Prop. 1 S (2024–2025)

FOR BUDSJETTÅRET 2025 — Utgiftskapittel: 500–595 og 2412 Inntektskapittel: 3500–3595, 5312, 5615, 5616 og 5635

Til innhaldsliste

1 Den breie distriktspolitikken

Omtalen skal vise statleg innsats og tiltak under departementa sine budsjett som er viktige for å nå regional- og distriktspolitiske mål.

Mange landsdekkande ordningar er viktige for å nå dei regional- og distriktspolitiske måla. Det gjeld til dømes vegtiltak, høgare utdanning, forsking og utvikling, arbeidsmarknadstiltak og overføringar til kommunane. Desse er likevel ikkje tatt med i oversikta, fordi det er problematisk å skilje ut regional- og distriktspolitiske delar frå heilskapen.

For 2025 foreslår regjeringa at det blir løyvd om lag 1,6 mrd. kroner over programkategori 13.50. Dette må sjåast i samanheng med omfanget av den breie distriktspolitikken, som i forslaget for 2025 utgjer om lag 73,1 mrd. kroner. Dette er ein auke på 6,6 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2024.

Figur 1.1 Utvikling i den breie distriktspolitikken 2008–2025

Figur 1.1 Utvikling i den breie distriktspolitikken 2008–2025

Tiltaka er delte i to kategoriar:

  • Kategori A: Tiltak og ordningar som har grunngiving i distriktspolitiske mål, eller som favoriserer distriktsområde, ut over å jamne ut, for å oppnå likeverdige tilbod.

  • Kategori B: Tiltak og ordningar som skal jamne ut og kompensere mellom geografiske område, eller som er særleg viktige for verdiskaping, sysselsetting eller busetting i distriktsområde.

Økonomisk politikk utgjer om lag 43 pst. av innsatsen. Den differensierte arbeidsgivaravgifta er det største enkelttiltaket, med eit anslått provenytap på 24,3 mrd. kroner i 2025.

Økonomisk politikk

Tabell 1.1 Økonomisk politikk

(i 1 000 kr)

Tiltak/ordning

Dep.

Kat.

Kap./post

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Differensiert arbeidsgivaravgift i privat sektor

FIN

A

inntektstap

12 000 000

12 600 000

13 200 000

Differensiert arbeidsgivaravgift i offentleg sektor

FIN

A

inntektstap

10 200 000

10 700 000

11 100 000

Næringspolitikk

Størstedelen av tabell 1.2 viser tilskotsordningar til landbruket. Viktige tiltak retta mot fiskerinæringa er òg tatt med.

Landbruk er tradisjonelt ei av dei viktigaste næringane i distrikta. I dei årlege jordbruksoppgjera blir det forhandla om storleiken på tilskota til landbruket. Ein del tilskot innanfor landbruket har distriktspolitisk grunngiving, til dømes pristilskota for mjølk og kjøt og distriktstilskot for frukt, bær, grønsaker og poteter. Desse tilskota går derfor inn under kategori A.

Tabell 1.2 Næringspolitikk

(i 1 000 kr)

Tiltak/ordning

Dep.

Kat.

Kap./post

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Pristilskot mjølk

LMD

A

1150/73.13

729 700

975 354

1 496 782

Pristilskot grøntsektoren

LMD

A

1150/73.17

288 400

311 800

342 752

Pristilskot kjøt

LMD

A

1150/73.15

1 707 435

1 737 183

1 805 207

Distriktstilskot egg

LMD

A

1150/73.16

5 500

6 081

6 081

Driftstilskot mjølk og kjøt

LMD

B

1150/74.11

2 483 700

2 796 500

2 925 113

Tilskot husdyr

LMD

B

1150/74.14

4 069 645

4 720 230

4 959 373

Pristilskot ull

LMD

B

1150/73.11

108 000

110 700

118 440

Areal- og kulturlandskapstilskot

LMD

B

1150/74.17

4 751 000

5 567 300

6 072 052

Frakttilskot

LMD

B

1150/73.18

446 500

528 200

559 700

Frådrag i positiv næringsinntekt for jordbruk

FIN

B

inntektstap

810 000

810 000

810 000

Til gjennomføring av reindriftsavtala

LMD

B

1151

180 170

200 000

225 000

Tiltak for berekraftig reindrift

LMD

B

1142/71

3 395

5 286

5 926

Frådrag i positiv næringsinntekt for reindrift

FIN

B

inntektstap

12 000

12 000

12 000

Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

LMD

B

1150/50

170 000

200 000

220 000

Tilskot til drenering

LMD

B

1150/50

68 000

142 000

148 000

Tilskot til dyreavl m.m.

