Prop. 1 S (2014–2015)

FOR BUDSJETTÅRET 2015 — Utgiftskapittel: 1100–1161 Inntektskapittel: 4100–4162, 5576, 5651 og 5652

Til innhaldsliste

Del 3
Rapportering på dei landbruks- og matpolitiske måla

3 Nærare om dei ulike måla

I samband med handsaminga av Meld. St. 9 (2011–2012) Landbruks- og matpolitikken gav Stortinget støtte til ein ny målstruktur for landbruks- og matpolitikken. Departementet legg til grunn at dei same fire hovudmåla i meldinga – matsikkerheit, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk – står fast, men legg opp til ein betydeleg reduksjon i talet på delmål for å forenkle målstrukturen. Arbeidet under dei ulike hovudmåla skal no prioriterast inn mot totalt 12 delmål, mot tidlegare 39. Det er vidare lagt opp til tverrgåande mål for forvaltning, forsking og internasjonalt arbeid, som er føresetnader for at dei andre måla skal bli nådde.

Figur 3.1 Målstruktur for Landbruks- og matdepartementet

Figur 3.1 Målstruktur for Landbruks- og matdepartementet

4 Hovudmål: Matsikkerheit

Produsere og sikre tilgang til maten forbrukarane etterspør

Regjeringa vil stimulere til auka matproduksjon med intensjon om auka sjølvforsyning m.a. av omsyn til norske forbrukarar og av omsyn til beredskap. Hovudoppgåva til jordbruket er matproduksjon, og verkemidla skal innrettast slik at dei bidreg til auka produksjon.

Sjølvforsyningsgraden seier kor stor del av matvareforbruket på engrosnivå, rekna på energibasis, som kjem frå norsk produksjon av jordbruksprodukt eller fisk. Importerte innsatsvarer og eksport av t.d. fisk blir halde utanfor ved berekning av sjølvforsyningsgraden. Den gir først og fremst eit bilete på delen av heimemarknaden målt i energi som er produsert i Noreg. Den kan, per definisjon, ikkje overstige 100 pst.

Sjølvforsyningsgraden for varer som er produserte i jordbruket, varierer ein del med vêret. Sjølvforsyningsgraden er gjennomgåande høg for husdyrprodukt, og klart lågare, og fallande, for planteprodukt. Frå 2005 til 2013 blei den redusert frå 52 til 46 pst., særleg som følgje av redusert matkornproduksjon.

Av det totale fôrbehovet (grovfôr og kraftfôr) er om lag 20 pst. importerte råvarer. Bruken av norsk korn i kraftfôr er avhengig av vêret. Krav til energi- og proteininnhald i kraftfôret gjer at delen karbohydrat blir redusert. Av dei tre hovudførekomstane i kraftfôr, er delen norskprodusert særleg redusert for feitt- og proteinfraksjonen, som m.a. heng saman med forbod mot bruk av kjøttbeinmjøl og fiskemjøl.

Næringsmiddelindustrien sin del av heimemarknaden, målt på verdibasis, har falt frå 86 pst. i 2005 til om lag 80 pst. nå. Importen av landbruksvarer (inkl. fiskefôr) auka med 9 pst. frå 2012 til 2013, til eit nivå på 47,3 mrd. kroner. Det er underskott av norsk storfekjøtt, lam og korn og i grøntsektoren, men overskott av egg. Marknaden for svinekjøtt er hausten 2014 i balanse etter fleire år med overskott. Det er ein tendens at sentrale jordbruksområde aukar sin del av produksjonen, særleg innanfor kjøttproduksjonen.

Matmerk administrerer og utviklar Kvalitetssystem i landbruket (KSL), merkeordningane Nyt Norge, Beskytta nemningar og Spesialitet og har ansvaret for generisk marknadsføring av økologisk mat.

KSL ligg til grunn for alle merkeordningane Matmerk forvaltar. Det er gjennomført 5 557 eksterne KSL- revisjonar i 2013 mot 4 375 i 2012.

Ved utgangen av 2013 var 2 040 produkt frå 52 verksemder godkjente for Nyt Norge-merket, ein auke på 332 produkt frå 15 nye verksemder sidan 2012. Våren 2013 blei det lansert ei ny, oppgradert heimeside for merkeordninga Nyt-Norge, og besøkstala per veke har auka frå 1 900 i november 2012 til 12 000 i november 2013.

Totalt har 202 mat- og drikkeprodukt Spesialitets-merket i 2013 og av desse er 17 produkt nye. Merket blir tildelt for tre år av gangen og ein del produkt har i løpet av 2013 mista merket eller valt å ikkje søkje om fornying. Totalt 48 verksemder nyttar no Spesialitets-merket. Ni verksemder var nye i 2013. Beskytta nemningar hadde 23 godkjente produkt og ingen tilvekst i 2013.

Det er eit mål at 15 pst. av matforbruket og matproduksjonen skal vere økologisk i 2020. Det blir lagt vekt på at satsinga skal bidra til balanse mellom produksjon og etterspørsel. Samla for alle produktgrupper auka omsetnaden av økologiske produkt i daglegvarehandelen med 16 pst. i 2013 samanlikna med i 2012. Totalt blei det omsett økologiske matvarer for om lag 1,35 mrd. kroner i 2013. Dette utgjer 1,1 pst. av totalmarknaden.

Omsetnaden av lokalmat har auka jamt dei siste åra. Mykje av omsetnaden går gjennom kanalar som Bondens marknad og direkte sal frå produsent. Av den totale omsetnaden av daglegvarer gjennom daglegvarekjedene i 2013, som inkluderar meir enn mat, var 1,7 pst. matspesialitet/lokalmat.

Sikre forbrukarane trygg mat

All mat som blir omsett i Noreg skal vere trygg. Trygg mat er viktig for Noreg som matnasjon. Produksjon av trygg mat skapar tillit og sikrar avsetnad av varer og legitimitet for eit levande landbruk og næringsmiddelindustri. Godt utval av sunn og helsefremjande mat er viktig for at forbrukarane kan velje eit kosthald i tråd med tilrådingar frå helsestyresmaktene.

Infeksjon gjennom næringsmiddel er framleis eit stort helseproblem internasjonalt. Noreg har generelt ein gunstig situasjon samanlikna med mange andre land når det gjeld smittestoff i mat. Ein stor del av dei melde tilfella av matborne infeksjonar skuldast smitte i utlandet. Førekomsten av smittestoff i husdyr og mat produsert i Noreg, er på eit lågt nivå samanlikna med dei fleste andre land, sjølv om enkelte smittestoff har eit reservoar også blant norske husdyr.

Tabell 4.1 gir ein oversikt over næringsmiddelborne infeksjonar der smitta har skjedd i Noreg.

Tabell 4.1 Oversikt over næringsmiddelbårne infeksjonar der smitta har skjedd i Noreg

Diagnose

2005

2006

2007

2008

2009

2010

2011

2012

2013

Campylobacteriose

1228

1110

1175

1127

1280

1019

1175

1114

1131

E. coli-enteritt1

13

70

32

38

183

151

137

164

138

– av dette EHEC

7

412

17

12

752

33

25

55

64

Listeriose

13

19

45

27

25

19

19

26

18

Salmonellose

263

394

391

259

225

229

313

260

235

Shigellose

11

26

14

15

463

22

664

11

17

Yersiniose

83

56

44

34

35

27

33

22

31

Totalt

1611

1675

1701

1500

1794

1467

1743

1597

1570

1 Inkluderer EHEC, EPEC, ETEC og EIEC

2 Auken i 2006 og i 2009 skuldast utbrott

3 Auken skuldast eit utbrott forårsaka av sukkererter frå Kenya

4 Auken skuldast eit utbrott der basilikum frå Israel var smittekjelda og eit utbrott knytt til ein salatbar

Kjelde: Årsrapporten til Mattilsynet for 2013

For å oppretthalde den gode statusen, blir det lagt vekt på kontinuerleg overvaking, slik at tiltak kan setjast inn i tide. Faktorar som verkar inn på førekomsten av matborne infeksjonar i Noreg, er mellom anna, auka internasjonal handel med mat, nye matvanar og nye produksjonsrutinar.

Sjølv om mattryggleiken i Noreg generelt er god, opplever vi kvart år fleire større og mindre utbrott av matborne infeksjonar. Talet på varsla utbrott har vore ganske stabilt dei siste åra. I 2013 blei Folkehelseinstituttet varsla om 62 utbrott der det var mistanke om smitte gjennom mat eller vatn.

Utbreidd bruk av overflatevatn som råvasskjelde, mange små vassverk med varierande grad av handtering av vatn og dårleg leidningsnett, gjer at drikkevatn sannsynlegvis er ei større og viktigare smittekjelde i Noreg enn i land vi kan samanlikne oss med.

Tilstanden er god med omsyn til framandstoff og restar av legemiddel i mjølk, kjøtt og fisk og når det gjeld restar av plantevernmiddel i vegetabilsk mat. Det er ei særleg utfordring med sal av kosttilskott som inneheld udeklarerte og ulovlege ingrediensar eller som er tilsett legemiddel. Bruk av slike kosttilskott kan føre til alvorleg helseskade. Det er også ei utfordring knytt til produkt som blir omsett over internett og postordre.

