Prop. 115 L (2023–2024)

Endringar i våpenlova (heilautomatiserte avgjerder og endra gebyrheimel)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Justis- og beredskapsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag til endringar i lov 20. april 2018 nr. 7 om våpen, skytevåpen, våpendelar og ammunisjon (våpenlova). Forslaget er eit ledd i arbeidet med ei ny digital våpenforvalting.

Departementet foreslår eit nytt andre ledd i § 38 som gjev heimel for handsaming av personopplysingar ved heilautomatiserte avgjerder i saker etter våpenlova. Endringsforslaget vil gje politiet høve til å treffe fleire avgjerder med automatisert handsaming åleine, utan at ein sakshandsamar er involvert i eller har påverka resultatet. I samanheng med dette foreslår departementet ei tilføying i § 41 nr. 32 for å kunne fastsetje i forskrift nærare føresegner om bruk av automatiserte avgjerder.

Departementet foreslår også ei endring i § 37 for å gje heimel for å ta gebyr ved søknad om løyve eller godkjenningar gjevne i medhald av lova. I dag betaler publikum gebyr når politiet utferdar løyve eller andre tillatingar. Endringsforslaget vil gje politiet høve til å krevje gebyr sjølv om søknaden vert avslått. Lovforslaget legg opp til at departementet gjev nærare føresegner om gebyret i forskrift.