Prop. 1 S (2014–2015)

FOR BUDSJETTÅRET 2015 — Utgiftskapittel: 1100–1161 Inntektskapittel: 4100–4162, 5576, 5651 og 5652

Til innhaldsliste

Del 2
Budsjettframlegg

2 Nærare omtale av løyvingsforslaga

Programområde 15 Landbruk og mat

Programkategori 15.00 Administrasjon m.m.

Utgifter under programkategori 15.00 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

1100

Landbruks- og matdepartementet

155 748

147 744

149 219

1,0

Sum kategori 15.00

155 748

147 744

149 219

1,0

Inntekter under programkategori 15.00 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

4100

Landbruks- og matdepartementet

3 148

110

113

2,7

Sum kategori 15.00

3 148

110

113

2,7

Mål og strategiar

Departementet sitt ansvarsområde dekkjer heile verdikjeda frå primærprodusent til forbrukar, medrekna juridiske og økonomiske verkemiddel for mat, jordbruk, skogbruk, reindrift, klima, miljøtiltak i sektoren og nye landbruksbaserte næringar. Landbruks- og matdepartementet har som tverrgåande mål at forvaltninga skal vere effektiv. Dette vil i praksis seie at forvaltninga skal tilby enkle og brukarvennlege løysingar, og vere kjenneteikna av å ha god kvalitet.

Sjå også omtale under del III.

Prioriteringar

Dei viktigaste prioriteringane for departementet i 2015 på det administrative området blir å halde fram arbeidet med å forsterke systema for samfunnstryggleik og beredskap og å føre vidare arbeidet med utvikling av mål- og resultatstyringa i sektoren. Arbeidet med forenkling av byråkratiske prosessar og oppgåver, som har som mål å gi effektive ringverknader og reduserte totalkostnader for samfunnet, skal framleis ha høg prioritet.

Sjå også omtale av prioriteringane på dei ulike fagområda under dei respektive budsjettkapitla i proposisjonen.

Kap. 1100 Landbruks- og matdepartementet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Driftsutgifter

148 453

143 477

145 406

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

821

1 069

943

45

Større utstyrskjøp og vedlikehald – ordinære forvaltningsorgan, kan overførast, kan nyttast under post 50

6 210

2 926

2 590

50

Større utstyrskjøp og vedlikehald – forvaltningsorgan med særskilde fullmakter

264

272

280

Sum kap. 1100

155 748

147 744

149 219

Post 01 Driftsutgifter

Formål med løyvinga

Landbruks- og matdepartementet har ansvaret for eit breitt forvaltningsområde. Posten dekkjer dei ordinære driftsutgiftene til departementet. Dei tilsette utgjer den viktigaste ressursen for departementet, og det blir lagt stor vekt på at dei har god samfunnsforståing, samarbeidsevne, effektivitet i oppgåveløysinga og høg fagleg kompetanse.

Rapportering 2013

Det blei nytta om lag 148,5 mill. kroner til drift av Landbruks- og matdepartementet i 2013. Om lag 70 pst. av løyvinga blei nytta til lønsmidlar, mens resten blei nytta til husleige, inventar, drift og utvikling av IKT, reiseutgifter, kurs og konferanseverksemd og tiltak for kompetanseutvikling. Departementet hadde per 1.1.2014 om lag 148 årsverk. Dette er om lag 11 færre årsverk enn i 2010.

Budsjettframlegg 2015

Frå 2015 er det foreslått å innføre nøytral meirverdiavgift for ordinære statlege organ, jf. avsnitt 1.3 i innleiinga. For driftsutgiftene under Landbruks- og matdepartementet betyr dette ein reduksjon av løyvinga på 2,228 mill. kroner mot ein tilsvarande auke under kap. 1633, post 01, jf. Prop. 1 S (2014–2015) frå Finansdepartementet. Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på 145,406 mill. kroner.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Formål med løyvinga

Midlane på posten skal nyttast til godtgjering til utgreiingsutval og andre særskilde prosjektrelaterte kostnader i Landbruks- og matdepartementet.

Rapportering 2013

Det blei nytta om lag 500 000 kroner til kjøp av tenester knytt til eigarstyringa av Statskog SF, og om lag 330 000 til departementet sitt prosjektarbeid knytt til oppfølging av matkjedeutvalet sitt arbeid.

Budsjettframlegg 2015

Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på 943 000 kroner.

Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald – ordinære forvaltningsorgan

Formål med løyvinga

Løyvinga kan nyttast til finansiering av store nyinnkjøp og ekstraordinære utgifter i departementet, ved eigedommane til departementet og til delvis dekking av tilsvarande utgifter ved dei ordinære forvaltningsorgana under departementet. Løyvinga kan også nyttast til utgifter i samband med sal og taksering av eigedommar.

Det er utarbeidd landsverneplanar for dei verneverdige eigedommane som sorterer under departementet. Forvaltninga av verneplanar og oppfølging av desse er difor også ein viktig del av departementet sitt generelle vedlikehaldsansvar, og utgifter til mellom anna dette blir dekte over posten.

Rapportering 2013

I 2013 var utgiftene over posten på om lag 6,2 mill. kroner. Om lag 2,0 mill. kroner blei nytta til vedlikehaldsarbeid ved Staur gard i Stange, om lag 1,8 mill. kroner til å følgje opp verneplanar for departementet si bygningsmasse, om lag 1,0 mill. kroner til dekking av nødvendig brukarutstyr i samband med den framtidige flyttinga av Veterinærinstituttet til Ås og om lag 0,6 mill. kroner til sikringstiltak ved Veterinærinstituttet sine noverande lokale. I tillegg er det nytta midlar til vedlikehald ved departementets eigedom i Sikkilsdalen, og til førebuing av sal av resten av eigedomen til departementet på Kjeller.

Budsjettframlegg 2015

Departementet vil gjennomføre nødvendige oppgraderingar og reparasjonar ved ulike eigedommar som departementet har ansvar for. Departementet gjer framlegg om ei løyving over posten på 2,590 mill. kroner.

Det kan også i 2015 bli aktuelt å selje festetomter, tomter, bygningar, areal til utbygging, veggrunn m.m. andre. Departementet gjer difor framlegg til Stortinget om fullmakt til å selje opphavleg og innkjøpt statseigedom for inntil 16 mill. kroner, jf. forslag til vedtak V, første ledd. Departementet gjer også framlegg om at unytta meirinntekter frå sal av eigedom kan reknast med ved utrekning av beløp som kan overførast på posten. Eventuelle inntekter frå sal av eigedommar kan også nyttast til å dekkje større utgifter som følgje av omorganiseringar i ytre etatar og institutt.

Departementet gjer også framlegg til Stortinget om ei særleg fullmakt knytt til inntekter frå salet av eigedom på Kjeller, jf. forslag til vedtak V, andre ledd.

Posten blir sett i samanheng med, og kan nyttast under post 50.

Post 50 Større utstyrskjøp og vedlikehald – forvaltningsorgan med særskilde fullmakter

Formål med løyvinga

Løyvinga kan nyttast til finansiering av store nyinnkjøp og ekstraordinært vedlikehald ved dei nettobudsjetterte institutta under departementet.

Rapportering 2013

Midlane blei nytta til oppfølging av vedtekne verneplanar under den statlege bygningsmassen som blir nytta av Bioforsk.

Budsjettframlegg 2015

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 280 000 kroner over posten i 2015, og vil nytte midlane ut frå dokumenterte behov i instituttsektoren.

Kap. 4100 Landbruks- og matdepartementet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Refusjonar m.m.

46

110

113

16

Refusjon av foreldrepengar

1 299

18

Refusjon av sjukepengar

1 788

40

Sal av eigedom

15

Sum kap. 4100

3 148

110

113

Programkategori 15.10 Matpolitikk

Utgifter under programkategori 15.10 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

1112

Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet

141 650

167 694

172 362

2,8

1115

Mattilsynet

1 310 672

1 221 873

1 208 983

-1,1

Sum kategori 15.10

1 452 322

1 389 567

1 381 345

-0,6

Inntekter under programkategori 15.10 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

4112

Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet

18 893

19 180

19 464

1,5

4115

Mattilsynet

148 090

145 362

167 540

15,3

Sum kategori 15.10

166 983

164 542

187 004

13,7

Mål og strategiar

Budsjettframlegget omfattar Mattilsynet og grunnløyvinga til oppgåver innanfor kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap ved Bioforsk og Veterinærinstituttet. Sjå også Prop. 1 S (2014–2015) frå Nærings- og fiskeridepartementet for nærare omtale av Veterinærinstituttet. Budsjettframlegget er viktig for arbeidet med å nå matpolitiske mål, og skal særleg bidra til å nå måla i matlova, dyrevelferdslova og dyrehelsepersonellova. Ein del av desse måla har ikkje direkte samanheng med matproduksjon. Framlegget omfattar i tillegg Mattilsynet sitt arbeid for å nå måla i kosmetikklova, husdyravlslova og planteforedlarlova.

Det faglege ansvaret på matområdet er delt mellom Helse- og omsorgsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Landbruks- og matdepartementet. Det er eit omfattande og nært samarbeid mellom desse departementa.

Matpolitikken til regjeringa dekkjer heile matproduksjonskjeda frå jord og fjord til bord. Målstrukturen på dette politikkområdet avvik difor noko frå måla for landbruks- og matpolitikken, slik dei er omtalte i andre kapittel i denne budsjettproposisjonen.

Hovudmåla på det matpolitiske området er:

  • å sikre trygg mat og trygt drikkevatn

  • å fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn

  • å fremje god plantehelse og god helse og velferd hos landdyr og fisk

Andre viktige omsyn er:

  • tilrettelegging for marknadstilgang for norske produkt

  • sunt kosthald og gode matopplevingar

  • nyskaping, mangfald, matkultur og verdiskaping

  • langsiktig matforsyning og berekraftig og miljøvennleg produksjon

I forvaltninga av matlova skal omsynet til trygg mat og trygt drikkevatn vege tyngst.

Regjeringa vil at forbrukarane skal ha høg tillit til all mat på marknaden og til norsk matproduksjon. Trygg mat er ein sentral føresetnad for slik tillit. Regjeringa legg vekt på ønskje og behov hos forbrukarane. Ein mangfaldig matmarknad og informasjon som er relevant, lett tilgjengeleg og rett, er viktige føresetnader for at forbrukarane skal kunne gjere informerte val og utøve makt i matmarknaden. Gode merkeordningar for mat skal bidra til dette.

Regjeringa legg vekt på at rammevilkåra for næringsaktørane, mellom anna regelverk og tilsyn, blir fastsette og utøvde på ein slik måte at ein ikkje skapar konkurransevridingar, samstundes som verksemdene må kunne nytte den fleksibiliteten som ligg i regelverket.

Omfattande handel med innsatsvarer, planter, dyr og mat over landegrensene krev eit sterkt internasjonalt samarbeid om regelverk og tilsyn. Krava på matområdet blir i stor grad utforma internasjonalt. Dette er nødvendig for å sikre trygg mat som møter krava til forbrukarane, og for å fremje god plante- og dyrehelse. Aktiv norsk deltaking i internasjonale forum er nødvendig for å påverke innhaldet i standardar og regelverk og for å utveksle og utvikle kunnskap.

Hovuddelen av regelverket på matområdet er harmonisert innanfor EØS. Regjeringa legg vekt på ein aktiv europapolitikk med tidleg involvering av interessentane, tydelege posisjonar og målretta innsats i dei fasane av regelverksutviklinga der EØS-avtalen gir Noreg best tilgang.

Noreg tek også aktivt del i internasjonalt samarbeid på matområdet, mellom anna i Codex Alimentarius Commission (FN sin organisasjon for ernæring og landbruk (FAO) og Verdas helseorganisasjon (WHO) sin organisasjon for matvarestandardar), Verdas dyrehelseorganisasjon (OIE) og den internasjonale plantevernkonvensjonen (IPPC). Organisasjonane utviklar standardar som blir lagt til grunn i avtaleverket om mattryggleik, helse og miljø under Verdas handelsorganisasjon (WTO-avtalen) (SPS-avtalen og TBT-avtalen), og som også legg premissar for regelverket i EU.

Den internasjonale handelen med innsatsvarer, planter, dyr og mat må skje i samsvar med internasjonale avtalar og vere basert på internasjonalt fastsette standardar. Dette er viktig for å sikre at dei produkta vi importerer, er trygge. For at norsk eksport ikkje skal bli hindra av urettvise krav frå importlanda, må Noreg vere leiande på overvaking, risikovurderingar og forsking, særleg når det gjeld sjømat og fiskehelse. Dette legg grunnlaget for at norske synspunkt blir høyrde i internasjonale forum som utformar regelverk og standardar.

Ei tverrsektoriell ekspertgruppe har utarbeidd ein rapport om utfordringar og aktuelle tiltak når det gjeld antimikrobiell resistens. Bruk og feilbruk av antibiotika til folk og dyr har ført til motstandsdyktige bakteriar som no utgjer ein alvorleg global helsetrussel. Det er viktig å få betre oversikt over førekomst og korleis resistente bakteriar spreier seg i miljøet og mellom dyr og menneske.

Sett i internasjonal samanheng er antibiotikabruken til husdyr i Noreg på eit svært lågt nivå. Dette skuldast god dyrehelse, at vi har dyktige og ansvarlege bønder og veterinærar, og at det er eit godt samarbeid mellom næringa og styresmaktene. Norske styresmakter vil ta del i internasjonalt samarbeid for å redusere utviklinga av antibiotikaresistens.

Noreg har, som første land i verda, sett i verk omfattande tiltak mot LA-MRSA (dyreassosierte meticillinresistente Staphylococcus aureus-bakteriar). Den høge førekomsten av antibiotikaresistente tarmbakteriar (ESBL-produserende og kinolinresistente E. coli) i norsk fjørfe og fjørfekjøtt krev auka merksemd. Det er sett i gang to større forskingsprosjekt for å auke kunnskapen om resistente bakteriar i fjørfehaldet og kva dei betyr for helse hos folk. Overvakinga på dette området vil også bli styrkt.

Folkehelsepolitikken legg mellom anna vekt på at god tilgang til sunn og trygg mat og trygt drikkevatn er viktig for god helse og eit helsefremjande miljø. Regjeringa har sett i gang arbeid med ei ny melding som skal gjere greie for status og skape grunnlag for ny politikk som kan møte folkehelseutfordringane, mellom anna korleis ein skal leggje betre til rette for samordning mellom nasjonal politikk og kommunale planprosessar. Regjeringa vil påverke kunnskap og vanar hos forbrukarane på ein positiv måte, samstundes som det blir teke omsyn til forbrukarane sitt eige ansvar og valfridom. Det er viktig å leggje til rette for tiltak som gjer det enklare for forbrukarane å velje sunne alternativ. Helse- og omsorgsministeren etablerte i 2014 ei næringslivsgruppe på matområdet. Målet er eit tettare samarbeid for å få bransjane til å ta auka ansvar for å utvikle og tilby sunnare matprodukt som er attraktive og enkle å velje.

Sjømatpolitikken byggjer mellom anna på Meld. St. 22 (2012–2013) Verdens fremste sjømatnasjon, som handlar om korleis Noreg kan utvikle posisjonen sin som verdas fremste sjømatnasjon. Den inkluderer tiltak på viktige område som til dømes kvalitet og sunn og trygg sjømat, marknadstilgang og miljømessig berekraftig havbruk, under dette fiskehelse. Regjeringa har sett i gang eit arbeid for å oppnå betre samordning av tilsynressursane til staten på fiskeri- og havbruksområdet.

Landbruks- og matpolitikken har fire hovudmål; matsikkerheit, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk. Trygge innsatsvarer og god plante- og dyrehelse og dyrevelferd blir stadig meir akseptert som ein føresetnad for berekraftig ressursforvaltning og matforsyning, både nasjonalt og internasjonalt. Aukande samhandel og klimaendringar aukar risikoen for at nye planteskadegjerarar, dyresjukdommar og zoonosar etablerer seg i Noreg. Forventa auke i smittepresset må møtast med god beredskap, effektiv overvaking og førebyggjande tiltak. Det er viktig å halde oppe den gode norske plante- og dyrehelsa.

Prioriteringar

Mattilsynet er den sentrale myndigheitsaktøren i gjennomføringa av matpolitikken. Oppgåvene omfattar regelverksutvikling, tilsyn, rettleiing, kartlegging og overvaking i heile matproduksjonskjeda, frå innsatsvarer og primærproduksjon til omsetnad til forbrukarane. Regjeringa ønskjer å forenkle organiseringa av Mattilsynet slik at ein større del av ressursane kan nyttast til utøvande tilsyn og mindre til administrasjon.

Ansvaret for å kjenne til regelverket og finne løysingar som gjer at dei etterlever regelverket, kviler på den enkelte verksemda. Mattilsynet har hovudansvaret for å føre tilsyn med at regelverket blir etterlevd. Samstundes er aktiv rettleiing om regelverket viktig. Når det er nødvendig for å nå måla, vil Mattilsynet handheve regelverket ved å nytte dei verkemidla lovverket stiller til rådvelde.

God kunnskap og vitskapleg dokumentasjon er avgjerande for å nå måla i matpolitikken. Som ledd i regelverksutviklinga på matområdet utfører Vitskapskomiteen for mattryggleik uavhengige faglege risikovurderingar for Mattilsynet. Arbeidet krev god samhandling med Mattilsynet og andre kunnskapsinstitusjonar og god kontakt med European Food Safety Authority (EFSA). Sjå også Prop. 1 S (2014–2015) for Helse- og omsorgsdepartementet kap. 703 og 713.

Kunnskaps- og beredskapsstøtte frå institusjonar som Bioforsk, Havforskingsinstituttet, Nasjonalt folkehelseinstitutt, Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking og Veterinærinstituttet er viktig for at forvaltninga er godt fagleg og vitskapleg fundert.

Målet om å sikre trygg mat og trygt drikkevatn

Noreg har ein gunstig situasjon samanlikna med andre land når det gjeld matboren sjukdom. Dette skuldast mellom anna at førekomsten av smittestoff i mat og hos husdyr er relativt låg. Dette er nærare omtalt i kap. 1115 og i del III. Sjølv om mattryggleiken i Noreg generelt er god, krev det vedvarande innsats for å halde den ved like og for å forbetre den på område der Mattilsynet finn regelbrott og manglar.

Innsatsvarene og matvarene skal vere trygge, uavhengig av om dei er framstilte i Noreg eller importerte. Regelverket og tilsynet skal leggjast opp slik at ein gjennom innsats i alle ledd i matproduksjonskjeda bidreg til at sluttprodukta er trygge. I arbeidet for å sikre trygg mat er det viktig å redusere risikoen for sjukdom eller helseskade som kan oppstå på grunn av smittestoff eller framandstoff i innsatsvarer, mat eller drikkevatn.

Det er nødvendig med kontinuerleg innsats frå verksemdene for å halde oppe og sikre god hygiene i heile matproduksjonskjeda. Verksemder som produserer og omset innsatsvarer og mat, varierer mykje i storleik og karakter. Mange aktørar har god kunnskap og gode rutinar og system for å sikre at dei etterlever regelverket slik at innsatsvarene, maten og drikkevatnet blir trygge. Samstundes viser resultata frå tilsyn at det er stort rom for forbetringar hos mange.

Effektive hygienetiltak og gode arbeidsrutinar i verksemder som framstiller lett forderveleg mat eller som handterer mat som ikkje er innpakka, er særleg viktig. Det er framleis grunn til å ha stor merksemd på dei hygieniske forholda i omsetnadsledda og i serveringsnæringa. Resultat frå pilotprosjektet med ei smilefjesordning i Trøndelag og Møre og Romsdal, har vist at etterlevinga av regelverket har blitt langt betre. Ordninga er godt motteke av forbrukarane og verksemdene. Regjeringa tek sikte på å gjere ordninga landsdekkjande, og Mattilsynet er frå 2014 i gang med dette arbeidet jf. Prop. 1 S (2014–2015) frå Helse- og omsorgsdepartementet.

Noreg har slutta seg til Verdas helseorganisasjon (WHO)/FNs økonomiske kommisjon for Europa (UNECE) sin protokoll om vatn og helse. Regjeringa har i 2014 fastsett nasjonale mål for vatn og helse, noko som er ein del av den norske gjennomføringa av protokollen. Måla omfattar miljø-, sanitær- og drikkevassområdet. Formålet er å bringe norsk forsyning av vatn og handsaming av avløp i samsvar med dei krava som ligg i regelverket.

Fleire tilfelle dei siste åra viser den nære samanhengen mellom sjukdom hos dyr og menneske. Tal frå WHO viser at om lag 75 pst. av nye eller kjente infeksjonar som har vore i vekst hos menneske dei siste 30 åra, skuldast smittestoff som kjem frå dyr. Å halde oppe den gode norske dyrehelsa, som er eit resultat av systematisk arbeid gjennom mange år, er viktig både for mattryggleiken og for god helsetilstand i landet.

Overvaking av inntaket av framandstoff og næringsstoff er viktig i folkehelsearbeidet og som grunnlag for faglege risikovurderingar. For å kunne overvake inntaket må ein ha kunnskap om kor mykje folk bruker av ulike matvarer og om innhaldet av framandstoff og næringsstoff i matvarene. Mattilsynet samarbeider mellom anna med Helsedirektoratet for å oppdatere eksisterande inntaksdata og for å utvide talet på matvarer som ein har inntaksdata for. Det er også viktig med kunnskap om innhaldet av framandstoff i innsatsvarer og råvarer, og om det er miljøforureining i vatn eller jordsmonn som kan påverke innhaldet i fisk, dyr og planter.

Regelverket krev at verksemdene skal kunne dokumentere sporing eitt ledd framover og eitt ledd bakover i matproduksjonskjeda. Kravet til å ha gode system for sporing er viktig dersom helseskadelege produkt kjem ut i marknaden, slik at verksemdene kan trekkje desse tilbake på ein effektiv måte og gi rask, rett og klar informasjon til Mattilsynet og forbrukarane. Samarbeidet mellom styresmaktene og næringane for å styrkje sporingsevna i den norske matproduksjonskjeda vil bli ført vidare.

Målet om å fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn

Ernæringsarbeidet er omtalt i Prop. 1 S (2014–2015) for Helse- og omsorgsdepartementet og ligg i hovudsak under Helsedirektoratet. Mattilsynet har også ei viktig rolle, særleg når det gjeld merking av næringsinnhald, ernærings- og helsepåstandar og frivillig sunnheitsmerking (Nøkkelholet). Mattilsynet og Helsedirektoratet vil samarbeide om å vidareutvikle kostberekningsprogrammet Kostplanleggeren.

Helse- og omsorgsdepartementet fastsette i januar 2014 ei forskrift som skal bidra til å fremje helse ved å avgrense innhaldet av industrielt framstilte transfeittsyrer i matvarer. Transfeitt aukar mellom anna risikoen for hjarte- og karsjukdommar.

Forbrukarane, matbransjen og styresmaktene ser merking av mat som eit viktig forbrukaromsyn. Merking er viktig for at forbrukarane skal få rett informasjon om matvarene, mellom anna om kva dei inneheld, korleis dei skal handterast, kor dei kjem frå og kor mykje næring dei gir. Merkinga skal gjere det enklare å setje saman eit sunnare kosthald og er også eit aktuelt tema for helse- og omsorgsministeren si næringslivsgruppe.

Det vil bli lagt vekt på å følgje opp den nye forordninga om matinformasjon, som vil avløyse mykje av det gjeldande regelverket om merking. Forordninga oppdaterer og vidareutviklar krava til merking av mat. Ulike delar av forordninga tek til å gjelde i tida frå 2014 til 2016. Det blir mellom anna krav om obligatorisk merking av næringsinnhald for dei fleste matvarene som blir selde til forbrukarane. Det blir også strengare krav til merking av kor matvarene kjem frå, mellom anna for frukt og grønt og for fleire kjøttslag enn storfe.

Den felles nordiske ordninga med frivillig sunnheitsmerking av mat (Nøkkelholet) har gitt forbrukarane eit auka tilbod av sunne matvarer. Mattilsynet har leia det nordiske arbeidet med å revidere nøkkelholsforskrifta. Målet er mellom anna å få inn fleire nye produktgrupper og strengare grenser for salt. Dei nordiske styresmaktene er samde om endringane som no er til høyring i EU.

Interessa veks for lokal mat og matprodukt med særpreg. Gjennom merkeordninga Beskytta nemningar får produsentane eit rettsleg vern mot kopiering av produktnamnet.

Matdepartementa legg vekt på å bidra i utviklinga av regelverk i EU, slik at ein får minst mogleg innblanding av genmodifiserte organismar (GMO) i tradisjonelt GMO-frie innsatsvarer. Mellom anna blir det arbeidd for ei nullgrense når det gjeld innblanding i såfrø.

Nærings- og fiskeridepartementet fastsette i juli 2013 ny forskrift om kvalitet på fisk og fiskevarer. I Prop. L 93 (2012–2013) om den nye fiskesalslagslova er det skissert tiltak for å betre kvaliteten på råstoffet som blir landa. Som oppfølging vil Mattilsynet hausten 2014 sende utkast til ei forskriftsendring om ei ordning som klargjer rolla til fiskesalslaga på høyring. Her foreslår Mattilsynet at ordninga blir sett i verk frå 1.1.2015.

Målet om å fremje god plantehelse og god helse og velferd hos landdyr og fisk

Noreg har generelt god plantehelse, men aukande import av planter og plantemateriale og klimaendringar kan auke risikoen for introduksjon av nye sjukdommar og planteskadegjerarar.

Landdyrhelsa i Noreg er framleis generelt god. Dei siste åra er det likevel påvist fleire nye sjukdommar, til dømes blåtunge hos storfe og svineinfluensa hos gris.

Det er viktig med god overvaking og høg beredskap mot mange plante- og dyresjukdommar, planteskadegjerarar og sjukdommar som smittar mellom dyr og menneske (zoonosar).

Det blir også lagt vekt på å overvake og gjere tiltak som held ved like ein gunstig situasjon når det gjeld førekomst av antibiotikaresistens i norsk husdyrhald. Overvaking, sanering og smitteførebyggjande tiltak mot LA-MRSA vil bli ført vidare.

Evna til å løyse sjukdomsutfordringane i havbruket har verknad for om det langsiktige vekstpotensialet kan takast ut. Kontroll med sjukdom er også viktig for å minske smittepresset i miljøet, og dermed redusere bruk og utslepp av medikament. Lakselus er for tida den største utfordringa. Lakselus er primært eit problem for villfisken. I sjømatmeldinga blei det presentert indikatorar og grenseverdiar for å måle påverknad på villfisk frå lakselus i oppdrettsanlegg.

Produksjonssvinnet i sjøfasen er for høgt. Det skuldast dels dårleg smoltkvalitet, dels forhold ved den enkelte lokaliteten og dels sjukdom. Det må arbeidast for å redusere verknaden av alle tre årsakene.

Arbeidet med å fremje god dyrevelferd er viktig. Det er nødvendig med merksemd både mot hald av produksjonsdyr og sports- og familiedyr. Det er viktig å utvikle gode indikatorar for velferd for produksjonsdyr. Utvikling av kunnskap om effektar på dyrevelferda av avlstiltak, ulike driftsformer og system er også viktig. Dyrevelferd i produksjonen av slaktekylling er eit område det blir arbeidd særskilt med. Oppfølging av nye reglar for tettleiken av dyr i kyllingoppdrett vil bidra til betre dyrevelferd. Det er nyleg gjennomført ei høyring med forslag om forskriftsendringar som ytterlegare vil styrkje dei økonomiske insentiva til å drive med god dyrevelferd i slaktekyllingproduksjonen.

Hovuddelen av auken i tap av dyr på beite dei siste 15-20 åra skuldast rovvilt. Rovviltforliket i Stortinget i 2011 legg grunnlag for meir effektiv måloppnåing for både rovviltbestandane og moglegheit til levedyktig næringsdrift basert på beitebruk. Regjeringa vil praktisere ein låg terskel for uttak av rovvilt i prioriterte beiteområde. Terskelen for å ta ut rovvilt som utgjer eit skadepotensial i forkant av beitesesongen er også senka noko samanlikna med tidlegare praksis.

Oppdrettsfisk skal haldast, transporterast og slaktast under etisk akseptable forhold. I denne samanhengen er relevante målemetodar for god fiskevelferd eit viktig element.

Andre omsyn

Tilrettelegging for marknadstilgang for norske produkt

Kontakt med aktuelle styresmakter i andre land er avgjerande for å betre marknadstilgangen.

Norsk sjømat skal vere trygg og av god kvalitet slik at den blir føretrekt på den globale marknaden. Dei seinare åra har det vore ein auke i krava til dokumentasjon på at produkta som blir eksportert, er trygge. For Noreg som stor eksportør av sjømat, er det avgjerande å kunne dokumentere mattryggleik og kvalitet gjennom heile produksjonskjeda. Rolla til Mattilsynet som tilsynsmyndigheit og evne til kommunikasjon med styresmaktene i importlanda er avgjerande for tilliten.

Den gode norske dyrehelsa kan utnyttast i eksportsamanheng, mellom anna når det gjeld avlsprodukt frå husdyr. Også for ein del andre landbruksprodukt er det viktig med marknadstilgang i utlandet.

Sunt kosthald og gode matopplevingar

Det er viktig at tilgjengeleg fagleg og vitskapleg basert informasjon om samanhengen mellom kosthald og helse når fram til forbrukarane på ein tenleg måte. Kostråda til styresmaktene for å fremje folkehelsa og førebyggje kroniske sjukdommar er viktige i denne samanhengen. Råda om kosthald, ernæring og fysisk aktivitet blei reviderte i 2014. Dei nye råda legg større vekt på helseeffektane av heilskapen i kosthaldet og mat som bidreg med sunne feittsyrer, fullkorn og kostfiber.

Folkehelsepolitikken legg vekt på tiltak for å gjere det enklare å velje sunt, å leggje til rette for gode måltid i barnehagar, skolar og blant eldre og å styrkje kunnskapen om mat, kosthald og ernæring. Merksemd på matglede og god matkvalitet er også viktig for at forbrukarane skal kjenne til kor maten kjem frå, korleis han blir produsert og samanhengen mellom mat og helse. Det blir gjennomført prosjekt med sikte på å auke tilbodet av lokalprodusert mat og frukt og grønt til barn og unge.

Nyskaping, mangfald, matkultur og verdiskaping

Innovasjon og næringsutvikling knytt til produksjon av mat med lokal identitet er viktig for å kunne ha robuste og innovative små og store verksemder. Dette vil igjen føre til større mangfald av produkt i matmarknaden, sjå nærare omtale under kat. 15.30. Mattilsynet har i denne samanhengen ei viktig oppgåve med å rettleie i regelverket.

Langsiktig matforsyning og berekraftig og miljøvennleg produksjon

Arbeidet for å sikre langsiktig matforsyning av landbruksprodukt og berekraftig og miljøvennleg produksjon av landbruksprodukt er hovudsakleg omtalt i kat. 15.30.

Arbeidet med å følgje opp handlingsplanen for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel (2011–2014) vil bli ført vidare, samtidig vil arbeid med ny handlingsplan bli sett i gang.

For omtale av sjømat, sjå Prop. 1 S (2014–2015) for Nærings- og fiskeridepartementet.

Kap. 1112 Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

50

Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Veterinærinstituttet

63 682

87 998

90 447

51

Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Bioforsk

60 699

62 823

81 915

52

Støtte til fagsentra, Bioforsk

17 269

16 873

Sum kap. 1112

141 650

167 694

172 362

Post 50 Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Veterinærinstituttet

Veterinærinstituttet er eit biomedisinsk beredskaps- og forskingsinstitutt innan dyrehelse, dyrevelferd, fôr- og mattryggleik. For styresmaktene er Veterinærinstituttet den viktigaste kunnskapsleverandøren ved førebygging, oppklaring og handtering av zoonosar og alvorlege smittsame sjukdommar hos fisk og landdyr. Kunnskapsutvikling og formidling innan fagområda er også viktig som grunnlag for utvikling av lovverk og som støtte til utvikling av ulike samfunnssektorar. Veterinærinstituttet bidreg også i førebygging og handtering av kriser som skuldast smittestoff og andre helseskadelege stoff i fôr og mat.

Veterinærinstituttet er eit forvaltningsorgan med særskilt fullmakt. Veterinærinstituttet får løyvingar til oppgåvene sine innan dyrehelse, fôrtryggleik, dyrevelferd og mattryggleik frå Landbruks- og matdepartementet. Løyvingane til oppgåvene innan fiskehelse og enkelte område innan sjømattryggleik ligg på budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet, sjå kap. 928, post 50 i deira Prop. 1 S (2014–2015). Forsking er ein sentral del av verksemda til Veterinærinstituttet og er omtala under kap. 1137. Instituttet har ei fri og uavhengig stilling i alle faglege spørsmål.

Veterinærinstituttet yter også tenester og formidlar kunnskap til næring, fagpersonell og dyreeigarar og arbeider for at ny kunnskap blir teken i bruk.

Formål med løyvinga

Dei tildelte midlane under kap. 1112, post 50 blir nytta til Veterinærinstituttet sitt arbeid med å gi fagleg støtte til forvaltninga, mellom anna ved å utvikle kunnskap innan kjerneområda.

Desse er:

  • Beredskap, diagnostikk og rådgiving

  • Helseovervaking

  • Fôr- og mattryggleik

  • Dyrevelferd

  • Referansefunksjonar

Mattilsynet er den viktigaste brukaren av kompetansen til instituttet. Veterinærinstituttet vil difor leggje stor vekt på å møte dei behova Mattilsynet har for kunnskap, råd og laboratoriestøtte innan kjerneområda til instituttet.

Vitskapskomiteen for mattryggleik har også behov for kompetanse og data som grunnlag for sine risikovurderingar. Veterinærinstituttet vil vere ein sentral kunnskapsbase og oppdragstakar for komiteen.

Rapportering 2013

Veterinærinstituttet har i 2013 bidrege med diagnostikk, forsking og faglege råd innan fiskehelse, dyrehelse, dyrevelferd og fôr- og mattryggleik til Mattilsynet og andre forvaltningsorgan.

Beredskap, diagnostikk og rådgiving

Veterinærinstituttet sitt beredskapsarbeid blei testa i 2013 i to øvingar saman med Mattilsynet. Veterinærinstituttet deltek i nettverk som samordnar tiltak mot bioterror, og i 2013 blei kompetansen styrkt innan biosikring av laboratoriedrifta.

Helsesituasjonen i norske husdyrpopulasjonar er gunstig samanlikna med dei fleste andre land. Av viktige funn i 2013 kan nemnast:

  • To utbrott med antibiotikaresistente bakteriar (LA-MRSA) blei påviste hos gris. I utbrotta blei det påvist fleire smitta gardstilsette.

  • Hos hund blei det påvist auke i talet på tilfelle av Salmonella kedougou, som er ein sjeldan Salmonella-variant i Noreg. Dei same bakteriane blei påviste hos fleire menneske, noko som tyder på at dei har blitt smitta av hund.

  • Kvalpesjuke blei påvist hos ein hund som døydde. Det var første gongen denne sjukdommen blei påvist sidan 1980-talet.

  • Trikin er ein uvanleg parasitt hos husdyr i Noreg, men trikinose blei påvist hos isbjørn frå Svalbard i 2013.

Veterinærinstituttet leverte ei lang rekkje høyringssvar og større faglege vurderingar i 2013, dei fleste til Mattilsynet.

Helseovervaking

Veterinærinstituttet overvaker helsetilstanden hos dyr og fisk og fôr- og mattryggleiken. Veterinærinstituttet har medverka med kunnskap for å utvikle utforminga av mange ulike overvakingsprogram for Mattilsynet i 2013.

Fôr- og mattryggleik

Det har i 2013 vore fleire små, men ingen store utbrott av matsmitte. Det har mellom anna vore fleire små utbrott med E. coli.

I 2013 blei det påvist låge verdiar av mykotoksin (soppgifter) i korn. I ferdig fôr til gris, som er spesielt følsomme for mykotoksin, var nivået derimot høgt.

Veterinærinstituttet vidareførte arbeidet sitt med genmodifiserte organismar (GMO). Det er krevjande å følgje utviklinga i den internasjonale marknaden med oppdaterte metodar for å oppdage GMO.

Dyrevelferd

Veterinærinstituttet sin kunnskap om dyrevelferd har vore mykje nytta i rådgiving til styresmaktene i 2013. Veterinærinstituttet har også hatt fleire store oppgåver med å kartleggje dødsårsaka til dyr i samband med dyrevelferdsaker og gjort ulike rettsmedisinske undersøkingar. Veterinærinstituttet har hjelpt Mattilsynet og politiet i fleire omfattande saker retta mot tamrein og familiedyr.

Kompetanseutvikling innan dyrevelferd er viktig. Instituttet leiar eit stort internasjonalt forskingsprosjekt og har fleire stipendiatar.

Referansefunksjonar og kvalitetssikring

Veterinærinstituttet har 29 nasjonale referansefunksjonar. Deltaking i samanliknande laboratorietestar er ein del av dei nasjonale laboratoriefunksjonane. Veterinærinstituttet deltok i 2013 i mange slike testar.

Administrative og organisatoriske forhold

Planlegginga av nytt bygg for Veterinærinstituttet på Ås heldt fram i 2013. I tillegg har ein styrkt samarbeidet med Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU) og institutta på Campus Ås.

Budsjettframlegg 2015

Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 90,447 mill. kroner i 2015.

Beredskap, diagnostikk og rådgiving

Kvalitetssikra diagnostikk legg grunnlaget for dei oppgåvene som Veterinærinstituttet har innan beredskap, overvaking og oppklaring av sjukdomstilfelle, kunnskapsutvikling og som nasjonal referanseinstitusjon.

Arbeidet med beredskap, helseovervaking, dyrevelferd og forsking blir vidareført på bakgrunn av utviklinga i oppgåvemengd og etterspørsel etter tenestene til instituttet dei siste åra. Instituttet vil styrkje beredskapsevna innanfor biotryggleik.

Veterinærinstituttet vil vidareutvikle den landsdekkjande beredskapsevna gjennom modernisering av diagnostikken. Instituttet vil prioritere å utvikle og ta i bruk nye laboratoriemetodar for trugande og eksisterande alvorlege sjukdommar, slik at Mattilsynet kan få raske og sikre resultat ved utbrott.

Resultat frå overvaking og diagnostisk verksemd skal nyttast i arbeidet med å gi forskingsbaserte råd som grunnlag for tiltak innan forvaltning og næring.

Veterinærinstituttet ønskjer å yte tenester og kunnskap som medverkar til ei bærekraftig næringsverksemd, gjennom faglege råd og utgreiingar og eit godt diagnostisk tilbod.

Helseovervaking

Globalisering, klimatiske endringar og endra produksjonsforhold kan gi endra sjukdomsbilete. Veterinærinstituttet vil vere budd på at nye sjukdommar kan bli introduserte i Noreg. Instituttet vil framleis overvake helsa til husdyra slik at nye sjukdommar kan bli oppdaga så raskt og sikkert som mogleg. Arbeidet med zoonosar og nye smittestoff som kjem til landet, vil ha høg merksemd.

I tillegg vil viltlevande dyr vere eit reservoar for nye sjukdommar og zoonotiske smittestoff. Overvaking av viltlevande dyr med tanke på sjukdommar som kan smitte til andre viltlevande dyr, husdyr eller menneske, vil difor halde fram.

Bruk og feil bruk av antibiotika til folk og dyr har ført til motstandsdyktige bakteriar som no utgjer ein alvorleg global helsetrussel. Veterinærinstituttet vil ta del i internasjonale forum som arbeider for å redusere utviklinga av antibiotikaresistens. Det er viktig å få betre oversikt over førekomst og korleis resistente bakteriar spreier seg i miljøet, mellom dyr og mellom dyr og menneske. Overvaking av LA-MRSA (dyreassosierte methicillinresistente Staphylococcus aureus – bakteriar) vil bli vidareført. Likeeins vil instituttet overvake antibiotikaresistente tarmbakteriar i norsk fjørfe og fjørfekjøtt. Veterinærinstituttet deltek i forskingsprosjekt for å auke kunnskapen om antibiotikaresistens hos kylling og betydning av smitte til menneske.

Referansefunksjonar

Veterinærinstituttet vil arbeide vidare med å utvikle rolla si med dei nasjonale referansefunksjonane. Innan zoonosearbeidet dekkjer desse funksjonane matvarer, fôr og dyr, og instituttet vil arbeide for å samle og presentere epidemiologiske data gjennom heile verdikjeda.

Fôr- og mattryggleik

Veterinærinstituttet vil halde fram arbeidet med å vidareutvikle diagnostikk og kunnskap omkring smittestoff og kjemiske stoff som kan truge fôr- og mattryggleiken.

Veterinærinstituttet vil prioritere å utvikle uavhengige, vitskapleg funderte, faglege råd som set styresmaktene i stand til å utvikle lovverket og til å handtere og førebyggje sjukdom hos dyr og fisk og helseskadelege stoff og smittestoff i mat og fôr. Veterinærinstituttet vil arbeide vidare med å profesjonalisere si rådgivarrolle for Mattilsynet og styrkje kompetansen innan mattryggleik. Veterinærinstituttet vil vidareutvikle kunnskap omkring hygieniske forhold i biprodukt frå matproduksjon, slik at desse ressursane kan nyttast betre.

Dyrevelferd

Veterinærinstituttet vil leggje vekt på å utvikle kunnskap som kan nyttast til å fremje dyrevelferd. Instituttet vil prioritere å gi styresmaktene kunnskap innan velferd og vidareføre arbeidet med å utvikle indikatorar for velferd hos husdyr. Det er også viktig med støtte til tilsynsarbeidet til Mattilsynet gjennom å utvikle gode teknikkar for å sikre dokumentasjon av brott på regelverket. Veterinærinstituttet vil halde fram med å drifte sekretariata for Rådet for dyreetikk og NORECOPA.

Kommunikasjon

Veterinærinstituttet vil vidareutvikle kommunikasjon med tanke på å effektivisere kunnskapsoverføring til brukarar og allmenta. Nettsider skal leggje til rette for effektiv og målretta kommunikasjon i beredskapssituasjonar og ved formidling av forsking.

Administrative og organisatoriske forhold

Veterinærinstituttet vil føre vidare arbeidet med å effektivisere verksemda og gjere prioriteringar innan ansvarsområdet. Den samla kompetansen skal utviklast og nyttast enda betre. Det vil bli lagt vekt på å vidareutvikle samarbeidet med miljøa på Campus Ås og etablering av nybygget for Veterinærinstituttet.

Veterinærinstituttet vil mellom anna modernisere beredskapen og obduksjonsverksemda for landdyr. Moderne teknologi gjer det mogleg å erstatte dagens rutinar med innsending av heile dyr til obduksjon, og det kan vere aktuelt å redusere talet på laboratorier som driv med obduksjon av landdyr. Veterinærinstituttet vil arbeide for at sjukdomsberedskap og helseovervaking for landdyr kjem styrkt ut av endringane. Dagens tilbod i Tromsø blir vidareført inntil Veterinærinstituttet har etablert eit nytt og betre system for diagnostikk og helseovervaking.

Veterinærinstituttet vil leggje til rette for å styrkje forskinga si med utgangspunkt i Nord-Noreg ved å vidareutvikle samarbeidet med landbruks- og matinstitutta og andre forskings- og fagmiljø i landsdelen. Å ha medarbeidarar i Tromsø, til dømes samlokalisert med Bioforsk, vil vere viktig i denne samanhengen.

Post 51 Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Bioforsk

Bioforsk er eit nasjonalt forskingsinstitutt innan landbruk og matproduksjon, plantebiologi og plantehelse og miljø og ressursforvaltning. Instituttet får løyvingar til kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap direkte frå Landbruks- og matdepartementet og basisløyvingar frå Noregs forskingsråd over kap. 1137. Bioforsk er også eit prosjektorientert oppdragsinstitutt, som hentar inntekter i konkurranse, både nasjonalt og internasjonalt. For 2015 foreslår departementet også ei løyving knytt til Handlingsplan plantevernmiddel, jf. kap. 1150, post 77.

Bioforsk er ein viktig leverandør av kunnskapsstøtte til styresmaktene og ulike forvaltningsorgan for å sikre nasjonal kapasitet og beredskap på matområdet. Beredskapsperspektivet er særleg retta mot evna til å oppretthalde ein høg nasjonal matproduksjon, standardar og tiltak som sikrar trygg mat. Bioforsk skal også ha beredskap for å kunne handtere sjukdommar og skadeorganismar som trugar god norsk plantehelse, og som kan utgjere ein alvorleg risiko for norsk matproduksjon og norsk natur.

Ein viktig del av verksemda ved instituttet er å levere kunnskap, tenester og løysningar til rådgivingseiningane og landbruksnæringa over heile landet. Denne aktiviteten bidreg til utvikling av lokalt og regionalt næringsliv. Bioforsk arbeider også internasjonalt, i første rekkje gjennom forskingsprogramma til EU og FoU-samarbeid i Asia.

Formål med løyvinga

Midlar over kap. 1112, post 51, skal nyttast til ei styrking av fagleg beredskap, utvikling av kompetanse og formidling av kunnskap innan følgjande område:

  • Effektiv og konkurransedyktig plante- og husdyrproduksjon i heile landet

  • Berekraftig og miljøvennleg landbruk

  • Klimavennleg og energiproduserande landbruk

  • God plantehelse

  • Trygg mat

Rapportering 2013

Arbeidet med kunnskapsutvikling og beredskap for matproduksjon og nasjonal mattryggleik er sentrale aktivitetar for verksemda. Aktivitetane er fordelte på sju område.

Effektiv og konkurransedyktig plante- og husdyrproduksjon i heile landet.

Bioforsk gjennomfører eit program for å etablere kunnskap og dokumentasjon om plantesortar som er tilpassa norsk jord- og hagebruk. Resultata har blitt gjort tilgjengelege for næringa og andre gjennom markdagar, fagmøte, fagartiklar og rapportar. Noreg er ein liten marknad for utanlandske sortseigarar, og Bioforsk har difor halde fram arbeidet med å utvikle metodar og tiltak som passar for innanlandsk frøproduksjon av dei viktigaste engvekstane. Utviklingstiltak for jordbruket i Nord-Noreg har vore sentralt gjennom fleire prosjekt, med vekt på mellom anna lokal mat, utnytting av utmarksressursane og dei agronomiske utfordringane i næringa. Bioforsk har utvikla kunnskapen innan økologisk landbruk for å bidra til auka produksjonspotensial. Bioforsk har bidrege til driftsgrunnlag for Senter for husdyrforsøk (SHF) ved NMBU.

Berekraftig landbruk

Langvarige målingar frå forsøksfelt og modellgarder bidreg til å klarleggje langtidsverknadene av ulike produksjonar og produksjonsmetodar på avling, jord og vatn. Resultata har gitt grunnlag for praktisk rådgiving og utforming av tiltak og offentlege verkemiddel for å sikre berekraftig ressursforvaltning. Det er utvikla fleire nettbaserte rådgivingsverktøy for ulike dyrkingstekniske forhold som er viktige for ein kostnadseffektiv grovfôrproduksjon.

Miljøvennlege produksjonsformer

I lys av endra klima, grøftetilstanden i jordbruket og miljøomsyn, har Bioforsk intensivert arbeidet med å utvikle kunnskap og auka formidlinga om hydroteknikk og grøfting.

Bioforsk har vidareført programmet Jord- og vannovervåkning i landbruket (JOVA), som er eit verktøy for å skaffe kunnskap for utvikling av miljøvennlege tiltak i landbruket. Verksemda har sist år utført trendanalysar på målte JOVA-data, vidareutvikla modellverktøy som inkluderar hydro-meterologiske forhold og framtidige klimaendringar.

Varsling Innen PlanteSkadegjørere (VIPS) er ei fritt tilgjengeleg nettbasert, teknologisk innovativ teneste for varsling av angrep, utvikling og overvaking av viktige planteskadegjerarar. Drifta er vidareført (www.vips.no).

God plantehelse

Statusen for plantehelsa i Noreg er framleis god samanlikna med mange andre land i Europa. Friskt plantemateriale, beredskap og tiltak mot nye skadegjerarar og førebyggjande tiltak i vekstsesongen, gjer det mogeleg å halda bruken av kjemiske plantevernmiddel på eit lågt nivå.

Bioforsk har levert plantehelsefagleg støtte til Mattilsynet for forvaltning av nasjonalt og internasjonalt regelverk nedfelt i matlova. Rådgivarfunksjonen har bidrege til god plantehelse ved at det raskt gir grunnlag for å setje i verk nødvendige tiltak.

Bioforsk har gitt kunnskapsstøtte til Mattilsynet med agronomisk vurdering ved godkjenning av nye plantevernmiddel, bruksutviding av allereie godkjente plantevernmiddel og revurdering av allereie godkjente preparat samt preparat søkt brukt på dispensasjon.

Planteklinikken i Bioforsk analyserte det siste året 11 000 prøver, og det blei gjort fleire funn av karanteneorganismar (farlege skadegjerarar). Nokre har ikkje før vore registrert i Noreg.

Trygg mat

Overvaking og kontroll gjennomført av Bioforsk viser gjennomgåande svært låge restverdiar av plantevernmiddel og deira nedbrytingsprodukt i maten.

Bioforsk har bidrege med kompetanse som eit element i den nasjonale beredskapen for å sikre trygg mat. Sist år blei det analysert 1 393 prøvar (34 pst. norske og 66 pst. importerte) i overvakingsprogrammet Rester av plantevernmidler i næringsmidler. Alle prøvene blei analyserte for 321 ulike plantevernmiddel. Av dei 924 prøvene av utanlandske produkt hadde 2,4 pst. høgare innhald av plantevernmiddel enn tillate, mens ingen av dei 469 prøvene av norskproduserte produkt hadde høgare innhald enn det som er tillate.

Verksemda har særleg retta innsats mot årsaksforhold og risikovurderingar knytt til fusarium (sopp) og mykotoksin (soppgifter) i korn for å kunne støtte opp om næringa og forvaltninga med kunnskap om konkrete dyrkingstiltak og andre åtgjerder. Bioforsk har arbeidd saman med Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM).

Klima- og energiriktig landbruk

Bioforsk har vidareført Landbruksmeteorologisk teneste (LMT) og samla data frå 81 vêrstasjonar i dei viktigaste jord- og hagebruksdistrikta i landet i samarbeid med Meteorologisk Institutt (MET). Meteorologiske data har blitt brukt for å drifte VIPS og lage nitrogenprognosar for optimaliserte gjødselmengder i landbruket. Vêrobservasjonane og modellane er fritt tilgjengelege. I april 2013 blei vêrdata frå 52 av målestasjonane innlemma i MET sitt system for kontroll av data (Kvalobs). Nye nettsider for LMT, inkludert ein mobiltilpassa versjon, blei lansert i juli 2013.

Det har blitt lagt vekt på å utvikle og etablere faktagrunnlag som er eigna for modellering og som grunnlag for å setje i verk og evaluere tiltak og aktivitetar for eit klima- og energivennleg landbruk. Bioforsk har vore aktive nasjonalt og internasjonalt i spørsmål om landbruk og klima og utvikla kompetanse på omfang og effektar av utslepp av klimagassar frå landbruket og potensialet for karbonbinding i jord. Dette gir grunnlag for teknologiske og strukturelle val innan landbruket og bidreg til eit robust og klimasmart landbruk.

I samarbeid med NMBU har Bioforsk ansvaret for biogasslaboratoriet på Campus Ås.

Kommunikasjon og samfunnskontakt

Bioforsk opplever veksande interesse frå norsk presse. Bioforsk satsar på stor breidde i kunnskapsformidlinga, og internett er ein viktig informasjonskanal både for fagfolk og eit vidt publikum. Bioforsk har i 2013 gitt ut ei rekkje artiklar og har gitt over 500 foredrag. Norsk Landbruksrådgiving har vore ein viktig samarbeidspart i kunnskapsformidlinga til dei enkelte næringsutøvarane. Bioforsk har hatt tett dialog med Mattilsynet og andre forvaltningsetatar for å sikre effektiv kunnskapsflyt. Den årlege Bioforsk-konferansen hadde rundt 500 deltakarar frå rådgiving, forvaltning og næring.

Budsjettframlegg 2015

Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 81,9 mill. kroner i 2015. I dette inngår også midlar som tidlegare er blitt tildelte over kap. 1112, post 52 Støtte til fagsentra. For å kunne utnytte ny fagleg organisering i instituttet frå 1.1.2015, gjer departementet framlegg om at heile løyvinga til Bioforsk under kap. 1112 blir samla under éin post.

Budsjettframlegget omfattar finansiering av kunnskapsutvikling og kunnskapsformidling med særskilt vekt på nasjonalt beredskap for Landbruks- og matdepartementet, Mattilsynet og Landbruksdirektoratet. Samstundes skal det etablerast kompetanse tilgjengeleg for regionale og lokale aktørar, mellom anna for Norsk landbruksrådgiving, som gjer det lettare for næringsaktørar å ta i bruk nye metodar for betre kvalitet eller auka effektivitet i produksjonar med basis i arealressursar. Kommunikasjon og samfunnskontakt er ei viktig oppgåve under denne løyvinga.

Regjeringa har vedteke å slå saman Bioforsk, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF) og Norsk institutt for skog og landskap frå 1.7.2015, sjå omtale i innleiinga og under kat. 15.20.

Løyvinga skal dekkje kostnader knytt til dei ulike resultatområda, inklusiv avsetning til kompetanseutvikling og nødvendige framtidige investeringar.

Løyvingane har fem målsetjingar:

Effektiv og konkurransedyktig plante- og husdyrproduksjon i heile landet

Bioforsk skal utvikle kompetanse for auka produktivitet, betre kvalitet og lønsam planteproduksjon under ulike dyrkings- og klimaforhold i Noreg. Næringa skal også ha tilgang til forskingsbasert kunnskap og rettleiing om økologisk produksjon. Innsatsen retta mot samanhengen mellom planteproduksjon og husdyrproduksjon for å styrkje kunnskapsgrunnlaget skal vidareførast.

Berekraftig og miljøvennleg landbruk

Bioforsk skal ha kompetanse og dokumentasjon på dei langsiktige konsekvensane av ulike dyrkingssystem og metodar for å sikre god ressursutnytting og framtidig produksjonspotensial. Forvaltninga har særleg behov for dokumentasjon om korleis variasjon i klima og dyrkingsmetodar verkar på erosjon og forureining, og kva for tiltak som kan setjast i verk. Mellom anna skal miljørisiko knytt til bruk av plantevernmiddel reduserast.

Klimavennleg og energiproduserande landbruk

Bioforsk skal ha kompetanse på omfang og effektar av utslepp av klimagassar frå landbruket og potensialet for karbonbinding i jord. Dette er grunnlag for framtidige teknologiske og strukturelle val innanfor landbruket, samstundes som landbruket kan produsere energi av eige råstoff og anna avfallsmateriale.

God plantehelse

Bioforsk skal ha kompetanse på ulike planteskadegjerarar og ha merksemd på beredskap som kan bidra til friske planter i jord- og hagebruket. Det er særleg viktig å møte utfordringane knytt til risiko for innføring og spreiing av nye skadegjerarar ved endringar i klima, auka handel og transport over landegrenser.

Trygg mat

Bioforsk skal ha beredskap og kompetanse på verkemåtar og effektar av ulike plantevernmiddel og andre innhaldsstoff i planter med potensielt uheldig verknad. Bioforsk skal ha tilstrekkeleg kapasitet til å utføre analysar som nasjonalt referanselaboratorium.

Post 52 Støtte til fagsentra, Bioforsk

Formål med løyvinga

Formålet med løyvinga har vore å styrkje lokal og regional næringsutvikling innan landbruk og miljø gjennom utvikling og formidling av kunnskap i fagsentra sine vertsfylke Sogn og Fjordane, Nordland og Finnmark. I samband med ny fagleg organisering i Bioforsk frå 1.1.2015, gjer departementet framlegg om at heile løyvinga til Bioforsk over kap. 1112 blir samla på kap. 1112, post 51. Dette vil gjere instituttet betre rusta til å vurdere løyvingane samla for optimal fagleg utnytting.

