Meld. St. 18 (2009-2010)

Fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2010 og fisket etter avtalane i 2008 og 2009

Til innhaldsliste

Del 1
Bakgrunn

2 Overordna hovudliner i fiskerisambarbeidet med omverda

2.1 Noreg som havnasjon

Som betydeleg havnasjon har Noreg eit stort ansvar for, og viktige interesser i, korleis det internasjonale samfunnet sitt forhold til bruk og vern av havet utviklar seg. Dei viktigaste utfordringane er å få gjennomslag for føre-var-prinsippet, prinsippet om berekraftig bruk og økosystembasert forvaltning. Det er derfor eit hovudmål for Noreg å ha ei internasjonal rolle som ivareteke våre interesser og vårt ansvar som havnasjon og kyststat på ein heilskapleg måte. Noreg har store og produktive havområde og betydeleg kunnskap om forvaltning av havmiljø og fiskeressursar. Derfor er det viktig å ha ein heilskapleg norsk havpolitikk og å få gjennomslag for norsk politikk internasjonalt. I botn for dette ligg at Noreg må bidra til berekraftig forvaltning av fiskeressursane internasjonalt.

Det er tre overordna mål som ligg til grunn for Noreg sin medverknad i dei ulike forhandlingsprosessar og internasjonale ressursforvaltningsfora.

  • Å fremme norske prinsipp for forvaltning av levande marine resursar, i første rekkje prinsippet om berekraftig forvaltning basert på best tilgjengeleg vitskapleg kunnskap og prinsippet om økosystembasert forvaltning.

  • Å sikre Noreg ein rettferdig del ved kvotefordeling av felles regulerte bestandar, i første rekkje basert på sonetilhøyrselprinsippet.

  • Å sikre ein tilfredsstillande kontroll og handheving innan dei forvaltningsregime som Noreg deltek i.

Det er særleg tre saksfelt som har fått mykje merksemd dei seinare åra. For det første vil vi i dette kapittelet gjere greie for kampen mot ulovleg, urapportert og uregistrert fiske. Dette er ei sak regjeringa har arbeidd med i fleire år, og dette arbeidet vil halde fram. For det andre har Noreg i 2008 og 2009 særleg sett utkast av fisk på dagsorden. Eit tredje område det er naturleg å omtale særskilt er internasjonale havmiljøprosessar der Noreg etter kvart har fått ei sentral rolle.

2.2 Det havrettslege rammeverket

Ei erklæring frå regjeringa, dagsett 26. september 1974, presenterte hovudlinene i fiskeripolitikken framover. Ved opprettinga av dei økonomiske sonene i tråd med det nye havrettsregimet, ønskte regjeringa å medverke til at nyordningane i fiskeria i verda ikkje skulle verke forstyrrande på forholdet til andre land. Den norske fiskeripolitikken skulle gjennomførast i kontakt med, og ved forhandlingar med, dei landa som vart påverka av dei norske utvidingstiltaka.

Regjeringa prøvde såleis å kome fram til ordningar med desse landa som bygde på byterelasjonar, nedtrapping av fiske over tid, og ordningar som tok omsyn til særlege interesser og vilkår.

Ein omfattande del av norsk fiske skjer på bestandar som vi deler med andre land. Dette var bakgrunnen for at regjeringa forhandla fram rammeavtalar som gav fiskekvotar til dei landa som utvidinga til økonomiske soner på 200 nautiske mil fekk verknad for frå 1. januar 1977, og som tok vare på tradisjonelle norske fiskeinteresser i dei økonomiske sonene til andre land.

Etter FN sin havrettskonvensjon av 10. desember 1982 har kyststatane suverene rettar til å utnytte ressursane i havet innanfor dei økonomiske sonene. Dei kyststatane som deler ein eller fleire fiskebestandar skal samarbeide om regulering og vern av bestandane.

Utvidinga av nasjonal fiskerijurisdiksjon til 200 nautiske mil på slutten av 1970-talet førte såleis til ein overgang frå fleirsidige forhandlingar innanfor ramma av NEAFC til tosidige forhandlingar mellom dei kyststatane som saman har suverene rettar til fiskebestandane. Dette inneber at såkalla tredjeland, som ikkje har kyststatsrettar i det aktuelle området, ikkje tek del i avgjerder om forvaltninga av bestandane slik dei gjorde tidlegare.

Kyststatane har ei plikt til å fremje ei forsvarleg ressursforvaltning som samstundes skal ta omsyn til dei økonomiske behova til kystbefolkninga. Norske styresmakter legg vekt på dette når den norske fiskeripolitikken vert utforma. I tråd med dette fører Noreg årleg tosidige og fleirsidige forhandlingar med ei rekkje land om forvaltning og vern av fiskebestandar, om gjensidig fangstløyve og fiskekvotar, og om einsidig løyve for fiskarar i nokre land til å fiske i dei norske 200 nautiske mil-sonene. Noreg har inngått ulike typar fiskeriavtalar som opnar for utanlandsk fiske i norske havområde. Noreg har mellom anna inngått avtalar om forvaltning av felles fiskebestandar og kvotebyte på eksklusive bestandar med Russland og EU og avtalar om gjensidige fangstrettar med Færøyane, Grønland og Island (for meir informasjon om rammeavtalane, sjå St.meld. nr. 49 (1994-95)).

Stortinget gav 11. juni 1996 samtykke til ratifikasjon av FN sin havrettskonvensjon av 10. desember 1982 og FN-konvensjonen av 4. desember 1995 om fiske på det opne hav, som supplerer FN sin havrettskonvensjon av 10. desember 1982. FN-avtalen om fiske på det opne hav forpliktar også til samarbeid om forsvarleg forvaltning av vandrande og langt migrerande bestandar. Noreg har ­derfor i aukande grad teke del i samarbeidet i ulike relevante internasjonale organisasjonar.

Ved kgl. res. av 17. desember 1976 vart Noreg si økonomiske sone på 200 nautiske mil oppretta med verknad frå 1. januar 1977. Vidare vart det ved kgl. res. av 3. juni 1977 oppretta ei fiskevernsone på 200 nautiske mil rundt Svalbard med verknad frå 15. juni 1977. Ved kgl. res. av 23. mai 1980 vart ei fiskerisone på 200 nautiske mil rundt Jan Mayen oppretta med verknad frå 29. mai 1980.

Figur 2.1 viser dei ulike sonene under norsk jurisdiksjon og dei internasjonale havområda Smottholet i Barentshavet og Smotthavet i Norskehavet.

Figur 2.1 viser dei ulike sonene under norsk jurisdiksjon og dei internasjonale havområda Smottholet i Barentshavet og Smotthavet i Norskehavet.

2.3 Norsk arbeid for å redusere utkast av fisk

I mange år har den største utfordringa i forvaltningssamarbeidet mellom Noreg og EU vore at partane til dels forvaltar nordsjøbestandane på ulik måte. Noreg har eit utkast forbod i sine fiskerireguleringar, og har innført reguleringar for å unngå uønskt bifangst. Fiskarar frå EU er derimot pålagde å kaste ut fisk som er under gjeldane minstemål, fiska i strid med gjeldande bifangstreglar eller er av ein art der kvoten allereie er oppfiska.

Undersøkingar viser at fisk som vert kasta ut berre unntaksvis overlever. Utkast av fisk er derfor å sjå på som ei sløsing med ressursar. I tillegg vil ikkje fisken som vert kasta ut verte registrert i fangststatistikken, noko som gjev havforskarane eit mangelfullt talgrunnlag å basere bestandsestimata sine på.

