Prop. 115 L (2023–2024)

Endringar i våpenlova (heilautomatiserte avgjerder og endra gebyrheimel)

Til innhaldsliste

7 Merknader til dei einskilde føresegnene

Til § 37

Endringa i første punktum inneber at reguleringa av gebyret vert knytt til handsaminga av ei sak om løyve eller godkjenning. Føresegna fastset som noko nytt at det kan krevjast gebyr allereie når ein søknad om løyve og godkjenningar vert send inn, og at gebyr skal betalast uavhengig av om eit løyve eller ei godkjenning vert utferda eller ikkje.

Sjå elles dei generelle merknadene i punkt 5.3 og 5.5.

Til § 38

I første ledd vert orda «i andre og tredje punktum» fjerna for å tilpasse føresegna til nytt andre ledd. Det er ingen tilsikta endringar i det materielle innhaldet.

Nytt andre ledd regulerer bruken av heilautomatiserte avgjerder i saker etter våpenlova. Føresegna fastset som noko nytt at fleire avgjerder kan treffast utan at ein sakshandsamar har vore involvert i eller har påverka resultatet.

Andre ledd første punktum gjev politiet kompetanse til å treffe avgjerder som berre er baserte på automatisert handsaming av personopplysingar, inkludert særlege kategoriar av personopplysingar nemnde i personvernsforordninga artikkel 9 og 10. Avgjerder omfattar enkeltvedtak om å tildele, nekte og kalle tilbake løyve eller godkjenning, men også andre avgjerder som er omfatta av personvernforordninga artikkel 22 nr. 1.

Andre ledd andre punktum presiserer at handsaminga må tryggje forsvarleg sakshandsaming og samsvare med retten til vern av personopplysingar. Desse krava må sjåast i samanheng med dei reglane som elles gjeld for våpenforvaltinga, mellom anna føresegnene om sakshandsaming i forvaltingslova og føresegnene om handsaming av personopplysingar i personvernforordninga. Samstundes vil det vere naudsynt med tilpassa kontrollrutinar for å verne den registrerte sine rettar, fridomar og rettkomne interesser.

Andre ledd tredje punktum avgrensar høvet til å treffe avgjerder i medhald av første punktum, då desse avgjerdene ikkje kan byggje på skjønnsmessige vilkår, med mindre resultatet av avgjerda er tvillaus. At avgjerda må vere tvillaus, inneber at det må vurderast konkret kva saker og avgjerder som kan avgjerast med automatisert sakshandsaming åleine.

Andre ledd fjerde punktum gjev rett til manuell overprøving av avgjerda når parten eller den som avgjerda rettar seg mot, krev det.

Sjå elles dei generelle merknadene i punkt 4.2 og 4.4.

Til § 41

Endringa i nr. 32 inneber at det vert gjeve ein heimel til å fastsetje i forskrift reglar om bruk av heilautomatiserte avgjerder, mellom anna krav til handsaming og kontroll av alle eller utvalde typar heilautomatiserte avgjerder.