God dyre- og plantehelse samt god dyrevelferd

God plante- og dyrehelse er viktig for mattryggleik, kostnadseffektivitet og ein langsiktig og berekraftig matproduksjon. Ein stor del av det globale potensialet for matproduksjon blir ikkje utnytta i dag på grunn av skadegjerarar i planteproduksjon og dyresjukdommar. Klimaendringar og auka ferdsel over landegrenser er risikofaktorar for både plante- og dyrehelsa.

Plantehelsa er generelt god i Noreg samanlikna med mange andre europeiske land, sjølv om det kvart år er tilfelle av skadegjerarar i frukt- og potetproduksjonen.

Helsesituasjonen i norske husdyrpopulasjonar er god. Det er svært få tilfelle av salmonellainfeksjon blant norske husdyr samanlikna med mange andre land. Smitte til menneske frå norskprodusert kjøtt og kjøttprodukt er difor uvanleg.

I 2013 blei LA-MRSA (dyreassosierte methicillinresistente Staphylococcus aureus – bakteriar) påvist i to separate utbrott som ramma 24 grisebesetningar. Det er også funne antibiotikaresistente tarmbakteriar (ESBL-produserande og kinolinresistente E. coli) i norsk fjørfe og fjørfekjøtt. Det blir nesten ikkje brukt antibiotika i norsk slaktekyllingproduksjon. Antibiotikaresistens hos fjørfe følgjer med importen av avlsmateriale og er i hovudsak eit internasjonalt problem. Dette må løysast med forsking og dialog med utanlandske leverandørar og styresmakter.

Antibiotikabruken i norsk husdyrhald er svært låg i internasjonal samanheng. Antibiotikabruken har blitt redusert samtidig som det har vore ein auke i gjennomsnittleg storleik på besetningane. For norske mjølkekubesetningar viser statistikken mindre bruk av antibiotika i store besetningar enn i små. Dyktige og ansvarsbevisste bønder, ansvarsfulle veterinærar og eit godt samarbeid mellom næringa og styresmaktene er avgjerande faktorar for den gode situasjonen i Noreg.

God dyrevelferd er eit mål i seg sjølv, og er i tillegg eit gode for samfunnet og eit konkurransefortrinn for norsk mat.

Generelt er dyrevelferda i Noreg god samanlikna med mange andre land. Det er stor offentleg merksemd på dyrevelferd. Sjølv om dyrevelferda generelt er god, er det framleis utfordringar knytte til dyrevelferd i enkelte produksjonar og hos enkelte eigarar av både produksjonsdyr, sports- og familiedyr.

5 Hovudmål: Landbruk over heile landet

Balansert geografisk utvikling i landbruket

Regjeringa vil leggje til rette for landbruk over heile landet. Dette krev framleis differensiering av verkemidla. I perioden 1979–1999 auka det registrerte jordbruksarealet med 8,2 pst. I perioden 1999–2013 er det estimert ein reduksjon i totalt jordbruksareal på om lag 5 pst. Registrert totalareal var på sitt største i 1998. Nedgangen i jordbruksareal skjer i all hovudsak innanfor åker og hage. Frå 2005 har nytt digitalt kartgrunnlag vore i bruk som kontrollgrunnlag ved søknad om produksjonstilskott. Basert på kommunane som har godkjent kartgrunnlag, viser tal frå Landbruksdirektoratet at det nye kartverket i perioden 2005–2013 innebar ein reduksjon i arealet på om lag 3 pst. Effekten av nytt kartverk kan både vere ein følgje av meir nøyaktige målingar. Det kan også vere ein følgje av at endringar som har skjedd over tid først blir fanga opp når eit nytt kartverk blir teke i bruk.

Reduksjonen i totalt jordbruksareal i drift frå 2005 til 2013 har først og fremst skjedd på Vestlandet, i Agder-fylka og i Nord-Noreg, som har hatt ein reduksjon på mellom 6 og 9 pst. I alle landsdelar går totalt jordbruksareal ned, men Rogaland har berre hatt ein reduksjon på 1 pst. Delen av fulldyrka jordbruksareal går ned i alle landsdelar, med minst nedgang på Austlandet og i Trøndelag. Arealet med anna eng og beite har auka mest på Austlandet og hatt størst reduksjon på Vestlandet og i Nord-Noreg. Sjå Figur 5.1 for utviklinga i arealet i dei ulike landsdelane i åra 2005–2013.

Figur 5.1 Utvikling i areal fordelt på landsdelar, 2005–2013. Pst.

Figur 5.1 Utvikling i areal fordelt på landsdelar, 2005–2013. Pst.

Fordelinga av jordbruksareal i drift og produksjonsvolumet av mjølk og grasbaserte kjøttslag er analysert etter BA-sentralitet. BA-sentralitet består av data på kommunenivå aggregert til bu- og arbeidsmarknadsregionar som så er delte inn i fem regiontypar: 1) Storbyregionar, 2) Mellomstore byregionar, 3) Småbyregionar, 4) Småsenterregionar, 5) Område med spreidd busetjing.

Arealet med fulldyrka eng og beite har auka mest i sentrale område. Arealet med anna eng og beite har auka meir i perifere enn i sentrale område. For dei grasbaserte produksjonane har produksjonen vore stabil, og det har vore relativt små endringar i den geografiske produksjonsfordelinga. Oppland, Rogaland og Nordland har auka sin del, mens Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag har litt lågare del. Småsenterregionar aukar sin del på kostnad av storbyregionar og regionar med spreidd busetjing. I perioden 1999–2010 hadde alle landsdelar bortsett frå Rogaland ein reduksjon i mjølkeproduksjonen. Frå 2010 til 2013 auka mjølkeproduksjonen i alle landsdelar med unntak av Nord-Noreg. Den største prosentvise auken var på Austlandet. Austlandet har også størst mjølkeproduksjon totalt sett, og landsdelen stod i 2013 for om lag 25 pst. av totalproduksjonen av mjølk i landet. Når det gjeld produksjon av storfekjøtt har det vore ein reduksjon i alle landsdelar sidan 1999. Austlandet har auka sin del noko frå 1999 til 2013, mens Vestlandet har hatt ein tilsvarande reduksjon i sin del. Alle landsdelar hadde ein liten auke i produksjonen av saue- og lammekjøtt det siste året, men frå 2010 til 2013 har det vore ein reduksjon i alle regionar unnateke Trøndelag. Produksjonen har vore nokså stabil når det gjeld fordeling mellom landsdelar, sjølv om Rogaland har auka sin del og Vestlandet har redusert sin del noko.

Jord- og skogbruk står for i alt 4,1 pst. av den samla sysselsetjinga i Noreg. Totalt var det om lag 43 300 sysselsette personar i jordbruket og reindrifta og om lag 6 800 sysselsette i skogbruket i 2012, sjå Tabell 5.1. Samstundes var om lag 38 500 sysselsette i jordbruksbasert matindustri og i om lag 17 000 sysselsette i skogbruksbasert industri.

Ser ein regionvis fordeling av sysselsetjinga i jordbruket over tid, så går delen ned på Vestlandet, i Trøndelag og Nord-Noreg, mens den går opp på Austlandet og i Rogaland. Delen går opp i mellomstore byregionar og storbyregionar på kostnad av regionar med spreidd busetjing og småsenterregionar.

Landbruksnæringa betyr relativt sett meir for sysselsetjinga i område med spreidd busetjing og småsenterregionar enn i meir sentrale område av landet. Områda med spreidd busetjing og småsenterregionar har hatt ein større og meir vedvarande nedgang i sysselsetjinga enn andre regionar.

Tabell 5.1 Sysselsette personar i landbruket per fylke, 2012

Tot. ant. sysselsette

Sysselsette i jordbruk og reindrift

Sysselsette i skogbruket

Sysselsette i matindustrien

Sysselsette i skogbruksbasert industri

Sysselsetjing i landbruket

Landbruksbasert sysselsetjing som del av total sysselsetjing

Fylke

ant.

ant.

pst.

ant.

pst.

ant.

pst.

ant.

pst.

ant.

pst.

Østfold

118 151

2 096

4,8 %

322

4,7 %

3 677

9,5 %

1 658

9,7 %

7 753

6,6 %

Akershus/Oslo

697 380

2 071

4,8 %

736

10,8 %

7 985

20,7 %

849

5,0 %

11 641

1,7 %

Hedmark

86 336

3 680

8,5 %

1 270

18,6 %

2 334

6,1 %

2 027

11,9 %

9 311

10,8 %

Oppland

87 396

4 446

10,3 %

726

10,7 %

1 406

3,7 %

1 165

6,8 %

7 743

8,9 %

Buskerud

124 230

1 802

4,2 %

739

10,8 %

1 325

3,4 %

1 502

8,8 %

5 368

4,3 %

Vestfold

104 756

1 468

3,4 %

280

4,1 %

2 639

6,9 %

846

5,0 %

5 233

5,0 %

Telemark

76 608

1 184

2,7 %

595

8,7 %

565

1,5 %

418

2,5 %

2 762

3,6 %

Aust-Agder

48 591

609

1,4 %

408

6,0 %

476

1,2 %

796

4,7 %

2 289

4,7 %

Vest-Agder

87 115

1 028

2,4 %

304

4,5 %

1 024

2,7 %

1 226

7,2 %

3 582

4,1 %

Rogaland

242 698

5 408

12,5 %

95

1,4 %

4 418

11,5 %

1 389

8,2 %

11 310

4,7 %

Hordaland

254 440

2 433

5,6 %

148

2,2 %

3 273

8,5 %

792

4,7 %

6 646

2,6 %

Sogn og Fjordane

54 293

2 551

5,9 %

110

1,6 %

1 305

3,4 %

606

3,6 %

4 572

8,4 %

Møre og Romsdal

129 648

2 707

6,2 %

145

2,1 %

1 672

4,3 %

659

3,9 %

5 183

4,0 %

Sør-Trøndelag

159 700

3 357

7,7 %

251

3,7 %

3 142

8,2 %

1 112

6,5 %

7 862

4,9 %

Nord-Trøndelag

62 865

3 637

8,4 %

415

6,1 %

1 148

3,0 %

1 101

6,5 %

6 301

10,0 %

Nordland

115 778

2 740

6,3 %

184

2,7 %

953

2,5 %

671

3,9 %

4 548

3,9 %

Troms

81 187

1 287

3,0 %

73

1,1 %

925

2,4 %

165

1,0 %

2 450

3,0 %

Finnmark

37 732

839

1,9 %

15

0,2 %

245

0,6 %

48

0,3 %

1 147

3,0 %

Totalt

2 568 904

43 343

100,0 %

6 816

100,0 %

38 512

100,0 %

17 030

100,0 %

105 701

4,1 %

Kjelde: SSB og NILF. Statistikken viser talet på sysselsette personer, ikkje årsverk. Under matindustrien er fiskevarebransjen utelaten.