Noreg innførte eit utkastforbod allereie i 1987. I starten omfatta forbodet kun torsk, men det har sidan blitt utvida til å gjelde alle kommersielt viktige bestandar. Årsaka til utkastforbodet var bestandssituasjonen for torsk i Barentshavet. Etter fleire svake årsklassar fekk ein i 1983 ei sterk årsklasse. Erfaring frå tidlegare viste at sterke årsklassar vart kraftig reduserte på grunn av utkast, noko ein ville unngå ein gong til. Første steg var etablering av eit program for midlertidig stenging av felt. Dermed lukkast det i åra 1984-1986 å få den sterke 1983-årsklassa gjennom den sårbare yngel- og ungfiskperioden. Då fisken nådde minstemålet oppstod eit anna problem, nemleg utsortering (high-grading). Ved store fangstratar vart fiskarane freista til å behalde berre den største fisken medan dei kasta småfisken på havet. Dette var tillete under dåverande lovgjeving. Alle, inkludert fiskarane, såg på dette både som ressurssløsing og som moralsk gale. Forbodet verka med ein gong inn på fiskarane si åtferd. Styresmaktene innsåg likevel at utkast av fisk ikkje opphøyrer på grunn av eit forbod. Det har difor i åra etter vorte utvikla ei rekkje tiltak for å unngå utkast.

Utkastforbodet vart vidareført i lov om forvaltning av viltlevande marine ressursar (havressurslova), som gjev heimel for eit pålegg om at all fangst av fisk skal førast i land. Ilandføringsplikta går fram av forskrift om utøving av fiske i sjøen av 22. desember 2004.

Dette inneber at all fangst av fisk skal førast i land, med unntak av levedyktig fisk som er fanga i strid med føresegner gitt i eller med heimel i havressurslova. Slik fangst skal straks sleppast på sjøen.

I dag omfattar forbodet mot utkast ei lang rekkje artar. Lista vart seinast utvida i samband med at havressurslova tok til å gjelde. Forbodet har dei siste 20 åra medverka til å sikre eit berekraftig fiske, og har påverka fiskarane sine haldningar til utkast og skadeverknader.

Det er utfordrande å handheve utkastforbodet. Fiskeriforvaltninga arbeider difor ut i frå ei heilskapleg tilnærming om å regulere fiskeria, slik at potensiell utkastfisk ikkje kjem med i fangstane. Dette kan vere fisk under minstemål, bifangst, som overstig tilleten innblanding, eller fisk som fiskarane ikkje har kvote på, eller som det er forbode å fiske. Reguleringane som medverkar til å redusere risikoen for utkast, kan klassifiserast i fire kategoriar:

  • Kvotegrunnlag

    Forvaltninga må vurdere dei enkelte fiskeria etter det kvotegrunnlaget som er nødvendig og etter venta fangstsamansetning. Dette inneber at dei ulike fartøygruppene må tildelast kvotar på artar som ein ventar vil inngå i fangsten.

  • Bifangst

    • bifangstkvotar

    • bifangstprosent

    • selektive reiskapar

  • Skifte av fiskefelt

    Om fangstsamansetninga ikkje er i samsvar med det kvotegrunnlaget eller det høvet til bifangst som er fastsett, pliktar fartøyet å skifte fiskefelt.

  • Stengde område

    Hovudårsaka til stengde område er vern av yngel og småfisk. Norsk fiskeriforvaltning opererer med ulike former for stenging.

Det er eit viktig element i det norske utkastregimet at det ikkje er ulovleg å lande ulovleg fanga fisk, men forvaltninga reagerer mot ulovleg fanga fisk med administrativ inndraging av fangst. Om forholda er meir alvorlege, det vil seie om fiskarane har vore aktlause eller fiska ulovleg med føresett, vert det reagert med vanlege straffereaksjonar som lovbrotsgebyr, førelegg eller fengselsstraff.

Dei to siste åra har Noreg meir enn før retta merksemda mot utkast i andre land, særleg utkast frå EU-fartøy. Målet har vore å redusere risikoen for utkast og bidra internasjonalt med våre erfaringar i samband med eit utkastforbod. Dette viste seg særleg i forvaltningssamarbeidet mellom Noreg og EU for 2009, der partane vart einige om ei rekkje tiltak som straks og på lengre sikt vil redusere utkastproblemet, særleg i Nordsjøen.

Tiltaka inkluderer blant anna introduksjon av «Real Time Closure» i Nordsjøen. Dette er eit system der område kan stengjast av for å verne yngel og småfisk. EU har i tillegg for første gong innført eit forbod mot utsortering (high-grading), og det må vi rekne som første steg mot eit utkastforbod. Tiltaket blei sett i verk frå 1. september 2009 og partane vil i 2010 evaluere systemet og eventuelt gjere det betre. Noreg og EU vil også arbeide for å innføre meir selektive fiskereiskapar.

Innsatsen mot utkast vil truleg prege det allereie tette forvaltningssamarbeidet mellom partane i åra framover, sidan EU er i gong med å revidere sin felles fiskeripolitikk (Common Fisheries Policy). I denne samanhengen vil EU vurdere å innføre eit utkastforbod i eigne farvatn, det er derfor viktig at Noreg opprettheld presset for å innføre utkastforbod dei neste åra.

Samtidig har Noreg teke initiativ for å få denne saka på dagsorden globalt. Det første initiativet var under forhandlingane om fiskeriresolusjonen i generalforsamlinga i FN hausten 2008. Etter eit norsk forslag vart det her semje om ein paragraf om ein handlingsplan mot utkast. Generalforsamlinga til FN bad FAO sin fiskerikomité (COFI) i 2009 om å vurdere ein handlingsplan mot utkast.

Dette la grunnlaget for at Noreg på FAO sitt fiskerimøte (COFI) i mars 2009 kunne foreslå at ein utarbeider ein slik handlingsplan for globale retningslinjer for å redusere utkast. Sjølv om ein del land har etablert lovgiving for å redusere utkast, er framleis utkast av bifangst stort sett uregulert og urapportert på globalt nivå. Det blei gjennomført ein ekspertkonsultasjon i COFI i november 2009 og det vert lagt opp til tekniske konsultasjonar i 2010. Målet er å få på plass retningsliner i 2011. Noreg er initiativtakar i denne prosessen.

Noreg ønskjer også å fremje liknande tiltak i regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonar. Eit viktig steg i den retninga var at årsmøte i den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC) i november i 2009 vedtok utkastforbod i internasjonalt farvatn på dei viktigaste artane som regulerast av NEAFC. Vedtaket er eit viktig steg mot ei berekraftig og ansvarleg forvaltning av fiskebestandar i internasjonalt farvatn.

2.4 Internasjonale havmiljøprosessar

Havmiljøprosessar generelt

Noreg er ein framståande havnasjon, og den internasjonale utviklinga har mykje å seie for oss. Samtidig har vi også eit ansvar for å ta vare på interessene våre på internasjonalt nivå. Utfordringane består mellom anna i å få gjennomslag for grunnleggjande prinsipp, til dømes slike prinsipp som vart vedtekne på utviklingstoppmøtet i Johannesburg i 1992. Dei omfattar mellom anna innarbeiding av føre-var-prinsippet, prinsippa om berekraftig bruk og ei økosystembasert forvaltning. Det å bruke marine netteverk av verneområde som eit verkemiddel for å verne marine ressursar, er no i utvikling i dei to næraste fiskeri- og havmiljøorganisasjonane våre (NEAFC, OSPAR).