LMD

B

1150/77.11

106 245

117 075

147 496

Tilskot til regionale miljøprogram

LMD

B

1150/74.19

786 100

1 006 100

1 106 100

Bedriftsretta midlar til investering og utvikling

LMD

B

1150/50

1 150 500

1 220 500

1 275 500

Regionale tilretteleggingsmidlar1

LMD

B

1150/50

40 000

41 000

61 000

Skattefritak for investering i landbruket (IBU-midlar) under LMD

FIN

A

inntektstap

270 000

290 000

290 000

Skattefritak for distriktsretta investeringsstøtte

FIN

A

inntektstap

170 000

200 000

200 000

Høgare avskrivingssats for husdyrbygg

FIN

B

inntektstap

40 000

40 000

40 000

Skogfondsordninga

FIN

B

inntektstap

220 000

230 000

230 000

Direkte utgiftsføring av skogsveginvesteringar

FIN

B

inntektstap

60 000

60 000

60 000

Låg skogfaktor i formuesskatten

FIN

B

inntektstap

8 500

9 000

9 000

Rentestøtte – utbetalingar

LMD

B

1150/50

30 000

40 000

35 000

Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologiutvikling i landbruket

LMD

B

1150/50

232 000

222 000

237 000

Skogbruk

LMD

B

1150/50

260 000

270 000

275 000

Administrasjonsstøtte for distriktsretta såkornfond

NFD

B

952/70

8 171

8 159

8 410

Tilskot til kommunar og fylkes- kommunar2

NFD

B

919/60

1 409 600

1 197 000

1 244 000

Tilskot til kommunale ungdomsfiskeprosjekt3

NFD

B

919/61

2 400

2 131

2 214

Tilskot for kompensasjon for CO2 – avgift

NFD

B

919/73

346 800

346 800

500 400

Tilskot til næringstiltak i fiskeria

NFD

A

919/75

26 806

22 105

22 945

Testfasilitetar i distrikta

NFD

B

2426/71

177 322

214 342

218 487

Særskilt frådrag for fiskarar

FIN

B

inntektstap

270 000

270 000

270 000

Berekraftig matproduksjon i nord

LMD

B

1150/50

17 000

17 000

25 000

Fjellandbruket

LMD

B

1150/50

2 074

3 000

3 000

Regionale kompetansenettverk for lokalmat

LMD

B

1150/50

14 700

14 700

15 000

Regionale tilskot til rekruttering og kompetanseheving

LMD

B

1150/50

14 000

14 000

0

1 Auken skuldast delvis at tilskotsramma for regionale kompetansemidlar på 14 mill. kroner er innlemma i ordninga.

2 Kommunane og fylkeskommunane sin del av vederlag for tildelte oppdrettsløyve.

3 Flytta frå kap. 900/75 til kap. 919/61 i 2023.

Infrastruktur

Satsing på samferdsel handlar mellom anna om å knyte landsdelar saman og å korte ned avstandar, kostnadar og reisetid mellom by og land. Ei satsing på samferdsel er soleis eit kraftfullt distrikts- og regionalpolitisk verkemiddel.

Tabell 1.3 viser fleire tiltak som skal medverke til å redusere ekstrakostnader som følgje av avstandsulemper. Tabellen viser òg tiltak til førebygging og krise- og hastetiltak i samband med flaum og skred.

I tillegg til tiltaka omtalte i tabellen er samferdselsbudsjettet generelt, og særleg riksvegløyvingane og tilskot til ferjedrifta, eit vesentleg verkemiddel for å redusere distrikta sine avstandsulemper. Regjeringa foreslår å vidareføre satsinga med gratis ferjer og reduserte ferjetakstar i 2025.

Tabell 1.3 Infrastruktur

(i 1 000 kr)

Tiltak/ordning

Dep.

Kat.