Robust og effektivt landbruk

For å nå målet om eit robust og effektivt landbruk med m.a. auka matproduksjon, må produksjonsgrunnlaget (areal og struktur) vere innretta på ein teneleg måte. I 2012 hadde over halvparten (61 pst.) av jordbruksverksemdene mellom 100 og 499 dekar jordbruksareal i drift viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Om lag 8 pst. av jordbruksverksemdene hadde meir enn 500 dekar jordbruksareal i drift. Frå 2009 til 2012 har jordbruksverksemder med mellom 100 og 199 dekar jordbruksareal i drift hatt størst nedgang (1 363 frå 2009 til 2012), mens talet på jordbruksverksemder med meir enn 500 dekar jordbruksareal i drift fortset å auke (315 frå 2009 til 2012). I år 2000 hadde 2,5 pst. av jordbruksverksemdene meir enn 500 dekar jordbruksareal i drift og i 2012 var dette talet i overkant av 8 pst.

Om lag 69 pst. av jordbruksverksemdene ligg i ulike former for byregionar. Vidare viser tala størst del jordbruksverksemder i småbyregionar (26 pst.) og minst del i område for spreidd busetnad (9 pst.). Tala for småbyregionar viser også at desse områda hadde flest dekar jordbruksareal i drift (om lag 2,6 mill. dekar) og mest leigd jordbruksareal i drift (i overkant av 1,1 mill. dekar).

Figur 5.2 Jordbruksverksemder etter jordbruksareal i drift. År 2012.

Figur 5.2 Jordbruksverksemder etter jordbruksareal i drift. År 2012.

Kjelde: SSB

Det er i dag eit stort omfang av leigejord. Over halvparten av jordbruksverksemdene driv landbruksproduksjon både med leigd og eigd jordbruksareal. Om lag 31 pst. av jordbruksverksemdene driv produksjonen berre på jordbruksareal som er eigd av verksemdene. 8 pst. driv landbruksproduksjon berre med jordbruksareal som er leigd, sjå Figur 5.2 som viser jordbruksverksemdene fordelte etter jordbruksarealet i drift.

Det eigde jordbruksarealet i drift på jordbruksverksemdene var i overkant av 5,6 mill. dekar i 2012. Det leigde jordbruksarealet var på 4,2 mill. dekar. Gjennomsnittsarealet i drift per jordbruksverksemd har auka frå 216 i 2010 til 221 i 2012 (fordelt på 126 dekar eigd areal og 95 dekar leigd areal). Av jordbruksarealet i drift var totalt 43 pst. leigejord i 2012.

Regjeringa vil leggje til rette for ein variert eigedomsstruktur der bonden sin rett til å disponere over eigen eigedom er i tråd med eigne val og prioriteringar. I 2012 var det registrert om lag 186 700 landbrukseigedommar i landbruksregisteret. Dette er landbrukseigedommar som består av minst 5 dekar jordbruksareal, og/eller minst 25 dekar produktiv skog. Mange av eigedommane har lite jordbruksareal, viser ei gruppering av landbrukseigedommar etter storleiken på det eigde jordbruksarealet. Hovudtyngda (71 pst.) av eigedommane hadde mellom 5 og 100 dekar eigd jordbruksareal. Desse tala viser omtrent same fordeling som i 2010. Om lag 17 pst. hadde over 100 og under 500 dekar eigd jordbruksareal. Litt under éin pst. hadde eigd jordbruksareal på 500 dekar og meir. 7 pst. av eigedommane var registrert utan eigd jordbruksareal.

Tal frå KOSTRA i 2013 viser at om lag 14 pst. av dei som søkte om samtykke til å dele ein landbrukseigedom, ønskte å selje jorda som tilleggsjord til annen landbrukseigedom dvs. at areal frå 555 eigedommar blei fordelt som tilleggsjord til annan landbrukseigedom i 2013. Tala frå 2009–2011 viser ein prosentfordeling på om lag 11 pst. og 12 pst. for året 2012.

Av dei 186 700 registrerte landbrukseigedommane har 165 270 eigedommar (89 pst.) minst 5 dekar eigd jordbruksareal. Av desse har om lag 50 pst. av landbrukseigedommane jordbruksareal som berre blir drive ved bortleige. Dette jordbruksarealet er det andre enn eigar av jorda som driv. Om lag 23 pst. av eigedommane blir drive berre ved hjelp av eige jordbruksareal der eigaren sjølv også er brukar av arealet, sjå Figur 5.3 som viser landbrukseigedommar med minst 5 dekar eigd jordbruksareal etter arealbruk.

Figur 5.3 Landbrukseigedommar med minst  5 dekar eigd jordbruksareal. År 2012.

Figur 5.3 Landbrukseigedommar med minst 5 dekar eigd jordbruksareal. År 2012.

Kjelde: SSB Landbrukseigedommar

Om landbrukseigedommane med minst 5 dekar eigd jordbruksareal blir fordelte etter BA-sentralitet, viser tala frå SSB at 66 pst. av landbrukseigedommane ligg i ulike former for byregionar. Vidare viser tala størst del eigedommar i småbyregionar (28 pst.) og minst del i område for spreidd busetnad (11 pst.). Tala for småbyregionar viser også at desse områda hadde flest eigedommar med jordbruksareal som berre blir drive ved bortleige (der andre enn eigar driv jorda) (14 pst.) og flest eigedommar der eigar sjølv også er brukar av areala (6 pst.). Blant regionane var det også småbyregionane som hadde flest landbrukseigedommar utan registrert jordbruksaktivitet i 2012.

Investeringsbehovet i landbruket er stort. Innanfor det tradisjonelle landbruket er det særskilt behov for modernisering av driftsapparatet og investeringar for å auke effektiviseringa av produksjonen. Dette kombinert med auka investeringskostnader for bygningar og generell prisvekst gjer det nødvendig å ha merksemd på det framtidige investeringsbehovet i næringa for å oppnå ein effektivt og robust landbruksproduksjon.

Investeringsvolumet nådde sit lågaste nivå i 2002 etter opptrappinga på 1970-talet. Fram til 2006 auka investeringsvolumet, og har sidan det vore på om lag same nivå. Samla bruttoinvesteringar i jordbruket var i følgje Totalkalkylen for jordbruket på om lag 7,3 mill. kroner i 2013.

Tabell 5.2 Gjennomsnittleg bruttoinvestering per bruk innanfor driftsgranskingane i jordbruket 2012 fordelt på regionar

(1 000 kroner)

Regionar

Bruttoinvestering per bruk

Austlandet

Flatbygder

332,4

Andre bygder

286,0

Agder og Rogaland

Jæren

427,8

Andre bygder

210,9

Vestlandet

197,7

Trøndelag

Flatbygder

285,6

Andre bygder

372,2

Nord-Noreg

384,3

Tabell 5.2 gir ei oversikt over gjennomsnittleg bruttoinvestering per bruk innanfor driftsgranskingane i jordbruket for 2012 fordelt på regionar (for 2012 omfattar driftsgranskingane i jordbruket 870 enkeltbruk). Ettersom tala baserer seg på alle deltakarar i driftsgranskingane, vil det innanfor kvar region også vere bruk som ikkje investerte i 2012. Talet for investeringsnivå må difor sjåast i lys av dette. Storleiken på investeringsnivået for det enkelte bruk vil elles m.a. vere avhengig av produksjonstype og bruksstorleik. Med utgangspunkt i tal frå driftsgranskingane finn ein dei største bruttoinvesteringane per bruk på Jæren, mens Vestlandet har noko lågare gjennomsnittleg investeringsnivå enn dei andre regionane.

Dei største investeringane blir gjort i driftsbygningar. I SSB si landbruksundersøking frå 2012 er det berekna at om lag 15 pst. av jordbruksbedriftene investerte i driftsbygningar i 2011. Gjennomsnittleg investert beløp per bruk for desse var på 531 000 kroner. Vestlandet hadde lågast del jordbruksbedrifter som investerte i driftsbygningar i 2011 med 11 pst.