Rapportering 2013

Bioforsk Vest Fureneset har hatt samarbeid med dei tre vestlandsfylka Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal. Dei landbruksfaglege prioriteringane omfattar mellom anna problemstillingar knytt til drenering, husdyrgjødsel, klimagassemisjon, klimatilpassa grovfôrdyrking og skjøtsel av kulturlandskap. Det er innan grovfôrdyrking retta særskilt merksemd mot små grovfôravlingar og utfordringar med at gras og kløver i enga ikkje klarer seg gjennom vinteren. Verksemda har saman med Norsk Landbruksrådgiving granska problematikk knytt til husdyrgjødsel, sidan det er identifisert auka utfordringar med lagring og bruk, knytt til endringane i strukturen i storfehaldet, særleg mjølkeproduksjonen.

Aktiviteten til Bioforsk Nord Tjøtta er forankra i regionale planar og strategiar innan landbruk og miljø. Arbeidet har bidrege til finansiering av nye prosjekt opp mot Regionalt forskingsfond og frå Statens landbruksforvaltning, Noregs forskingsråd og Interreg. Fagsenteret har vidareført forsøk med gamalnorsk sau som beitedyr i verdifulle kulturlandskap, for å bidra til auka økologisk kjøttproduksjon. Det same gjeld forsøk med å utvikle og utprøve elektronisk utstyr til overvaking av reinsdyr, noko som legg grunnlag for meir berekraftige driftsrutinar i reindrifta. Eit nytt system for varsling av rein ved jernbane og veg blitt prøvd ut i samarbeid med aktørar frå teknologimiljøa. Det er også sett i verk eit prosjekt der ein har undersøkt bruk av beite og luftegard i automatiserte lausdriftsfjøs for mjølkekyr.

Bioforsk Jord og miljø Svanhovd har brukt deler av løyvinga for å støtte drifta av den botaniske hagen, som mellom anna fungerer som genbank for trua arter. Løyvinga har også sikra vedlikehald av eigedom og verna bygningar. Svanhovd har siste året arrangert kurs i hagestell og dyrking av grønsaker tilpassa nordleg klima for småskalaprodusentar og andre interesserte. Det er gjennomført formidling, kursing og opplæring av ulike alders- og brukargrupper i natur-, landbruks- og miljøspørsmål og rovdyrproblematikk.

Kap. 4112 Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

30

Husleige, Bioforsk

18 893

19 180

19 464

Sum kap. 4112

18 893

19 180

19 464

Post 30 Husleige, Bioforsk

Ein stor del av eigedommane som blir nytta av Bioforsk inngår i leigeavtale med staten ved Landbruks- og matdepartementet. Leiga blir justert etter endringar i mengda eigedommar i avtalen og årleg med 80 pst. av endringa i konsumprisindeksen. Departementet gjer i tråd med dette framlegg om ei samla husleige på 19,464 mill. kroner for 2015.

Leigeavtalen gjeld til 1.1.2016, og departementet legg til grunn at avtalen blir vidareført med det nye samanslåtte instituttet som avtalepart også for andre halvåret i 2015. Ny leigeavtale vil bli sett i samanheng med vurderinga av struktur for det nye instituttet og andre eigedommar som blir forvalta av departementet og nytta for det nye instituttet.

Kap. 1115 Mattilsynet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Driftsutgifter

1 250 064

1 205 073

1 191 767

22

Reguleringspremie til kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser

55 443

12 600

13 016

23

eSporingsløysinga, kan overførast

828

71

Tilskott til erstatningar, overslagsløyving

4 336

4 200

4 200

Sum kap. 1115

1 310 672

1 221 873

1 208 983

Post 01 Driftsutgifter

Formål med løyvinga

Mattilsynet har hovudansvaret for å føre tilsyn med at regelverket om mattryggleik, plantehelse, dyrehelse, dyrevelferd samt helse, kvalitet og forbrukaromsyn blir etterlevd i heile matproduksjonskjeda. Mattilsynet har også oppgåver knytt til regelverksutvikling og internasjonalt arbeid. Området er sterkt prega av internasjonale rammevilkår.

Den enkelte verksemda har ansvaret for å kjenne til og etterleve regelverket. Aktiv rettleiing frå Mattilsynet om regelverket er viktig. Mattilsynet skal nytte dei verkemidla lovverket stiller til rådvelde, når dette er nødvendig for å sikre etterleving av regelverket.

Mattilsynet fører også tilsyn med at regelverk som ikkje har direkte samanheng med matproduksjon blir etterlevd. Dette gjeld mellom anna regelverk om planter og dyr som ikkje inngår i matproduksjon, om kosmetikk og kroppspleieprodukt, om dyrehelsepersonell og om omsetnad av reseptfrie legemiddel utanom apotek.

Mattilsynet skal arbeide etter følgjande mål:

  • sikre helsemessig trygg mat og trygt drikkevatn

  • fremje god helse hos planter, landdyr og fisk

  • fremje god dyrevelferd og respekt for dyr

  • fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn

  • ivareta miljøvennleg produksjon

Ved forvaltning av matlova skal omsynet til trygg mat og trygt drikkevatn vege tyngst.

Innanfor rammene av dei måla som er sett, skal Mattilsynet arbeide på ein slik måte at omsynet til aktørane langs heile matproduksjonskjeda blir sikra, under dette marknadstilgang i utlandet.

Hovudverkemidla i arbeidet er å:

  • utvikle og påverke regelverk

  • rettleie om regelverk

  • handheve regelverk

  • overvake status og utvikling på området

  • ha god beredskap for handtering av hendingar og kriser

Bioforsk, Havforskingsinstituttet, Nasjonalt folkehelseinstitutt, Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking, Norsk institutt for skog og landskap og Veterinærinstituttet yter kunnskapsstøtte til Mattilsynet og har fagleg beredskap med grunnlag i løyvingar frå dei ansvarlege departementa.

Mattilsynet skal føre vidare den gode kontakten med Vitskapskomiteen for mattryggleik, slik at uavhengige risikovurderingar frå komiteen blir lagt til grunn for Mattilsynet sitt arbeid når dette er nødvendig.

Rapportering 2013

Organisatoriske forhold

Utvikling av ny strategi for perioden 2015–2020 har vore ei viktig oppgåve for Mattilsynet i 2013. Strategien legg mellom anna vekt på at Mattilsynet skal vere ein fleksibel organisasjon som fremjar samhandling og effektiv utnytting av kompetanse. I arbeidet med ny strategi er det lagt vekt på stor grad av involvering av dei tilsette. Parallelt med utviklinga av strategien har Mattilsynet arbeidd for å styrkje seg som ein effektiv og framtidsretta organisasjon mellom anna gjennom utvikling av leiarar og medarbeidarar, auka samhandling og tiltak for å sikre læring i organisasjonen.

Internasjonalt arbeid og regelverksutvikling

Mattilsynet forvaltar eit regelverk som utgjer ein betydeleg del av regelverket i EØS-avtalen. Gjennomføringa av EØS-regelverk i norsk regelverk er høgt prioritert. I 2013 blei det fastsett til saman 171 forskrifter på Mattilsynet sitt forvaltningsområde. Av desse var 16 nasjonale (utanfor EØS-avtalen). Dei regelverksprosessane i EU som har hatt høgast prioritet i 2013, er utvikling av ny kontrollforordning og revisjon av hygieneforordningane, utfyllande regelverk til matinformasjonsforordninga og ny forordning om dyrehelse.

Mattilsynet koordinerte og tok del i Noreg sitt arbeid i Codex Alimentarius Comission (FNs organisasjon for ernæring og landbruk (FAO) og Verdas helseorganisasjon (WHO) sin organisasjon for matvarestandardar), Verdas dyrehelseorganisasjon (OIE) og den internasjonale plantevernkonvensjonen (IPPC). Det er lagt vekt på samarbeid med EU og andre alliansepartnarar for å utvikle ei strategisk tilnærming og ta vare på norske interesser.

Mattilsynet har i 2013 lagt vekt på å forenkle regelverk og å forbetre prosessen med å utvikle regelverk. Brukarane står sentralt i dette arbeidet. Konkrete tiltak i 2013 har vore arbeid med klart språk, regellesehjelp i Lovdata og forbetring av høyringsprosessen ved å gjere den meir nettbasert, og dermed lettare tilgjengeleg for alle.

Tilsyn, rettleiing og områdeovervaking

Mattilsynet legg vekt på høg tilsynsproduksjon og god kvalitet i gjennomføringa av tilsynet. Tilsynsproduksjonen i 2013 låg på om lag det same nivået som i 2012. På prioriterte område som drikkevatn, dyrevelferd og fiskehelse viser resultata betre regelverksetterleving samanlikna med året før.

Mattilsynet held fram arbeidet for å oppnå eit meir einskapleg tilsyn, mellom anna som oppfølging av Riksrevisjonen sin forvaltningsrevisjon av Mattilsynet i 2012. Som grunnlag for å vurdere om tilsynet blir meir einskapleg er det gjennomført to ringtestar der utvalde distriktskontor og inspektørar har gitt tilbakemelding på fagleg skjønn og verkemiddelbruk knytt til realistiske saksdøme.

Mattilsynet legg vekt på nasjonale og regionale tilsynsprosjekt. Prosjekta gjer det mogleg med målretta og koordinert innsats på prioriterte område, og er eit viktig tiltak for einskapleg tilsyn og for å vidareutvikle tilsynet. Resultata gir verdifull informasjon om regelverksetterleving og verkemiddelbruk på dei utvalde områda. I 2013 blei mellom anna kvitfiskproduksjon og serveringsverksemder undersøkt. Det blei funne til dels mange avvik på begge områda.

Mattilsynet gjennomførte ei nasjonal brukarundersøking der tema var kommunikasjon på tilsyn. Om lag 5 000 husdyrprodusentar deltok. Resultata frå undersøkinga har gitt verdifulle bidrag til tilsynsutviklinga.

Mattilsynet arbeider kontinuerleg med utvikling av beredskapen. I 2013 blei det gjennomført i alt 50 øvingar.

Kommunikasjon

Rettleiing og informasjon er eit viktig verkemiddel for å betre regelverksetterlevinga og gjere tilsynet meir effektivt.

I februar 2013 lanserte Mattilsynet nye nettsider. Nettsidene skal bidra til dialog med brukarane og sikre effektiv oppgåveløysing for brukarane. Eit døme er kjæledyrkalkulatoren, som er ei hjelp til å finne fram i regelverk når ein skal reise over landegrensa med kjæledyr.

Statusen på effektmåla

Målet om å sikre helsemessig trygg mat og trygt drikkevatn

Smittestoff i mat forårsakar generelt lite sjukdom i Noreg. Vi har låg førekomst av smittestoff i mat og husdyr samanlikna med mange andre europeiske land. Førekomsten av salmonella er framleis svært låg blant norske husdyr, men det er grunn til å følgje med om situasjonen er i ferd med å endre seg. Ei viktig utfordring, ikkje berre når det gjeld salmonella, er auka lovleg og ulovleg import av mat og dyr frå land der smittepresset er høgare.

Det samla talet på meldte tilfelle av infeksjonar som smittar gjennom mat og vatn, viste ein auke i 2013 samanlikna med året før. Dei vanlegaste meldte tilfella er campylobacteriose og salmonellose. Mange meldte tilfelle skuldast smitte utanlands. Talet på meldte tilfelle der smitten har skjedd i Noreg, har gått noko ned. Det samla talet på meldte tilfelle av campylobacteriose auka med 12 pst. samanlikna med 2012, mens talet på meldte tilfelle av salmonellose var om lag som i 2012. Det samla talet på meldte tilfelle av EHEC (enterohemoragiske E. coli-bakteriar) har auka jamt dei siste 10-15 åra. Dette gjeld også smitte innanlands. I 2013 auka det samla talet på meldte tilfelle av EHEC til 103, mot 75 meldte tilfelle i 2012 og 47 i 2011.

Talet på meldte utbrott har vore relativt stabilt dei siste åra. I 2013 blei det meldt 62 utbrott der det var mistanke om smitte gjennom mat eller vatn. I mange av utbrotta var smitten knytt til importerte vegetabilske matvarer. Det vanlegaste mistenkte smittestoffet i 2013 var norovirus, som sto for 21 pst. av dei meldte utbrotta.

Overvakinga for mykotoksin (muggsoppgifter) i næringsmiddel og andre kontrolltiltak viser at delen av prøver med overskridingar av grenseverdiar generelt er på et stabilt lågt nivå. Vitskapskomiteen for mattryggleik konkluderte i 2013 med at muggsopper av typen Fusarium er eit problem i norsk kornproduksjon. Barn risikerer å få i seg for mykje av mykotoksinet DON gjennom inntak av brød og graut.

Overvakingsprogramma for restar av plantevernmiddel viser få overskridingar av grenseverdiane. Det er færre funn i norskproduserte planteprodukt enn i importerte planteprodukt.

Mattilsynet har overvakingsprogram for framandstoff og legemiddelrestar i norsk mat frå land og sjø. I 2013 er det ikkje påvist ulovlege stoff eller overskridingar av grenseverdiane i regelverket for oppdrettsfisk. For landdyr er det heller ikkje avdekt bruk av ulovlege legemiddel, men i nokre tilfelle (2,7 pst av prøvene), er det avdekt overskridingar av grenseverdiane for enten hormon, tyreostatika eller stoff som førekjem naturleg i dyra. Mattilsynet gjennomførte ein tilsynskampanje i kvitfisknæringa. Kampanjen avdekte for mange tilfelle av dårleg orden, reinhald og mangelfull internkontroll. Situasjonen har vore følgd opp gjennom tett kontakt mellom Mattilsynet og næringa, og ved auka tilsyn.

Gjennomgåande blir det produsert drikkevatn av god kvalitet i Noreg, mens transporten gjennom leidningsnettet fram til brukarane er meir usikker. Mange vassverk har eit stort potensial for betring når det gjeld å arbeide førebyggjande for å sikre god styring og kontroll med kvaliteten i leidningsnettet. Kokevarsel på grunn av tarmbakteriar i drikkevatnet blei gitt ved enkelte vassverk.

Målet om å fremje god helse hos planter, fisk og landdyr

Plantehelse

Statusen for plantehelse i Noreg er god samanlikna med mange andre europeiske land. Av 137 alvorlege skadegjerarar som den europeiske plantehelseorganisasjonen EPPO har rådd medlemslanda til å verne seg mot, er det 12 som ved utgangen av 2013 er påvist og under nedkjemping i Noreg.

Fiskehelse

Havbruksnæringa i Noreg er i stadig vekst. Det er nødvendig å sikre ein bærekraftig vekst som tek i vare kravet til god fiskehelse og forsvarleg fiskevelferd og akseptabel påverknad på miljøet. Dette set krav til forvaltninga både med omsyn til regelverk og oppfølging i tilsynet. Innanfor oppdretten er det framleis utfordringar knytt til fiskehelse og lakselus. Situasjonen dei seinare år har vist at resistens mot midla for å handsame mot lakselus er eit aukande problem.

Talet på utbrott av pankreassjukdom (PD) hos oppdrettelaks er monaleg redusert på Vestlandet mens det i Trøndelag og Møre og Romsdal har vore ein auke. I 2013 har det vore ein auke i talet på utbrott av infeksiøs lakseanemi (ILA). Dei fleste utbrotta har vore innanfor eit område i Nordland. Ein gjellesjukdom årsaka av amøben Neoparamoeba perurans er påvist langs kysten opp til Sør-Trøndelag og har gitt til dels store problem, særleg i Rogaland og Hordaland.

Dyrehelse

Dyrehelsa i Noreg er god. Samanlikna med dei fleste andre europeiske land er førekomsten av smittsame sjukdommar låg.

I 2013 blei LA-MRSA (dyreassosierte methicillinresistente Staphylococcus aureus – bakteriar) påvist i to separate utbrott som ramma 24 grisebesetningar. Det er også funne antibiotikaresistente tarmbakteriar (ESBL-produserande og kinolinresistente E. coli) i norsk fjørfe og fjørfekjøtt.

I samband med auka import av hundar frå land med dårlegare dyrehelse enn Noreg har ein avdekt at mange hundar ikkje har tilfredsstillande vaksine mot rabies. Mattilsynet har arbeidd for å redusere risikoen i samband med dette. Ei viktig satsing har vore dokumentasjon av helsestatusen på hundar innført til landet.

Ein viktig føresetnad for trygg mat og god dyrehelse er tilgang til fôr utan smittestoff og framandstoff. Kontrollresultata viser få overskridingar av gjeldande grenseverdiar.

Målet om å fremje god dyrevelferd og respekt for dyr

Sjølv om dyrevelferda i Noreg gjennomgåande blir vurdert som god, er det enkelte utfordringar.

Meldingar om urovekkjande forhold krev mykje ressursar til oppfølging frå Mattilsynet. Ein stor del av meldingane om dyrevelferd, gjeld hald av kjæledyr og hest. Også i 2013 blei det avdekt alvorlege hendingar der dyr var utsette for manglande stell og fôring. Mattilsynet har styrkt samarbeidet med næringa for å førebyggje at det inntreff slike dyretragediar i landbruket.

Talet på tilsyn med dyrevelferd har auka. Mattilsynet har hatt dialog med politiet om korleis dei to etatane kan utvikle eit tettare samarbeid i alvorlege dyrevernsaker.

Hald av pelsdyr og hald av slaktekylling har også i 2013 hatt særskilt merksemd i Mattilsynet. I pelsdyrnæringa generelt blir regelverket følgt, mens nokre få produsentar trekkjer ned inntrykket ved gjentekne og til dels alvorlege brott på regelverket. Fjørfenæringa har utarbeidd eit eige dyrevelferdsprogram i dialog med Mattilsynet.

Dyrevelferda for sau på utmarksbeite er av ulike årsaker ikkje tilfredsstillande i fleire område. Etter fleire år med reduksjon i tal på erstatningar på grunn av rovvilt, auka talet noko i 2013. Rovviltforliket frå 2011 er førande for Mattilsynets arbeid med å sikre dyrevelferda for småfe og tamrein på beite. Trass i vekt på differensiert forvaltning av rovviltet og betydeleg innsats med førebyggjande tiltak, er det store utfordringar med tap av beitedyr i prioriterte beiteområde.

Tal for dødelegheit under transport av dyr viser ein svak nedgang, både for pattedyr og fjørfe. Dette stadfestar den positive trenden sidan 2010.

Mattilsynet peiker på at det er utfordringar knytt til oppstalling og røkt innanfor delar av hestehaldet. Når det gjeld dyrevelferd hos rein, hadde Mattilsynet i 2013 særleg merksemd retta mot situasjonen i område med skrinne beite.

Mattilsynet rapporterer og om hyppige brott på regelverk om brannsikring og brannvarsling.

Dødelegheit seier noko om velferd hos oppdrettsfisk. Dødelegheita hos oppdrettsfisk i sjø er for høg. Auka merksemd mot kvalitet på settefisk kan sjå ut til å gi redusert dødelegheit den første perioden etter utsett i sjø.

Målet om å fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn

Matsvindel fekk stor merksemd i 2013 som følgje av hestekjøttsaka i EU. Matvarer med innhald av hestekjøtt, men merka som storfekjøtt, viste seg også å vere importert til Noreg. Undersøkingane Mattilsynet gjorde, viste at ingen norske matprodukt inneheldt umerka hestekjøtt, men at nokre produkt merka med berre innhald av storfekjøtt hadde innhald av svinekjøtt. To av desse produkta var halalprodukt.

Andre prosjekt som Mattilsynet har gjennomført, viser villeiande merking og misvisande eller ulovleg bruk av ernærings- og helsepåstandar på mange produkt.

Industriframstilt barnegraut har ein sentral plass i kosthaldet til norske spedbarn. Prosjektet Næringsstoffanalyser av utvalgte barnegrøter blei ferdigstilt i 2013, og viste mellom anna at det for 6 av 13 produkt med barnegraut ikkje var samsvar mellom innhaldsdeklarasjonen og det analyserte innhaldet av næringsstoff.

Ein områdeanalyse om kosttilskott blei ferdigstilt i 2013. Kosttilskott kan innehalde helseskadelege legemiddel utan at dette er merka på pakninga. Innhaldet kan berre finnast gjennom analysar. Eit pilotprosjekt om merking i mellom anna kosttilskott avdekte feil eller ulovleg bruk av ernærings- og helsepåstandar i 30 av 43 produkt.

Det blei gjort fire funn av genmodifisering i strid med regelverket i 2013. Tre av desse funna blei i maisprodukt til bruk som næringsmiddel, og eit i kjeksprodukt som inneheldt soya. Det eine produktet var merka med innhald av genmodifisert materiale.

Mattilsynet har leia det nordiske arbeidet med å revidere nøkkelholforskrifta. Eit forslag til revidert forskrift blei sendt på høyring i januar 2014. Målet med revideringa er mellom anna å få inn fleire nye produktgrupper og strengare grenser for saltinnhald. Styresmaktene i dei nordiske landa er samde om endringane. Desse endringane er no til høyring i EU.

Målet om å ivareta miljøvennleg produksjon

Innan fiskehelseforvaltninga har den viktigaste miljøutfordringa vore tiltak mot lakselus og førebyggje utvikling av resistens mot lækjemiddel. Innan plantehelseforvaltninga har den viktigaste miljøutfordringa vore å skjerme norsk skog og landskap mot nye skadegjerarar.

Plantevernmiddel med mindre helse- og miljørisiko utgjer ein aukande del av det omsette volumet. Etter auka bruk i 2011 og 2012 hovudsakleg på grunn av mykje nedbør, blei bruken redusert i 2013.

Tilsyn med avfallsbaserte gjødselvarer (2013) avdekte mangelfull kontroll på tungmetall og smittereduserande tiltak hos fleire produsentar.

DEBIO fører tilsyn med økologisk produksjon og omsetnad på vegne av Mattilsynet, og utførte 3 010 tilsyn i 2013.

Marknadstilgang

Eksportverdien av norsk sjømat nådde ein ny rekord i 2013. Mattilsynet skreiv ut om lag 47 000 attestar for fisk og fiskevarer i 2013 på eit varevolum som svarar til om lag halvparten av det totale eksportvolumet for norsk sjømat. Fleire importland stiller særeigne nasjonale krav til veterinær kontroll utover det som er nedfelt i internasjonale standardar. Særleg har dialogen med Russland, den største enkeltmarknaden for norsk fisk, kravd stor innsats. Mattilsynet har i løpet av året jobba med ei rekkje tiltak for å effektivisere og utvikle prosessane knytt til å utstede eksportattestar.

Nærare omtale av aktiviteten i Mattilsynet i 2013 finst i årsrapporten for 2013 på www.mattilsynet.no.

Budsjettframlegg 2015

Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 1 191,8 mill. kroner.

Frå 2015 er det foreslått å innføre nøytral meirverdiavgift for ordinære statlege organ, jf. avsnitt 1.3 i innleiinga. For driftsutgiftene under Mattilsynet betyr dette ein reduksjon av løyvinga på 70,264 mill. kroner mot ein tilsvarande auke under kap. 1633, post 01, jf. Prop. 1 S (2014–2015) frå Finansdepartementet.

Regjeringa foreslår å styrkje arbeidet i samband med fleire store endringar i EØS-regelverk i Noreg som vil bli gjennomført i 2015. Desse endringane set auka krav til Mattilsynet og krav om å bruke meir ressursar til arbeidet som gjeld forsøksdyr og plantevernmiddel.

Regjeringa legg opp til å styrkje arbeidet med å leggje til rette for marknadstilgang i utlandet for norsk sjømat gjennom auka innsats i arbeidet med eksport og import samt til utvikling av attestar i Mattilsynet sitt elektroniske tilsynssystem (MATS).

Departementet foreslår auka gebyrinntekter, knytt til desse områda jf. kap. 4115.

Regjeringa foreslår å styrkje arbeidet med Mattilsynets arbeid knytt til tilsyn med lakselus i samband med framlegg om kapasitetsvekst i laksenæringa.

Organisering av Mattilsynet

Regjeringa vil forenkle organiseringa av Mattilsynet slik at meir ressursar kan nyttast til utøvande tilsyn og mindre til administrasjon.

Mattilsynet har foreslått ein ny organisasjonsstruktur som også skal byggje opp under strategien til Mattilsynet for perioden 2015–2020. Strategien legg mellom anna vekt på at Mattilsynet skal vere synleg og tilgjengeleg for verksemdene, forbrukarane og samfunnet elles. Mattilsynet skal vere ein fleksibel organisasjon som fremjar samhandling og effektiv utnytting av kompetanse. Mattilsynet vil utvikle ein enklare, meir einskapleg og meir effektiv organisasjon som skal føre til ein enklare kvardag for brukarane og dei tilsette. Mattilsynet har sett seg som mål å oppnå effektivisering som gjer det mogeleg å auke tilsynsproduksjonen med 25 pst. i løpet av fire år utan å svekkje kvaliteten på tilsynsarbeidet. Mattilsynet meiner dette vil gi effektar i form av betre etterleving av regelverket, tryggare mat og betre dyrevelferd.

Det blir lagt opp til at Mattilsynet blir organisert med to forvaltningsnivå der regionane utgjer eitt forvaltningsnivå og hovudkontoret det andre. Ei slik endring av organiseringa krev endring i matlova som fastset at Mattilsynet har tre forvaltningsnivå: det sentrale, det regionale og det lokale Mattilsynet. Det blei sommaren 2014 gjennomført ei offentleg høyring av nødvendige endringar i matlova for å leggje til rette for endra organisering. Regjeringa tek sikte på å fremje forslag om endringar i matlova i ein eigen proposisjon til Stortinget hausten 2014.

Regionane vil bli det utøvande nivået i Mattilsynet og vil ha som viktigaste oppgåve å føre tilsyn, førebyggje og handtere hendingar, primært i det geografiske området sitt. Regionane vil ha dei same primæroppgåvene som dagens regionkontor og distriktskontor, med eitt viktig unntak. I dag blir dei fleste førsteinstansvedtaka fatta på distriktskontora. Klager på slike vedtak blir handsama ved åtte ulike regionkontor. Dersom Mattilsynet blir organisert i to forvaltningsnivå, vil førsteinstansvedtak bli fatta i regionen og klagene vil bli handsama ved hovudkontoret. Dette legg til rette for meir einskapleg handtering av klagesaker. I dei få tilfella der førsteinstansvedtak blir fatta av hovudkontoret, vil framleis fagleg ansvarleg departement vere klageinstans.

Dagens regionar i Mattilsynet har ulik storleik. Færre og meir jamstore regionar vil vere eit viktig tiltak for å utvikle robuste fagmiljø i alle delar av landet noko som også er viktig for at Mattilsynet skal ha god evne til å førebyggje og handtere hendingar på ein effektiv måte. Det vil også redusere ressursbruken til administrative oppgåver på regionnivået.

Det blir lagt opp til å redusere talet på regionar frå åtte til fem. Dei nye regionane vil følgje fylkesgrensene med følgjande inndeling:

  • Finnmark, Troms, Nordland

  • Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag, Møre og Romsdal

  • Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland, Vest-Agder, Aust-Agder

  • Telemark, Vestfold, Buskerud, Oppland, Hedmark

  • Oslo, Akershus, Østfold

Mattilsynet legg opp til at regiondirektørane skal ha ein liten stab sett i forhold til det utøvande tilsynsapparatet i regionen og at det blir frigjort ressursar til utøvande arbeid lokalt. Det blir ikkje lagt opp til vesentlege endringar i den lokale strukturen til Mattilsynet. Mattilsynet skal framleis vere ein desentralisert organisasjon med kontor i heile landet. Kontorstrukturen for det utøvande tilsynet i Mattilsynet reflekterer dette i dag. Nærleik til dei tilsynspliktige er viktig i det utøvande arbeidet. Endringar i kontorstrukturen blir vurdert fortløpande i lys av endringar i busetjings- og næringsstruktur.

Det blir lagt opp til at regiondirektørane får kontor i Sortland, Steinkjer, Sandnes, Brumunddal og Ås.

Regelverksutvikling og internasjonalt arbeid

Regelverket på matområdet er i stor grad harmonisert over landegrensene. Som følgje av EØS-avtalen blir grunnlaget for det norske regelverket hovudsakleg utvikla i EU. Nærare 90 pst. av alle nye forskrifter og forskriftsendringar på Mattilsynet sitt ansvarsområde er knytt til oppfølging av EØS-avtalen. Codex Alimentarius Commission, OIE og IPPC legg også viktige premissar for regelverksutviklinga. Mattilsynet vil følgje aktivt med i dei sentrale delane av arbeidet i desse organisasjonane.

Mattilsynet vil ta aktivt del i arbeidet med å utvikle nytt regelverk i samsvar med norske synspunkt på utvalde område. Mattilsynet vil prioritere område med særlege norske interesser i regelverksarbeidet. Dette omfattar mellom anna EU sitt arbeid med å utvikle nytt felles regelverk om kontroll på matområdet og arbeidet med nytt felles regelverk om dyrehelse, dyrevelferd, økologi, plantehelse og såvarer.

Matdepartementa legg vekt på samordna og godt førebudd deltaking i alle internasjonale forum. I det internasjonale regelverksarbeidet er det viktig med tidleg og god dialog med relevante interessentar. Mattilsynet skal også bidra til at oppfølging av dei internasjonale pliktene skjer til rett tid og til at gjennomføring i norsk rett blir gjort på mest mogleg formålstenleg og brukarvennleg vis.

EU er i ferd med å utarbeide ei ny forordning om offentleg kontroll som skal dekkje større delar av matområdet enn den kontrollforordninga som gjeld i dag. Det blir i denne samanhengen vurdert ei harmonisering av finansieringa av kontrollverksemda som kan medføre auka gebyr på området. Arbeidet blir mellom anna sett i samanheng med revisjonane av regelverket om plantehelse, dyrehelse, økologi og såvarer.

Regjeringa legg vekt på forenkling for næringane og brukarane. Mattilsynet vil ha særleg merksemd på å forenkle og rydde i regelverket. Alt regelverk blir gjennomgått med sikte på forenkling innanfor rammene av dei internasjonale pliktene. Mattilsynet vil auke innsatsen for å informere betre om regelverket og gjere det lettare tilgjengeleg. Mattilsynet vil også leggje vekt på å fremje desse omsyna når dei deltek i internasjonal regelverksutvikling, mellom anna i arbeidsgruppene i EU, og i dei aktuelle internasjonale organisasjonane på matområdet.

Mattilsynet har også oppgåver med å skape gjensidig kunnskap og tillit med matstyresmakter i andre land for å leggje til rette for marknadstilgang i utlandet for norske varer.

Tilsyn, rettleiing og områdeovervaking

Rettleiing og utøvande tilsyn i dei enkelte verksemdene er kjerneverksemda til Mattilsynet.

Nærleik til verksemdene og god kunnskap om lokale forhold skal sikre eit effektivt, målretta og godt synleg tilsyn. Mattilsynet vil ved bruk av fagleg skjønn vere løysingsorientert i møtet med verksemdene. Det er verksemdene sitt eige ansvar å kjenne til og finne løysingar som gjer at dei etterlever regelverket. Mattilsynet fører tilsyn med at slik etterleving skjer. Når det er nødvendig for å sikre at måla blir nådde, vil Mattilsynet nytte dei verkemidla lovverket stiller til rådvelde.

I forslaget om endring i matlova vil det også bli foreslått endring i føresegn om verksemdskarantene.

Regelverket om kontroll krev at det skal vere eit effektivt, einskapleg og heilskapleg tilsyn. Regelverket legg vidare vekt på at tilsynet skal skje på det leddet i matproduksjonskjeda der effekten er størst. På mange område betyr dette at tilsyn bør skje tidleg i matproduksjonskjeda.

Omfanget av tilsyn med verksemdene blir tilpassa risikoen for og konsekvensar av regelbrott både generelt og i den enkelte verksemda. Dette krev god kunnskap om tilstanden på dei ulike områda. Nasjonale kontrollplanar skal liggje til grunn for prioritering og rapportering.

Mattilsynet forvaltar også regelverk som ikkje er direkte knytt til risiko for helse hos folk, planter og dyr. Også på desse områda er det viktig med målretta og effektivt tilsyn.

Mattilsynet vil innrette arbeidet med kartlegging og overvaking slik at det blir målretta og kostnadseffektivt. Overvakings- og kontrollprogram knytt til plikter etter internasjonale avtalar eller norske tilleggsgarantiar, vil ha prioritet.

Målet om å sikre helsemessig trygg mat og trygt drikkevatn

Mattilsynet vil arbeide for at maten og drikkevatnet skal vere trygt med omsyn til folkehelse.

Arbeidet med å halde ved like gode hygieniske forhold i alle verksemder i matproduksjonskjeda krev kontinuerleg innsats frå verksemdene og aktiv og målretta innsats frå Mattilsynet.

Regelverket om hygiene og kontroll legg vekt på verksemdene sitt eige ansvar for å etterleve krava, og for å ha system og rutinar som sikrar mattryggleiken i heile matproduksjonskjeda frå og med innsatsvarer og primærproduksjon til og med omsetnad til forbrukarane. Dette gjeld også ved import.

Mattilsynet starta i 2014 arbeidet med å gjere smilefjesordninga i serveringsnæringa landsdekkjande og vil føre vidare dette arbeidet i 2015.

Noreg har slutta seg til Protokollen for vatn og helse i regi av Verdas helseorganisasjon sitt europakontor og FN sin økonomiske kommisjon for Europa (UNECE). Protokollen krev at kvart tilslutta land skal utarbeide nasjonale mål for å betre forholda knytt til vatn og avløp. Slike mål blei fastsette av regjeringa i 2014. Mattilsynet og Folkehelseinstituttet har ansvar for å følgje opp måla og har laga ein gjennomføringsplan for å nå dei. Formålet er å bringe norsk forsyning av vatn og handsaming av avløp i samsvar med dei krava som allereie ligg i regelverket om vatn og avløp.

Mattilsynet vil vurdere utvikling av nytt regelverk og tilsynsmetodar som kan bidra til å skape tryggare forhold rundt import og omsetnad av kosttilskott og liknande næringsmiddel.

Målet om å fremje god helse hos planter, landdyr og fisk

God plante-, landdyr- og fiskehelse er viktige føresetnader for produksjon av trygg mat og for verdiskaping i næringane. Tiltak og rutinar i næringane for å førebyggje introduksjon og spreiing av sjukdom og skadegjerarar er viktig.

Mattilsynet vil arbeide for at helsetilstanden hos planter, landdyr og fisk framleis skal vere god. Klimaendringar og aukande internasjonal handel kan gi større utfordringar. Det er difor viktig med førebyggjande tiltak og god beredskap mot dei mest frykta planteskadegjerarane og smittsame sjukdommane hos landdyr og fisk. Dette er også viktig for å hindre utbrott av dyresjukdom, som også kan smitte over og gi sjukdom hos menneske (zoonosar).

Det er viktig å overvake og gjere tiltak som betrar og sikrar ein gunstig resistenssituasjon i norsk husdyrhald. Overvaking, sanering og smitteførebygjande tiltak mot LA-MRSA (dyreassosierte methicillinresistente Staphylococcus aureus – bakteriar) vil bli vidareført. Likeeins vil ein sjå på tiltak mot resistente bakteriar i fjørfehaldet.

Oppfølging av det harmoniserte forenkla EØS-regelverket for innførsel av kjæledyr vil vere krevjande. Det er nødvendig med hensiktsmessig informasjon til publikum og styrkja tilsyn.

Mattilsynet vil ha merksemd på arbeidet med fiskehelse, m.a. arbeidet for å redusere førekomsten av lakselus og dødelegheita i oppdrettsnæringa.

Målet om å fremje god dyrevelferd og respekt for dyr

Mattilsynet vil ha merksemd på tilsynet med dyrevelferd, både for produksjonsdyr og familie- og sportsdyr. Mattilsynet vil leggje vekt på å utnytte verkemidla i dyrevelferdslova for å fremje god dyrevelferd.

Mattilsynet vil følgje opp nytt regelverk for hald av slaktekylling. Regelverket gir brukarane sterkare insitament til god dyrevelferd fordi dyretettleiken må reduserast i tilfelle der dyrevelferda ikkje er tilfredsstillande.

Lidingar hos og tap av dyr på beite har ulike årsaker og er ei stor utfordring som Mattilsynet vil ha merksemd på. Mattilsynet vil leggje vekt på god samhandling med miljøstyresmaktene når det gjeld tap som skuldast rovvilt, jf. rovviltforliket i Stortinget 2011.

Oppdrettsfisk skal haldast, transporterast og slaktast under etisk akseptable forhold.

Målet om å fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn

Mattilsynet skal arbeide for at mat, drikkevatn og innsatsvarer har rett kvalitet og rett innhald, og at regelverket om merking og ærleg omsetnad blir følgt. Regelverket om merking av mat skal sikre at forbrukarane har tilgang til rett informasjon om eigenskapane til maten.

Mattilsynet vil leggje vekt på å følgje opp EU si nye forordning om matinformasjon, som vil avløyse mykje av det gjeldande regelverket om merking (sjå nærare omtale i kategori 1510).

Nærings- og fiskeridepartementet fastsette i juli 2013 ny forskrift om kvalitet på fisk og fiskevarer. Formålet er å fremje god kvalitet på fisk og fiskevarer til forbrukar og marknadstilgang for norsk fisk og fiskevarer i utlandet. I Prop. L 93 (2012–2013) om den nye fiskesalslagslova er det skissert tiltak for å betre kvaliteten på råstoffet som blir landa. Som oppfølging vil Mattilsynet hausten 2014 sende på høyring utkast til ei forskriftsendring om ei ordning som klargjer fiskesalslagas rolle. Høyringsutkastet foreslår at ordninga blir sett i verk frå 1.1.2015.

Mattilsynet har også viktige oppgåver i ernæringsarbeidet, særleg når det gjeld tilsyn med merking, ernærings- og helsepåstandar og frivillig sunnheitsmerking (Nøkkelholet). Mattilsynet og Helsedirektoratet vil samarbeide om vidareutvikling av kostberekningsprogrammet Kostholdsplanleggeren.

Innhaldet av ulovlege mengder av genmodifisert materiale i næringsmiddel og fôr på den norske marknaden, ser ut til å vere lågt. Problema knytt til sporforureining av genmodifisert materiale synest størst i fôrvarer. Mattilsynet vil føre vidare overvakinga av genmodifisert materiale i både fôr og næringsmiddel.

Målet om å ivareta miljøvennleg produksjon

Mattilsynet vil bidra til at matlova sitt formål om å ivareta miljøvennleg produksjon blir oppfylt, mellom anna med utgangspunkt i miljøhandlingsplanen til Landbruks- og matdepartementet. Kvaliteten på innsatsvarer som såvarer, gjødsel, plantevernmiddel og fôrvarer er avgjerande for miljøvennleg produksjon, og verkar også inn på kvaliteten på maten.

Arbeidet for å redusere bruk, og risikoen ved bruk av plantevernmiddel vil bli ført vidare med utgangspunkt i handlingsplanen på området. Det vil også bli utarbeidd ein ny handlingsplan. For 2015 er det også foreslått ei løyving knytt til Handlingsplan plantevernmiddel, jf. kap. 1150, post 77.15.

Marknadstilgang

Norsk sjømat skal vere trygg og av god kvalitet slik at den blir føretrekt på den globale marknaden. Dei seinare åra har det vore ein auke i krava til dokumentasjon på at produkta som blir eksportert, er trygge. For Noreg som stor eksportør av sjømat er det avgjerande å kunne dokumentere mattryggleik og kvalitet gjennom heile produksjonskjeda.

Mattilsynet har ei viktig rolle i arbeidet med å leggje til rette for marknadstilgang for norske produkt, og kontakt med aktuelle styresmakter i andre land er avgjerande for å betre marknadstilgangen.

Andre område

Dyrehelsepersonell

Mattilsynet forvaltar lovgivinga som skal sikre forsvarleg yrkesutøving hos dyrehelsepersonell. I tilsynet på området vil Mattilsynet leggje vekt på at dyrehelsepersonell driv forsvarleg verksemd, særleg i samband med utlevering og bruk av legemiddel.

Kosmetikk

Mattilsynet vil føre tilsyn og følgje opp arbeidet med å utvikle regelverket som skal sikre at kosmetikk og kroppspleieprodukt er helsemessig sikre for menneske og dyr. Mattilsynet vil samarbeide med Folkehelseinstituttet om å overvake helseskadelege biverknader ved bruk av kosmetikk og kroppspleieprodukt.

Post 22 Reguleringspremie til kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser

Departementet gjer framlegg om ei løyving på posten på 13,0 mill. kroner. Løyvinga skal dekkje utgiftene for Mattilsynet til reguleringspremie til kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser.

Post 23 eSporingsløysinga

Ei ekstern sluttevaluering av eSporingsprosjektet blei gjennomført i 2014 av Menon Business Economics på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet. Evalueringsrapporten er offentleg tilgjengeleg på www.menon.no.

Post 71 Tilskott til erstatningar

Departementet gjer framlegg om ei løyving på posten på 4,2 mill. kroner. På posten vil det bli ført utbetalingar til personar som har ytt naudhjelp til dyr etter dyrevelferdslova § 4 der det ikkje er nokon eigar av dyret som kan dekkje kostnaden. På posten vil det også bli ført kostnader for tiltak sett i verk av Mattilsynet i medhald av matlova, dyrehelsepersonellova og dyrevelferdslova i dei tilfella der kostnaden ikkje kan drivast inn frå eigar.

Kap. 4115 Mattilsynet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Gebyr m.m.

101 361

139 993

162 026

02

Driftsinntekter og refusjonar mv.

14 646

5 369

5 514

15

Refusjon av arbeidsmarknadstiltak

777

16

Refusjon av foreldrepengar

10 383

18

Refusjon av sjukepengar

20 923

Sum kap. 4115

148 090

145 362

167 540

Post 01 Gebyr m.m.

På posten blir gebyrordningane under Mattilsynet ført. Dette omfattar gebyr for særskilde ytingar som Mattilsynet gjer for konkrete brukarar og gebyr for visse tilsyns- og kontrolloppgåver der desse eintydig rettar seg mot konkrete brukarar.

I samband med innlemming av nytt regelverk i EØS-avtalen knytt til forsøksdyr og plantevernmiddel blir det lagt opp til å utvide gebyrpliktene på desse områda. Dette representerer ein auke på posten med 14 mill. kroner.

Mattilsynet sitt gebyr for utskriving av eksportattestar for sjømat blei auka i tråd med Stortingets handsaming av revidert statsbudsjett, jf. Prop. 93 S (2013–2014). Dette gir ein årleg auke i proveny på 5 mill. kroner.

Det er elles ved budsjettering lagt til grunn at gebyrsatsane blir ordinært løns- og prisjustert.

Post 02 Driftsinntekter og refusjonar mv.

På posten blir det mellom anna ført diverse driftsinntekter frå oppgåver som Mattilsynet gjer for anna forvaltning, til dømes for tilsyn med omsetnad av reseptfrie legemiddel utanfor apotek, tilsyn med levande GMO, samt oppgåver knytt til miljøretta helsevern for kommunane. Her vil det også bli ført inntekter frå gebyr for særskilde ytingar som Mattilsynet av omsyn til næringsutøvarane yter utanom ordinær arbeidstid.

Programkategori 15.20 Forsking og innovasjon

Utgifter under programkategori 15.20 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

1137

Forsking og innovasjon

427 398

437 804

419 137

-4,3

Sum kategori 15.20

427 398

437 804

419 137

-4,3

Mål for landbruks- og matforskinga

Forskinga skal gjennom høg kunnskapsproduksjon bidra til å nå dei landbruks- og matpolitiske hovudmåla – matsikkerheit, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk. Vidare er forsking ein føresetnad for at Noreg skal lukkast med å utvikle landbruket til å bli meir effektivt og lønsamt, og levere trygg kvalitetsmat. Norsk landbruk står ovanfor utfordringar som må takast på alvor og møtast med kunnskapsbaserte løysingar og ny forsking.

Både nasjonale og internasjonale utviklingstrekk er viktige bakteppe for landbruks- og matforskinga, og prioriteringane sektoren gjer på forskingsområdet. Stortinget har gjennom handsaminga av Meld. St. 9 (2011–2012) sett som mål at den landbaserte matproduksjonen skal auke i takt med etterspørselen frå den veksande befolkninga i Noreg. Med bakgrunn i dette legg Landbruks- og matdepartementet til grunn at forskinga skal gi viktige bidrag til auka matproduksjon.

Befolkningsvekst og klimaendringar inneber store utfordringar, men også betydelege moglegheiter for sektoren. Kunnskap blir viktig for å møte utfordringane og realisere potensiala. Sektoren har eit godt utgangspunkt gjennom lange tradisjonar for samarbeid om kunnskapsutvikling og forskings- og utviklingsarbeid mellom styresmakter, næringsaktørar og kunnskapsmiljø. Samstundes er det viktig med eit omfattande samspel mellom landbruket og andre sektorar i arbeidet med å fremje forsking og innovasjon. Dette vil leggje grunnlaget for synergiar mellom landbruks- og matnæringane og andre næringar gjennom utveksling av kunnskap, teknologi og idear. Landbruks- og matdepartementet vil leggje vekt på god samordning av midlar til forsking over statsbudsjettet og midlar frå Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt. Løyvingar til forsking over departementet sitt budsjett må også sjåast i samanheng med dei ulike innovasjonsverkemidla i sektoren, jf. nærare omtale under kat. 15.30.

Landbruket rår over eit betydeleg ressursgrunnlag som gir potensial for økonomisk vekst innanfor ei rekkje næringar og innanfor heile verdikjeda, frå primærleddet til forbrukarane. Framover blir det særleg viktig å utvikle kunnskap om biologiske samanhengar og å sikre optimal bruk av dei omfattande biologiske ressursane i sektoren. Auka kunnskap om alt frå grunnleggjande agronomi til bruk av bioteknologi i sortsutvikling og avlsarbeid vil danne grunnlag for ein meir ressurseffektiv, berekraftig og lønsam matproduksjon. Vidare vil ny kunnskap om alternativ utnytting av næringa sine fornybare biologiske ressursar leggje til rette for ny næringsverksemd og framtidig vekst innan den framvoksande bioøkonomien. Departementet vil leggje til rette for alternativ næringsutvikling som grunnlag for ein meir robust og framtidsretta landbruksproduksjon over heile landet. Landbruks- og matforskinga skal difor støtte opp under ein berekraftig bioøkonomi, der dei biobaserte næringane og tilhøyrande industriar står sentralt. Bioøkonomisatsinga til Innovasjon Noreg, under dette Trebasert Innovasjonsprogram og Bioraffineringsprogrammet, vil også vere sentrale verkemiddel på dette området, jf. nærare omtale under kap. 1149.

Etablering av kunnskapsklynger er eit viktig verkemiddel for kompetanse og kunnskapsutvikling. 1.1.2014 blei Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) oppretta. Vidare har regjeringa vedteke at Bioforsk, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF) og Norsk institutt for skog og landskap blir slått saman frå 1.7.2015. Det nye instituttet skal ha hovudsete på Ås. Den felles lokaliseringa av det nye universitetet og Veterinærinstituttet (VI) på Campus Ås frå 2019 vil skape grunnlag for at dei saman med dei andre landbruks- og matfaglege forskingsinstitutta vil kunne danne eit kunnskapsbasert kraftsentrum innanfor undervisning, forsking og innovasjon med basis i produksjonsretta biofag som avl, fôring/ernæring, dyrevelferd, dyrehelse/sjukdom, mat/helse og miljø/ressursforvaltning. Her ligg Noregs moglegheit for å utvikle eit unikt fagmiljø innanfor desse områda, noko som vil vere av stor verdi for utvikling og konkurranseevna til eksisterande næringar som tradisjonell husdyr-/landbruksproduksjon, havbruk og næringsmiddelindustri, men også som grunnlag for å utvikle ny næringsverksemd innanfor bioøkonomien. I tillegg til kompetansemiljøa på Ås, vil også landbruks- og matfagleg kompetanse ved høgskolane vere viktig i framtida.

Den felles lokaliseringa av NMBU, VI og det nye fusjonerte forskingsinstituttet, legg også eit godt grunnlag for å vidareutvikle samarbeid mellom desse miljøa og Nofima. Som det største næringsretta forskingsinstituttet innan akvakultur, fiskeri og matindustri i Europa, har Nofima kompetanse som er sentral for å vidareutvikle og auke konkurranseevna i norsk næringsmiddelindustri. Instituttet bidreg også med viktig kunnskap for forvaltning og politikkutforming i landbruks- og matsektoren. I tillegg er den tverrfaglege tilnærminga til Nofima sentral for å ta ut det potensialet som ligg i samarbeid mellom blå og grøn sektor på matområdet.

Regjeringa legg saman med budsjettet fram ein langtidsplan for forsking og høgare utdanning. Med langtidsplanen varslar regjeringa ein ambisiøs og føreseieleg politikk for forsking og høgare utdanning. Satsinga gir føreseielege rammer gjennom langsiktige mål og prioriteringar, og konkrete satsingar på forskingsinfrastruktur, rekrutteringsstillingar og tiltak for å stimulere til god deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020. For nærare omtale, sjå Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2015–2024 og Prop. 1 S (2014–2015) for Kunnskapsdepartementet.

Landbruks- og matdepartementet legg for 2015 fram ein ny målstruktur med eit tverrgåande mål for forsking.

Forsking, innovasjon og kompetanse skal bidra til at hovudmåla i landbruks- og matpolitikken blir nådde

Målretta bruk av midlar til forsking og innovasjon

For å nå eit mål om å auke den landbaserte matproduksjonen, samstundes som det skal takast nødvendige omsyn til miljø og klima, er det avgjerande å sikre god produktivitet og best mogleg utnytting av tilgjengelege landbruksareal. Kunnskap på agronomiske fagområde og klimatilpassa matproduksjon skal gi auka leveranse frå dei ulike produksjonane, og vise korleis matproduksjonen blir påverka og best kan tilpassast klimaendringane. Forskinga skal også gi viktige bidrag til å oppretthalde ei god plante- og dyrehelse og god dyrevelferd i Noreg.

Landbruks- og matforskinga skal også leggje grunnlaget for omstilling til meir kostnadseffektivt og lønsamt landbruk. Ikkje minst er det eit stort potensial for auka avverking av skog som grunnlag for berekraftig verdiskaping. Dagens treforedlingsindustri har store vanskar i marknaden, men trevirke er eit råstoff med mange ulike bruksområde. Forsking og utvikling er nødvendig for å framskaffe kunnskap om alternativ utnytting av trevirke med sikte på utvikling av nye produkt og produksjonsmetodar, som eit ledd i utviklinga av bioøkonomien. For å ta vare på og auke skogproduksjonen trengst det også ny kunnskap om verknadene av klimaendringane på skogen og skogbruket når det gjeld utbreiing, vekstvilkår og introduksjon av nye skadegjerarar og driftstekniske forhold. Den kommande Skog22-strategien vil leggje eit viktig grunnlag for ein målretta, heilskapleg og koordinert nasjonal FoU-innsats på området.

Jordbruket står for omtrent 8 pst. av dei totale klimagassutsleppa i Noreg. Det er eit mål å halde utsleppa så låge som mogleg samstundes som produksjonen av mat aukar. Samstundes bidreg skogen til opptak av karbon. I Noreg svarar opptaket i skog til halvparten av dei totale utsleppa. Kunnskap som sikrar at karbonlagra i skog og i jord er stabile eller aukar, auka bruk av tre som bygningsmateriale og produksjon av fornybar energi, som til dømes bioenergi, vasskraft og vindkraft, er avgjerande for å optimalisere sektoren sitt bidrag i klimasamanheng. Kunnskap om biologisk mangfald og genetiske ressursar knytt til landbruk, vil vere særs viktig for å sikre utvikling av eit robust landbruk under endra klimaforhold. Vidare vil kunnskap som reduserer næringsstoffavrenning til vassdrag også vere viktig.

Ei høg innovasjonsevne i landbruks- og matsektoren er nødvendig for å oppretthalde eit aktivt og variert landbruk i heile landet og for å sikre høg eigenproduksjon av trygg kvalitetsmat. Landbruks- og matforskinga skal i større grad utløyse innovasjon og verdiskaping. Det er eit mål å vidareutvikle ein kunnskapsbasert landbruks- og matsektor i heile landet gjennom å stimulere næringane i sektoren til å forske meir og til å nytte seg av forskinga til andre, både nasjonalt og internasjonalt. Dette er spesielt viktig for å styrkje konkurranseevna i skogindustrien og næringsmiddelindustrien, der produksjonen er basert på norske landbruksbaserte råvarer. Desse industriane er heilt avhengige av å vere kunnskapsbaserte og fornye seg gjennom innovativ produktutvikling.

Nye produkt og produksjonsmåtar, nye tenester, nye måtar å samarbeide på, nye måtar å organisere næringsverksemd på m.m. vil framover kunne gi moglegheiter for vekst i sektoren. Departementet legg til grunn at kommersialisering og innovasjon med utgangspunkt i kunnskap særleg frå Bioforsk, Skog og landskap, NILF, Veterinærinstituttet og Nofima skal aukast. Vidare legg departementet til grunn at samarbeidet mellom dei landbruksfaglege forskingsinstitutta og næringslivet skal utviklast vidare der siktemålet er auka konkurranseevne i heile landbruks- og matsektoren. Gjennom løyvingar til Nofima, støtter Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt opp under den langsiktige innsatsen deira for å auke konkurranseevna i matindustrien.

Norsk deltaking i internasjonal forsking på landbruks- og matområdet er nødvendig for å løyse felles utfordringar, heve kvaliteten på forskinga her i landet, fornye norsk forsking og for å kunne forstå og nytte forskingsresultat frå andre land. Regjeringa har gjennom den nye strategien for forsking og innovasjonssamarbeid med EU sett seg som mål at to pst. av dei konkurranseutsette midlane i Horisont 2020 skal tilfalle norske aktørar. Ei slik målsetning krev ei omfattande mobilisering og eit godt samspel mellom nasjonale og europeiske forskingsmidlar. Det er difor eit mål å styrkje internasjonalt samarbeid i sektoren og norsk deltaking i EUs nye rammeprogram for forsking og innovasjon – Horisont 2020 – og andre former for forskingssamarbeid, mellom anna aktivitet knytt til ulike ERA-net (samarbeid mellom nasjonale program) og i fellesprogram (Joint Programming Initiatives – JPI). Internasjonal spisskompetanse hos forskingsmiljøa i sektoren er ein føresetnad for å delta i internasjonalt forskingssamarbeid. Vidare vil nordisk samarbeid vere viktig for å løyse felles nordiske forskingsutfordringar og som plattform for felles nordiske initiativ internasjonalt, ikkje minst opp mot Horisont 2020.

Kunnskap og kompetanse er tilgjengelig for næring og forvaltning

Ei målretta politikkutforming med gode avgjerder for landbruks- og matsektoren krev kontinuerleg tilgang på oppdatert kunnskap. Utvikling av politikk og forvaltning må vere forskingsbasert. Samfunnsvitskapleg forsking skal bidra med kunnskap om landbruket si rolle, fremje lokal og regional utvikling og gi kunnskap om korleis ulike drivkrefter påverkar utviklinga i landbruket. Det same gjeld forholdet mellom landbruket og samfunnet elles. Samfunnsvitskapleg forsking vil også gi meir kunnskap om samspelet mellom politikk/forvaltning og næring, og om korleis ein kan optimalisere avgjerdsprosessar i forvaltninga for at slik forsking i størst mogleg grad skal vere ein ressurs for bønder og næring.

Offentlege og private aktørar står i stor grad framfor dei same kunnskapsutfordringane på område som nok og trygg mat, betre ressursutnytting og auka verdiskaping og sysselsetjing i sektoren. Det er difor nødvendig med god dialog mellom næring og forvaltning om forskingsprioriteringar. Siktemålet er å sjå felles kunnskapsbehov i samanheng, og at ressursane til forvaltningsforsking blir nytta effektivt.

