Prop. 40 L (2023–2024)

Endringar i helse- og omsorgstjenesteloven (overføring av ansvaret for helsetilbodet ved utlendingsinternat)

Til innhaldsliste

4 Departementet si vurdering og forslag

4.1 Overføring av ansvaret for helsetilbodet til kommunane der utlendingsinternata ligg

Kommunane skal sørge for at personar som oppheld seg i kommunen får tilbod om nødvendige helse- og omsorgstenester, under dette innsette i fengsel. Ansvaret vil også omfatte personar i utlendingsinternat. Det er gitt særlege reglar om ansvaret for å sørge for helse- og omsorgstenester til innsette i fengsel i kriminalomsorga.

Tilskotsordninga som skal bidra til at kommunane og fylkeskommunane yt nødvendige helse- og omsorgstenester til innsette i fengsel, er finansiert over ein eigen post på statsbudsjettet, kap. 762, post 61. Kommunane og fylkeskommunane må sjølv vurdere behovet for å løyve midlar ut over det årlege tilskotet, for å vareta sørgje-for ansvaret sitt. Kommunane og fylkeskommunane står fritt til å avgjere korleis oppgåvene skal organiserast. Helsedirektoratet rår likevel til at helsepersonell er til stades i fengselet til faste tider.

Når det gjeld internerte utlendingar, valde ein i si tid ei anna løysing ved å legge ansvaret for å sørge for, og for å dekke utgiftene til, helse- og omsorgstenester til Politiet si utlendingseining.

Internerte har verken lovleg eller fast opphald i riket. Dei har derfor meir avgrensa rettar til helse- og omsorgstenester etter helse- og omsorgstenestelovgivinga enn resten av befolkninga. Det er likevel viktig at desse personane også får den helsehjelpa dei har krav på mens dei ventar på å bli sende ut av landet. Helsehjelpa og arbeidsforholda til helsepersonellet må dessutan vere forsvarlege.

Å legge helsetilbodet på utlendingsinternatet inn under den offentlege helsetenesta vil vere eit viktig bidrag for på sikre den faglege integriteten til helsepersonellet. Det vil igjen kunne auke tilliten til helsetenesta. Ei slik ansvarsoverføring vil vidare føre til at kommuneleiinga får ansvar for å utvikle rutinar for systematisk oppfølging og overvaking av helsetenesta for internerte og for å følge med i den daglege drifta og sjå til at tiltak og tenester fungerer.

Helsetenestene til internerte vil fortsett vere avgrensa av lov og forskrifter, også med ei kommunal løysing. Å overføre ansvaret for helsetenester til kommunane vil derfor berre imøtekomme den delen av kritikken mot helsetilbodet ved Trandum som dreier seg om organiseringa av helsetenesta.

Tilstrekkeleg kompetanse og tilfredsstillande rutinar er nødvendige i arbeidet med menneske i ein svært vanskeleg situasjon, særleg med tanke på at det truleg er mange av dei internerte som har psykiske vanskar. Helsetenester til internerte må planleggast slik at ein er førebudd på akutte tilfelle eller auka symptomtrykk. Personar som er internerte i lengre tid, kan ha behov for ei anna helsefagleg tilnærming enn dei som har kortare opphald. Belastninga ved lengre opphald er kjent frå ordinære fengselsopphald.

Departementet meiner at forslaget om ansvarsoverføring legg betre til rette for at helsehjelpa blir planlagt og utført av større og meir robuste medisinskfaglege miljø og for heilskapleg innsats frå fleire helseinstansar. Denne løysinga vil også bidra til å sikre tverrfaglege helsetenester ved at det er ei lovpålagt plikt å inngå samarbeidsavtaler mellom kommunar og regionale helseføretak. Dette vil igjen kunne bidra til å sikre rekruttering av kvalifisert personell.

Departementet viser til at ingen av høyringsinstansane hadde innvendingar mot forslaget. Departementet foreslår etter dette at ansvaret for å ha eit tilbod om helse- og omsorgstenester blir overført frå politiet til kommunen der utlendingsinternatet ligg og at det blir nedfelt i ein ny paragraf i helse- og omsorgstjenesteloven.

Departementet legg til grunn at Helsetilsynet skal føre tilsyn med helsetenesta til internerte mens Tilsynsrådet for tvangsreturar og utlendingsinternat skal føre tilsyn med dei andre delane av verksemda på utlendingsinternata.