For eit robust og effektivt jordbruk er det viktig å få tilgang til nye plantesortar som kan gi meir avling, som er meir motstandsdyktige mot skadegjerarar, og som er betre tilpassa dei ulike formene for dyrking og dyrkingsforhold. I nokre tilfelle gir nye plantesortar også avling av betre kvalitet. Å dyrke fleire plantesortar er også positivt for biologisk mangfald, mellom anna fordi det sikrar ein breiare genetisk basis i moderne plantesortar. I 2013 blei ti nye plantesortar som er foredla for norske forhold godkjent for norsk sortsliste.

Ei økologisk og økonomisk berekraftig reindrift

Regjeringa vil sikre økonomisk berekraft i reindrifta gjennom auka slakteuttak og betre lønsemd. Tilgangen på slaktedyr er avhengig av kalvetilgangen, tap av dyr og kor mange dyr reineigaren set til livdyr. Slaktevolumet dei tre siste åra har gått ned samanlikna med det svært høge slaktevolumet i 2010. I 2013 var uttaket 68 722 rein på listeførde slakteri mot 64 360 rein i 2012. I 2010 var uttaket på 80 855. Dette utgjorde 1 515 tonn i 2013, 1 455 tonn i 2012 og 1 764 tonn i 2010. Slaktevektene for alle dyrekategoriane har blitt reduserte frå driftsåret 2011/2012 til 2012/2013. Gjennomsnittleg slaktevekt på okse 1-2 år er redusert frå 28,1 kg til 27,8 kg, simler eldre enn to år er redusert frå 29,9 kg til 29,1 kg og slaktevekta på kalv er redusert frå 19,3 kg til 18,8 kg.

Produktivitet samanlikna med talet på rein kan fortelje mykje om korleis tilpassinga mellom rein og beite er i eit område. Ein høg totalproduksjon per livrein vil ofte innebere god kalvetilgang, lite tap og gode slaktevekter. Totalproduksjonen per livrein varierer mykje mellom reinbeiteområda og mellom distrikta i det enkelte område. Sidan driftsåret 09/10 er den samla produksjonen redusert frå 8,0 kg per livrein til 5,4 kg per livrein.

Tal frå totalkalkylen for reindrifta viser ein nedgang i resultatoppnåinga dei siste åra. Reduksjonen skuldast i hovudsak ein nedgang i kjøttinntektene grunna ein reduksjon i produsentprisen og redusert slakteuttak. I tillegg har det vore ein vesentleg auke i kostnadene dei siste åra. Vederlaget for arbeid og eigenkapital blei redusert frå 136 mill. kroner i 2011 til 90 mill. kroner i 2012. Målt per årsverk er vederlaget til arbeid og eigenkapital redusert frå 126 560 kroner i 2011 til 85 700 kroner i 2012, og målt per siidaandel er vederlaget til arbeid og eigenkapital redusert frå 221 203 kroner i 2011 til 141 957 kroner i 2012.

6 Hovudmål: Auka verdiskaping

Konkurransedyktig råvareproduksjon og næringsmiddelindustri

Landbrukspolitikken skal leggje til rette for ein kostnadseffektiv matproduksjon. Regjeringa vil styrkje landbruket gjennom forenkling av lover, reglar og støtteordningar og sikre landbruket føreseielege rammevilkår som kan bidra til at næringa si samla lønsemd kan bli betre i åra som kjem.

Det siste tiåret har samla produksjonsvolum i jordbruket auka med om lag 3 pst. Produksjonen av husdyrprodukt har auka med om lag 8,5 pst., mens produksjonen av planteprodukt har falt med 12 pst. Det er særleg det kraftfôrbaserte husdyrhaldet som har auka, under dette fjørfekjøtt med 105,5 pst. i perioden, jf. Figur 6.1. For det grovfôrbaserte husdyrhaldet er det nedgang i nesten alle produksjonane, med unntak av produksjon av kumjølk som er stabil. Produksjonen av fjørfekjøtt, saue- og lammekjøtt samt geitemjølk er redusert med 9 til 10 pst.

Produksjonen har også falle for korn, frukt, poteter, bær, grønsaker og blomar det siste tiåret. For korn er dette grunna både redusert areal og svak utvikling i avling knytt til dårleg vêr. Produksjonen av grønsaker er redusert med 2 pst., og fruktproduksjonen er redusert med om lag 7,5 pst. I grøntsektoren har marknadsforholda vore ustabile både grunna nasjonale forhold og importkonkurranse. Årsaka til redusert produksjon av blomar er særleg at snittblomar mister marknadsdelar til import. Samla sett er det marknadsmoglegheiter for auka planteproduksjon.

Figur 6.1 Endring i produksjonsvolum frå 2005 til 2014, i følgje normalisert rekneskap.

Figur 6.1 Endring i produksjonsvolum frå 2005 til 2014, i følgje normalisert rekneskap.

Kjelde: Budsjettnemnda for jordbruket

Hovudinntrykket er at for produksjonar med vekst, så kjem veksten i meir sentrale område. Produksjonen elles flyttar seg i mindre grad. Endringar i den geografiske fordelinga må bli sett i samanheng med produksjonsutviklinga. Den sterke produksjonsauken av kylling har først og fremst komme i Trøndelag, Rogaland og på Austlandet. Det har likevel også vore vekst i kyllingproduksjonen i område med mindre produksjon. I Nord-Noreg blir det ikkje produsert fjørfekjøtt. I Trøndelag har eggproduksjonen auka betydeleg, mens den har vore relativt stabil i andre område. Veksten i produksjon av grønsaker på friland har komme på Austlandet. Veksten i svinekjøttproduksjonen har i størst grad komme i Rogaland, men også i Nord-Noreg har produksjonen auka noko. For utvikling i geografisk fordeling innan grasbaserte produksjonar, sjå rapporteringa under hovudmålet Landbruk over heile landet.

I følgje Nasjonalrekneskapen var bruttoproduktet i jordbruk og skogbruk i faste 2005-prisar 14,7 mrd. kroner i 2013. Dette inneber ein auke på 1,2 pst. frå 2012. Produktivitetsveksten i jordbruket er høg. Jordbrukssektoren har dei siste 10 åra hatt ein vekst i brutto arbeidsproduktivitet på 4,6 pst. per år. Talgrunnlaget indikerer at produktivitetsveksten har vore mindre dei siste åra enn tidlegare i perioden. Tilsvarande produktivitetsmål for norsk industri (bruttoprodukt per timeverk) viser ein gjennomsnittleg årleg vekst på 2 ½ pst. dei siste ti åra, i følgje det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera. Gjennomsnittleg vekst i Fastlands-Noreg var 1,4 pst.

Regjeringa vil sikre landbruket føreseielege rammevilkår som kan bidra til at næringa si samla lønsemd kan bli betre i åra som kjem. Det er avgjerande at utøvarane i landbruket skal kunne ha ei inntektsutvikling og sosiale vilkår på line med andre grupper. Innanfor desse rammevilkåra har utøvarane i landbruket, som sjølvstendige næringsdrivande, sjølve ansvar for si eiga inntekt. Regjeringa vil styrkje bruk som har ressursgrunnlag til å vere heiltidsbruk. På knapt halvparten av bruka blir det utført meir enn eitt årsverk, og desse bruka står for meir enn 80 pst. av produksjonen.

Frå 2012 til 2014 har bruttoinntektene i jordbruket auka med 2,3 mrd. kroner, mens kostnadene, inkludert realrentekostnaden, har auka med 1,6 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 er det berekna ein auke i vederlag til arbeid og eigenkapital på 2,4 pst., eller 6 700 kroner per årsverk. Frå 2013 til 2014 blir det budsjettert med ein auke på 7,5 pst., tilsvarande 21 400 kroner per årsverk.

Departementet vil føre vidare arbeidet med forenkling av dei landbruks- og matpolitiske verkemidla. Det er gjennom mange år gjennomført endringar av større og mindre karakter i systema og rutinane for å følgje opp endringar i regelverket for tilskottsordningane. IKT-løysingane skal bidra til ein enklare kvardag både for innbyggjarar og næringsdrivande, og bidra til ei effektiv forvaltning. Det er lagt ned ein stor ressursinnsats på IKT-området i Landbruksdirektoratet dei siste åra for å gjere det enklare for bønder, skogeigarar og næringsmiddelindustri å kommunisere med verksemda. Denne satsinga har også gjort det mogleg for fylkesmannen og kommunane å forvalte dei landbrukspolitiske verkemidla meir effektivt. Stadig fleire av tenestene til Landbruksdirektoratet har blitt gjort tilgjengelege digitalt. Ei ny systemløysing for Regionale miljøprogram blei etter eit omfattande utviklingsarbeid teke i bruk hausten 2013. Løysinga har gjort det enklare for dei næringsdrivande å søkje om tilskott og har effektivisert sakshandsaminga av søknadene.

Som oppfølging av Meld. St. 9 (2011–2012) Landbruks- og matpolitikken er det gjort endringar i odelslova, jordlova og det er vedteke ei ny jordskiftelov. Endringane i jordlova gjer det enklare å få samtykke til å dele frå areal som skal brukast som tilleggsjord, og å dele frå tomter til bustadformål. Endringane i odelslova styrkjer odelsretten til dei som har odelsrett, og frigjer ressursar i dei offentlege organa som no ikkje lenger handsamar søknader om odelsfrigjering. Den nye jordskiftelova erstattar jordskiftelova av 1979. Lova vil vere ein viktig reiskap i arbeidet til jordskifterettane har med å skape meir tenlege og nyttige eigedommar, og løyse tvistar om grenser og rettar på fast eigedom. Det har også vore endringar i reindriftslova, der hensikta er å få ei meir oversiktleg og effektiv forvaltning.