Kunnskapssystema i landbrukssektoren er omfattande og består av fleire offentlege og private aktørar på ulike nivå. Det er difor nødvendig å prioritere arbeidet med å vidareutvikle eit velorganisert, tydeleg og effektivt system for kunnskapsformidling.

Landbruks- og matforskinga må følgjast opp med målretta spreiing av kunnskap slik at resultata av forskinga raskt og effektivt når ut til aktørane som kan ha nytte av den, og til allmenta elles. Formidling er difor ei viktig oppgåve for dei landbruks- og matfaglege forskingsmiljøa. Institutta må tilpasse formidlinga slik at forskinga raskt kan nyttast av aktuelle brukarar. Norsk Landbruksrådgiving vil vere eit viktig bindeledd mellom kunnskapsmiljøa og primærjordbruket. Tilsvarande er Skogbrukets Kursinstitutt ein sentral aktør for opplæring og formidling i skogsektoren.

Landbruks- og matdepartementet vil vidareføre arbeidet med å byggje opp under sterke kunnskapsmiljø og sikre eit godt samarbeid mellom dei ulike aktørane innanfor landbruks- og matforskinga. God rekruttering og moderne infrastruktur for forskinga vil også vere viktig for å oppnå auka kvalitet.

Ein effektiv og robust instituttsektor i samspel med andre

Det er eit mål å ha ein effektiv instituttsektor i landbruket, som driv forsking av høg kvalitet og relevans, som har godt omdømme og høg internasjonal konkurransekraft.

Det nye fusjonerte forskingsinstituttet står sentralt i denne samanhengen. Formålet er å etablere eit fagleg og økonomisk robust forskings- og utviklingsmiljø, som leverer kunnskap av høg kvalitet og relevans til næring og forvaltning. Meir ressursar skal nyttast til utvikling av ny kunnskap, innovasjonsretta arbeid og forvaltningsstøtte, og mindre ressursar skal gå til administrasjon, drift og vedlikehald. Departementet vil vidareføre arbeidet med å leggje til rette for faglege og administrative synergiar mellom institutta og med å bidra til at sektoren får eit samla effektivt og profilert regionalt apparat med utgangspunkt i distriktseiningane til institutta. Det skal også bli større grad av tverrfaglegheit og auka samarbeid med universitets- og høgskolesektoren, ikkje minst for å gi betre moglegheit for utvikling av bioøkonomien.

Nasjonale og internasjonale konkurransearenaer, strategiske løyvingar og systematisk oppbygging av kompetanse skal leggje til rette for auka kvalitet i forskingsinstitutta i landbruket.

Det er nødvendig med ein forsterka internasjonal forskingsinnsats på landbruks- og matområdet for å løyse felles utfordringar, fornye norsk forsking og for å kunne forstå og utnytte forskingsresultat frå andre land. Dette krev internasjonal spisskompetanse i forskingsmiljøa. Landbruks- og matforskinga må også følgjast opp med målretta formidling slik at ny kunnskap på ein rask og effektiv måte når ut til aktørane som kan ta kunnskapen i bruk. For å lukkast med dette er det nødvendig å sikre eit godt samarbeid mellom dei ulike aktørane i landbruks- og matnæringa.

Kap. 1137 Forsking og innovasjon

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

50

Forskingsaktivitet, Noregs forskingsråd

235 393

251 651

234 914

51

Basisløyvingar m.m., Noregs forskingsråd

187 774

177 774

175 611

52

Innovasjonsaktivitet m.m.

5 000

5 139

53

Omstillingsmidlar instituttsektoren mv.

4 231

3 379

3 473

Sum kap. 1137

427 398

437 804

419 137

Post 50 Forskingsaktivitet, Noregs forskingsråd

Formål med løyvinga

Løyvinga skal bidra til at dei landbruks- og matpolitiske hovudmåla samt delmåla på forskingsområdet blir nådde. Posten omfattar løyvingar til forskingsprogram i regi av Noregs forskingsråd.

Rapportering 2013

Målretta bruk av midlar til forsking og innovasjon

Forskingsløyvingar over Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett har i hovudsak blitt disponert gjennom Forskingsrådet sitt program Berekraftig verdiskaping i mat- og biobaserte næringar – BIONÆR. Programmet si tematiske avgrensing er jordbruk-, skogbruk- og naturbaserte verdikjeder. BIONÆR finansierer både grunnleggjande og næringsretta forsking, i tillegg til strategisk arbeid med satsingsområdet bioøkonomi. BIONÆR skal utløyse forsking og innovasjon som fremjar Noreg som eit meir biobasert samfunn. Ved å finansiere langsiktige kunnskaps- og kompetansebyggjande forskingsprosjekt bidreg programmet til å byggje kompetanse på tverrfaglege område.

I BIONÆR blei det innvilga 34 nye prosjekt i 2013. Det blei lagt stor vekt på å etablere store, tverrfaglege prosjekt med mål om langsiktig kompetansebygging. Prioriterte område var mellom anna forskingsbasert innovasjon innanfor næringsmiddelindustri og relevante bionæringar, og innanfor dette området var det i 2013 oppstart av 21 innovasjonsprosjekt, med ei total løyving på 72,5 mill. kroner. Innanfor området agronomi blei det lagt vekt på utfordringane norsk jordbruk står overfor knytt til forventningane om auka matproduksjon. Vidare har område som mat/matindustri, herunder auka konkurranseevne i næringsmiddelindustrien, auka bruk av tre, samt skogbruk vore prioriterte område i 2013.

Etter ei fellesutlysing mellom BIOTEK2021 og BIONÆR blei fire forskingsprosjekt for innovativ forsking i skjeringspunktet bioteknologi og bionæringar starta opp i 2013, mellom anna eit prosjekt innanfor prioner i geit og eit om utnytting av restråstoff/matavfall.

Vidare er dei prioriterte innsatsområda for forsking frå Kunnskapsstatus for husdyrforsking nytta som underlag for utlysing av midlar i 2013.

Eit aktivt og lønsamt skogbruk og konkurransedyktig skogindustri er viktig for busetjing, sysselsetjing og næringsutvikling. Det er nødvendig med forsking for ytterlegare å styrkje skogen sitt bidrag til verdiskaping i heile landet, og for å nå energi-, klima- og miljømåla. Viktige innsatsområde er auka bruk av trevirke, energiproduksjon basert på tre og aktiv utnytting av skogen i nærings- og klimasamanheng. Det er i første rekkje BIONÆR som har hatt forskingsprosjekt på desse områda, men forskingsprosjekt i NORKLIMA og Miljø 2015 gir også viktige bidrag.

Ein vesentleg del av Landbruks- og matdepartementet si løyving er retta mot forskingsinnsats for å redusere utslepp til luft og vatn og ei auke i opptaket av CO2 i skog og jord. Samla forskingsinnsats knytt til desse områda har i 2013 vore på om lag 50 mill. kroner. Primært har det vore prosjekt innanfor bioenergi, agronomi og planteproduksjon i jordbruket, samt prosjekt innanfor berekraftig skogproduksjon.

Innsatsen til forskingsprogrammet ENERGIX (2013–2022) dekkjer alle områda til Landbruks- og matdepartementet innanfor bioenergi; biovarme, avfall til biogass og biodrivstoff. Produksjon av fornybar energi er eit næringstungt område, og innovasjonsprosjekt dominerer porteføljen. Det blei i 2013 innvilga seks prosjekt innanfor bioenergi og anna varme.

Løyvinga til KLIMAFORSK over departementets budsjett var i 2013 på 7 mill. kroner og var retta mot prosjekt som skal auke kunnskapen om tilpassing av landbruket til eit endra klima, samt kunnskap om korleis utslepp av klimagassar frå landbruket kan reduserast.

Løyvinga frå departementet til bioenergiforsking var på om lag 40 mill. kroner i 2013. Den omfattande satsinga som no skjer på bioenergiområdet skal både auke leveransen av energi til samfunnet og bidra til arbeidsplassar og lønsame verksemder i sektoren.

Skogressursane har i fleire tiår vore lite brukt i Noreg. Med moglegheitene for bioenergi og visjonar for ny bioraffinering har det dei siste åra vore satsa mykje på å utvikle ei lønsam verdikjede. Norsk institutt for skog og landskap har, saman med Sintef og fleire skogeigarforeningar, gjennomført eit prosjekt som har levert kvalitetsdefinisjonar av viktige parametrar som treslag, flistype, tettleik, fukt, kjemisk samansetnad og brennverdi. Dette har gitt viktige underlag for effektiv logistikk og omsetnad i heile kjeda og til nødvendig standardisering. Prosjektet har hausta mykje erfaring frå tilsvarande arbeid i Sverige, og studiar viser at effektiviteten i Noreg er like god som i Sverige.

Ein stor del av løyvinga til Forskingsrådet over Landbruks- og matdepartementets budsjett går til forsking for å auke innovasjonsgraden og konkurranseevna innan næringane til landbrukssektoren. Tematisk innretta program som BIONÆR og Store program i Forskingsrådet, samt SkatteFUNN og Virkemiddel for regional FoU og innovasjon (VRI-ordninga), har vore viktige verkemiddel for å mobilisere næringslivet til å investere meir i FoU. Den brukarstyrte forskinga utløyser også betydelege private midlar til forsking. Landbruks- og matdepartementets løyvingar blei i 2013 mellom anna nytta til ei felles utlysing om innovasjonsprosjekt i næringslivet, i samarbeid med Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt (FFL) og forskingsmiddel over Jordbruksavtalen (JA). Departementets løyving er vidare nytta til målretta arbeid med å få forsking høgare opp på dagsorden i regionane, gjennom VRI-satsingar på grøn næring i sju regionar, som har høvesvis mat, landbruk eller bioenergi som innsatsområde. Næringsretta prosjekt innan landbruk og næringsmiddelindustri treff også godt i SkatteFUNN. I 2013 blei det registrert 39 pågåande prosjekt innan skog- og tresektoren, og 206 prosjekt innan jordbruk og mat.

BIONÆR stiller krav om internasjonalt samarbeid i sine utlysingar av langsiktig forsking. Det er no norske deltakarar i fleire ERA-NET-prosjekt, og fleire av nettverka har utlysingar ute som blir avgjort i 2014. På landbruks- og matområdet er JPIen Agriculture, Food Security and Climate Change (FACCE) vidareført. Det blei gjennomført fleire utlysningar i regi av JPI FACCE i 2013, der Noreg deltok i to, ei ERA-NET+-utlysing innanfor klimasmart landbruk, og ei utlysing i samarbeid med ERA-NET BiodivERsa med temaet matsikkerheit og biodiversitet.

Norsk matforsking er også representert i internasjonalt samarbeid gjennom nordisk samarbeid og bilaterale forskingsprosjekt. Forskingsrådet og Landbruks- og matdepartementet deltek i arbeidet i The European Agricultural Research (EURAGRI) og i Standing Committee for Agricultural Research (SCAR).

EUs 7. rammeprogram blei avslutta ved utgangen av 2013. Dei endelege resultata viser at innan landbruk og mat har suksessrata vore 24 pst. Totalt utgjer returen 42,6 mill. euro, der om lag halvparten er innan grøn sektor.

Kunnskap og kompetanse er tilgjengeleg for næring og forvaltning

Dei handlings- og næringsretta programma til Forskingsrådet er i sin heilskap retta mot både sektoren og kunnskapsbehov i forvaltninga. Forskingsprogramma BIONÆR, Miljø 2015, KLIMAFORSK, og ENERGIX er viktige verkemiddel for kunnskapsutviklinga for forvaltninga, og for å nå målet om høg kvalitet og relevans i forskinga. I tillegg til porteføljen av samfunnsfaglege prosjekt på rammevilkår og næringspolitikk, har det dei siste to åra blitt lagt vekt på at samfunnsfaglege problemstillingar må integrerast i prosjekt der dette er relevant.

Det er pågåande innsats for å auke kvalitet og relevans i forskinga. Innsatsen skjer mellom anna gjennom forsking på nasjonalt prioriterte område, forskingsbasert innovasjon, forsking i næringslivet, forsking i tråd med kunnskapsbehov i sektoren og forvaltninga i tillegg til internasjonalt forskingssamarbeid.

Det er eit aktivt samarbeid mellom Forskingsrådet og styret for fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt og jordbruksavtalen om bransjeretta matforsking. Desse fonda finansierer i hovudsak open forsking til nytte for aktørane i bransjen. Samarbeidet med næringsfonda har som formål å bidra til ei heilskapeleg og effektiv forvaltning av dei samla forskingsmidla innan landbruks- og marin sektor, og å sikre forskingsfagleg kvalitet i prosjekta.

God og tilpassa forskingsformidling er viktig for at resultata frå forskinga kan takast i bruk, både av primærprodusentane og resten av ledda i verdikjeda. Formidling er i stor grad integrert i forskingsaktivitetane og programverksemda. Gjennom VRI-programmet blir det samarbeidd med regionale partnarskap, FoU-miljø og andre relevante utviklingsaktørar for å stimulere til læring, innovasjon og verdiskaping i verksemder med liten FoU-erfaring. Norsk landbruksrådgiving er eit bindeled mellom forskinga og landbruket og har ei viktig rolle i å formidle kunnskap til næringsutøvarane. Forskingskommunikasjonen omfattar tiltak for å fremje dialog mellom forsking og samfunn, og for å bidra til at forsking blir brukt i politikk, forvaltning og næringsutvikling. Programma har gitt viktige bidrag til formidling av ny kunnskap mellom anna gjennom konferansar, utlysing av konferansestøtte, og stipendiatsamlingar.

Budsjettframlegg 2015

Regjeringa har fastsett nye mål for Forskingsrådet. Bakgrunnen er at både evalueringa av Forskingsrådet og Riksrevisjonen peikte på utfordringar knytt til det eksisterande mål- og resultatstyringssystemet (MRS) for Forskingsrådet. Kunnskapsdepartementet starta hausten 2013 eit prosjekt for å vidareutvikle systemet for mål- og resultatstyring av Forskingsrådet.

Måla for Forskingsrådet i 2015 er som følgjer:

  • auka vitskapleg kvalitet

  • auka verdiskaping i næringslivet

  • å møte store samfunnsutfordringar

  • eit velfungerande forskingssystem

  • god rådgiving

Sjå Prop. 1 S (2014–2015) frå Kunnskapsdepartementet for ei nærare omtale av desse måla.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 234,914 mill. kroner over kap. 1137, post 50 i 2015. Løyvinga følgjer dei fire hovudmålområda, samt dei tre delmåla på forsking, omtalt i kat. 15.20.

For regjeringa er det viktig å prioritere den forskinga som bidreg til matsikkerheit, mattryggleik, under dette forsking vedrørande antibiotikaresistens, klima og auka lønsemd i sektoren. For å oppnå dette er tverrfaglegheit sentralt. Regjeringa vil også vidareføre forskingsinnsatsen på berekraftig skogbruk, auka bruk av trevirke og fornybar energi på om lag same nivå. Det er lagt opp til at forskinginnsatsen retta mot områda næringsmiddelindustri, tenester, samfunn/politikk og arealforvaltning blir redusert i 2015.

Departementet vil vidareføre prioriteringane av forsking på områda betre agronomi og auka matproduksjon. Løyvinga over posten skal også bidra til kunnskapsutvikling som sikrar god plante- og dyrehelse og dyrevelferd, trygg mat og eit landbruk som tek nødvendige omsyn til natur og miljø. Klimaendringane skapar utfordringar, men også betydelege moglegheiter for det norske landbruket. Avlingsnivået kan auke, eksisterande plantesortar kan få auka utbreiing og nye plantesortar og artar kan takast i bruk. Forskinga skal synleggjere moglegheiter og bidra til auka lønsemd i norsk landbruk innanfor eit endra klima. Auka kunnskap om alt frå grunnleggjande agronomi til bruk av bioteknologi i sortsutvikling og avlsarbeid vil danne grunnlag for ein meir ressurseffektiv, berekraftig og lønsam matproduksjon. Løyvinga må sjåast i samanheng med internasjonal forskingsaktivitet på desse områda.

Det er viktig at landbruks- og matforskinga bidreg til auka innovasjon og konkurranseevne innanfor dei mange næringane i landbruket. I dette arbeidet står den brukarstyrte forskinga og den kunnskapsbaserte bioøkonomien sentralt, der produksjon av mat og biomasse i landbruket og næringar som baserer seg på denne biomassen vil spele ei sentral rolle.

Kunnskapsmiljøa på landbruks- og matområdet er sentrale for den forskingsbaserte utviklinga av norsk næringsmiddelindustri. Departementet ser det som viktig at næringa aukar forskingsinnsatsen sin, mellom anna gjennom meir aktiv bruk av den forsterka SkatteFUNN-ordninga.

Forskingsinnsatsen på klima og fornybar energi er ein viktig del av regjeringas offensive klimapolitikk. Over fleire år har forsking på opptak og lagring av karbon i jord og skog, blitt prioritert. Forsking som bidreg til berekraftig skogbruk, auka bruk av tre med sikte på varig binding av karbon og miljøgevinstar ved at tre erstattar materiale som gir meir klimautslepp, er også viktig.

Landbruks- og matdepartementet ønskjer auka kommersialisering av forskingsresultat. For å oppnå dette er det viktig at Innovasjon Noreg, forskingsinstitutta, SIVA – Selskapet for industrivekst og Forskingsrådet samarbeidar om å auke innovasjonsgrada i sektoren. Departementet vil vidareføre arbeidet med å leggje til rette for auka samarbeid mellom dei landbruksfaglege institutta og andre kunnskapsmiljø på Campus Ås med sikte på auka kommersialisering av kunnskap frå forsking. Støtta til programmet Virkemiddel for regional FoU og innovasjon (VRI) i Noregs forskingsråd blir vidareført i 2015.

Høg internasjonalisering av landbruks- og matforskinga er eit mål. Noregs forskingsråd skal sikre at dei nasjonale forskingsprogramma vidareutviklar sitt strategiske, tematiske og finansielle samspel med EU-forskinga, inkludert det nye programmet Horisont 2020. Aktiviteten innanfor fellesprogrammet JPI FACCE (Agriculture, Food Security and Climate Change) skal vidareførast. I tråd med Regjeringa si satsing på Horisont 2020, skal dei Landbruks- og matfaglege forskingsinstitutta utarbeide strategiar for eigen EU-satsing.

Nordisk komité for jordbruks- og matforsking skal støtte opp under forskings- og innovasjonssystema i dei nordiske landa og vere ei felles plattform for nordiske initiativ internasjonalt. Departementet legg vekt på at ein også i 2015 vidareutviklar det nordiske samarbeidet.

Offentlege og private aktørar står i stor grad overfor dei same kunnskapsutfordringane innanfor område som nok og trygg mat, betre ressursutnytting og auka verdiskaping og sysselsetjing i landbruks- og matnæringane. Det er difor nødvendig med god dialog mellom næring og forvaltning om forskingsprioriteringane. Siktemålet er at felles kunnskapsbehov skal sjåast i samanheng, og at ressursane til forsking skal utnyttast effektivt. Det vil difor vere behov for både brukarstyrt forsking og forsking for forvaltning på landbruks- og matområdet.

Forskingsprosjekta må følgjast opp med målretta formidling slik at ny kunnskap på ein rask og effektiv måte når ut til aktørane som kan ha nytte av den. Formidlinga skal vere tilpassa både spesifikke brukargrupper og allmenta, og framstilt slik at den kan bli forstått og brukt raskt.

Forsking er sentralt for å støtte opp under forvaltninga sitt behov for kunnskap, og som ledd i utvikling av dei mange verdikjedene til landbruket. Sentralt står departementet sitt ansvar for å sikre nok og trygg mat. Andre område der forsking dannar eit viktig grunnlag er dyre- og plantehelse, dyrevelferd, miljøomsyn og ressursforvaltning, genetiske ressursar, verknad av økonomisk støtte til sektoren m.m. Vidare vil samfunnsvitskapleg forsking bidra med kunnskap om landbruket si rolle, fremje lokal og regional utvikling og gi kunnskap om korleis ulike drivkrefter påverkar utviklinga i landbruket.

Landbruks- og matdepartementet fører vidare løyvinga til dei landbruksfaglege miljøa ved Høgskolen i Nord-Trøndelag og Høgskolen i Hedmark, til og med 2015. Løyvinga skal bidra til å oppretthalde og vidareutvikle gode kunnskapsklynger for norsk landbruk.

Post 51 Basisløyvingar m.m., Noregs forskingsråd

Forskingsrådet har ansvar for tildeling av basisløyvinga til dei fem forskingsinstitutta under Landbruks- og matdepartementet sitt ansvarsområde: Bioforsk, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF), Norsk institutt for skog og landskap, Norsk senter for bygdeforskning (Bygdeforskning) og Veterinærinstituttet. I tillegg til dei fem institutta får Nofima AS strategiske midlar frå basisløyvinga til Landbruks- og matdepartementet.

Bioforsk og Veterinærinstituttet blir omtalt nærare i kap. 1112 og NILF og Norsk institutt for skog og landskap i kap. 1141. Bygdeforskning er ein frittståande nasjonal forskingsstiftelse som bidreg med samfunnsvitskapeleg forsking innanfor bygdesosiologi og fleirfaglege bygdestudiar. Nofima er eit viktig institutt for utvikling av norsk mat- og næringsmiddelproduksjon innan grøn og blå sektor.

Formål med løyvinga

Formålet med basisløyvinga er å sikre ein sterk instituttsektor som kan tilby brukarretta forsking av høg internasjonal kvalitet til næringslivet og forvaltninga på landbruks- og matområda. Løyvingane skal nyttast til langsiktig kunnskaps- og kompetansebygging, og skal stimulere til vitskapeleg kvalitet, internasjonalisering og samarbeid, og nyttas i tråd med retningslinene for statleg basisløyving av forskingsinstitutt.

Rapportering 2013

Retningslinene for statlege basisløyvingar til forskingsinstitutta blei endra 1.7.2013. Dei reviderte retningslinene forenklar systemet ved at tre av indikatorane for resultatbasert omfordeling er tekne ut. Ordninga med strategiske instituttsatsingar blei vidareført for primærnæringsarenaen med eit tak på 30 pst.

Rapporteringa nedanfor gjeld dei fem landbruks- og matforskingsinstitutta nemnt ovanfor. For omtale av Nofima, sjå fagproposisjonen frå Nærings- og fiskeridepartementet.

Forskingsrådets vurdering er at alle institutta sist år har brukt løyvinga til formål i samsvar med føringane i retningslina.

Tabell 2.1 Økonomiske nøkkeltal for landbruks- og matforskingsinstitutta for 2013

Driftsinntekter1

Driftsresultat

Grunnløyving

Løyving til strategiske instituttsatsingar2

Basisløyving per forskarårsverk

Basisløyving i pst. av driftsinntektene

Mill. kr.

Mill. kr.

Mill. kr.

Mill. kr.

Forholdstal

Pst.

Bioforsk

424,4

-13,33

85,2

2,5

0,380

21

Bygdeforskning

29,6

-0,5

8,9

0

0,489

30

NILF

57,7

-0,4

12,1

0

0,527

21

Norsk institutt for skog og landskap

209,9

0,7

37,7

3,3

0,516

20

Veterinærinstituttet

353,4

1,5

20,9

1,8

0,146

6

Sum

1075

-12

164,8

7,6

Vekta gjennomsnitt

0,341

16

1 Samla inntekter eksklusive finansinntekter og ekstraordinære inntekter.

2 Tal basert på rapportert forbruk

3 Etter avrekning mot verksemd finansiert av løyvingar, blir underskottet redusert til 6,4 mill. kroner

Kjelde: Forskingsrådet. Årsrapport 2013, Primærnæringsinstituttene

Dei samla driftsinntektene for dei fem landbruks- og matforskingsinstitutta var i fjor 1 075 mill. kroner, ein reduksjon på 3,4 pst. frå sist år. Det samla driftsresultatet for institutta var negativt for andre år på rad. Resultat samt inntekts- og kostnadsstruktur varierer mellom institutta.

Omrekna til publikasjonspoeng utgjorde publikasjonane til dei fem institutta til saman 288 poeng i fjor, ein reduksjon på 3 pst. frå året før (296). Veterinærinstituttet og Bioforsk leverte kvar for seg i overkant av 1/3 av publiseringspoenga til dei fem institutta. Basisløyvinga har stor verdi for den vitskapelege produksjonen.

Tabell 2.2 Oversikt over personale og publisering ved landbruks- og matforskingsinstitutta for 2013

Samla årsverk

Forskarårsverk i pst. av samla årsverk

Tilsette med dr. grad per forskarårsverk

Publikasjonspoeng1

Publikasjonspoeng per forskarårsverk

Tal

Pst.

Forholdstal

Tal

Forholdstal

Bioforsk

416

56

0,73

100

0,43

Bygdeforskning

24

75

0,83

18

0,97

NILF

63

37

0,70

13

0,56

Norsk institutt for skog og landskap

212

37

0,98

51

0,65

Veterinærinstituttet

332

47

0,83

106

0,68

Sum

1047

288

Vekta gjennomsnitt

48

0,80

0,57

1 Publikasjonspoeng er eit vekta uttrykk for publiseringsaktivitet og nivå, som gir eit mål på vitskapeleg produksjon av fagfellevurderte artiklar i tidsskrift/antologiar og monografiar.

Kjelde: Forskingsrådet. Årsrapport 2013, Primærnæringsinstituttene

Bioforsk

Bioforsk hadde eit driftsunderskott for andre året på rad med 13,3 mill. kroner i 2013. Om lag 1/5 av driftsinntektene kjem frå næringslivet. Dette gjer Bioforsk til det mest næringsretta av dei fem institutta.

Instituttet har nytta 87,7 mill. kroner i basisløyving frå Forskingsrådet. Dette fordeler seg med 85,2 mill. kroner i grunnløyving og 2,5 mill. kroner til vidareførte strategiske instituttsatsingar. Basisløyvinga utgjorde 21 pst. av inntektene. Om lag 0,2 mill. kroner blei omfordelt til andre institutt gjennom den resultatbaserte omfordelinga.

I 2013 hadde Bioforsk 416 årsverk. Til saman 231 av årsverka var forskarar, ein auke frå 227 året før. Den vitskaplege produksjonen resulterte i 139 artiklar i periodika og seriar og 27 artiklar i antologiar. Bioforsk oppnådde 0,43 publikasjonspoeng per forskarårsverk. Den vitskapelege publiseringa auka med 2 pst. frå året før.

Bygdeforskning

Bygdeforskning hadde eit driftsunderskott på 0,5 mill. kroner i 2013. Det økonomiske resultatet var negativt også tre av dei fire siste åra. Instituttet hentar 50 pst. av driftsinntekta frå Forskingsrådet.

Instituttet har nytta 8,9 mill. kroner i basisløyving frå Forskingsrådet. Løyvinga utgjer i 2013 utelukkande grunnløyving. Basisløyvinga utgjer 30 pst. av driftsinntektene til Bygdeforskning, den høgaste delen på arenaen. Instituttet er ubetydeleg påverka av den resultatbaserte omfordelinga.

Det var 24 årsverk i Bygdeforskning der 18 av årsverka var forskarar. Bygdeforskning oppnådde 0,97 publikasjonspoeng per forskarårsverk. Dette var svakare enn året innan, men likevel det høgaste resultatet på arenaen i fjor.

Norsk Institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF)

NILF hadde eit driftsunderskott på 0,4 mill. kroner i 2013, mot 0,1 mill. kroner i overskott året før. Over 40 pst. av driftsinntekta kjem frå forvaltningsoppdrag.

Instituttet har i 2013 nytta 12,1 mill. kroner i basisløyving frå Forskingsrådet. Basisløyvinga utgjorde 21 pst. av inntektene. Om lag 0,1 mill. kroner blei omfordelt til andre institutt i den resultatbaserte omfordelinga.

Talet på årsverk var 63. Til saman 23 av årsverka var forskarar. Den vitskapelege produksjonen resulterte i 20 artiklar i periodika og seriar og 1 artikkel i antologi. NILF oppnådde 0,56 publikasjonspoeng pr forskarårsverk, noko som var høgare enn året før.

Norsk institutt for skog og landskap

Norsk institutt for skog og landskap hadde eit driftsoverskott på 0,7 mill. kroner i 2013, mot 2,2 mill. kroner året før.

Instituttet nytta ei basisfinansiering frå Forskingsrådet på 41,0 mill. kroner. Basisløyvinga var fordelt på 37,7 mill. kroner i grunnløyving og 3,3 mill. kroner i strategiske instituttsatsingar. Basisløyvinga til Norsk institutt for skog og landskap utgjorde 20 pst. av inntektene. Om lag 0,5 mill. kroner blei omfordelt til andre institutt i den resultatbaserte omfordelinga.

Instituttet hadde 212 årsverk, mot 209 året før. Forskarar utgjorde 79 årsverk, ein auke på 9 årsverk frå året før. Den vitskapelege produksjonen resulterte i 79 artiklar i periodika og seriar og 9 artiklar i antologiar. Instituttet oppnådde 0,65 publikasjonspoeng per forskarårsverk, som var svakare enn toppåret 2012.

Veterinærinstituttet

Veterinærinstituttet hadde i 2013 eit driftsoverskott på 1,5 mill. kroner, mot eit underskott på 4,0 mill. kroner året før.

Instituttet nytta ei basisfinansiering på 22,7 mill. kroner frå Forskingsrådet. Basisløyvinga var fordelt på ei grunnløyving på 20,9 mill. kroner og 1,8 mill. kroner til strategiske instituttsatsingar. Basisløyvinga utgjorde 6 pst. av driftsinntektene til instituttet, det lågaste talet på arenaen. Om lag 0,1 mill. kroner blei omfordelt til Veterinærinstituttet frå andre institutt på arenaen i den resultatbaserte omfordelinga.

Instituttet hadde 332 årsverk. Forskarar utgjorde 155 årsverk. Veterinærinstituttet hadde 0,68 publikasjonspoeng per forskarårsverk i 2013, om lag på same nivå som 2012.

Budsjettframlegg 2015

Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei samla løyving på 175,611 mill. kroner til basisløyvingar til forskingsinstitutt.

Landbruks- og matdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet er ansvarlege for basisløyvingane til primærnæringsarenaen. Arenaen omfattar Bioforsk, Bygdeforskning, Nofima AS, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF), Norsk institutt for skog og landskap, SINTEF Fiskeri og havbruk og Veterinærinstituttet.

Basisløyvinga blir fordelt på primærnæringsarenaen i tråd med formålet slik det går fram av retningslinene og Prop. 1 S (2014–2015). Det betyr at alle dei sju institutta er med i konkurransen om den resultatbaserte delen av løyvinga. Den statlege basisfinansieringa av forskingsinstitutta består av grunnløyving og strategiske løyvingar. Grunnløyvinga er sett saman av ein fast del og ein resultatbasert del på 2,5 pst. av grunnløyvingsramma for primærnæringsinstitutta.

Nasjonalt samarbeid og arbeidsdeling mellom dei landbruks- og matvitskaplege forskingsinstitusjonane er ein føresetnad for rasjonell utnytting av ressursane. Regjeringa har vedteke å slå saman Bioforsk, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF) og Norsk institutt for skog og landskap frå 1.7.2015, jf. innleiinga og kat. 15.20.

Det vil vurderast etablert nye strategiske instituttsatsingar på fagområde som kan leggje til rette for tett kopling mellom fagområde og bidra til større nytte for brukarane og samfunnet frå denne løyvinga.

Post 52 Innovasjonsaktivitet m.m.

Formål med løyvinga

Løyvinga skal støtte opp under eit meir robust og framtidsretta landbruk over heile landet gjennom å tilby inkubatortjenester til vekstbedrifter i ein tidleg fase. Satsinga skal fremje auka innovasjon gjennom å vidareutvikle målretta tilbod til nyetablerte bedrifter innan fagleg rådgiving forretningsutvikling samt gi tilgang til nødvendig kompetanse, nettverk og lokale. Tilboda skal tilpassas virksomhetenes behov for individuell oppfølging og skje i eit miljø med høg kompetanse på innovasjon og næringsutvikling. Løyvinga skal mellom anna fremje kommersialisering av kunnskap frå forsking i landbruks- og matsektoren.

Budsjettframlegg 2015

Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 5,139 mill. kroner til innovasjonsaktivitet mv.

Post 53 Omstillingsmidlar instituttsektoren mv.

Formål med løyvinga

Løyvinga skal bidra til omstilling i landbrukets instituttsektor der siktemålet er meir faglege og økonomisk robuste institutt. I første rekkje skal løyvinga bidra til å realisere fusjon av Bioforsk, Norsk institutt for skog og landskap og Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking. Regjeringa har vedteke at desse institutta skal fusjonerast 1.7.2015. Vidare kan løyvinga bidra til å førebu flytting av Veterinærinstituttet til Ås.

Rapportering 2013

Også i 2013 gjekk ein stor del av løyvinga til å dekkje delar av kostnadene knytt til planlegging av nytt bygg og organisasjonsutviklingsprosessar for Veterinærinstituttet i samband med den vedtekne flyttinga til Ås.

Det blei i 2013 gitt ei løyving på 0,4 mill. kroner som bidrag til auka fagleg og administrativt samarbeid mellom forskingsinstitutta Bioforsk, Veterinærinstituttet, Skog og landskap, NILF, Bygdeforskning og Nofima.

Hausten 2013 oppnevnte Landbruks- og matdepartementet ei arbeidsgruppe, som fekk i mandat å utreie moglegheitsrom og fagleg innhald i eit midtnorsk kompetansesenter for landbruk ved Høgskulen i Nord-Trøndelag (HiNT) i Steinkjer. Rapporten blei levert Landbruks- og matdepartementet i 2014.

Budsjettframlegg 2015

Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 3,473 mill. kroner.

Løyvinga skal gå til å dekkje delar av kostnadene til Veterinærinstituttet i samband med flyttinga til Ås, og til omstillingsarbeid i samband med fusjon av Bioforsk, NILF og Skog og landskap.

Programkategori 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

Utgifter under programkategori 15.30 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

1138

Støtte til organisasjonar m.m.

30 372

29 640

25 015

-15,6

1139

Genressursar, miljø- og ressurs registreringar

40 437

37 925

35 177

-7,2

1141

Kunnskapsutvikling m.m. innan miljø- og næringstiltak i landbruket

122 010

125 631

129 128

2,8

1142

Landbruksdirektoratet

420 060

1143

Statens landbruksforvaltning

351 422

364 241

-100,0

1144

Regionale og lokale tiltak i landbruket

6 150

6 610

4 002

-39,5

1147

Statens reindriftsforvaltning

55 756

64 899

-100,0

1148

Naturskade – erstatningar

254 000

185 700

169 200

-8,9

1149

Verdiskapings- og utviklingstiltak i skogbruket

101 926

81 813

72 654

-11,2

1150

Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

14 062 783

14 415 447

14 306 304

-0,8

1151

Til gjennomføring av reindriftsavtalen

88 030

109 500

111 500

1,8

1161

Myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver på statsgrunn

22 694

23 488

22 075

-6,0

Sum kategori 15.30

15 135 579

15 444 894

15 295 115

-1,0

Inntekter under programkategori 15.30 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

4142

Landbruksdirektoratet

39 740

4143

Statens landbruksforvaltning

57 557

38 625

-100,0

4147

Statens reindriftsforvaltning

1 535

39

-100,0

4150

Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

2

59 520

30 000

-49,6

4162

Statskog SF – forvaltning av statleg eigarskap

200 000

50 000

10 000

-80,0

5576

Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet

140 378

125 000

125 000

0,0

Sum kategori 15.30

399 473

273 184

204 740

-25,1

Prioriteringar i 2015

Internasjonale prosessar

Regjeringa vil innanfor gitte landbrukspolitiske rammer arbeide for ein friare handel med landbruksvarer. Noreg forhandlar om marknadstilgang for landbruksvarer innanfor Verdas handelsorganisajon (WTO), EØS-avtalen og EFTA-samarbeidet.

I WTO-forhandlingane var det i 2013 framgang i den breie forhandlingsrunden som starta opp på ministerkonferansen i Doha i 2001. På ministerkonferansen i Bali i desember 2013 blei ministrane samde om vidare arbeid på fleire område, mellom anna at det i løpet av 2014 skal utarbeidast eit arbeidsprogram for dei vidare forhandlingane. Grunna at medlemslanda i WTO ikkje klarte å bli samde om gjennomføring av avtalen frå Bali om handelsforenkling innan fristen 31.7.2014, er det no skapt usikkerheit om oppfølgjing av alle vedtaka frå ministerkonferansen i desember 2013. Vidare framdrift i WTO er difor uklar. Regjeringa vil prioritere arbeidet med å få på plass ein ny multilateral avtale. Når det gjeld forpliktingane i eksisterande WTO-avtale, må departementet tilpasse verkemiddelbruken i landbruket slik at Noreg held seg innanfor avgrensingane for produksjonsretta landbruksstøtte.

EØS-avtalen opnar for avtalar mellom Noreg og EU om handel med landbruksvarer. Hausten 2014 startar forhandlingar om ein ny avtale om handel med landbruksvarer (artikkel 19 i EØS-avtalen). Siste avtale blei sett i verk 1.1.2012. For foredla landbruksvarer, jf. Protokoll 3 til EØS-avtalen, gjeld avtalen som blei sett i verk 1.11.2004. EFTA forhandlar i 2014 med ei rekkje land om inngåing av handelsavtalar, mellom andre India, Malaysia, Indonesia og Vietnam. Handel med både uforedla og foredla landbruksvarer inngår i EFTA-forhandlingane.

Regelverket for arealbruk, endringar i arealbruk og skog i Kyoto-protokollen for den gjeldande avtaleperioden blei gjort klart under konferansen i Durban i 2011. I arbeidet med ein ny framtidig, heilskapleg klimaavtale vil departementet prioritere deltaking i arbeid med strategiar og posisjonsnotat for avtaletekstar på skog og arealbruk. I tillegg krev ei integrering av jordbruk og mattryggleik i klimaforhandlingane både engasjement og brei støtte. Dette arbeidet starta opp på konferansen i Warszawa i november 2013, der ein i første omgang ser på tilpassing til eit endra klima og på effektiv produksjon av mat. På dette området er det viktig å sikre eit godt samarbeid mellom FN sin klimaorganisasjon (UNFCCC), FN sin organisasjon for ernæring og landbruk (FAO), Verdsbanken og aktuelle samarbeidsland.

Arbeidet FN gjer er viktig for global utvikling og effektiv internasjonal samhandling og førande for politikkutforminga i Noreg.

FAO er den sentrale organisasjonen for fagleg og politisk samarbeid på fleire felt innanfor jordbruk, mat, skogbruk og fiskeri. FAO vil i 2015 arbeide vidare med å følgje opp prioriteringane frå toppmøtet i Rio i juni 2012 om berekraftig utvikling, der global matsikkerheit hadde ein sentral plass. Noreg vil støtte aktivt opp om FAOs arbeid på dette området. I den norske strategien for arbeid med matsikkerheit og landbruk i u-land er det lagt opp til ein budsjettauke på 500 mill. kroner over UD sitt budsjett fordelt på åra 2013–2015, med særleg vekt på auka matproduksjon i eit endra klima. Andre viktige mål er å auke engasjementet frå næringslivet, styrkje forskinga og minske svinnet i produksjonskjeda for mat. Noreg har slutta seg til den internasjonale alliansen for klimasmart landbruk, som blei lansert på FN sitt klimatoppmøte hausten 2014.

Departementet vil framleis ta aktivt del i og støtte opp om FAO sitt arbeid med berekraftig skogforvaltning. FAO har ei særleg viktig rolle i samarbeidet med land om ressursoversiktar og kartlegging av utviklinga i forvaltning av skogressursane. Departementet vil også ta aktivt del i arbeidet under FAO sin kommisjon for genetiske ressursar og den internasjonale traktaten for plantegenetiske ressursar for mat og landbruk. Dette inneber også vidareutvikling av det globale frølageret på Svalbard. Departementet vil i 2015 spesielt arbeide for forbetringar av det multilaterale systemet for tilgang og fordelsdeling knytt til genressursar i plantetraktaten. Dette vil bidra til meir effektiv planteforedling og høgare matproduksjon både i Noreg og i andre land.

Det er behov for eit sterkt og forpliktande internasjonalt samarbeid for å løyse grenseoverskridande skogpolitiske utfordringar og for å sikre ei berekraftig forvaltning av skog internasjonalt. FN sitt skogforum (UNFF) har ei rolle i å leggje premissar for berekraftig skogforvaltning globalt. Noreg vil delta på den ellevte sesjonen av UNFF i 2015, der hovudtema er vidareføringa av det globale samarbeidet om berekraftig skogforvaltning. Forest Europe er ein arena for dette på regionalt nivå. Arbeidet i Forest Europe la grunnlaget for å starte forhandlingar om ein rettsleg forpliktande europeisk avtale om berekraftig skogforvaltning. Forhandlingane har så langt ikkje ført fram, men resultatet av forhandlingane skal vere tema for ein ekstraordinær ministerkonferanse hausten 2015. Departementet vil i 2015 halde fram arbeidet med å vidareutvikle det europeiske samarbeidet om berekraftig skogforvaltning i Europa.

Målet med det nordiske samarbeidet i ministerrådet for fiskeri, jordbruk, næringsmiddel og skogbruk (MR-FJLS) er å skape meirverdi gjennom felles nordisk innsats, nordisk nytte, for dei enkelte nordiske landa og innbyggjarane deira. Nidarosdeklarasjonen, som blei vedteken på ministermøtet i Trondheim i 2012 blir følgt opp av Island i formannskapsprogrammet deira i 2014 gjennom satsing på bioøkonomi og det tverrfaglege prosjektet NorBio. Dette er eit treårig prosjekt som også krev engasjement frå MR-FJLS i 2015. Det danske formannskapet i 2015 vil gjennom ministerrådet rette innsats mellom anna mot Grøn vekst, Branding av Norden, som inkluderer Ny Nordisk Mat, og Det blå arktis. MR-FJLS vil også i 2015 arbeide internasjonalt med mellom anna FAO, Verdas helseorganisasjon (WHO) og EU.

Matsikkerheit og landbruk over heile landet

Regjeringa vil arbeide for ein landbrukspolitikk som gir trygg og sikker mat, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og ei berekraftig næring. Matproduksjon er jordbruket si hovudoppgåve.

Regjeringa vil stimulere til auka matproduksjon av omsyn til mellom anna norske forbrukarar og til beredskap. Verkemidla skal innrettast slik at dei bidreg til auka produksjon. Regjeringa vil leggje til rette for landbruk over heile landet. Dette krev framleis differensiering av verkemidla. Regjeringa vil sikre ein hensiktsmessig bruk av statlege overføringar, redusere kostnadsnivået og gi bonden nye og betre inntektsmoglegheiter. Det skal satsast på alternativ næringsutvikling for å gi grunnlag for ein meir robust og framtidsretta landbruksproduksjon over heile landet.

Jordbruket sysselsette i 2013 om lag 48 100 årsverk. Matindustrien er den nest største industribransjen i Noreg. Nærings- og nytelsesmiddelindustrien, inklusive fiskevarer, hadde i 2013 ein brutto produksjonsverdi på om lag 172 mrd. kroner, ein auke på 4,3 pst. frå året før. Næringsmiddelindustrien bidrog med 37 mrd. kroner i verdiskaping i 2013 og ei sysselsetjing på om lag 55 000 personar. Det er ei gjensidig binding mellom norsk næringsmiddelindustri og norsk landbruk, og det er viktig å sikre verdiskaping og lønsemd i heile verdikjeda. Det er viktig å halde ved lag norsk matproduksjon som kan sikre tilgang på norske råvarer til næringsmiddelindustrien over heile landet, for å sikre at norske forbrukarar får den maten dei ønskjer.

Skogbruk og trebasert industri sysselsette i 2012 i underkant av 24 000 personar. Trebasert industri hadde i 2012 ein brutto produksjonsverdi på om lag 43 mrd. kroner, og eksporterte for om lag 9,8 mrd. kroner. Førstehandsverdien av tømmeret som blei omsett var på i underkant av 3 mrd. kroner.

Jordbruksoppgjeret

Verkemidla i jordbruksavtalen må bli utforma slik at enkeltbonden finn rom for utvikling og auka matproduksjon. Regjeringa legg vekt på å gjennomføre tiltak som aukar moglegheitene for tilpassing på det enkelte bruket. Råderetten bonden har over eigen eigedom skal styrkast. Det bør vere det lokale ressursgrunnlaget og kompetansen til bonden og interesser som avgjer tilpassingane i større grad enn offentlege avgrensingar og komplekse tilskottsordningar.

Regjeringa vil sikre landbruket føreseielege rammevilkår som kan bidra til at den samla lønsemda i næringa kan bli betre i åra som kjem. Utøvarane i landbruket skal kunne ha ei inntektsutvikling og sosiale vilkår på line med andre grupper. Gode inntektsmoglegheiter er ein føresetnad for auka matproduksjon, og nødvendig for at næringa skal rekruttere kompetent arbeidskraft og at unge menneske skal finne ei framtid innan jordbruket. Stortinget si handsaming av jordbruksoppgjeret i 2014 legg til rette for ein inntektsvekst på 5 ¼ pst. i 2015 samanlikna 2014, før oppgjer. Deler av ramma får inntektseffekt frå 1. juli, og inntektene vil kunne auke med om lag 1 ½ pst. i 2014 og ytterlegare 3 ¾ pst. i 2015.

Oppgjeret i 2014 legg opp til ein fordelingsprofil med grunnlag i desse prioriteringane. Det er lagt vekt på å leggje til rette for auka produksjon ved å prioritere produksjonsavhengig støtte og å fjerne produksjonstak og andre avgrensingar. Det blir lagt til rette for eit enklare verkemiddelsystem som vidareførar ein variert bruksstruktur. Regjeringa vil styrkje landbruket gjennom forenkling av lover, reglar og støtteordningar, og oppheve avgrensingar som hindrar effektiv utnytting av kapasiteten på enkeltbruk. Forenkling av verkemiddelapparatet forenklar kvardagen til bonden og bidreg til effektivitet, betre forvaltning og oversikt. Verkemidla på fleire område skal bli gjennomgått med sikte på auka effektivitet og forenkling.

Oppgjeret gir ein auke i målprisane på 340 mill. kroner frå 1. juli 2014, og regjeringa gjer framlegg om å vidareføre løyvinga til gjennomføring av jordbruksavtalen over kap. 1150 i 2015.

Eigedoms- og busetjingspolitikk

Dei om lag 154 000 landbrukseigedommane med bustadhus i Noreg utgjer eit viktig grunnlag for sysselsetjing og busetjing, og for utvikling og produksjon av varer og tenester med utgangspunkt i landbruket.

Sjølv om det i dei seinare åra er gjort fleire endringar i eigedomslovene i landbruket, meiner regjeringa det er behov for vesentlege endringar når det gjeld regulering av fast eigedom. Regjeringa vil gi den enkelte bonden større råderett over eigen eigedom, mellom anna ved å fjerne reglar som hindrar investeringar og ein velfungerande marknad for omsetjing av landbrukseigedommar. Dette vil gi grunnlag for å utnytte landbruksressursane på ein betre måte og stimulere til auka matproduksjon. Det vil også leggje til rette for å få ned delen leigejord og for at areala kan drivast av dei som satsar på landbruket og ønskjer å styrkje ressursgrunnlaget på eige bruk.

Som eit ledd i dette arbeidet har regjeringa sendt Stortinget proposisjon om oppheving av priskontrollen i konsesjonslova, jf. Prop. 124 L (2013–2014). I tråd med Sudvolden-erklæringa vil regjeringa oppheve konsesjonslova og buplikta, delingsforbodet i jordlova samt greie ut praktiseringa og effekten av driveplikta og vurdere oppheving. Regjeringa vil også gå gjennom leigejordsproblematikken og verknaden dette har på agronomien i norsk landbruk.

Økonomisk og økologisk berekraftig reindrift

Reindrifta er ei urfolksnæring som er unik både i nasjonal og internasjonal samanheng. Reindrifta bidreg til eit levande landbruk gjennom beitebruk i fjellområde og utmark, og har eit stort potensial for auka verdiskaping. Styresmaktene er inne i sluttfasen av dei prosessane som reindriftslova føreskriv for fastsetjing og reduksjon av talet på rein. I dei siidaene som må redusere talet på rein, har den enkelte siidaandelen fått fastsett ein frist for reduksjon av flokken sin. Det er no ansvaret til den enkelte siidaandelen å følgje opp vedtaka som er fatta og gjennomføre sjølve reduksjonen innan gitte fristar. I dette arbeidet er det sentralt at styresmaktene held fast ved det opplegget som er valt, slik at reintallsprosessen blir gjennomført. Først ved ei gjennomføring av lovprosessane, har ein eit tilstrekkeleg grunnlag for å vurdere effekten av dei lovbaserte verkemidla.

27.5.2013 vedtok Stortinget ei endring av reindriftslova som inneber ei avvikling av områdestyra og overføring av oppgåvene frå desse styra til Fylkesmannen. Samstundes gav Stortinget si støtte til regjeringa sitt framlegg om ei administrativ overføring av områdekontora til Fylkesmannen. Hensikta med endringane er i større grad å harmonisere og inkludere forvaltninga av reindrifta med anna offentleg forvaltning og å tydeleggjere forvaltningsstrukturen. Vidare vil endringane gi ei offentleg forvaltning av reindrifta som er tydeleg og oversiktleg i struktur, oppbygging og oppgåvefordeling. Sjå nærare omtale under kap. 1147.

For å nå dei reindriftspolitiske måla er det nødvendig at reindriftslova og reindriftsavtalen utfyller kvarandre. Gjennom Reindriftsavtalen 2014/2015 er det lagt til rette for dette, mellom anna ved at det no blir mogeleg å nytte økonomiske verkemiddel for å følgje opp godkjende bruksreglar. I dette ligg det at siidaandeler som ikkje reduserer talet på dyr i samsvar med reduksjonsplanane, eller følgjer opp med ein forholdsmessig reduksjon gjennom slaktesesongen 2014/2015, vil få ei betydeleg avkorting i tilskotta sine. Reindriftsavtalen 2014/2015 legg til rette for auka slakting og omsetnad av reinkjøtt i alle ledda i verdikjeda. På denne måten bidreg avtalen til ei positiv utvikling og inntening hos den enkelte reindriftsutøvaren. Samstundes underbyggjer avtalen den dreiinga ein har hatt dei siste åra, der ein har lagt til rette for dei reindriftsutøvarane som har reindrift som hovudverksemd.

Reindrifta er svært arealavhengig, og inngrep og uro innanfor reinbeiteområda har auka dei siste tiåra. Den nye plan- og bygningslova er den sentrale lova for arealforvaltning. Lova gir nye moglegheiter for ei meir heilskapleg forvaltning av areal i det enkelte reinbeitedistriktet. For å leggje til rette for ei betre sikring av areal nytta i reindrifta, vil det vere viktig at fylkeskommunar og kommunar i dei samiske reinbeiteområda følgjer opp nasjonale føringar og tek dei nye verkemidla i bruk.

Verdiskaping og berekraft

Konkurransekraft og lønsam utnytting av ressursane i landbruket

Regjeringa vil bidra til eit levedyktig landbruk ved å styrkje moglegheita for verdiskaping. Investeringsverkemidla og næringsutviklingsprogramma i landbruket har som mål å bidra til å oppnå dette. Ein vesentleg del av løyvingane under Landbrukets utviklingsfond (LUF) er difor prioritert til ordningar som skal stimulere til næringsutvikling i landbruket, der bygdeutviklingsmidlane (BU-ordninga) og Utviklingsprogrammet for lokalmat og grønt reiseliv er dei største ordningane. I jordbruksoppgjeret for 2014 blei særskilt avsetjinga til Utviklingsprogrammet for lokalmat og grønt reiseliv prioritert, med særskilt merksemd mot stimulering av vekstbedrifter, forpliktande produsentsamanslutningar og dei små reiselivsaktørane.

Regionale bygdeutviklingsprogram synleggjer prioriteringar og tilpassingar av verkemiddelbruken innanfor næringsutvikling. Samspelet mellom forvaltning, forsking og næringa sjølv er avgjerande for å oppnå gode resultat på dette området.

Regjeringa er oppteken av konkurranse og berekraft i verdikjeda for mat. Verdikjeda er prega av ein sterk marknadskonsentrasjon både på leverandørsida og daglegvaresida. I Noreg har vi hatt to offentlege utval som har utgreidd konkurranseforholda. Det er gjort framlegg om tiltak for å sikre sunn konkurranse i alle ledd, og ei velfungerande verdikjede til beste for forbrukarane. Konkurransekraft og forbrukarinteresser er eit område regjeringa vil prioritere framover.

Landbruks- og matsektoren sitt arbeid for å sikre god og rett kompetanse i landbruket står sentralt i arbeidet for å sikre eit aktivt landbruk, verdiskaping og busetjing i heile landet. Auka produksjon av mat i tider med endring i klima krev kompetanse i heile verdikjeda. Eit styrkt skogbruk som skal bidra til å nå viktige klimamål, vil også innebere behov for auka rekruttering til næringa. Regjeringa vil difor arbeide for å få fleire til å velje landbruk som yrke, både innanfor jord- og skogbruk, industri, rådgiving, forvaltning, utdanning og forsking. I jordbruksoppgjeret 2012 blei det avsett 2 mill. kroner til gjennomføring av ei evaluering og kartlegging innanfor landbruksutdanningane. Kartlegginga og evalueringa er utført av Østlandsforsking m.fl. Sluttrapporten gir viktig kunnskap i Landbruks- og matdepartementet og Kunnskapsdepartementet sitt vidare arbeid for å utvikle landbruks- og gartnarutdanning på vidaregåande nivå i tråd med behova til næringa.

Skognæringen har gått sammen om et nasjonalt prosjekt for å møte rekrutterings- og kompetanseutfordringar i skogbruket – Velg Skog. Skogbruket trenger yngre krefter, og må vise seg som en attraktiv næring i en verden der mange konkurrerer om ungdommen. Visjonen for prosjektet er å sikre samfunnet tilstrekkeleg tilgang på fremtidsrettet kompetanse for en samfunnsmessig optimal forvaltning av skogressursene. Departementet har støtta opp om dette prosjektet. Tiltak for å styrkje arbeidet med rekruttering til utdanning innanfor landbruk og matfag på alle nivå, vil bli sett i verk, jf. omtale av rekruttering, likestilling og kompetanseheving under kap. 1150.

Økologiske driftsmåtar kan bidra med kunnskap og erfaringar for meir miljøvennleg produksjon, samtidig som økologiske produkt representerer eit mangfald forbrukarane etterspør. Løyvingane over jordbruksavtalen skal sikre stabilitet for produsentar med økologisk drift, uavhengig av svingingar i marknaden. Samla for alle produktgrupper auka omsetnaden av økologiske produkt med 16 pst. frå 2012 til 2013. Den samla satsinga på økologisk produksjon over jordbruksavtalen i 2015 er på om lag 156 mill. kroner.

Verkemidla i nasjonalt og regionale miljøprogram skal bidra til at jordbruksproduksjonen fører til minst mogleg forureining og tap av næringsstoff. Arbeidet med å redusere utslepp til jord, vatn og luft blir følgt opp gjennom dei regionale miljøprogramma.

Departementet legg opp til ei vidare satsing for å redusere forureininga frå fosfor, nitrogen og erosjon til vassdrag og kystområde. Departementet har sett i gang ein gjennomgang av regelverket om lagring og bruk av husdyrgjødsel der målet er ei betre utnytting av næringsstoffa.

Det skal gjennomførast ei samla utgreiing av miljøvirkemidla under miljøprogramma til jordbruksoppgjeret 2015 med sikte på målretting og forenklingar for miljø, næring og forvaltning, og på å redusere talet støtteordningar og auke formålseffektiviteten ved verkemiddelbruken.

