Del 4
Fisket etter avtalane i 2008 og 2009
5 Fisket etter avtalane i 2008 og 2009
5.1 Den felles forvaltninga
I omtalen av fisket etter avtalane for 2008 og 2009 er hovudvekta lagt på i kva grad Noreg og dei partane som får tildelt kvotar i norske område, faktisk utnyttar desse kvotane. Først presenterer vi dei norske kvotane i sonene til andre statar og utnyttinga av desse, jf. pkt. 5.1 nedanfor. Deretter, i punkt 5.2, presenterer vi kvotane andre statar har i norske område og utnyttinga av desse. Kommentarane til kvoteutnyttinga omfattar berre åra 2008 og 2009.
I dei neste avsnitta vert omgrepet «felles forvaltning» nytta om ein del sentrale fiskebestandar. Felles forvaltning tyder at to eller fleire land/samanslutningar av land har avtala å forvalte ein bestand saman, fordi bestanden finst i sonene til fleire land. Dette inneber at det i dei årlege kvoteforhandlingane vert avtalt ein totalkvote for bestanden, som vert fordelt på dei aktuelle avtalepartane.
5.2 Norsk hausting av kvotar
I avsnitt 5.1 og 5.2 er kvotane henta frå dei årlege kvoteavtalane, med eventuelle oppdateringar. Fangsttala er baserte på landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet eller på det fartøya har rapportert fiska frå dei ulike jurisdiksjonsområda, anten til Fiskeridirektoratet eller til ansvarlege i tredjeland, det vil seie styresmaktene i kyststaten. Symbolet (–) i tabellane tyder anten ingen fangst eller ingen kvote.
Noreg – Russland
Fellesbestandane
Noreg og Russland har felles forvaltning av artane torsk, hyse og lodde. Noreg sine kvotar (etter overføringar til tredjeland) og fangstar av desse bestandane går fram av tabell 5.1. Delar av dei norske kvotane for desse bestandane kan fiskast i russisk økonomisk sone, sjå tabell 5.2.
Tabell 5.1 Oversikt over norske kvotar (etter overføring til 3. land) og fangst på fellesbestandane i Barentshavet
Art | Kvotar1 (tonn) | Fangstar2 (tonn) | ||
---|---|---|---|---|
2008 | 2009 | 2008 | 2009 | |
Torsk | 195 413 | 237 100 | 209 605 | 237 121 |
Hyse | 76 500 | 95 050 | 72 553 | 104 931 |
Lodde | 5 000 | 233 000 | 5149 | 232 569 |
1 Kvotetala for lodde inneheld forskingsfangst. For åra 2008 & 2009 vart det avsett 5 000 tonn torsk til forskingsfangst. Avtalen med Russland for 2008 (2009) opna for å avsette 11 000 (9000) tonn torsk til forskings- og forvaltningsføremål, men ein fann det tilstrekkeleg å vidareføre kvoten på 7000 tonn. Avtalen for 2008 og 2009 opna vidare for å avsette 4000 tonn hyse til forskings- og forvaltningsføremål. Noreg avsette 2000 tonn hyse og 2000 tonn gjekk såleis inn i disponibel kvote for norskefartøy.
2 Fangsttala er henta frå Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 11.02.2010 og inneheld forskingsfangst. Når det gjeld lodde for 2008 er alt forskingsfangst. I 2009 vart det opna for eit kommersielt fiske.
Torskekvoten nord om 62°N blei godt utnytta i 2008 med ei utnyttingsgrad på vel 103 % (inkludert forsking).Utnyttingsgraden for hyse var på om lag 95 % i 2008, mens den i 2009 var på heile 110 %. Kvoten blei altså noko overfiska. Bakgrunnen for dette er samansett. Mellom anna vart tilgjengelegheita betre enn forventa, og trålarane og dei konvensjonelle havfiskefartøya kunne i større grad enn tidlegare gå på eit reint hysefiske.
Generelt har trålarane og andre havfiskefartøy fastsette kvotar praktisk talt utan overregulering, og dei held seg stort sett innanfor desse kvotane. Kystfiskeflåten består av mange fartøy som stadig vert meir effektive. Varierande grad av deltaking i fisket i kystflåten gjer det nødvendig å regulere fisket med såkalla overregulering. Overregulering er differansen mellom summen av maksimalkvotane og gruppekvoten. Overreguleringa vert uttrykt i prosent av gruppekvoten. Når eit fiskeri er regulert med maksimalkvotar er summen av maksimalkvotane større enn gruppekvoten. Differansen vert omtalt som overregulering. Dersom summen av maksimalkvotane er 13 000 tonn og gruppekvoten er 10 000 tonn, er overreguleringa 30 %. Tilgangen på fisk kan variere frå år til år, mellom anna på grunn av vêrforhold langs kysten. Dersom fiskeristyresmaktene bommar med graden av overregulering for kystfiskeflåten og ikkje greier å korrigere dette i tide, kan det føre til at dei fastsette kvotane vert overfiska. Ulike forhold kan også føre til at kvotane ikkje vert fiska eller utnytta fullt ut.
Tabell 5.2 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i russisk økonomisk sone
Område/art | Kvotar (tonn) | Fangstar1 (tonn) | ||
---|---|---|---|---|
2008 | 2009 | 2008 | 2009 | |
Torsk | 140 000 | 140 000 | 1505 | 4245 |
Hyse | 20 000 | 20 000 | 1227 | 4420 |
Reker | 3000 | 2500 | 570 | 1 |
Grønlandssel | 10 000 | 7000 | - | - |
Lodde | - | - | - | 21 268 |
Steinbit | 1500 | 1200 | 447 | 105 |
Flyndre | 1000 | 500 | - | - |
Bifangstkvote | 500 | 500 | 27 | 56 |
1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 11.02.2010.
Kommentarar til oversikta
Noregs kvotar og fangstar i russisk økonomisk sone (RØS) går fram av tabell 5.2. Av dei norske fangstane nord om 62°N i 2008 fiska Noreg 0,7 % av torskefangstane og 1,7 % av hysefangstane i RØS. Tilsvarande tal for 2009 var 1,8 % for torsk og 4,2 % for hyse. Noreg tek altså små fangstar av torsk og hyse i RØS sett i høve til dei totale norske fangstane. Noreg kunne fiska heile loddekvota i RØS.
I 2008 deltok 2 reketrålarar i fisket etter reker i RØS, medan berre 1 fartøy er registrert med rekefangst i 2009. Når det gjeld grønlandssel var det ingen norskefartøy som gikk til østisen for å fangste i 2008 og 2009.
Noreg – EU
Fellesbestandane
Noreg og EU har felles forvaltning av artane torsk, hyse, sei, kviting, raudspette, sild og makrell i Nordsjøen, sjå tabell 5.3. Delar av dei norske kvotane for konsumfiskbestandane kan fiskast i EU si sone av Nordsjøen, sjå tabell 5.4.