Lønsam utnytting av dei samla ressursane på garden

Det er heilt sentralt for landbruks- og matpolitikken at dei ulike verkemidla bidreg til lønsam utnytting av dei samla ressursane på garden.

Dei fleste bedriftsretta verkemidla over Landbrukets utviklingsfond (LUF) er forvalta av Innovasjon Noreg, der måla om fleire gode gründerar, fleire vekstkraftige bedrifter og fleire innovative næringsmiljø er sentrale. Samstundes er det viktig å vere klar over at dei offentlege verkemidla verkar saman med fleire andre faktorar, og det er difor svært krevjande å måle utvikling i lønsemd, produktivitet og omsetnad som følgje av tildelingar. Ettersom dei fleste landbrukskundane hos Innovasjon Noreg er enkeltpersonforetak eller personkundar, er det soleis ikkje tilgjengeleg rekneskapstal på same måten som for aksjeselskap. Dette gjeld særskilt for mottakarar av BU-midlar. Departementet vil i samarbeid med Innovasjon Noreg jobbe vidare med korleis å få ei betre resultat- og effektmåling av dei bedriftsretta verkemidla som Innovasjon Noreg forvaltar på landbruksområdet.

Tilgang til investeringsverkemidlar er ein viktig føresetnad for fornying av produksjonsapparatet i landbruket og framtidig vekst og utviking i landbruksbaserte næringar. BU-midlane er Landbruks- og matdepartementets viktigaste verkemiddel for å fremje investeringstiltak i landbruket. Det er det stor etterspørsel etter investeringsverkemiddel, og det er nødvendig å gjere ei omfattande siling av prosjekta på kommunenivå i forkant for å utnytte rammene best mogleg. Knapt 80 pst. av tilskottsmidlane og over 90 pst. av låneramma for rentestøtte går til fornying av produksjonsanlegg for tradisjonelt landbruk, dvs. knytt til delmålet om vekst i bedrifter. Ein betydeleg del av dei vel 20 pst. som går til bygdenæringar er knytt til delmål om fleire gode gründerar. Innanfor Utviklingsprogrammet for lokalmat og grønt reiseliv er etterspørselen etter vekstkapital og tilskott til forpliktande nettverk dobla får 2012 til 2013. Ei rekneskapsanalyse gjennomført av Innovasjon Noreg blant matbedrifter organiserte som aksjeselskap som har fått finansiering over programmet dei siste sju åra, viser ein auke i resultat før skatt på om lag 700 pst. Ei undersøking blant bedrifter som fekk vekststøtte i 2009, viser ein omsetnadsauke frå 10 til 35 pst. per år. Innovasjonsnivået på prosjekta ligg nokså stabilt, og er for dei fleste av verkemidla på landbruksområdet hovudsakleg knytt til innovasjon på bedriftsnivå. For Trebasert innovasjonsprogram ligg delen innovasjon på eit høgt nivå nasjonalt og internasjonalt. Det er også ein høg grad av addisjonalitet på dei ulike ordningane, dvs. at ordningane blir sett på som utløysande for at prosjekta har blitt realiserte.

Bygdenæringar er ein felleskarakteristikk på all næringsverksemd utanom tradisjonelt landbruk med basis i ressursane i landbruket. Driftsgranskingane til Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF) er ei viktig kjelde til kunnskap om utvikling og lønsemd innanfor bygdenæringane. Av dei 870 bruka som var med i driftsgranskingane i 2012 hadde 83 pst. omsetnad i bygdenæringar, ein auke på 2 pst. frå 2011. 59 pst. av bruka hadde ein omsetnad på over 20 000 kroner. Gjennomsnittleg omsetnad på bygdenæringar per bruk i utvalet var 185 500 kroner, ein auke på 12 400 kroner frå 2011. Gjennomsnittleg overskott frå bygdenæringar utgjorde 6 pst. av samla inntening. Prosentdelen bruk med tilleggsnæring av vesentleg omfang var størst på Austlandet og minst på Vestlandet og i Nord-Noreg. Tilleggsnæringane spelte minst rolle i Nord-Noreg, med 4 pst. av total inntening, og størst i Agder og Rogaland, utanom Jæren, med 11 pst. Det er større driftsoverskott blant dei bruka som driv med tenesteyting enn med vareproduksjon. Driftsgranskingane viser likevel at bidraget frå bygdenæringane til familieøkonomien samla sett er lite. Det er krevjande å få god statistikk over utviklinga innanfor bygdenæringane. Departementet vil jobbe vidare med sikte på å utvikle et betre system for resultatmåling på området.

Landbruks- og matdepartementet støtta i perioden 2008–2013 eit femårig inkubatorprogram for mat- og naturbaserte næringar i regi av Innovasjon Noreg og Selskapet for industrivekst SF (SIVA). Formålet har mellom anna vore å prøve ut inkubasjon i landbruks- og matsektoren. Inkubatorane skal vere ei fødestove for nye bedrifter, og gjennom deltaking i satsinga får gründerar tett oppfølgjing av personar med lang erfaring frå etablering av nye bedrifter. Om lag 110 nyetablerte bedrifter har delteke i satsinga. Nordlandsforskning har evaluert programmet og konkludert med at satsinga har gitt gode resultat.

Berekraftig skogbruk og konkurransedyktige skog- og trebaserte verdikjeder

Skogbruket og trebasert industri hadde ein samla omsetnad på 43 mrd. kroner og skogindustrien sysselsette i underkant av 17 000 årsverk i 2012. Bruttoproduktet for skogbruket og tenester knytt til skogbruket var på mest 4,6 mrd. kroner og sysselsette rundt 6 800 årsverk i 2012. Totalt var om lag 24 000 årsverk sysselsett i skognæringa. Skognæringa sin del av brutto nasjonalprodukt (BNP) for Fastlands-Noreg var på rundt 0,5 pst. i 2012. Verdiskapinga i trelast- og trevareindustrien, med unntak av møblar, held seg betre oppe enn i treforedlingsindustrien og utgjer rundt 48 pst. av skognæringsverksemda i skogsektoren.

Noreg eksporterte tømmer og trebaserte varer, for det meste papirvarer og cellulose, til ein verdi av litt over 10 mrd. kroner i 2012. Dette var ein nedgang på nær 1,7 mrd. kroner frå 2011, noko som skuldast nedbygging av papir- og celluloseindustrien i Noreg.

I 2013 blei det eksportert om lag 2,6 mill. m3 tømmer, fordelt på rundt 1,85 mill. m3 massevirke og 0,78 mill. m3 sagtømmer. Dette var over 1 mill. m3 meir enn i 2012 og det høgaste eksportkvantumet av tømmer som er registrert dei siste 25 åra. Årsakene til dette er endringar i industristrukturen i Noreg, og etterspørsel etter tømmer og betalingsvilje for tømmer i marknaden.

Det blei totalt avverka om lag 9 mill. m3 tømmer for sal til industrien i 2013, det høgaste talet på fleire år. Hogsten er likevel under halvparten av den årlege nettotilveksten for all skog, som i perioden 2008–2012 var på 24 mill. m3.

Det blei sett ut 26,3 mill. skogplanter i 2013 på totalt 153 000 dekar. Dette er litt høgare enn året før og det høgaste plantetalet som er registrert dei siste ti åra. I 2013 blei areala med ungskogpleie, nyplanting og markbreiing på høvesvis 264 000 dekar, 153 000 dekar og 68 000 dekar, som er ein nedgang på 31 000 dekar (10,5 pst.) for ungskogspleie, ein auke på 2 400 dekar (1,6 pst.) for planting, og ein auke i markbreiing på 17 700 dekar (35,4 pst.) i forhold til 2012.

I 2013 blei det bygd 82 km nye skogsbilvegar og 195 km med nye traktorvegar. Same året blei det ombygd 314 km med eksisterande skogsbilvegar og 58 km med traktorvegar. I forhold til 2012, blei det bygd 11 pst. mindre nye skogsvegar, men ombygd nesten 20 pst. meir. For traktorvegar auka nybygginga litt, mens ombygginga blei redusert med over 25 pst. Totalt blei det ferdigstilt skogsvegar for 178 mill. kroner i 2013. Dette er rundt 5 mill. kroner meir enn i 2012. Offentlege tilskott dekte 63 mill. kroner av dei totale byggekostnadene.

7 Hovudmål: Berekraftig landbruk

Norsk landbruk forvaltar store delar av norsk natur gjennom jordbruk, skogbruk, reindrift og annan aktivitet. Landbruket skapar økonomiske verdiar, mat, trevirke og andre miljøgode av ulike slag. Kulturlandskapet er eit produkt av eit aktivt landbruk. For å sikre at befolkninga i dag og framtidige generasjonar har tilgang til nok og trygg mat, tømmer og treprodukt, energi og andre varer og tenester, må landbruket ha eit langsiktig perspektiv for vern og berekraftig bruk av areal og ressursgrunnlaget i landbruket. Gjennom metodar for berekraftig produksjon skal landbruket bidra til redusert forureining og utslepp av klimagassar, leggje til rette for auka binding av klimagassar og for nødvendig tilpassing av produksjonen til klimaforholda i framtida.

Ivareta landbruket sitt kulturlandskap

Det er eit mål å ta vare på og utvikle landbruket sitt kulturlandskap. I perioden 1999–2012 er det estimert ein reduksjon i totalt jordbruksareal på om lag 4 pst.