For å nå måla i Handlingsplan for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel (2010–2014) blir det mellom anna lagt sterk vekt på kunnskap og haldningar hos produsentane, særleg om integrert plantevern, der ulike tiltak og metodar for å redusere bruken av kjemiske plantevernmiddel blir kombinerte. Arbeidet blir ført vidare, samtidig som arbeidet med ny handlingsplan vil bli sett i gang.

Berekraftig skogbruk og konkurransedyktige skog- og trebaserte verdikjeder

Skogbruket er ei viktig næring i distrikta, og det er trebasert næringsverksemd i dei aller fleste kommunane i Noreg. Skogbruk og trebasert industri hadde i 2012 i underkant av 24 000 sysselsette. Skogen tek opp store mengder CO2, som blir lagra i biomasse og jordsmonn og er difor viktig i klimasamanheng. Auka bruk av fornybar bioenergi og auka bruk av tre framfor innsatsfaktorar basert på fossile ressursar, kan gi viktige bidrag til energiforsyninga og minske utsleppa av klimagassar.

I eit lågutsleppssamfunn vil utnyttinga av fornybare biologiske ressursar, der karbonet følgjer eit berekraftig kretsløp, bli langt viktigare. Dette kretsløpet utgjer eit vesentleg potensial for fangst og lagring av klimagassar. Bioøkonomi, som er verdiskaping basert på biomasse frå jord, skog og hav, kan difor få ein betydeleg større plass i framtidas næringsliv. Noreg har god tilgang på bioråstoff. Basert på fornybar energi og relevant kompetanse frå prosessindustri og petroleumsrelatert verksemnd, kan norsk biomasse frå jord, skog og hav omdannast til eit breitt spekter av høgverdige produkt som vil bli etterspurde frå ein sterkt veksande verdsbefolkning. I tillegg vil ein i ei rekkje nye samanhengar sjå nye gjennombrott i bruksmåtar for bioteknologi.

Skogsektoren er ein del av ein open, global marknad. Ein konkurransedyktig skogindustri i Noreg er avgjerande for velfungerande verdikjeder og for størst mogleg verdiskaping knytt til norsk tømmer. Etter fleire år med nedleggingar i treforedlingsindustrien i Noreg har det vore ein sterk auke i tømmereksporten, spesielt for massevirke. Dette har førebels løyst dei største utfordringane knytte til avsetning av massevirke og flis, og har ført til at norske sagbruk har nødvendige leveransar av tømmer, men det er eit mål at større delar av avverkinga kan foredlast i Noreg. Regjeringa sette i 2013 i gang eit arbeid for å utarbeide ein strategi for auka konkurranseevne i skogsektoren – Skog22. Arbeidet skal vere ferdig innan utgangen av 2014. Strategien skal bidra til å realisere verdiskapingspotensialet i skogsektoren og bidra til utvikling av ein moderne bioøkonomi. Forsking og utvikling vil vere viktig i utviklinga av verdikjedene knytt til skog, og strategien vil leggje eit viktig grunnlag for ein målretta, heilskapleg og koordinert nasjonal FoU-innsats på området. Skogen har ei viktig rolle i klimapolitikken, og regjeringa vil styrkje dei klimapolitiske målsetjingane i forvaltninga av norsk skog. Skogen er også leveområde for mange arter, rik på kulturminne og ei viktig kjelde til friluftsliv og gode opplevingar.

Regjeringa vil føre ein offensiv skogpolitikk, og legg til grunn at verdiskapinga i skogsektoren kan aukast ytterlegare. Regjeringa vil styrkje oppbygginga av skogressursane. Dei viktigaste verkemidla i skogpolitikken er skogfond, tilskott til nærings- og miljøtiltak, tilskott til skogbruksplanlegging med miljøregistreringar, tiltak for auka bruk av tre og bruk av bioenergi. Stabile rammevilkår og forenkling av lovverket vil også vere viktig for skogbruket.

For å lette tilgangen til skogbruks- og miljødata, har departementet teke initiativ til å samle relevant dokumentasjon i ein årleg rapport om berekraftig skogbruk – næring og miljø. Den første rapporten kom våren 2014. Rapporten dokumenterer skogen sitt store ressurspotensial, viktigheita i klimasamanheng og resultata av miljøomsyn som har blitt innført dei seinaste tiåra.

Regjeringa vil leggje til rette rammevilkåra for å styrkje konkurransekrafta i verdikjedene knytt til skogsektoren. Ein god infrastruktur i form av vegar og jernbane er viktig for å styrkje konkurransekrafta til fastlandsindustrien. Regjeringa vil leggje til rette for vidareutvikling av skogsvegnettet gjennom bygging av nye vegar og modernisering av eksisterande skogsvegar. Også utbygging av tømmerkaiterminalar er viktig for auka verdiskaping i skogsektoren. Regjeringa vil styrkje satsinga på infrastruktur i skogbruket i 2015.

Fylkesmennene og kommunane har ansvar for å føre tilsyn med at skogeigarane følgjer opp foryngingsplikta. Departementet vil føre vidare satsinga på prosjektet Miljøregistreringar i skog (MiS-prosjektet) og innsatsen for skogbruksplanlegging, for å leggje eit grunnlag for berekraftig skogbruk.

Skogplanteforedling er viktig for å auke verdiskapinga frå skogressursane, og regjeringa vil difor vidareføre innsatsen på dette feltet. Planteforedling er også nødvendig for å sikre klimatilpassing og auka opptak av CO2.

Auka produksjon av bioenergi skal bidra til å nå målet til regjeringa om større produksjon av fornybar energi og til å redusere utsleppa av klimagassar. Det viktigaste verkemidlet er Bioenergiprogrammet.

Trebasert Innovasjonsprogram er eit hovudverkemiddel for å auke bruken av tre. Auka bruk av tre bidreg til å styrkje lønsemda i verdikjeda. Bruk av tre er også eit klimapolitisk tiltak fordi trevirke bind karbon gjennom heile livsløpet.

Det skjer ei kontinuerleg utvikling av tre som materiale og av trearkitekturen, og den aukande interessa for trebaserte løysingar i byggenæringa har bidrege til at nye konsept og løysingar er blitt utvikla med mellom anna høghus i massivtre. Det er framleis venta stor aktivitet i utviklinga av nye konsept og løysingar.

Arealressursane, kulturlandskapet og klima

Berre 3 pst. av arealet i Noreg er jordbruksareal. Det er viktig å ta vare på gode jordbruksareal og matjord. Samstundes må jordvernet balanserast mot storsamfunnets behov.

Aktiv drift i landbruket er den viktigaste føresetnaden for å ta vare på kulturlandskapet. Kulturlandskap forma av landbruket er viktige for identitet og tilknyting. Dei gir ei ramme for satsingar på kultur, lokal mat, friluftsliv, busetjing og turisme, og er leveområde for mange artar av planter og dyr. Variasjonen i dette kulturlandskapet må oppretthaldast, og ei målretta forvaltning kan bidra til å nå målet om å stoppe tapet av biologisk mangfald og ta vare på kulturminne. Dei kommunale miljøverkemidla og dei regionale miljøprogramma over jordbruksavtalen skal bidra til å oppretthalde det biologiske mangfaldet og kulturminna i kulturlandskapet. I tillegg er det viktig at kommunane forvaltar landskapsverdiane i den kommunale planlegginga og lagar planar som kan liggje til grunn for god forvaltning.

Landbruks- og matdepartementet vil også framover samarbeide med Klima- og miljødepartementet om dei 22 utvalde kulturlandskapa i jordbruket.

I 2015 vil departementet føre vidare satsinga på tiltak for skogbruksplanlegging med miljøregistreringar og miljøretta tilskott. Fleirårige handlingsplanar for bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar blant planter, husdyr og skogstre skal følgjast opp.

Departementet driftar Svalbard globale frøhvelv som har som mål å lagre sikkerheitskopiar av frø frå verdas viktigaste matvekstar. Frølageret har også ei viktig rolle når det gjeld å skape auka forståing for genetiske ressursar og det internasjonale samarbeidet om dette, og departementet vil styrkje arbeidet med å gjere frøhvelvet kjent internasjonalt. Departementet vil leggje vekt på å sikre eit effektivt nordisk samarbeid om bevaring av genetiske ressursar i Nordisk genressurssenter (NordGen) og det nordiske partnarskapet for frøforedling, som har som mål å styrkje planteforedlinga og nytte dei nordiske genressursane betre.

Verkemidla i nasjonalt og regionale miljøprogram skal bidra til at jordbruksproduksjonen fører til minst mogleg forureining og tap av næringsstoff. Arbeidet med å redusere utslepp til jord, vatn og luft blir følgt opp gjennom dei regionale miljøprogramma.

Skogen har ei viktig rolle i klimapolitikken til regjeringa. Regjeringa vil bruke skogen for å sikre eit høgt opptak av CO2 slik at karbonlageret i skogen stadig aukar. Dette skal mellom anna skje ved å leggje til rette for tettare planting av ny skog etter hogst, etablering av skog på nye areal, meir og betre skogplanteforedling og målretta gjødsling av skog. Det er utvikla miljøkriterium for planting av skog på nye areal og for målretta gjødsling. Samstundes skal skogressursane nyttast til å produsere meir fornybar energi og tremateriale. Vidare vil departementet fortsetje arbeidet med å redusere klimagassutsleppa frå jordbruket, mellom anna ved satsing på biogass. Det skal gjennomførast ei partssamansett utgreiing om utfordringane i landbruket i møte med klimaendringane innan utgangen av 2015.

Klimaendringar aukar risikoen for at nye plante- og dyresjukdommar og zoonosar etablerer seg i Noreg. Det forventa smittepresset må bli møtt med god beredskap og førebyggjande tiltak. Departementet vil også prioritere midlar til planteforedling og utvikling av sortar, med sikte på betre klimatilpassing. Det er eit særs langsiktig arbeid å prøve ut eller utvikle nye sortar til bruk i landbruket i Noreg.

Noreg skal vere blant dei leiande landa i arbeidet med produksjon av kunnskap for eit klimatilpassa landbruk, jf. mellom anna Meld. St. 33 (2012–2013) Klimatilpasning i Norge. Departementet legg opp til ein koordinert og målretta innsats innanfor forsking og utvikling (FoU). Departementet vil utvikle det internasjonale forskingssamarbeidet vidare.

Kap. 1138 Støtte til organisasjonar m.m.

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

70

Støtte til organisasjonar, kan overførast

24 737

25 603

20 845

71

Internasjonalt skogpolitisk samarbeid – organisasjonar og prosessar, kan overførast

5 635

4 037

4 170

Sum kap. 1138

30 372

29 640

25 015

Post 70 Støtte til organisasjonar

Formål med løyvinga

Formålet med løyvinga er å bidra til å halde oppe aktiviteten i organisasjonar som arbeider innanfor landbruks- og matpolitiske satsingsområde. Departementet kan gi støtte til organisasjonar på nasjonalt nivå innan landbruks- og matområdet som:

  • formidlar kunnskap, interesse og positive haldningar til landbruks- og matsektoren

  • fremjar forståing for grøne verdiar hos ungdom spesielt og allmenta generelt

  • bidreg til å synleggjere yrkesmoglegheiter knytte til gardsbruk og bygdenæringar

  • fremjar miljøarbeid, verdiskaping og næringsutvikling knytt til grøn tenesteproduksjon

  • fremjar likestilling i arbeidet sitt

Storleiken på tilskotta blir mellom anna fastsett ut frå ei vurdering av aktivitetsnivået til organisasjonane, den finansielle situasjonen deira og anna finansiering som organisasjonane mottek.

Innsendte årsmeldingar og revisorgodkjende rekneskap er grunnlag for oppfølging og kontroll. Eventuelle andre vilkår som blir lagde til grunn i tilskottsbrev til den enkelte organisasjonen, blir også følgde opp.

Rapportering 2013

Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om løyvingar til organisasjonar direkte i budsjettproposisjonen. I 2013 blei det gitt 24,737 mill. kroner i støtte til organisasjonar, jf. Tabell 2.3.

Tabell 2.3 Oversikt over støtte til organisasjonar, 2013

Organisasjon

Støtte 2013 (kroner)

Biologisk-dynamisk Foreining

175 000

Bondens marked

500 000

Det norske Skogselskap

1 140 000

Dyrevernalliansen

400 000

Dyrevern Ung

100 000

Folkeaksjonen ny rovdyrpolitikk

1 050 000

Hageselskapet

1 100 000

Hanen

2 050 000

Hest og Helse

200 000

Jenter i skogbruket1

172 000

Norges Birøkterlag

220 000

Norges Bygdekvinnelag

400 000

Norges Bygdeungdomslag

200 000

Norges Vel

2 000 000

Norske lakseelver

500 000

Norsk Gardsost

250 000

Norsk juletre – rådgiving juletre og pyntegrønt

80 000

Norsk Kulturarv

350 000

Norsk seterkultur

250 000

OIKOS – Økologisk Norge

2 900 000

Slipp oss til – ungdom inn i landbruket

250 000

Spire

100 000

Vitenparken2

3 250 000

4H Norge

7 100 000

Sum

24 737 000

1 Jenter i skogbruket endra i 2013 namn til Kvinner i skogbruket.

2 Norsk landbruksmuseum endra i 2013 namn til Vitenparken.

Budsjettframlegg 2015

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 20,845 mill. kroner for 2015. Dette er ein nominell reduksjon på om lag 4,8 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2014. Landbruks- og matdepartementet har motteke 30 søknader for 2015, og blant desse er det 11 nye søkjarar. Løyvinga er fordelt på 25 organisasjonar, jf. Tabell 2.4. Organisasjonar på nasjonalt nivå som arbeider innanfor landbruks- og matpolitiske satsingsområde er prioriterte i framlegget. Som ei følgje av reduksjonen på posten er løyvingar til enkeltorganisasjonar reduserte.

Som ein del av ordninga har departementet frå 2013 inngått samarbeidsavtalar med enkeltorganisasjonar. Innhaldet i samarbeidsavtalane er fastsett i dialog med dei aktuelle organisasjonane. Det er inngått treårige samarbeidsavtalar med 14 organisasjonar frå 2013: Norges Vel, 4H Norge, Norsk Landbruksmuseum, OIKOS – økologisk landslag, Slipp oss til – ungdom inn i landbruket, Norges Bygdekvinnelag, Norsk Kulturarv, Hageselskapet, Kvinner i skogbruket, Det Norske Skogselskap, Hest og Helse, Hanen, Norske lakseelver og Bondens marked. I avtalane er det presisert at departementet ikkje er forplikta til ei konkret løyving til den enkelte organisasjon i avtaleperioden. Løyving er gitt for eitt år om gongen, og med atterhald om løyving frå Stortinget i avtaleperioden. 2015 er siste år i avtaleperioden. Det blir ikkje inngått nye samarbeidsavtalar, og dei eksisterande samarbeidsavtalane blir ikkje fornya.

Tabell 2.4 Oversikt over støtte i 2014 og budsjettframlegg for 2015

Organisasjon

Støtte 2014

Forslag 2015

Biologisk-dynamisk Foreining

150 000

100 000

Bondens marked

500 000

500 000

Det norske Skogselskap

1 140 000

800 000

Dyrebeskyttelsen

-

400 000

Dyrevernalliansen

400 000

400 000

Dyrevern Ung

100 000

100 000

Folkeaksjonen ny rovdyrpolitikk

1 500 000

1 500 000

Geitmyra matkultursenter for barn

400 000

300 000

Hageselskapet

1 100 000

800 000

Hanen

2 050 000

2 050 000

Hest og Helse

200 000

150 000

Kvinner i skogbruket

172 000

100 000

Natur og Ungdom

100 000

-

Nobio – norsk bioenergiforening

170 000

-

Norges Birøkterlag

221 000

150 000

Norges Bygdekvinnelag

400 000

250 000

Norges Bygdeungdomslag

-

100 000

Norges Vel

2 000 000

1 000 000

Norske lakseelver

500 000

300 000

Norsk Gardsost

250 000

250 000

Norsk Kulturarv

350 000

250 000

Norsk seterkultur

-

150 000

OIKOS – Økologisk Norge

2 900 000

2 000 000

Slipp oss til – ungdom inn i landbruket

250 000

200 000

Spire

100 000

-

TreSenteret

300 000

300 000

Vitenparken

3 250 000

2 000 000

4H Norge

7 100 000

6 695 000

Sum

25 603 000

20 845 000

Post 71 Internasjonalt skogpolitisk samarbeid – organisasjonar og prosessar

Formål med løyvinga

Posten omfattar midlar som skal dekkje Noreg sin del av finansieringa av internasjonale skogpolitiske prosessar, tilskott til organisasjonar, kostnader til rapportering og anna. Departementet vil leggje opp til å nytte kompetanse og personar ved norske institusjonar, som til dømes Norsk institutt for skog og landskap, i det internasjonale skogpolitiske arbeidet.

Noreg arbeider for eit sterkt og forpliktande internasjonalt samarbeid for å løyse grenseoverskridande skogpolitiske utfordringar og for å sikre ei berekraftig forvaltning av skog internasjonalt. FN sitt skogforum (UNFF) er ein viktig arena for dette globalt, mens Forest Europe er den sentrale arenaen for samarbeid om skogpolitikk på regionalt nivå i Europa. Forest Europe samlar dei europeiske landa og ei rekkje internasjonale og frivillige organisasjonar om strategiar for å møte utfordringar og moglegheiter som skogsektoren i Europa står overfor.

Løyvinga skal også nyttast til medverknad frå Noreg i andre forum for internasjonalt samarbeid om skogspørsmål, som til dømes FN sin organisasjon for ernæring og landbruk (FAO) og European Forest Institute (EFI).

Rapportering 2013

Over posten blei det løyvd midlar til internasjonalt skogpolitisk arbeid. Noreg har lagt stor vekt på det skogpolitiske samarbeidet i Forest Europe, og hadde formannskapet for samarbeidet mellom 2008 og 2011. I 2013 blei det arbeidd med å følgje opp vedtaka frå ministerkonferansen i Oslo i 2011. Noreg bidreg til finansieringa av prosessen gjennom ein årleg kontingent. I 2013 var denne på om lag 1 mill. kroner, tilsvarande 16 pst. av det samla budsjettet for sekretariatet.

Hovudtyngda av det europeiske skogpolitiske arbeidet i 2013 var forhandlingar om ein europeisk avtale om berekraftig skogforvaltning. Noreg har delteke i byrået som har ansvar for å drive arbeidet med ein europeisk skogavtale framover, og har vore blant bidragsytarane til finansieringa av forhandlingane. Noreg har finansiert ei stilling i FAO, som bidrag til sekretariatet for forhandlingskomiteen.

Løyvinga på denne posten blei også nytta til å støtte medverknad frå Noreg i United Nations Economic Commission for Europe (UNECE). UNECE har ein tømmerkomité som legg til rette informasjon og statistikk om mellom anna skogressursane og marknadsforhold for skogprodukt. Departementet gav tilskott til norske institusjonar og organisasjonar som tok del i dette arbeidet.

Noreg har også bidrege med støtte til eit prosjekt i regi av EFI om framtida for den skogbaserte industrien i Europa. Dette er eit prosjekt som Noreg og andre europeiske land vil kunne dra nytte av i politikkutviklinga på området.

Budsjettframlegg 2015

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 4,170 mill. kroner til internasjonalt skogpolitisk arbeid.

Forest Europe vil også i 2015 arbeide med å følgje opp vedtaka frå ministerkonferansen i Oslo i 2011. Spania skal avslutte sitt verv som formannskap i løpet av 2015, og skal då arrangere ein ministerkonferanse. Budsjettet til sekretariatet for Forest Europe blir finansiert av ei gruppe land som inngår i koordineringsgruppa for Forest Europe. Noreg vil framleis vere medlem av koordineringsgruppa saman med Tyrkia, Spania, Slovakia og Tyskland. I 2015 vil den obligatoriske kontingenten til Noreg vere om lag 8 pst. av det samla budsjettet.

Forhandlingskomiteen for ein rettsleg bindande avtale om berekraftig skogforvaltning avslutta arbeidet sitt i 2013. Arbeidet skal leggjast fram for ministrane i Forest Europe på ein ministerkonferanse i 2015. Landa i Europa samarbeider framleis i Forest Europe og vil utvikle dette samarbeidet vidare. Løyvingar til å følgje opp dette arbeidet vil også bli aktuelle i 2015.

Løyvinga kan også nyttast til å støtte opp om EFI. EFI er ein internasjonal organisasjon, der Noreg er medlemsstat og deltek i møte i styrande organ. EFI driv forsking og utgreiing av europeiske skogspørsmål, og er ein sentral aktør i å framskaffe kunnskapsgrunnlag for utvikling av skogpolitikk både nasjonalt og internasjonalt.

UNFF er del av ein struktur som er kalla International Arrangement on Forests (IAF), og som også omfattar eit nettverk av organisasjonar som arbeider med skog, Collaborative Partnership on Forests (CPF). Denne strukturen skal vurderast i 2014 og 2015, og i 2015 skal landa i FN vedta korleis dette skal vidareførast. Noreg tek aktivt del i dette, og det kan og bli aktuelt med løyvingar over posten til dette arbeidet.

I tillegg deltek Noreg i ei rekkje andre forum for internasjonalt samarbeid om skogspørsmål, mellom anna i UNECE, FAO. Løyvinga vil difor også bli nytta til medverknad frå Noreg i slike forum. For å nytte kompetanse og kunnskap i Noreg på ein effektiv måte i internasjonalt samarbeid er det aktuelt å nytte løyvinga til oppdrag til norske institusjonar og organisasjonar.

Kap. 1139 Genressursar, miljø- og ressursregistreringar

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

70

Tilskott til miljø- og ressurstiltak, kan overførast

17 046

15 898

12 423

71

Tilskott til genressursforvaltning, kan overførast

23 391

22 027

22 754

Sum kap. 1139

40 437

37 925

35 177

Post 70 Tilskott til miljø- og ressurstiltak

Formål med løyvinga

Over post 70 blir det gitt støtte til tiltak og spreiing av kunnskap på hovudmålet berekraftig landbruk, med særskilt vekt på delmålet berekraftig bruk av og vern om landbruket sitt areal og ressursgrunnlag. Det er nødvendig med god kunnskap om og godt oversyn over miljøverdiar og ressursar for å få til berekraftig arealbruk og næringsverksemd. Over posten gir departementet støtte til vedlikehald av digitale markslagskart som gir næringsdrivande og forvaltninga tilgang til arealinformasjon av høg kvalitet, og til kartlegging og overvakingsprogram for biologisk mangfald i skog. Rapportering og resultatkontroll som reknar på effektar av miljøtiltak slik at ein kan vurdere omfanget av miljøforbetringane og måloppnåing i jordbruk og skogbruk blir også støtta.

Rapportering 2013

Det blei løyvd 8,071 mill. kroner til vedlikehald av digitale markslagskart, som gir næringsdrivande og forvaltninga tilgang til arealinformasjon av høg kvalitet. Midlane er, i tråd med jordbruksavtalen inngått i 2011, knytte til framtidig vedlikehald av DMK/AR5-kartgrunnlaget, som landbruket bidreg med i det nasjonale kartsamarbeidet Geovekst. Dette sikrar at føretaka i landbruket har rett til gratis kartdata og flybilete. Karta ligg til grunn for tenesta Gardskart på internett frå Norsk institutt for skog og landskap, og gir alle eigarar av landbrukseigedom tilgang til kart og arealstatistikk for eigedommen sin.

Landbruks- og matdepartementet gav også i 2013 støtte til vidare utvikling av eit standardisert og godt dokumentert miljøregistreringsopplegg for biologiske miljøverdiar i skog – Miljøregistreringar i skog (MiS). Totalt blei det gitt 4,607 mill. kroner til dette arbeidet.

Miljøregistreringane blir i hovudsak utført saman med andre ressursregistreringar i samband med utforming av skogbruksplanar for skogeigedommane. Norsk institutt for skog og landskap har i 2013 henta inn kunnskap for å forbetre miljøregistreringane og arbeidd med praktisk oppfølging av miljøregistreringsarbeidet. MiS-livsmiljøa blir også registrerte i Landsskogtakseringa, noko som gir god statistikk for omfang og utvikling av livsmiljø på nasjonalt og regionalt nivå. Resultata gir såleis eit godt grunnlag for arbeidet med politikkutvikling både for styresmaktene og skognæringa. I MiS-delprosjektet om kulturminne har Norsk institutt for skog og landskap i 2013 samarbeidd med Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU) om bruk av fjernmålingsdata for kulturminneregistreringar.

Landbruks- og matdepartementet har følgt opp Nasjonalt program for naturmangfald med underprogramma Norsk naturkartlegging og Norsk naturovervåking med til saman 1,213 mill. kroner i støtte i 2013.

Det blei løyvd 640 000 kroner over posten til Bioforsk til gjennomføring av informasjonstiltak for å redusere bruken av og risikoen ved bruk av plantevernmiddel, med særleg vekt på området integrert plantevern. Midlane har mellom anna blitt nytta til formidling av kunnskap til brukarane, rettleiingstenesta og allmenta, medrekna deltaking på markdagar og møte, vidare utvikling av plantevernleksikonet og av nettsider om integrert plantevern.

Det blei også løyvd midlar til produksjon av den årlege rapporten Jordbruk og miljø – resultatkontroll jordbruk frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Arbeidet med ei utvalsgransking som blir utført av SSB for å betre kunnskapsgrunnlaget for bruken av husdyrgjødsel blir avslutta i 2014.

Tilskottet til miljøinformasjonstiltak i skogbruket, medrekna mellom anna økologi i fjellskogen på Hirkjølen i Oppland fylke, blei vidareført. Posten er også nytta til å finansiere resultatkontroll i skogbruket. Kontrollen er knytt til overvaking av utviklinga av skogtilstanden og til planlegging og gjennomføring av konkrete tiltak i skog, slik som skogkultur, vegbygging og skogbruksplanlegging, jf. nærare omtale under kap. 1150. Resultatkontrollen krev innsats frå kommunane og fylkesmennene, og resultata blir samordna fagleg av Norsk institutt for skog og landskap i nær kontakt med Landbruksdirektoratet. Resultatkontrollen viser mellom anna at det blir gjort for lite for å forynge skogen etter hogst.

Det blei også utlyst midlar frå denne posten til prosjekt for å betre og formidle miljø- og ressurskunnskap innanfor jordbruk, kulturlandskap og skogbruk, med sikte på meir berekraftig forvaltning av ressursane på landbruksareala. I alt 1,643 mill. kroner blei gitt i støtte til 13 organisasjonar og føretak til prosjekt i tråd med kriteria i kunngjeringa.

Budsjettframlegg 2015

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 12,423 mill. kroner på post 70 og legg opp til ei fordeling av midlane slik Tabell 2.5 viser.

Tabell 2.5 Budsjett for kap. 1139, post 70 i 2014 og budsjettframlegg for 2015

(i 1 000 kr)

Tiltak

Budsjett 2014

Framlegg 2015

Digitale markslagskart (DMK)

8 071

7 401

Prosjektet Miljøregistreringar i skog (MiS-prosjektet)

4 607

4 422

Resultatrapport – miljøverkemiddel

2 042

600

Informasjonstiltak o.a. knytt til ressurs- og miljøforvaltning i skogbruket o.a.

928

0

Nasjonalt program for naturmangfald

250

0

Sum kap. 1139, post 70

15 898

12 423

I 2015 vil departementet føre vidare arbeidet med å forbetre miljø- og ressurskunnskapen for å sikre gode miljøomsyn i næringsverksemda. Betre kunnskap er ein føresetnad for berekraftig areal- og ressursbruk og næringsverksemd. Slike tiltak blir finansierte både over dette kapitlet og over kap. 1112.

Departementet gjer framlegg om å løyve 7,401 mill. kroner til vedlikehald av digitale markslagskart ved Norsk institutt for skog og landskap. Løyvinga skal bidra til å halde oppe kvaliteten av dette nyttige kartverket som gir næringsdrivande og forvaltninga tilgang til arealinformasjon av høg kvalitet, og jordbruket vil framleis ha fri tilgang til gratis kartdata. Dette bidreg til å effektivisere arbeidet både hos dei næringsdrivande og i forvaltninga.

Skog og klima er omtalt i St.meld. nr. 39 (2008–2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen og sist i Meld. St. 21 (2011–2012) Norsk klimapolitikk. Aktiv bruk av skogen er eit viktig tiltak i klimapolitikken, og det er eit mål å auke tilplantinga på nye areal.

I Meld. St. 21 (2011–2012) blei det lagt opp til at skogplanting som klimaverkemiddel skal utførast etter ein nærare strategi, der omsynet til miljøet blir teke vare på gjennom miljøkriterium. Ved vanleg næringsretta skogplanting er miljøomsyn godt ivareteke gjennom skogbrukslova med tilhøyrande forskrifter, i miljøstandarden til skogbruket, i naturmangfaldlova og i forskrift om utanlandske treslag.

Sterkare satsing på vidareutvikling av skogsvegnettet, oppbygging av skog, auka hogst og meir bruk av tre i byggsektoren og til energi krev god kunnskap om viktige miljøverdiar i skogen. Det er heilt sentralt å vidareføre satsinga på ei kunnskapsbasert forvaltning og følgje med på korleis ulike miljøverdiar utviklar seg. Tal frå Landsskogtakseringa viser at både mengda store og daude tre og mengda daud ved har auka kraftig i løpet av dei snart hundre åra utviklinga av skog i Noreg er overvaka, og dette gir grunnlag for ei positiv utvikling for mange raudlistearter i skog.

Departementet vil vidareføre satsinga på MiS-prosjekta om biologisk mangfald og om kulturminne og miljøregistreringar i skogbruksplanlegginga og gjer framlegg om ei løyving på 4,44 mill. kroner slik at skogbruk og utmarksnæring har best mogleg kunnskap om miljøverdiane i skogen og kan ta omsyn til desse i den løpande verksemda. Prosjektet skal i 2015 halde fram med publisering, formidling og marknadsføring av relevant kunnskap. Konkrete råd om særskilde omsyn ved skogtiltak vil såleis kunne utviklast vidare.

Det er også sett av midlar over posten til SSB sin årlege rapport Jordbruk og miljø som rapporterer på miljøtilstand og på effektar av miljøtiltak i jordbruket. Rapporten gir også grunnlag for nasjonal og internasjonal rapportering.

Departementet har gitt mindre beløp til informasjonstiltak og nasjonalt program for biomangfald over denne posten. Miljøinformasjonsmidla har vore lyst ut. Departementet legg til grunn at dei fleste tiltaka med fordel kan finansierast på regionalt eller lokalt nivå og vil frå 2015 ikkje lyse ut midlar til miljøinformasjon i landbruket over denne posten. Finansieringa av nasjonalt program for biomangfald blir ivareteke av Klima- og miljødepartementet.

Post 71 Tilskott til genressursforvaltning

Formål med løyvinga

Over post 71 blir det gitt støtte til tiltak innanfor delmålet berekraftig bruk av og vern om landbruket sitt areal og ressursgrunnlag som ligg under hovudmålet berekraftig landbruk. Tiltaka vil også kunne lenkast til det tverrgåande målet om å ta vare på norske interesser og sikre framgang i internasjonale prosessar. For å tilpasse matproduksjonen til nye behov, sikre biologisk mangfald og matsikkerheit, livskvalitet og velferd i framtidige generasjonar og å møte klimautfordringar, er det avgjerande å ta vare på genetiske ressursar og sikre ei berekraftig forvaltning av desse. Løyvingar over posten omfattar tiltak til styrking av arbeid nasjonalt og internasjonalt med å ta vare på og sikre berekraftig bruk av genressursar i jord- og skogbruket.

Rapportering 2013

Koordineringa av det nasjonale arbeidet med genressursforvaltning er lagt til Norsk genressurssenter, som er ei eining ved Norsk institutt for skog og landskap. Det er gjort greie for verksemda i senteret under kap. 1141, post 52.

Over post 71 blir det løyvd tilskott til tiltak og aktivitetar i genressursforvaltninga etter råd frå genressursutvala for planter, skogstre og husdyr og på grunnlag av handlingsplanar for vern og berekraftig bruk av genetiske ressursar i dei tre sektorane. Handlingsplanane skal i 2014 rullerast for ein ny fireårsperiode 2015–2018. Fleire aktivitetar er faste frå år til år, mellom anna tilskott til klonarkiv, ulike genbankar, interesselag for verneverdige husdyrrasar og vernebuskapar. I tillegg blir det lyst ut prosjektmidlar. Gjennom desse fører Genressurssenteret vidare eit aktivt samarbeid med mange ulike aktørar. Dei siste åra er det gitt tilskott til fleire prosjekt som har som mål å utvikle ny og lokal næringsverksemd basert på nasjonale genressursar. Samarbeidet med regional forvaltning er også forsterka, spesielt i samband med in situ bevaring (bevaring i oppvekstmiljø) av plante- og skogtregenetiske ressursar.

Ved tildeling av tilskott i 2013 innanfor husdyrsektoren blei tiltak for å karakterisere moglege unike eigenskapar hos dei nasjonale storferasane og handtering av innavlsutviklinga i trua og nasjonale hunde- og hesteraser prioritert høgt. Innanfor plantesektoren har vern og bruk av genetisk mangfald hos viktige fôr- og matplanter hatt høg prioritet. Mellom anna er det saman med Oikos kartlagt kva for ikkje-kommersielle plantesortar som framleis er i bruk og kven som brukar dei. I arbeidet med å sikre lagring og distribusjon av friskt plantemateriale blir teknikkar for kryokonservering utvikla og etablert. Arbeidet med ein nasjonal strategi for in situ bevaring av slektningar av kulturplantene i vill norsk flora fekk ein fagleg kvalitetssikring ved at det blei godkjend som forskingsarbeid for eit PhD-studium som starta i 2013. For skogstre blei det i 2013 etablert fleire prosjekt som skal vere med å sikre ei berekraftig skogplanteforedling. Serien med 12 plakatar med alle norske treslag blei også fullført. Plakatane er produserte i samarbeid med Naturfagsenteret og Skogkurs, og blir mellom anna delt ut til skolar. Resultat frå prosjekta blir publiserte på heimesidene til Norsk Genressurssenter og ofte vidare i ymse media. Dette gir verdifull informasjon til næringsaktørar og forvaltning, i tillegg til generell informasjon om genetiske ressursar til allmenta.

Det blei også løyvd midlar frå post 71 til utarbeiding av norsk landrapport som skal leggjast til grunn for den første globale statusrapporten om biodiversitet for mat og landbruk frå FN sin organisasjon for ernæring og landbruk (FAO). Vidare blei det gitt støtte til tiltak med særleg relevans for kunnskapsspreiing om genetiske ressursar, som kom inn ved utlysinga av prosjektmidlar for å betre og formidle miljø- og ressurskunnskapen med sikte på meir berekraftig forvaltning av ressursane på landbruksareala nemnde under post 70.

Det nordiske genressursarbeidet er samla i NordGen, som har sete med administrasjon og plantegenetisk verksemd i Alnarp, Sverige, mens faglege oppgåver knytte til husdyr og skogstre er samlokaliserte med Norsk genressurssenter på Ås. NordGen fekk 1,6 mill. kroner i støtte til denne delen av verksemda. Over posten gav Landbruks- og matdepartementet NordGen i 2013 også eit tilskott til organisering av eit internasjonalt symposium om offentleg-privat samarbeid for planteforedling og pre-breeding som skal haldast hausten 2014. NordGen er sekretariat for den nordiske offentleg-private partnarskapen for planteforedling, som er oppretta for å få i stand meir samarbeid og utnytte ressursane hos planteforedlingsinstitusjonane i Norden på ein slagkraftig måte. Partnarskapen har på kort tid levert faglege og organisatoriske resultat med stor nordisk nytte og modellen har vekt internasjonal merksemd. Symposiet er eit samarbeid med mellom anna FAO, den internasjonale plantetraktaten og andre organisasjonar og enkeltstatar. Symposiet vil bidra til å informere internasjonalt om den nordiske offentleg-private partnarskapen for frøforedling og den nordiske samarbeidsmodellen, og vise eit nordisk døme på regionalt samarbeid mellom offentlege og private interessentar som skal fremje rettferdig og likeverdig samarbeid for å møte klimaendringar og miljøutfordringar.

Det blei utbetalt 700 134 kroner over posten til den internasjonale plantetraktaten sitt fond for nyttefordeling (Benefit Sharing Fund). Dette svarer til 0,1 pst. av verdien av omsett såvare i Noreg i 2012.

Svalbard globale frøhvelv er eit sikringstiltak for å ta vare på det biologiske mangfaldet i landbruket, særskilt vekstar av stor verdi for den globale matforsyninga. Dette spesialbygde fryselageret, som er lagt inn i permafrosten i fjellet, huser sikkerheitskopiar av frø frå heile verda. 12 institusjonar la til saman inn 29 155 nye frøprøvar i 2013. Ved utgangen av året var 801 000 sikkerheitsprøver deponert frå totalt 56 genbankar. Det var ein auke i samlinga på 4 pst. frå 2012. Frølageret har ei viktig rolle i det internasjonale samarbeidet om genetiske ressursar. Midlane i 2013 gjekk til drift av frølageret som mellom anna inkluderer husleige, deponering av frø, møte i det internasjonale rådet for frøhvelvet, informasjonsarbeid og utgiving av ei praktbok i samband med femårsjubileet til frøhvelvet.

Departementet gav også, over post 71, økonomisk støtte på 4,15 mill. kroner til Det norske Skogfrøverk til forvaltningsoppgåver. Oppgåvene omfattar kontrolloppgåver etter forskrift om skogfrø og skogplanter, produksjons- og utviklingsoppgåver og informasjons- og opplæringstiltak knytte til anlegg for frøproduksjon. Løyvinga er avtalefesta med Skogfrøverket, jf. ein avtale om forvaltningsoppdrag frå 1995. Departementet gav også ei ekstraløyving til Skogfrøverket frå kap. 1149, post 71 for å styrkje arbeidet med langsiktig skogplanteforedling.

Norsk Fjordhestsenter og Nord-Norsk Hestesenter fekk til saman 2,86 mill. kroner i støtte. Desse sentera har ansvar for allsidig verksemd for å fremje dei to nasjonale rasane fjordhest og nordlandshest/lyngshest. Talet på føl innanfor dei nasjonale rasane er no urovekkjande lågt, og trenden har vart i ein del år. I 2013 var det 119 fjordhestføl, 150 dølahestføl og 69 nordlands-/lyngshestføl. Rasar med færre enn 200 føl i året blir sett på som trua av FAO. In situ bevaring er mest effektivt fordi det knyter seg større uvisse til bevaring i genbankar enn kva som er tilfellet til dømes for storfe. Sentera er engasjerte i arbeidet med å bevare rasane og har mellom anna delteke i arbeid med å spesifisere eigenskapar der rasane har fortrinn (signaturaktivitetar) framfor andre hesterasar. Desse kan utviklast vidare og nyttast i tevlingar som fremjar interesse for desse rasane, noko som i sin tur kan skape etterspørsel.

Over posten blei det også løyvd 0,3 mill. kroner til stiftinga Det norske arboret til arbeidet med samlingar av tre og buskar eigna for norske forhold og til formidlingsverksemd. Norsk Hjortesenter fekk tildelt 1,124 mill. kroner for å vedlikehalde og vidareutvikle seg som kompetansesenter for hjort både i vill tilstand og i oppdrett.

Budsjettframlegg 2015

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 22,754 mill. kroner på post 71. Departementet legg opp til ei fordeling av løyvinga slik Tabell 2.6 viser.

Tabell 2.6 Budsjett for kap. 1139, post 71 i 2014 og budsjettframlegg for 2015

(i 1 000 kr)

Tiltak

Budsjett 2014

Framlegg 2015

Genressurstiltak

7 273

7 550

Svalbard globale frøhvelv

4 363

4 363

Nordisk genressurssenter (NordGen)

1 700

1 800

Skogfrøforsyninga

4 300

4 450

Nord-Norsk Hestesenter og Norsk Fjordhestsenter

2 867

3 067

Stiftelsen Det norske arboret og Norsk Hjortesenter

1 524

1 524

Sum genressursforvaltning

22 027

22 754

Dei genetiske ressursane er ein vesentleg del av det biologiske grunnlaget for auka matproduksjon og tilpassing til nye behov og utfordringar for landbruket. I eit internasjonalt perspektiv vil trugsmåla mot genetisk variasjon hindre utvikling av eit berekraftig landbruk. Einsrettinga av planteutvalet i moderne jordbruk trugar den genetiske variasjonen blant matplanter som er utvikla gjennom tusenårig jordbruksdrift. Internasjonal dominans av nokre få husdyrrasar trugar likeeins dei husdyrgenetiske ressursane. Ein ser at enkelte husdyrrasar har problem med helse og fertilitet grunna einsidig avl på få produksjonseigenskapar. Avskoging, marginalisering av populasjonar, sjukdomsutbrott og i aukande grad klimaendringar trugar dei skogstregenetiske ressursane. Endra klima er ei utfordring for alle tre sektorane og vil krevje tilpassa plante- og dyremateriale. Internasjonale konvensjonar og avtalar stadfestar at Noreg har eit ansvar for å forvalte dei genetiske ressursane sine på ein berekraftig måte.

Over post 71 blir det løyvd midlar til ei rekkje tiltak og prosjekt som er viktige for å følgje opp Strategiplanen for Norsk genressurssenter og handlingsplanane for vern og berekraftig bruk av genetiske ressursar i kulturplanter, husdyr og skogstre for ein ny fireårsperiode 2015–2018. Midlane går til prosjekt ved Norsk genressurssenter og mange samarbeidspartnarar rundt om i landet. Sikker drift og utviding av genbankar og kartlegging av nasjonale genressursar innanfor planter, husdyr og skogstre er sentrale oppgåver. Vidare er god kontakt med eit aktivt og stort nettverk av aktørar, som på ulike vis bidreg til berekraftig vern og bruk av genetiske ressursar i landbruket, ei prioritert oppgåve. Genressursenteret skal bidra til berekraftige avlsprogram for små populasjonar av nasjonale husdyrrasar og rett skjøtsel av klonarkiv og av det genetiske og biologiske mangfaldet i kulturlandskapet. Det skal også leggjast vekt på meir generelle tiltak. Slike tiltak er mellom anna klargjering av rett til, tilgang til og handsaming av genetiske ressursar i tråd med nasjonalt lovverk og internasjonale avtalar, og utgreiing av følgjene av nye utfordringar som t.d. klimaendringar. Det er viktig å ta del i nordisk og internasjonalt samarbeid om genetiske ressursar for å sikre ein mest mogleg effektiv bruk av desse ressursane. Departementet vil aktivt følgje opp samarbeidet under Nordisk ministerråd og i NordGen, mellom anna det nordiske samarbeidet om frøforedling som er eit viktig langsiktig tiltak for å utvikle klimatilpassa plantemateriale. Innanfor NordGen er den faglege verksemda knytt til husdyr og skogstre lokalisert i Noreg og departementet gjer framlegg om støtte til denne verksemda i NordGen med 1,8 mill. kroner. Det er eit mål å utnytte synergieffektar som ligg i samlokalisering. Det er også sett av midlar til plantetraktaten sitt fond for nyttefordeling til oppfølging av lovnaden Noreg gav ved opninga av Svalbard globale frøhvelv, om å gi ei årleg støtte som svarar til 0,1 pst. av verdien av årleg omsett såvare til dette fondet. Midlane går til bønder i utviklingsland og den berekraftige bruken deira av plantemangfald for å sikre lokal matsikkerheit.

Over posten vil det bli gitt tilskott til drift av Svalbard globale frøhvelv og til informasjonsverksemd. Oppslutninga om frølageret på Svalbard blant verda sine genbankar er god, og det er innleidd langsiktig samarbeid med mange av desse. Den store interessa for det globale frølageret i internasjonale media og hos allmenta held fram. Dette viser at Svalbard globale frøhvelv er eigna til å gi auka forståing og medvit om plantemangfald og matvaresikring, og det er ei viktig oppgåve å følgje opp denne rolla.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 4,45 mill. kroner for å sikre dei langsiktige oppgåvene innanfor frøforsyninga i skogbruket og utvikling av Det norske Skogfrøverk. Løyvinga må sjåast i samanheng med tilskott til skog-, klima- og energitiltak i kap. 1149, post 73.

Departementet gjer også framlegg om ei løyving på 3,067 mill. kroner til Norsk Fjordhestsenter og Nord-Norsk Hestesenter til oppgåver dei utfører mellom anna i samarbeid med raselaga, for å fremje og bevare dei to nasjonale rasane fjordhest og nordlandshest/lyngshest.

Departementet vil også føre vidare støtte til stiftingane Norsk Hjortesenter og Det norske arboret over denne posten.

Kap. 1141 Kunnskapsutvikling m.m. innan miljø- og næringstiltak i landbruket

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

50

Næringsøkonomisk dokumentasjon og analyse

23 906

24 743

25 431

52

Kunnskapsutvikling og kunnskapsformidling om arealressursar, skog og landskap

98 104

100 888

103 697

Sum kap. 1141

122 010

125 631

129 128

Post 50 Næringsøkonomisk dokumentasjon og analyse

Formål med løyvinga

Midlane på posten skal nyttast til å få fram kunnskap om føretaksøkonomi, nasjonal og internasjonal landbrukspolitikk og verdikjeda for matvarer. Dette er viktig i arbeidet for å nå landbrukspolitiske mål om matsikkerheit, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk. Sjå elles omtalen av hovudmåla til departementet i innleiinga i proposisjonen.

Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF)

Posten omfattar løyvingar til Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF) si kunnskapsutvikling m.m. for statsforvaltninga.

NILF er eit institutt som driv med forsking, utgreiing og analyse/dokumentasjon innanfor føretaks- og næringsøkonomi i landbruket og landbruksbasert industri. Instituttet har ein tverrfagleg profil. Instituttet tek oppdrag på kjerneområdet sitt, men også innanfor fiskeri- og havbrukssektoren, med vekt på handelspolitikk. Vidare har instituttet ein rådgivande funksjon overfor departementet og anna forvaltning på fagområda sine.

NILF er organisert som eit forvaltningsorgan med særskilt fullmakt under Landbruks- og matdepartementet. Instituttet får løyving direkte frå departementet over kap. 1141, post 50 for å fylle målsetjingane om næringsøkonomisk dokumentasjon og analyse. Instituttet mottek også basisløyving frå Noregs forskingsråd over kap. 1137. NILF har hovudkontor i Oslo og distriktskontor i Bergen, Trondheim og Bodø.

Ein viktig del av NILF si verksemd er å levere eit godt grunnlag for økonomiske og politiske avgjerder med stor betyding for produksjon og omsetnad av landbruksprodukt, næringsmiddelindustri og matvaremarknader, bygdenæringar og landbruket si rolle i samfunnet. Instituttet utarbeider materiale som grunnlag for arbeidet til Budsjettnemnda for jordbruket, og er sekretariat for nemnda etter avtale med Landbruks- og matdepartementet.

Oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet er ein vesentleg del av verksemda til NILF. Dette arbeidet kan delast inn i tre hovudområde:

  • næringsøkonomisk dokumentasjon, under dette sekretariatsarbeid for Budsjettnemnda for jordbruket

  • driftsøkonomisk rettleiing og styring, under dette kursverksemd

  • drifts- og føretaksøkonomisk dokumentasjon, under dette rekneskapsundersøkingar i jord- og skogbruk

NILF har i tillegg ein del særskilde utgreiingsprosjekt der departementet er oppdragsgivar.

NILF skal ha eit sterkt samfunnsperspektiv i arbeidet sitt med landbruks- og matsektoren. Utviklinga i internasjonale råvaremarknader, endringar i handelspolitiske rammevilkår og konsekvensane av dette for norsk landbrukspolitikk og matproduksjon, er også viktige tema. NILF skal bidra til auka kunnskap om skattlegging av landbruksverksemd og om entreprenørskap og næringsutvikling med basis i landbruksnæringa. Departementet legg vidare vekt på auka bruk av data frå driftsgranskingane til forsking og utgreiing, og på at det framleis er ei vesentleg brukarfinansiering av mellom anna kursverksemd innan driftsøkonomisk rettleiing og styring.

Rapportering 2013

NILF har i 2013 utarbeidd driftsgranskingar for 2012 med rekneskapsstatistikk frå 870 gardsbruk over heile landet. Denne rekneskapsstatistikken er mellom anna basis for referansebruksutrekningane som blir nytta i samband med jordbruksforhandlingane. Driftsgranskingane viser saman med spesialundersøkingar både gjennomsnittstal for og variasjonar i lønsemd mellom ulike bruksstorleikar, produksjonsformer og regionar. Frå 2005 er det lagt vekt på ein grundigare analyse av skattepolitikk, samdrifter i mjølkeproduksjon, tilleggsnæring og anna næring på driftsgranskingsbruka. Granskingane omfattar 33 samdrifter i mjølkeproduksjon. For 2012 er resultata for 28 økologiske mjølkebruk analyserte særskilt.

Som sekretariat for budsjettnemnda for jordbruket har NILF i 2013 utarbeidd grunnlagsmateriale for jordbruksforhandlingane, nasjonalbudsjettet og nasjonalrekneskapen, matvareforbruksutrekningar og rapportering til internasjonale organisasjonar.

I 2013 har NILF på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet også hatt oppgåver knytte til mellom anna førebuing og deltaking på OECD-møte, dokumentasjon av prisutviklinga på ulike ledd i matvarekjeda, oppfølging av internasjonale råvareprisar og rapportering om utviklinga i næringsmiddelindustrien.

Rapport og budsjettframlegg for forskinga ved Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking er omtalt under kap. 1137, post 51.

Budsjettframlegg 2015

Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 24,531 mill. kroner. NILF skal i 2015 føre vidare dei faste oppgåvene dei har for forvaltninga. I tillegg til dei faste oppgåvene, vil departementet framleis ha behov for utgreiing av særskilde problemstillingar i landbruks- og matpolitikken.

Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking vil i 2015 ha ei rekkje oppgåver innanfor forsking, jf. også omtale i kap. 1137.

Regjeringa har vedteke å slå saman Bioforsk, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking og Norsk institutt for skog og landskap frå 1.7. 2015, sjå omtale i innleiinga og under kat. 15.20.

Post 52 Kunnskapsutvikling og kunnskapsformidling om arealressursar, skog og landskap

Formål med løyvinga

Midlane på posten skal nyttast til å få fram kunnskap om ressursar og miljøverdiar. Slik kunnskap er ein føresetnad for å sikre berekraftig verdiskaping og næringsutvikling basert på arealressursane og for ei god forvaltning av genressursane. Dette er viktig for å nå landbrukspolitiske mål om nok og trygg mat, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk.

Norsk institutt for skog og landskap

Norsk institutt for skog og landskap er eit nasjonalt institutt for kunnskap om arealressursar. Instituttet er organisert som eit forvaltningsorgan med særskilt fullmakt. Instituttet har ei fri og uavhengig stilling i faglege spørsmål. Instituttet skal forske og skaffe fram kunnskap knytt til skog, jord, utmark og landskap. Norsk genressurssenter er ei avdeling ved instituttet.

Instituttet får også basisløyving til forsking over kap. 1137 og midlar til kunnskapsutvikling og -formidling, under dette midlar til Genressurssenteret, direkte frå Landbruks- og matdepartementet.

Forskinga ved instituttet skal dekkje behov for kunnskap knytt til heile den skogbaserte verdikjeda, og til arealbruk og landskap. Departementet legg særskilt vekt på ei berekraftig utnytting av ressursane i skog og utmark, noko som mellom anna krev både økonomiske vurderingar og analysar av dei komplekse, dynamiske og sårbare økosystema. Instituttet arbeider med oppbygging av landskapsforsking som eit eige fagområde. Forskinga skal vere på høgt internasjonalt nivå.

Instituttet er ansvarleg for nasjonale ressursundersøkingar innanfor fagområda jord, skog, utmark, landskap, arealdekkje og -tilstand. Instituttet skal byggje opp og vedlikehalde nødvendig kompetanse som eit nasjonalt faginstitutt. Instituttet skal også formidle kunnskap for berekraftig forvaltning og verdiskaping til styresmaktene, næringslivet og allmenta. Instituttet skal utvikle samarbeidet med Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU) og miljøforskingsinstitutta. Norsk institutt for skog og landskap har saman med Bioforsk og NMBU etablert eit samarbeid om bioenergi i Norsk senter for bioenergiforsking. Instituttet skal vere med på å byggje opp kunnskap som grunnlag for framtidige teknologiske og strukturelle val for næringsutøvarar som vil satse på bioenergi.

Rapportering 2013

Midlane på posten blei i 2013 tildelt Norsk institutt for skog og landskap.

Ressursundersøkingar og overvaking

Norsk institutt for skog og landskap har i 2013 ført vidare dei nasjonale ressursundersøkingane. Desse undersøkingane gir viktige data om tilstand og utvikling av arealressursane og er såleis eit viktig grunnlag for næringsutvikling og politikkutforming både i landbruket og innanfor andre sektorar. Dei nasjonale oppgåvene er knytte til kartlegging og overvaking av arealressursar, som også omfattar jordsmonn, utmarksbeite, kulturlandskap og skog.

Instituttet tek gjennom klimasenterfunksjonen del i rapporteringa frå Noreg til Klimakonvensjonen og Kyoto-protokollen. Gjennom metode- og modellutvikling har instituttet auka kunnskapen om historisk og framtidig opptak av karbon i skogen i Noreg.

Arealressurskarta ligg mellom anna til grunn for produksjon av tenesta Gardskart på internett. Dette detaljerte kartverket gir næringsdrivande og forvaltninga fri tilgang til arealinformasjon av høg kvalitet. Arealressurskarta blir nytta ved søknad om og kontroll av arealtilskott. Karta blir også brukte i forvaltning og planlegging innanfor fleire sektorar. Kartbasen over markslag og arealforhold er ajourført for alt jordbruksareal.

Jordsmonndata blir mellom anna nytta til å fremje auka og kostnadseffektiv matproduksjon, redusere erosjon, styrkje jordvernet, fremje nisjeprodukt og arbeide med klimatiltak. Om lag halvparten av jordbruksarealet er no kartlagt. Kart over jordkvalitet blir ein del av det offentlege kartgrunnlaget. Kart og informasjon er gjort enkelt tilgjengeleg på internett.

Instituttet kartlegg ressursgrunnlaget for beite i utmark og gir råd om beitebruk. Utmarksbeite er ein viktig del av fôrgrunnlaget i landbruket og ein viktig reiskap for skjøtsel av landskapet. Denne informasjonen synleggjer beiteinteressene i utmarka og gir auka avkastning for beitebrukarane gjennom tilrettelegging for betre beitebruk.

Gjennom Landsskogtakseringa skaffar instituttet fram informasjon om tilstanden til og utviklinga av skogressursane i Noreg. Dei lange tidsseriane med informasjon frå Landsskogtakseringa står sentralt i arbeidet med politikkutvikling og berekraftig forvaltning av skogressursane, og er samstundes sentrale for skogforsking knytt til skogen si utvikling, biologisk mangfald og klimaeffektar på skog. Landsskogtakseringa gir, saman med annan arealressursinformasjon frå instituttet, eit viktig grunnlag for rapporteringa under Klimakonvensjonen og Kyotoprotokollen om karbon i skog og arealbruk i sektoren.

Overvakingsprogrammet for skogskadar (OPS) blei ført vidare i 2013. OPS er ein del av den generelle skogovervakinga i Noreg. Metodar og resultat frå OPS blir koordinerte på europeisk nivå under FN-konvensjonen om langtransporterte grenseoverskridande luftforureiningar (LRTAP) og nytta i rapportering til FN. Instituttet arbeider også med overvaking for å førebyggje skogskadar knytte til klimaendringar, sopp- og insektangrep og anna, og har også sett på faren for at det blir ført nye artar inn til landet.