Tabell 5.3 Norske kvotar (etter overføringar til EU og tredjeland) og fangstar på fellesbestandane i Nordsjøen1
Art | Kvotar (tonn) | Fangstar2 (tonn) | ||
---|---|---|---|---|
2008 | 2009 | 2008 | 2009 | |
Torsk | 3384 | 4514 | 4129 | 4233 |
Hyse | 7375 | 7978 | 1473 | 1277 |
Sei | 68 376 | 63 881 | 61 264 | 57 708 |
Kviting | 1595 | 1327 | 92 | 73 |
Raudspette Makrell | 1105 120 450 | 2885 190 802 | 1051 121 496 | 1116 121 228 |
Nordsjøsild | 63 960 | 53 400 | 63 843 | 53 766 |
1 Norsk totalkvote og fangst inklusive forskingsfangst.
2 Fangsttala er henta frå Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 19.02.2010. Fangstala for sei og sild er både frå ICES-område IIIa og IV, medan makrelltala er frå ICES-område IIa, IIIa ,IV og VIa.
Makrell- og sildekvotane vert fordelte mellom ringnotfartøya, trålarane og kystfartøya. Fangsttala inneheld ikkje norsk bifangst frå industritrålfisket. Bifangstane varierer frå år til år i storleik og art.
Norske kvotar i EU sitt farvatn (EUF) og tildelte kvotar frå EU i grønlandske farvatn (EUGRL), med tilhøyrande fangstar
Noreg fekk i 2008 og 2009 tildelt kvotar av blåkveite, kveite og uer for fiske i grønlandsk sone både av EU og Grønland. I 2009 fekk Noreg i tillegg tildelt kvoter av torsk frå EU for fiske i grønlandsk sone. For desse artane er det i denne meldinga berekna at EU-kvoten utnyttast først. Noreg nyttar desse kvotane i såpass stor grad at med denne føresetnaden kan talet for fangst i enkelte tilfelle vere lik kvotetala slik dei er viste i tabell 5.4. Eventuelle fangstar ut over EU-kvotane vert avrekna mot Noregs kvotar tildelte av Grønland (sjå tabell 5.6).
Tabell 5.4 Oversikt over Noreg sine kvotar (etter overføringar til EU og tredjeland) og fangstar i EU sitt farvatn, og tildelte kvotar frå EU i grønlandske farvatn
Område/art | Kvotar (tonn) | Fangstar (tonn) | ||
---|---|---|---|---|
2008 | 2009 | 2008 | 2009 | |
EUF, Nordsjøen1 : | ||||
Torsk2 | 3384 | 4514 | 1303 | 1205 |
Hyse2 | 7375 | 7979 | 482 | 386 |
Sei2 | 68 376 | 63 881 | 28 950 | 17 920 |
Kviting2 | 1785 | 1517 | 17 | 39 |
Raudspette2 | 1105 | 2885 | 987 | 1078 |
Makrell | 31 134 | 41 307 | 29 390 | 55 501 |
Sild2 | 50 000 | 49 590 | 41 934 | 43 095 |
Augepål | 1000 | 1000 | 522 | 1289 |
Tobis | 20 000 | 27 500 | 21 835 | 27 418 |
Brisling | 10 063 | 10 000 | 1266 | 7956 |
Reker | - | 3 | 1 | |
Hestmakrell | 1600 | 3600 | 553 | 3734 |
Sjøtunge | 90 | 90 | 14 | 1 |
Andre artar | 2720 | 2720 | 670 | |
EUF, vest om 4°V3 : | ||||
Makrell | 9300 | 12 300 | 3948 | 121 |
Kolmule | 304 269 | 158 458 | 307 567 | 155 655 |
Blålange | 150 | 150 | 99 | 121 |
Lange | 5638 | 5638 | 5219 | 5207 |
Brosme4 | 3350 | 3350 | 2450 | 2608 |
Pigghå4 | 50 | 50 | 4 | 1 |
Håbrann | - | 1 | 0 | |
Kombinert kvote | 140 | 140 | 199 | 174 |
Blåkveite | 350 | 350 | 15 | 5 |
EUGRL, Vest-Grønland5 : | ||||
Blåkveite | 800 | 800 | 800 | 800 |
Kveite | 100 | 75 | 17 | 59 |
Skolest/Isgalt o.a.6 | 60 | 60 | 11 | 6 |
Torsk7 | - | 250 | - | 250 |
EUGRL, Aust-Grønland5 : | ||||
Reker | 3250 | 3500 | 1530 | 979 |
Blåkveite | 824 | 824 | 119 | 116 |
Kveite | 100 | 75 | 100 | 20 |
Uer | 3500 | 3000 | - | - |
Lodde | - | - | - | |
Skolest/isgalt o.a.6 | 60 | 60 | 11 | 13 |
Torsk7 | - | 250 | - | 250 |
1 Fangsttala er henta frå Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 20.02.2010. Alle artar er fangst i EU-sona i ICES-område IV bortsett frå: Makrell ICES-område IIa, IIIa & IV, og sei & sild ICES-område IIIa & IV.
2 For desse fellesbestandane avtalar EU og Noreg storleiken på TAC for kvar bestand, fordeling av TAC på dei to partane, eventuelle kvotebyte og kor mykje partane kan fiske i dei respektive sonene.
3 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 22.02.2010. Fangsttala på artane blåkveite, blålange, lange og brosme inneheld også fangst i EU-sona i ICES-område IV og IIa.
4 Av den samla kvoten for lange og brosme kan inntil 25 % være bifangst (maksimalt 3 000 tonn).
5 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 20.02.2010.
6 For begge åra har Noreg ein felles kvote ved Vest- og Aust-Grønland på 120 tonn skolest/isgalt.
7 For 2009 har Noreg ein felles kvote ved Vest- og Aust-Grønland på 500 tonn torsk.
8 Av den samla kvoten for lange og brosme kan inntil 25 % være bifangst (maksimalt 3000 tonn i 2008).
9 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 12. mars 2009.
10 For 2008 har Noreg ein felles kvote ved Vest- og Aust-Grønland på 120 tonn skolest/isgalt.
Kommentarar til oversikta
Noregs kvotar i EUs farvatn og tildelte kvotar frå EU i grønlandske farvatn, med tilhøyrande fangstar, går fram av tabell 5.4. I EU-sona i Nordsjøen kunne norske fartøy berre fiske 1000 tonn augepål i 2008 og 2009. EU og Noreg vart i samband med kvoteforhandlingane for 2009 samde om å gjennomføre eit samordna forsøksfiske etter tobis i perioden 1. april til 6. mai 2008. Av ein kvote på 27 500 tonn i EU-sona, fiska norske fartøy 27 418 tonn tobis i 2009.
Etter at kyststatane vart samde om forvaltning av kolmule i desember 2005, fekk Noreg auka tilgang i EU-farvatn. I tillegg til fiske i EU-sona, fiska norske fartøy desse åra kolmule i internasjonalt farvatn vest av dei britiske øyane, i færøysk sone og i NØS sør om 62°N. I følgje norske sluttseteltal fiska dei norske fartøya totalt 539 585 tonn kolmule i 2007 og 418 289 tonn i 2008 i desse områda.
Det var høve til å overføre 2000 tonn mellom kvotane for lange, brosme og blålange i 2008 og 2009. Desse kvotane kunne berre fiskast med line vest av 4°V (ICES område Vb, VI og VII). I dette fiskeriet kunne norske fartøy ha bifangst av andre fiskeslag med inntil 25 % til kvar tid. Den totale bifangsten av andre fiskeslag var avgrensa til 3000 tonn begge åra, og vart rekna mot den totale kvoten av lange, blålange og brosme, som var på 9138 tonn i både 2008 og 2009.