Landbruks- og matdepartementet samarbeidde med Klima- og miljødepartementet om 22 utvalde kulturlandskap i jordbruket i 2013, der oppgåvene har vore å ta vare på viktige miljøverdiar gjennom istandsetjing og skjøtsel. Til saman blei det løyvd 14 mill. kroner til satsinga i 2013. Det er inngått over 300 avtalar om skjøtsel, og meir enn 400 grunneigarar/drivarar har motteke tilskott frå satsinga.

Dyrka jord er ein grunnleggjande ressurs for å kunne produsere mat, og for å sikre matforsyninga både på kort og lang sikt. Det registrerte jordbruksarealet i drift i 2013 utgjorde 9,832 mill. dekar, ein nedgang på knapt 1 pst. frå året før.

Beiting i utmark er viktig for å ivareta kulturlandskap og for mange plante-, sopp- og dyreartar. Dei ulike dyreslaga har ulik innverknad på naturmangfaldet, og det er difor behov for at både storfe, geit og sau er på beite. Det har vore ein nedgang på 5 pst. i talet dyr på beite sidan 2000. I 2013 var det totalt om lag 2,2 mill. beitedyr i utmark Samanlikna med 2012 er dette ein auke for storfe, men ein svak reduksjon for sau og geit. 28 pst. av alle storfe gjekk på utmarksbeite i 2013.

Berekraftig bruk av og vern om landbruket sine areal og ressursgrunnlag

Omdisponering av areal

Det har vore eit mål å avgrense omdisponeringa av dyrka jord (fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite) til under 6 000 dekar per år. For 2013 viser KOSTRA-tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB) at det blei omdisponert 5 620 dekar dyrka jord til andre formål enn landbruk.

Talet på dekar godkjent nydyrka mark har hatt ein jamn auke gjennom fleire år. Etter eit par år med nedgang i areal godkjent nydyrka mark på landsbasis, auka godkjent nydyrka mark til 14 557 dekar i 2013. I alt blei 644 søknader handsama i 2013. Sidan 2007 er det nydyrka 15 163 dekar per år i snitt.

Tiltak for å avgrense forureining

Reduksjon av vassforureininga (avrenning av næringsstoff og plantevernmiddel) er viktig for at vatn skal oppnå god, økologisk tilstand, jf. Vassforskrifta. Trass i omfattande tiltaksgjennomføring i jordbruket over fleire år kan ein ikkje sjå tydelege forbetringar i sårbare vassdrag. I følgje Bioforsk har meir nedbør og ustabile vintrar gitt auka avrenning, noko som kan maskere effekten av tiltak som er sett i verk. Årlege tilskott til tiltak for å redusere vassforureininga frå jordbruket blir i hovudsak gitt gjennom regionale miljøprogram (RMP), der det viktigaste tiltaket er redusert jordarbeiding om hausten. Om lag 1,187 mill. dekar låg i stubb (inga haustpløying) hausten 2013, dette utgjorde om lag 40 pst. av kornarealet. Samanlikna med hausten 2012 er det i 2013 gjennomført tiltak på 10 pst. mindre del av kornarealet. Det er for tidleg i prosessen å rapportere på kva slags verknad dette har for betra status i vassførekomstar som følgje av tiltak som allereie er sette i gang. Ein føresetnad for ein målretta og effektiv verkemiddelbruk er at innsatsen blir sett inn på rett stad.

Salet av plantevernmiddel varierer mellom år mellom anna grunna klimatiske forhold. Det er difor vanskeleg å seie noko sikkert om risikoutviklinga på kort sikt. I dei siste åra har det vore ei dreiing mot bruk av preparat med lågare helse- og miljørisiko. Basert på omsetnad av plantevernmiddel, er berekna helserisiko for 2013 redusert til 79 pst. av 1996/97-nivå, og berekna miljørisiko redusert til 80 pst av 1996/97-nivå.

Økologisk jordbruksareal og husdyrproduksjon

Økologisk areal utgjorde 473 000 dekar i 2013, om lag 4,8 pst. av det totale jordbruksarealet (medrekna karensareal (areal under omlegging) er andelen 5,3 pst.). Areal i karens hadde ein sterk vekst frå 2007 til 2009, men har dei siste åra hatt ein tydeleg nedgang, noko som vil påverke veksten i økologisk drivne areal i åra som kjem. Husdyr i økologisk driftsform utgjer førebels ein liten del av det totale tal husdyr i Noreg. Frå 2012 til 2013 var det ein auke i talet på dyr som storfe, gris, geit og verpehøner. Tal på økologisk storfe utgjer 3,7 pst. av storfehaldet, mens sau og lam utgjer 4,7 pst.

Skogbruksplanlegging og miljøregistrering

I 2013 blei det avslutta og godkjent skogbruksplanar med miljøregistreringar (MiS) for om lag 2,3 mill. dekar skog. Fordi desse prosjekta går over fleire år svingar tala for ferdigstilte areal frå år til år, og det same vil utbetalingane gjere. Det økonomisk drivverdige skogarealet er på i underkant av 70 mill. dekar. I overkant av 80 pst. av dette arealet er kartlagd med MiS-registreringar. Det er no starta opp nye skogbruksplanprosjekt i område der det er miljøregistreringar frå tidlegare. Før eksisterande data blir ført vidare i nye planar, blir dei kvalitetssikra og reviderte. Det blir då vurdert om det er behov for nye miljøregistreringar.

Med grunnlag i skogbruksplanlegging med miljøregistreringar set skogeigarane til side livsmiljø der det blir teke særleg omsyn til miljøverdiane. I 2012 var det totalt sett til side meir enn 100 000 livsmiljø med eit samla areal på omkring 500 000–600 000 dekar. Denne miljøinnsatsen frå det private skogbruket sikrar god miljødokumentasjon og gode miljøomsyn i næringsverksemda og bidreg mellom anna til å redusere behovet for offentlege vernevedtak.

Delen av landbruket sine potensielle verdifulle genressursar som er sikra

Genmangfaldet innanfor landbruket er viktig for tilgangen til mat i verda og for at husdyr, matplanter og skogstre skal kunne tilpassast nye og endra dyrkings- og driftsforhold og nye krav til sluttprodukta. Å sikre berekraftig bruk og bevaring av gamle husdyrrasar, plantesortar og variasjonen innanfor artene av skogstre er naudsynt for at ikkje potensielt verdifulle genressursar skal gå tapt. Av dei 37 husdyrrasane som er rekna som nasjonale i Noreg er 19 i kategorien Kritisk trua i 2014. Fire av storferasane og tre hesterasar er blant desse. Ytterlegare 8 rasar blir rekna som Trua. Det er sett i verk tiltak som skal sikre dei trua og kritisk trua rasane for framtida. For dei store avlspopulasjonane ligg det føre tal for effektiv populasjonsstorleik, som gjer greie for talet på dyr som bidreg med gen i neste generasjon. Ein effektiv populasjonsstorleik på over 100 blir rekna for å vere berekraftig. For 2013 er dette talet for NRF 212, norsk kvit sau 91, spælsau 200, norsk sjeviot 68, norsk mjølkegeit 98 og for norsk landsvin 119.

I 2013 blei det totalt teke opp 9 bevaringsverdige eldre plantesortar på den norske sortslista. Det er også oppretta bruksgenbankar for gamle sortar innan korn og potet, der interesserte bønder kan få materiell for utprøving. Nasjonalt er det etablert 22 klonsamlingar for grønsaker, poteter, urter, frukt, bær, staudar og roser. Noreg samarbeider med dei andre nordiske landa om nordisk genbank for frø som ligg til Nordisk genressurssenter (NordGen) under Nordisk ministerråd.

I upløgde og permanente enger har viktige engvekstar fått utvikle seg over lang tid og tilpassa seg til klima og andre vekstvilkår. Dette har resultert i stor genetisk variasjon i viktige eigenskapar. Det er 501 slike in situ bevaringslokalitetar med genressursar i kulturlandskap som blir halde ved like etter skjøtselsplan og avtalar. Brorparten av engene inngår i Handlingsplan for slåttenger hos Direktoratet for naturforvaltning. Dei andre er stort sett resultat av initiativ i fylke der ymse støtteordningar bidreg til at tradisjonell skjøtsel og drift held fram.

Innanfor skogbruket er gran det treslaget som er best karakterisert genetisk. Per 31.12.2013 var 3176 individ utprøvd i skogplanteforedlinga på gran. Desse dannar grunnlaget for å velge ut dei beste individa for produksjon av foredla frø i frøplantasjar, og velge ut neste generasjon foredlingspopulasjon, jf. målsetjingar i Strategi for skogplanteforedling 2010–2040. For å bevare genetiske ressursar in-situ, er det oppretta genressursreservat for skog i nokre verneområde. Desse bidreg til å sikre den potensielle tilgangen til genetisk materiale frå ulike klima og veksestadar. Det er oppretta 23 genressursreservat for skog, som omfattar 10 ulike treslag (under dette alm, ask, barlind, bøk, kristtorn, lind, sommareik, spisslønn, vintereik og gran).