Kap./post

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Kjøp av innanlandske flyruter

SD

B

1310/70

925 398

1 934 600

2 425 147

Rentekompensasjon for transporttiltak i fylka

SD

B

1320/61

414 000

376 000

450 700

Utbetring på fylkesvegar for tømmertransport

SD

B

1320/64

31 211

22 400

1 500

Tilskot til fylkesvegar1

SD

B

1320/65

500 900

415 300

0

Tilskot til skulevegar og nærmiljø

SD

B

1320/66

21 102

23 600

40 000

Kjøp av sjøtransporttenester på strekninga Bergen–Kirkenes

SD

B

1330/70

960 263

1 240 300

1 228 400

Kjøp av posttenester

SD

B

1370/70

1 448 367

1 680 600

1 890 500

Tilskot til breibandutbygging

DFD

B

1541/60

376 152

400 031

415 632

Tilskot til telesikkerheit og -beredskap2

DFD

B

1543/70

237 376

187 992

195 136

Funksjonell internettilgang og telefonteneste til alle

DFD

B

1543/71

0

10 573

5 975

Tilskot til fiskerihamneanlegg3

NFD

B

916/60

35 005

77 492

80 514

Tilskot til effektive og miljøvenlege hamner3

NFD

B

916/71

69 054

123 950

128 660

Flaum- og skredførebygging

ED

B

1820/22

348 216

332 000

353 000

Krise- og hastetiltak i samband med flaum- og skredhendingar4

ED

B

1820/25

122 463

200 000

100 000

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald

ED

B

1820/45

22 087

29 000

32 000

Tilskot til flaum- og skredførebygging

ED

B

1820/60

39 116

105 000

100 000

Tilskot til krise- og hastetiltak i samband med flaum- og skredhendingar4

ED

B

1820/61

100 000

Fordeling av inntekt frå avgift på vindkraft4

ED

B

1820/62

70 237

338 000

371 000

Tilskot til flaum- og skredførebygging

ED

B

1820/72

4 000

6 000

0

Tilskot til utjamning av overføringstariffar

ED

B

1820/73

20 000

18 000

18 000

Tilskot til energitiltak i kommunale bygg

ED

B

1825/60

300 000

300 000

Tilskot til verdiskapingstiltak i skogbruket

LMD

B

1149/71

64 498

54 223

53 605

Tilskot til grøn skipsfart5

KLD

B

1420/62

32 702

56 625

34 027

1 Regjeringa foreslår i statsbudsjettet for 2025 å avvikle tilskotsordninga og innlemme tilskotet i rammetilskotet til fylkeskommunane.

2 Tilskotet våren 2022 auka med 55 mill. kroner, jf. Prop. 78 S (2021–2022), jf. Innst. 270 S (2021–2022). Auken er innarbeidd i sum for 2022.

3 Flytta frå kap. 1360 til. kap. 970 i 2022 og endra til kap. 916 i 2023.

4 Endringar vårsesjonen 2024: Ved Stortingets vedtak 21. juni 2024 vart kap./post 1820/25 redusert med 100 mill. kroner, og kap./post 1820/62 med 59,37 mill. kroner. Kap./post 1825/60 vart auka med 50 mill. kroner og det vart løyvd 100 mill. kroner på post 61, jf. Prop. 104 S (2023–2024) og Innst. 447 S (2023–2024).

5 I tillegg blir det foreslått ei tilsegnsfullmakt på 424,5 mill. kroner, av dette er 200 mill. kroner til å styrkje hurtigbåtprogrammet.

Velferd, oppvekst, sikkerheit, rettstryggleik og miljø

Det er eit overordna mål at helsetenestetilbodet skal vere likeverdig, uavhengig av bustad, alder, kjønn og sosial status. Dette blir sikra gjennom midlar til spesialisthelsetenesta og gjennom rammeoverføringar til kommunesektoren.

Viktige tiltak er tilskot som skal medverke til å styrkje stabiliteten og rekrutteringa til allmennlegetenesta og andre helsetenester i distrikta. På kulturområdet viser tabell 1.4 ordningar som i hovudsak er knytte til tilbodet i distrikta og i landsdelar utanfor det sentrale Austlandet. Generelle landsdekkande velferdsordningar, som arbeidsmarknadstiltak, er ikkje tatt med i oversikta.