4.2 Retten til helsehjelp

Departementet har merka seg at mange av høyringsinstansane meiner at internerte bør ha ein meir omfattande rett til helsehjelp enn det som i dag følgjer av regelverket.

Utlendingsinternatforskriften viser til pasient- og brukerrettighetsloven §§ 2-1a og 2-1b og smittevernloven § 6-1. Helse- og omsorgsdepartementet har i pasient- og brukerrettighetsloven § 1-2 første ledd andre punktum heimel for å gjere unntak frå kapittel 2 i lova for personar som ikkje er norske statsborgarar eller ikkje har fast opphald i riket. Heimelen er brukt til å fastsette forskrift 16. desember 2011 nr. 1255 om rett til helse- og omsorgstjenester til personer uten fast opphold i riket. Unntaka i forskrifta gjeld uavhengig av kva som er årsaka til at personen ikkje har fast opphald i Noreg.

Departementet held fast ved at forslaget i denne proposisjonen, i tråd med oppmodingsvedtaket frå Stortinget, berre gjeld endringar i kven som skal ha ansvaret for å tilby helse- og omsorgstenester til internerte. Departementet held vidare fast ved at det som for andre pasientar, er tenesteytaren det blir tilvist til som avgjer om pasienten har rett til helsehjelp og at internerte også i dag har dei same rettane til helsehjelp etter utlendingsinternatforskrifta som etter helselovgivinga. Departementet held også fast ved at føresegna om rett til tannlegehjelp ved påtrengande behov gjeld under føresetnad av at personen høyrer til ei av dei prioriterte gruppene i tannhelsetjenesteloven og at internerte dermed har same rett til tannhelsetenester som resten av befolkninga. Departementet viser til at forslag om at fleire pasientar skal få lovfesta rett til tannhelsehjelp i den offentlege tannhelsetenesta, heilt eller delvis utan vederlag, har vore på høyring.

Når det gjeld kva som blir rekna som helsehjelp, viser departementet til definisjonen i pasient- og brukerrettighetsloven § 1-3 bokstav b. Ansvarsoverføringa omfattar såleis ikkje forskjellige former for sakkundevurderingar.

Departementet vil vurdere om forslaget frå Legeforeningen og Norsk sykepleierforbund om at det skal utarbeidast ein særskilt rettleiar om helsetenester til internerte bør følgjast opp.

Justis- og beredskapsdepartementet vil gjere den endelege vurderinga av korleis utlendingsinternatforskriften bør tilpassast etter ansvarsoverføringa.

4.3 Innhaldet i helsetilbodet

Departementet viser til at det følgjer av overføringa av ansvaret for å ha eit tilbod om helse- og omsorgstenester til kommunane der utlendingsinternata ligg, at dei aktuelle kommunane må sørgje for tilstrekkeleg kapasitet og kompetanse og at helsetenestene må vere forsvarlege. Departementet vurderer det ikkje som aktuelt å gi meir detaljerte føringar for helsetenestene til internerte enn dei generelle føringane som gjeld for alle kommunale helse- og omsorgstenester.

4.4 Mellombels løysing

Ansvar for å ha tilbod om helse- og omsorgstenester til internerte utlendingar vil vere ei ny oppgåve for kommunar som har utlendingsinternat. Kommunane skal som hovudregel, få oppgåvene sine frå Stortinget i lov. Tidlegare avtale mellom politiet og Legetjenester AS gjekk ut i januar 2023, og Politidirektoratet har sikra ei mellombels løysning fram til ei permanent og lovregulert løysing kan tre i kraft.

Departementet registrerer at det er ulike syn på kor raskt den permanente endringa bør tre i kraft. Ettersom alle høyringsinstansane sluttar seg til forslaget om ansvarsoverføring til kommunen, ønsker departementet at endringa skal tre i kraft raskt. Det er på den andre sida viktig at kommunane som skal overta ansvaret, og Politiet si utlendingseining som skal forvalte den delen av ansvaret som blir igjen hos dei innanfor nye rammer, får tilstrekkeleg tid til nødvendige førebuingar. Dette er også viktig for å sikre at dei internert får eit forsvarleg tilbod. Departementet held derfor fast ved at det bør leggast opp til at endringa trer i kraft 1. juli 2024.