naturleg samanheng med oppgåvene deira etter lova.

På same måte fastslår andre ledd at teieplikt for personell i andre kontrollstyresmakter, politi eller påtalemakt, ikkje hindrar at dei gjev kontrollpersonell i eit fiskesalslag opplysningar som nemnt i første ledd. Retten til å gje slike opplysningar er både etter første og andre ledd avgrensa til opplysningar som har naturleg samanheng med oppgåvene til fiskesalslaget.

Føresegna gjev rett til å gje opplysningar til andre kontrollstyresmakter, og inneber såleis inga opplysningsplikt.

Tredje ledd gjev heimel til å fastsetje nærare føresegner om utveksling av opplysningar i forskrift. Slike føresegner kan til dømes vere kva slags typar opplysningar som skal utvekslast og kva styresmakter som skal kunne utveksle opplysningar med kontrollpersonellet i fiskesalslaga.

Sidan føresegna også gjeld etatar som er underlagde fleire departement, til dømes politiet, er det naturleg at myndigheit til å gje forskrifter etter føresegna vert lagt til Kongen.

Til § 21 Fangst som er omsett i strid med lova

Lovutkastet vidarefører råfisklova § 6 a, men er materielt lagt nært opp til havressurslova § 54. Dette legg til rette for samordning eller harmonisering av føresegnene i medhald av havressurslova og lova her.

Første ledd slår fast at fangst eller verdien av fangst som er hausta eller omsett i første hand i strid med føresegner fastsette i eller etter lova, tilfell vedkomande fiskesalslag. Med vedkomande fiskesalslag er meint det salslaget som har retten til å omsetje den aktuelle fangsten. Det er fangst eller verdien av fangst som er hausta eller omsett i første hand i strid med fiskesalslagslova som tilfell fiskesalslaget etter første ledd. Brot på til dømes kvoteføresegner, altså inndraging av fangst over kvote, vil framleis vere regulert gjennom havressurslova § 54.

Andre ledd gjev departementet heimel til å fastsetje forskrift om behandlinga av slike tilfelle som er omfatta av første ledd, medrekna korleis verdien av fangsten skal fastsetjast, om det kan gjevast vederlag for kostnader ved ilandføring, og om kva fiskesalslaga kan bruke slike midlar til.

I all hovudsak vil det ikkje vere problematisk å fastsetje verdien av den lovstridige fangsten. Det vanlege er å leggje omsetningsverdien til grunn. Men det kan tenkjast at det kan verte behov for ei ordning som tek utgangspunkt i andre parameter, og det kan difor vere tenleg at departementet får heimel til å bestemme reglar for fastsetjing av verdien dersom det skulle verte behov for det.

Tredje ledd slår fast at endeleg vedtak er tvangsgrunnlag for utlegg. Endelig vedtak inneber at klageretten må vere uttømt eller at klageretten ikkje er nytta. Tredje ledd slår vidare fast at verdien av fangsten kan krevjast inn ved motrekning i fangstoppgjer. Etter fjerde ledd kan departementet gje forskrift om mellombels tilbakehald av fangstverdi.

Kapittel 7. Reaksjonar ved lovbrot

Til § 22 Straffansvar

Føresegna vidarefører § 9 i råfisklova som fastset at den som med vilje eller aktlaust bryt føresegner kan straffast med bøter eller fengsel, men er harmonisert med havressurslova og deltakarlova, jf. arbeidet med etterkontroll av deltakarlova mv. Skuldkravet er såleis det same som i havressurslova. Uttrykket ”med vilje” tyder det same som ”med forsett”.

Første ledd bestemmer at den som med vilje eller aktlaust bryt føresegner gjevne i eller etter lova vert straffa med bøter eller fengsel i inntil eitt år. Føresegna reknar opp kva lovføresegner som inneheld handlingsnormer, det vil seie påbod og forbod, som det er aktuelt å straffleggje.

Andre ledd fastset at grove brot på føresegnene etter første ledd, kan straffast med fengsel i inntil seks år. Skuldkravet etter andre ledd er om brotet er gjort med grov aktløyse eller med vilje. I vurderinga av om brotet er grovt, skal det særleg leggjast vekt på om den økonomiske eller potensielle økonomiske verdien av brotet er stor, om brotet har skjedd systematisk over tid, om brotet er grenseoverskridande og om brotet har skjedd som ledd i organisert verksemd.

