Historisk arkiv

Semje i meklinga i det statlege tariffområdet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys seier seg nøgd med at det er oppnådd semje i meklinga med LO Stat, YS Stat og Unio.

Pressemelding

Nr.: 19/2006
Dato: 24.05.06
Kontaktperson: Seniorrådgiver Jan-Egil Nyland, tlf. 916 91 014

Semje i meklinga i det statlege tariffområdet

Fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys seier seg nøgd med at det er oppnådd semje i meklinga med LO Stat, YS Stat og Unio. Vi har oppnådd ei løysing som partane er rimeleg godt nøgde med – med omsyn til profil og innretning.

Vi er óg nøgde med at det var mogeleg å oppnå eit resultat innafor ei akseptabel økonomisk ramme. Regjeringa har mellom anna lagt vekt på låglønn, prioritering av kvinner og utdanningsgrupper. Vi har og innført nye seniorpolitiske tiltak, som vil kunne bety at arbeidstakarane i staten kan stå lenger i arbeid.

Eg konstaterer at det ikkje var mogleg å finne ei løysing i meklinga med Akademikerne, noko som eg seier meg lei for.