For å dokumentere og styrkje grunnlaget for kulturminnearbeidet i landbruket, rapporterer instituttet på status for kulturminne i jordbrukslandskapet. Granskinga av status i seterlandskapet blei ført vidare i 2013, og etter fem år er meir enn 80 pst. av dette arbeidet no ferdig. Status og utvikling i jordbruket sitt kulturlandskap blir også dokumentert gjennom det nasjonale programmet for overvaking og resultatkontroll. Data frå overvakinga blir nytta til dokumentasjon av utviklinga i landskapa og i utforminga av verkemiddel i dei regionale miljøprogramma.

I arbeidet med å fremje næringsutvikling over heile landet treng brukarane og forvaltninga på regionalt og lokalt nivå kunnskap om ressursane. Arealrekneskap for utmark gir slik informasjon. Til saman er nær 95 pst. av landet no dekt i denne undersøkinga. Arealrekneskapen er eit nasjonalt, statistisk representativt oversyn over norsk natur og utmarksressursar og har eit stort potensial som informasjonsgrunnlag for arealpolitikken innanfor fleire samfunnssektorar enn landbruket.

Norsk institutt for skog og landskap har vore med i fleire internasjonale samarbeidsorgan som faginstans på vegne av Noreg. Instituttet tek også del i internasjonale prosessar og samarbeider med liknande organisasjonar i andre europeiske land om harmonisering av metodar og utvikling av meir effektive rutinar for kartlegging og overvaking. Instituttet samarbeider med Statistisk sentralbyrå (SSB) om å utarbeide representativ nasjonal arealstatistikk. Instituttet har rolla som National Reference Centre for arealovervaking innanfor Det europeiske miljøbyrået (EEA) sitt nettverk Eionet og ansvar for det norske bidraget til det europeiske arealdekkjekartet (Corine Land Cover). I 2013 starta instituttet arbeidet med ei oppdatering av dette europeiske kartverket, som skal nyttast av EEA i arbeidet med State of environment-rapportering for Europa i 2015.

Geodatatenestene

Data frå kartleggingsprogramma og ressursundersøkingane blir gjort tilgjengelege for forvaltninga og dei næringsdrivande. Systematisk og langsiktig arbeid med lagring og dokumentasjon av geodata i databasar er ein føresetnad for desse tenestene og for deling av data med dei andre partane i Noreg Digitalt-samarbeidet.

Den internettbaserte tenesta Gardskart på internett gir alle eigarar av landbrukseigedom fri tilgang til kart og arealstatistikk for eigen eigedom. I den internettbaserte karttenesta Kilden får landbruket, forvaltninga og allmenta innsyn i ei rekkje elektroniske kart. Dette er instituttet sine eigne kartdata, flybilete og data frå andre offentlege leverandørar av kartdata.

Det nasjonale programmet for flyfotografering av heile landet er ført vidare. Bilete og andre data frå fotograferinga blir forvalta og distribuerte i samarbeid med partane i Noreg digitalt. Det er etablert ei samordna nasjonal løysing, Norge i bilder, for forvaltning og distribusjon av både flybilete og ortofoto. I samarbeidet mellom offentleg og privat sektor om etablering av geodata, Geovekst, er instituttet ansvarleg for landbruksparten sine bidrag og går inn med arealressurskartet AR5 i samarbeidet. Instituttet har i 2013 arbeidd for å samordne landbruket og sikre at landbruket både dekkjer pliktene sine og får tilgang til kartdata i Geovekstprosjekt i kommunane.

Forsking

Rapport og budsjettframlegg for forskinga ved Norsk institutt for skog og landskap er omtalt under kap. 1137, post 51.

Rådgiving, kunnskapsformidling og forvaltning

Instituttet har ytt kompetansetenester innanfor skogbruksplanlegging. Informasjon om status og omfang av skogbruksplanlegginga med miljøregistreringar blir lagt ut i innsynsløysingar på internett. Dette arbeidet er viktig for å sikre eit godt fundament for berekraftig auka bruk av skogressursane og auka oppbygging av skog.

Informasjonsverksemda og rådgivinga omkring skadar på skog av sopp og insekt har vore god, og Norsk institutt for skog og landskap har levert informasjon både til allmenta og forvaltninga. Instituttet har også hatt ei omfattande informasjonsverksemd knytt til kunnskap om bruk av skogråstoff til bioenergi og bruk av tre som byggjemateriale. Instituttet har formidla resultat frå både overvaking, ressursundersøkingar og forsking.

Norsk genressurssenter

Genressurssenteret registrerer og overvakar status for nasjonale genressursar og er eit fagleg ressurssenter for eit nettverk innanfor nasjonalt genressursarbeid. Genressurssenteret driftar slektskapsdatabasen Kuregisteret som blir brukt til kontroll av produksjonstilskott til verneverdige storferasar, til overvaking av utviklinga av rasane og som grunnlag for berekraftig avl. Senteret har også ein database over alle verneområde i skog i Noreg. I samarbeid med Miljødirektoratet er det etablert 23 genressursreservat for ulike treslag. Senteret koordinerer vidare nasjonale genressursaktivitetar innanfor husdyr, kulturplanter og bevaring av skogstre og deltek aktivt i internasjonalt samarbeid om genetiske ressursar. Genressurssenteret har også gitt fagleg støtte til Landbruks- og matdepartementet ved førebuingar til og representasjon ved møte i arbeidsgruppene til FN sin organisasjon for ernæring og landbruk (FAO) og kommisjonen for genetiske ressursar for mat og landbruk.

Strategiplan for Norsk genressurssenter blei ferdigstilt i 2013. Det er den første planen med felles mål og tiltak for genressursarbeid innanfor husdyr, kulturplanter og skogstre i Noreg. Planen er lagt til grunn for dei tre genressursutvala sitt arbeid med felles og overordna problemstillingar i genressursarbeidet. Auka sortsmangfald innanfor plantesektoren er viktig for å gjere norsk landbruk meir berekraftig. Genressurssenteret samarbeider med Matviken (matkontaktane ved fylkesmennene sine landbruksavdelingar i Viken-fylka) for å rette merksemd på moglegheitene for næringsverksemd basert på nasjonale genressursar.

Genressurssenteret har i 2013 halde fram med å publisere informasjon frå genressursarbeidet på nettsida som nyhendeinnslag og fagartiklar, og i faglege føredrag.

Budsjettframlegg 2015

Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 103 697 mill. kroner for 2015. Løyvinga vil bli nytta av Norsk institutt for skog og landskap til kunnskapsutvikling og anna knytt til arealressursar, skog, jord, utmark, landskap og støtte for gjennomføring av landbruks- og matpolitikken.

Regjeringa har vedteke å slå saman Bioforsk, Norsk institutt for skog og landskap og Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking til eitt institutt frå 1.7.2015, sjå omtale i innleiinga og under kat. 15.20.

Norsk institutt for skog og landskap

Aktiviteten ved instituttet vil i hovudsak vere knytt til fem hovudverksemdsområde; ressursundersøkingar og overvaking, forsking, geodatatenester, forvaltning og rådgiving og Norsk genressurssenter.

Ressursundersøking og overvaking er langsiktige program som skaffar informasjon om tilstand og utvikling av ressursar landbruket nyttar og forvaltar. Dette er nødvendig kunnskap for å nå måla i landbruks- og matpolitikken. Sentrale oppgåver er vedlikehald av det nasjonale arealressurskartet (AR5), Landsskogtakseringa og Arealrekneskapen for utmark. Vidare omfattar programma mellom anna systematisk overvaking av kulturlandskapet og kulturminne, kartlegging av jordsmonn, eit internasjonalt forankra overvakingsopplegg for skogskadar (OPS) og vegetasjonskartlegging for å betre utnyttinga av beiteressursane. Det siste er viktig for å auke matproduksjonen i utmarka. Kunnskapen om areal og jordsmonn blir også viktig i arbeidet med ein heilskapeleg jordvernstrategi.

Det er viktig å sikre kontinuitet i eksisterande statistiske undersøkingar og å sikre vedlikehald av kartgrunnlaget for arealtilstand. Undersøkingane gir eit viktig kunnskapsgrunnlag for målretta og langsiktig forvaltning og verdiskaping basert på arealressursane. Instituttet skal framleis leggje vekt på at dei dataa som blir samla inn gjennom ulike kartleggingar og overvaking blir tekne i bruk og kjem til nytte for samfunnet og brukarane. Instituttet skal samarbeide med Landbruksdirektoratet om å leggje til rette slik at arealressursdata frå instituttet kjem til nytte for bruk innanfor reindrifta.

Næringsutvikling, matproduksjon, klimapolitikk, gjengroing, bioenergi og effektiv tilskottsforvaltning er døme på viktige område der eksisterande arealressursundersøkingar gir informasjon som er tilpassa kunnskapsbehova.

Instituttet arbeider kontinuerleg for å sikre god samanheng og struktur i det samla kartleggings- og overvakingsarbeidet, og tek i bruk nye metodar og teknologi der det gir effektive løysingar som dekkjer måla i kartleggings- og overvakingsarbeidet.

Meld. St. 21 (2011–2012) Norsk klimapolitikk legg stor vekt på skogen si rolle i klimasamanheng. Norsk institutt for skog og landskap bidreg til å skaffe fram viktig informasjon om korleis klimaendringane verkar på naturen og landbruket. Instituttet skal fortsetje arbeidet med å få fram betre data om karbonbinding i skog og jord. Dette vil styrkje grunnlaget for den internasjonale klimarapporteringa.

Siktemålet er at instituttet vidareutviklar metodar og opplegg for bidrag til klimagassrekneskapen, slik at rekneskapen for landbruket blir fundert på best moglege data og slik at instituttet vidareutviklar klimasenterfunksjonen og rolla det har innanfor internasjonal rapportering. Instituttet utviklar kunnskap om korleis skogen påverkar klimaet og korleis klimaet påverkar skog. Instituttet har kompetanse som bør nyttast aktivt ved utforminga av nasjonale strategiar til ein ny global klimaavtale som skal gjelde frå 2020.

Forskinga ved instituttet er i første rekkje skog- og miljøforsking, og instituttet har eit hovudansvar for skogforsking og landbruksgeografisk forsking i Noreg. Kompetanse i instituttet på desse fagområda er komplementær til kompetansen i andre forskingsinstitutt og difor også eit godt grunnlag for vitskapeleg samarbeid mellom institutta. I tillegg til løyvinga over denne posten, får instituttet også midlar til forsking frå Noregs forskingsråd, jf. omtale i kat. 15.20 og kap. 1137. Instituttet skal, med basis i dei midlane som er foreslått løyvd over denne posten for 2015, kunne utføre avgrensa forskings- og utgreiingsoppdrag for departementet på tema som ressursgrunnlag og produksjon, infrastruktur og hogst av skog, skogskadar, berekraftig verdiskaping og skog- og miljøspørsmål.

Instituttet skal forske, skaffe fram informasjon om og utvikle metodane for registrering av arealressursar, biologisk mangfald og kulturminne. Instituttet skal ha enkelte oppgåver knytt til internasjonale prosessar og møte, både på skogområdet og i andre samanhengar. Instituttet skal føre vidare langsiktige feltforsøk på viktige norske treslag. Desse feltforsøka er viktige for historisk dokumentasjon av skogutviklinga, som grunnlag for vidare utvikling av eit berekraftig skogbruk og som grunnlag for kunnskap om skogen si rolle i klimapolitikken.

Data samla inn frå satellittar har eit potensial for å bli nytta i overvaking av skog- og arealressursar. Satellittbaserte tenester for navigasjon og posisjonering blir også nytta til mange formål innanfor landbruksnæringane. Noreg har slutta seg til den innleiande driftsfasen av Copernicus, EU sitt program for jordobservasjon. Kartverket og Norsk institutt for skog og landskap er med i utviklinga av landtenesta i Copernicus. Gjennom å vere med i European Space Agency (ESA), er Noreg også med på utviklinga av Galileo; eit europeisk system for satellittnavigasjon. Instituttet skal i denne samanhengen yte kompetansestøtte på landbruksrelaterte tema.

Geovekstmidlane skal forvaltast saman med midlar til arealressurskart og flybilete, med sikte på at landbruket skal få rett til å nytte alle kartdata som blir etablerte innanfor Geovekst. Her må instituttet ha god kontakt med brukarane som nyttar produkta frå kart- og datasamarbeidet. Saman med vidareføring av satsinga, vedlikehald av arealressurskarta, løysinga for Norge i bilder og regelmessig nasjonal omløpsfotografering, skal dette vere med på å gi ei god dekning av detaljerte kart og flybilete av jord- og skogbruksareala. Instituttet skal gi kommunane kunnskapsstøtte til oppdatering og vedlikehald av karta. Instituttet skal støtte SSB sitt arbeid med nasjonal arealstatistikk og EEA sitt arbeid med europeisk arealovervaking. Instituttet skal utvikle løysingar som viser arealendringar i kartet og som statistikk. Instituttet skal også bidra i internasjonale prosessar for auka samordning av og samhandling om geodata på tema instituttet har ansvar for.

Rådgiving, kunnskapsformidling og forvaltning omfattar dei oppgåvene instituttet har i kontakt med brukarar og samfunn, og ein del oppgåver der instituttet utfører særskilde forvaltningsoppgåver for departementet.

Klimaendringane gir grunn til å halde høg beredskap for å oppdage skadar på skog i ein tidleg fase og til å førebyggje mellom anna at nye og skadegjerande soppar og insekt etablerer seg i Noreg. Instituttet skal difor drive generell informasjon, rettleiing og rådgiving om patologiske og entomologiske skadar på skog, mellom anna gjennom nordisk samarbeid og formidling av informasjon. Det er viktig at instituttet arbeider for å sikre ei effektiv og heilskapleg organisering og drift av relevant skogskadeovervaking og beredskap. Internasjonalt samarbeid er viktig, som til dømes arbeidet under konvensjonen om langtransporterte grenseoverskridande luftforureiningar.

Informasjon og tilgjengeleg kunnskap om skog og skogbruk, klima, biologisk mangfald og ulike miljøverdiar er omfattande, og kjem frå mange ulike kjelder. Norsk institutt for skog og landskap har i 2014 gitt ut rapporten Berekraftig skogbruk i Norge. Norsk institutt for skog og landskap skal oppdatere rapporten jamleg på eigna måte.

Departementet legg til grunn at instituttet skal ha høg kompetanse i arbeidet med forvaltningsoppgåver. Det er også viktig at instituttet tek på seg forvaltnings-, rådgivings-, konsulent- og informasjonsoppdrag i relevante marknader.

Departementet legg til grunn at instituttet skal ha høge ambisjonar om å formidle konkrete resultat som når ut til dei som kan ha interesse og nytte av resultata, både frå ressursundersøkingar, overvaking og forsking. Det er særleg viktig at instituttet har gode internettsider som gir forvaltning, næring, organisasjonar og allmenta god tilgang til dei produkta instituttet arbeider fram.

Norsk genressurssenter

Arbeidet med forvaltninga av landbruket sine genetiske ressursar er samla i Norsk genressurssenter og forankra i den strategiske planen til senteret. Over posten blir det løyvd midlar til drift av senteret, som gir råd til departementet.

Informasjonsverksemd gjennom heimesidene til senteret, media og anna, skal framleis ha høg prioritet ved Genressurssenteret.

Genressurssenteret skal arbeide i nær kontakt med Nordisk Genressurssenter (NordGen), jf. kap. 1139, post 71. Senteret er nasjonalt kontaktpunkt for oppfølging av internasjonale prosessar innanfor fagområda og møter i ulike samarbeidsforum på nordisk, europeisk og globalt nivå. Senteret skal bidra til nasjonal oppfølging av internasjonale avtalar og prosessar på genressursområdet, mellom anna rapportering til FAO sin kommisjon for genetiske ressursar for mat og landbruk (CGRFA) og Den internasjonale traktaten om plantegenetiske ressursar for mat og jordbruk (ITPGRFA).

Genressurssenteret skal også følgje opp nasjonale handlingsplanar for vern og bruk av genetiske ressursar innanfor kulturplanter, skogstre og husdyr og samarbeider med mange aktørar om dette. Samarbeidet med foredlings- og avlsorganisasjonane om berekraftig avl og foredling og med miljøforvaltninga om in situ ivaretaking er viktig.

Kap. 1142 Landbruksdirektoratet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Driftsutgifter

218 279

45

Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

6 827

60

Tilskott til veterinærdekning

134 933

70

Tilskott til fjellstover

775

71

Omstillingstiltak i Indre Finnmark, kan overførast

9 834

72

Erstatningar, overslagsløyving

302

73

Tilskott til erstatningar m.m., overslagsløyving

45 610

74

Kompensasjon til dyreeigarar som blir pålagd beitenekt

1 000

80

Radioaktivitetstiltak, kan overførast

2 500

Sum kap. 1142

420 060

Kap. 1142 er nytt og er oppretta i samband med at Statens landbruksforvaltning (SLF) og Statens reindriftsforvaltning (SRF) 1.7.2014 blei slått saman til eit direktorat under namnet Landbruksdirektoratet. For rapportering for 2013, sjå kapitla 1143 og 1147.

Det nye direktoratet har fått forvaltningsansvaret for eit breitt spekter av fagområde innan landbrukssektoren, slik som jordbruk, reindrift, skogbruk og andre aktivitetar basert på ressursane i landbruket. Formålet med opprettinga av Landbruksdirektoratet er å leggje til rette for eit breiare fagleg miljø og å styrkje kompetansen i den framtidige forvaltninga av reindrifta og landbruket elles. Samstundes vil ein oppnå effektiviseringsgevinstar gjennom samanslåing av fellestenester. Etablering av Landbruksdirektoratet er eit sentralt tiltak for å forenkle byråkratiet og gjere landbruksforvaltninga meir effektiv. Landbruksdirektoratet er lokalisert i Oslo og Alta. Avdelinga i direktoratet som arbeider med reindriftsspørsmål er lokalisert i Alta.

Post 01 Driftsutgifter

Formål med løyvinga

Hovudformålet med løyvinga er drift av Landbruksdirektoratet.

Landbruksdirektoratet er eit utøvande forvaltningsorgan for dei sentrale landbrukspolitiske verkemidla og eit støtte- og utgreiingsorgan for Landbruks- og matdepartementet. Landbruksdirektoratet er også sekretariat for Omsetningsrådet, Reindriftsstyret, Styret for Statens naturskadeordning, Styret for fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt og Styret for forskingsmiddel over jordbruksavtalen.

Hovudoppgåva til Landbruksdirektoratet er samordna, heilskapleg og effektiv forvaltning av økonomiske og juridiske verkemiddel retta mot primærlandbruket, landbruksbasert næringsmiddelindustri og handel. Verkemidla på området, som Landbruksdirektoratet skal forvalte i samsvar med lov/forskrift/regelverk for ordningane, skal bidra til god måloppnåing innafor hovudmåla for landbruks- og matpolitikken. Landbruksdirektoratet skal gjennom kontroll og oppfølging ved avvik bidra til å sikre at verkemidla blir forvalta trygt og effektivt i samsvar med regelverket.

Landbruksdirektoratet skal i tillegg til å administrere dei ulike ordningane, også vere eit støtte- og utgreiingsorgan for Landbruks- og matdepartementet. Landbruksdirektoratet skal ha oversikt over utviklingstrekk i hele verdikjeda, bidra til erfaringsutveksling med næringa og samarbeid med anna forvaltning, ha god kunnskap om resultatoppnåing mot gjeldande politiske mål og gi innspel til Landbruks- og matdepartementet om utvikling av verkemiddel, under dette forenkling. Landbruksdirektoratet skal drive formidling av fag- og forvaltningskompetanse og av landbruks- og matpolitikk til regional og lokal forvaltning. Landbruksdirektoratet skal samarbeide med fylkesmannen for å medverke til god lov- og tilskottsforvaltning på regionalt og lokalt nivå.

Landbruksdirektoratet har følgjande forvaltningsområde:

  • Areal, skogbruk, ressursforvaltning og økologisk landbruk

  • Reindrift

  • Inntekts- og velferdspolitiske tiltak

  • Marknadstiltak, handel og industri

  • Administrasjon

Budsjettframlegg 2015

Løyvinga skal dekkje driftsutgiftene til Landbruksdirektoratet. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 218,279 mill. kroner i 2015. I dette ligg 1,1 mill. kroner frå kap. 1142, post 01 som blir flytta til Finansdepartementets kap. 1605, post 01 knytt til at Direktoratet for økonomistyring utfører løns- og rekneskapstenester for Landbruksdirektoratet. Frå 2015 er det vidare foreslått å innføre nøytral meirverdiavgift for ordinære statlege organ, jf. avsnitt 1.3 i innleiinga. For driftsutgiftene under Landbruksdirektoratet betyr dette ein reduksjon av løyvinga på 15,479 mill. kroner mot ein tilsvarande auke under kap. 1633, post 01, jf. Prop. 1 S (2014–2015) frå Finansdepartementet.

Under følgjer nærare omtale av viktige oppgåver innanfor dei enkelte forvaltningsområda i 2015.

Areal, skogbruk, ressursforvaltning og økologisk landbruk

Landbruksdirektoratet vil i 2015 halde fram arbeidet med å sikre eit berekraftig skogbruk. Landbruksdirektoratet vil særskilt følgje opp satsinga på infrastrukturtiltak i skogbruket, jf kap 1149, post 71. Resultatet frå strategigruppa Skog 22 vil og leggje grunnlag for prioriteringane i 2015.

På klima- og miljøområdet vil Landbruksdirektoratet vidareutvikle tiltaka med sikte på forenkling og målretting til det beste for klima, miljø og næring. Regional og lokal oppfølging av vassforskrifta, samt arbeid med kulturlandskap vil også vere viktige oppgåver for Landbruksdirektoratet i 2015. Landbruksdirektoratet skal ha oversikt over praktiseringa av naturmangfaldlova på landbruksområdet. Det er nødvendig med merksemd på jordvern både lokalt og sentralt for å ta vare på god matjord. Landbruksdirektoratet vil etablere gode prosessar og rutinar for samarbeid med Miljødirektoratet.

Landbruksdirektoratet vil følgje opp utvikling av økologisk landbruk og omsetnad av økologiske landbruksprodukt retta mot målet om 15 pst. produksjon og forbruk innan 2020.

Landbruksdirektoratet vil i 2015 nytte betydelege ressursar til førebuing av ny naturskadelov. Landbruksdirektoratet vil også leggje vekt på å ha tilstrekkelege ressursar til god og effektiv handsaming av søknader om naturskadeerstatning.

Reindrift

27.5.2013 vedtok Stortinget ei endring av reindriftslova som inneber ei avvikling av områdestyra og overføring av oppgåvene til styra til Fylkesmannen. Samstundes gav Stortinget støtte til regjeringa sitt framlegg om ei administrativ overføring av områdekontora til Fylkesmannen. Endringane tredde i kraft frå 1.1.2014. Regjeringa legg opp til at også Fylkesmannen sine utgifter blir dekte over kap. 1142 i 2015. Samisk medverknad og reindriftsfagleg kunnskap vil vere viktig også i ein ny forvaltningsmodell. Landbruks- og matdepartementet har i samarbeid med Sametinget og NRL utvikla rammer for samisk og reindriftsfagleg medverknad i ei ny regional forvaltning. Fylkesmennene har fått ansvaret for å følgje opp dei rammene som er utarbeidde.

Eit tilpassa beitetrykk til beitegrunnlaget er den mest alvorlege og krevjande utfordringa reindrifta står overfor. Den er særleg alvorleg fordi ei forsvarleg ressursutnytting er avgjerande for den samiske reindrifta si framtid i store delar av Finnmark. Oppfølging av dei siidaandelane som har eit for høgt reintal, har difor høgaste prioritet i 2015. Styresmaktene er no inne i sluttfasen av dei prosessane som reindriftslova føreskriv for fastsetjing og reduksjon av talet på rein. Dette inkluderer også bruk av dei sanksjonsmidla som ligg i lova. Som ein del av kontrollarbeidet skal Landbruksdirektoratet halde fram med å telje rein i dei ulike reinbeiteområda. Ved større avvik mellom teljing og rapporteringane til reineigarane skal det bli sett inn tiltak.

Det er naudsynt med auka kunnskap om dei ulike årsakene til tap i reindrifta og om samspelet mellom desse. Det er difor viktig at direktoratet hjelper aktivt til med å auke kunnskapsgrunnlaget om tapa. Vidare er det viktig å halde fram arbeidet med å stimulere til auka slakting og til ein reduksjon av talet på rein i Finnmark. For å ha kontroll med utviklinga i reindrifta, skal forvaltninga hente inn og gjere tilgjengeleg nødvendige grunnlagsdata, mellom anna om beitetilhøva og slaktevekter.

Direktoratet skal halde fram med å etablere nettverk og alliansar med andre offentlege organ og gjere desse kjende med behovet i reindrifta for samanhengande areal og konsekvensane av ulike tiltak innanfor reinbeiteland for reindrifta. Vidare skal Landbruksdirektoratet arbeide aktivt for ei betre sikring av areala til reindrifta og arbeide for å dokumentere arealbruken i reindrifta og gjere denne kjent for kommunar og fylke.

Landbruksdirektoratet skal vere ein bidragsytar for auka verdiskaping i reindrifta, og skal stimulere næringa til auka produksjon og produksjonsoptimalisering. Saman med organa til næringa og andre aktørar, skal direktoratet bidra til at dei økonomiske ressursane over reindriftsavtalen blir nytta på ein formålstenleg måte som gir størst effekt og verdiskaping. Ei viktig oppgåve for direktoratet er å skape heilskap og samspel i verdikjeda. Det er difor naudsynt å prioritere fellestiltak i reindrifta framover.

Landbruks- og matdepartementet ber om fullmakt til å overskride løyvinga under posten med inntil 0,5 mill. kroner ved forskottering av utgifter til tvangsflytting av rein, jf. framlegg til vedtak III.

Inntekts- og velferdspolitiske tiltak

Innspel til forenkling og forbetringar av verkemidla i jordbruksavtalen er viktig også i 2015.

I 2015 vil Landbruksdirektoratet leggje vekt på å vidareutvikle den nettbaserte forvaltninga av tilskott og kvoteordninga for mjølk, med sikte på å bli meir brukarvennleg og å auke kvaliteten i forvaltninga. For å ivareta nødvendig grad av driftssikkerheit og auka effektivitet i forvaltninga av produksjonstilskotta, vil Landbruksdirektoratet dei næraste åra utvikle eit nytt IT-system for produksjons- og avløysartilskotta.

Marknadstiltak, handel og industri

Landbruksdirektoratet vil i 2015 arbeide for å sikre ei god forvaltning av dei ulike marknadsordningane for jordbruksråvarer. Å sikre like vilkår for aktørane i prisutjamningsordninga for mjølk, vil vere ei prioritert oppgåve. Landbruksdirektoratet vil vidareføre arbeidet med faglege analysar og grunnlagsmateriale til bruk i internasjonale forhandlingar (WTO, EU, EFTA). Marknadsovervaking med rapportering og analyse av nasjonale og internasjonale marknader for jordbruksråvarer er viktig.

Landbruksdirektoratet vil halde fram med å følgje nøye med på konkurransesituasjonen til den mest konkurranseutsette industrien som foredlar jordbruksråvarer (RÅK-industrien).

Landbruksdirektoratet vil forvalte importvernet for landbruksvarer i tråd med unilaterale, bilaterale og multilaterale forpliktingar, med mål om å sikre avsetning for norske landbruksvarer.

Administrasjon

Landbruksdirektoratet vil i 2015 halde fram med å vidareutvikle datasystema slik at desse blir meir brukarvennlege, men også for å redusere risiko og sikre ei stabil drift. I tillegg ønskjer Landbruksdirektoratet å tilby brukarane nye elektroniske tenester gjennom Altinn. Landbruksdirektoratet har som mål å levere alle tenestene sine digitalt der det er formålstenleg, og avvikle manuelle tenester som ikkje krev nærleik til brukaren. Landbruksdirektoratet vil halde fram med arbeidet med informasjonssikkerheit, der haldningsskapande arbeid vil vere ein sentral del. Beredskapsarbeidet vil også vere eit viktig område i 2015. Landbruksdirektoratet skal vidareføre arbeidet med mål- og resultatstyring i verksemda og det generelle arbeidet med å effektivisere verksemda og tenestene.

Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald

Formål med løyvinga

Løyvinga skal dekkje utgiftene til ei oppfølging av Noreg sitt ansvar for grensegjerda mot Sverige, Finland og Russland. Posten skal også dekkje utgiftene til oppfølging av reinbeiteavtalar i Rørosregionen. I tillegg skal posten dekkje eventuelle erstatningskrav frå finske styringsmakter i samsvar med den gjeldande reingjerdekonvensjonen mellom Noreg og Finland, samt etablering av eit samla informasjonssystem for areal- og ressursovervaking for reindrifta.

Budsjettframlegg 2015

Departementet gjer framlegg om ei løyving på posten på 6,827 mill. kroner for 2015.

Post 60 Tilskott til veterinærdekning

Formål med løyvinga

Formålet med tilskottet er å bidra til tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell. Tilskottet blir gitt til kommunane, som etter dyrehelsepersonellova skal sørgje for tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell (veterinærar).

Budsjettframlegg 2015

Departementet gjer framlegg om 134,933 mill. kroner i tilskott til veterinærdekning i kommunane.

Hovuddelen av den føreslåtte løyvinga på posten, 116,823 mill. kroner, er tilskott til klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid. Midlane blir fordelt til kommunane ut i frå fastsett vaktinndeling. Vaktinndelinga og satsar for godtgjersle blir fastsett av organisasjonen til kommunesektoren,KS, etter at dei har innhenta råd frå Den norske veterinærforening.

Framlegget til løyving omfattar også 13,003 mill. kroner som kommunane kan nytte til stimuleringstiltak for å sikre tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell i næringssvake distrikt. Midlane vil bli prioriterte til kommunar som har problem med å få stabil tilgang til veterinærtenester, og som legg planar for gode, lokale løysingar. Departementet legg til grunn at om lag ein firedel av kommunane i landet vil fylle kriteria for å kunne søkje midlar frå denne delen av løyvinga. Eit mindre beløp kan tilsvarande nyttast på Svalbard.

I framlegget er det også lagt inn 5,107 mill. kroner til administrative kostnader for kommunane.

Post 70 Tilskott til fjellstover

Formål med løyvinga

Formålet med løyvinga er å halde oppe tryggleiken i veglaust terreng for mellom anna reingjetarar. Departementet har i dag tre statseigde fjellstover og i tillegg kontrakt med fire private om fjellstovehald. Fjellstovene blir drivne på kontrakt med Landbruksdirektoratet. Fjellstovene har plikt til å halde ope heile året.

Budsjettframlegg 2015

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 775 000 kroner i 2015.

Post 71 Omstillingstiltak i Indre Finnmark

Formål med løyvinga

Formålet med løyvinga til omstillingstiltak i Indre Finnmark er å finansiere ulike tilpassingar og tiltak for å leggje til rette for ei berekraftig reindrift i Finnmark.

Auka kunnskap om produksjon og tap vil vere viktig, både for å dempe konfliktar og for ei berekraftig forvaltning av reindriftsnæringa. Utgifter knytt til auka kunnskap om produksjon og tap i reindrifta, blir dekte over denne posten.

Utover dette har formålet med løyvinga vore å dekkje ei rekkje tiltak for å fylgje opp reindriftslova av 2007, samt enkelte utviklings- og utgreiingskostnader.

Budsjettframlegg 2015

Departementet gjer framlegg om ei samla løyving på 9,834 mill. kroner til omstillingstiltak i Indre Finnmark.

Utfordringa med å følgje opp godkjende bruksreglar er størst i dei distrikta i Finnmark der talet på rein ikkje er i samsvar med beiteressursane og der talet på utøvarar er for høgt til at målet om økonomisk berekraft blir nådd. Det krev ekstra innsats å følgje opp desse distrikta. Utover bruk av reglane etter reindriftslova, inneber oppfølginga mellom anna at ein skal leggje til rette for fellestiltak for betre infrastruktur og at ein framleis stimulerer aktivt til auka slakting og omsetnad av reinkjøtt. Kva for tiltak som blir sette i verk og finansierte over denne posten, vil vere avhengig av mellom anna situasjonen i det enkelte distriktet og den til ei kvar tid gjeldande marknadssituasjonen.

Utgifter til teljing av rein og digitalisering av kart i Finnmark blir også dekte over denne posten. Tilsvarande blir nettverks- og kompetansetiltak i samanheng med at fylkesmennene blei regional reindriftsmyndigheit frå 1.1.2014, og enkelte utviklings- og utgreiingskostnader dekte over posten.

Post 72 Erstatningar

Formål med løyvinga

Løyvinga skal dekkje erstatningar ved ekspropriasjon av rett til reinbeite i Trollheimen, jf. føresetnadene i overskjønnet heimla av Frostating lagmannsrett 2.9.1999. Dei årlege erstatningane på posten blir i tråd med Trollheimenskjønnet oppjusterte kvart femte år.

Budsjettframlegg 2015

Departementet gjer framlegg om ei overslagsløyving på 302 000 kroner for 2015.

Post 73 Tilskott til erstatningar m.m.

Formål med løyvinga

Formålet med tilskottet er å gi produsentar erstatning for tap og dekning av visse utgifter i samband med pålagde tiltak mot sjukdommar, smittestoff og skadegjerarar hos dyr og planter, jf. § 22 i Ot.prp. nr. 100 (2002–2003) Om lov om matproduksjon og mattryggleik mv. (matlova). Tilskottet skal også dekkje meirutgifter og tap i samband med tiltak som blir sette i verk som følgje av antibiotikaresistente bakteriar (LA-MRSA) i svinehaldet og for høgt innhald av radioaktivitet i storfe og småfe, samt visse andre kompensasjonar for å lette etterleving av krava i matlova og plikter i primærproduksjonen, jf. matlova § 31.

Budsjettframlegg 2015

Departementet gjer framlegg om ei overslagsløyving på 45,610 mill. kroner i 2015.

Post 74 Kompensasjon til dyreeigarar som blir pålagd beitenekt

Formål med løyvinga

Løyvinga på posten blir nytta til å gi dyreeigarar økonomisk kompensasjon når Mattilsynet som følgje av fare for rovviltangrep, med heimel i dyrevelferdslova, har gjort vedtak om beiterestriksjonar for storfe og småfe.

Budsjettframlegg 2015

Departementet gjer framlegg om ei løyving på posten på 1 mill. kroner for 2015.

Post 80 Radioaktivitetstiltak

Formål med løyvinga

Staten sitt ansvar for å dekkje kostnader som følgje av radioaktivt nedfall etter Tsjernobyl-ulykka har som prinsipielt utgangspunkt det vedtaket som regjeringa fatta om økonomisk skadesløyse 31.7.1986. Regelverket for radioaktivitetstiltak i reindrifta blir fastsett etter dei same prosedyrane som forskriftene etter reindriftsavtalen.

Budsjettframlegg 2015

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 2,5 mill. kroner i 2015.

Kap. 4142 Landbruksdirektoratet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Driftsinntekter, refusjonar m.m.

39 740

Sum kap. 4142

39 740

Post 01 Driftsinntekter, refusjonar m.m.

Posten gjeld driftsinntekter som Landbruksdirektoratet har knytt til m.a. sekretariatet for Omsetningsrådet, Styret for fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt og Utviklingsfondet for skogbruket, administrasjon av ulike fond, prisutjamningsordninga og kvoteordninga for mjølk og sal av tenester. Inntekter frå gebyr blir også førte på posten.

Kap. 1143 Statens landbruksforvaltning

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Driftsutgifter

203 694

184 880

60

Tilskott til veterinærdekning

129 878

132 449

70

Tilskott til beredskap i kornsektoren, kan overførast

386

72

Erstatningar, overslagsløyving

270

302

73

Tilskott til erstatningar m.m. ved tiltak mot dyre- og plantesjukdommar, overslagsløyving

17 033

45 610

75

Kompensasjon til dyreeigarar som blir pålagd beitenekt

161

1 000

Sum kap. 1143

351 422

364 241

Statens landbruksforvaltning blei slått saman med Statens reindriftsforvaltning 1.7.2014 til Landbruksdirektoratet. For omtale av Landbruksdirektoratet, sjå kap. 1142.

Post 01 Driftsutgifter

Hovudformålet med løyvinga har vore drift av Statens landbruksforvaltning (SLF). SLF har vore eit forvaltningsorgan for dei sentrale landbrukspolitiske verkemidla og eit støtte- og utgreiingsorgan for Landbruks- og matdepartementet. Brukarretta og effektiv forvaltning av tilskottsordningar og juridiske verkemiddel, kontroll, rådgiving og dokumentasjon har stått sentralt. SLF har bidrege til eit heilskapleg vurderingsgrunnlag for landbruks- og matpolitikken og har gitt innspel til Landbruks- og matdepartementet om utvikling av verkemiddel. SLF har formidla forvaltningskompetanse til regional og lokal landbruksforvaltning.

SLF sin verksemdsidé har vore å gi faglege råd, setje i verk landbrukspolitikken og leggje forholda til rette for landbruket og matindustrien. Ny strategi for SLF blei vedteke i april 2013.

Rapportering 2013

SLF opplevde 2013 som eit gjennombrott for digital forvaltning. Over 80 pst. av brukarane leverte elektronisk søknad om produksjonstilskott. Det er ny rekord og inneber at kommunane fekk 30 000 færre papirsøknader å handtere.

Etter rullering og oppdatering av dei regionale miljøprogramma, blei det i 2013 innført regionale miljøtilskott basert på ein nasjonal tilskottsmeny. Samstundes blei ei ny elektronisk løysing for søknad og sakshandsaming av regionalt miljøtilskott teke i bruk. Med den nye løysinga (eStil) kan føretak søkje om regionalt miljøtilskott via Altinn. Delen elektroniske søknader var 63 pst. – 15 098 av 23 940.

Også for kjøp av mjølkekvote var det ein betydeleg auke i delen som nytta elektronisk innmeldingsskjema, 76 pst. av dei 2 653 søknadene blei levert elektronisk.

Den viktigaste kanalen for å kommunisere med brukarane er nettportalen til verksemda, www.landbruksdirektoratet.no, tidlegare www.slf.dep.no. I ei undersøking utført av Agri Analyse, seier 89 pst. av dei spurde bøndene under 60 år som nyttar internett, at dei kjenner heimesida til SLF, og 85 pst. av desse seier at den er svært nyttig eller ganske nyttig. I 2013 hadde nettsida 810 000 besøk. Det er ein vekst på heile 150 000 frå 2012.

Gjennom dei ulike ordningane på statsbudsjettet har SLF utgiftsført 14 529 mill. kroner. Det var 42 784 jordbruksføretak som søkte produksjonstilskott i 2013. Det er ein nedgang på 2,7 pst. frå 2012. Eit gjennomsnittleg føretak disponerte eit areal på 230 dekar dyrka jord.

SLF har vore sekretariat for styra i Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt og Forskingsmiddel over jordbruksavtalen. Styra har vore samordna for å sikre heilskapeleg og effektiv forvaltning av forskingsmidla. Styra har vore opptekne av å møte utfordringane som Meld. St. 9 (2011–2012) Landbruks- og matpolitikken trekkjer opp mellom anna for auka matproduksjon.

SLF utferda 19 742 tollnedsetjingar for industrielt bearbeidde jordbruksvarer i 2013. Det er 26 pst. fleire enn i 2012. For andre landbruksvarer blei det innvilga 5 835 individuelle tollnedsetjingar og godkjenningar til import innafor tollkvotar. Dette er om lag på det same nivået som i 2012. Det blei fordelt 71 tollkvotar. Av desse blei 69 omsett på auksjon, og 145 aktørar deltok i auksjonane. Totalt blei det selt tollkvotar for nesten 230 mill. kroner.

SLF følgjer opp at fylkesmennene utfører det regionale kontrollansvaret på ein god måte. SLF bad i fullmaktsbrevet til fylkesmennene for 2013 om at det årleg blir gjennomført forvaltningskontrollar i 20 pst. av kommunane. Kontrollane skal vere risikobaserte og følgje av ein årleg kontrollplan. Avvik som blir avdekka gjennom forvaltningskontrollane har gitt grunnlag for vidareutvikling av både tilskottsforvaltning og kontrollaktiviteten.

SLF har kontrollrutinar og system som bidreg til at dei økonomiske og juridiske verkemidla blir forvalta i tråd med føresetnader gitt av Stortinget. Det blei i 2013 gjennomført forvaltningskontrollar av to ordningar hos forskjellige fylkesmenn. Det blei også gjennomført kontrollar hos føretak med utgangspunkt i ti ulike ordningar. Nokre av desse kontrollane avdekte at det var gitt urette opplysningar ved rapportering eller søknader. Auka kontrollaktivitet hos kommunar og fylkesmenn har medført eit auka omfang av til dels kompliserte klagesaker. Sakshandsamingstida for slike saker er redusert i 2013.

Ny delingsregel i jordlova § 12 blei sett i verk 1.7.2013. Dette medførte omfattande rådgivings- og foredragsverksemd frå SLF si side, både i for- og etterkant av iverksetjingsdatoen. Det er i hovudsak kommunar og fylkesmenn som har bede om slike tenester. I tillegg har det vore mange spørsmål frå privatpersonar/grunneigarar.

Det blei i 2013 gjort vedtak om statleg naturskadeerstatning i 2 559 saker, mot vel 1 200 saker i eit gjennomsnittleg år, jf. kap. 1148. Styret i Naturskadefondet har gitt tilsegn om erstatning på til saman 247 mill. kroner, der 180 mill. kroner dekkjer flomskadar. Hedmark og Oppland blei også i 2013 hardt ramma av flom. SLF fekk omfattande informasjonsoppgåver overfor enkeltpersonar og styresmakter, og deltok i folkemøte og møte med kommunar og lensmenn i dei råka områda.

I samarbeid med Miljødirektoratet og Norsk institutt for skog og landskap, utarbeidde SLF i 2013 ein rapport som viser at det har positiv klimaeffekt å plante skog på nye område. Rapporten konkluderte mellom anna med at det utan vesentleg svekking av miljøverdiar, er mogleg å plante minst 50 000 dekar skog årleg dei neste 20 åra med klimagevinst. Det blei løyvd meir pengar til infrastruktur i skogbruket som skogsvegar og tømmerkaier. SLF har også fått på plass rutinar for å sikre at norsk tømmeromsetnad blir tilpassa den nye EU-forordninga for omsetnad av tømmer og treprodukt.

Nærare omtale av aktiviteten i SLF i 2013 finst i årsrapporten for 2013 på www.landbruksdirektoratet.no

Post 60 Tilskott til veterinærdekning

Formålet med tilskottet er å bidra til tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell. Tilskottet blir gitt til kommunane, som etter dyrehelsepersonellova skal sørgje for tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell.

Rapportering 2013

Hovuddelen av midlane har blitt nytta til vaktgodtgjering for veterinærar som deltek i klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid. Midlane har blitt fordelte mellom kommunane ut i frå vaktinndeling. Ein mindre del av løyvinga har vore nytta til stimuleringstiltak for å sikre generell tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell i næringssvake distrikt. Eit mindre beløp har tilsvarande vore nytta på Svalbard.

Post 70 Tilskott til beredskap i kornsektoren

Posten omfatta ei beredskapsordning for mjøl til bakeribransjen i områda frå Ofoten/Vestfjorden og nordover. Ordninga blei avvikla frå 1.1.14.

Rapportering 2013

Ordninga bygde på ei avtale mellom Norgesmøllene og SLF. I avtalen forplikta Norgesmøllene seg til, i tillegg til eige driftslager, å halde eit beredskapslager av kornbaserte råvarer tilsvarande sal til bakeria i området i ein periode på 20 dagar.

Post 72 Erstatningar

Løyvinga skal dekkje erstatningar ved ekspropriasjon av rett til reinbeite i Trollheimen, jf. føresetnadene i overskjønnet heimla av Frostating lagmannsrett 02.09.1999.

Rapportering 2013

Det blei i 2013 utbetalt fastsette årlege erstatningar til 45 personar.

Post 73 Tilskott til erstatningar m.m. ved tiltak mot dyre- og plantesjukdommar

Formålet med tilskottet er å gi produsentar erstatning for tap og dekning av visse utgifter i samband med pålagde tiltak mot sjukdommar, smittestoff og skadegjerarar hos dyr og planter, jf. § 22 i Ot.prp. nr. 100 (2002–2003) Om lov om matproduksjon og mattryggleik mv. (matlova). Tilskottet skal også dekkje meirutgifter og tap i samband med tiltak som blir sette i verk som følgje av for høgt innhald av radioaktivitet i storfe og småfe, samt visse andre kompensasjonar for å lette etterleving av krava i matlova og plikter i primærproduksjonen, jf. matlova § 31.

Rapportering 2013

Det blei i 2013 utbetalt i overkant av 9 mill. kroner etter utbrott av plantesjukdommen heksekost i eple, om lag 4 mill. kroner etter utbrott av tospovirus i veksthus og 1 mill. kroner etter utbrott av biesjukdommen open yngelråte.

Post 75 Kompensasjon til dyreeigarar som blir pålagd beitenekt

Løyvinga på posten blir nytta til å gi dyreeigarar økonomisk kompensasjon når Mattilsynet som følgje av fare for rovviltangrep, med heimel i dyrevelferdslova, har gjort vedtak om beiterestriksjonar for storfe og småfe.

Rapportering 2013

I 2013 blei det utbetalt kompensasjon etter vedtak om restriksjonar i Nord-Trøndelag og i Sogn og Fjordane.

Kap. 4143 Statens landbruksforvaltning

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Driftsinntekter m.m.

53 872

38 625

16

Refusjon av foreldrepengar

1 197

18

Refusjon av sjukepengar

2 489

Sum kap. 4143

57 557

38 625

Post 01 Driftsinntekter m.m.

Posten gjeld driftsinntekter som SLF har hatt knytt til mellom anna sekretariatet for Omsetningsrådet, Styret for fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt og Utviklingsfondet for skogbruket, administrasjon av ulike fond, prisutjamningsordninga og kvoteordninga for mjølk og sal av tenester. Inntekter frå gebyr har også blitt førte på posten.

Kap. 1144 Regionale og lokale tiltak i landbruket

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

77

Regionale og lokale tiltak i landbruket, kan overførast

6 150

6 610

4 002

Sum kap. 1144

6 150

6 610

4 002

Post 77 Regionale og lokale tiltak i landbruket

Formål med løyvinga

Formålet med løyvinga er å:

  • styrkje Fylkesmannen si rolle som kompetansesenter for kommunane

  • bidra til desentralisering av ansvar og myndigheit til kommunane på landbruksområdet

Rapportering 2013

I 2013 blei det nytta 6,15 mill. kroner til kommuneretta arbeid og til arbeid innan miljø- og ressursforvaltning over kap. 1144, post 77.

Det er brukt midlar for å styrkje dialogen mellom Fylkesmannen og den politiske og administrative leiinga i kommunane innan landbruk, og til kompetansehevande tiltak for den kommunale landbruksforvaltninga.

Det blei tildelt 2,3 mill. kroner til utviklingsprogrammet for fjellregionen (Alvdal, Folldal, Tolga, Os, Tynset, Rendalen og Røros), disponert av Fylkesmannen i Hedmark. Løyvinga var den siste i det femårige programmet. Løyvinga er nytta til utviklingsarbeid innanfor småfenæringa i regionen, med vekt på rettleiing til småfebrukarar og til forskings- og utviklingstiltak for å fremje næringsutvikling.

Kommunane rapporterer på forvaltning av landbruksareal etter jordlova, plan- og bygningslova, konsesjonslova og odelslova gjennom KOSTRA. Det har i 2013 blitt nytta midlar til vidareutvikling og oppfølging av dette rapporteringssystemet. Det blei også løyvd midlar til heving av kompetanse i samfunnsplanlegging via Sekretariat for etter- og vidareutdanning i samfunnsplanlegging (Samplan/SEVS).

Det blei i 2013 løyvd midlar til Fylkesmannen sitt arbeid innanfor rovviltforvaltning, og til å følgje opp EU sitt rammedirektiv for vatn i fylke med mykje arealavrenning. Midlar har også gått til prosjektsamarbeid på landbruksområdet mellom Noreg og Russland. Fylkesmannen i Finnmark har koordineringsansvaret for norsk-russiske landbruksprosjekt.

Samarbeidet med KS blei i 2013 vidareført gjennom prosjektet Landbruk som en aktiv del av lokal samfunnsutvikling. Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet starta i 2013 eit prosjekt for å styrkje den samla kompetansen i kommunane innanfor plan, miljø og landbruk. I den samanhengen er det også gitt støtte til eit pilotprosjekt i Sør-Trøndelag for å styrkje plan-, miljø- og landbrukskompetansen i kommunane i fylket.

Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK) er ein stiftelse med hovudmål å fremje utvikling av økologisk landbruk. NORSØK har teke initiativ til etablering av Tingvoll Økopark. Stortinget vedtok i revidert nasjonalbudsjett for 2013 å løyve 6 mill. kroner i tilskott for å dekkje delar av etableringskostnadane. Departementet har stilt krav om dokumentasjon av forbruk som føresetnad for utbetaling. NORSØK har ikkje rapportert om forbruk i 2013, og midlane blei overført til 2014.

Budsjettframlegg 2015

Departementet gjer for 2015 framlegg om ei løyving på 4,002 mill. kroner, noko som inneber at posten er redusert frå saldert budsjett for 2014.

Det vil for 2015 bli sett av midlar til fylkesmannen si samhandling og dialog med kommunane på landbruksområdet. Støtta til fylkespilot for å styrkje plan-, miljø- og landbrukskompetansen i kommunane i Sør-Trøndelag blir vidareført.

Løyvinga til Sekretariat for etter- og vidareutdanning i samfunnsplanlegging (Samplan/SEVS) og midlar til oppfølging og drift av rapporteringssystemet KOSTRA vil bli vidareført.

Det vil også bli løyvd midlar til prosjektsamarbeidet på landbruksområdet mellom Noreg og Russland, som Fylkesmannen i Finnmark koordinerer.

Kap. 1147 Statens reindriftsforvaltning

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Driftsutgifter

46 421

44 840

45

Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

4 297

7 289

70

Tilskott til fjellstover

667

750

71

Omstillingstiltak i Indre Finnmark, kan overførast

3 212

9 520

82

Radioaktivitetstiltak, kan overførast

1 158

2 500

Sum kap. 1147

55 756

64 899

Statens reindriftsforvaltning (SRF) blei 1.7.2014 slått saman med Statens landbruksforvaltning (SLF). For omtale av Landbruksdirektoratet, sjå kap. 1142.

Post 01 Driftsutgifter

Hovudformålet med løyvinga har vore drift av Statens reindriftsforvaltning. SRF har vore eit utøvande forvaltningsorgan for dei sentrale reindriftspolitiske verkemidla, og eit støtte- og utgreiingsorgan for departementet. SRF hadde ei sentral rolle i gjennomføringa av reindriftspolitikken, og det var lagt opp til at forvaltninga i vesentleg grad også skulle ha ei rådgivande rolle. Tilrettelegging og aktivt arbeid for at måla i reindriftspolitikken blir nådde har også stått sentralt. SRF forvalta reindriftslova og verkemidla under reindriftsavtalen, og var også sekretariat og utøvande organ for Reindriftsstyret.

Rapportering 2013

I 2013 har hovudoppgåva for SRF vore å følgje opp distrikta sine godkjende bruksreglar. Ved utgangen av 2011 hadde alle sommar- og heilårsdistrikt fått godkjent bruksreglane sine. Dette gjeld både beitebruksreglane og talet på rein for den enkelte siidaen. For ein del førte klagehandsaming til at det endelege vedtaket låg føre i 2012. Ut frå godkjende bruksreglar skal talet på rein reduserast med om lag 40 000 rein. Nesten alle distrikt i Vest-Finnmark og enkelte distrikt i Aust-Finnmark skal redusere talet på rein. Det er 12 distrikt som skal redusere med 30-49 pst. Svært få av siidaane i desse distrikta blei samde om ein reduksjonsplan i samsvar med lova. Dette førte til at Reindriftsstyret hausten 2012 sende ut varsel om gjennomføring av forholdsmessig reduksjon av reintalet. Reindriftsstyret har følgt opp varselet og fatta vedtak om tidsfristar for reintalsreduksjon for ei rekkje distrikt/siidaer i Vest-Finnmark og Aust-Finnmark reinbeiteområde. Heile reduksjonen er forventa å vere gjennomført i løpet av 1-3 år, avhengig av kor mange dyr distriktet skal redusere med.

Totalt var det 85 siidaandelar som klaga på vedtak om fristar for ein forholdsmessig reduksjon. Reindriftstyret handsama hovuddelen av desse klagane under møtet sitt i november 2013. Reindriftstyret har oppretthalde eigne vedtak i 77 av sakene. Desse sakane blei oversende departementet i starten av desember 2013 for endeleg avgjerd. Tilnærma alle klagene var ferdighandsama av departementet i februar 2014.

For det første reduksjonsåret var det 65 pst. av siidaandelane i Vest-Finnmark som hadde følgd pålegget om 5 pst. av total reduksjon det første året. Når det gjeld oppfølginga for det andre reduksjonsåret, vil Landbruksdirektoratet først ha ein oversikt over status når meldinga om reindrift for driftsåret 2013/2014 er gått gjennom og godkjend av reindriftsstyresmaktene. I alle tilfelle viser foreløpige talet på slakt for sesongen 2013/2014 at uttaket av slaktedyr samla sett ikkje er tilstrekkeleg til å følgje opp dei gitte reduksjonskrava.

Styresmaktene er no inne i sluttfasen av dei prosessane som reindriftslova føreskriv for fastsetjing og reduksjon av talet på rein. I denne sluttfasen er det viktig at ein frå styresmaktene si side held fast ved det opplegget som er vald, slik at ein får gjennomført prosessen med reduksjon av talet på rein. Først når ein har gjennomført dei prosessane som lova føreskriv, har ein eit fullgodt grunnlag for å vurdere effekten av dei lovbaserte verkemidla. Dette inkluderer også bruk av dei sanksjonsmidla som ligg i lova.

Som ein del av forvaltninga sitt arbeid med å auke kunnskapsgrunnlaget om tapsårsaker og aktiv rettleiing om produksjonsoptimalisering, blei Norsk institutt for naturforsking (NINA) og Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF) tildelt eit oppdrag om å utarbeide ein pilotmodell hausten 2013. Pilotmodellen skulle estimere effektane av å gjennomføre prosessen med reduksjon av talet på rein for reindriftsnæringa i Vest-Finnmark og i Karasjok, og estimere kva for ei tilpassing som over tid vil gi det beste økonomiske utbytet. Rapporten blei offentleggjort i januar 2014. Resultata frå rapporten viser at den samla årlege produksjonen og innteninga i Vest-Finnmark og Karasjok kan aukast vesentleg gjennom å redusere talet på rein til eit økologisk berekraftig nivå.

Slaktevolumet i 2013 gjekk noko opp samanlikna med slaktevolumet i 2012. I kalenderåret 2012 blei det slakta i underkant av 65 000 rein, mens det i 2013 blei slakta i underkant av 69 000 rein. Sett opp mot behovet for å redusere talet på rein, var det likevel forventa eit høgare uttak. I samanheng med dette vil det nokså låge slakteuttaket framleis slå negativt ut med omsyn til målet om ei berekraftig reindrift i heile Finnmark.

Det er gjennomført møte i fleire av dei områdevise beredskapsutvala. SRF har starta eit arbeid med ein gjennomgang av mandatet for dei områdevise beredskapsutvala, inkludert kva for oppgåver utvala skal ha.

Det er gjennomført ei oppdatering av reindrifta sine arealbrukskart for Nordland. Dette kartet er lagt ut på Noreg Digitalt. Arbeidet med digitalisering av karta i Troms og Finnmark starta opp i 2014.

SRF var sekretariat for Marknadsutvalet for reinsdyrkjøtt. Aktiviteten i dette utvalet har vore større enn først tenkt. Dette skuldast fleire forhold, mellom anna ein vanskeleg marknadssituasjon for reinsdyrkjøtt dei siste åra og manglande planmessig marknadsarbeid over fleire år.

