Prop. 93 L (2012–2013)

Lov om førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar (fiskesalslagslova)

Til innhaldsliste

7 Krav til kvalitet ved handtering av fisk

7.1 Gjeldande rett

Det er lov 19. desember 2003 nr. 124 om matproduksjon (matloven) som i dag er den sentrale lova som gjev heimel til å stille kvalitetskrav for fisk og fiskevarer. Arbeidet med å fremme god kvalitet på fisk og fiskevarer er i dag regulert i dei EØS-baserte forskriftene om næringsmiddelhygiene og i forskrift om kvalitet på fisk og fiskevarer (fiskekvalitetsforskrifta). Forskrifta stiller krav til kvalitet og heiderleg framferd i omsetning, tilverking og transport av fisk og fiskevarer og varer der fisk eller fiskevarer er den einaste eller ein stor del av råstoffet, og vara har karakter av å vere ei fiskevare. Forskrifta omfattar også fisk og fiskevarer med utanlandsk opphav. I dag omfattar forskrifta ikkje omsetning av fisk og fiskevarer frå detaljist eller tilverking av fisk og fiskevarer hos detaljist for sal direkte til forbrukar, medrekna storhushaldning, kantine, serveringsstad og liknande.

Mattilsynet fører tilsyn med regelverket om hygiene og kvalitet etter matlova, og kan gjere nødvendige vedtak for å gjennomføre føresegnene i regelverket.

Fiskekvalitetsforskrifta er under revisjon. Nytt forslag til forskrift har vore på høyring. Formålet med revisjonen er å fastsetje eit enklare, meir moderne og brukarvennleg regelverk, og å utvide verkeområdet til å gjelde heilt fram til forbrukar. Fiskekvalitetsforskrifta inneheld føresegner om den første handteringa av fisken (bløgging og sløying) og kvalitetskrav til råstoffet, og særlege føresegner ved omsetning til forbrukar i Noreg, særlege føresegner om mellom anna saltfisk, klippfisk og tørrfisk, krav til emballasje og merking og særlege føresegner for handelen med Brasil.

7.2 Vurderingane til departementet

Departementet meiner at det vil vere tenleg å gje salslaga ei større rolle i å følgje opp næringa sitt eige ansvar for kvalitet ved handtering av fisk om bord i fiskefartøy og fartøy som vert nytta til transport av fisk til land, og etter landing. Dette gjeld også fangst, transport og sleping av levandefisk. Det er naturleg at dette vert fastsett i ei forskrift.

For fiskeindustrien er det ideelle målet at all fisk ved landing har ein kvalitet som gjev industrien høve til fritt å velje kva produksjon og bearbeiding råstoffet skal nyttast til. I dag er det varierande kvalitet på det råstoffet som vert landa. For å sikre at råstoffkvaliteten held ønska standard legg ein opp til at fiskesalslaga, som i dag har ei viktig rolle i ressurskontrollen, også skal få ei rolle i å sjå til at næringa tek ansvar for kvaliteten på råstoff før og etter landing. Departementet meiner det er ønskjeleg at oppgåvene til salslaga omfattar tilsyn med handteringa av fisken om bord, inkludert kvaliteten ved levering, og sleping, transport og lagring av levande villfisk. Oppgåvene vil også gjelde kvalitetsfremmande arbeid i bedriftene.

Det vil vere nødvendig å avklare oppgåvene og arbeidsdelinga innanfor kvalitetskontroll mellom fiskesalslaga og Mattilsynet.

Departementet meiner at oppgåvene til salslaga i tilsynsarbeidet bør ha heimel i fiskesalslagslova. Dette vil understreke at salslaga òg skal kontrollere råstoffkvalitet og råstoffhandtering. Fiskesalslagslova skal nettopp vere ei lov som regulerer sentrale deler av salslaga si offentlege utøving av avgjerdsmakt.

Dette forslaget endrar ikkje Mattilsynets ansvar og tilsynsrolle for matryggleik mv. i alle ledd som tilverkar mat. Mattilsynet har etter matlova det overordna ansvaret for dette. Det vil difor vere tenleg å få ein ny gjennomgang av rutinane for samarbeid og ansvarsdeling mellom Mattilsynet, Fiskeridirektoratet og fiskesalslaga før forslag til forskrift vert sendt på høyring og den nye ordninga trer i kraft.

Til forsida