Rammeverket for internasjonalt samarbeid om havspørsmål ligg til FN sin havrettskonvensjon frå 1982. Konvensjonen gjev kyststatane suverene rettar over naturressursane innanfor ei økonomisk sone, og etablerer og vidareutviklar globale rettslege rammeverk for ei rekkje saksfelt, medrekna levande marine ressursar, kontinentalsokkelen, djuphavsbotnen, forsking og havmiljøet.

Hovudtrekka i fiskeriregimet er at kyststaten får kontroll over ressursane innanfor den økonomiske sona og at desse rettane er balanserte av plikter til å bruke og forvalte ressursane på optimalt vis. I tillegg skal statane søkje å samarbeide om forvaltninga av bestandar som er delt mellom fleire lands soner. Eit veksande fiske på det opne havet på 1980-talet viste at regimet ikkje var konkret nok til at ein kunne få til dekkjande reguleringar av verksemda utanfor 200 nautiske mil-sonene.

Dette førde til at FN-konferansen for miljø og utvikling i 1992 (UNCED) oppmoda om å forhandle fram ei presisering av det globale regimet om fisket utanfor dei økonomiske sonene. Under generalforsamlinga vart det i 1993-1995 framforhandla ein FN-avtale om fiske på det opne havet (UN Fish Stocks Agreement). Forvaltningsprinsippa i avtalen gjeld også innanfor dei økonomiske sonene. Avtalen pålegg statane å bruke ei føre-var-tilnærming i fiskeriforvaltninga og viser til omsynet til bevaring av biodiversitet og økosystembasert forvaltning. Føre-var-tilnærminga skal skje ved å innføre referansepunkt i form av mål for bestandsstorleik for ulike bestandar. I det nordaustatlantiske området har ICES leia dette arbeidet. Forvaltninga av dei viktigaste kommersielle bestandane skjer i dag ut frå referansemål på bestandsstorleik og beskatningsgrad. FN-avtalen pålegg vidare statane å delta i regionalt samarbeid om forvaltninga av vandrande fiskebestandar.

Generalforsamlinga i FN vedtek årlege resolusjonar om havmiljø og fiskerispørsmål som mellom anna gjev overordna retningslinjer for korleis statar og regionale organisasjonar bør forvalte det marine miljøet. Eit tema som har blitt diskutert i mange fora internasjonalt sidan hundreårsskiftet, er fiske ved og øydelegging av sårbare økosystem (f.eks. korallar). Generalforsamlinga vedtok i 2006 ein resolusjon som bad partane ta auka omsyn til sårbare botnhabitat. Dette resulterte i retningslinjer frå FAO for fiske ved sårbare djuphavshabitat, som dei regionale fiskeriorganisasjonane og statane innarbeider i sine regelverk. Hausten 2009 skal generalforsamlinga gjennomgå implementeringa av FN-resolusjonen. Noreg bidrog aktivt i utforminga av både FN-vedtaket og i FAO sitt utviklingsarbeid.

Marine spørsmål vert diskuterte i aukande grad i globale miljøavtalar. Konvensjonen om biologisk mangfald (CBD), avtalen om handel med trua dyreartar (CITES) og konvensjonen om migrerande artar (Bonnkonvensjonen) er alle eksempel på globale miljøavtalar som kan gjere vedtak knytt til forvaltninga av kommersielle fiskarartar.

Det vert lagt føringar for norske fiskeri gjennom vedtak og reguleringar i dei regionale organisasjonane for fiskeriforvaltning, mellom anna i den nærmaste organisasjonen i Nordaust-Atlanteren, NEAFC. I tillegg har Konvensjonen om vern av havmiljøet i Det Nordaustlege Atlanterhavsområdet (OSPAR) eit generelt havmiljøansvar. Både NEAFC og OSPAR arbeider med oppretting av marint verna område i internasjonalt farvatn. Ein nyleg inngått avtale mellom dei to organisasjonane skal hjelpe til å konkretisere oppfølgingsansvaret der NEAFC har ansvar for fiskeriregulerande aktivitetar. Dette er ei oppfølging av FN sin regjeringssjefkonferanse i 2002 (Johannesburg), der det vart vedteke å opprette eit nettverk av marine verneområde både innanfor og utanfor statane sine økonomiske soner innan 2012.

2.5 Arbeid mot illegalt, urapportert og uregulert fiske

Kunnskap, heilskap og handling

Ulovleg, urapportert og uregulert (UUU) fiskeriaktivitet er ei global, regional, nasjonal og lokal utfordring for ei forsvarleg utnytting av fiskebestandane og for marine økosystem. UUU-fiske skjer ikkje berre på bestandar som Noreg som kyststat har eit forvaltningsansvar for. Den overnasjonale karakteren som UUU-aktiviteten har gjer at vi må ha ei brei tilnærming til desse spørsmåla. Konsekvensane for økonomi og miljø er reelle og svært alvorlege i mange område. Dette ser vi tydeleg både i direkte ulovleg fiske og i større uregulerte fiskeri. Samtidig kan urapportert fiske og juks i form av meir eller mindre systematisk underrapportering, sjølv i mindre kystfiskeri, vere ei betydeleg utfordring. Med andre ord er UUU-verksemd ein fellesnemnar for aktivitetar som spenner frå «storhundre» ved levering frå mindre fartøy til eit industrielt fiske langt utover kvote eller direkte utanfor kvote. Sidan operatørane medvete prøver å skjule slik verksemd, og fordi verksemda omfattar mange ulike former og grader av regelbrot, er det utfordrande å innrette kontroll og sanksjonar på ein passande måte.

Det er difor avgjerande i arbeidet mot UUU-aktiviteten å ha eit godt kunnskapsgrunnlag for å kunne vurdere kva tiltak som skal setjast i verk. Det er mellom anna difor departementet gir økonomisk støtte til uavhengige analysar av konkrete problemstillingar, stør oppretting av analysegrupper og samarbeider med russiske styresmakter for å kartleggje det urapporterte fisket i Barentshavet. God og tidsrett kunnskap er grunnlaget for den heilskaplege vurderinga til styresmaktene av aktuelle handlingsalternativ. På denne måten kan styresmaktene velje dei målretta tiltaka som ein meiner gir størst effekt. Målet er å stoppe UUU-fisket.

Vi kan sjå på UUU-fiske som ein operasjon langs ei tidslinje med fleire, til dels overlappande fasar som omfattar meir enn sjølve fangstinga. For å gjennomføre eit fiske trengst det finansiering og andre ressursar for å utstyre fartøyet for fiske. Vidare blir fangst ofte omlasta til havs eller i hamner, og deretter blir råstoff bearbeidd og omsett i fleire ledd gjennom verdikjeda. Det er karakteristisk at tradisjonell fiskerikontroll hovudsakleg har lagt vekt på sjølve fangstinga og landinga av fisk, og i mindre grad hatt ressursar til å etterprøve eigarskap, omsetning og bearbeiding.