Det er i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2024 gitt auka løyving til eit løft for rettstryggleiken, mellom anna for å sikre nærleik til domstolane og dermed god rettstryggleik i heile Noreg. Tiltaka blir foreslått vidareførte i 2025. Satsinga inneber auka løyving til domstolane og andre aktørar og instansar, inkludert Kontoret for valdsoffererstatning i Vardø.

Regjeringa foreslår å etablere ei ny gjeldssletteordning i Lånekassen for personar som er busette og arbeider i distrikta. Regjeringa foreslår å løyve 13 mill. kroner til å utvikle ordninga i 2025.

Tabell 1.4 Velferd, oppvekst, sikkerheit, rettstryggleik og miljø

(i 1 000 kr)

Tiltak/ordning

Dep.

Kat.

Kap./post

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Tilskot til apotek1

HOD

B

717/70

5 025

5 434

Rekruttering og fagleg utvikling i allmennlegetenesta

HOD

B

760/71

5 036

6 000

6 200

Fraktrefusjonsordning for legemiddel1

HOD

B

717/70

3 415

3 800

Sjukestovefinansiering, Finnmark2

HOD

A

732/70

11 000

11 700

12 230

Tilskot LIS1-stillingar2

HOD

B

732/70

267 600

285 050

397 500

Tilskot til legevaktordning i distrikta

HOD

A

760/60

51 200

70 000

72 100

Landsdelsmusikarordninga i Nord-Noreg

KUD

A

323/60

24 386

25 400

26 390

Musikk- og scenekunstinstitusjonar

KUD

B

323/70

2 751 601

2 852 495

3 045 520

Det nasjonale museumsnettverket

KUD

B

328/70

2 393 613

2 523 800

2 615 711

Riksteateret

KUD

B

323/01

102 459

105 740

106 760

Riksteateret – turneverksemd

KUD

B

323/21

62 469

70 000

72 000

Kulturtanken (tidl. Rikskonsertane)

KUD

B

325/01

71 643

68 457

69 300

Regionale kulturfond

KUD

B

325/60

75 000

Regionale filmtiltak m.m.

KUD

A

334/73

118 088

145 000

150 400

Film- og dataspeltiltak

KUD

A

334/78

32 184

39 265

39 010

Erstatning for beitedyr tekne av rovvilt

KLD

B

1420/72

141 837

148 878

148 878

Tilskot til rovvilttiltak

KLD

B

1420/73

78 590

73 898

76 706

Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturmiljøområdet

KLD

B

1429/77

11 150

7 986

12 148

Tilskot til klimatiltak- og klimatilpassing i kommunane3

KLD

B

1420/61

152 504

283 800

173 300

Tilskot til bustadtiltak i distrikta4

KDD

A

581/78

8 500

21 000

21 000

Tilskot til tilpassing og etablering i distriktskommunar

KDD

A

581/72

17 000

Ytterlegare redusert makspris i barnehage i kommunar med sentralitetsindeks 5 og 6

KDD

A

571/60

72 340

173 677

Pilot for desentralisert politiutdanning i Alta

JD

B

442/01

7 500

15 500

Styrking av intensivberedskap ved Kirkenes sjukehus

HOD

A

732/70

15 000

15 700

Rekrutterings- og samhandlingstilskot

HOD

B

732/70

40 000

286 000

Endringar i domstolstrukturen – vidareføring av auken i revidert nasjonalbudsjett 20245

JD

A

410/01

50 300

To embetsdommarar ved kvar rettsstad – vidareføring av auken i revidert nasjonalbudsjett 20245

JD

A

410/01

10 800

Styrke Kontor for valdsoffererstatning i Vardø5

JD

473/01

4 000

Tilsynsråd for kriminalomsorga – etablering av sekretariat i Vardø5,6

JD

473/01

12 500

Tilskot til næringsmiddelbedrifter i Troms og Finnmark

LMD

B

1143/70

14 000

Beredskapslager matmjøl

LMD

B

1143/71

1 000

Gjeldssletteordning i distriktskommunar

KD

A

2410/01

13 000

1 Summen for 2025 blir avklart i tildelingsbrev.

2 Det blir ikkje ført rekneskap for enkelttilskot på kap. 732, post 70. Tala viser løyving frå HOD i 2023.

3 I tillegg blir det foreslått ei tilsegnsfullmakt på 444,8 mill. kroner, av dette er 8 mill. kroner til å inngå nye tilsegn.