Blålange, lange, brosme, pigghå, brugde og håbrann kunne også fiskast i Nordsjøen. Kombinertkvoten gjaldt linefiske etter havmus, mora, skjelbrosme og isgalt.
100 % av uerkvoten vart overført til og fiska i internasjonalt farvatn. Kvoten «andre artar» i Nordsjøen omfattar fiske på artar det ikkje er fastsett kvotar for til Noreg i EU-sona.
Loddefisket ved Jan Mayen/Island/Grønland omtalast nærare i punkt 5.1.6.
Når det gjeld dei tildelte kvotane i grønlandske farvatn, blir desse slått saman med kvotane som Noreg får tildelt av Grønland. I denne meldinga blir den norske fangsten kvoteavrekna kvoten tildelt frå EU først, men det er ingen avtale som seier at det er slik det skal gjerast.
Noreg – Færøyane
Kommentarar til oversikta
Tabell 5.5 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i færøysk sone
Art | Kvotar (tonn) | Fangstar1 (tonn) | ||
---|---|---|---|---|
2008 | 2009 | 2008 | 2009 | |
Lange/blålange | 2525 | 2525 | 1201 | 819 |
Brosme | 1847 | 1847 | 1095 | 939 |
Sei | 105 | 105 | 53 | 24 |
Blåkveite | - | - | - | - |
Håbrann/Pigghå | - | - | - | - |
Breiflabb | - | - | - | - |
Makrell | 1625 | 2157 | - | - |
Hestmakrell | 230 | 50 | - | - |
Kolmule | 15 060 | 11 300 | 11 978 | 3355 |
Andre artar | 891 | 891 | 116 | 84 |
1 Vaktar- og Bjargingartænastan på Færøyane per 02.11.2009
Noregs kvotar og fangstar i færøysk sone går fram av tabell 5.5.
Fisket etter bunnfisk kunne drivast med garn og line, men sei kunne også fiskast med trål. Kvoten av andre artar kunne berre fiskast som bifangst. Samla vart det fiska 2465 tonn botnfisk i færøysk sone i 2008, tilsvarande tal for 2009 var 1864 tonn botnfisk. Dette gir ein utnyttingsgrad på om lag 46 % i 2008 og 35 % i 2009.
I 2009 hadde Noreg en enda lågare utnytting av kvotane i færøysk sone enn i 2008. Dette kan mellom anna sjåast i samanheng med høge torske- og hysekvoter i norsk sone samt at kvoteavtalen ikkje blei inngått før i februar 2009 slik at lineflåten allereie hadde valt andre alternativ.
Norske ringnotfartøy pleier å fiske kolmule i færøysk sone mot slutten av kolmulesesongen, det vil seie i april/mai. Norske fartøy fiska 11 978 tonn i 2008 og 3355 tonn i 2009.
Noreg – Grønland
Kommentarar til oversikta
Tabell 5.6 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i grønlandsk sone
Område/art | Kvotar (tonn) | Fangstar1 (tonn) | ||
---|---|---|---|---|
2008 | 2009 | 2008 | 2009 | |
Vest-Grønland: | ||||
Blåkveite | 650 | 700 | 535 | 715 |
Aust-Grønland: | ||||
Blåkveite | 425 | 375 | - | - |
Kveite | 250 | 235 | 45 | - |
Uer | 700 | 700 | 31 | 89 |
Vest- og Aust-Grønland: | ||||
Torsk | 750 | 750 | 770 | 502 |
1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 20.02.2010. Heile kvoten frå Grønland kunne også fiskast i internasjonalt farvatn, sjå punkt 5.1.9.
Noregs kvotar og fangstar i grønlandsk sone i 2008 og 2009 går fram av tabell 5.6.6. I tillegg kan norske fartøy fiske i grønlandsk sone på kvote tildelt av EU (sjå tabell 5.4). Fisket etter blåkveite med trål ved Vest-Grønland måtte skje sør om 64°30" N eller nord om 68°N, og med ei avgrensing på 6 fartøy i fiske samstundes i sona. Det deltok 3 trålarar i fisket både i 2008 og 2009. I fisket etter blåkveite ved Aust-Grønland deltok 2 linefartøy og 2 trålarar i 2008, medan berre eit linefartøy og ein trålar deltok i 2009.
I 2008 var det 17 fartøy som tilfredsstilte krava til deltaking i rekefisket ved Aust-Grønland, mens det i 2009 var 16 (kvoten er tildelt av EU, sjå tabell 5.4). Maksimalt 15 fartøy kunne fiske etter reker samstundes i grønlandsk sone. Totalt 5 fartøy deltok i rekefisket i 2008, medan berre to deltok i 2009.
I 2008 vart det fiska 31 tonn uer av ein kvote på til saman 4100 tonn. Kvoten vart altså dårleg utnytta, noko som også var tilfellet i 2009 da det vart fiska 89 tonn uer av ein kvote på til saman 3 700 tonn. Heile kvoten frå Grønland kunne fiskast i internasjonalt farvatn, medan halve kvoten frå EU kunne fiskast i internasjonalt farvatn.
I fisket etter kveite ved Aust-Grønland er det berre høve til å fiske med line. I 2008 deltok 2 linefartøy, medan i 2009 berre eit. I begge åra kunne dei fiske fritt innanfor totalkvoten.
Før 2003 har det ikkje vore mogleg å utnytte torskekvoten som følgje av den dårlege bestandssituasjonen for torsk ved Grønland. I 2008 og 2009 vart desse kvotene godt utnytta.
Noreg – Island, om fisket etter botnfisk og lodde i islandsk sone
Kommentarar til oversikta
Tabell 5.7 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i islandsk sone
Art | Kvotar (tonn) | Fangstar1 (tonn) | ||
---|---|---|---|---|
2008 | 2009 | 2008 | 2009 | |
Brosme, lange, blålange | 500 | 500 | 491 | 386 |
Kveite | - | 4 | 2 | |
Uer | - | 21 | 19 | |
Anna | - | 65 | 141 | |
Lodde | -30 031 | - | 28 252 |
1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 09.03.2010.
Noregs kvotar og fangstar i islandsk sone går fram av tabell 5.7. I tillegg til kvoten på 500 tonn botnfisk hadde norske fartøy også høve til å ha inntil 25 % bifangst av andre artar. Noreg utnytta botnfiskkvotane ved Island godt i både 2008 og 2009.
I følgje den gjeldande trepartsavtalen (fiskeriavtalen) for lodde varer sesongen for loddefisket frå 20. juni til 30. april. Det er likevel ikkje tillete for norske fartøy å drive fiske etter 15. februar i islandsk sone.
Noreg – Grønland – Island: lodde ved Jan Mayen, Grønland og Island
Kommentarar til oversikta
Tabell 5.8 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar på lodde i sesongane 2008/2009 og 2009/2010
Kvotar (tonn) | Fangstar1 (tonn) | |||
---|---|---|---|---|
Art | 2008/2009 | 2009/2010 | 2008/2009 | 2009/2010 |
Lodde | - | 30 031 | - | 28 252 |
1 Noregs Sildesalslag per 11.03.2010.
Noreg sine kvoter og fangstar på lodde i sesongane 2007/2008 og 2008/2009 går fram av tabell 5.8.