Tiltak eller handlingar må veljast etter ei heilskapleg vurdering, og ofte i samarbeid på tvers av faglege linjer og styresmakter. Vi må til dømes ta med i vurderinga at enkelte av UUU-aktørane er ein del av eit større nettverk. Desse nettverka omfattar fartøy med fordelsflagg (bekvemmelighetsflagg), selskap oppretta i skatteparadis, kjende og ukjende leiarar og andre skjulte bakmenn. All erfaring med slike kriminelle nettverk tilseier at dei er omstillingsdyktige. Vi endra til dømes spelereglane i NEAFC-området gjennom hamnestatskontrollen og innføringa av svartelisting. No ser vi teikn til at aktørane omstiller seg og finn andre ruter. Ei løysing på dette kan vere å utvide svartelistingssystemet og opprette eit globalt regime for hamnestatskontroll.

Kjernen i arbeidet er å tenkje heilskapleg – også utanfor eigen organisasjon og nasjonale grenser. Det er på den måten vi finn dei beste og mest verknadsfulle verkemidla. Dynamikken mellom UUU-verksemd og mottiltak inneber ein prosess der aktørane bak den ulovlege verksemda heile tida vil søkje å omgå eller tilpasse seg styresmaktene sine tiltak for å setje opp barrierar mot UUU-verksemd. Erfaring frå dette og frå andre område vi kan samanlikne med, viser at eit avgjerande kriterium for suksess er at offentlege styresmakter opptrer koordinert, handlekraftig, proaktivt og hurtig.

I ressurskontrollen både nasjonalt og internasjonalt, blir det no lagt større vekt på fleire ledd i verdikjeda, særleg gjeld det omsetningsledd. Det gjer det nødvendig å intensivere arbeidet på tvers av ulike etatar, og det blir stadig meir aktuelt å samarbeide med politiet, skattestyresmaktene og toll- og avgiftsdirektoratet.

Det gjeld å ha klart for seg dei ulike etatane sine myndigheitsområde. Til dømes skal ikkje fiskeristyresmaktene drive straffeprosessuell etterforsking, men hente inn opplysningar og kartleggje sakstilhøve i konkrete saker på ein slik måte at dette materialet kan nyttast av politiet under ei eventuell etterforsking. Den konkrete grensa mellom etterforsking og fiskeristyresmaktene si sakshandsaming vil variere frå sak til sak og kan utviklast i dialog mellom etatane. Samtidig er det viktig å understreke at usikkerheit om ansvarsområda ikkje må bli eit hinder for initiativ og proaktiv åtferd, og initiativ må ikkje ta former som gjer at slikt samarbeid blir skadelidande.

Sjølv om det grovt sett blir sett skilje mellom nasjonalt og internasjonalt arbeid så er det ei kjensgjerning at ein del av desse problema er grenseoverskridande, og difor må vi i stor grad samarbeide med styresmaktene i andre land. Kontrollavtalane vi har med andre statar er til dømes komne på plass først og fremst for å støtte det nasjonale kontrollarbeidet vårt.

Noreg er den største havnasjonen i Europa og har store interesser i at havressursane i verda blir forvalta på ein berekraftig måte. Ved å delta i ei rekkje regionale fiskeriorganisasjonar, og i andre regionale og globale fora, får Noreg høve til å markere seg internasjonalt i desse spørsmåla.

Fiskeri- og kystdepartementet sitt arbeid mot UUU-fiske har ein rekke tiltak som er gruppert ut frå om dei hovudsakleg er retta nasjonalt, bilateralt, regionalt eller globalt.

Nasjonalt arbeid

Havressurslova

Den nye havressurslova tredde i kraft 1. januar 2009. Det er eit sentralt mål og eit viktig tiltak å få innarbeidd denne lova i fiskeriforvaltninga gjennom forskriftsarbeid. Utfordringar som skal løysast er mellom anna å sikre at internasjonale avtalar er tilstrekkeleg innarbeidde i den nasjonale lovgivinga. Særleg gjeld dette pliktene våre gjennom fiskeriforvaltningsorganisasjonane NEAFC, CCAMLR, NAFO, ICCAT, SEAFO og dei bilaterale avtalane med Russland og EU. Eit viktig element er å lage eit forskriftsverk som gjer det mogleg å bruke dei nye heimlane mot UUU-verksemd som finst i havressurslova.

Den nye lova inneheld også nye heimlar i kampen mot UUU-fiske. Til dømes opnar lova for å kunne straffe eigne borgarar og juridiske personar sine handlingar i andre land sine jurisdiksjonsområde. Lova innfører også tvangsmulkt og lovbrotsgebyr som er ei ny sanksjonsform for bruk i fiskeriforvaltninga.

Utkastforbodet

Vi har gjort framsteg i arbeidet for å redusere utkast av bestandar som er forvalta i fellesskap av EU og Noreg. Det er vedteke ei rekkje tiltak som har vorte satt i verk i løpet av 2009 og 2010. Forbodet mot utkast av fisk har vore høgt prioritert, og skal følgjast opp nasjonalt gjennom utøvingsforskrifta.

Forsterke nasjonal inspeksjonsverksemd

Fiskeridirektoratet, Kystvakta, Norges Råfisklag og Norges Sildesalgslag utarbeider nasjonale strategiske risikovurderingar for kontrollstyresmaktene. Slik sikrar vi at kontrollressursane blir sette inn der det er mest sannsynleg at det skjer lovbrot og der følgjene av lovbrot er størst. Risikovurderingane er også eit viktig hjelpemiddel for å samordne innsatsen til dei tre sentrale aktørane i ressurskontrollen i fiskeria; Fiskeridirektoratet, Kystvakta og salslaga.

Den nasjonale inspeksjonen skal forsterkast. Vi vil auke talet på inspeksjonar av norske fartøy, vere meir til stades og gjennomføre effektive omsetningskontrollar. Vi vil leggje særleg vekt på lovbrot i torskefiskeria nord for 62º. Det vil også bli utarbeidd eit system for meir effektiv bruk av kontrolldata. Det er nødvendig å halde fram med kontrollen med hummarfiske og fritidsfiske langs Skagerrakkysten. Fiskeristyresmaktene skal styrkje bruken av mobile inspeksjonsgrupper. Dette kan gjennomførast med leigefartøy eller mindre hurtiggåande båtar som er knytte til nye kystvaktfartøy. Mobile inspeksjonsgrupper kan flytte seg raskt, setjast inn på kort varsel der det er fare for lovbrot og komme overraskande både under fangst og landing.

Salslaga

Det skal leggjast til rette for at kontrollane til salslaga blir gjennomførde og dokumenterte på ein slik måte at materialet kan brukast i kontrollstatistikk og inspeksjonsdatabasar. Det blir ei viktig oppgåve for salslaga i tida som kjem å følgje opp arbeidsoppgåvene som følgjer EU sine fangstsertifikat. Dette gjer det nødvendig med eit nært og fortruleg samarbeid mellom salslaga og Fiskeridirektoratet. Målet er å styrkje samarbeidet med salslaga, og å arbeide mot meir framtidsretta verktøy for å sikre korrekt informasjon og effektiv ressurskontroll.

Støttesystem i ressurskontrollen

Innføringa av elektronisk fangstdagbok skal samordnast med å senke kravet om satellittsporing (VMS) av fiskebåtar ned til 15 meter. Det skal også arbeidast med å forenkle rapporteringsreglane.

Å overvake aktiviteten i Barentshavet er høgt prioritert og det blir difor laga ei løysing som kan koordinere risikovurderingar i sann tid i dette området. Dette skjer i samarbeid mellom Kystvakta, Forsvaret, Fiskeridirektoratet og Russland.