4 Tilskot til bustadtiltak blir budsjettert med løyving, tilsegnsramme og tilsegnsfullmakt. I første halvdel av 2024 har Husbanken gitt tilsegn om 21 mill. kroner i tilskot til bustadtiltak i distrikta. I 2025 skal minst 21 mill. kroner av tilsegnsramma på 38,9 mill. kroner gå til bustadtiltak i distriktskommunar.

5 Tala viser auken samanlikna med saldert budsjett 2024.

6 Løyvinga på 12,5 mill. kroner gjeld heile tilsynsrådet (nasjonalt), inkludert etableringa av sekretariat.

Spesielle tiltak for innsatssona i Nord-Troms og Finnmark fylke

Tabell 1.5 viser ei oversikt over viktige ordningar som berre gjeld for innsatssona i Nord-Troms og Finnmark fylke. Dei viktigaste ordningane er innanfor skatte- og avgiftspolitikken. Den mest omfattande ordninga er fritaket for arbeidsgivaravgift, som kjem inn under den samla summen for differensiert arbeidsgivaravgift i tabell 1.1.

Tabell 1.5 Særskilde tiltak for Finnmark og Nord-Troms

(i 1 000 kr)

Politikkområde

Tiltak/ordning

Dep.

Kat.

Kap./post

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Økonomisk politikk

Lågare skatt på alminneleg inntekt1

FIN

A

inntektstap

800 000

820 000

870 000

Særskilt frådrag i alminneleg inntekt (Finnmarksfrådraget)1,2

FIN

A

inntektstap

250 000

350 000

365 000

Lågare sats trinn 3 i trinnskatt1,2

FIN

A

inntektstap

70 000

0

0

Låg sats og fritak for el-avgift i innsatssona

FIN

A

inntektstap

530 000

486 000

500 000

Frådrag i positiv næringsinntekt for skiferdrivarar i innsatssona i Troms og Finnmark fylke

FIN

A

inntektstap

900

1 000

1 000

Utdanning

Ettergiving av utdanningslån

KD

A

2410/73

179 236

178 215

179 789

Ettergiving av utdanningslån for kvalifiserte grunnskulelærarar i innsatssona i Troms og Finnmark fylke

KD

A

2410/73

7 572

5 764

7 572

Gratis barnehagar

KDD

A

571/60

77 200

151 871

130 921

1 Samspelsverknader i LOTTE-Skatt gjer at inntektstapet av desse skattetiltaka sett under eitt er høgare enn summen av tiltaka kvar for seg. For dei tre tiltaka er samla inntektstap vurdert til høvesvis 1 170 mill. kroner, 1 240 mill. kroner og 1 305 mill. kroner for 2023, 2024 og 2025.

2 Lågare sats trinn 3 i trinnskatten er fjerna frå 2024, og Finnmarksfrådraget vart samstundes auka frå 20 550 kroner til 30 000 kroner. Sjå Prop. 1 LS (2023–2024) Skatter og avgifter 2024.

På fleire politikkområde er det etablert særordningar og prioritet i verkemiddelbruken for Nord-Noreg, i tillegg til ordninga for innsatssona. Tabell 1.6 viser fordelen av fritak for meirverdiavgift på straum og rammetilskot i kommuneøkonomien. Postane under kap. 571 er nærare omtalte under programkategori 13.70.

Tabell 1.6 Tiltak som prioriterer Nord-Noreg og rammetilskot til kommunane

(i 1 000 kr)

Tiltak/ordning

Dep.

Kat.

Kap./post

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

0-sats for meirverdiavgift ved forbruk av elektrisk kraft og energi frå andre fornybare energikjelder i Nord-Noreg

FIN

A

inntektstap

820 000

860 000

795 000

Rammetilskot til kommunar, Distriktstilskot Sør-Noreg

KDD

A

571/61

837 275

874 619

833 224

Rammetilskot til kommunar, Distriktstilskot Nord-Noreg

KDD

A

571/62

2 331 395

2 429 852

2 576 545

Rammetilskot til fylkeskommunar, Nord-Noreg-tilskot

KDD

A

572/62

735 939

773 174

812 094

Til forsida