Svalbard globale frøhvelv er i dag det største sikkerheitslageret i verda for biologisk mangfald innanfor vekstar og er eit norsk tiltak av stor verdi for den globale matforsyninga. Dette spesialbygde fryselageret husar sikkerheitskopiar av frø frå nasjonale og internasjonale frøsamlingar. Ved slutten av 2013 har i alt 56 institusjonar til saman deponert 801 000 frøprøvar i frøhvelvet. Det var ein auke i samlinga på 4 pst. frå 2012. 1/3 av alt mangfaldet av matplanter som i følgje FNs organisasjon for ernæring og landbruk (FAO) ligg lagra i frøsamlingar verda over er med dette sikra i Svalbard globale frøhvelv.

God agronomi

God agronomi vil kunne medverke til auka husdyrproduksjon og avling, og kan og gi betre kvalitet i produksjonen. Auka kunnskap knytt til betre agronomi, klimatilpassingar og miljøomsyn hos den enkelte bonde og i heile apparatet rundt norsk matproduksjon er nødvendig for å nå måla som regjeringa set for berekraftig produksjon av nok og trygg mat, og for å kunne auke den landbaserte produksjonen av mat i tråd med etterspørselen til den veksande befolkninga. Kompetanseauken på desse områda blir kombinert med auka kunnskap om korleis klimagassutslepp, som følgje av matproduksjon, kan haldast så låge som mogleg.

Forsking på matområdet har hatt høg prioritet i Landbruks- og matdepartementet, noko som blir reflektert i forskingsløyvingane. Berekningar frå Noregs forskingsråd syner at løyvingane frå departementet retta mot matområdet har lege på omkring det same høge nivået dei siste tre åra. Kvaliteten på forskinga er generelt god, og Noreg ligg i den internasjonale kunnskapsfronten på enkelte område, til dømes innanfor avl, teknologiutvikling og reduksjon av klimagassar. Gjennom løyvingar til BIONÆR-programmet i Noregs forskingsråd har Landbruks- og matdepartementet støtta opp under nærings- og forvaltningsretta forsking knytt til den landbruksbaserte verdikjeda – frå råvareproduksjon og fram til forbrukar. Resultata frå forskinga skal komme til nytte både hos næringsutøvarar og forbrukarar.

God dyre- og plantehelse er avgjerande for berekraftig produksjon av trygg mat. Klimaendringar med auka fare for introduksjon av nye skadegjerarar og sjukdommar vil krevje ny kunnskap på dette området. Fleire prosjekt finansiert gjennom Noregs forskingsråd har støtta opp under forsking for å sikre god dyre- og plantehelse.

Innan området agronomi blei det lagt vekt på utfordringane norsk jordbruk står overfor knytt til forventningane om auka matproduksjon, oppretthalding av norsk sjølvbergingsgrad og landbruk i heile landet. Det blei starta opp eit stort prosjekt, AGROPRO. Prosjektet er eit samarbeid mellom NMBU og Bioforsk, med eit samla budsjett på 40 mill. kroner over 4 år.

Reduserte utslepp av klimagassar, auka lagring av karbon og gode klimatilpassingar

Tabell 7.1 Klimagassutslepp i landbruket fordelt på utsleppsområde og klimagassar

Klimagassar

Utslepp frå landbruket, mill. tonn CO2-ekv.

Totale utslepp, mill. tonn CO2-ekv

Landbruket sin del av dei totale utsleppa, pst.

2011

2012

2011

2012

2012

CO2 1

0,50

0,49

44,5

44,1

1

Lystgass (N2O)

2,3

2,3

3,2

3,2

72

Metan (CH4)

2,2

2,2

4,3

4,2

52

Totale utslepp

4,5

4,5

53,3

52,7

9

CO2-opptak skog og andre areal

27,7

26,7

-

-

1 CO2-utsleppa blir rapporterte under sektoren energi/transport

Karbonlagring i skog og jord

Regjeringa vil leggje større vekt på klimapolitiske mål i forvaltninga av norske skogar. Nettoopptaket av CO2 i skog var ved siste rapportering til Klimakonvensjonen på 30,7 mill. tonn CO2 ekvivalentar for 2012. Korrigert for dei andre arealkategoriane (mellom anna dyrka myr og åkerland) blir nettoopptak for skog og andre areal (LULUCF sektor) 26,7 mill. tonn CO2-ekvivalentar i 2012 (alle karbonlager – tilskoging, avskoging, arealbruksendringar, gjødsling, skogbrannar med vidare). Den samla klimaeffekten frå skogsektoren må vurderast ved å sjå netto skogopptak i samanheng med klimatenestene fornybart skogråstoff bidreg til ved substitusjon av fossile utslepp i form av trebruk i byggsektoren og bioenergi.

Netto karbonopptak i skog er eit resultat av forholdet mellom hogst og netto tilvekst. Sidan tømmerhogsten i Noreg har vore på eit temmeleg stabilt nivå rundt 10 mill. kubikkmeter årleg, har omfanget av forynging av skog mykje å seie for skogen sin tilvekst og karbonopptak. I 2013 blei det sett ut 26,3 mill. skogplanter over eit areal på 153 000 dekar. Dette er den høgaste planteaktiviteten som er registrert dei siste ti åra.

Omfang av bruk av tre i varige konstruksjonar

Tre som bygningsmateriale har klare miljømessige fortrinn, og Noreg har store uutnytta skogressursar. Bruk av tre legg grunnlaget for lokal og regional næring. Forbruket i 2013 var 0,51 kubikkmeter per person, ein liten nedgang sidan 2012. Tresatsinga til regjeringa blir forvalta av Innovasjon Noreg gjennom Trebasert Innovasjonsprogram. Programmet har gjennom fleire år hatt høg aktivitet og bidrege til utvikling av fleire store treprosjekt.

Produksjon og bruk av bioenergi

Landbrukssektoren er leverandør av råstoff til bioenergi til andre sektorar og brukar av bioenergi internt i næringa. Landbruks- og matdepartementet medverkar til auka produksjon og bruk av bioenergi. Bioenergiprogrammet gir mellom anna støtte til investering i gardsvarmeanlegg og anlegg for sal av biovarme. Programmet bidreg såleis til meir miljøvennlege energiløysingar både i landbruket og i andre sektorar. Støtta over bioenergiprogrammet utgjer under det halve samanlikna med elsertifikatordninga målt i kroner per kilowatttime. I 2013 blei det ein nedgang i energileveransar frå programmet i forhold til 2012, på om lag 10 pst, frå 30 GWh til 27 GWh. Det var først og fremst færre prosjekt innanfor området varmesalsanlegg. I programmet si levetid er det totalt etablert nær 1300 gardsvarmeanlegg, 25 anlegg i veksthus og 140 varmesalsanlegg.

Klimatilpassing

Klimaendringane vil påverke landbruket i stor grad, og vil mellom anna endre føresetnadene for planteproduksjon. God tilpassing til eit klima i endring blir viktig for å redusere sårbarheit og for å utnytte moglegheitene som følgjer med klimaendringane. Planteforedling er eit viktig tiltak for klimatilpassing, og departementet bidreg til å styrkje skogplanteforedlinga.

8 Ei effektiv landbruks- og matforvaltning

Landbruks- og matforvaltninga har samfunnsoppgåver som er viktige for enkeltmenneske og næringsliv over heile landet. Forvaltninga skal vere organisert slik at ho har god gjennomføringskraft, løyser sentrale oppgåver og legg til rette for auka verdiskaping i næringslivet.

Landbruks- og matforvaltninga har ein desentralisert struktur med arbeidsplassar over heile landet. Oppgåveløysinga er såleis fordelt mellom nasjonalt, regionalt og lokalt nivå. Landbruks- og matdepartementet har seks underliggjande verksemder, og skal setje mål og gi rammer, rettleie og følgje opp resultata i verksemdene i samsvar med gjeldande lover, reglar og politiske retningsliner. Direktorats- og tilsynsoppgåver er lagt til Mattilsynet og Landbruksdirektoratet (tidlegare Statens landbruksforvaltning og Statens reindriftsforvaltning). I dag ligg det fire forskingsinstitutt under Landbruks- og matepartementet, Veterinærinstituttet (VI), Bioforsk, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF) og Norsk institutt for skog og landskap. Frå 1.7.2015 vil dei tre sistnemnde institutta fusjonerast til eitt, sjå nærare omtale nedanfor. Institutta er organiserte som forvaltningsorgan med særskilt fullmakt. Sjå nærare omtale under kat. 15.10, 15.20 og 15.30.

Fylkesmannen har ansvar for oppfølging av nasjonal landbruks- og matpolitikk både regionalt og lokalt. Fylkesmannen forvaltar juridiske og økonomiske verkemiddel innanfor sektoren, og er pådrivar for utvikling innan landbruket. Fylkesmannen er administrativt underlagt Kommunal- og moderniseringsdepartementet, mens Landbruks- og matdepartementet har det faglege ansvaret for arbeidet til embeta på landbruks- og matområdet.

Fylkeskommunane har, gjennom rolla som regional utviklingsaktør på landbruks- og matområdet, ansvar for oppgåver innanfor verdiskaping, klima, samfunnsplanlegging, rekruttering og kompetanseheving i landbruket. Samarbeidet i dei regionale partnarskapa legg til rette for å styrkje utnyttinga og målrettinga av verkemidla innanfor landbruks- og matsektoren.

Innovasjon Noreg forvaltar bygdeutviklingsmidlar, programstøtte og rentestøtte til tradisjonelt landbruk og bygdenæringar. Innovasjon Noreg er organisert som eit særlovsselskap, og er eigd av staten ved Nærings- og fiskeridepartementet og fylkeskommunane i fellesskap. Selskapet utfører tenester for Landbruks- og matdepartementet med bakgrunn i dei føringane som blir gitt i det årlege oppdragsbrevet frå departementet.