Frå 1. januar 2009 har Fiskeridirektoratet igjen hatt i drift ein tips- og beredskapstelefon. Dette tiltaket skal gjere det mogleg å melde frå om mistenkjelege aktivitetar og rapportere direkte til fiskeristyresmaktene om eventuelle lovbrot.

Kontroll- og overvakingssenteret til Fiskeridirektoratet (FMC Norway) vart sett i drift 29. mai 2009. Her er det bemanning heile døgnet og senteret samordnar ei rekkje kontroll- og overvakingsoppgåver.

Sporings- og rapporteringssystem

Noreg rår over ei rekkje maritime sporings- og rapporteringssystem under ulike etatar. Desse systema må vi sjå i samanheng, og dei må utnyttast for å oppnå maksimal verknad. Det er eit klart mål å få så godt oversyn over UUU-fisket som mogleg. Difor skal vi følgje utviklinga av VMS, AIS, LRIT, SafeSeaNet og andre aktuelle sporingssystem og sjå samanhengen mellom dei. Satellittsporing av fiskefartøy er svært viktig og det blir arbeidd for å få på plass ein fast avtale om utveksling av sporingsdata med Russland.

Sporing av fisk og fiskevarer

EU vedtok ei rådsregulering den 29. september 2008 om å etablere eit system for å nedkjempe UUU-fiske. Reguleringa tredde i kraft 1. januar 2010. Dette inneber mellom anna at det må skrivast ut fangstsertifikat for villfanga fisk som skal eksporterast til EU. Sertifikatet skal følgje produkta heilt til dei blir omsette i marknaden. I 2009 meinte Noreg at det var nødvendig å gi høgste prioritet til arbeidet med å oppfylle dei krava som EU stilte frå og med 2010. Det nasjonale systemet for å sikre krava til fangstsertifikat vil også kunne brukast til betre sporing gjennom fleire ledd i verdikjeda. Etter kvart vil dette gi kontrollstyresmaktene betre høve til å gjennomføre omsetningskontrollar.

Følgje pengestraumar og transportruter for UUU-fisk

Fisk representerer økonomiske verdiar for UUU-aktørane. For å nedkjempe UUU-fisket er det viktig å følgje pengestraumen. I dette arbeidet gjeld det å få på plass gode rutinar og godt samarbeid mellom Fiskeridirektoratet, Økokrim, Skattedirektoratet og Toll- og avgiftsdirektoratet.

Fisken blir transportert frå fiskefeltet til ei bedrift og så ut i marknaden. Å få kunnskap om kva for ruter og på kva måte UUU-fisken blir transportert, vil gi oss eit meir heilskapleg bilde av UUU-aktørane. Fiskeri- og kystdepartementet støttar difor eit pilotprosjekt der Transportøkonomisk institutt skal kartleggje transportruter til torsk fanga i Barentshavet. Prosjektet blir kontinuerleg fulgt opp av fiskeriforvaltninga.

UUU-fartøy med uklare eigartilhøve

Ved å kombinere fordelsflagg og fiktive firma oppretta i skatteparadis så greier dei reelle eigarane bak UUU-aktivitetar å skaffe seg bortimot full anonymitet. Den nasjonale kampen mot skatteparadis og økonomisk kriminalitet bør også gjelde problema som knyter seg til bruk av fordelsflagg. Vi vil prøve å vidareutvikle samarbeidet med andre nasjonale styresmakter for å nedkjempe anonymitet i UUU-verksemda slik at vi får avdekka dei reelle eigarane bak operasjonane.

Den strategiske analysegruppa

Kystvakta og Fiskeridirektoratet har i ei årrekkje samarbeidd i ei eiga analysegruppe om å kartleggje fiskerikriminalitet i Barentshavet. Dette arbeidet skal halde fram, og politiet og tollstyresmaktene skal inviterast til å delta. Arbeidet omfattar systematisk innhenting av informasjon knytt til mogleg grenseoverskridande fiskerikriminalitet der aktørar med ulik nasjonalitet, inklusive norsk, er involverte. Fiskeri- og kystdepartementet meiner at det etter kvart kan få store positive verknader at fleire etatar blir direkte med i prosjektet.

Bilateralt arbeid

Russland

Det bør vere eit mål å styrkje den reelle dialogen og samarbeidet med Russland om korleis vi saman kan redusere overfisket i Barentshavet ned mot null. Arbeidet med å få ei varig, utvida satellittsporingsavtale for fiskerifartøy i Barentshavet er høgt prioritert. Dersom det ikkje lukkast å få på plass ein bilateral avtale skal FKD vurdere å ta spørsmålet opp i eit breiare forum, til dømes i NEAFC. Det er også viktig å vidareføre samarbeidet om inspeksjon av fiskefartøy i NEAFC sitt reguleringsområde og i Gråsona.

Arbeidet i analysegruppa under det permanente utvalet (DPU) under Den blanda norsk-russiske fiskerikommissjon for å kunne vurdere omfanget av overfisket i Barentshavet må styrkast og metodediskusjon må sluttførast. Dette er viktig både for å kunne bli samde om tal for overfiske og for å følgje opp enkeltsaker og fartøy. Vi legg stor vekt på å komme vidare i arbeidet i arbeidsgruppa for harmonisering av tekniske reguleringar, fordi dette kan redusere faren for regelbrot.

Arbeidet i underutvalet under DPU skal prioriterast for å få fleire kontrollstyresmakter og påtalemakter i begge land med i arbeidet mot UUU-fiske i Barentshavet. Det kan mellom anna skje ved at desse etatane får meir kunnskap om kontrollverksemd og straffeprosessuelle krav i begge land. Det er også ønskjeleg å utveksle inspektørar som observatørar i samband med landingskontroll av eigne fartøy.

Det er eit mål å ha direkte kontakt mellom norske og russiske kontrollstyresmakter i andre russiske hamner enn Murmansk og hamner i andre NEAFC-land. Det er også eit behov for å følgje det russiske landingsmønsteret etter at det nye russiske tollklareringsregelverket er komme på plass. Riksrevisjonens parallellrevisjonsprosjekt i samarbeid med russisk riksrevisjon har gitt positive resultat.

EU

For å lukkast i arbeidet mot urapportert fiske er det viktig at EU endrar utkastpraksisen sin, som inneber stor uregistrert fiskedød. Dette er eit sentralt punkt i samband med fiskeriforhandlingane og politiske diskusjonar og eit viktig norsk innspel til reforma av EUs felles fiskeripolitikk, som føregår no.

I samband med innarbeidinga av EUs forordning om UUU-fiske er det inngått ein avtale (MoU) med EU om fangstsertifikat. Denne MoUen er meint som ei plattform for vidare utvikling av kontrollsamarbeid med kommisjonen og aktuelle medlemsland. Det blir også lagt vekt på å samarbeide om vidareutvikling av mellom anna VMS. Elektronisk fangstdagbok vil bli innarbeidd i regelverket i store deler av Europa i løpet av 2010.

Vi vil prioritere å vedlikehalde og utvikle det gode kontrollsamarbeidet på operativt nivå mellom EU-kommisjonen og norske kontrollstyresmakter. Dette arbeidet skal styrkast gjennom regelmessig kontakt og dialog på politisk nivå. Det skal oppmuntrast til utplassering av nasjonale ekspertar i FCA.

