Meld. St. 26 (2013–2014)

Fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2014 og fisket etter avtalane i 2012 og 2013

Til innhaldsliste

Forklaringar på forkortingar

ACOM

Advisory Committee on Fisheries Management/ICES sin rådgjevande komité for fiskeriforvaltning.

CCAMLR

Commision for the Conservation of Antarctic Marine Living Resources/ Kommisjonen for bevaring av levande marine ressursar i Antarktis. Konvensjonen vart vedteken i 1980 og gjort gjeldande frå 1982. CCAMLR vart oppretta i 1981 med Noreg som ein av grunnleggjarane.

COFI

The Committee on Fisheries/Fiskerikomiteen. FAO sin fiskerikomité etablert i 1965. Mellomstatleg forum der fiskeri og havbruk vert diskuterte.

FAO

Food and Agricultural Organization/FN sin matvareorganisasjon. FAO vart etablert i 1945 og Noreg vart medlem same år. Organisasjonen arbeider blant anna med å utvikle internasjonale retningslinjer innan alle delar av fiskerinæringa.

ICCAT

International Convention for the Conservation of Atlantic Tunas/ Den internasjonale konvensjonen for bevaring av atlantisk tunfisk. ICCAT vart oppretta i 1966 og gjort gjeldande frå 1969. Noreg har vore medlem sidan 2004.

ICES

International Council for the Exploration of the Sea/Det internasjonale råd for havforsking. ICES er ein uavhengig, vitskapleg organisasjon som gjev råd om forvaltninga av det marine miljøet og dei marine ressursane. Oppretta i Danmark i 1902. Noreg vart medlem same år.

IUCN

International Union for the Conservation of Nature/Verdas naturvernunion. Organisasjonen vart grunnlagd i 1948 og har til formål å bevare naturen og fremme ei berekraftig utnytting og bevaring av naturressursane. Noreg har vore medlem sidan 1970.

IMO

Den internasjonale sjøfartsorganisasjon vart oppretta i 1948. IMO er FN sitt spesialiserte kontor som er ansvarleg for å betre maritim sikkerheit og hindre forureining frå skip.

IWC

International Whaling Commission/Den internasjonale kvalfangstkommisjonen. IWC skal ta vare på oppgåvene til Konvensjonen for regulering av kvalfangst, ICRW. Oppretta i Washington DC i 1946. Noreg vart medlem i 1948.

MSY

Maximum Sustainable Yield/Maksimalt berekraftig utbytte.

NAMMCO

North Atlantic Marine Mammal Commission/Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen. Avtalen om samarbeid om forsking, bevaring og forvaltning av sjøpattedyr i Nord-Atlanteren vart inngått av Færøyane, Grønland, Island og Noreg i 1992.

NAFO

Northwest Atlantic Fisheries Organization/Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjonen. Oppretta i 1979, signert av Noreg same år.

NEAFC

North East Atlantic Fisheries Commission/Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen. NEAFC er ein regional fiskeriforvaltningsorganisasjon som arbeider for ei langsiktig og optimal utnytting av fiskeressursane i konvensjonsområdet. NEAFC vart oppretta i si noverande form i 1982.

OSPAR

The Convention for the Protection of the Marine Environment of the North-East Atlantic/Konvensjonen om vern av havmiljøet i det nordaustlege atlanterhavsområdet. Konvensjonen vart opna for signatur den 22. september 1992. OSPAR-konvensjonen vart gjeldande frå 25. mars 1998. Noreg underskreiv avtalen i 1992.

RFMO

Regional Fisheries Management Organisation / Ein regional fiskeriforvaltningsorganisasjon.

SEAFO

South East Atlantic Fisheries Organization/Den søraustatlantiske fiskeriorganisasjon. Etablert 20. april 2001, Noreg vart medlem i 2004. SEAFO er ein regional fiskeriorganisasjon som arbeider for langsiktig utnytting av ressursane.

SSB

Spawning Stock Biomass/Biomasse av gytebestanden.

TAC

Total Allowable Catch/totalkvote.

UUU

Ulovleg, urapportert og uregulert fiske.

WTO

World Trade Organisation/Verdas handelsorganisasjon. Arbeider for eit ope og ikkje-diskriminerande handelssystem samtidig som ein tek omsyn til miljøet. Noreg har vore medlem sidan opprettinga i 1995.

Til forsida