Til vanleg vert straffansvar retta mot fartøyeigaren eller reiaren. Likevel fastset tredje ledd at også mannskapsmedlemer kan straffast, og er såleis eit unntak frå hovudregelen. Dette er parallelt til havressurslova. Tredje ledd første punktum slår fast at når straffansvar etter første ledd kan gjerast gjeldande mot fartøyføraren for ei handling nokon av mannskapet på eit fartøy står for, kan den underordna berre straffast dersom han har brote føresegner med vilje. Første punktum er ein ”kan-regel”, og inneber at det må gjerast ei skjønsvurdering av om mannskapsmedlemen skal straffast i det aktuelle tilfellet. Mannskapsmedlemer kan berre straffast om brotet er gjort med vilje.

Tredje ledd andre punktum fastset at ved avgjerda av om ein underordna skal straffast, skal det særleg takast omsyn til den preventive verknaden av straffa, kor grovt brotet er, og om vedkomande har hatt eller kunne ha oppnådd fordel ved brotet.

Fjerde ledd første punktum slår fast at fartøyføraren kan vedta førelegg på vegner av oppdragsgjevaren. Dette omfattar også andre reaksjonar enn straff som eit førelegg kan vise til, og gjeld førelegg retta både mot person og mot foretak.

Etter fjerde ledd andre punktum kan oppdragsgjevaren straffast i sak som vert reist mot fartøyføraren. Straffesak mot oppdragsgjevaren kan fremmast utan at vedkomande sjølv er til stades, men må ikkje vere i strid med allmenne rettsprinsipp.

Femte ledd fastset at forsøk og medverknad skal straffast på same måte som brot.

Til § 23 Inndraging

Råfisklova har ikkje eiga føresegn om straffeprosesuell inndraging. Forslaget er altså nytt, men er harmonisert med havressurslova § 65. Straffeprosessuell inndraging er eit av dei mest effektive verkemidla i handhevinga av fiskeriregelverket og er godt innarbeidd i påtalemakta og hos domstolane.

Første ledd gjev heimel til å inndra fangst, reiskapar, gjenstandar, eigedomar, anlegg eller fartøy som er brukt ved lovbrotet. Føresegna gjev heimel til inndraging både overfor fiskarar, transportørar, mottakarar og kjøparar av fangst. I staden for tingen kan verdien heilt eller delvis inndragast hos den skuldige eller den det er handla på vegner av, eller hos eigaren. I dei fleste høve vil det vere mest praktisk å inndra verdien av fangst mv. i staden for sjølve tingen.

Etter andre ledd kan det fastsetjast at panterett og andre rettar i ting som vert inndregne, heilt eller delvis fell bort. Føresegnene i straffelova § 37 c gjeld tilsvarande.

Tredje ledd fastset at når lovleg og ulovleg fangst er blanda saman kan heile fangsten inndragast.

Kapittel 8. Iverksetjing, overgangsregel og endringar i andre lover

Til § 24 Iverksetjing

Føresegna inneber at fiskesalslagslova trer i kraft frå den tid Kongen fastset. Frå same tid vert råfisklova oppheva. Dei forskrifter og enkeltvedtak som er fastsette i medhald av råfisklova, vil framleis gjelde, jf. andre ledd. Dette omfattar også dei forretningsreglar mv. som salslaga har fastsett.

Til § 25 Overgangsregel

Føresegna slår fast at fiskesalslag som har godkjenning etter råfisklova kan halde fram med verksemda som fiskesalslag i to år etter at lova trer i kraft. Departementet meiner at to år gjev fiskesalslaga tilstrekkeleg tid til å søkje om ny godkjenning etter fiskesalslagslova. Salgslag må innan det har gått to år etter at lova er sett i verk ha søkt om og fått ny godkjenning.

Til § 26 Endringar i andre lover

Endringane som er foreslått gjeld redaksjonelle tilpassingar som følgje av at råfisklova vert erstatta av ei ny lov.

Til forsida