Det er eit mål å få i stand eit samarbeid med EU-organet Community Fisheries Control Agency (FCA) i Vigo. Vidare er det viktig å oppretthalde eit godt samarbeid med EU-land som Nederland, Storbritannia, Danmark, Spania og Portugal.

Enkelte statar har ikkje tilfredsstillande sporing av fartøy som er med i fiske. For norske styresmakter er det viktig å finne praktiske løysingar slik at desse fartøya kan sporast. Sjølv om sporing er eit flaggstatsansvar så vil innføringa av LRIT (langtrekkande havovervåking av skip) kunne vere med å dekkje del av norske kontrollstyresmakter sine behov.

Andre statar

Kontrollavtalar er nyttige verktøy i kampen mot UUU-fiske, og Noreg ønskjer å inngå nye avtalar med Senegal og Kina. Det er også ønskjeleg å følgje opp eksisterande avtalar med Tyskland, Frankrike, Polen, Irland, Grønland, Island og Færøyane. Særleg viktig er det å utveksle kompetanse og utvikle gode rutinar for handtering av risikoobjekt knytt til UUU-fiske.

Det finst også generelle fiskeripolitiske avtalar (MoUar) med Canada, USA, Sør-Korea, Kina og Japan og det bør vurderast om kontrollsamarbeid med desse statane kan utviklast under dei eksisterande avtalane.

Regionalt arbeid

Regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonar

Gjennom NEAFC ønskjer vi å styrkje regelverket om landingskontroll og sporing av fisk og fiskeprodukt. Eit anna viktig spørsmål som må drøftast i NEAFC er svartelistingssystemet for NEAFC-medlemsstatar. Det er ønskjeleg å få oppslutning i den nordatlantiske fiskeriministerkonferansen (NAFMC) om opne nasjonale databasar om kvotar, fangst og landingar. Sett i lys av dei gode erfaringane vi har med forsøksprosjektet for utvida satellittsporingsutveksling med Russland, bør vi også vurdere liknande ordningar i ei slik regional ramme. Dette er særleg aktuelt dersom det viser seg vanskeleg å få til ein permanent avtale med Russland.

Det er eit mål å oppnå gjensidig anerkjenning av svartelister over UUU-fartøy mellom dei ulike regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane. På regionalt nivå er det også viktig å arbeide for eit utkastforbod. Også som medlem av ICCAT, SEAFO, NAFO og CCAMLR ønskjer Noreg å leggje særleg vekt på UUU-spørsmål i desse organisasjonane.

Det nordatlantiske kystvaktforumet (NACGF)

Fiskeri- og kystdepartementet tek del i forumet sine ekspertmøte om fiskerihandheving. Målet med å delta er å medverke til betre og meir effektiv overvakning og kontroll av fiskeressursane i det nordlege Atlanterhavet. NACGF skal studere sambandslinjene mellom UUU-aktivitet og organisert kriminalitet. Noreg må følgje opp dette arbeidet.

Oppsynsfartøy i samarbeid med land i det vestlege Afrika

Det blir planlagt eit bistandsprosjekt der Noreg driftar eit skip som skal nyttast til fiskerikontroll og opplæring av kontrollstyresmakter i statar i det vestlege Afrika. Det er positivt både med omsyn til bistand og ressursforvaltning å medverke til at desse landa kan kontrollere fiskeriaktiviteten betre.

Globalt arbeid

Nedkjemping av grenseoverskridande fiskerikriminalitet

Å nedkjempe kriminalitet er komplisert og involverer både politiet, påtalemakta og kontrollstyresmaktene. Systematiske UUU-aktivitetar i stor skala er prega av enkelte store internasjonale kriminelle aktørar. I arbeidet mot desse nettverka må det leggjast til rette for samarbeid mellom politiet i seljar- og kjøparland for å etterforske eventuelle kriminelle tilhøve.

I generalforsamlinga i FN sin fiskeriresolusjon frå 2008 blir det peika på at det kan vere sambandslinjer mellom UUU-verksemd og annan grenseoverskridande organisert kriminalitet. For å ha ei heilskapleg tilnærming til UUU-spørsmåla må vi ta dette poenget med i vurderinga av framtidige tiltak.

FAO-konsultasjonar om hamnestatskontroll og flaggstatskriterium

Målet er å få globale reglar etter modell av NEAFC sine hamnestatskontrolltiltak. Noreg håpar at det gjennom dei tekniske konsultasjonane i FAO kan bli semje om ein tekst, slik at ein avtale kan opnast for signering seinast i 2010.

Det har vore arbeidd med å lage kriterium for flaggstatsansvar. Dette kom i gang etter eit canadisk initiativ i FAO. Det er ønskjeleg å følgje opp dette initiativet.

Utkast og FAO

Det ønskjeleg å setje utkastsaka på dagsorden internasjonalt, både regionalt, globalt og bilateralt. Dette er gjort, mellom anna gjennom COFI-initiativet om ein IPOA(International Plan of Action) eller Technical Guidelines, som Noreg finansierer. Målet er eit globalt forbod eller ein kraftig reduksjon av utkast og bifangst av fisk. Dette arbeidet skal prioriterast og må følgjast tett i FAO.

IMO

I 2007 var det eit arbeidsmøte mellom IMO (FNs sjøfartsorganisasjon) og FAO om korleis dei to organisasjonane kan samarbeide for å nedkjempe UUU-fiske. Vi ønskjer å følgje opp rapporten og tilrådingane frå møtet. Målet er å etablere reglar om IMO-nummer på alle fiskefartøy og at dei eksisterande sporingssystema for skipsfarten også skal gjelde for fiskefartøy.

Den internasjonale koden for sikring av skip og hamneterminalar (ISPS-koden)

Omlasting av fisk mellom eit fiskefartøy og eit lasteskip kan vere brot på ISPS-koden. At enkelte UUU-aktørar har samband med annan organisert kriminalitet gjer at sikkerheitsbrotet i ISPS-koden er meir alvorleg. Det er ønskjeleg både for kampen mot UUU-fiske og for hamnesikkerheita, at det blir erkjent internasjonalt at fartøy som har eller er involvert i UUU-fiske kan vere ein fare for hamnesikkerheita og at det difor må innførast krav om dokumentasjon ved omlastingsoperasjonar.

MCS Network

MCS (Monitoring, Control and Surveillance) Network arrangerte i august 2008 ein «fisheries enforcement workshop», der ei rekkje land deltok. Formålet med MCS Network er å lette kontrollarbeidet i kampen mot UUU-fiske. Både formelle og uformelle kontakter vi får i dette nettverket må nyttast. Neste konferanse er i Mosambik i 2010. Norske fiskeristyresmakter skal utvide den norske innsatsen i MCS-nettverket. Samarbeidet vårt innan nettverket skal bli meir operativt ved at det blir enklare å utveksle informasjon på operativt nivå med samarbeidande statar. Slik informasjonsutveksling er eit godt eksempel på at vi kan få nyttig informasjon om aktørar som driv fiske i våre farvatn, og at vi på tilsvarande måte kan gi nyttig informasjon tilbake til samarbeidspartnarar.

2.6 Regulering av utanlandsk fiske i norske jurisdiksjonsområde

Det er eit generelt forbod mot fiske i Noreg si økonomiske sone og i fiskerisona rundt Jan Mayen for fiskarar som ikkje er norske statsborgarar. Regjeringa kan likevel fastsetje forskrifter som opnar for eit regulert og avgrensa utanlandsk fiske i samsvar med dei fiskeriavtalane som er inngått med andre land.