På grunn av låg gytebestand vart det ikkje opna for loddefiske i 2008/2009. I følgje avtalen mellom Noreg og Island om fiske i Barentshavet skulle Noreg fiske 14 592 tonn lodde av Islands kvote for sesongen 2008/2009. Sidan endeleg TAC vart satt lågare enn foreløpig TAC, fiska norske fartøy 4704 tonn over kvote sesongen 2007/2008. Dette kvantumet skulle trekkjast frå Noregs kvote neste sesong. Etter forhandlinga mellom Noreg og Island våren 2009 vart denne differansen kompensert ved at Noreg fekk tildelt Islands kvote på 334 tonn reke i NAFO-område 3L i 2009.
På grunn av at 2007-årsklassa vart estimert til å vere svært låg, tilrådde ikkje ICES at det vart opna for eit loddefiske sesongen 2009/2010. På bakgrunn av bestandsmålingar gjort vinteren 2009/2010 fant det islandske havforskingsinstituttet det likevel tilrådeleg å anbefale ei opning av loddefiske den 29. januar 2010.
Det blei fastsett ein TAC på 130 000 tonn lodde og det norske loddefisket vart opna 29. januar 2010. Noreg hadde ein førebels kvote på totalt 28 431 tonn og heile kvoten kunne fiskast i Island si økonomiske sone (IØS).
Førebels TAC for 2009/2010 vart 21. februar auka til 150 000 tonn lodde. Den norske totalkvoten vart då auka med 1600 tonn. Kvoten var samansett av 12 000 tonn frå trepartsavtalen og 18 031 tonn frå avtalen mellom Noreg og Island om fisket i Barentshavet. Heile kvoten kunne fiskast i IØS.
Til saman vart det fiska 28 252 tonn lodde i sesongen 2009/2010 av totalt 31 ringnotfartøy. Manglande fiskemoglegheit som fylgje av at TAC blei auka etter 15. februar 2010 vil verte kompensert neste sesong.
Noreg – EU (Sverige – Danmark), om fisket i Skagerrak/Kattegat
Torsk, raudspette og reker kan fiskast i Skagerrak. Dei andre artane i Skagerrakavtalen kan fiskast både i Skagerrak og Kattegat.
Tabell 5.9 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i Skagerrak/Kattegat
Art | Kvotar (tonn) | Fangstar1 (tonn) | ||
---|---|---|---|---|
2008 | 2009 | 2008 | 2009 | |
Torsk | 102 | 133 | 281 | 78 |
Hyse | 120 | 109 | 170 | 121 |
Kviting | 19 | 19 | 14 | 10 |
Raudspette | 187 | 187 | 79 | 60 |
Sild2 | 6892 | 5032 | 4024 | 3296 |
Makrell | - | - | 625 | 1406 |
Brisling | 3900 | 3900 | 895 | 672 |
Reker | 5415 | 5415 | 5744 | 4268 |
1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 02.03.2010.
2 Inntil 30 % (20 %) av sildekvoten i Skagerrak kunne fiskast i Nordsjøen i 2008 (2009).
Kommentarar til oversikta
Noregs kvotar og fangstar i Skagerrak/Kattegat går fram av tabell 5.9. Dei viktigaste fiskeria for Noreg i Skagerrak er fisket etter reker og sild. Fangstane av torsk i tabellen omfattar berre fisket utanfor grunnlinja. I 2008 vart det fiska 494 tonn torsk innanfor grunnlinja, medan det tilsvarande talet for 2009 var 343 tonn.
For sild og makrell vart kvotane fastsette i den bilaterale kvoteavtalen mellom Noreg og EU. I 2008 og 2009 var det høve for norske fartøy til å fiske inntil 3000 tonn makrell i Skagerrak.
I 2008 vart sildekvoten delt med 3000 tonn til kystgruppa og det resterande kvantumet til ringnotgruppa. Same fordelinga gjaldt i 2009. Kystbrislingflåten fiska om lag 23 % i 2008 og 17 % i 2009 av brislingkvoten. Kystreketrålarane tok rekekvoten i 2008, medan dei i 2009 har utnytta 79 % av kvoten.
Norsk fiske i det nordvestlege Atlanterhavet
Kommentarar til oversikta
Tabell 5.10 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i det nordvestlege Atlanterhavet
Art | Kvotar (tonn) | Fangstar1 (tonn) | ||
---|---|---|---|---|
2008 | 2009 | 2008 | 2009 | |
Torsk | - | - | - | - |
Lodde | - | - | - | - |
Uer | - | - | - | - |
Reker 3M | - | - | 261 | - |
Reker 3L | 284 | 668 | 345 | 672 |
1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 02.03.2010.
Noregs kvotar og fangstar i det nordvestlege Atlanterhavet går fram av tabell 5.10. Det har ikkje vore fastsett loddekvote i NAFO-underområde 3NO sidan 1992. Då hadde Noreg ein loddekvote på 9000 tonn. Dei seinaste åra har det også vore forbod mot torskefiske. I 2000 fiska norske fartøy for første gong uer i NAFO-underområde 1F. Det er ikkje fastsett uerkvote i dette området. Noreg har også høve til å fiske mellom anna blåkveite i NAFO-underområde 3LMNO under «others-kvoten».
Rekefisket i NAFO tok til våren 1993, då norske reketrålarar saman med reketrålarar frå Færøyane og Grønland starta fiske på rekefelta ved Flemish Cap. Rekefisket ved Flemish Cap utvikla seg på 90-tallet til å verte eit viktig driftsalternativ for rekeflåten ved sida av fisket ved Grønland. Rekefisket vart innsatsregulert i 1996. Omfanget av dette fisket har vorte mindre då tal på norske trålarar med reketråling som einaste driftsalternativ i mellomtida har gått sterkt attende. Både i 2008 og 2009 hadde norske fartøy høve til å fiske reker i 1985 døgn i NAFO-underområde 3M. Dette fisket kunne utøvast med opptil 32 fartøy. Norske fartøy hadde i tillegg høve til å fiske 284 tonn i 2008. I 2009 var den norske kvoten i 2L i utgangspunktet satt til 334 tonn, men som kompensasjon for manglande loddekvote frå Island blei Noreg i tillegg tildelt den islandske rekekvoten i 3L på 334. Den totale norske kvoten i 3L i 2009 vart dermed på 668 tonn.
I 2008 fiska ein reketrålarar i 3M til saman 261 tonn, medan ingen fartøy fiska i 3M i 2009. I 2008 fiska to norske fartøy 345 tonn i 3L, medan eitt norsk fartøy fiska 672 tonn i same område i 2009.
Norsk fiske i Irmingerhavet
Kommentarar til oversikta
Tabell 5.11 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i Irmingerhavet
Art | Kvotar (tonn) | Fangstar (tonn)1 | ||
---|---|---|---|---|
2008 | 2009 | 2008 | 2009 | |
Uer | 4141 | 5291 | 486 | - |
1 Inkluderer også fangstar under kvote tildelt av EU og Grønland, jf. tabell 5.4 og 5.6
Noreg sine kvotar og fangstar i Irmingerhavet går fram av tabell 5.11. Tala inkluderer ikkje norsk fiske i Smotthavet (internasjonalt farvatn i ICES-område IIa). Fisket etter uer i Irmingerhavet var ikkje kvoteregulert før i 1996. Ved berekning av fangstuttak på uer i Irmingerhavet nytta norske fiskarar i 2007 norske omrekningsfaktorar som låg noko høgre enn det andre land i NEAFC nytta. For 2008 vedtok NEAFC ein felles faktor på 1,7.