Teljing av rein er eit verkemiddel for å føre kontroll med om tilskottsutbetalingane er rette. SRF har gjennomført offentlege teljingar i 2013. I dei tilfella der underrapportering er avdekka, er det sett i verk tiltak.

27.5.2013 vedtok Stortinget ei endring av reindriftslova som innebar ei avvikling av områdestyra og overføring av styra sine oppgåver til Fylkesmannen. Samstundes gav Stortinget si støtte til regjeringa sitt framlegg om ei administrativ overføring av områdekontora til Fylkesmannen. Endringane med ei avvikling av områdestyra og overføring av områdekontora til Fylkesmannen tredde i kraft frå 1.1.2014. Arbeidet med endringar i den offentlege forvaltninga av reindrifta har vore arbeidskrevjande og teke mykje tid og ressursar i 2013.

Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald

Formål med løyvinga

Løyvinga skal dekkje utgiftene til oppfølging av Noreg sitt ansvar for grensegjerda mot Sverige, Finland og Russland. Posten skal også dekkje utgiftene til effektuering av reinbeiteavtalar i Rørosregionen. I tillegg skal posten dekkje eventuelle erstatningskrav frå finske styringsmakter i samsvar med den gjeldande reingjerdekonvensjonen mellom Noreg og Finland.

Rapportering 2013

SRF har følgt opp vedlikehaldsansvaret sitt for gjerde mot Sverige og Finland også i 2013.

Post 70 Tilskott til fjellstover

Formålet med løyvinga er å halde oppe tryggleiken i veglaust terreng for mellom anna reingjetarar. Departementet har i dag tre statseigde fjellstover og i tillegg kontrakt med fire private aktørar om fjellstovehald. Fjellstovene blir drivne på kontrakt med SRF. Fjellstovene har plikt til å halde ope heile året.

Rapportering 2013

Det er gitt tilskott til alle fjellstovene.

Post 71 Omstillingstiltak i Indre Finnmark

Utfordringa med å nå målet om ei berekraftig reindrift har vore og er størst i Finnmark. Formålet med løyvinga til omstillingstiltak i Indre Finnmark er å finansiere ulike tilpassingar og tiltak for å leggje til rette for ei berekraftig reindrift i Finnmark.

Fram til og med 2013 har løyvinga mellom anna dekka utgiftene til forlenga omstillingsløn.

Reindrifta har store tap, og det er ein stor differanse mellom det som det blir søkt om og det som blir erstatta som tap av rein til rovdyr. Dette har ført til auka konflikt mellom næringa og styresmaktene om tapsårsaker. Auka kunnskap om produksjon og tap vil vere viktig, både for å dempe konfliktar og for ei berekraftig forvaltning av reindriftsnæringa. Utgifter for auka kunnskap om produksjon og tap i reindrifta blir dekka over denne posten.

Utover dette har formålet med løyvinga vore å dekkje ei rekkje tiltak for å følgje opp reindriftslova av 2007, samt enkelte utviklings- og utgreiingskostnader.

Rapportering 2013

Den siste utbetalinga til dei som var på ordninga med forlenga omstillingsløn blei effektuert i 2013.

Det er gjennomført offentlege teljingar av rein både i Aust-Finnmark reinbeiteområde og i Vest-Finnmark reinbeiteområde. Der det er avdekka underrapportering er det sett i verk økonomiske tiltak.

Overvakningsprogrammet i Finnmark er finansiert over denne posten. Med grunnlag i oversende satellittbilete frå Northern Research Institute (NORUT) har forvaltninga sett i verk undersøkingar av lavbeita i delar av Aust-Finnmark hausten 2013.

Post 82 Radioaktivitetstiltak

Staten sitt ansvar for å dekkje kostnader som følgje av radioaktivt nedfall etter Tsjernobyl-ulykka har som prinsipielt utgangspunkt det vedtaket som regjeringa fatta om økonomisk skadesløyse 31.7.1986. Regelverket for radioaktivitetstiltak blir fastsett etter dei same prosedyrane som forskriftene etter reindriftsavtalen.

Rapportering 2013

Forbruket på post 82 varierer med behovet for radioaktivitetstiltak. I 2013 har det vore eit avgrensa behov for tiltak.

Kap. 4147 Statens reindriftsforvaltning

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Refusjonar m.m.

329

39

16

Refusjon av foreldrepengar

903

18

Refusjon av sjukepengar

303

Sum kap. 4147

1 535

39

Kap. 1148 Naturskade – erstatningar

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

22

Naturskade, administrasjon, kan overførast

8 000

71

Naturskade, erstatningar, overslagsløyving

254 000

185 700

161 200

Sum kap. 1148

254 000

185 700

169 200

Post 22 Naturskade, administrasjon

Formål med løyvinga

Stortinget vedtok våren 2014 ny lov om erstatning for naturskadar (naturskadeerstatningslova). Lova vil erstatte gjeldande naturskadelov med unntak av reglane om sikring mot naturskadar og vil tre i kraft 1.1.2017. Landbruksdirektoratet vil vere ansvarleg myndigheit for statens naturskadeordning. Handsaminga av skadesakene vil skje etter ein rein forvaltningsmodell og lova opnar for at ein større del av skadane enn etter gjeldande lov kan dokumenterast av den skadelidde. Dette vil krevje utvikling av nytt sakshandsamingsverktøy og løyvinga skal brukast til dette.

Budsjettframlegg 2015

Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 8 mill. kroner. Midlane skal gå til utvikling av nytt IKT-system for handsaming av naturskadesaker etter ny lov. Midlane vil bli tildelte Landbruksdirektoratet.

Post 71 Naturskade, erstatningar

Formål med løyvinga

Statens naturskadeordning gir erstatning for dei naturskadane det ikkje er mogleg å forsikre seg mot gjennom ei alminneleg forsikringsordning. Fram til naturskadeerstatningslova trer i kraft vil ordninga vere organisert etter dagens lov med eit styre og ei ankenemnd. Landbruksdirektoratet er sekretariat for styret og ankenemnda. Landbruksdirektoratet førebur sakene for styret og ankenemnda og gjer etterarbeidet som følgjer av vedtaka. Landbruksdirektoratet har også det administrative ansvaret for ordninga. Styret og Landbruksdirektoratet skal sørgje for at krav om erstatning for naturskadar blir handsama raskt og forsvarleg. Landbruksdirektoratet skal dessutan raskt kunne setje inn ein målretta og utvida innsats når naturkatastrofar oppstår.

Rapportering 2013

I 2013 blei det handsama 2 559 krav om erstatning med samla skadetakst på 246,6 mill. kroner. Totalt utgjorde utbetalingane 241,5 mill. kroner. I tillegg blei det utbetalt 11,3 mill. kroner til dekning av takseringskostnader og FoU-tiltak. Størstedelen av erstatningsvedtaka i 2013 skreiv seg frå naturskadehendingar i 2011. Dei mest omfattande av desse hendingane var flaumen i Oppland og Hedmark, flaumen i Sør-Trøndelag og stormane Berit og Dagmar som gjorde særleg stor skade langs kysten frå Vestlandet og nordover. I 2012 førte flaumen i Indre Troms og flaumen i Buskerud og Vestfold i samband med ekstremveret Frida til store skadar.

Budsjettframlegg 2015

Klimaframskrivingar viser at vi i Noreg må rekne med meir ekstremvèr dette hundreåret. Med ei slik utvikling kan det bli fleire og meir omfattande naturskadar i åra framover. Dei som blir råka av naturskade har på visse vilkår rett til erstatning etter lova. Posten dekkjer erstatningar i samsvar med lova. I tillegg blir det dekt rettferdsvederlag, utgifter til taksering av mellom anna skadar, og nødvendige utgifter til ekstrahjelp og utvikling av IKT-system for erstatningsordninga.

Erstatningen blir utbetalt etter at skaden er utbetra. Fristen for utbetring er tre år, og dette verkar inn på den årlege utbetalinga. Styret skal gi ei rask og forsvarleg handsaming av krav om erstatning som er heimla i naturskadelova. Landbruks- og matdepartementet følgjer opp ordninga på bakgrunn av mellom anna styringsdialog, rapportar og informasjon om økonomi.

Styret kan totalt gi tilsegn for inntil 2 mill. kroner til forskingsprosjekt, informasjonstiltak og andre aktivitetar som bidreg til å redusere skadeverknadene av framtidige naturulykker, eller å auke effekten av dei ressursane som blir nytta på naturskadeområdet.

Etter naturskadelova kan det bli sett som vilkår for utbetaling av erstatning at skaden blir utbetra på ein slik måte at faren for naturskade minkar. Dette gjeld både utbetringar på skadeobjektet og gjennomføring av mindre sikringstiltak som er knytt til skadeutbetringa. For slike sikringstiltak kan ein også over denne posten gi tilskott på maksimalt 30 000 kroner per sak til den skadelidne til dekning av desse meirkostnadene. Løyvinga skal dekkje innfriing av både nye tilsegner og uteståande tilsegner frå tidlegare år.

Ut frå dette gjer departementet framlegg om ei løyving på 161,2 mill. kroner og ei tilsegnsfullmakt på 81,5 mill. kroner for 2015, jf. Tabell 2.7 og forslag til vedtak IV.

Tabell 2.7 Tilsegnsfullmakt naturskadeerstatningar i 2015

(mill. kroner)

Ansvar per 1.1.2014

161,3

+

Forventa tilsegn i 20143

198,0

=

Sum

359,3

-

Forventa erstatningsutbetalingar 2014

231,6

=

Ansvar per 31.12.2014

127,7

+

FoU-tilskott, takseringskostnader o.a.

7,0

+

Forventa nye tilsegn i 2015

108,0

=

Sum

242,7

Forslag til løyving i 2015

161,2

Tilsegnfullmakt i 2015

81,5

Kap. 1149 Verdiskapings- og utviklingstiltak i skogbruket

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

51

Tilskott til Utviklingsfondet for skogbruket

3 379

3 497

3 595

71

Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket, kan overførast

26 595

33 866

42 444

72

Tilskott til auka bruk av tre, kan overførast

22 589

25 980

19 980

73

Tilskott til skog-, klima- og energitiltak, kan overførast

49 363

13 470

3 970

74

Tiltak for industriell bruk av trevirke, kan overførast

5 000

2 665

Sum kap. 1149

101 926

81 813

72 654

Post 51 Tilskott til Utviklingsfondet for skogbruket

Formål med løyvinga

Bakgrunnen for opprettinga av Utviklingsfondet for skogbruket var ein avtale mellom Finansdepartementet og Skogbrukets Arbeidsgiverforening om kompensasjon for opphevinga av refusjon for bensinavgift ved bruk av motorsag i skogbruket.

Vedtektene for Utviklingsfondet for skogbruket blei fastsette ved kgl. res. datert 25.2.1977, med endringar sist av 16.12.2002. Fondet skal støtte opp om forsking, utvikling, informasjon og opplæring innanfor skogbruket. I styret for fondet er offentleg forvaltning og private organisasjonar innanfor skogsektoren representerte. Landbruksdirektoratet er frå 1.7.2014 sekretær for fondet.

Rapportering 2013

I 2013 blei det overført 3,379 mill. kroner til fondet. Fondet delte ut tilskott til ti prosjekt og tre reisestipend.

Budsjettframlegg 2015

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 3,595 mill. kroner for 2015. Midlane frå fondet vil i første rekkje bli retta mot brukarretta FoU-verksemd med klare problemstillingar og mål. Fondet skal bidra til prosjekt som utviklar og styrkjer skogbruket som ei rasjonell, økonomisk og berekraftig næring.

Post 71 Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket

Formål med løyvinga

Regjeringa vil leggje til rette for å styrkje bidraget frå skogen til verdiskaping i heile landet og utvikle dei positive nærings-, energi- og klimabidraga frå skogen. Dette føreset at ein større del av det produktive skogarealet som kan drivast lønsamt, blir teke aktivt i bruk, med omsyn til mellom anna auka hogst, hausting av biobrensle og oppbygging av ny skog. Ein hensiktsmessig infrastruktur, frå skog til industri og vidare til marknadene, er avgjerande for at skogsektoren skal kunne drive konkurransedyktig næringsverksemd, og på denne måten vidarefører sektoren som ei viktig næring for distrikta og landet. Løyvinga skal bidra til modernisering og vidareutvikling av infrastruktur for transport, samt andre verdiskapingstiltak i skogbruket.

Rapportering 2013

Det blei i 2013 sett i gang eit arbeid for å utarbeide ein strategi for auka konkurranseevne i skogsektoren – Skog22. Den skal mellom anna ta for seg forsking og utvikling, jf. nærare omtale under kat. 15.30. Strategien skal bidra til å realisere potensialet for verdiskaping i skogsektoren og bidra til utvikling av ein meir bærekraftig økonomi.

Det er ei overordna målsetjing å flytte ein større del av godstransporten frå veg til bane og båt. Over ordninga blei det i 2013 løyvd totalt 25 mill. kroner i tilskott til fem tømmerkaiar. Desse er lokalisert til Mosjøen i Nordland, Skodje i Møre og Romsdal, Sogndal i Sogn og Fjordane, Lindås i Hordaland og Mandal i Vest-Agder.

Budsjettframlegg 2015

Frå posten vil det bli gitt tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket med vekt på tiltak som kan bidra til å redusere transportkostnadene i skogsektoren.

Behova for investeringar i infrastruktur er store over heile landet, men utfordringane er ulike i kyst- og innlandsfylka. Mykje av den skogen som i dag er hogstmoden eller eldre produksjonsskog, står langt frå veg eller i bratt og vanskeleg tilgjengeleg terreng. Dette gjeld særleg i mange av kystfylka. I innlandsfylka er rundt 75 pst. av skogsvegane meir enn 25 år gamle. Mange av desse vegane, med mellom anna bruer og snuplassar, treng sårt oppgradering for å tene dei transportbehova og dei krava som moderne transportutstyr stiller i dag. Kommunale hovudplanar for skogsvegar er eit godt verkty for å vidareutvikle skogsvegnettet. Tilskott til investeringar i nybygging og ombygging av skogsvegnettet er eit målretta og prioritert tiltak for ein aktiv skogforvaltning, auka hogst og meir kostnadseffektiv tømmertransport på større delar av det produktive skogarealet. Desse investeringane vil også bidra til betre klimatilpassing av skogbrukets vegnett, gjennom tiltak som reduserer faren for flom, erosjon og lausmasseskred i tilknyting til kraftige nedbørsepisodar.

Endringar i avsetnaden av virke og marknadene for tømmer og treprodukt dei siste åra har gjort tilgangen til kai og sjøtransport viktig, også i etablerte skogområde på Sør- og Austlandet. Ein tenleg kaistruktur langs kysten er avgjerande for å sikre både kostnadseffektive leveransar av trevirke til foredlingsindustri i Noreg og produktflyt til marknader nasjonalt og internasjonalt. Dette vil gi positive sysselsetjings- og verdiskapingseffektar. Satsinga på infrastrukturtiltak er i tråd med mellombelse tilrådingar frå Skog22 for å effektivisere transportarbeidet og styrkje konkurransekrafta i skognæringa.

Departementet vil styrkje satsinga på infrastruktur i skogbruket ytterlegare, og gjer framlegg om ei løyving på denne posten på 42,444 mill. kroner for 2015.

Post 72 Tilskott til auka bruk av tre

Formål med løyvinga

Meld. St. 9 (2011–2012) Landbruks- og matpolitikken og St.meld. nr. 39 (2008–2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen held fram auka bruk av tre som eit viktig tiltak. Dette er grunna god tilgang på ressursar, verdien for lokal, regional og nasjonal næringsverksemd og at det er eitt av fleire tiltak som kan redusere den samla klimabelastninga. Målet om auka bruk av tre blir understøtta i Meld. St. 21 (2011–2012) Norsk klimapolitikk og Meld. St. 28 (2011–2012) Gode bygg for eit betre samfunn.

For at tre i aukande grad skal brukast i byar og tettstadar, er det behov for auka produktutvikling og kompetansebygging som gjer det rasjonelt og sikkert å byggje trehus i fleire etasjar. Slik bruk av tre krev utvikling av nye industrielle løysingar. Utvikling av konkurransedyktige løysingar på dette området kan gi auka verdiskaping og energi- og klimagevinstar. Også innan samferdsel og næringsbygg er det eit stort potensial for å auke bruken av tre.

Endringar og strengare krav i forskrifter knytt til tekniske løysingar og energikrav, gjer at det er eit stort behov for utvikling og tilpassing av treløysingar til desse endringane.

Rapportering 2013

Det viktigaste området i 2013 var bedriftsretta og bransjeretta prosjekt for utvikling av nye produkt og nye løysingar for bruk av tre i byggmarknaden, og utgjorde over 70 pst. av prosjekta som fekk stønad. Nye, industrielle konsept som kan realisere auka bruk av tre innanfor samferdsel, forretningsbygg og urbant byggeri, har vore sentrale arbeidsområde. Potensialet for auka bruk av tre er vurdert å vere størst innanfor desse segmenta.

Løyvinga til programmet var på 27 mill. kroner i 2013. I tillegg blei det løyvd 15 mill. kroner i samband med revidert nasjonalbudsjett og overført midlar frå tidlegare år, slik at det totale løyva beløpet i 2013 blei 46,1 mill. kroner, fordelt på meir enn 80 prosjekt.

Programmet har også i 2013 halde fram med å utvikle det regionale nettverket av drivarar. Saman med næringa og det regionale partnarskapet er det no etablert «drivarfunksjonar» som skal fremme auka bruk av tre regionalt. Programmet bidreg med nødvendig fagleg støtte og til å koordinere drivarane. Desse drivarane hjelper trebedrifter til å tenkje nytt og utvikle seg vidare. Samarbeidet mellom dei regionale drivarane er vidareutvikla i 2013.

Samarbeidet mellom Trebasert innovasjonsprogram i Innovasjon Noreg og Noregs forskingsråd (NFR) sitt program BIONÆR er ført vidare, mellom anna gjennom koordinering av søknader mellom dei to institusjonane. Dette har blitt ein effektiv og god arena for å samordne verksemda. Prosjekta blir i tillegg koordinerte med Skogtiltaksfondet, Utviklingsfondet for skogbruket og skogbruket sitt verdiskapingsfond.

Løyvinga over denne posten blei også brukt til utviklingsprosjekt som kunne nyttast som førebilete for bruk av tre i kombinasjon med anna materiale. Eit døme på dette er studentbustader i massivtre som er konkurransedyktig med omsyn til pris, er vel dokumentert med omsyn til sikkerheit og effektivitet som byggsystem. Arkitektane har vore ein viktig samarbeidspartnar for å fremje tre som materiale, mellom anna gjennom utdanningsinstitusjonar som Arkitekthøgskulen i Oslo og nærings- og fagorganisasjonar som Norske Arkitekters Landsforbund og Arkitektbedriftene.

Budsjettframlegg 2015

Hovudmålsetjingane for programmet er auka bruk av tre og auka lønsemd i heile verdikjeda. For å nå måla er det behov for å finne og utvikle bedrifter som har retta seg mot marknader og bidrege til utvikling og innovasjon i bruk av tre. Ein føresetnad for god måloppnåing er at nye koplingar mellom produkt og marknad blir tekne i bruk. I strategiane som ligg til grunn for arbeidet, er det lagt vekt på å stimulere til kompetanseutvikling, stimulere til leverandør- og produktutvikling, utvikle pionerprosjekt, initiere og bidra til rasjonell logistikk og arbeide for auka kvinnemedverknad.

Trebasert innovasjonsprogram har sidan etableringa i 2006 bygd opp under næringspolitiske, miljøpolitiske og distriktspolitiske målsetjingar, og er eit element i departementet sin heilskaplege strategi for næringsutvikling knytt til landbruket. Synleggjering av miljøeigenskapane til trevirke er ein viktig del av innhaldet i programmet.

Landbruks- og matdepartementet ser det som viktig at programmet bidreg til å styrkje kompetansen når det gjeld bruk av tre i relevant høgare utdanning, og legg til rette for samhandling mellom utdanningsinstitusjonane og næringa.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 19,980 mill. kroner for 2015.

Post 73 Tilskott til skog-, klima- og energitiltak

Formål med løyvinga

Regjeringa vil styrkje dei klimapolitiske målsetjingane i forvaltninga av skog. Skogtiltaka i klimaforliket samsvarer godt med konklusjonane kring skog i klimapanelet sin siste hovudrapport. Skogen i Noreg har eit årleg opptak av CO2 som svarar til meir enn halvparten av dei samla norske utsleppa av klimagassar. Med bakgrunn i klimaforliket legg regjeringa opp til å føre ein aktiv berekraftig skogpolitikk gjennom tiltak som skal bidra til å auke karbonlageret i skogen. Skogplanting, gjødsling av skog og skogplanteforedling vil ha direkte innverknad på framtidig opptak og lagring av karbon i norske skogar. Samstundes skal skogressursane bli nytta til å produsere meir fornybar energi og byggjemateriale av tre for å redusere utsleppa av klimagassar. Skogtiltak er blant dei mest kostnadseffektive klimatiltaka, og har samstundes ein positiv næringsmessig effekt.

Rapportering 2013

Det blei gitt ei ekstraløyving på 4 mill. kroner til Det norske Skogfrøverk for å styrkje skogplanteforedlinga for å betre tilpassing til endringar i klima og for å auke lageret av karbon i norske skogar. Av desse midlane gjekk om lag 1 mill. kroner til langsiktige foredlingsoppgåver i samarbeid med Norsk institutt for skog og landskap.

Regjeringa beslutta i 2013 å avvikle tilskottet til uttak av skogsvirke til energiformål. 2013 var såleis siste året for denne ordninga. I 2013 blei det utbetalt i underkant av 37 mill. kroner i tilskott frå skogsflisordninga. Av dette beløpet var 5 mill. kroner omfordelt frå Bioenergiprogrammet under Landbrukets utviklingsfond (LUF), jf. kap. 1150, for å sikre at alle som søkte innan fristen fekk tilskott ettersom ordninga skulle bli avvikla. Nesten 90 pst. av tilskottet gjekk i 2013 til uttak av virke frå kulturlandskap, vegkantrydding og lauvskoghogst, mens 6 pst. gikk til uttak av hogstavfall (GROT). Totalt blei det gitt tilskott til eit volum på 0,9 mill. lauskubikkmeter. Totalt over alle år er det produsert 3,1 mill. kubikkmeter skogsflis. Det har vore størst aktivitet i Hedmark og Oppland. Troms har også nytta ordninga godt. Her har det vore betydeleg utbygging av varmeanlegg som nyttar skogsflis som råstoff.

Det blei også løyvd 2 mill. kroner til skogkultur over denne posten, jf rapportering på kap 1150, post 50.

Budsjettframlegg 2015

Det norske Skogfrøverk skal sikre forsyninga av skogfrø i Noreg. Frøforsyning i tilstrekkeleg mengde og av god nok kvalitet er viktig for oppbygginga av ny skog. Skogfrøverket har førebudd arbeidet med nødvendig fornying av skogfrøplantasjar etablert på 1960/70-talet gjennom etablering av andre generasjon frøplantasjar basert på det beste materialet frå plantasjane. Forsking viser at bruk av slikt materiale kan auke karbonopptaket i skogen med meir enn 20 pst. Fornying av skogfrøplantasjar dei neste 10 åra er avgjerande for å halde oppe produksjonen av foredla frø som i dag. Det er også ønskjeleg at større delar av landet blir dekt med foredla frø gjennom etablering av nye frøplantasjar. Departementet vil difor vidareføre arbeidet med langsiktig skogplanteforedling.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på denne posten på 3,970 mill. kroner for 2015. Løyvinga må sjåast i samanheng med framlegget om løyving av forvaltningsmidlar til Det norske Skogfrøverk jf. kap. 1139, post 71.

Post 74 Tilskott til industriell bruk av trevirke

Formål med løyvinga

Det er behov for å sjå skog- og trenæringa som ein heilskap, og departementet ser nytta av å setje i verk tiltak retta mot treforedlingsindustrien for å leggje til rette for auka aktivitet i skogbruket i tråd med måla for skogpolitikken.

Gjennom avansert teknologi kan mykje av det som i dag blir produsert av olje, også lagast av fornybar biomasse, til dømes trevirke og landbruksprodukt. Departementet ser eit særleg stort potensial i alternativ bruk av trevirke med sikte på utvikling av nye produkt og produksjonsmetodar. Ved å leggje til rette for ny næringsverksemd basert på skogressursane, vil ein finne nye marknader for trevirke og auke verdien av tømmeret.

Budsjettframlegg 2015

Det blei i 2013 oppretta eit program i Innovasjon Noreg for industriell bioraffinering. Programmet har som mål at fleire norske bedrifter skal ta marknadsposisjonar innan prosessering av fornybare bioråvarer til ingrediensar, materialar og kjemikaliar.

Bioraffineringsprogrammet kan bidra til å lette kommersialiseringa og kan gi større økonomisk utbytte av dei investeringane som er gjort i forsking i seinare år. Programmet skal gi tilskott til å utvikle teknologi, demonstrasjonsanlegg, produkt, nettverk og marknadskunnskap og kunne tilby risikoavlastning.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 2,665 mill. kroner for 2015.

Kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Driftsutgifter

1 818

2 500

12 500

50

Fondsavsetningar

1 446 479

1 190 653

1 205 653

70

Marknadsregulering, kan overførast

206 650

290 800

256 500

71

Tilskott til erstatningar m.m., overslagsløyving

81 275

72 000

49 100

73

Pristilskott, overslagsløyving

2 232 807

2 539 550

2 500 607

74

Direkte tilskott, kan overførast

8 307 336

8 442 400

8 421 110

77

Utviklingstiltak, kan overførast

219 745

275 790

263 080

78

Velferdsordningar, kan overførast

1 566 672

1 601 754

1 597 754

Sum kap. 1150

14 062 783

14 415 447

14 306 304

Formål med løyvingane

Kap. 1150 og kap. 4150 om jordbruksavtalen er basert på at jordbruket har forhandlingsrett med staten om prisar, tilskott og andre reglar for produksjon og omsetnad innanfor jordbruket. Ordningane under jordbruksavtalen er nokre av dei viktigaste verkemidla for å følgje opp måla og retningslinene i landbrukspolitikken.

For mange av postane er det underpostar der løyvinga er styrt av satsar per eining og omsøkt volum. Volumet på dei enkelte underpostane vil variere frå år til år. Difor ser departementet det som naturleg at eit auka behov for midlar på ein underpost kan dekkjast inn med unytta midlar på ein annan underpost under løyvinga på same posten.

I samband med handsaminga av Meld. St. 9 (2011–2012) Landbruks- og matpolitikken gav Stortinget støtte til ein ny målstruktur for landbruks- og matpolitikken. Departementet legg til grunn at dei same 4 hovudmåla står fast, men legg opp til ein betydeleg reduksjon i talet på delmål. For meir om måla i jordbrukspolitikken for kommande budsjettperiode, sjå omtalen av dette i innleiinga i denne proposisjonen.

Fleire faktorar, som klima, topografi, at produksjonen etter internasjonale mål skjer i ein småskalastruktur og norsk pris- og kostnadsnivå generelt, bidreg til at jordbruket i Noreg har eit høgt kostnadsnivå. Difor er mange av dei økonomiske verkemidla retta inn mot å sikre lønsam produksjon over heile landet, og for å stimulere til god agronomi og berekraftig produksjon. Mange av tilskottsordningane verkar mot fleire av måla samstundes. Det gjeld mellom anna tilskott som skal sikre det økonomiske grunnlaget for produksjon og velferd for næringsutøvarane. Verkemiddel som er meir målspesifikke vil også kunne påverke andre mål. Dette gjer at resultatmåling som følgje av eit konkret tiltak eller tilskott ikkje gir nokon fullgod informasjon.

Tilpassing til økonomiregelverket i staten

Av både budsjettekniske omsyn og av omsyn til verkemåten til dei ulike økonomiske verkemidla, kan ein ikkje vurdere hovudmåla post for post på budsjettkapitlet. Difor er det heller ikkje mogleg å ha ei isolert særeigen resultatrapportering på enkelte ordningar. Verkemidla under jordbruksavtalen skal samla sett gje rammevilkår som gir ei god måloppnåing både for næringa og samfunnet.

Det er behov for tilpassingar når det gjeld normal prosedyre for tilskottforvaltning. I omtalen under dette kapitlet gjer departementet årleg greie for hovudtrekka i tilpassingane for ulike ordningar, samt bruken av ulike aktørar i forvaltninga av ordningane.

Marknadsregulering og pristilskott/frakttilskott

Tilskott til produsert volum, til marknadsregulering og til frakt blir dekte over fleire ordningar under kap. 1150, postane 70 og 73, i nokon grad også under post 77. Satsane er baserte på fastsette kriterium, som produktgruppe, levert volum, distrikt m.m. Grunnlaget for tilskotta som blir utbetalte til produsentane via eit omsetnadsledd, vil normalt vere det same som grunnlaget for oppgjeret mellom omsetnadsledd og produsent. Ordningane utgjer ein del av avtalesystemet med fleire mål og verkemiddel som verkar samstundes mot dei same måla. Resultatrapporteringa skjer difor samla basert på rapportering frå Budsjettnemnda for jordbruket i samband med den årlege proposisjonen om jordbruksavtalen. Rapporteringa blir i tillegg supplert av vurderingsrapportar og statusnotat frå heile forvaltninga som grunnlag for å vurdere korleis dei enkelte ordningane verkar.

Tilskott som blir utbetalte via eit omsetnadsledd avvik også frå normalprosedyren ved at tilskottsmottakarane normalt ikkje søkjer om tilskottet. Storleiken på tilskotta er ei direkte følgje av levert vare til omsetnadsleddet. Omsetnadsledda gjer ikkje eigne vurderingar ved forvaltninga av tilskotta. Dei blir difor ikkje rekna som tilskottsforvaltarar, men som medhjelparar. Vidare blir det ikkje sendt eigne tilskottsbrev til produsentane. Tilskottsbeløpet går normalt fram av avrekninga for kvar leveranse. Det blir heller ikkje kravd rapport, og det blir ikkje utført kontroll hos tilskottsmottakarane (produsentane) fordi tilskottet blir gitt mot levert vare. Nødvendig kontroll blir sikra ved kontroll hos omsetnadsledda som leverer grunnlaget for utbetalingane og som formidlar tilskottet til den enkelte produsenten. Samla sett verkar dette til ei kostnadseffektiv forvaltning av ordningane.

Direkte tilskott og tilskott til velferdsordningar m.m.

Desse ordningane ligg under jordbruksavtalen kap. 1150, postane 74 og 78. Også under post 77 har ein slike ordningar. Dei direkte tilskotta er baserte på objektive kriterium som talet på dyr, areal, produksjonstype, mengd og distrikt. Satsane står i forhold til løyvd beløp og prioriteringar mellom ulike produksjonstypar, produksjonsomfang og lokalisering av driftseiningane. Velferdsordningane består i hovudsak av refusjon av utgifter til avløysing for sjukdom og ferie/fritid. Ein står her overfor same problemstillinga når det gjeld målformulering og kriterium for måloppnåing som for tilskott til marknadsregulering, pris og frakt, sjå ovanfor. For ordningane med direkte tilskott og velferdsordningar, vil resultatrapporteringa også i hovudsak finne stad i rapporteringa i samband med proposisjonen om jordbruksoppgjeret. Det er heller ikkje for denne gruppa av ordningar aktuelt å hente inn rapport frå tilskottsmottakarane. Det gjelder også ordninga med tilskott til veterinære reiser der tilskott blir utbetalt etter søknad om refusjon av utgifter som allereie er påløypt. Det kan da ikkje stillast vilkår for kva midlane skal nyttas til, eller krevje rapportering om bruken av midla.

Kollektive overføringar

På enkelte område er det administrativt meir effektivt å overføre tilskott samla frå departementet og/eller Landbruksdirektoratet og direkte til ein felles mottakar framfor først å utbetale tilskott til kvar produsent som igjen betalar inn til same sluttmottakar. Den auka godtgjersla i sjukepengeordninga for bønder er finansiert gjennom ei kollektiv overføring frå jordbruksavtalen til folketrygdfondet. Ei anna kollektiv overføring er innbetaling av omsetnadsavgift for frukt og grønt på post 70. Oppfølginga av desse ordningane vil vere å føre over løyvde beløp til rett mottakar. I tillegg må ein med mellomrom vurdere om ordningane verkar som føresett, og om overføringane gir eit rett uttrykk for reelle utgifter.

Tilskott til skogkultur og miljøtiltak

Tilskott til skogkultur og miljøtiltak som skal utbetalast med heimel i forskrift om nærings- og miljøtiltak i skogbruket, blir utbetalte som ein refusjon av dokumenterte utgifter basert på ein søknad sendt kommunen etter at tiltaket er gjennomført. Det blir ikkje søkt om tilsegn på førehand, og kommunens tilskottsbrev inneheld ikkje spesifikke vilkår om kva tilskottet skal nyttast til eller om rapporteringskrav.

Kommunane utarbeider retningsliner for prioritering av tilskotta. Årlege kunngjeringar inneheld informasjon om kva for tiltak som er rettkomne for tilskott og om den maksimale delen av tiltaket som tilskottet dekkjer. Kontroll av at tilskottet skjer ved søknadshandsaminga. Ved begrensa løyvingssramme kan tilskottsdelen bli redusert. Den delen av tiltakskostnaden som ikkje blir dekt av tilskott kan dekkast av skogfondsmidla til skogeigaren. Det dreier seg årleg om mange tusen tiltak, og tilskottsbeløpa er ofte relativt små. Rapporteringskravet blir dekt ved at spesifiseringa av tiltaket er registrert i Landbruksdirektoratets fagsystem for skogtiltak

Forvaltning

Hovuddelen av tilskottsforvaltninga er delegert til Landbruksdirektoratet. Størsteparten av dei administrative kostnadane til forvaltning av tilskottsordningane blir direkte dekte innanfor løyvingane over kap. 1142, til fylkesmennene over Kommunal- og moderniseringsdepartementets kap. 525 og til kommunane gjennom rammetilskottet frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Frå 2013 blei det etablert ei særskilt løyving på kap. 1150, post 01 som skal dekkje kostnader i samband med utgreiingar i arbeidsgrupper og evalueringar. For å kunne ha nødvendig fleksibilitet, kan det likevel fortsett vere aktuelt å trekkje nokre uviklings- og utgreiingskostnader på enkelte av tilskottsordningane.

På nokre område skjer forvaltninga av tilskott gjennom organ som ikkje er ein del av statsforvaltninga. Dette gjeld særleg Innovasjon Noreg. Kommunane er førstelinjemyndighet for dei fleste økonomiske verkemidla på landbruks- og matområdet, og omsetnadsledda har som nemnt ovanfor, ei medhjelparrolle i utbetalinga av tilskott til produsentane. I samband med ikkje-statleg tilskottsforvaltning har departementet klargjort ansvar og oppgåver for desse aktørane. På nokre område er det fastsett at eit oppnemnd styre, utval eller råd, skal tildele tilskottsmidlar, mens Landbruksdirektoratet er sekretariat og har ansvar for alle dei andre forvaltningsoppgåvene. I desse samanhengane er det departementet si vurdering at tilskottsforvaltninga framleis skjer innanfor statsforvaltninga.

Departementet og forvaltninga arbeider kontinuerleg med å få eit så robust kontrollsystem som mogleg. Det blir arbeidd med å styrkje fylkesmennene sin kontrollfunksjon på landbruksområdet, og det blir mellom anna stilt krav til fylkesmannsembeta om at det kvart år skal utarbeidast ein risikobasert kontrollplan og bli gjennomført forvaltningskontroll av kommunar og føretakskontroll. Når det gjeld kompetanse i landbruksforvaltninga, har fylkesmannen og Landbruksdirektoratet ein kontinuerleg oppfølging gjennom rettleiing og rådgiving, kommunebesøk, særskilde kommunesamlingar og kompetansetiltak retta mot dei landbruksansvarlege i kommunane.

Samla sett har det målretta arbeidet med kontroll og oppfølginga av kontroll dei siste fem åra gitt gode resultat, men det er framleis utfordringar knytt til kontroll og vidareutvikling av kontrollsystema i landbruket, spesielt rundt å sikre at kommunane har tilstrekkeleg kompetanse og ressursar og at fylkesmannen og kommunane får ein meir systematisk oppfølging av avvik. Departementet legg til grunn at det er eit kontinuerleg behov for forbetring av kontrollsystema.

Riksrevisjonen har i fleire samanhengar peika på svakheiter knytt til systemet for kontroll med utbetalingar av tilskott over jordbruksavtalen og kommunane si rolle i tilskottsforvaltninga. Landbruks- og matministeren deler Riksrevisjonen si uro på området, og vil følgje opp dette framover.

Rapportering 2013

Dei fire hovudmåla for norsk landbruks- og matpolitikk er matsikkerheit, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk. Ved sidan av å produsere varer og tenester for ein marknad, er norsk landbruks- og matsektor leverandør av ei rekkje fellesgode, dvs. gode som ikkje kan omsettast i ein marknad. Dei fire hovudmåla blir nådd gjennom at landbruket bidreg med produksjon av varer og tenester for ein marknad i kombinasjon med produksjon av fellesgode.

Mål vil i stor grad verke inn på kvarandre gjennom å vere samanfallande og forsterke kvarandre, eller å vere motstridande på kort eller lang sikt. For å oppnå hovudmåla for politikken er mange av dei økonomiske verkemidla retta inn mot å sikre lønsam produksjon over heile landet, og for å påverke måten produksjonen skjer på. Mange av tilskottsordningane er horisontale ordningar, dvs. at dei verkar inn på fleire av måla samstundes. Det gjeld mellom anna tilskott som skal sikre det økonomiske grunnlaget for produksjon og velferd for næringsutøvarane. Verkemiddel som er meir målspesifikke vil også kunne påverke andre mål. Dette gjer at tradisjonell resultatmåling som følgje av eit konkret tiltak eller tilskott ikkje gir fullgod informasjon.

Av både budsjettekniske omsyn og av omsyn til verkemåten til dei ulike økonomiske verkemidla, kan ein difor ikkje vurdere hovudmåla post for post på budsjettkapittelet. Difor er det heller ikkje mogleg å ha ei isolert spesifikk resultatrapportering på dei enkelte ordningane. Verkemidla under jordbruksavtalen skal samla sett gi rammevilkår som gir ei god måloppnåing både for næringa og samfunnet.

I tilknyting til måla for landbrukspolitikken, som omtalt mellom anna i innleiinga, finst det verkemiddel for å nå fleire av desse, både over jordbruksavtalen og på andre kapittel i budsjettet. Dette omfattar mellom anna økonomiske tiltak retta mot næringsutvikling, busetjing og sysselsetjing, samt verkemidla for mattryggleik m.m. Produksjon av trygg mat er ein grunnleggjande føresetnad også for næringspolitikken i jordbruket, men dei spesifikke verkemidla er i stor grad av ikkje-økonomisk karakter, og dei matpolitiske verkemidla ligg utanfor avtalen. Det finst også fleire juridiske verkemiddel som kan verke mot same mål som dei økonomiske. Saman med at dette er tiltak og rammer for sjølvstendige næringsutøvarar, gjer dette at måloppnåinga ikkje kan bli målt på enkelttiltak, men må gjerast på indikatorar som viser utviklingstrekka i næringa samla sett. For denne resultatrapporteringa, sjå del III.

Jordbruksoppgjeret 2014

Det blei ikkje oppnådd einigheit om ny jordbruksavtale mellom avtalepartane ved jordbruksoppgjeret 2014. Partane blei einige om å utarbeide ein teknisk jordbruksavtale på grunnlag av Stortinget si handsaming av jordbruksoppgjeret, jf. Innst. 285 S (2013–2014).

Den tekniske jordbruksavtalen 2014–2015 som blei inngått mellom staten og jordbruket den 30.6.2014, omfattar målprisane for perioden 1.7.2014 til 30.6.2015 samt tilskott som blir utbetalte i 2015. Det blei i samsvar med framlegget i Prop. 106 S om jordbruksoppgjeret også gjort omdisponeringar av tidlegare løyvde midlar i 2014. Avtaleverket for jordbruket har til formål å regulere tiltak som er eigna til å fremje fastlagte mål for jordbruket, og som ikkje er uttømmande regulert ved lov, stortingsvedtak eller forskrift. Som følgje av brottet i forhandlingane om ny jordbruksavtale blei tilbodet til staten i jordbruksoppgjeret med forslaga til endringar i jordbruksavtalen for 2014–2015 lagt fram for Stortinget i Prop. 106 S (2013–2014). Dette tilbodet hadde ei ramme på 150 mill. kroner fordelt med 340 mill. kroner i auka målprisar, 60 mill. kroner overført frå 2013 og ei reduksjon i løyvingane over statsbudsjettet på 250 mill. kroner. Stortinget handsama jordbruksoppgjeret 17.6.2014, jf. Innst. 285 S (2013–2014). I denne handsaminga vedtok Stortinget å auke løyvinga på fleire postar med til saman 250 mill. kroner slik at det blei same nivå på løyvingane i 2015 som i 2014. Stortinget gjorde også eit vedtak som gav Landbruks- og matdepartementet fullmakt til å setje i verk tiltak som er knytte til løyvingar i 2015.

Budsjettframlegg 2015

I jordbruksoppgjeret blei den samla løyvinga på kap. 1150 oppretthaldt på same nivå som i 2014. Postane 71 og 73 er overslagsløyvingar der satsar og volum styrer løyvingsbehovet. Over desse ordningane er det lagt til grunn eit redusert volum som inneber at den samla løyvinga på kap. 1150 blir redusert med 108,2 mill. kroner i forhold til saldert budsjett 2014. Samla løyving blir etter det 14 307,2 mill. kroner, mot 14 415,4 i saldert budsjett 2014.

Post 01 Driftskostnader

Formål med løyvinga

Posten var ny frå 2013. Formålet med løyvinga er å kunne ha finansiering av kostnader knytt til evalueringar og arbeidsgrupper sett ned av avtalepartane eller vedteke av Stortinget der kostnadene ikkje er direkte relatert til konkrete tilskottsordningar.

Rapportering 2013

Det blei sett av 2,5 mill. kroner til driftskostnader, utgreiingar og evalueringar i 2013. Midlane har blitt brukt til gjennomføring av:

  • Evaluering av miljøplankrava

  • Evaluering av ordninga med tilskott til innfrakt av slakt

  • Evaluering av tilskott til økologisk landbruk

  • Ekstern utgreiing av distriktspolitiske verkemiddel for ei arbeidsgruppe nedsett av partane i jordbruksoppgjeret 2012

Budsjettframlegg 2015

I Stortinget si handsaming av jordbruksoppgjeret var det fleirtal for at det skal gjennomførast fleire særskilde utgreiingar fram til jordbruksoppgjeret i 2015. Posten skal mellom anna finansiere følgjande utgreiingar:

  • Ei heilskapleg utgreiing av miljøverkemidlane under miljøprogramma til jordbruksoppgjeret 2015 med sikte på målretting og forenkling for miljø, næring og forvaltning, redusere talet på støtteordningar og auke formålseffektiviteten ved verkemiddelbruken

  • Evaluering av ordningane tilskott til avløysing ved sjukdom m.m. og tilskott til sjukepengar, med sikte på forenkling

  • I Prop. 106 S (2013–2014) har departementet gjort greie for arbeidet med å utforme ein ny IKT-plattform for produksjonstilskott mellom anna som ein del av arbeidet med å forenkle forvaltninga av søknadsprosessane. Det blei der gjort framlegg om å setje av 5 mill. kroner frå jordbruksavtalen til dette prosjektet i 2014, og 10 mill. kroner i 2015 som blir løyvd over denne posten. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 12,5 mill. kroner i 2015.

Post 50 Fondsavsetningar

 

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

50.11

Tilskott til Landbrukets Utviklingsfond (LUF)

1 446 479

1 190 653

1 205 653

Sum post 50

1 446 479

1 190 653

1 205 653

Formål med løyvinga

I tråd med vedtektene til Landbrukets Utviklingsfond (LUF) kan fondsmidla nyttast til tiltak som tek sikte på å styrkje og å byggje ut næringsgrunnlaget på dei enkelte landbruksføretaka. Ordningane under LUF omfattar verkemiddel knytt til næringsutviklings- og miljøtiltak, irekna tilskottsordningar, program og utviklingsmidlar. Auka verdiskaping er eit av hovudmåla for landbruks- og matpolitikken, og fleire av verkemidla over LUF skal bidra til lønsam utnytting av dei samla ressursane på garden. For ordningane som forvaltast av Innovasjon Noreg er målsetjingane om fleire gode gründerar, fleire vekstkraftige bedrifter og fleire innovative næringsmiljø sentrale.

Frå 2013 blei ein større del av verkemidla forvalta regionalt, og det blei oppretta regionale bygdeutviklingsprogram for å synleggjere dei regionale prioriteringane i verkemiddelbruken. Regionale bygdeutviklingsprogram inneheld regionale næringsprogram, regionale miljøprogram og regionalt skog- og klimaprogram.

Rapportering 2013

Departementet viser til Prop. 106 S for ei detaljert omtale av dei enkelte ordningane som er finansiert over Landbrukets Utviklingsfond. Ordningane det er gitt støtte til kan grovt sett delast inn i ni område:

  • Bedriftsretta midlar til investering og utvikling (BU-midlar)

  • Tilrettelegging for næringsutvikling

  • Rekrutterings- og kompetansetiltak

  • Forskingsmidlar

  • Mat- og reiselivssatsing og støtte til Matmerk

  • Skogbruk og bioenergi

  • Helse- og utviklingstiltak for sau og geit

  • Sametingets midlar til næringsutvikling og midlar til konfliktførebyggjande tiltak jordbruk/reindrift

  • Verkemiddel innan miljø og økologisk jordbruk

Bedriftsretta midlar til investering og utvikling (BU-midlar)

Gode investeringsordningar er nødvendige for å få ein meir robust og framtidsretta landbruksproduksjon over heile landet. Investeringsordningane skal også bidra til utvikling av ny næringsverksemd på landbrukseigedomane, med mål om auka sysselsetjing.

Dei fylkesvise BU-midlane har eit todelt mål. Dei skal bidra både til utvikling av ny næringsverksemd på landbrukseigedomen, og til utvikling og modernisering av landbruket generelt. For 2013 blei fylka tildelt til saman 508 mill. kroner i bedriftsretta BU-midlar og 60 mill. kroner i BU-midlar til utgreiings- og tilretteleggingstiltak.

I 2013 gjekk om lag 80 pst. av investeringstilskotta og nærare 90 pst. av lånerammer for rentestøtte over bygdeutviklingsordninga (BU-ordninga) til investeringar innanfor det tradisjonelle landbruket. Hensikta med investeringane er som oftast å modernisere driftsapparatet, skape rasjonelle driftseiningar og å effektivisere produksjonen. Innovasjon Noreg viser til at BU-midlane førte til auka produksjon hos 84 pst. av dei som mottok støtte. For å stimulere til utvikling av bygdenæringane er det også behov for investeringsstøtte på dette området. Om lag 20 pst. av tilskottsmidlane gjekk til investering og utvikling innanfor bygdenæringar i 2013. Gjennomsnittleg beløp for tilskott var på om lag 316 400 kroner. Avslagsprosenten hos Innovasjon Noreg i 2013 for landet totalt var på 6 pst. Det blir gjort ei vesentleg siling av prosjekta på kommunenivå i forkant for å utnytte dei avgrensa rammene best mogleg.

Innanfor ramma av dei fylkesvise BU-midla kan det setjast av midlar til eit taps- og rentestøttefond. Avsetjinga i 2013 var på 5,9 mill. kroner. Rentestøtte er og ein del av BU-ordninga. Det blei i 2013 gitt rentestøtte til ei låneramme på i alt 1 175 mill. kroner (inkl. overføring av ramme frå tidlegare år).

Tilrettelegging for næringsutvikling

For å leggje til rette for næringsutvikling på regionalt nivå er ein del av BU-midlane avsett til fylkesvise utgreiings- og tilretteleggingstiltak. Midlane blir ofte brukte i ei tidleg fase for utvikling av landbruksbaserte næringar, før det er aktuelt med bedriftsretta midlar, og i samfinansiering med andre lokale og regionale aktørar. Tiltaka omfattar næringsutviklings- og mobiliseringsprosjekt, reiseliv og opplevingsproduksjon, rekrutteringstiltak, tiltak for auka matproduksjon, Inn på tunet, økologisk landbruk, skogbruk, bioenergi, FoU-verksemd, praktikantordninga m.m. Fylkesmannen delte ut totalt 69 mill. kroner i BU-midlar til 589 utgreiings- og tilretteleggingstiltak i 2013.

På nasjonalt nivå er det avsett tilretteleggjande BU-midlar til prosjektretta verksemd og tiltak av landsomfattande karakter. Ramma for dei sentrale BU-midlane i 2013 var på 17 mill. kroner. Av midlane blei 8 mill. kroner forvalta av Innovasjon Noreg, mens 9 mill. kroner blei disponert av Landbruks- og matdepartementet. Av midlane departementet disponerte blei det løyvd støtte til matpolitiske prosjekt, kompetanse-, rekrutterings- og likestillingsprosjekt, skogpolitiske prosjekt, prosjekt knytt til næringsutvikling og til omdømmetiltak. Midlane forvalta av Innovasjon Noreg blei nytta til bedriftsovergripande utviklingsprosjekt, og særskilt til produksjonar utan sterk felleskapsorganisering og felleskapsøkonomi, som t.d. frukt, bær, grøntområdet og Inn på tunet.

Som eit ledd i ein meir regionalt tilpassa landbruks- og matpolitikk har det vore avsett midlar til auka utnytting av naturgitte ressursar innanfor nokre geografiske område. I 2013 blei det sett av 3 mill. kroner over jordbruksavtalen for å styrkje arktisk landbruk i Nordland, Troms og Finnmark. Midlane blir forvalta som ei felles programsatsing mellom dei tre fylkesmannsembeta i Nord-Noreg, Sametinget, næringsorganisasjonane i landsdelen, samt Nordland fylkeskommune. I alt blei det tildelt i overkant av 6 mill. kroner til ni ulike prosjekt, med hovudvekt på auka verdiskaping knytt til mat frå arktisk landbruk, sorts- og produktutvikling, merkevarebygging og marknad.

Rekrutterings- og kompetansetiltak

I jordbruksoppgjeret 2010 blei det avsett 4,5 mill. kroner til prosjektet Velg Landbruk som blei avslutta våren 2014. Målet med prosjektet var å styrkje rekrutteringa til landbruksutdanning på alle nivå. Det er lagt vekt på omdømmebygging av landbruk som yrkesveg og landbruksutdanning som ei allsidig utdanning med mange moglegheiter, samt utvikling av rekrutteringsverktøy. På regionalt nivå er fylkeskommunane tildelt 20 mill. kroner i året til arbeid med rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket. I 2013 er tilskottsmidla hovudsakleg nytta til tiltak med mål å auke rekrutteringa til næringa og til vidaregåande opplæring og vaksenopplæring innanfor landbruksfag. Ein vesentleg del av midlane er brukt til etter- og vidareutdanning for vaksne som er på veg inn i næringa (Voksenagronom). Dette er eit populært tilbod med god deltaking. Fylkeskommunane rapporterer om god gjennomføring av prosjekta og god oppslutnad om tiltaka det er gitt tilskott til. Dette tyder på at ordninga fungerer etter intensjonen.

På nasjonalt nivå forvaltar Matmerk Kompetanseutviklingsprogrammet i landbruket (KIL-midla). Midlane skal bidra til kompetanseutvikling for yrkesutøvarar innan primærlandbruket, eller tilleggsnæringar til primærlandbruket, og går til utvikling av kurstilbod med utgangspunkt i behova til næringa. Tilbod som blir gjort tilgjengeleg i heile eller aktuelle delar av landet, og som har potensial til å bli eit tilbod til ein stor del av produsentane innan den aktuelle produksjonen, blir prioriterte. I 2013 er det gitt støtte til mellom anna utvikling av kurstilbod i Kvalitetssystem i landbruket (KSL) som styringsverktøy for gardsdrifta, kvalifisering av vaksne søkjarar til agronomutdanning på vidaregåande nivå, fagskole innan produksjonsgartnarfag, driftsleiing og økonomi, samt nettbasert driftsrettleiar for gardsturismevertar.

Forsking

Forskingsmidlane over jordbruksavtalen blir forvalta av eit eige styre samansett av avtalepartane. Målet med midlane er å bidra til å dekkje opp av behovet til avtalepartane for forsking med hovudvekt på anvendt kunnskap. I 2013 blei det sett av 53 mill. kroner til forskingsmidlar over jordbruksavtalen. Tematiske prioriteringar var auka matproduksjon og verdiskaping basert på norske ressursar, råvarekvalitet, mattryggleik og helse, teknologi, biologi, forbrukar og samfunn og bærekraftig og klimatilpassa landbruk.

Mat- og reiselivssatsing og støtte til Stiftinga Matmerk

Stiftinga Matmerk har som mål å styrkje konkurranseevna til norsk matproduksjon og å styrkje omdømme til norske matprodukt hos norske forbrukarar. Dette skjer gjennom arbeid med kvalitetsstyring, kompetanse og synleggjering av norske konkurransefortrinn og norsk opphav overfor forbrukarar, matprodusentar og marknad. Matmerk administrerer og vidareutviklar Kvalitetssystemet i landbruket (KSL), godkjennings- og merkeordninga for Inn på tunet, merkeordningane Nyt Norge, Beskytta nemningar og Spesialitet, samt Kompetanseutviklingsprogrammet i landbruket, generisk marknadsføring av økologisk mat og enkelte andre prosjekt.

KSL skal vere eit styrings- og kvalitetssystem for den enkelte bonde og dokumentere for forbrukarane, varekjedene og styresmaktene korleis produksjonen på norske gardsbruk går føre seg. I 2013 blei det gjennomført om lag 5 500 eksterne revisjonar. Det blir arbeidd med å integrere HMS-arbeidet betre i KSL-systemet. Totalt 271 Inn på tunet-tilbydarar var godkjende i 2013, og om lag 300 Inn på tunet-tilbydarar er under godkjenning. Arbeid knytt til merkeordningane Nyt Norge og Beskytta nemningar har vore konsentrert om å auke talet på produkt og kjennskapen til produkta hos forbrukarane.

Målet med Utviklingsprogrammet for lokalmat og grønt reiseliv er å auke verdiskapinga for primærleddet, auke kunnskapen om lokalmat og regionale konkurransefortrinn og bidra til auka vektlegging av kvalitet. På matsida er innsatsen i første rekkje retta inn mot ordningane mobilisering og bedriftsutvikling, kompetansetiltak og omdømmetiltak. Budsjettramma for programmet var på 70 mill. kroner i 2013. Reiselivssatsinga over programmet består i stor grad av omdømmeaktivitetar og store temakampanjar.

Innovasjon Noregs Kundeeffektundersøking viser gjennomgåande gode resultat for brukarane av programmet. Programmet har svært høg addisjonalitet, dvs. at programmet blir sett på som utløysande for at prosjekta har blitt realisert. Eit stort fleirtal av dei spurde bedriftene oppgjer at tenesta som blir tilbydd har middels eller høg addisjonalitet. Effekten med omsyn til samarbeid er spesielt god. Effekten på innovasjon og omsetnadsauke ligg godt over snittet for Innovasjon Noregs programmer.

Det blei sett av totalt 19 mill. kroner til ulike omdømmetiltak over Utviklingsprogrammet i 2013. Midlane blir for ein stor del forvalta av Innovasjon Noreg. Landbruks- og matdepartementet forvalta 5,3 mill. kroner av omdømmemidlane i 2013. Midlane blir nytta til å synleggjere og profilere norske råvarer og matkultur nasjonalt og internasjonalt med sikte på å styrkje omdømmet til norsk mat og landbruk. I tillegg stimulerer midlane til ny næringsutvikling i skjeringspunktet mellom mat- og reiselivsområdet. Matstreif og deltaking på Internationale Grüne Woche (IGW) i Berlin er dei to viktigaste omdømmeprosjekta i programmet.