I forskrift av 13. mai 1977 «om utlendingars fiske og fangst i Noregs økonomiske sone» er det fastsett detaljerte reglar for utøvinga av fisket. Det er krav om lisens for utanlandske fartøy som skal fiske i norsk sone for å sikre at fangstinnsatsen er i samsvar med dei tildelte kvotane, og for å gjere det mogleg med ein effektiv kontroll. Utanlandske fartøy skal sende fangstrapportar til norske styresmakter i samsvar med særskild forskrift.

I forskrift av 23. desember 1980 «om utlendingars fiske og fangst i fiskerisona ved Jan Mayen» er det fastsett detaljerte reglar for utanlandsk fiske i fiskerisona rundt Jan Mayen. Dette regelverket er i hovudsak samanfallande med reglane for utanlandsk fiske i Noreg si økonomiske sone.

Forskrifter for fiskevernsona ved Svalbard er sette i verk på eit ikkje-diskriminerande grunnlag for både norske og utanlandske fartøy. Det er fastsett forskrifter for rapportering av fangstar, bruk av reiskapar, reglar om minstemål og område med forbod mot fangst for å verne om ungfisken. Frå 1986 er det fastsett årlege kvotereguleringar i fiskevernsona for fiske etter norsk-arktisk torsk. Frå og med 1995 har ein av omsyn til bestandssituasjonen fastsett forbod mot fiske etter blåkveite, sild, lodde, og frå 1997 vart det også innført eit forbod mot fiske etter uer.

I forskrifter av 19. juli 1996 vart rekefisket ved Svalbard regulert gjennom fastsetting av grenser for innsats i fisket. Etter forskriftene kan berre nasjonar som har drive eit tradisjonelt fiske etter reker ved Svalbard delta i dette fisket med eit avgrensa tal på fartøy (Canada, Færøyane, Grønland, Island, EU, Noreg, Russland). For å motverke at rekefisket ekspanderer, vart rekefisket frå 1997 for dei aktuelle landa også regulert med fiskedøgn. Av same årsak vart maksimalt tal for tilletne fiskedøgn redusert med 30 % frå 1. januar 2006.

2.7 Kontroll av fiske i norske jurisdiksjonsområde

I St. prp. nr. 1 (2008-2009) heiter det: «Norge skal bidra til at global og regional forvaltning av marine ressurser skjer i tråd med anerkjente prinsipper som blant annet bærekraftig bruk, føre-var-prinsippet og økosystembasert forvaltning. Bærekraftig forvaltning i samsvar med etablerte folkerettslige rammer er sentralt for Norge. Dette gjelder i våre egne fiskerisoner, på det åpne hav og i andre nasjoners fiskerisoner». For å kunne nå dette målet for ressursforvaltninga, trengst det informasjon om og kontroll med alt ressursuttak i norske jurisdiksjonsområde. Fysisk kontroll med all fiskeaktivitet er ein sentral del av det norske systemet for kontroll og handheving. Dette inneber kontroll på alle nivå, til havs, under landing og ved omsetning av fiskefangstar.

I Noreg har Fiskeridirektoratet ansvaret for ressurskontrollen saman med Kystvakta og salslaga. Kontrollverksemda til fiskeristyresmaktene vert gjennomførd av Kontrollseksjonen i Fiskeridirektoratet og den ytre etaten til direktoratet med sju regionkontor, inklusive eit inspektørkorps langs kysten.

Kystvakta er underlagt Forsvarsdepartementet, og har ansvaret for ressurskontrollen på havet. Frå 1996 er Kystvakta utvida med ei indre kystvakt som skal gjennomføre fiskerioppsynet innanfor grensa for sjøterritoriet på 12 nautiske mil. Fiskerioppsynstenesta til den indre kystvakta skal etter planen kombinerast med ei rekkje andre oppgåver, bl.a. for politi-, toll- og miljøstyresmaktene.

EU vedtok den 29. september 2008 ein forordning som skal forebyggje, avverge og stanse ulovleg, urapportert og uregulert fiske. Dette betyr at all import og landingar av fisk i EU frå tredjeland skal ha eit fangstsertifikat etter 1. januar 2010. Avtalen betyr òg at Noreg skal utstede eit norsk fangstsertifikat og at dette skal leggjast med alle norske landingar/eksportforsendelsar til EU etter 1. januar 2010. Dei norske fiskesalgslaga skal etter deira myndighetspålagte kontrollfunksjon som har hjemmel havressurslova utstede og godkjenne norske fangstsertifikatar. Salslaga har i tillegg hovedansvar for all førstehandsomsetning av fisk i Noreg, og dei utfører ein viktig del av kontrollarbeidet.

I internasjonale samanhengar vert det norske systemet med nært samarbeid mellom Fiskeridirektorat, Kystvakt og salslag ofte framheva som ein særs vellukka modell for god ressurskontroll.

Fiskeridirektoratet står for kontroll ved landing av fangstar, og har også ein viss kontroll på sjøen i særlege område og i spesielle fiskeri. Direktoratet har også ansvar for kvotekontrollsystemet både for utanlandske og norske fartøy. Dei ulike salslaga har eit kontrollansvar i samband med omsetning og eksport av fisk. Utanlandske styresmakter har kontrollansvaret når norske fartøy leverer fangst i utanlandske hamner og når norske fartøy fiskar i jurisdiksjonsområda til desse landa. Det nye opplegget for hamneskontroll som vart innført i NEAFC frå 1. mai 2007 og i 2009 i NAFO, gjev norske styresmakter eit kontrollansvar når det gjeld å verifisere fangst ved norske fartøy sine landingar i NEAFC-landa og i NAFO-landa sine hamner. Noreg skal også hente inn slik verifisering ved utanlandske landingar i Noreg.

Ein viktig del av kontrollen går føre seg under utøvinga av fisket. Det vert kontrollert at fisket skjer med rette reiskapar, til rett tid og på rett område. Også samansetjinga av fangsten vert kontrollert, likeeins at det ikkje går føre seg dumping eller neddreping av fisk. Under kvalfangsten var det frå 1993 til og med 2003 inspektørar på alle fartøy under heile fangstperioden. Med verknad frå 2004 er inspektørordninga på kvalfangstfartøya halvert.

Inspektørbasert kontroll vert no gjennomført på stikkprøvebasis på kvalfangstfartøya. I andre fiskeri har Fiskeridirektoratet sett i verk ei ordning der dei har inspektørar om bord på enkelte norske og utanlandske fartøy i kortare eller lengre periodar. For å få løyve til å delta på selfangst er det vilkår om at fartøyet må ha inspektør om bord under heile fangsten. Det er ein viktig del av kontrolloppgåva å sjå til at avlivinga skjer i samsvar med regelverket.

På enkelte artar går det føre seg eit omfattande fiske i indre norske farvatn. Det er derfor ei ordning der inspeksjonsfartøy frå Fiskeridirektoratet er til stades på desse fiskefelta. Ved landing vert fangstsamansetjinga kontrollert, og oppfiska kvantum vert belasta kvoterekneskapen.