Norske fangstar gjekk drastisk ned frå 486 tonn i 2008 til inga fangst i 2009. Årsaka til dette var redusert deltaking på grunn av høge drivstoffprisar, og at det vart funne lite uer.
Det har utvikla seg eit større fiske etter snabeluer i internasjonalt farvatn i ICES statistikkområde II (Smotthavet), og fartøy frå Noreg har òg delteke i dette fisket. I 2007 rapporterte norske fartøy 1813 tonn og i 2008 778 tonn frå dette området.
Norsk vårgytande sild
Noreg sine kvotar og fangstar av norsk vårgytande sild går fram av tabell 5.12 og 5.13.
Tabell 5.12 Oversikt over kvotar og fangstar1 (tonn) før og etter overføringar i 2008
STAT | Kvote | Overføring | Kvote etter overføring | Fangst | Balanse |
---|---|---|---|---|---|
EU | 98 822 | 98 822 | 101 399 | -2 577 | |
Færøyane | 78 329 | – | 78 329 | 76 372 | 1 957 |
Island | 220 262 | – | 220 262 | 222 800 | -2 538 |
Noreg | 925 980 | – | 925 980 | 963 983 | -38 003 |
Russland | 194 607 | – | 194 607 | 193 119 | 1 488 |
Totalt | 1 518 000 | – | 1 518 000 | 1 557 673 |
1 Fangsttala er førebelse og innrapporterte frå deltakande land. Norske tal er frå landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 9. mars 2010.
Tabell 5.13 Oversikt over kvotar og fangstar1 (tonn) før og etter overføringar i 2009
STAT | Kvote | Balanse 2008 | Overføringer | Kvote etter overføring og fleksiblitet | Fangst 2009 | Balanse 2010 |
---|---|---|---|---|---|---|
EU | 106 959 | -2577 | - | 104 382 | 109 736 | -5354 |
Færøyane | 84 779 | 1957 | 1957 | 86 736 | 91 066 | -4330 |
Island | 238 399 | -2538 | - | 235 861 | 265 480 | -29 619 |
Noreg | 1 002 230 | -38 003 | - | 964 227 | 1 016 671 | -52 444 |
Russland | 210 633 | 1488 | 1488 | 212 121 | 204 049 | 8072 |
Totalt | 1 643 000 | 1 603 327 | 1 687 002 |
1 Fangsttala er førebelse og innrapporterte frå deltakande land. Norske tal er frå landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 9. mars 2010
Tabell 5.14 Oversikt over fangstar1 av norsk vårgytande sild i ulike soner i 2008
Fangst fordelt på soner (tonn) | |||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
STAT | Kvote etter overføringer | INT | EU | FRO | IØS | NØS | JM | VS | RØS | Totalt | Balanse 2009 |
EU | 98 822 | 20 355 | - | - | - | 71 281 | 9763 | - | - | 101 399 | -2577 |
Færøyane | 78 329 | 19 368 | - | 5768 | 8493 | 35 097 | 7646 | - | - | 76 372 | 1957 |
Island | 220 262 | 19 277 | - | 4536 | 130 447 | 42 604 | 25 936 | - | - | 222 800 | -2538 |
Noreg | 925 980 | 12 532 | - | - | - | 948 764 | 2687 | - | - | 963 983 | -38 003 |
Russland | 194 607 | 23 118 | - | 793 | - | 134 138 | 9334 | 25 709 | 27 | 193 119 | 1488 |
Totalt | 1 518 000 | 94 650 | - | 11 097 | 138 940 | 1 231 884 | 55 366 | 25 709 | 27 | 1 557 673 |
1 Fangsttala er dels innrapporterte frå deltakande land og dels frå landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 9. mars 2010.
Tabell 5.15 Oversikt over fangstar1 av norsk vårgytande sild i ulike soner i 2009
Fangst fordelt på soner (tonn) | |||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
STAT | Kvote etter overf./ balanse | INT | EU | FRO | IØS | NØS | JM | VS | RØS | Totalt | Balanse 2010 |
EU | 104 382 | 3904 | - | - | - | 89 956 | - | 15 876 | - | 109 736 | - 5354 |
Færøyane | 86 7362 | 5958 | - | 1570 | 5921 | 61 9822 | 1883 | 13 752 | - | 91 066 | -4330 |
Island | 235 861 | 15 100 | - | 3780 | 207 024 | 35 946 | 3630 | - | - | 265 480 | -29 619 |
Noreg | 964 227 | 53 406 | - | - | - | 963 146 | 119 | - | - | 1 016 671 | -52 444 |
Russland | 212 121 | 30 545 | - | 717 | - | 112 929 | 3994 | 55 864 | - | 204 049 | 8072 |
Totalt | 1 603 327 | 108 913 | - | 6067 | 212 945 | 1 263 959 | 9626 | 85 492 | - | 1 687 002 |
1 Fangsttala er dels innrapporterte frå deltakande land, kvotekontrolldata per 9. mars 2010 og dels frå landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 9. mars 2010.
2 Inkludert kvote og fangst tatt av Grønland
Kommentarar til oversikta (tabellane 5.12, 5.13, 5.14 og 5.15)
12. november 2008 vart det underteikna ein kyststatsavtale mellom EU, Færøyane, Island, Noreg og Russland om forvaltning av norsk vårgytande sild for 2009. Kyststatsavtalen gav ein totalkvote på 1 518 000 tonn. Kyststatane vart også einige om å innføre kvotefleksibilitet over årsskiftet for 2008. Det vart høve til å føre over inntil 10 % av ubrukt kvote til neste år. Det vart også høve til å forskottere inntil 10 % på neste års kvote. Alt fiske utover kvote skal trekkjast frå kvoten neste år.
Noreg fiska i 2008 heile 38 003 tonn meir enn den norske kvoten på 925 980 tonn. Dette kvantumet ble trekt frå norsk kvote for 2009. Både i 2008 og 2009 vart kvoten fiska i NØS, internasjonalt farvatn og ved Jan Mayen. I 2009 fiska Noreg heile 53 406 tonn sild i internasjonalt farvatn, mot 12 532 tonn i 2008.
I 2008 og 2009 fiska russarane eit betydeleg kvantum norsk vårgytande sild i internasjonalt farvatn og i vernesona rundt Svalbard. Det russiske hovudfisket føregjekk i NØS nord for 62.
Islendingane fiska i 2008 og 2009 heile 130 447 tonn og 207 024 tonn sild i si eiga sone. I 2008 nytta dei heile sonetilgangen til NØS nord for 62°N, norske styresmakter stoppa derfor det islandske fisket 1. desember 2008. I 2009 vart sonetilgangen til NØS ikkje fullt nytta.
Alle landa med unntak av Russland har i 2009 fiska på forskot på 2010-kvoten. Noreg og Island fiska heile 52 444 tonn og 29 619 tonn over kvotane sine (etter overføringar/balanse) i 2009. Dette kvantumet trekkjast frå Noregs og Islands kvote i 2010.
