Samling for den regionale landbruks- og matforvaltinga
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 10.06.2010
I byrjinga av juni var nærare 80 representantar frå fylkesmennene, fylkeskommunane, Innovasjon Norge og Landbruks- og matdepartementet samla for å diskutera korleis ressursane i fylka kan utnyttast optimalt.
I byrjinga av juni var nærare 80 representantar frå fylkesmennene, fylkeskommunane, Innovasjon Norge og Landbruks- og matdepartementet samla på Gardermoen. Temaet for samlinga var korleis det regionale partnarskapet kan styrke og vidareutvikle samarbeidet, slik at ressursane i fylka kan utnyttast optimalt med tanke på roller og arbeidsdeling.
Innspel til meldingsarbeidet
Prosjektleiar for arbeidet med ny Melding til Stortinget om landbruks- og matpolitikken, Frøydis Vold, orienterte om meldingsarbeidet. Ho gav partnarskapa ei gruppeoppgåve der temaet var regionale utfordringar og utnytting av potensiale for ulike typar næringsdrift. Sentrale tema i gruppene var kompetanse i landbruksnæringa, ulike utfordringar som krev differensierte verkemiddel, busettingsproblematikk og rådgjevingstenester.
Regional samhandling på landbruksområdet
Under overskrifta ”Regional samhandling på landbruksområdet”, blei det innleia til diskusjon om viktige tema for samhandling - eksempelvis koplingar til reiseliv, utdanningssektor og arealforvalting. Først ut var ”Kulturlandskap og reiseliv”, der Oskar Puschmann frå Skog og landskap presenterte eit forskingsprosjekt om attgroing av jordbruksareal, før Hanne Østerdal frå Fylkesmannen i Nordland på vegne av partnarskapet snakka om tilhøva i Nordland fylke.
Rekruttering, kompetanse og omdømmebygging
Trond Carlson frå Oppland fylkeskommune representerte partnarskapet Oppland, og innleia med å fortelje om korleis landbruket er sett på politisk dagsorden i fylket på ein ny måte. Som ein del av fylkeskommunen si nye rolle på landbruksområdet har Oppland valt å organisere arbeidet med rekruttering og kompetanse i prosjektet ”Rekruttering, utdanning og likestilling i landbruket”.
Ny plan- og bygningslov - regionale myndigheiters rolle og ansvar i arealplanlegginga
Også Rogaland fylke var utfordra til å presentere arbeidet i partnarskapet, og her var det Sissel Bakke frå Rogaland fylkeskommune som fortalde om regionale planmyndigheiter si rolle og ansvar i arealplanlegginga med ny plan- og bygningslov.
Årets jordbruksoppgjer
Til sist i programmet stod årets jordbruksoppgjer, der statens forhandlingsleiar, Leif Forsell frå Landbruks- og matdepartementet, informerte om sentrale punkt i årets forhandlingar. I år er fylkeskommunane for første gong inviterte til å gi innspel til jordbruksoppgjeret, og Forsell la særleg vekt på å takke for dei mange innspela som har kome.
Sjå foredraga i PDF:
- Nordnorsk jordbrukslandskap i endring
Oskar Puschmann, Skog og landskap - Kulturlandskap og reiseliv
Fylkesmannen i Nordland - Ny PBL – regionale planstyresmakter si rolle og ansvar i arealplanlegginga
Rogaland fylkeskommune - Ny melding til Stortinget om landbruks- og matpolitikken
Frøydis Vold, Landbruks- og matdepartementet - Opplands strategi for Rekruttering, utdanning og likestilling i landbruket - RULL
Trond Carlson, Oppland fylkeskommune
I byrjinga av juni var nærare 80 representantar frå fylkesmennene, fylkeskommunane, Innovasjon Norge og Landbruks- og matdepartementet samla for å diskutera korleiss ressursane i fylka kan utnyttast optimalt.