Dei to prosjekta Mat langs nasjonale turistveger og Frukt og bær rundt neste sving blei avslutta i 2013. Begge prosjekta har hatt som mål å stimulere til landbruksbasert næringsutvikling innan mat, reiseliv og opplevingar. Evalueringar av prosjekta viser at prosjekta har bidrege til auka samarbeid mellom bedrifter og ei sterkare kopling mellom mat og reiselivsområdet.

Skogbruk

Løyvinga til skogbruk over LUF var i 2013 på 204 mill. kroner. Gjennom ordninga for tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK) blei det i 2013 avsett totalt 151 mill. kroner. Fordelinga går fram av Tabell 2.8.

Innanfor NMSK blei det løyvd 69 mill. kroner til vegbygging, taubane m.v. i 2013. Det blei bygd og ferdigstilt i overkant av 100 km med nye skogsbilvegar og ombygd rundt 330 km med eksisterande skogsbilvegar. I tillegg blei det bygd om lag 200 km med nye traktorvegar og om lag 60 km blei oppgradert. Om lag 90 pst. av skogsbilvegane og 30 pst. av traktorvegane blei bygde med tilskott. Totalt blei det investert 148 mill. kroner på skogsbilvegar og 28 mill. kroner på traktorvegar.

I 2013 blei det i Noreg sett ut om lag 26 mill. skogplantar, noko som svarar omtrent til nivået i 2012. Omfanget av ungskogpleie gjekk ned med 31 000 dekar (10 pst.), mens markbereiing auka med om lag 18 000 dekar (35 pst.) samanlikna med 2012.

Det blei løyvd 28 mill. kroner til skogbruksplanlegging med miljøregistreringar i 2013. I 2013 blei det avslutta taksering av om lag 1,9 mill. dekar. Det er rapportert om 20 mill. dekar. under arbeid. Fordi desse prosjekta går over fleire år svingar tala for både ferdigstilt areal og areal under arbeid frå år til år, og det same vil utbetalingane gjere.

Skogbruk i kyststroka har særskilde utfordringar knytt til m.a. låg skogsvegdekning, mykje vanskeleg terreng, eigedomsstruktur m.m. Kystskogbruket omfattar kystfylka frå Vest-Agder til Finnmark. Desse fylka har betydelege skogressursar. Det er blitt gitt midlar til kystskogbruket til m.a. utgreiingar om behov for og lokalisering av kaier, taubanedrift og skogsbilvegar.

Kunnskap er avgjerande for å skape ei konkurransedyktig og berekraftig trebasert verdikjede i Noreg. Skogbrukets Kursinstitutt (Skogkurs) er ein sentral aktør når det gjeld å utvikle og gjennomføre kompetansetiltak på skog- og utmarksområdet, retta mot rettleiingsapparat, og skogeigarar, skogsarbeidarar og entreprenørar over heile landet. Skogkursserien Aktivt skogbruk er eit døme på denne aktiviteten.

Tabell 2.8 Tilskott til skogbruk i perioden 2011–2013. mill. kroner

2011

2012

2013

Nærings- og miljøtiltak i skogbruket

134

141

151

Vegbygging, taubane o.a.

66

66

69

Skogkultur, miljøtiltak o.a.

68

75

82

Kystskogbruket

10

10

10

Skogbruksplanlegging med miljøregistreringar

29

29

29

Kompetansetiltak

11

14

14

Totalt

184

194

204

Bioenergiprogrammet

Satsinga på bioenergi gjennom Bioenergiprogrammet bidreg til meir miljøvennlege energiløysingar både i landbruket og i andre sektorar, samstundes som det gir moglegheit for auka verdiskaping for skogeigarar. Aktiviteten under Bioenergiprogrammet var noko lågare i 2013 enn i 2012, noko som først og fremst skuldast låge strømprisar. I 2013 blei det løyvd støtte i om lag 200 saker, til eit samla beløp på 50 mill. kroner. Dette er ca. 10 pst. færre saker enn 2012. Det blei gitt støtte til 13 varmesalsanlegg i 2013. Det er 7 færre enn i 2012. Prosjekta har utløyst ein energiproduksjon tilsvarande 27 GWh i 2013 mot 30 GWh i 2012.

Det er i 2012 og 2013 gjennomført effektundersøkingar både for varmesalsanlegg og gardsanlegg. Varmesalsanlegga viser positive driftsresultat. Undersøkinga viser også at varmeproduksjonen frå anlegga er høgare enn planlagt (13 pst.). Støttenivået ligg på 8 øre/kWh (til samanlikning er støttenivået under el-sertifikatordninga for tida 18 øre/kWh).

Helse- og utviklingstiltak sau og geit

Dei siste åra har det blitt gitt tilskott til dyresjukdomsprosjekta Friskere geiter og Friske føtter (vondarta fotråte hjå småfe). Målet med prosjekta har vore å få kontroll med sjukdomane og dermed sikre friske dyr, betre dyrevelferd og betre produkt. Friskere geiter starta i 2001 og skal etter planen avsluttast i 2018. Prosjektet har gitt eit løft for geitehaldet som har slitt med sjukdomar som er svært smittsame og smertefulle og som går utover både mjølkeproduksjon og dyrevelferd. Prosjektet har vore støtta over jordbruksavtalen i mange år, totalt i størrelsesorden 150 mill. kroner, inkl. kompensasjon for bortfall av produksjonstilskott. Etter 2014 vil all foredla geitemjølk frå TINE komme frå sanerte besetningar.

Sjukdomssaneringsprosjektet Friske føtter er gjennomført for å kjempe mot utbrott av vondarta fotråte. Fotråte har store konsekvensar for dyrevelferd og økonomi i småfehaldet. Dei samla kostnadene som har blitt dekte frå Omsetningsrådet og jordbruksavtalen ligg på høvesvis 26 mill. kroner og 17,6 mill. kroner. Prosjektet er eit samarbeid mellom husdyrnæringa, Mattilsynet og Veterinærinstituttet. Prosjekteigar reknar med at det vil vere mogleg å utrydde sjukdomen i Noreg ved effektiv handtering av eit mindre tal på tilfelle i nokre få år framover. 2013 var siste året prosjektet blei støtta over jordbruksavtalen.

Sametingets midlar til næringsformål og midlar til konfliktførebyggjande tiltak jordbruk/reindrift

4 mill. kroner av avsetninga over LUF blei overført til Sametingets midlar til næringsformål i 2013. Midlane skal stimulere til næringsutvikling i landbruket i samiske område og brukast til investerings- og utviklingstiltak av meir varig karakter. Totalt tildelte Sametinget 11,1 mill. kroner til investeringar og utviklingstiltak innan jordbruket i 2013.

Det blei også avsett 1,5 mill. kroner til konfliktførebyggjande tiltak mellom jordbruk og reindrift i 2013. Midla nyttast hovudsakleg til gjerdebygging. Det blei i 2013 tildelt i overkant av 0,7 mill. kroner frå ordninga til 8 prosjekt i fylka Finnmark, Troms, Sør-Trøndelag og Hedmark.

Verkemidlar innan miljø og økologisk jordbruk

Miljøsatsinga i jordbruket skal bidra til å redusere miljøbelastninga frå jordbruket og bidra til å oppretthalde kulturlandskapet. Fleire av verkemidla bidreg også til betre agronomi og vil ha positiv påverknad på produksjonen.

Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) skal bidra til å ivareta natur- og kulturminneverdiane og til å redusere forureining frå jordbruket utover vanleg jordbruksdrift. Ordninga blir forvalta av kommunane, og var i 2013 på 120 mill. kroner. Om lag 72 pst. av midlane går til tiltak for å fremje kulturlandskap og kulturmiljø, og nær 25 pst. går til tiltak for å redusere forureining.

Effektivisering av utmarksbeiting blir styrkt gjennom investeringstilskott til planarbeid og infrastruktur med prioritet til organiserte beitelag.

Sidan 2008 er det årleg avsett 3 mill. kroner til ei eiga satsing i verdsarvområda Vestnorsk fjordlandskap og Vegaøyan. Klima- og miljødepartementet bidreg med same sum midlar.

Utvalde kulturlandskap er ei felles satsing frå Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet for å følgje opp nasjonale mål om å ivareta kulturlandskapet. 22 kulturlandskap i jordbruket med omfattande kulturhistoriske og biologiske verdiar er valt ut, og det blei i 2013 sett av til saman 14 mill. kroner til mellom anna skjøtselstiltak. Over jordbruksavtalen var det sett av 8 mill. kroner, mens Klima- og miljødepartementet har bidrege med 6 mill. kroner over sitt budsjettet.

I jordbruksoppgjeret 2012 blei det sett i gang eit 3-årig prosjekt, Energieffektivisering i veksthusnæringen som oppfølging av tilsvarande prosjekt frå 2009–2011. Det blei sett av 1 mill. kroner for 2013.

Klima- og miljøprogrammet skal bidra til å oppnå målsetjingane for landbrukspolitikken på klima- og miljøområdet gjennom utredningar og informasjonstiltak. God overføring av kunnskap frå forsking til praktisk jordbruk innan klima- og miljøområdet er eit kjerneområde. I 2013 var det avsett 18 mill. kroner til satsinga, 6 mill. kroner til fylkesvise tiltak og 12 mill. kroner til sentrale tiltak.

For 2013 blei det sett av 44 mill. kroner til utviklingstiltak for økologisk jordbruk. Midlane blei prioriterte til prosjekt retta mot salsleddet i verdikjeda. Til jordbruksoppgjeret 2013 blei det gjennomført ei evaluering av verkemidla som skal fremje auka produksjon og forbruk av økologisk mat. Evalueringa viste at produksjonstilskotta i all hovudsak er innretta på ei fornuftig måte, men at forvaltningseffektiviteten til utviklingsmidla kan bli betre.

Budsjettframlegg 2015

Underpost 50.11 Tilskott til Landbrukets Utviklingsfond (LUF)

Med bakgrunn i Prop. 106 S (2013–2014) Jordbruksoppgjøret 2014 og Stortinget si handsaming av denne gjer departementet framlegg om ei løyving for budsjettåret 2015 på 1 205,7 mill. kroner under kap. 1150, post 50, underpost 11. LUF blir også tilført 110,9 mill. kroner i 2014 gjennom omdisponering av udisponerte midlar, jf. Tabell 2.9. Løyvingsramma blir fastsett ut frå løyvingsframlegg på kap. 1150, renteinntekter, fondskapitalen, rentestøtte og administrative kostnader. Tabell 2.9 gir oversikt over kontantstraumane for fondet i 2014 og 2015. Det er lagt opp til ei belastning av kapitalen i fondet med 273,7 mill. kroner i 2015.

Tabell 2.9 Prognose for kontantstraumar i LUF1

2014

2015

Finansiering:

Løyving kap. 1150, post 50 m.m.

1190,7

1205,7

overførte udisponerte midlar

110,9

Renteinntekter

24,9

28,0

Andre inntekter

12,0

11,0

Sum finansiering

1338,5

1244,7

Utbetalingar:

Utbetaling av tilskott

1438,2

1382,8

Rentestøtte

62,2

62,3

Auka innvilgingsramme ekskl. rentestøtte samanlikna med opphavleg prognose

14,1

Andre kostnader

59,2

59,2

Sum utbetalingar:

1559,6

1518,4

Endring i fondskapital

-221,1

-273,7

1 Prognosane er baserte på Statens landbruksforvaltning sin rekneskapsrapport for LUF 2013, justert med endringar som følgje av jordbruksoppgjeret 2014 og Stortinget si handsaming av Prop. 106 S.

Samla innvilgningsramme i 2015 blir på 1384,5 mill. kroner ekskl. rentestøtte, jf. Tabell 2.10. Dette er ein auke på 65 mill. kroner samanlikna med forslaget i Prop. 106 S, og er endringar som følgje av avtalen om jordbruksoppgjeret mellom samarbeidspartia og Stortinget si handsaming av Prop. 106 S der innvilgingsramma på SMIL var auka med 40 mill. kroner, innvilgingsramma til Bioenergiprogrammet auka med 10 mill. kroner, Klima- og miljøprogram blei auka med 3 mill. kroner, innvilgingsramma til biogass auka med 2 mill. kroner og innvilgingsramma til Utviklingstiltak innan økologisk jordbruk auka med 10 mill. kroner i forhold til Prop. 106 S.

Tabell 2.10 Oversikt over innvilgingsramme for LUF 2014–2015

Ordning

2014

2015

Endring 2014–2015

Bedriftsretta midlar til investering og utvikling (BU-midlar)

528,0

528,0

0,0

Tilrettelegging for næringsutvikling og verdiskaping

Utgreiings- og tilretteleggingsmidlar (BU-midlar FM)

67,0

67,0

0,0

tilskottsmidlar til nasjonale prosjekt (BU-midlar IN)

8,0

0,0

-8,0

Omdømmemidlar (BU-midlar LMD)

9,0

4,0

-5,0

Områderetta innsats1

13,0

6,0

-7,0

Rekruttering, likestilling og kompetanse i landbruket2

26,0

30,0

4,0

Forsking

53,0

53,0

0,0

Matmerk

56,0

52,0

-4,0

Utviklingsprogram for lokalmat og grønt reiseliv

66,0

90,0

24,0

Bioenergiprogrammet3

25,0

60,0

35,0

Skogbruk

204,0

214,0

10,0

Friskere geiter- kompensasjonstilskott

19,0

15,0

-4,0

Midlar til konfliktførebyggjande tiltak jordbruk/reindrift

1,5

1,5

0,0

Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)4

225,0

195,0

-30,0

Investeringsstøtte organisert beitebruk

11,0

9,0

-2,0

Klima- og miljøprogram5

18,0

18,0

0,0

Biogass6

2,0

2,0

0,0

Støtte til verdsarvområda og utvalde kulturlandskap7

11,0

9,0

-2,0

Spesialrådgiving energi veksthusnæringen

1,0

1,0

0,0

Utviklingstiltak innan økologisk landbruk8

32,0

30,0

-2,0

SUM innvilgningsramme

1375,5

1384,5

9,0

Rentestøtte – utbetalingar

57,2

62,3

5,1

SUM innvilgningsramme inkl. utbetalingar rentestøtte

1432,7

1446,8

14,1

1 Avsetninga i 2015 går i sin heilskap til satsinga på fjellandbruket. Avsetninga til Sametinget på 4 mill. kroner vidareførast ikkje. Avsetninga til Arktisk landbruk blir avslutta i 2014.

2 Rekruttering, likestilling og kompetanse i landbruket omfattar i 2015 6 mill. kroner til Kompetanseprogrammet i landbruket (KIL) i regi av Matmerk, og 20 mill. kroner til fylkeskommunanes tilskottsmidlar til rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket, og 4. mill. kroner til ei satsing på rekruttering og gründerskap.

3 Frå 2015 er regionale midlar til bioenergiformål i BU-ordninga lagt inn i den nasjonale ramma jf. omtale av dette under Bioenergiprogrammet. Etter handsaming av Prop. 106 S. i Stortinget er total avsetning til Bioenergiprogrammet auka med 10 mill. kroner samanlikna med forslaget i Prop. 106 S.

4 100 mill. kroner av avsetninga er øyremerka dreneringstilskott. Etter handsaming av Prop. 106 S. i Stortinget er total avsetning til SMIL auka med 40 mill. kroner i forhold til forslaget i Prop. 106 S.

5 Etter handsaming av Prop. 106 S. i Stortinget er total avsetning auka med 3 mill. kroner samanlikna med forslaget i Prop. 106 S.

6 Etter handsaming av Prop. 106 S. i Stortinget er total avsetning auka med 2 mill. kroner samanlikna med forslaget i Prop. 106 S.

7 For 2015 blir det føreslått i avsette 6 mill. kroner til ordninga Utvalde kulturlandskap og 3 mill. kroner til Verdsarvområda.

8 Etter handsaming av Prop. 106 S. i Stortinget er total avsetning auka med 10 mill. kroner samanlikna med forslaget i Prop. 106 S.

For ei meir detaljert omtale av dei ulike ordningane, sjå rapporteringa for 2013, Prop. 106 S (2013–2014) og Stortinget si handsaming av denne.

Bedriftsretta midlar til investering og utvikling

For å oppnå auka effektivisering av produksjonsapparatet og leggje til rette for auka produksjon, gjer departementet framlegg om at avsetjinga til bedriftsretta tiltak innanfor dei fylkesvise BU-midlane blir sett til totalt 528 mill. kroner i 2015. Den tidlegare øyremerka avsetjinga på 35 mill. kroner til bioenergitiltak blir overført til Bioenergiprogrammet. Grensa for maksimalt tilskott til investeringar som tidlegare var på 1 mill. kroner blir oppheva på nasjonalt nivå. Maksimal prosentsats for tilskott til investeringar vidareførast med inntil 33 pst. av kostnadsoverslaget for investeringa. Skal vi nå målet om auka produksjon, er det viktig å støtte opp om dei bedriftene som ønskjer vekst. Støtte til investeringsprosjekt som gir auka matproduksjon skal difor prioriterast. Lønsemdsvurdering av prosjekta skal liggje til grunn for tildeling av midlar. Ulike eigarformer skal vere likestilte ved prioritering av søknader. Det skal leggjast vekt på nye krav til dyrevelferd og fornying av driftsapparatet. Ordninga med risikolån vidareførast innanfor ramma av dei fylkesvise BU-midlane.

Departementet vil innføre ny fordelingsnøkkel for dei fylkesvise BU-midlane frå 2015. Det vil bli teke utgangspunkt i Notat 2014-1 frå Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF) om forslag til fordelingsmodell. Arbeidet med ny fordelingsmodell skal drøftast mellom avtalepartane. Forskrift om midlar til bygdeutvikling skal reviderast for å innlemme endringar som følgje av jordbruksoppgjeret og med tanke på forenkling, tydeleggjering og betre målretting av verkemidla.

Utlånsramma for lån med rentestøtte blir vidareført med ei ramme på 1 000 mill. kroner også i 2015. Nivået på rentestøtta blir fastsett årleg for alle lån som er inne i ordninga. Rentestøtta blir sett til 50 pst. av Risikofri rente 3 år stat (ST4X) for føregåande år. Rentestøtta kan ikkje overstige 4 pst.

Ordningane med lokal forvaltning av BU-midlar i Valdres og Nord-Gudbrandsdalen blir avvikla frå 1.1.2015. Oppland vil frå då ha same forvaltningsmodell som resten av landet.

Fylkesvise BU-midlar til utgreiings- og tilretteleggingstiltak

Departementet gjer framlegg om at avsetninga til fylkesvise BU-midlar til utgreiings- og tilretteleggingstiltak blir vidareført med 67 mill. kroner i 2015. Det blir lagt til grunn at den strategiske innretninga på bruken av midlane er godt samorda med innretninga på dei bedriftsretta verkemidla regionalt. Praktikantordninga innanfor utgreiings- og tilretteleggingsmidla avviklast.

Sentrale BU-midlar til tilrettelegging for næringsutvikling

Departementet gjer framlegg om at avsetninga til dei sentrale BU-midlane for 2015 blir sett til 4 mill. kroner og forvalta av Landbruks og matdepartementet i sin heilskap.

Områderetta innsats – fjellandbruket

Som eit ledd i ein områderetta innsats blei det i jordbruksoppgjeret i 2013 sett av 6 mill. kroner årleg til ei treårig satsing på fjellandbruket frå 2014. Departementet gjer framlegg om at satsinga blir vidareført med 6 mill. kroner i 2015.

Rekruttering og gründerskap i landbruket

Det blir avsett 4 mill. kroner til ei fleirårig satsing til utvikling av gründerkompetanse i landbruket. Det skal utarbeidast eit eige mandat for arbeidet i samarbeid med avtalepartane. Målsetjinga er auka rekruttering og å løfte fram fleire gode gründerar gjennom beste praksis. I samband med dette er synleggjering av dei mange alternativa for karriere med landbruks- og gartnarutdanninga viktig. Satsinga skal gjennomføres i samarbeid med Innovasjon Noreg, utdanningsinstitusjonar, Ungt Entreprenørskap, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF), representantar frå næringa og andre relevante aktørar.

Fylkesvise midlar til rekruttering og kompetanseheving

Departementet gjer framlegg om at avsetjinga til fylkesvise midlar til rekruttering og kompetanseheving blir vidareført med ei ramme på 20 mill. kroner for 2015. Retningsliner og fordelingsnøkkel for midlane skal gjennomgåast før tildeling i 2015. Prioriterte område for ordninga er tiltak for å rekruttere meir kompetanse til landbruket, irekna støtte til etter- og vidareutdanningstilbod for yrkesutøvarar i landbruket.

Kompetanseutviklingsprogrammet i landbruket

Stifttinga Matmerk forvaltar Kompetanseutviklingsprogrammet i landbruket (KIL). Departementet gjer framlegg om å vidareføre ramma på 6 mill. kroner til KIL for 2015.

Forsking

Forskingsmidlane over jordbruksavtalen skal skaffe ny kunnskap som byggjer opp under måla for landbruks- og matsektoren, irekna i første rekkje auka matproduksjon i heile landet og høgare verdiskaping hos bonden. Departementet gjer framlegg om at avsetninga til forsking i 2015 blir vidareført med 53 mill. kroner.

For 2015 skal forsking som aukar produksjonen av korn, storfekjøtt, frukt og grønt prioriterast. I dette ligg mellom anna område som betrar agronomi, sortsutvikling, fôrkvalitet og teknologiutvikling. Det skal også prioriterast støtte til samanliknande studiar av jordbruksbedrifter med lik produksjon og ulike resultat, og mellom jordbruksbedrifter og andre private bedrifter.

Avtalemidlane til forsking skal også fremje kunnskapsutvikling som bidreg til å sikre trygg mat til dyr og forbrukarar og auka innovasjon og konkurransekraft i landbruket. For å sikre ei effektiv ressursutnytting må disponering av midlane sjåast i samband med Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt og programma i Noregs forskingsråd.

Stiftinga Matmerk

Stiftinga Matmerk har som mål å styrkje konkurranseevna til norsk matproduksjon og å skape preferanse for norskprodusert mat. Departementet gjer framlegg om at den samla avsetninga til Matmerk blir sett til 52 mill. kroner for 2015.

Utviklingsprogram for lokalmat og grønt reiseliv

Departementet gjer framlegg om at den samla avsetjinga til Utviklingsprogrammet for lokalmat og grønt reiseliv blir auka til 90 mill. kroner i 2015. Auken skal i første rekkje gå til forsterka innsats til høvesvis vekstordninga og forpliktande produsentsamanslutningar for matbedrifter, og til ein forsterka innsats mot dei små reiselivsaktørane. Det treårige pilotprosjektet Mat langs nasjonale turistveger blei avslutta i 2013. Det er eit potensial for næringsutvikling i samband med dei nasjonale turistvegane og det blir lagt til grunn at vidare arbeid på dette området skjer med utgangspunkt i erfaringar frå pilotprosjektet og innanfor rammene av utviklingsprogrammet. Styringsgruppa vurderer eventuelle endringar i innretting av programmet.

I tråd med Reindriftsavtalen 2014/2015 skal Reinprogrammet inkluderast i Utviklingsprogrammet for lokalmat og grønt reiseliv. For 2015 har Reinprogrammet ei ramme på 8,2 mill. kroner, og denne avsetjinga kjem i tillegg til avsetninga over Utviklingsprogrammet for lokalmat og grønt reiseliv. Begge programma blir forvalta av Innovasjon Noreg og har tilnærma lik innretning. Det er forventa at dette vil gje effektiviseringsvinstar og betre målretting. Reinprogrammet blir vidareført når det gjeld innretning og satsingsområde. Reindrifta blir representert i styringsgruppa for utviklingsprogrammet.

Mange av bygdenæringane er i dag komne i ein fase som krev auka profesjonalisering for å utvikle seg ytterlegare. Verktøyet som er bygd opp innanfor utviklingsprogrammet har overføringsverdiar til andre bygdenæringar. Det ver difor gjort framlegg om at målet med utviklingsprogrammet utvidast, slik at det i avgrensa form kan opnast for finansiering av kompetansebehov og bedriftssamarbeid innanfor bygdenæringar generelt og Inn på tunet spesielt.

Skogbruk

Skogressursane er ei viktig kjelde til fornybar energi og til produksjon av tremateriale som erstattar meir klimabelastande materialar. Samstundes utgjer skogane eit stort karbonlager, som kan aukast gjennom ein aktiv, berekraftig skogpolitikk. Regjeringa vil leggje vekt på klimapolitiske målsetjingar i forvaltninga av norske skogar.

Eit velfungerande skogsvegnett er avgjerande for lønsam skogsdrift. Investeringsnivået ligg framleis betydeleg under det som er nødvendig for å få tilgang til skogressursane og for nødvendig modernisering av vegnettet.

Kystskogfylka har betydelege skogressursar og høg tilvekst. Kystfylka har ein aukande del av den hogstmodne skogen i landet. Samtidig har desse fylka andre utfordringar enn skogstrøk i innlandet, mellom anna med langt dårlegare utbygd skogsvegnett og offentleg infrastruktur. Kystskogfylka samarbeider godt for å møte dei felles utfordringane. Berekraftig skogbruk krev eit godt kunnskapsgrunnlag som gir grunnlag for vektingar mellom økonomi og miljø. Halvparten av dei trua og nær trua artene lever i skog, og skogbruket har utvikla regelverk og standardar for å hindre at trua og sårbare arter går tapt. Skogbruksplanlegging med miljøregistreringar er eit sentralt verkemiddel i miljøarbeidet i skogbruket.

Kompetansehevande tiltak er sentralt for gjennomføringa av skogpolitikken. Skogbrukets Kursinstitutt (Skogkurs) er ein sentral aktør på dette feltet, og rettar seg mot både offentleg og privat rettleiingsapparat, skogeigarar, skogsarbeidarar og entreprenørar over heile landet.

Avsetjinga til skogbruk over jordbruksavtalen er foreslått auka med 10 mill. kroner til 214 mill. kroner i 2015. Fordelinga mellom dei ulike verkemidla vil bli gjort etter drøftingar mellom avtalepartane i etterkant av jordbruksoppgjeret. Næringsorganisasjonane til skogbruket blir også invitert til drøftingsmøte.

Bioenergiprogrammet

Auka produksjon av biobrensel og leveransar av biovarme frå landbruket gir auka verdiskaping og bidreg til å nå måla i klima- og energipolitikken, jf. Klimaforliket, Innst. 390 S (2011–2012).

Delar av verkemidla i Bioenergiprogrammet blei overført til dei fylkesvise BU-midlane til bedriftsretta tiltak i 2013, mens dei nasjonale prosjekta blei støtta frå det nasjonale bioenergiprogrammet. Erfaringane med todelinga av forvaltninga av verkemidla er auka administrative kostnader, utan at det har ført til auka aktivitet. Frå 2015 blir heile satsinga igjen samla i Bioenergiprogrammet nasjonalt.

Departementet gjer framlegg om at avsetninga til Bioenergiprogrammet blir sett til 60 mill. kroner i 2015.

Friskere geiter – kompensasjonstilskott

Det blir gjort framlegg om at avsetjinga til kompensasjon for bortfall av produksjonstilskott for besetningar i prosjektet Friskere geiter blir vidareført med på 15 mill. kroner i 2015. Dette er i tråd med Landbruksdirektoratets prognoser for forbruk for dei produsentane som har gjennomført sanering.

Midlar til konfliktførebyggjande tiltak jordbruk/reindrift

Frå 2014 blir midlane til konfliktførebyggjande tiltak mellom jordbruk og reindrift forvalta av Fylkesmannen i Sør-Trøndelag. Departementet gjer framlegg om å vidareføre avsetninga til konfliktførebyggjande tiltak mellom jordbruk og reindrift med 1,5 mill. kroner i 2015 frå jordbruksavtalen. Denne avsetjinga er dermed på nivå med tilsvarande avsetjing over reindriftsavtalen.

Miljøverkemiddel over LUF

Ein stor del av miljøverkemidla over jordbruksavtalen er finansierte under LUF. Det skal gjennomførast ei heilskapleg utgreiing av miljøverkemidla i jordbruket fram til jordbruksoppgjeret 2015, med sikte på målretting og forenklingar for miljø, næring og forvaltning, redusere talet på støtteordningar og ein auke i formålseffektiviteten ved verkemiddelbruken.

Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

I jordbruksoppgjeret 2014 blei det avsett 195 mill. kroner for 2015, 100 mill. kroner av desse er øyremerka tilskott til drenering. Ordninga blir vidare avgrensa til å gjelde for føretak som har rett på produksjonstilskott i jordbruket.

Investeringsstøtte til tiltak i beiteområde (organisert beitebruk)

Ordninga stimulerer til effektivt samarbeid mellom dyreeigarar og realisering av nødvendig infrastruktur for effektiv utnytting av utmarksbeite til husdyrproduksjon. Beitebasert næringsdrift har utfordringar med ajourføring av samarbeidsformer til endringar i buskapsstruktur og andre samfunnsinteresser. Dette er krevjande prosessar som også kan innvilge støtte til prosjektleiing og juridisk kompetanse. Det er sett av 9 mill. kroner for 2015 til formålet.

Klima- og miljøprogram

Avsetninga til Klima- og miljøprogrammet blir vidareført i 2015 med 18 mill. kroner.

Biogass

Frå 2013 er det oppretta tilskott for levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg. Forskrifta er under ferdigstilling. Det er sett av 2 mill. kroner i 2015.

Støtte til verdsarvområda og til utvalde kulturlandskap

Avsetjinga til verdsarvområda blir vidareført med 3 mill. kroner i 2014. Klima- og miljødepartementet bidreg i tillegg med 3 mill. kroner, jf. deira Prop. 1 S.

Avsetjinga til utvalde kulturlandskap blir redusert med 2 mill. kroner til 6 mill. kroner i 2015, og blir på same nivået som tildelinga frå Klima- og miljødepartementet. Midlane til verdsarvområda og utvalde kulturlandskap skal sjåast i samanheng med midlar på budsjettet til Klima- og miljødepartementet.

Energieffektivisering i veksthusnæringa

Prosjektet Energieffektivisering og redusert klimautslipp i veksthusnæringa har ei ramme på 1 mill. kroner i 2015. Dette er det siste året for prosjektet.

Utviklingstiltak for økologisk landbruk

Avsetjinga til utviklingstiltak blir redusert med 2 mill. kroner til 30 mill. kroner i 2015.

Post 70 Marknadsregulering, kan overførast

 

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

70.11

Avsetningstiltak

30 400

32 400

24 400

70.12

Tilskott til råvareprisutjevningsordninga m.m.

176 250

216 000

189 700

70.13

Tilskott til potetsprit og potetstivelse

42 400

42 400

Sum post 70

206 650

290 800

256 500

Underpost 70.11 Tilskott til marknadstiltak

Formålet med marknadstiltaka er å bidra til å nå målprisane for dei ulike jordbruksprodukta, jamne ut produsentpris og pris til forbrukarar over heile landet, skape avsetjing for produsert vare og bidra til å sikre forsyningar i alle forbruksområde. I grøntsektoren blir kostnadene ved marknadsregulering og faglege tiltak dekte av løyvinga til marknadstiltak, mens det blir dekt gjennom omsetnadsavgift for andre produksjonar. I jordbruksoppgjeret blei det vedteke å avvikle tilskott til kadaverhandtering frå 2015.

I framlegget er det lagt til grunn ei avsetjing til opplysningsverksemd og avsetningstiltak hagebruk med 3,9 mill. kroner, og kollektiv dekking av omsetnadsavgift hagebruk med 20,5 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 24,4 mill. kroner i 2015.

Underpost 70.12 Tilskott til råvareprisordninga

Formålet med råvareprisordninga (RÅK-ordninga) er å jamne ut skilnader i råvarekostnader mellom norske og utanlandske ferdigvarer som blir omsette i Noreg, og for norske varer som blir eksporterte. Det er viktig at løyvingane over denne ordninga er avpassa engrosprisane på norskproduserte jordbruksvarer.

Prisane på verdsmarknaden kan variere mykje i løpet av kort tid. Det påverkar løyvingsbehovet til RÅK-ordninga. Endringane i målprisar i jordbruksoppgjeret påverkar også løyvingsbehovet. Dei siste åra har det vore auka prisar på verdsmarknaden, og løyvingsbehovet til RÅK har gått ned. Samstundes har målprisane i jordbruksoppgjeret blitt auka. Den samla effekten av endringar i målprisar og prisar på verdmarknaden reduserer løyvingsbehovet med 26 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 189,7 mill. kroner i 2015.

Underpost 70.13 Tilskott til prisnedskriving av potetsprit og potetstivelse

Formålet med prisnedskrivingstilskottet er å sikre avsetning av norsk potetsprit og potetstivelse gjennom marknadsordninga for potet. Det blei ikkje gjort satsendringar i jordbruksoppgjeret.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 42,4 mill. kroner til ordninga i 2015.

Post 71 Tilskott til erstatningar m.m.

Formål med løyvinga

Formålet med løyvinga er å redusere økonomiske tap som oppstår ved produksjonssvikt forårsaka av klimatiske forhold det ikkje er mogleg å sikre seg mot, og ved katastrofeprega tap av sau på beite.

Posten omfattar følgjande ordningar som følgje av klimatiske årsaker:

  1. erstatning ved avlingssvikt i planteproduksjon

  2. erstatning ved tap av bifolk, og svikt i honningproduksjon

  3. tilskott til reparasjon av vinterskadd eng

I jordbruksoppgjeret 2014 blei det vedteke å avvikle ordninga med tilskott ved rognebærmøllskader i epleproduksjon og ordninga med erstatning for tap av sau på beite. Søknadsfristen for erstatning for tap av sau på beite er 31.12.2014, og det vil difor bli utbetalt midlar over ordninga også i 2015.

Erstatningsordningane som dekkjer kostnader i samband med statlege pålegg blir løyvde utanfor jordbruksavtalen, jf. kap. 1142, post 73.

Rapportering 2013

Dei samla utbetalingane over ordninga i 2013 var på 81,3 mill. kroner mot om lag 50 mill. kroner i eit normalår. Det skuldast store skader på avlingane i ei rekkje fylke, og særleg i Sogn og Fjordane og Oppland. Det var store overvintringskader på eng og bær samt skader som følgje av store mengder nedbør på våren. I slike år blir det stor saksmengd og krevjande sakshandsaming, og store delar av erstatningane for skader i 2013 blir først utbetalt til produsentane året etter skadeåret.

Budsjettframlegg 2015

Etter fleire år med store klimaårsaka skader på avlingane er løyvinga ved eit normalår prognosert om lag 50 mill. kroner. Skader som oppstår i avlingsåret 2014 vil påverke løyvinga i 2015 fordi mykje av utbetalingane først kjem året etter skaden. På det noverande tidspunkt har ikkje departementet grunnlag for å vurdere at skadeomfanget i 2014 vil avvike frå eit normalt år. Departementet gjer etter dette framlegg om ei løyving på 49,1 mill. kroner i 2015.

Post 73 Pristilskott, overslagsløyving

 

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

73.11

Tilskott til norsk ull

125 686

132 800

126 400

73.13

Pristilskott mjølk

578 006

609 700

589 907

73.15

Pristilskott kjøtt

656 318

833 050

806 200

73.16

Distriktstilskott egg

7 531

7 200

8 100

73.17

Distrikts- og kvalitetstilskott, frukt, bær, grønsaker og potet

76 546

80 100

89 100

73.18

Frakttilskott

321 993

342 700

329 500

73.19

Tilskott til prisnedskriving av norsk korn

385 870

485 400

502 800

73.20

Tilskott matkorn

41 949

48 600

48 600

73.21

Tilskott til prisnedskriving av potetsprit og potetstivelse

38 908

Sum post 73

2 232 807

2 539 550

2 500 607

Budsjettframlegg 2015

For pristilskotta under jordbruksavtalen blir det fastsett satsar per eining. Løyvinga vil difor variere som følgje av endra volum under dei enkelte ordningane. For post 73 samla inneber ei volumjustering av prognosane i 2015 at forbruket på posten vil gå ned med 89,1 mill. kroner samanlikna med saldert budsjettet for 2014. Dei justerte satsane i jordbruksoppgjeret gir ein auke på 50,2 mill. kroner. Samla gir dette ei redusert løyving i 2015 på 38,9 mill. kroner samanlikna med budsjett 2014.

Underpost 73.11 Tilskott til norsk ull

Formålet med tilskottet er å bidra til å nå måla for inntekts- og produksjonsutvikling i sauehaldet som ikkje i tilstrekkeleg grad kan sikrast gjennom marknadspris og andre tilskott. Tilskottet skal også bidra til betring av kvaliteten på norsk ull, samt å sikre avsetning i marknaden for norsk ull av god kvalitet.

I jordbruksoppgjeret blei det ikkje gjort satsendringar på ordninga. Mindre volum gir grunnlag for ei redusert løyving på 6,4 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 126,4 mill. kroner for 2015.

Underpost 73.13 Pristilskott mjølk

Løyvinga omfattar ordningane med grunntilskott til geitmjølk og distriktstilskott for mjølk og mjølkeprodukt.

Formålet med pristilskott til mjølk er å bidra til ei inntekts- og produksjonsutvikling i mjølkeproduksjonen som bidreg til å oppretthalde busetjing og sysselsetjing i heile landet gjennom å jamne ut skilnader i lønsemda i produksjonen.

Distriktstilskottet blir gitt med ulike satsar for mjølk produsert i vanskelegstilte område i Sør-Noreg og for all mjølk i Nord-Noreg. Satsane for distriktstilskott varierer frå null og opp til 180 øre per liter.

I jordbruksoppgjeret blei distriktsdifferensieringa i tilskottet oppretthalde på same nivå. Volumprognosen gir eit redusert løyvingsbehov på 19,8 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 589,9 mill. kroner til pristilskott for mjølk for 2014. Denne er fordelt med 64,9 mill. kroner til grunntilskott geitmjølk, og 525,0 mill. kroner i distriktstilskott til all mjølk.

Underpost 73.15 Pristilskott kjøtt

Ordninga omfattar grunntilskott og distriktstilskott for kjøtt samt distriktstilskott for fjørfeslakt. I jordbruksoppgjeret blei partane også einige om ei ny ordning med kvalitetstilskott for storfekjøtt.

Formålet med distriktstilskotta er å bidra til ei inntekts- og produksjonsutvikling i produksjonen som bidreg til å oppretthalde busetjing og sysselsetjing i heile landet gjennom å jamne ut skilnader i lønsemda i produksjonen. Distriktstilskott går i hovudsak til kjøtt frå grovfôrbaserte produksjonar differensiert på 5 soner. Det blir også gitt distriktstilskott til produksjon av gris i Nord-Noreg, Agder og Vestlandet unnateke Rogaland. Produksjon av kylling/kalkun i det same området på Vestlandet får også nokre tilskott.

Formålet med grunntilskottet er å bidra til å nå måla for inntekts- og produksjonsutvikling i kjøttproduksjonen som ikkje i tilstrekkeleg grad kan sikrast gjennom marknadspris. Grunntilskottet skal vidare bidra til rimelegare kjøtt og foredla kjøttprodukt til forbrukaren. Grunntilskottet for kjøtt blir berre gitt til slakt av sau/lam og geit/kje.

Volumprognosen for 2015 viser ein viss nedgang i produksjonen av storfe, sau og lam tilsvarande om lag 27 mill. kroner redusert pristilskott til kjøtt.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 806,2 mill. kroner i 2015. Av dette utgjer grunntilskottet 89 til sau/lam og geit/kje 82,5 mill. kroner, kvalitetstilskottet til storfekjøtt 164,7 mill. kroner og distriktstilskottet 558,6 mill. kroner.

Underpost 73.16 Distriktstilskott egg

Formålet med ordninga er å bidra til ei inntekts- og produksjonsutvikling i eggproduksjonen som bidreg til å oppretthalde busetjing og sysselsetjing i heile landet gjennom å jamne ut skilnader i lønsemda i produksjonen. Tilskottet omfattar Vestlandet, Trøndelag og Nord-Noreg. I jordbruksoppgjeret blei satsen i Nord-Noreg auka med 0,15 øre/kg eller 0,3 mill. kroner for å kompensere for at ordninga med tilskott til kadaverhandtering blei teke bort. I tillegg er det prognosert ein volumauke tilsvarande 0,6 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 8,1 mill. kroner i 2015.

Underpost 73.17 Distriktstilskott, frukt, bær, grønsaker og potet

Formålet med ordningane er å betre inntekta for yrkesprodusentane innan grøntsektoren og bidra til ein geografisk spreidd produksjon. Tilskottet skal stimulere til kvalitetsproduksjon og ordna omsetnadforhold.

Ordninga heitte tidlegare distrikts- og kvalitetstilskott til frukt, bær og veksthusgrønsaker og distriktstilskott for potetproduksjon i Nord-Noreg. I ordninga er det ikkje lenger andre formelle krav til kvalitet enn at produkta skal vere omsett gjennom godkjend omsetnadsledd som mat, og ikkje vere kassert. Også frukt og bær som går til industriformål kan få tilskott.

Distriktsdifferensieringa følgjer dei same sonene som tilskott til areal- og kulturlandskap.

I jordbruksoppgjeret blei taket per føretak på kor mykje frukt og bær som kan gi tilskott, fjerna. For veksthusgrønsakene salat, agurk og tomat blei avgrensinga av tilskott per føretak teke bort, mens det enno er ei volumavgrensing per føretak. Satsane blei tilpassa innanfor om lag same løyvingsramme.

Det er prognosert med auka volum tilsvarande om lag 9 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 89,1 mill. kroner i 2015.

Underpost 73.18 Frakttilskott

Ordninga omfattar tilskott til frakt av kjøtt, egg, korn, kraftfôrråvarer og kraftfôr. Frakttilskotta skal bidra til å jamne ut prisane til produsent og forbrukar. Frakttilskott for egg blir berre gitt til produksjon i Nord-Noreg, mens dei andre ordningane er baserte på at produsentane må dekkje ein eigendel av kostnadane.

I jordbruksoppgjeret blei det ikkje gjort endringar frakttilskotta for 2015. Volumprognosen gir ei redusert løyving på om lag 13 mill. kroner som i hovudsak skuldast mindre norsk kornproduksjon.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 329,5 mill. kroner i 2015, fordelt med 130,0 mill. kroner til kjøtt, 8,5 mill. kroner til egg og 191,0 mill. kroner til korn og kraftfôr.

Underpost 73.19 Tilskott til prisnedskriving av norsk korn

Formålet med prisnedskrivingstilskottet er å sikre avsetjing av norskprodusert korn, erter og oljefrø gjennom marknadsordninga, og å skrive ned prisen på råvarer til matmjøl og kraftfôr. For å fremje avsetjinga av økologisk korn og erter, blir det der gitt høgare satsar.

I jordbruksoppgjeret blei målprisane på korn auka med 5 øre/kg og prisnedskrivinga like mykje for å unngå prisauke på kraftfôret. Dette gir eit auka løyvingsbehov på knapt 50 mill. kroner, mens volumprognosane gir eit redusert løyvingsbehov på om lag 32 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 502,8 mill. kroner for 2015.

Underpost 73.20 Tilskott til matkorn

Formålet med ordninga er å gi grunnlag for ein rekningssvarande pris norsk matkorn og samtidig halde prisen på matmjøl på eit nivå som kan sikre konkurransekrafta til norskprodusert matmjøl og bakevarer i forhold til import. Tilskottet blir gitt til norske matmjølprodusentar på grunnlag av forbruk av norskprodusert matkorn. Tollsatsen på import av matkorn blir administrert ned til det same nivået som prisen på norsk matkorn minus prisnedskriving.

I jordbruksoppgjeret blei det ikkje gjort endringar i satsane.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 48,6 mill. kroner i 2015.

Post 74 Direkte tilskott, kan overførast

 

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

74.11

Driftstilskott, mjølkeproduksjon og kjøttfeproduksjon

1 358 304

1 374 200

1 353 300

74.14

Tilskott til husdyr

2 419 832

2 512 900

2 585 210

74.16

Beitetilskott

742 021

784 600

788 700

74.17

Areal- og kulturlandskapstilskott

3 241 273

3 212 200

3 149 200

74.19

Regionale miljøprogram

423 845

448 500

436 500

74.20

Tilskott til økologisk landbruk

110 209

110 000

108 200

74.22

Tilskott til miljøvennlege spreiemåtar av husdyrgjødsel

11 852

Sum post 74

8 307 336

8 442 400

8 421 110

Ordningane under denne posten blir gjerne omtalt som produksjonstilskotta. Det er 2 søknadsomganger per år. Jordbruksoppgjeret i 2014 ligg til grunn for søknaden i august 2014 som blir betalt ut i februar 2015, og søknaden i januar 2015 som blir betalt ut i juni 2015. I jordbruksoppgjeret blei det varsla endringar i forskrifta om produksjonstilskott etter ei ordinær høyring hausten 2014. Det gjeld mellom anna justering av grunnvilkåra for å kunne få desse tilskotta og fjerning av dei særskilde reglane knytt til samdrifter i mjølkeproduksjon. I kombinasjon med at kravet til avgiftspliktig omsetnad blir fjerna, blei også botnfrådraget i produksjonstilskotta auka frå 3 000 kroner til 6 000 kroner per år. Isolert sett gir dette ei innsparing i løyvinga på 127 mill. kroner.

Underpost 74.11 Driftstilskott, mjølkeproduksjon og kjøttfeproduksjon

Formålet med driftstilskottet i mjølkeproduksjonen er å styrkje økonomien i mjølkeproduksjonen og å jamne ut skilnader i lønsemd mellom føretak av ulik storleik og mellom bruk i Sør-Noreg og Nord-Noreg og mellom Jæren og resten av Sør-Noreg. Formålet med driftstilskottet i spesialisert kjøttfeproduksjon er å styrkje økonomien i spesialisert kjøttfeproduksjon.

I jordbruksoppgjeret blei satsane for driftstilskott til mjølkeproduksjon auka med 3 000 kroner per føretak. Dette utgjer ei auka løyving svarande til om lag 29 mill. kroner. Driftstilskott til kjøttfeproduksjon blei auka med 25 kroner per ku eller 1 000 kroner for føretak med meir enn 40 kyr. Det svarar til ei auka løyving på knapt 1,5 mill. kroner.

For underposten samla inneber reduksjonen i talet på føretak ei innsparing på 51 mill. kroner. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1 353,3 mill. kroner for 2015.

Framlegget fordeler seg med 196,4 mill. kroner til kjøttfeproduksjon og 1 156,9 mill. kroner til mjølkeproduksjon.

Underpost 74.14 Tilskott til husdyr

Tilskottet skal bidra til å styrkje og jamne ut inntektene til føretak med ulike husdyrproduksjonar og etter storleiken på husdyrhaldet. Ordninga skal også støtte birøkt og husdyrhald med dyr av storferasar som er definert som verneverdige.

Tilskottet blir gitt per dyr/slakt/bikube. Satsane per dyreslag blir avtrappa med aukande dyretal per føretak. I jordbruksoppgjeret blei det gjort justeringar i satsane mellom anna så det ikkje lenger er nullsats for dei høgaste dyretala. I tillegg blei maksimalgrensa i utbetaling per føretak og år auka frå 280 000 kroner til 560 000 kroner. Vidare blei det gjort tekniske forenklingar for tilskott til utegangarsau, og det blei flytta midlar frå tilskott til vinterfôra sau til tilskott til lammeslakt. Dette vil gi ei sterkare stimulering av produksjon.

Dei samla endringane på ordninga aukar løyvinga med 107 mill. kroner, mens tilpassing av løyvingsbehovet til dyretalet reduserer løyvingsbehovet med 34,5 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 2 585,2 mill. kroner i 2015. Av dette utgjer tilskottet til verneverdige storferasar 5,4 mill. kroner og birøkt 10,5 mill. kroner.

Underpost 74.16 Beitetilskott

Ordninga består av eit tilskott for dyr som beitar i utmark, og eit tilskott for dyr som beitar i kulturlandskapet (innmark og/eller utmark). Det er krav til minimum beitetid for å få rett til tilskotta, og dei som får tilskott for dyr som beitar i utmark kan også få det generelle beitetilskottet for dei same dyra. Formålet med ordningane er å stimulere til pleie av kulturlandskap, samt å oppnå ei god utnytting av utmarksbeiteressursane. Beiting har også ein positiv effekt på dyrevelferda.

I jordbruksoppgjeret blei det gjort ein liten reduksjon i satsen for beitetilskott til storfe, mens tilskottssatsane elles blei haldne på uendra nivå. Tilpassing av løyvingsbehovet aukar løyvinga med om lag 8 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 788,7 mill. kroner i 2015, som fordeler seg med 380 mill. kroner til dyr på utmarksbeite og 408,7 mill. kroner i generelt beitetilskott.

Underpost 74.17 Areal- og kulturlandskapstilskott

Ordninga består av eit kulturlandskapstilskott med den same satsen per dekar til alt jordbruksareal som fyller vilkåra for arealtilskott, og eit arealtilskott der satsane per dekar er differensiert ut frå type produksjon, kvar i landet produksjonen skjer og storleiken på areala av dei enkelte produksjonane per føretak. Formålet med tilskottet er å bidra til å skjøtte, vedlikehalde og utvikle kulturlandskapet gjennom aktiv drift, og til å halde jordbruksareal i drift i samsvar med gjeldande landbrukspolitiske mål. Tilskottet er ein del av det nasjonale miljøprogrammet, og må kunne dokumentere oppfølging miljøkrav knytt til produksjonen for å oppnå maksimalt tilskott.

Som eit viktig tiltak for å nå målet om aktivt jordbruk over heile landet, blir det i tillegg gitt tilskott per dekar til grovfôr, korn, potet, frukt, bær og grønsaker og hagebruksvekstar med varierande satsar etter produksjon og geografisk plassering. Dette skal bidra til å styrkje og jamne ut inntektene mellom ulike produksjonar, mellom ulik storleik på føretaka og mellom distrikta.

Ein svært stor del av jordbruksarealet er i dag leigejord, og det er vanskeleg for forvaltninga å kontrollere kva for føretak som reelt sett driv areala. Mange leiger hjelp til dei viktigaste arbeidsoperasjonane på areala. Det er lite målretta å ha arealtilskott som er differensiert på struktur. Alle satsane blei difor flata ut i jordbruksoppgjeret. Samla effekt av alle satsendringar gir ei auka løyving på om lag 57 mill. kroner, mens tilpassing av løyvinga til arealet gir ei innsparing på om lag 37 mill. kroner.

I jordbruksoppgjeret kom ein auke i arealtilskottet til poteter på 15 kroner/dekar. Elles blei det ikkje gjort endringar. Tilpassing av løyvinga til den gjeldande arealfordelinga gir ei innsparing på 37 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 3 149,2 mill. kroner i 2015. Dette fordeler seg med om lag 1 664,0 mill. kroner i kulturlandskapstilskott og 1 485,2 mill. kroner i arealtilskott.

Underpost 74.19 Regionale miljøprogram

Formålet med ordninga er å sikre miljøkvalitetar og kulturlandskap og å hindre erosjon og avrenning av næringssalt til vatn gjennom regionalt og lokalt tilpassa regelverk for økonomisk støtte.

Ordninga opnar for at fylka kan støtte dei tiltaka som er mest målretta i sitt område, og vil bidra til å hindre gjengroing og stimulerer beiting og auka opplevingskvalitetar i kulturlandskapet. Rapportering tyder på stor aktivitet omkring arbeidet i fylka, og at det gir auka målretting og differensiering av miljøarbeidet.

Regionale miljøprogram har bidrege til gjennomføring av mange regionalt tilpassa miljøtiltak. Dette gir betre måloppnåing fordi miljøutfordringane varierer frå fylke til fylke.

Det blei gjort ei tilpassing av løyvinga til prognosane for 2015 gir ei redusert løyving med 12,0 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 436,5 mill. kroner i 2015.

Underpost 74.20 Tilskott til økologisk landbruk

Ordninga omfattar omleggingstilskott, ekstra arealtilskott og husdyrtilskott til økologisk produksjon.

Formålet med posten er å stimulere til at ein større del av jordbruksproduksjonen skjer i form av økologisk produksjon.

I jordbruksoppgjeret blei satsane for tilskott til økologisk husdyrproduksjon auka med om lag 8 mill. kroner. Tilpassing av løyvinga til det omsøkte volumet gir ei innsparing på 10 mill. kroner. Tilskottet til omlegging blei avvikla i 2013, men det blir løyvd tilskott til det arealet som var under omlegging før endringa.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 108,2 mill. kroner i 2015. Dette fordeler seg med 5,0 mill. kroner i tilskott til omlegging, 65,2 mill. kroner i husdyrtilskott og 38,0 mill. kroner i arealtilskott.

Post 77 Utviklingstiltak, kan overførast

 

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

77.11

Tilskott til dyreavl m.m.

87 915

90 670

84 900

77.12

Tilskott til frøavl m.m.

7 847

13 520

13 720

77.13

Tilskott til rådgiving

52 000

82 500

82 500

77.14

Tilskott til pelsdyrfôrlag

23 200

23 200

17 800

77.15

Tilskott til kvalitetstiltak

37 783

52 900

51 160

77.17

Tilskott til fruktlager

11 000

13 000

13 000

Sum post 77

219 745

275 790

263 080

Underpost 77.11 Tilskott til dyreavl m.m.

Tilskott til dyreavl m.m. skal bidra til avlsmessig framgang og populasjonar av friske og sunne husdyr tilpassa miljøet. Ordninga skal også sikre genetisk variasjon i populasjonane og byggje på berekraftige prinsipp basert på ein tilstrekkeleg stor effektiv avlspopulasjon og inkludering av funksjonelle eigenskapar i avlsmålet.

Løyvinga skal sørgje for at kostnadene med inseminering av ku og svin kan haldast på om lag same nivå i heile landet og bidra til å jamne ut kostnadene mellom husdyrbrukarar som nyttar veterinærtenester. I jordbruksoppgjeret blei det vedteke å gjere innstrammingar i ordninga med tilskott til veterinærreiser tilsvarande 2 mill. kroner. Det er også prognosert ei innsparing på vel 3 mill. kroner.

For 2015 er det prognosert 30,7 mill. kroner i tilskott til semintenester, 40,0 mill. kroner til veterinærreiser og 14,2 mill. kroner til avlsorganisasjonar.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på om lag 84,9 mill. kroner for 2015.

Underpost 77.12 Tilskott til frøavl m.m.

Formålet med ordninga er å fremje frøforsyning av gras, belgvekstar, rotvekstar og grønsaker med klimatilpassa sortar. Det kan nyttast tre ulike typar tilskott under ordninga; pristilskott, arealtilskott og lagringstilskott. For å sikre tilgang av klimatilpassa såvare blir det også gitt tilskott til overlagring av såkorn mellom kornsesongar. Såvarelageret av korn er under oppbygging, og det er prognosert ei auka løyving i 2015 med uendra satsar på 0,2 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 13,72 mill. kroner for 2015.

Underpost 77.13 Tilskott til rådgiving

Formålet med ordninga er å bidra til kunnskapsoppbygging hos bøndene ved å leggje eit økonomisk grunnlag for drift i dei lokale rådgivingseiningane hos Norsk Landbruksrådgiving (NLR). Rammevilkåra og utfordringane for landbruket krev både næringspolitiske tilpassingar, produksjonstilpassingar og faglege tilpassingar. Løyvinga over jordbruksavtalen er med på å sikre eit likeverdig rådgivingstilbod over heile landet.

Rådgivingseiningane utgjer eit fagleg bindeledd mellom landbruksforskinga og landbruket, og NLR si verksemd er viktig for å utvikle god agronomi og auka kompetanse i næringa. NLR har kjernekompetanse på god agronomi og gir råd innan planteproduksjon, maskin- og byggteknikk, næringsutvikling, føretaksøkonomi, økologisk landbruk, miljøtiltak og HMS.