5.3 Utanlandsk hausting av kvotar i norske havområde i 2008 og 2009
Russland – Noreg
Fellesbestandane
Noreg og Russland har felles forvaltning av torsk, hyse og lodde i Barentshavet. Oversikta for 2008 og 2009 viser Russland sine kvotar og fangstar av desse bestandane etter overføring frå Russland til Noreg, men før kvotetildeling frå Russland til tredjeland (sjå tabell 5.16). Russisk forskingsfangst går ikkje fram av tala.
Tabell 5.16 Russiske kvotar og fangstar på fellesbestandane i Barentshavet etter overføring til Noreg og før overføring til tredjeland
Art | Kvotar (tonn) | Fangstar (tonn) | ||
---|---|---|---|---|
2008 | 2009 | 2008 | 2009 | |
Torsk | 158 650 | 201 100 | 190 225 | 229 360 |
Hyse | 65 500 | 84 050 | 68 792 | 85 612 |
Kvotetala inneheld ikkje murmansktorsk og kvote disponibel for forskings- og forvaltningsformål. For åra 2008 og 2009 vart det avsett ein kvote på 21 000 tonn murmansktorsk. Fangsttala er førebelse og rapportert frå russiske styresmakter til norsk styresmakter og inkluderar fangst av murmansktorsk.
Tabell 5.17 Oversikt over Russland sine kvotar og fangstar i norske havområde
Område/art | Kvotar (tonn) | Fangstar1 (tonn) | ||
---|---|---|---|---|
2008 | 2009 | 2008 | 2009 | |
NØS N 62°N: | ||||
Torsk | 140 000 | 140 000 | 52 823 | 57 608 |
Hyse | 20 000 | 20 000 | 14 000 | 20 124 |
Sei | 15 000 | 15 000 | 11 125 | 10 923 |
Blåkveite | - | 529 | 1099 | |
Steinbit | 2000 | 3000 | 2146 | 1926 |
Uer | 1000 | 1000 | 1219 | 1327 |
Snabeluer | 1000 | 1000 | 1098 | 950 |
Kolmule | 21 755 | 10 268 | 1364 | 2800 |
Norsk vårgytende sild | 194 607 | 210 633 | 136 077 | 112 929 |
Lodde | - | 152 000 | - | 276 |
Andre artar | 3000 | 3000 | 771 | 233 |
Fiskerisona ved Jan Mayen: | ||||
Sild | - | - | 10 332 | 3994 |
Kolmule | - | - | 786 | 387 |
1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 9. mars 2010.
Kommentarar til oversikta
Russland sine kvotar og fangstar i norske havområde går fram av tabell 5.17. Av torskekvoten i NØS i 2008 vart 38 % fiska. Tilsvarande tal for 2009 var 41 %. Russland hadde ei utnytting av si kvote av hyse i NØS på 70 % i 2008. I 2009 fiska Russland opp heile hysekvoten si.
Snabeluer- og uerkvotane kunne berre nyttast til bifangst i 2008 og 2009, medan steinbitkvoten skulle dekkje både direktefiske og bifangst. I 2008 kunne russiske fartøy fiske 5000 tonn sei innanfor kvoten på 15 000 tonn i eit direktefiske. I 2009 kunne dei fiske inntil 7000 tonn av kvoten på 15 000 tonn sei i eit direktefiske, dette fisket vart stoppa 28. august 2009. Kolmulekvoten kunne også fiskast i fiskerisona ved Jan Mayen. Russland si sildekvote i NØS nord om 62°N kunne også fiskast i fiskerisona ved Jan Mayen.
Kvoten av andre artar for 2008 og 2009 er ikkje spesifisert.
EU – Noreg
Fellesbestandane
I Nordsjøen har Noreg og EU felles forvaltning av torsk, hyse, sei, kviting, raudspette, sild og makrell. Delar av EU sine kvotar på konsumartane kan fiskast i NØS, sjå tabell 5.19. EU sine kvotar og fangstar av desse bestandane etter overføring frå Noreg til EU, men før kvotetildeling frå EU til tredjeland i 2008 og 2009, går fram av tabell 5.18.
Tabell 5.18 EU sine kvotar og fangstar på fellesbestandane i Nordsjøen etter overføring frå Noreg til EU, og før overføring til tredjeland
Art | Kvotar (tonn) | Fangstar1 (tonn) | ||
---|---|---|---|---|
2008 | 2009 | 2008 | 2009 | |
Torsk | 18 386 | 23 902 | 15 063 | 17 681 |
Hyse | 38 362 | 33 425 | 20 500 | 24 479 |
Sei | 65 232 | 60 448 | 43 149 | 36 927 |
Kviting | 16 065 | 13 656 | 9880 | 10 049 |
Raudspette | 47 875 | 52 615 | 34 254 | 38 016 |
Makrell | 17 432 | 22 518 | 17 625 | 16 188 |
Nordsjøsild | 142 871 | 121 410 | 107 480 | 94 735 |
1 Fangsttala for heile 2008 og 2009 per 31. oktober 2009 vart utdelt under forhandlingane mellom Noreg og EU hausten 2009. Fangsttala for makrell i 2009 er per 15. oktober 2009
Kvoten for sild og makrell omfattar Nordsjøen og Skagerrak. Med omsyn til makrell er EU og Noreg samde om ei fleksibel ordning som gjer det mogleg for EU å fiske 105 000 tonn av makrellkvoten i EU-sona i Nordsjøen i staden for vest av 4°V.
Tabell 5.19 Oversikt over EU sine kvotar og fangstar i norske jurisdiksjonsområde
Område/art | Kvotar (tonn) | Fangstar1 (tonn) | ||
---|---|---|---|---|
2008 | 2009 | 2008 | 2009 | |
NØS, N 62°N: | ||||
Torsk | 17 057 | 20 074 | 16 987 | 19 753 |
Hyse | 2500 | 2500 | 2312 | 2155 |
Sei | 3852 | 3000 | 3287 | 2872 |
Blåkveite | 50 | 50 | 16 | 30 |
Uer | 750 | 750 | 172 | 96 |
Snabeluer | 750 | 750 | 187 | 226 |
Kolmule | 228 089 | 114 781 | 115 | 50 |
Makrell | 9300 | 12 300 | - | - |
Sild | 88 939 | 96 263 | 79 927 | 89 956 |
Andre artar | 350 | 350 | 228 | 149 |
NØS, Nordsjøen2 : | ||||
Torsk3 | 16 362 | 21 157 | 5049 | 6658 |
Hyse3 | 29 242 | 25 570 | 9260 | 7087 |
Sei3 | 66 112 | 61 328 | 22 817 | 26 117 |
Kviting3 | 11 074 | 9442 | 742 | 678 |
Raudspette3 | 19 653 | 21 590 | 2135 | 2224 |
Makrell3 | 17 674 | 22 760 | 13 116 | 6457 |
Nordsjøsild3 | 50 846 | 50 846 | 1740 | 2055 |
Augepål | 5 000 | 1000 | 2 | 45 |
Kolmule | 236 889 | 115 581 | 70 | 14 |
Tobis | 20 000 | - | 4675 | 603 |
Reker | 664 | 664 | 206 | 373 |
Andre artar | 8880 | 8780 | 7708 | 7666 |
Fiskerisona ved Jan Mayen: | ||||
Sild | - | - | - | - |
Kolmule | - | - | - | - |
1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 9. mars 2010.