For å føre kontroll med utanlandsk fiske i NØS etablerte Fiskeridirektoratet i 1977 eit kvotekontrollsystem som inneber at utanlandske fiskefartøy må sende ei rekkje ulike rapportar i samband med fiske i norske farvatn. På grunnlag av desse rapportane held Fiskeridirektoratet ved like databasen som mellom anna inneheld opplysningar om fiske- og fangstaktiviteten til utanlandske fartøy. Denne databasen er ein viktig reiskap for kontroll i norske jurisdiksjonsområde.

Utanlandske fartøy som får løyve til å fiske i norske jurisdiksjonsområde er pålagde å rapportere fangstane til Fiskeridirektoratet. Denne rapporteringsplikta inneber at når fartøya kjem inn i norsk sone skal dei melde frå om kor mykje fangst fartøyet har om bord (melding om fiskestart). Fangstane skal meldast i kilo rund vekt og i dei enkelte fiskeslag. I tillegg må fartøyet kvar veke rapportere kor mykje som er fanga i sona av dei ulike fiskeslaga (fangstmelding). Når fartøyet avsluttar fisket i NØS, må det før det seglar ut sende melding om dette til Fiskeridirektoratet og gi opp kor mykje fisk som er teken etter den siste fangstmeldinga (melding om avslutting av fiske). Alle desse meldingstypane vert kontinuerleg lagde inn i kvotekontrollsystemet, og gjev dermed Fiskeridirektoratet ei oppdatert oversikt over det utanlandske fisket i norske jurisdiksjonsområde. Det gjeld kor mange fartøy som deltek i fisket, kvar dei fiskar og opplysningar om fangst per fartøy og per nasjon. Systemet inneheld såleis også dei opplysningane som er kravde for å stanse utanlandsk fiske når dei tildelte kvotane er oppfiska.

Frå 2000 har Fiskeridirektoratet gjennom satellittsporing også kunnskap om kvar fartøya oppheld seg i norsk jurisdiksjonsområde og kan derfor setje i verk meir målretta kontroll.

Kystvakta har direkte tilgang til dei opplysningane som er lagra i databasen i kvotekontrollsystemet og satellittsporingsdatabasen. Opplysningane vert under kontroll på feltet haldne opp mot opplysningane som går fram av fangstdagboka til fartøyet, eventuelle sluttsetlar og innhaldet i lasterommet eller lastetankane på fartøyet. Når desse opplysningane ikkje er i samsvar med kvarandre kan Kystvakta reagere med åtvaring, fartøyet kan haldast tilbake, eller saka kan meldast til politiet, alt etter kor grov krenkinga er. Kvotekontrollsystemet og satellittsporingsopplysningane er såleis særs viktige reiskapar i det kontrollarbeidet Kystvakta gjennomfører.

Utanlandske fartøy skal når fiske vert avslutta i NØS nord om 62°N, melde seg til Kystvakta for kontroll på eitt av sju kontrollpunkt. Som ein del av rapporteringsordninga i dette området skal fartøya sende melding om framstilling for kontroll (kontrollpunktmelding) tolv timar før dei kjem til kontrollpunktet. For ringnotfartøy er fristen fire timar. Ordninga vart innførd for å sikre generelt betre kontroll med fangstuttaket i NØS nord om 62ºN, og fordi norske styresmakter visste at det gjekk føre seg kvoteunndragingar frå utanlandske fartøy som fiska i NØS nord om 62ºN.

På grunn av behovet for betre kontroll med makrellfisket i NØS sør om 62ºN, vart ei tilsvarande ordning sett i verk 19. juli 1995 for makrellfisket i Nordsjøen. Av omsyn til råstoffet må eit kontrollregime i Nordsjøen utformast noko annleis enn ordninga nord om 62ºN. Etter regelverket skal utanlandske fartøy med makrellisens melde seg for kontroll i eitt av tre nærare definerte område, med ei varslingstid på fire timar før fartøya kjem til kontrollområdet, eller før fartøyet kjem til landingsstad i Noreg. Ordninga gjeld også når eit fartøy med makrellisens fiskar annan pelagisk fisk, så som nordsjøsild. I 2005 vart ordninga utvida til å også gjelde for utanlandske fartøy som er lisensierte for fiske etter sild sør for 62ºN i den perioden makrellfisket er ope.

Erfaringane syner at ordningane med sjekkpunkt sør og nord om 62ºN i NØS har medverka positivt til å redusere kvoteunndragingane frå utanlandske fartøy.

2.8 Kontrollsamarbeid

Kontroll med ressursuttaket på felles fiskebestandar krev eit nært samarbeid mellom dei landa som deler ressursane. Eit slikt samarbeid er inngått med begge dei to partane som Noreg deler viktige fiskeressursar med: Russland og EU. Noreg har også inngått avtalar om kontroll direkte med enkelte medlemsland i EU og fleire andre Statarar. Noreg har kontrollavtalar med Irland, Danmark, Sverige, Nederland, Storbritannia, Frankrike, Tyskland, Polen, Portugal, Litauen, Russland, Færøyane, Island, Grønland, Canada og Marokko.

Kontrollavtalen som vart underteikna mellom Noreg og Portugal 16. februar 2006, representerte ei oppdatering av slike avtaler, og er den første avtalen Noreg inngår som også omfattar gjensidig rapportering av landingar av fisk frå tredjelands fartøy. Etter dette tidspunktet er eksisterande avtalar reviderte etter tur for å få med tredjelands fartøy. Dette er frå norsk side eit viktig bidrag i arbeidet med å få kontroll over det ulovlege fisket i Barentshavet og over landingar av fisk til europeiske hamner. Den nye generasjonen av kontrollavtalar inneber og at partane skal samarbeide om å kjempe mot ulovleg fiske. Bilateralt samarbeid har vore viktig for den nedgangen i urapportert fiske som har skjedd i 2008 og 2009.

Satellittsporing av fiskefartøy er eit viktig framsteg i kontrollarbeidet. Det ligg no føre satellittsporingsavtalar mellom dei landa som har felles fiskeriinteresser i Nordaust-Atlanteren.

Fiskeridepartementet innførte frå 1. juli 2000 satellittovervaking av alle norske fiske- og fangstfartøy over 24 meter, og i løpet av 2010 blir dette gjeldande for alle fangstfartøy over 15 meter. Desse fartøya er underlagte sporing i område både under norsk og utanlandsk fiskerijurisdiksjon. Vidare vil alle norske fartøy, uansett storleik, sporast ved fiske i internasjonalt farvatn. Det er også krav om satellittsporing av alle fartøy i NEAFC-området og i NAFO-området. I NAFO-området er det vidare eit krav om observatør.

Utvida sporing og elektronisk fangsrapportering er viktige element i kontroll generelt og i kampen mot ulovleg fiske. Noreg og EU signerte 23. februar 2010 ein avtale om elektronisk utveksling av fangst- og aktivitetsdata ved fiske i kvarandre sine soner.

Avtalen inneber at fartøy over 24 meter blir pålagt å rapportere fangst- og aktivitetsdata elektronisk ved fiske i kvarandre sine soner frå og med 1. juli 2010. Tilsvarande vil fartøy over 15 meter frå og med 1. januar 2011 bli pålagt å rapportere elektronisk ved fiske i kvarandre sine soner. I tillegg har alle norske fartøy som ønskjer å rapportere elektronisk ved fiske i EU-sona muligheit til gjere dette frå 1. juli.

Hensikta med avtalen er også å harmonisere rapporterings-forpliktelsane i norske farvatn og EU-farvatn så langt som mogleg.

Til forsida