HMS-rådgiving blei ein del av dei ordinære oppgåvene til NLR etter samanslåinga med Landbrukets HMS-teneste (LHMS) frå 1.1.2014. Arbeidet med HMS-rådgiving skal vidareførast på dagens nivå. Minst 14 mill. kroner av dei tildelte midlane skal gå til dette formålet, og inntil 1 mill. kroner kan nyttast til å avslutte samanslåingsprosessen mellom NLR og LHMS. Utover dette blir rådgivingsaktiviteten i NLR oppretthalde på same nivå som i dag innan alle rådgivingsområda NLR har ansvaret for.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 82,5 mill. kroner for 2015.

Underpost 77.14 Tilskott til pelsdyrfôr

Ordninga omfattar tilskott til pelsdyrfôrlag og tilskott til pelsdyrfôr (fôrrefusjon). Formålet med tilskott til pelsdyrfôrlag er å bidra til utjamning av fraktkostnadene ved innfrakt av råstoff til fôrkjøkken og utfrakt av ferdig fôr til pelsdyrfarmane. Ordninga skal fremje ei rasjonell omsetnad av fôr til pelsdyr og bidra til geografisk utjamning av produksjonskostnader.

Produksjon av pelsdyrskinn har ikkje noko grensevern, og pelsdyrfôrprodusentane har fått ein refusjon av fôrkostnader knytt til meirkostnader som følgje av det norske grensevernet på korn og kornsubstitutt. Refusjonsordninga har bidrege til at fôrkostnadene i næringa blir likestilt med fôrkostnadene på verdsmarknaden. Formålet har vore å gi norskproduserte pelsdyrskinn likeverdige konkurranseforhold med andre land.

I jordbruksoppgjeret blei det vedteke å fjerne refusjonen av fôrkostnader frå denne ordninga, og innføre administrativ tollnedsetjing på råvarer til pelsdyrfôr etter same modell som for fôr til oppdrettsfisk. Dette gir ei innsparing på ordninga med 5,4 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 17,8 mill. kroner i 2015.

Underpost 77.15 Tilskott til kvalitetstiltak

Ordninga skal bidra til å gjere norske jordbruksprodukt meir konkurransedyktige på heimemarknaden og på eksportmarknadene.

Formålet med framavlsarbeidet og det offentlege engasjementet i dette er å skaffe den norske potet- og grøntnæringa plantemateriale som er kontrollert for bestemte skadegjerarar, og med definerte eigenskapar tilpassa norske forhold. Formålet med å gi tilskott til statskontrollert settepotetavl er å stimulere til auka bruk av settepoteter av høg kvalitet.

Formålet med Handlingsplan for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel er todelt:

  1. Redusere avhengigheta av kjemiske plantevernmiddel

  2. Redusere risikoen for helse og miljø ved bruk av kjemiske middel

Ei arbeidsgruppe med representantar frå partane i jordbruksoppgjeret er sett ned for å følgje opp handlingsplanen.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 51,16 mill. kroner i 2015 som er fordelt på følgjande tilskottsordningar:

Utvikling av plantemateriale – oppformering

11,00 mill. kroner

Utvikling av plantemateriale – Graminor

22,46 mill. kroner

Utvikling av plantemateriale – «Pre-breeding«

1,20 mill. kroner

Kvalitetstiltak settepotetavl

7,5 mill. kroner

Handlingsplan plantevernmiddel

9,00 mill. kroner

Løyvinga for å følgje opp handlingsplanen for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel blir tildelt basert på konkrete prosjektbeskrivelser. For 2015 vil midlane bli fordelte slik: Mattilsynet blir tildelt 2,5 mill. kroner til vidareføring av enkelte prosjekt over Handlingsplan for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel. Mattilsynet blir også tildelt 0,4 mill. kroner til arbeidet med utarbeiding av en ny Handlingsplan. Det er avsett 1,2 mill. kroner til oppfølging av tiltak og prosjekt som kjem i ein ny Handlingsplan. Midlane vil for 2015 bli kanaliserte via Mattilsynets budsjett. Bioforsk blir tildelt 3,5 mill. kroner til vidareføring av enkelte prosjekt over Handlingsplan for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel. Norsk landbruksrådgiving blir tildelt 1,4 mill. kroner til vidareføring av eit prosjekt over Handlingsplan for redusert risiko ved bruk av plantevernmidel.

Underpost 77.17 Tilskott til fruktlager

Formålet med tilskottet til fruktlager er å fremje eit forpliktande samarbeid om felles lagring, sortering, pakking og omsetnad av frukt som bidreg til å sikre forbrukarane tilgang på norsk kvalitetsfrukt. Det blei ikkje gjort endringar i jordbruksoppgjeret.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 13 mill. kroner til ordninga i 2014.

Post 78 Velferdsordningar, kan overførast

 

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

78.11

Tilskott til avløysing for ferie/fritid

1 154 644

1 174 119

1 188 919

78.12

Tilskott til avløysing for sjukdom m.m.

165 792

186 400

165 600

78.14

Tilskott til sjukepengeordninga i jordbruket

88 000

88 000

88 000

78.15

Tilskott til landbruksvikarordninga

72 946

62 000

64 000

78.16

Tilskott til tidlegpensjonsordning for jordbrukarar

85 291

91 235

91 235

Sum post 78

1 566 672

1 601 754

1 597 754

Underpost 78.11 Tilskott til avløysing for ferie/fritid

Formålet med ordninga er å leggje til rette for at husdyrbrukarar skal kunne ta ferie og få ordna fritid og hjelp til avlasting gjennom å bidra til finansiering av innleie av arbeidskraft.

Tilskottet blir rekna ut på grunnlag av satsar per dyr. Satsane er differensierte etter dyreslag og dyretal på føretaka. Tilskottet blir gitt for faktiske lønsutgifter etter rekneskap og løns- og trekkoppgåver.

I jordbruksoppgjeret blei satsane auka med 2,1 pst., og det maksimale tilskottet per føretak blei auka med 1 500 kroner til 73 500 kroner per føretak. Det gir ei auka løyving på om lag 34 mill. kroner, mens reduksjon i talet på dyr og i talet på føretak gir ei innsparing på 19 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1 188,9 mill. kroner for 2015.

Underpost 78.12 Tilskott til avløysing for sjukdom m.m.

Formålet med ordninga er å bidra til å finansiere avløysing på føretak med husdyrproduksjon, honningproduksjon eller heilårs veksthusproduksjon, og til føretak med planteproduksjon i onneperiodar, når brukaren på grunn av sjukdom eller andre særlege grunnar ikkje kan ta del i arbeidet på bruket.

Tilskottet til husdyrbrukarar blir fastsett ut frå utrekna maksimalt tilskott i ordninga med tilskott til avløysarutgifter for ferie og fritid. For veksthusprodusentar blir tilskottet fastsett ut frå veksthusarealet. Ut frå dette grunnlaget blir det rekna ut maksimale dagsatsar for tilskottet. Tilskottet blir gitt for faktiske utgifter til avløysing, opp til maksimal dagsats for det enkelte bruk.

Dagsatsen på 1 500 kroner blei ikkje endra i jordbruksoppgjeret. Redusert utnytting av ordninga gir likevel grunnlag for ei redusert løyving på 20,8 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 165,6 mill. kroner for 2015.

Underpost 78.14 Tilskott til sjukepengeordninga i landbruket

Den kollektive innbetalinga over jordbruksavtalen til sjukepengeordninga dekkjer tilleggspremien for auke av sjukepengane frå 65 pst. til 100 pst. av inntektsgrunnlaget for sjukdom utover 16 dagar. Ordninga er rekna som kollektiv forsikring som ikkje gir rett til frådrag ved likninga. Løyvinga blir rekna ut med utgangspunkt i samla næringsinntekt for dei jordbrukarane som går inn under ordninga. Midlane blir overførte sentralt til Folketrygda.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 88 mill. kroner til ordninga for 2015.

Underpost 78.15 Tilskott til landbruksvikarordninga

Formålet med landbruksvikarordninga er å sikre at primærprodusentane over heile landet har tilgang på arbeidshjelp når dei treng det ved akutt sjukdom eller i andre krisesituasjonar. Det er eit mål at ordninga vil nå eit omfang på 240 årsverk. Maksimal støtte per årsverk er 270 200 kroner.

Auka utnytting av ordninga gir ei prognose som er 2 mill. kroner høgare enn i 2014.

Departementet gjer framlegg om ei samla løyving på 64 mill. kroner for 2015.

Underpost 78.16 Tilskott til tidlegpensjonsordning for jordbrukarar

Formålet med ordninga er å bidra til lettare generasjonsskifte for dei som har hatt hovuddelen av inntektene sine frå jordbruk/gartneri og skogbruk. Redusert utnytting av ordninga gjer eit prognosert forbruk over ordninga på 82 mill. kroner.

I tråd med Innst. 285 S gjer departementet framlegg om ei løyving på 91 mill. kroner for 2015.

Kap. 4150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

85

Marknadsordninga for korn

2

59 520

30 000

Sum kap. 4150

2

59 520

30 000

Post 85 Marknadsordninga for korn

Formål med løyvinga

Ordninga har som formål å sikre tilnærma like konkurransevilkår mellom korn og andre råvarer i kraftfôr til husdyr. I jordbruksavtalen blir det rekna ut målprisar for protein og feitt som gir om lag den same råvareprisen for energien i desse varene som for norsk korn. Råvarer som til dømes soya blir ikkje pålagt toll når dei blir importert til mat. Den delen av dette som blir brukt til produksjon av kraftfôr til husdyr blir da pålagt ei prisutjamning. Posten omfattar inntektene frå prisutjamningsbeløp på kraftfôrråvarer.

Rapportering 2013

Verdsmarknadsprisane på protein og feitt til kraftfôr var i heile året høgare enn norsk målpris. Det blei difor ikkje kravd inn prisutjamningsbeløp.

Budsjettframlegg 2015

Prisauke på norsk korn i jordbruksoppgjeret gir auka målpris på protein og høgare prisutjamningsbeløp. Prisutjamningsbeløpet er også påverka av prisane på verdsmarknaden. Prisane på verdmarknaden for feitt, og proteinråvare til kraftfôr har i fleire år vore så høg at det no ikkje blir innkravd prisutjamningsbeløp. Prognoser for prisutviklinga på verdmarknaden er usikker, og departementet har lagt til grunn ein reduksjon i løyvinga på 30 mill. kroner samanlikna med budsjett for 2014.

Departementet gjer framlegg om ei løyving i 2015 på 30,0 mill. kroner.

Kap. 1151 Til gjennomføring av reindriftsavtalen

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

51

Tilskott til Utviklings- og investeringsfondet

28 297

33 100

33 700

72

Tilskott til organisasjonsarbeid

6 100

6 100

6 100

75

Kostnadssenkande og direkte tilskott, kan overførast

51 866

67 700

69 100

79

Velferdsordningar, kan overførast

1 768

2 600

2 600

Sum kap. 1151

88 030

109 500

111 500

Formålet med løyvinga

Kapittelet omfattar løyvingar til gjennomføring av reindriftsavtalen.

Reindriftsavtalen er, ved sida av reindriftslova, det viktigaste verkemiddelet for å følgje opp måla og retningslinene i reindriftspolitikken. I forhandlingane om reindriftsavtalen blir dei sentrale økonomiske verkemidla drøfta, mellom anna ut frå dei behova og utfordringane næringa til ei kvar tid står overfor.

For nærare omtale av mål og strategiar i reindriftspolitikken, og resultata frå dei ulike tiltaka som sorterer under reindriftsavtalen, sjå omtale under kat. 15.30, Prop. 108 S (2013–2014) Reindriftsavtalen 2014/2015 og Innst. 282 S (2013–2014). Nærare omtale av målsetjingane for dei enkelte ordningane på kapittelet går fram av budsjettframlegg for 2015.

Tilpassing til økonomiregelverket i staten

Tilsvarande som for tilskottforvaltninga under kap. 1150, er det også behov for tilpassingar til dei normale prosedyrane for ordningar under kap. 1151. Kostnadssenkande og direkte tilskott under post 75 og velferdsordningar under post 79 er baserte på fastsette kriterium. Ordningane utgjer ein del av avtalesystemet med fleire mål og ei rekkje verkemiddel som verkar samstundes mot dei same måla. Resultatrapporteringa skjer difor samla basert på rapportering frå Økonomisk utval for reindrifta i forkant av dei årlege forhandlingane om reindriftsavtalen. Rapporteringa blir i tillegg supplert av vurderingsrapportar og statusnotat frå forvaltninga som grunnlag for å vurdere korleis dei enkelte ordningane verkar. For ordningane under postane 75 og 79 er det ikkje aktuelt å hente inn rapport frå tilskottsmottakarane.

Hovuddelen av tilskottsforvaltninga er frå 1.7.2014 delegert til Landbruksdirektoratet Størsteparten av dei administrative kostnadene til forvaltning av tilskottsordningane blir direkte dekte innanfor løyvingane over kap. 1142. For å kunne ha nødvendig fleksibilitet, vil det likevel vere aktuelt å trekkje nokre uviklings- og utgreiingskostnader på nokre av tilskottsordningane. Det same gjeld store evalueringar. På enkelte område skjer forvaltninga av tilskott gjennom Innovasjon Noreg. I samband med dette har departementet klargjort ansvar og oppgåver for Innovasjon Noreg. Vidare er det på ein del område eit styre som forvaltar ordningar. Dette styret er partssamansett. Styret skal tildele tilskottsmidlar, mens Landbruksdirektoratet er sekretariat for styret.

Rapportering 2013

Reindriftslova av 2007 skal gi grunnlag for ei god indre organisering og forvaltning av reindrifta. I tillegg skal reindriftsnæringa etter lova, gjennom internt sjølvstyre, sjølv spele ei aktiv rolle og ha ansvaret for at reindrifta er berekraftig. Eit sentralt verktøy i denne samanhengen er bruksreglane. Dei siste åra har styresmaktene sitt arbeid vore prega av bistand og tett oppfølging av næringa sitt arbeid med å utarbeide bruksreglar. Sjå kap. 1147 for nærare omtale.

Tal frå rekneskapen i totalkalkylen viser ein nedgang i resultatoppnåinga frå 2011 til 2012. Det totale vederlaget for arbeid og eigenkapital er redusert frå 136,0 mill. kroner til 90,0 mill. kroner. Denne reduksjonen skuldast i hovudsak ein nedgang i kjøttinntektene og i tilskotta. Førebelse tal viser ei meir positiv utvikling i 2013. Hovudårsaka til dette er ein auke i slakteuttaket og i gjennomsnittsprisen til reineigar, samt ein auke i statstilskotta.

Marknadssituasjonen for reinsdyrkjøtt er god. Alt av kjøtt på lager er bortimot seld ved inngangen til sommaren 2014. I motsetning til i 2010 og 2011 inneber dette at reineigarane ikkje har problem med å få levert rein til slakteri.

Budsjettframlegg 2015

18.2.2014 kom staten og Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL) fram til ein avtale for 2014/2015. Reindriftsavtalen for 2014/2015 har ei ordinær ramme på 111,5 mill. kroner. Dette er ein auke på 2,0 mill. kroner samanlikna med reindriftsavtalen 2013/2014.

Hovudmålet med reindriftsavtalen 2014/2015 er å leggje til rette for å utvikle reindriftsnæringa som ei rasjonell marknadsorientert næring som er berekraftig i eit langsiktig perspektiv. Reindriftsavtalen 2014/2015 gjeld i det same tidsrommet som det siste året av den treårsperioden som Reindriftstyret har sett for gjennomføring av reduksjonen av talet på rein. I denne samanhengen har det vore viktig å oppretthalde hovudlinene i dagens tilskottsystem der dei direkte tilskotta er knytte til verdien av det som blir produsert. Dette skaper stabilitet og føreseielege vilkår om ordningane over reindriftsavtalen. Samstundes inneber reindriftsavtalen 2014/2015 ei forenkling av gjeldande regelverk og ordningar. I dette ligg det at enkelte ordaningar blir avvikla og tidlegare øyremerkingar blir oppheva.

Tilpassing av talet på rein krev eit auka uttak av slakterein. Med dette som utgangspunkt, har avtalepartane sett det som viktig at reindriftsavtalen 2014/2015 serleg prioriterer tiltak som bidreg til auka slakting og omsetnad av reinkjøtt. I dette arbeidet er det serleg viktig at verkemidla over reindriftsavtalen blir samordna slik at ein på ein mest mogeleg effektiv måte når dei fastsette måla.

Infrastrukturen i reindrifta blir styrkt. Reineigarane blir stimulerte til auka slakteutak gjennom ein ekstraordinær auke av dei produksjonsretta tilskotta. Samstundes blir tilrettelegginga for Marknadsutvalet sitt arbeid vidareført.

Som eit viktig tiltak og verktøy i arbeidet med å sikre reindrifta sine areal, blir det sett i gang eit pilotprosjekt med formål å etablere digitale kartverktøy som synleggjer og gir ein samla oversikt over gjennomførte utbyggingstiltak innanfor det enkelte reinbeitedistrikt. Utover den ekstraordinære auken av det produksjonsretta tilskottet, blir dei direkte tilskotta vidareførte. Denne vidareføringa legg til rette for auka slakting og produksjon, samstundes som den skaper føreseielegheit for den enkelte reineigaren.

Den framforhandla avtalen forsterkar ytterlegare den næringsretta merksemda og stør opp om forvaltninga av reindrifta som ei næring. Ved at avtalen legg til rette i alle ledd i verdikjeda for auka slakting og omsetnad av reinkjøtt, gir avtalen grunnlag for ein positiv utvikling og auka inntening hjå den enkelte reineigaren. Samstundes underbyggjer den framforhandla avtalen den dreiinga ein har hatt i reindriftsavtalen sine virkemiddel dei siste åra, med ei tilrettelegging for dei reindriftsutøvarane som har reindrift som hovudverksemd.

Departementet gjer framlegg om løyvingar under kap. 1151 for 2015 i samsvar med Stortinget si handsaming av reindriftsavtalen for 2014/2015, jf. Innst. 282 S (2013–2014). I omtalen av dei enkelte postane er det gjort kort greie for formål og innhald i dei ulike ordningane. Nærare omtale finst i Prop. 108 S (2013–2014) og Innst. 282 S (2013–2014).

Post 51 Tilskott til Utviklings- og investeringsfondet

Reindriftas Utviklingsfond (RUF) skal gjennom bruk av økonomiske verkemiddel bidra til å utvikle reindriftsnæringa i samsvar med dei reindriftspolitiske måla. Frå fondet blei det gjort følgjande avsetjingar:

  • 1,45 mill. kroner til konfliktførebyggjande tiltak,

  • 8,2 mill. kroner over RUF til Reinprogrammet

  • 2,0 mill. kroner til vidareføring av fagbrevordninga,

  • 5,0 mill. kroner til ulike marknadsføringstiltak,

  • 5,3 mill. kroner til pramming av rein,

  • 0,1 mill. kroner Lærings- og omsorgsbaserte tenester

  • 1,0 mill. kroner til SANKS prosjektet Reindriftens hverdag

Avsetjingane over midlane til RUF utgjer totalt 33,7 mill. kroner. Dette er ein auke på 0,6 mill. kroner samanlikna med Reindriftsavtalen 2013/2014.

Post 72 Tilskott til organisasjonsarbeid

Dei store utfordringane reindriftsnæringa står overfor krev ei aktiv deltaking frå næringa sjølv. Organisasjonstilskottet til Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL) er sett til 6,1 mill. kroner, av dette 200 000 kroner til HMS-tiltak i reindrifta.

Post 75 Kostnadssenkande og direkte tilskott, kan overførast

 

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

75.11

Frakttilskott

1 596

3 000

3 000

75.12

Tilskott til driftseiningar og tamreinlag

40 305

54 400

55 800

75.13

Distriktstilskott

9 964

10 300

10 300

Sum post 75

51 866

67 700

69 100

Tilskotta skal bidra til å fremje berekraft, kvalitet og produktivitet i reindrifta, heve inntekta og verke utjamnande mellom einingar i næringa. Regjeringa gjer framlegg om ei samla løyving under posten på 69,1 mill. kroner for 2015, jf. omtalen nedanfor.

Underpost 75.11 Frakttilskott

Formålet med frakttilskottet er å bidra til å jamne ut prisane på reinkjøtt til reineigarane i ulike distrikt og å bidra til utjamning av fraktkostnader til marknaden. Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på 3,0 mill. kroner.

Underpost 75.12 Tilskott til siidaandelar og tamreinlag

Dette tilskottet er inndelt i følgjande ordningar:

Produksjonspremie: Formålet med produksjonspremien er å premiere innsats, produksjon og vidareforedling i næringa. Produksjonspremien til siidaandelane blir rekna med 35 pst. av avgiftspliktig sal av kjøtt og biprodukt frå rein. Vidare blir det utbetalt produksjonspremie for andre avgiftspliktige inntekter frå vidareforedla produkt frå reinen. Det blir ikkje utbetalt produksjonspremie for avgiftspliktig inntekt som overstig 0,6 mill. kroner per siidaandel og 1 mill. kroner per tamreinlag. Produksjonspremien blir utbetalt til eigaren av siidaandelen. For tamreinlaga vil årsrekneskapen danne grunnlaget for utrekninga av produksjonspremien. Det er sett av 32,7 mill. kroner til produksjonspremie.

Etableringstilskott: Ordninga med tilskott ved overdraging av siidaandel blir vidareført med ein sats på 80 000 kroner det første året, deretter blir satsen sett til 65 000 kroner dei to påfølgande åra. Det er sett av 2,2 mill. kroner til etableringstilskott.

Særskilt driftstilskott til ungdom: Det blir gitt eit særskilt driftstilskott på 25 000 kroner til leiar av siidaandelar som er under 30 år per 1.1.2015. Der er sett av 1,3 mill. kroner til ordninga med særskilt driftstilskott til ungdom.

Kalveslaktetilskott: Satsen for tilskottet er 350 kroner pr kalv. Det er sett av 17,8 mill. kroner til ordninga med kalveslaktetilskott.

Ektefelletillegg: Ordninga med tillegg til siidaandelar der begge ektefellane eller sambuarane driv aktiv reindrift er fastsett med ein sats på 30 000 kroner. Det er sett av 1,8 mill. kroner til ordninga med ektefelletillegg.

Totalt blir det gjort framlegg om ei løyving på 55,8 mill. kroner.

Underpost 75.13 Distriktstilskott

Formålet med distriktstilskottet er å bidra til at reinbeitedistrikta skal kunne ta auka ansvar for utvikling av næringa i ei berekraftig retning. Dette inneber å få talet på rein i balanse med beitegrunnlaget, sikring av areala til reindrifta, auka lønsemd og tilrettelegging for kriseberedskap. Unnateke tilskott til Femunden reinbeitedistrikt blir det gjeldande regelverket vidareført.

For Femunden reinbeitedistrikt vil det bli gjennomført ei avkorting i distriktstilskottet dersom distriktet ikkje følgjer dei gitte vilkåra for utøving av reindrift innanfor distriktet sine grenser.

Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på 10,3 mill. kroner.

Post 79 Velferdsordningar

Det er sett av 1,0 mill. kroner til ordninga med tidlegpensjon. Satsen for einbrukarpensjon er 100 000 kroner per år, og tobrukarpensjon er sett til 160 000 kroner. Posten omfattar ordninga med medlemsavgift til folketrygda og sjukepengeordninga. Det gjeldande regelverket og dei gjeldande satsane blir førde vidare.

Det er sett av 1,0 mill. kroner til ordninga med særskilt tilskott for leigd hjelp ved svangerskap/fødsel. Tilskottet skal bidra til å styrkje stillinga til kvinner i reindrifta. Det gjeldande regelverket og dei gjeldande satsane blir førde vidare.

Det er sett av 0,6 mill. kroner til sjukepengeordninga. Den kollektive innbetalinga over reindriftsavtalen til sjukepengeordninga dekkjer tilleggspremien for ei auke av sjukepengane frå 65 pst. til 100 pst. av inntektsgrunnlaget for sjukdom utover 16 dagar. Fødselspengar blir også gitt med 100 pst. av inntektsgrunnlaget. Løyvinga er rekna ut med utgangspunkt i samla næringsinntekt for dei utøvarane i reindrifta som går inn under ordninga. Midlane blir overførte sentralt til folketrygda.

Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på 2,6 mill. kroner.

Kap. 1161 Myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver på statsgrunn

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

70

Tilskott til Statskog SFs myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver

13 091

13 549

13 926

75

Tilskott til oppsyn i statsalmenningar

9 603

9 939

8 149

Sum kap. 1161

22 694

23 488

22 075

Post 70 Tilskott til Statskog SFs myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver

Formål med løyvinga

Posten omfattar tilskott til Statskog SF sitt arbeid med dei oppgåvene som er omtalte i avtale mellom Statskog SF og Landbruks- og matdepartementet om delegerte myndighetsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver.

Statskog SF skal syte for at dei rettane bruksrettshavarar og andre har på eigedommane, blir sikra i samsvar med lover, forskrifter og politiske retningsliner. Føretaket skal arbeide for ei areal- og ressursdisponering som er tenleg for samfunnet, for dei distrikta der eigedommane ligg og for staten som eigar. Innanfor skogbruket følgjer oppgåvene av lov om skogsdrift i statsallmenningar, og oppgåvene er særleg knytte til virkesutvising i statsallmenningar til dekking av bruksrettar. I tillegg inngår arbeid med salsvirke til inntekt for allmenningsfonda.

Vidare utfører Statskog SF offentlegrettslege oppgåver der føretaket handlar som offentleg styresmakt, handsamar saker og gjer vedtak i samsvar med fjellova og lov om skogsdrift m.v. i statsallmenningane. Statskog SF sine utgifter til tilskottsforvaltninga for post 75 Oppsyn i statsallmenningar blir også dekte av denne posten.

I tillegg til dei lovpålagde oppgåvene, har Statskog SF ei rekkje oppgåver som har grunnlag i pålegg og retningsliner frå departementet. Statskog SF skal vere til stades på eigedommane og ha oppsyn og kontakt med brukarar av areala. Statskog SF har eit eige feltapparat for naturoppsyn og forvaltning av statleg grunn i Nordland og Troms. Tenesta skal gjennom informasjon og rettleiing, overvaking, skjøtsel og tilrettelegging bidra til å sikre naturverdiar og bevaring av biologisk mangfald. Tenesta omfattar eit geografisk areal på knapt 40 mill. dekar. Fjelltenesta sel tenester til fleire oppdragsgivarar, mellom anna miljøvernstyresmaktene. Statskog SF har inngått ein samarbeidsavtale med Statens naturoppsyn (SNO) om at Fjelltenesta skal utføre offentlegrettsleg naturoppsyn for SNO.

Statskog SF skal leggje til rette for at folk flest skal kunne drive eit aktivt friluftsliv på føretaket sine areal. Som ledd i dette arbeidet held føretaket opne husvære i fjellet, merkar stiar og løyper og byggjer og driv vedlikehald av bruer, klopper, rasteplassar og fiskebrygger. Tiltaka har ofte innslag av kulturminnevern. Statskog SF har eit nært samarbeid med miljøvern-, landbruks- og helsestyresmakter og dei frivillige organisasjonane i dette arbeidet.

Rapportering 2013

På post 70 er det i 2013 rekneskapsført 13,1 mill. kroner, som er i samsvar med løyvinga. Rekneskapen viser at det er nytta 1,8 mill. kroner på skogbruksverksemd i statsallmenningane i 2013. Dette er på same nivået som året før. Om lag 26 000 m3 tømmer og ved er utvist til bruksrettshavarane eller seld til inntekt for allmenningsfonda. Totalt utgjer avverka kvantum i 2013 om lag 47 pst. av balansekvantum. Det blei brukt 0,4 mill. kroner til offentlegrettslege oppgåver der føretaket har handla som offentleg styresmakt.

Vidare viser rekneskapen at det i 2013 blei brukt 4,7 mill. kroner til oppsyn, og dette er på same nivå som året før. Oppsynet rettar seg mot førebyggjande verksemd, ordinært oppsyn, vedlikehald og skjøtsel av areala. I 2013 har mykje av oppsynet retta seg mot fjerning av søppel, riving av ulovlege bygg og opprydding.

Til arbeidet med friluftsliv blei det i 2013 brukt om lag 5 mill. kroner, ein auke på om lag 0,6 mill. kroner i forhold til 2012. Prioriterte tiltak i 2013 omfattar tilsyn og vedlikehald av etablerte anlegg som bruer, turvegar, rasteplassar og opne buer, i tillegg til informasjonsarbeid. Tiltaka er utførte i samsvar med føretaket sin eigen Handlingsplan for friluftslivet 2013–2015.

Grunneigarfondet

Statskog SF har ansvaret for forvaltninga av grunneigarinntektene frå statsallmenningane. Inntektene går inn på eit eige fond, Grunneigarfondet. Hovuddelen av inntektene er frå festekontraktar i statsallmenningane, i tillegg kjem inntekter frå fallretter, eiendomsutvikling og andre grunndisponeringstiltak. Bruken av Grunneigarfondet er regulert i § 12 i fjellova. Inntektene skal nyttes til dekning av utgifter til administrasjon av statsallmenningane og til stønad til ein fellesorganisasjon for fjellstyra (Noregs Fjellstyresamband). Fondet skal også nyttast til tiltak i statsallmenningane, med sikte på verdiskaping og lønsame arbeidsplassar. Slike tiltak skal gjennomførast i samråd med Noregs Fjellstyresamband.

Behaldninga i Grunneigarfondet var per 31.12.2013 på 4 mill. kroner. Dette er ein nedgang på om lag 1,3 mill. kroner samanlikna med 2012. Inntektene var på 18,6 mill. kroner, og kostnadene på 20 mill. kroner. Resultatet for 2013 var eit underskott på 1,3 mill. kroner. Underskottet er grunna arbeidet med Statskog i matrikkelen. Økonomien i Grunneigarfondet er viktig for omfanget av og kvaliteten på Statskog SF sin administrasjon og forvaltning og føretaket si moglegheit for å bruke midlar til tiltak. Tilskottet til Noregs Fjellstyresamband var i 2013 på 2,4 mill. kroner. Tilskottet blir fastsett for to år av gangen, og er i 2015 fastsett til 2,6 mill. kroner.

Statskog SF og Noregs Fjellstyresamband utarbeidde i 2011 ein rapport om økonomien i statsallmenningane. Rapporten presenterte tiltak for å styrkje økonomien i Grunneigarfondet. Departementet har teke rapporten til orientering, og føreset at partane følgjer opp dei tiltaka som ikkje krev ekstern finansiering eller endring av lovverket.

Allmenningsfonda var per 31.12.2013 på 84,3 mill. kroner. Fonda skal saman med avsett skogfond på opp mot 1 mill. kroner nyttast til investeringar i skogbruket i den enkelte allmenningen.

Budsjettframlegg 2015

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 13,926 mill. kroner.

Statskog SF sine oppgåver knytte til skogbruk i statsallmenningar omfattar planlegging og gjennomføring av arbeidet med utvising av virke til dei med bruksrett, skogbruksplanar, miljøregistreringar i skog, landskapsplanar med vidare.

Statskog SF skal i 2015 prioritere å utvide sitt verktøy for planlegging for skogbruket til også å omfatte statsallmenningar med fond. Dette vil gi eit betre grunnlag for planlegging av verksemda og sikring av miljøverdiar.

Det vil i 2015 vere behov for å føre tilsyn med Statskog SF sine areal for å ivareta staten sine rettar som grunneigar. Fjelltenesta ivaretek dette på statsgrunn i Nordland og Troms gjennom oppsyn, nærvær og brukarkontakt.

Statskog SF skal i 2015 halde fram arbeidet med å leggje til rette for allmenta si bruk av og tilgang til areala. Innsatsen skal i hovudsak rettast mot kvalitetssikring og vedlikehald av eksisterande anlegg og tilbod som fremjar sikkerheit og vern av kulturminne, og informasjon om tilboda. Det er behov for vedlikehald av opne husvære for allmenta. Mange av desse blei tidlegare nytta i næringsverksemd, og er viktige kulturelement som bør haldast i stand så langt som mogleg. Statskog SF er no i ferd med å selje ein del av desse husværa, men det vil framleis vere utfordringar knytt til vedlikehald av damanlegg, husvære o.a. som treng opprusting. Statskog SF vil vere ein viktig aktør i markeringa av Friluftslivets år 2015. Departementet ber Statskog SF om å samarbeide med andre aktørar for å bidra til auka merksemd om friluftsliv og allmentas omfattande moglegheiter for friluftsliv i statsallmenningane og på anna statsgrunn.

Statskog må også i 2015 prioritere arbeid med forvaltningsplanar for Statens kulturhistoriske eigedommar (SKE).

Post 75 Tilskott til oppsyn i statsallmenningar

Formål med løyvinga

Posten dekkjer tilskott til fjellstyra sine oppsynsordningar i statsallmenningane i samsvar med § 36 i fjellova. Fjellstyra kan tilsetje oppsynsmenn til å føre tilsyn med statsallmenningen. Oppsynsmenn blir lønte av fjellkassa. Når tilsetjinga av oppsynsmenn er skjedd i samsvar med oppsynsordninga som departementet har godkjent, har fjellstyra krav på å få refundert halvparten av lønsutgiftene frå denne posten. Ordninga skal leggje til rette for å ivareta samfunnsinteresser, oppsyn og tilrettelegging der staten som grunneigar har eit spesielt ansvar. Fjellstyret gir ein instruks for oppsynstenesta, som blir godkjend av Statskog SF. Forvaltninga av tilskottsordninga er delegert til Statskog SF.

Statsallmenningane i Sør- og Midt-Noreg utgjer om lag 27 mill. dekar, tilsvarande 11 pst. av alt utmarksareal i Noreg. Dette er viktige område for befolkninga sin rekreasjon og lokal næringsutvikling. Fjelloppsynet har til oppgåve å bidra til berekraftig bruk av statsallmenningane. Dei skal førebyggje miljøkriminalitet og bidra til at offentlegrettslege vedtak blir overhaldne, utføre oppgåver for grunneigaren (Statskog SF) m.m. Som eit ledd i dette arbeidet, driv fjelloppsynet informasjon, tilrettelegging, skjøtsel, naturovervaking og kontroll. Oppsynsmenn kan bli gitt politifullmakt etter politilova § 20.

Rapportering 2013

I 2013 blei det gitt 9,6 mill. kroner i tilskott til fjellstyra for oppsynsordningar i statsallmenningane. Statskog SF har fordelt midlane på grunnlag av fjellstyra sine budsjett, rekneskap og rapportering og etter ein nøkkel som tilgodeser små fjellstyre. Noko under halvparten av tilskottet er brukt på feltarbeid knytt til oppsyn og skjøtsel, mens dei resterande midlane er brukte til sakshandsaming og anna innearbeid som gir rett til tilskott. Samanlikna med 2012 er det kun ein liten auke i innearbeidet og ein tilsvarande nedgang i utearbeidet, noko som truleg skuldast aukande krav til sakshandsaming og medverknad i offentleg planlegging, verneplanar med meir. For 2013 er det rapportert om 7 375 kontrollar. Det er knytt noko usikkerheit til tala, då rapporteringa ikkje har vore heilt lik frå år til år. Det er rapportert om 107 ulovlege forhold. Dette er ei dobling av ulovlege forhold samanlikna med 2012, men er framleis lågt samanlikna med situasjonen tidleg på 2000-talet.

Budsjettframlegg 2015

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 8,149 mill. kroner. Fjelloppsynet omfattar i dag om lag 60 årsverk. Løyvinga på posten gir grunnlag for eit synleg oppsyn i statsallmenningane og rom for vidare tilrettelegging for friluftslivet.

Oppsyn i statsallmenning skjer både gjennom fjelloppsynet og det offentlegrettslege oppsynet SNO driv. Fjelloppsynet si lokale forankring og kunnskap er eit viktig bidrag i det samla oppsynet. Det er nødvendig med eit godt samarbeid mellom fjelloppsynet og SNO.

Kap. 4162 Statskog SF – forvaltning av statleg eigarskap

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

90

Avdrag på lån

200 000

50 000

10 000

Sum kap. 4162

200 000

50 000

10 000

Post 90 Avdrag på lån

Budsjettframlegg 2015

Departementet legg til grunn at auka eigenkapital frå inntektene frå arronderingssalet som starta hausten 2011, blir nytta til avdrag på det statlege lånet Statskog SF fekk i samband med oppkjøpet av Borregaard Skoger AS, Borregaard Vafos AS og Børresen AS frå Orkla ASA, jf. Prop. 11 S (2010–2011) Kapitalforhøyelse og statlig lån til Statskog SF. Føretaket står fritt til å betale avdrag utover årleg minimumsavdrag på 10 mill. kroner. Med utgangspunkt i prognosane for salet i 2015 er forventa avdrag sett til 10 mill. kroner.

Kap. 5576 Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

71

Totalisatoravgift

140 378

125 000

125 000

Sum kap. 5576

140 378

125 000

125 000

Post 71 Totalisatoravgift

Under posten blir det ført inntekter frå avgift på totalisatorspel.

I 2013 var den samla omsetnaden på totalisatorspel 3 775 mill. kroner. Dette var noko lågare enn året før. For 2015 er det budsjettert ut frå ei samla omsetnad på om lag 3 400 mill. kroner. Departementet gjer framlegg om ei løyving under posten på 125 mill. kroner. Det er i framlegget lagt til grunn ein uendra avgiftssats på 3,7 pst. av omsetnaden.

For å hindre uønskt reklame er det fastsett reglar for å avgrense marknadsføringa av lovlege spel. Lotteri- og stiftingstilsynet har fått oppgåva å kontrollere alt spel i Noreg. Dette inneber også ansvaret for kontroll med at totalisatorspelet er i samsvar med det spelereglementet som er godkjent av Landbruks- og matdepartementet.

Programkategori 15.40 Forretningsdrift

Inntekter under programkategori 15.40 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

5651

Aksjar i selskap under Landbruks- og matdepartementet

11 053

5 000

5 000

0,0

5652

Statskog SF – Renter og utbytte

37 404

125 700

45 588

-63,7

Sum kategori 15.40

48 457

130 700

50 588

-61,3

Kap. 5651 Aksjar i selskap under Landbruks- og matdepartementet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

85

Utbytte

11 053

5 000

5 000

Sum kap. 5651

11 053

5 000

5 000

Post 85 Utbytte

Landbruks- og matdepartementet med underliggjande verksemder forvaltar den statlege eigarskapen i Veterinærmedisinsk oppdragssenter AS (VESO), Graminor AS, Intrumenttjenesten AS, ITAS Eierdrift AS, Staur Gård AS og Kimen Såvarelaboratoriet AS. I 2015 blir det budsjettert med eit utbetalt utbytte på 5 mill. kroner frå VESO, mens det ikkje blir budsjettert med utbytte frå dei andre selskapa.

Det er eit mål for den statlege eigarskapen at selskapa oppnår langsiktig avkastning på den investerte kapitalen. For selskap der staten har forretningsmessige mål med eigarskapen er slik avkastning det sentrale omsynet i eigarskapsforvaltninga, jf. Meld. St. nr. 27 (2013–2014) Et mangfoldig og verdiskapende eierskap der regjeringa sine forventningar til utbytte og avkastning er omtalte under pkt. 8.3.1.

Statleg investering i selskapa under Landbruks- og matdepartementet er ikkje gjort av forretningsmessige grunnar, men med andre formål enn avkastning og utbytte til eigarane. Sentralt for dei fleste selskapa er at dei kan tilby gode varer og tenester til sektoren. Det har difor ikkje vore sett nærare på avkastningskrav eller utvikla ein eigen utbyttepolitikk for desse selskapa, bortsett frå for Graminor AS, som har utarbeidd ein strategi basert på at ein stor del av det årlege overskottet skal haldast tilbake til finansiering av planteforedlingsaktivitet.

I Meld. St. nr. 27 (2013–2014) går det fram at staten ikkje bør vere ein langsiktig eigar av VESO. I tråd med dette, ber departementet om fullmakt til å selje aksjane sine i VESO heilt eller delvis i 2015, jf. framlegg til vedtak VI.

Tabell 2.11 Oversikt over aksjeselskap under Landbruks- og matdepartementet

(i 1000 kroner)

Eigardel 31.12.2013

Resultat 2013

Utbytte utbetalt 2014

Venta utbytte utbetalt 2015

Graminor AS

34,0 %

1 605

0

0

Instrumenttjenesten AS

100,0 %

798

0

0

ITAS Eierdrift AS

100,0 %

-206

0

0

Kimen såvarelaboratoriet AS

51,0 %

1 000

383

0

Staur gård AS

100,0 %

210

0

0

Veterinærmedisinsk oppdragssenter AS

34,0 %

25 474

2 550

5 000

Sum

28 881

2 933

5 000

Graminor AS

Graminor AS driv planteforedling, sortsrepresentasjon og oppformering for å sikre at norsk jord- og hagebruk får tilgang på klimatilpassa, variert og sjukdomsfritt plantemateriale. Selskapet mottek lisens- og foredlaravgift ved omsetnad av sjukdomsfritt plantemateriale i marknaden, forskingsmidlar frå jordbruksavtalen og tilskott, jf. omtale under kap. 1150, post 77.

Staten eig 34 pst. av aksjane i selskapet. Av dette forvaltar departementet 28,2 pst., mens Bioforsk forvaltar 5 pst. og Noregs miljø- og biovitskaplege universitet 0,8 pst. Dette skal sikre eigar- og samfunnsinteressene i planteforedling og oppformering av plantemateriale i Noreg.

Graminor AS hadde i 2013 ein omsetnad på 56 mill. kroner og eit resultat etter skatt på 1,6 mill. kroner. Det blei ikkje utbetalt utbytte for 2013.

Graminor AS har utarbeidd ein strategi for verksemda, og den er lagt til grunn for budsjettet for 2015. I strategien blir verksemda skissert som ei forretningsmessig verksemd basert på planteforedling, representasjon og prebasisproduksjon, samt planteforedling på vegne av staten. I strategien til verksemda er det lagt til grunn ein langsiktig utbyttepolitikk basert på stabilitet og på at ein stor del av det årlege overskottet skal haldast tilbake til finansiering av planteforedlingsaktivitet. Det blir difor ikkje budsjettert med utbetalt utbytte i 2015.

Instrumenttjenesten AS

Instrumenttjenesten AS blei etablert i 1991 for å levere datatenester til seks forskingsinstitusjonar som også var eigarar. Kundeforholdet til eigarane blei i 2010 overført til ITAS Eierdrift AS.

Instrumenttjenesten AS leverer tenester, system og utstyr til forskingsinstitusjonar, næringsliv og forvaltning for bruk innanfor miljøovervaking, meteorologi, hydrologi og geoteknikk. Statens formål med eigarskapen er å leggje til rette for effektiv forsking og utvikling i sektoren. Staten eig heile selskapet. Verksemder under Landbruks- og matdepartementet forvaltar 60 pst. av aksjane, mens verksemder under Kunnskapsdepartementet forvaltar dei resterande 40 pst.

Instrumenttjenesten AS hadde i 2013 ein omsetnad på 21,1 mill. kroner og eit resultat etter skatt på minus 0,8 mill. kroner. Det blir ikkje budsjettert med utbytte i 2015.

ITAS Eierdrift AS

ITAS Eierdrift AS blei etablert i 2009 og driftar sentrale datasystem og system og utstyr for klimamålingar for eigarane. Slike tenester blei før 2010 utført av Instrumenttjenesten AS.

Staten eig heile selskapet. Verksemder under Landbruks- og matdepartementet forvaltar 76 pst. av aksjane, mens verksemder under Kunnskapsdepartementet forvaltar dei resterande 24 pst.

ITAS Eierdrift AS hadde i 2013 ein omsetnad på 9,4 mill. kroner og eit resultat etter skatt på 0,2 mill. kroner. Det blir ikkje budsjettert med utbytte i 2015.

Kimen Såvarelaboratoriet AS

Kimen Såvarelaboratoriet AS blei skilt ut frå Mattilsynet i 2004. Selskapet er kompetansesenter på frøkvalitet og frøanalysar, og har status som nasjonalt referanselaboratorium på såvareanalysar. Selskapet rettar verksemda si mot såvarebransjen og forvaltninga. Sal av laboratorieanalysar og tenester, mellom anna til Mattilsynet, og rettleiing og opplæring i såvarespørsmål, er av hovudoppgåvene til selskapet. Staten eig 51 pst. av selskapet. I tillegg eig Felleskjøpet Agri BA 34 pst. og Strand Unikorn AS 15 pst.

Selskapet hadde i 2013 ein omsetnad på 12,4 mill. kroner og eit overskott etter skatt på 1,0 mill kroner. Det blei utbetalt 750 000 kroner i utbytte, og det resterande overskottet blei lagt til annan eigenkapital.

Det er ikkje eit mål for staten som medeigar i selskapet at det skal utbetalast størst mogleg utbytte. Selskapet er på fleire område einerådande, og det er ikkje ønskjeleg at høge prisar på tenestene reduserer talet på analysar. Forventa framtidig reduksjon i oppdragsmengda gjer også at overskott i hovudsak bør leggjast til eigenkapitalen. Det blir ikkje budsjettert med utbetalt utbytte i 2015.

Staur gård AS

Staur gård AS har ansvar for å drive eigedommen Staur i Stange. Eigedommen er eigd av staten. Staur gård AS har, i samarbeid med andre aktørar, eit ansvar for forskings- og forsøksverksemd i jordbruket. Av dei viktigaste funksjonane på garden er teststasjonen for storfe, seminstasjonen for sau og korn- og planteforsøk i regi av Graminor AS. Selskapet driv også gjestegarden på Staur, som særleg er retta mot lokale og nasjonale samfunnsinstitusjonar. Eigedommen Staur gård AS driv er spesiell og eigenarta, og fleire bygningar, hagen og parkanlegget er freda av Riksantikvaren. Selskapet har til oppgåve å drive eigedommen på ein rasjonell måte innanfor ramma av desse omsyna. Det har dei siste åra blitt gjort vesentlege utbetringar ved eigedommen.

Staur gard AS hadde i 2013 ein omsetnad på om lag 8,9 mill. kroner, ein auke på 6 pst. frå 2012, og eit overskott på om lag 0,2 mill. kroner. Det blei ikkje teke ut utbytte. Auken i omsetnaden i 2012 var i hovudsak knytt til verksemda på gjestegarden, der omsetnaden auka med 12 pst. Departementet ventar at selskapet presenterer positive tal i same storleik også for 2014.

Det blir ikkje budsjettert med utbetalt utbytte i 2015.

Veterinærmedisinsk oppdragssenter AS

Departementet ber i framlegg til vedtak VI om fullmakt til å selje aksjane sine i VESO i 2015. Bakgrunnen er at målet med staten sin eigarskap i VESO i dag ikkje er anna enn forretningsmessig og at det ikkje er andre særlege grunner til at staten bør vere en langsiktig eigar av verksemda. Departementet vil gjennomføre forretningsmessige vurderingar, mellom anna av selskaps- og markedsspesifikke forhold, som grunnlag for eventuell utnytting av fullmakta.

VESO er ei kunnskapsbedrift med fagleg fundament i norske veterinærmedisinske miljø og liknande miljø. Selskapet er i dag den leiande grossisten og distributøren av veterinære legemiddel i den norske marknaden, og driv eit av dei leiande kliniske smittelaboratoria for fisk.

I tillegg eig selskapet Akvaforsk Genetics Center AS, som er eit av dei leiande selskapa i utforming av avlsprogram innanfor akvakultur. Selskapet sin forretningsidé er å tilby produkt og tenester som bidreg til ei god dyre- og fiskehelse og gjennom det bidra til auka effektivitet og berekraft i akvakultur- og husdyrproduksjon.

Selskapet arbeidar i ein konkurranseutsett og sterkt skiftande marknad som mellom anna svingar i takt med utviklinga av fiskesjukdommar og fiskeparasittar.

Selskapet sin omsetnad av legemiddel til alle typar dyr har auka betydeleg dei siste åra. Samla omsetnad i 2013 var 540,6 mill. kroner, ein reduksjon på 9 pst. frå 2012, mens resultatet etter skatt sank med vel 17 pst. til 25,5 mill. kroner. Det blei utbetalt eit utbytte på 7,5 mill. kroner. Av dette blei 2,550 mill. utbetalt til Landbruks- og matdepartementet.

Departementet budsjetterer med eit utbetalt utbytte på 5 mill. kroner for 2015.

Kap. 5652 Statskog SF – renter og utbytte

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

80

Renter

8 704

4 700

5 588

85

Utbytte

28 700

121 000

40 000

Sum kap. 5652

37 404

125 700

45 588

Mål og strategiar

Statskog SF forvaltar om lag ein femdel av landarealet i Noreg. Statskog SF er den største skogeigaren i landet med om lag 7 pst. av det samla skogarealet. Resten er fjell- og utmarksareal, for det meste i Troms og Nordland. I Sør-Noreg er ein stor del av arealet (om lag 27 000 km2) statsallmenning, der lokalbefolkninga har ulike bruksrettar (tømmer, ved, beite med vidare).

Statskog SF er med sin kompetanse og si erfaring innanfor skog- og utmarksområdet, ein sentral aktør i ei berekraftig forvaltning av dei norske skog- og utmarksressursane. Føretaket er også viktig for å løyse oppgåver knytt til skog- og utmarksspørsmål. Statskog SF skal ut frå vedtektene forvalte, drive og utvikle statlege skog- og fjelleigedommar med tilhøyrande ressursar, det som står i samband med dette og anna naturleg tilgrensande verksemd. Innanfor ramma av målsetjinga kan Statskog SF også drive andre eigedommar og yte andre former for tenester. Statskog SF skal leggje vekt på å oppnå eit tilfredsstillande økonomisk resultat, drive aktivt naturvern og ta omsyn til friluftsinteresser. Ressursane skal utnyttast balansert.

Skogbruk er det viktigaste forretningsområdet til Statskog SF. Etter kjøpet av skogeigedommane frå Orkla ASA, jf. Prop. 11 S (2010–2011) Kapitalforhøyelse og statlig lån til Statskog SF, har den samla hogsten til Statskog SF auka frå om lag 150 000 m3 til 400 000 m3. Statskog har som mål å utnytte skogproduksjonen som grunnlag for verdiskaping og høge skogverdiar, og føretaket har ambisjon om å vere den dyktigaste industrielle skogeigaren i landet. Skogbruket i Statskog SF rettar seg mellom anna etter Norsk PEFC skogstandard for eit berekraftig skogbruk.

Statskog SF har i ei årrekkje satsa på utvikling av fornybar energi basert på ressursane på eigedommane. Regjeringa si vurdering er at Statskog SFs investeringar i fornybar energi ikkje er innanfor føretakets kjerneverksemd og -kompetanse, og at dei inneber auka risiko og usikker gevinst. Storparten av inntektene frå kraftproduksjon vil komme frå sal og utleige av fallrettar, og føretaksmøtet har difor vedteke at Statskog SF skal avgrense verksemda til dette.

Departementet si styring, oppfølging og kontroll av Statskog SF

Departementet sin styrings- og kontrollfunksjon overfor Statskog SF følgjer reglane i lov om statsføretak og vedtektene til føretaket. Alle avgjerder frå eigaren som er bindande for føretaket sitt styre, skjer som vedtak i føretaksmøte. Det ordinære føretaksmøtet i Statskog SF er i juni, og utover dette blir det kalla inn til ekstraordinært føretaksmøte ved behov.

Spørsmål om korleis føretaket handsamar myndigheita som er delegert gjennom fjellova og allmenningslova, ligg utanfor sjølve eigarstyringa, og blir handtert gjennom eigne kontaktmøte og tildelingsbrev, jf. kap. 1161.

Departementet har kontakt med og får informasjon frå føretaket i aktuelle saker. For å styrkje eigarstyringa blei det i 2011 innført regelmessige kontaktmøte mellom departementet og Statskog SF knytt til mellom anna Statskog SF si framlegging av kvartalsresultat. Økonomien i verksemda og viktige hendingar blir gjennomgått på kontaktmøta og på ordinært føretaksmøte.

Departementet ventar at Statskog, som andre statleg eigde verksemder, innarbeider sosiale og miljømessige omsyn i den daglege drifta og overfor interessentane sine.

Ny utbyttepolitikk i Statskog SF

Etter den gjeldande utbyttepolitikken for Statskog SF blir utbyttet frå føretaket sett til 75 pst. av årsresultatet etter skatt inntil beløpet tilsvarar staten si innlånsrente multiplisert med bokført eigenkapital. Staten si innlånsrente blir fastsett årleg på grunnlag av gjennomsnittleg rente på 5-årige statsobligasjonar.

Med føretaksmøtet sitt vedtak om å avgrense energiverksemda til sal og utleige av fallrettar er det ikkje lenger naudsynt å holde tilbake så store delar av resultatet til nye investeringar i verksemda som tidlegare. Regjeringa foreslår difor å fjerne taket på utbyttet, slik at utbyttepolitikken blir en fast sats av årsresultatet etter skatt. For at føretaket skal ha tilstrekkeleg likviditet for å tilbakebetale det statlege lånet meiner regjeringa at utbyttesatsen bør settes til 40 pst. for perioden 2014–2016, for deretter å auke til 75 pst.

Rapportering 2013

Resultatet etter skatt var på 18 mill. kroner i 2013. Resultatet er 100 mill. kroner lågare enn i 2012, noko som i hovudsak skyldas bortfall av eingongsinntekter og store eingongskostnader knytt mellom anna til ny pensjonsordning for føretaket. Den underliggande drifta gav også eit noko lågare resultat enn forventa grunna svak utvikling i tømmermarknaden.

Arronderingssalet, som er ein del av oppfølginga av Statskog SF sitt skogkjøp i 2010, kom i gang i 2011, og det er seld eigedommar i dei fleste fylka der føretaket er grunneigar. Salet skal etter planen gjennomførast innan 2017. Regjeringa vil styrkje det private skogbruket ved å selje areal frå Statskog SF tilsvarande det Statskog SF har kjøpt dei siste åra, jf. Sundvolden-erklæringa. Regjeringa vil vurdere ulike modellar for privatisering av Statskog SFs skogverksemd. Dette omfattar vidareføring og eventuelt også utviding av arronderingssalet. Det kan også vere aktuelt å vurdere andre former for privatisering av Statskog SF sin skogverksemd. Det skal kartleggjast korleis allmentas tilgang og vilkår for jakt, fiske og friluftsliv kan påverkast av privatiseringa og korleis ein kan sikre at de ikkje blir dårlegare.

Post 80 Renter

I samband med at Statskog SF kjøpte selskapa Borregaard skoger AS, Borregaard Vafos AS og Børresen AS frå Orkla ASA, fekk føretaket eit statleg lån på 475 mill. kroner, jf. Prop. 11 S (2010–2011). I 2013 blei det betalt 8,704 mill. kroner i renter på lånet. Saldo på lånet var på 175 mill. kroner 31.12.2013.

Post 85 Utbytte

Utbyttet til staten for 2013 blei fastsett til 70,1 mill. kroner, av dette var 56,6 mill. kroner ekstraordinært utbytte, jf. Prop. 93 S (2013–2014).

Budsjettframlegg 2015

Forslaget til ny utbyttepolitikk for Statskog SF inneber at utbyttet frå føretaket for 2014 blir sett til 40 pst. av årsresultatet etter skatt. Det blir budsjettert med eit ordinært utbytte for 2014 på 40 mill. kroner. Endeleg forslag til ordinært utbytte vil bli fastsett når årsresultatet for 2014 føreligg, og vil bli lagt fram i den ordinære budsjettprosessen. Vedtak om utbytte blir gjort på ordinært føretaksmøte første halvår 2015. Rentene på lånet vil vere på om lag 5,588 mill. kroner i 2015. Avdrag på lånet er omtala under kap. 4162.