2 EU sine kvotar i NØS i Nordsjøen er både i 2008 og 2009 sett saman av tre kvoteavtalar: avtalen mellom EU og Noreg, avtalen mellom Sverige og Noreg og «kolmuleavtalen». Avtalen mellom Sverige og Noreg er presentert under 5.2.7.
3 For desse fellesbestandane avtalar EU og Noreg storleiken på TAC for kvar bestand, fordeling av TAC på dei to partane, eventuelle kvotebyte og kor mykje partane kan fiske i dei respektive sonene.
Kommentarar til oversikta
EU si kvotar og fangstar i norske jurisdiksjonsområde går fram av tabell 5.19. Frå og med 1998 har EU ein kvote av torsk nord om 62°N som tilsvarer 4,14 % av TAC for nordaustarktisk torsk. I åra 2008 og 2009 har EU nytta torske-, sei- og hysekvotane nord om 62°N godt.
EU si sildekvote nord om 62°N kunne fiskast i område under norsk jurisdiksjon nord for 62°N.
EU si makrellkvote nord om 62°N kunne også fiskast sør om 62°N i ICES-område IVa i 2008 og 2009. Dette forklarer avvika mellom kvote og fangsttal for Nordsjøen. EU si kvote av uer, blåkveite og samlekvoten for andre artar nord om 62°N er bifangstkvotar.
EU si kolmulekvote bestod av kvantum gjennom EU-avtalen og kolmuleavtalen. I 2008 kunne EU fiske 228 089 tonn gjennom kolmuleavtalen i hele NØS og i fiskerisona ved Jan Mayen. I tillegg kunne EU fiske 8800 tonn sør for 62°N. I 2009 kunne EU fiske 4000 tonn gjennom EU-avtalen og 110 781 tonn gjennom kolmuleavtalen. Kvotene kunne fiskast i heile NØS og i fiskerisona ved Jan Mayen. I tillegg kunne EU (Sverige) fiske 800 tonn industrifisk sør for 62°N.
EU sine fangstar i NØS sør om 62°N som del av deira samla fangstar i høve til kvote, utgjer i 2008 og 2009 desse prosentane: for torsk 31 % og 32 %, for hyse 32 % og 28 %, for sei 35 % og 43 %, for kviting 7 % og 7 % og for raudspette 11 % og 10 %.
EU utnytta 87 % av kvoten på andre artar i Nordsjøen i 2008 og i 2009.
Færøyane – Noreg
Kommentarar til oversikta
Tabell 5.20 Oversikt over Færøyane sine kvotar og fangstar i norske havområde
Område/art | Kvotar1 (tonn) | Fangstar2 (tonn) | ||
---|---|---|---|---|
2008 | 2009 | 2008 | 2009 | |
NØS, N 62°N: | ||||
Torsk | 4634 | 4251 | 4686 | 3964 |
Hyse | 1340 | 1460 | 1340 | 1455 |
Sei | 1550 | 3550 | 1542 | 1501 |
Blåkveite | - | 9 | 2 | |
Sild | 34 392 | 67 224 | 34 422 | 60 495 |
Kolmule | - | 12 107 | 44 | 398 |
Makrell | 14 814 | 24 973 | - | - |
Andre artar3 | 450 | 450 | 143 | 186 |
NØS, Nordsjøen: | ||||
Sei | 487 | 50 | 115 | 911 |
Nordsjøsild | 442 | 442 | 637 | 710 |
Kolmule | 23 010 | 12 107 | 25 | 10 |
Brisling | 500 | 500 | - | 0 |
Makrell | 14 814 | 24 973 | 5771 | 1360 |
Hestmakrell | 1000 | 200 | 75 | 0 |
Håbrann/pigghå | - | - | - | - |
Andre artar | 100 | 100 | 68 | 152 |
Fiskerisona ved Jan Mayen: | ||||
Makrell | 13 680 | 23 468 | - | |
Kolmule | - | 12 107 | 90 | - |
Sild | 46 252 | 50 061 | 7370 | 1792 |
1 Kvotar etter overføringar frå RØS til NØS.
2 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 9. mars 2010.
3 Inkludert kvote på snabeluer på 150 tonn.
Færøyane sine kvotar og fangstar i norske havområde går fram av tabell 5.20. Færøyane sine kvotar på torsk, hyse, sei og uer nord om 62°N er samansett av kvotane frå Noreg og tildelingar frå Russland. Etter avtale med Noreg kan delar av Færøyane sine kvotar i russisk økonomisk sone (RØS) fiskast i NØS. I 2008 utgjorde kvotane frå Noreg 1854 tonn torsk, 1340 tonn hyse, 1550 tonn sei og 100 tonn andre artar, medan kvotane frå Noreg i 2009 var på 1951 tonn torsk, 1460 tonn hyse, 1550 tonn sei og 100 tonn andre artar. Færøyane fekk hausten 2009 auka seikvota si frå 1550 til 3550 tonn, tilleggskvota kunne også fiskast sør om 62°N. Differansen mellom kvotane i oversikta i tabell 5.19 og kvotane frå Noreg syner altså det kvantum Færøyane fekk fiske i NØS av kvotane dei hadde i russisk økonomisk sone. I 2008 fiska Færøyane kvotane av torsk, hyse og sei i NØS nord om 62°N. I 2009 utnytta dei kvotane på torsk og hyse godt. Færøyane utnytta ikkje tilleggskvoten på 2000 tonn sei nord om 62°N i 2009.
Færøyane kunne fiske totalt 46 252 tonn norsk vårgytande sild i norsk havområde i 2008, av desse kunne 34 392 tonn fiskast nord for 62°N. I 2009 kunne Færøyane kunne fiske totalt 50.061 tonn i norsk havområde i 2009, av desse kunne maksimalt 37 224 tonn fiskast nord for 62°N. I tillegg fekk Færøyane gjennom kolmuleavtalen og kyststatsavtalen for norsk vårgytende sild 11. februar 2009 lov til å fiske ytterligare 30 000 tonn sild i NØS.
I 2008 og 2009 kunne 23 010 tonn og 12 107 tonn av kolmulekvoten fiskast nord for 62°N og i fiskerisona ved Jan Mayen.
Makrellkvota til Færøyane kunne også fiskast i NØS i den nordlege delen av Nordsjøen (ICESs område IVa). I 2008 og 2009 kunne 13 680 tonn og 23 468 tonn av makrellkvota også fiskast i fiskerisona ved Jan Mayen. I praksis har fisket dei siste åra vore i Nordsjøen.
Færøyane si seikvote sør om 62°N inkluderer bifangst av sei i andre fiskeri. Det same gjeld for sildekvoten. I 2008 utnytta Færøyane 24 % av kvoten. I 2009 fekk Færøyane auka seikvoten nord om 62°N, frå 1550 tonn til 3550 tonn, tilleggskvoten kunne også fiskast sør om 62°N. Færøyane fiska 911 tonn sei sør for 62°N i 2009.
Kvoten på hestmakrell kan også fiskast nord om 62°N.
Grønland – Noreg
Kommentarar til oversikta
Tabell 5.21 Oversikt over Grønland sine kvotar og fangstar i norske havområde
Område/art | Kvotar (tonn) | Fangstar1 (tonn) | ||
---|---|---|---|---|
2008 | 2009 | 2008 | 2009 | |
NØS, N 62°N: | ||||
Torsk | 4025 | 5075 | 3230 | 4977 |
Hyse | 1060 | 1410 | 1010 | 1407 |
Sei | 800 | 730 | 511 | 697 |
Sild | - | 4000 | - | 2920 |
Andre artar | 150 | 150 | 92 | 84 |
NØS, Nordsjøen: | ||||
Torsk | - | 17 | 10 | |
Sei | 925 | 925 | 864 | 933 |
Andre artar | 110 | 110 | 14 | 23 |
1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 9. mars 2010.
Grønland sine kvotar og fangstar i norske havområde går fram av tabell 5.21. Grønland har nytta torske- og hysekvotane godt i 2008 og 2009. Grønland fiska 64 % og 95 % av seikvoten i 2008 og 2009.
Grønland overførte torske- og hysekvotar tildelte frå Russland til NØS tilsvarande 3100 tonn og 4500 tonn i 2009.
I 2008 og 2009 fiska eitt fartøy botnfisk i NØS i Nordsjøen.
Island – Noreg
Island fekk ein torskekvote i NØS nord om 62N på 3820 tonn i 2008 og 4720 tonn i 2009 som eit resultat av Smottholsavtalen. Sjå tabell 5.22.
Tabell 5.22 Oversikt over Island sine kvotar og fangstar i 2008 og 2009 i NØS nord for 62°N
Art | Kvoter (tonn) 2008 2009 | Fangst1 (tonn) 2008 2009 | ||
---|---|---|---|---|
Torsk | 3820 | 4720 | 3827 | 4493 |
Hyse2 | - | 412 | 302 | |
Sei2 | - | 131 | 67 | |
Sild | 40 986 | 44 361 | 41 699 | 38 715 |
Anna2 | 1146 | 1416 | 60 | 98 |
Fiskerisona ved Jan Mayen: | ||||
Sild | 220 262 | 238 399 | 29 970 | 4672 |
Kolmule | - | - | - | |
Annet | - | 405 | - |
1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 9. mars 2010.
2 Bifangst inntil 30 %.
Kommentarar til oversikta
Island kunne fiske til saman 220 262 tonn og 238 399 tonn sild i 2008 og 2009 i fiskerisona ved Jan Mayen. Av desse kunne 40 986 tonn og 44 361 tonn fiskast i NØS nord av 62°N.
EU (Sverige – Danmark) – Noreg, om fisket i Skagerrak/Kattegat
Torsk, raudspette og reker kan berre fiskast i Skagerrak. For dei andre artane gjeld kvotane både Skagerrak og Kattegat.
Tabell 5.23 Oversikt over EU sine kvotar og fangstar i Skagerrak/Kattegat
Område/art | Kvotar (tonn) | Fangstar1 (tonn) | ||
---|---|---|---|---|
2008 | 2009 | 2008 | 2009 | |
Torsk | 3063 | 3981 | 2451 | 2850 |
Hyse | 2736 | 2481 | 1244 | 1317 |
Kviting | 1031 | 1031 | 91 | 93 |
Raudspette | 9163 | 9163 | 6922 | 5677 |
Nordsjøsild | 44 781 | 32 690 | 39 082 | 26 768 |
Brisling | 48 100 | 48 100 | 6097 | 6955 |
Reker | 6205 | 6205 | 3558 | 3250 |
1 Fangsttala for heile 2008 og 2009 per 31. oktober 2009 vart utdelt under forhandlingane mellom Noreg og EU hausten 2009.
Kommentarar til oversikta
EU sine kvotar og fangstar i Skagerrak/Kattegat går fram av tabell 5.23. Det er i hovudsak Danmark og Sverige som fiskar på desse kvotane, men for enkelte artar har også andre EU-land mindre kvotar.
Tabell 5.23 syner at EU nyttar kvotane på torsk og nordsjøsild best. På autonomt grunnlag kvoteregulerer EU også andre bestandar enn dei det er fastsett kvotar på gjennom avtalen om regulering av fiskebestandane i Skagerrak/Kattegat. Desse bestandane er tunge, skolest, lysing og sjøkreps.
Sverige – Noreg
Kommentarar til oversikta
Tabell 5.24 Oversikt over Sverige sine kvotar og fangstar i norske havområde
Område/art | Kvotar (tonn) | Fangstar1 (tonn) | ||
---|---|---|---|---|
2008 | 2009 | 2008 | 2009 | |
NØS, Nordsjøen: | ||||
Torsk | 382 | 382 | 382 | 345 |
Hyse | 707 | 707 | 76 | 140 |
Sei | 880 | 880 | 880 | 675 |
Kviting | 190 | 190 | 44 | 32 |
Industrifisk | 800 | 800 | 756 | 621 |
Makrell | 242 | 242 | 242 | 242 |
Nordsjøsild | 846 | 846 | 782 | 846 |
Reker | 164 | 164 | 122 | 164 |
Andre artar | - | - | 266 | 104 |
1 Fangsttala er basert på innrapporterte tal frå Det Svenske Fiskeriverket.
Sverige sine kvotar og fangstar i norske havområde går fram av tabell 5.24. Industrifiskkvoten til Sverige omfatta kolmule, augepål, tobis, brisling og hestmakrell, av dette kunne det fiskast maksimalt 400 tonn hestmakrell. I tabellen er fangstane av augepål, kolmule, tobis og hestmakrell samla under industrifisk. I 2008 fiska svenske fartøy 756 tonn industrifisk, medan dei i 2009 fiska 621 tonn.
I samband med at Sverige vart medlem i EU frå 1. januar 1995, fekk svenske fartøy høve til å fiske i NØS i Nordsjøen på EU sine kvotar av torsk, hyse, sei, kviting, makrell og sild i medhald av avtalen mellom EU og Sverige.
I hovudsak er det svenske fisket retta mot kvotane deira av torsk, sei, makrell, sild og reker.
Rekefisket ved Svalbard
I 1996 vart rekefisket ved Svalbard regulert ved å setje grenser for innsatsen i fisket. Etter forskriftene kan berre nasjonar som har drive eit tradisjonelt fiske etter reker ved Svalbard delta i dette fisket med eit avgrensa tal på fartøy (Canada, Færøyane, Grønland, Island, EU, Noreg og Russland). For å motverke at rekefisket ekspanderer, vart rekefisket frå 1997 for dei aktuelle landa også regulert med fiskedøgn. Av same årsak vart maksimalt tal tilletne fiskedøgn redusert med 30 % frå 1. januar 2006.
Tabell 5.25 Oversikt over fangst av reker ved Svalbard
Fangstar1 (tonn) | Maksimalt tilletne fiskedøgn | |||
---|---|---|---|---|
Land | 2008 | 2009 | 2008 | 2009 |
EU | 315 | 662 | 1080 | 1080 |
Færøyane | 278 | 388 | 922 | 922 |
Grønland | - | - | 450 | 450 |
Noreg | 3951 | 8034 | 5795 | 5795 |
Island | - | - | 70 | 70 |
Russland | - | - | 3256 | 3256 |
Canada | - | - | 108 | 108 |
1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 9. mars 2010.