Kommunane er førstelinestyresmakt for forvaltning av landbrukslovgivinga og dei fleste økonomiske verkemidla i landbruket, og har ei sentral rolle som nærings- og samfunnsutviklar. Finansiering av oppgåvene inngår i inntektssystemet for kommunane. Gjennom den regionale partnarskapen skal fylkeskommunane, fylkesmennene og Innovasjon Noreg styrkje kommunane sitt arbeid på landbruks- og matområdet.

Ei enkel og brukarvennleg forvaltning med god kvalitet

Regjeringa vil oppnå ein mest mogleg effektiv bruk av ressursane til fellesskapet. I forvaltningsarbeidet er det viktig at dei landbruks- og matpolitiske verkemidla blir utvikla på ein slik måte at dei blir enkle å bruke for næringsdrivande, forvaltninga og samfunnet elles, og arbeidet med å stadig finne moglegheiter for forenkling vil halde fram.

Forenkling

Forenkling er eitt av dei viktigaste satsingsområda til regjeringa. Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) er prosessdrivarar i eit større arbeid som har som mål å avdekkje såkalla tidstjuvar i statlege verksemder. Når tidstjuvane er identifiserte skal desse, om mogleg, fjernast frå arbeidskvardagen. Slike tidstjuvar handlar ofte om tid som går unødig med til ulike oppgåver og aktivitetar. Tidstjuvar kan ha opphav i forhold som verksemda og verksemdsleiinga sjølv rår over, som til dømes tungvinte arbeidsrutinar. Tidstjuvar kan også dukke opp grunna forhold som ein ikkje har kontroll over, som til dømes lover, regelverk, innrapporteringskrav og prosedyrar fastsette av andre styresmakter.

Landbruks- og matdepartementet vil arbeide for at dei digitale tenestene som forvaltninga og instituttsektoren tilbyr skal vere effektive, moderne, framtidsretta og tilpassa både næringsliv, organisasjonar, offentleg sektor og andre aktørar.

I dei underliggjande verksemdene til departementet blir det jobba med forenklingar. Mattilsynet har i 2013 lagt vekt på å forenkle regelverk og å forbetre prosessen med å utvikle regelverk, dette for å unngå unødige byrder og heller leggje til rette for effektivt tilsyn. Brukarperspektivet står sentralt i dette arbeidet. Utvikling av tilsynsmetodar som skal leggje til rette for auka effektivitet og produktivitet er sett i gang.

Innanfor forskrifts- og lovarbeid er det også pågåande arbeidsprosessar. Etter ein gjennomgang av nasjonale forskrifter er ti eldre forskrifter oppheva. Eitt anna døme er lov om erstatning for naturskade (naturskadeerstatningslova) som blei vedteke i Stortinget 16.6.2014, og som vil tre i kraft 1.1.2017. Lova inneber ei meir effektiv sakshandsaming av saker som gjeld naturskade. Det skal utviklast nytt IKT-system for ordninga der brukarvennlegheit vil stå sentralt.

Før sommaren la departementet fram eit framlegg til endringar i konsesjonslova for å oppheve priskontrollen innanfor landbrukseigedommar, jf. Prop. 124 L (2013–2014). Dette er eitt steg i arbeidet med å forenkle situasjonen for bønder som ønskjer å utvikle si eiga verksemd.

Ein politikk som set gjennomføringskraft og forenkling i høgsete må bli gjenspegla i jordbruksavtalen som regulerer sektoren. Jordbruksoppgjeret i 2014 kan vise til 26 konkrete forenklings- og strukturtiltak. Dette er første steg i ny retning innanfor jordbrukspolitikken, der målet er å gi dei som ønskjer å leve av garden på heiltid betre inntektsmoglegheiter og at det skal bli enklare å takle dei mange reguleringane i sektoren. Landbruket skal styrkast ved forenkling av lover, reglar og støtteordningar. Støttestrukturen er allereie forenkla, og arbeidet med dette vil fortsetje. Departementet vil gjennomgå konsesjonar, kvoteordningar og differensieringa av tilskottssatsane i jordbruket. Stortinget har også vedteke at det skal leggjast fram ei ny melding om landbrukspolitikken. Der vil forenkling og auka effektivitet i ressursbruken vere sentrale tema.

Organisasjonsendringar

Det har blitt utført og det ligg føre fleire større organisasjonsendringar som tiltak i arbeidet med å modernisere og effektivisere offentleg sektor. Frå 1.7.2014 var det nye Landbruksdirektoratet ein realitet. Direktoratet er eit resultat av ei samanslåing av Statens landbruksforvaltning og Statens reindriftsforvaltning. Etableringa av Landbruksdirektoratet er eit sentralt tiltak for å forenkle byråkratiet og gjere landbruksforvaltninga meir effektiv. Det nye direktoratet har fått forvaltningsansvaret for eit breitt spekter av fagområda innan landbrukssektoren, slik som jordbruk, reindrift, skogbruk og andre aktivitetar basert på ressursane i landbruket. Formålet med opprettinga av Landbruksdirektoratet er å leggje til rette for eit breiare fagleg miljø og å styrkje kompetansen i den framtidige forvaltninga av reindrifta og landbruket elles. Samstundes vil ein oppnå effektiviseringsgevinstar gjennom samanslåing av fellestenester.

Regjeringa har vedteke å slå saman Bioforsk, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking og Norsk institutt for skog og landskap frå 1.7.2015 til eitt institutt med hovudkontor på Ås. Formålet med fusjonen er å etablere eit fagleg og økonomisk robust forskings- og utviklingsmiljø. Meir ressursar skal brukast på utvikling av ny kunnskap, innovasjonsretta arbeid og forvaltningsstøtte, og mindre ressursar skal gå til administrasjon, drift og vedlikehald. Sjå omtale i innleiinga og under kat. 15.20.

Også i Mattilsynet skjer det organisasjonsendringar. For å leggje til rette for ei enklare, meir einskapleg og effektiv forvaltning sendte departementet ut eit høyringsnotat om ei endring av organisasjonsstrukturen til Mattilsynet. For å kunne endre organiseringa av Mattilsynet, der talet på organisatoriske nivå blir redusert frå tre til to, krev det ei endring av matlova. Endringa vil føre til meir robuste kompetansemiljø og leggje til rette for betre utnytting av ressursane. Sjå også omtale under kap. 1115.

Styring av underliggjande verksemder

Forvaltninga er eit verktøy for utøving av sektorpolitikk og tenesteyting, og denne skal vere brukartilpassa og formåls- og kostnadseffektiv. Landbruks- og matdepartementet har delegert mykje av gjennomføringa av politikk til underliggjande verksemder. Slik fridom er viktig for å kunne sikre handlekraft i underliggjande verksemder til å realisere sentrale mål. Samstundes er det viktig at departementet gir klare mål og tydelege prioriteringar i styringsdialogen med underliggjande verksemder.

På det administrative området legg departementet særleg vekt på at verksemdene skal utvikle den interne verksemdsstyringa, og at landbruks- og matforvaltninga oppfyller dei krava som økonomiregelverk i staten pålegg alle statlege verksemder. Departementet har difor merksemd på internkontroll og risikostyring i underliggjande verksemder.

Departementet har justert målstrukturen på landbruks- og matområdet, mellom anna gjennom ein reduksjon i talet på delmål. Prioriteringane skal vere tydelegare og rapporteringa skal gi viktig informasjon om samanhengen mellom mål og resultat. Målsystemet blir lagt til grunn for styringa i departementet og for styringsdialogen med dei underliggjande verksemdene som rapporterer til Landbruks- og matdepartementet. Departementet har identifisert og teke i bruk resultatindikatorar som kan seie noko om resultatoppnåinga i sektoren. I mange tilfelle vil samanhengane vere så komplekse at det ikkje blir fagleg rett å fokusere berre på enkelte og målbare resultatindikatorar. Slike resultatindikatorar må difor ofte supplerast med kvalitative analysar for å få fram eit dekkjande bilete av utviklinga.

IKT og digitalisering

Digitalisering av offentlege tenester og interne arbeidsprosessar er viktig for å fornye, forenkle og forbetre forvaltninga. Verksemdene i landbruks- og matsektoren skal tilby fleire og meir brukarretta digitale tenester. Digitale tenester bidreg til å gi ein enklare kvardag for innbyggjarar og næringsdrivande, samstundes som det legg til rette for at stat og kommune kan løyse oppgåvene meir effektivt. Vidare skal digitale tenester bidra til å skape grunnlag for verdiskaping, kvalitet i offentlege tenester, demokratisk deltaking og inkludering. Verksemdene skal arbeide for at digital kommunikasjon skal vere hovudregelen for kontakt med forvaltninga.

Målet til Landbruksdirektoratet er å tilby elektroniske tenester som er enkle og effektive for brukarane, og som skal gi mest mogleg effektiv og korrekt forvaltning. I tillegg er det viktig med høg informasjonstryggleik og data av god kvalitet. I 2013 søkte over 80 pst. elektronisk om produksjonstilskott. Dette førte igjen til at kommunane fekk 30 000 færre papirsøknader å handsame. Ein slik reduksjon i talet på søknader gjer at kommunane frigjer viktig tid til kjerneoppgåver. Søkjarane fekk også ein enklare jobb med forhandsutfylte grunnopplysningar og mindre risiko for feil. Eit anna viktig døme på effektiv og brukarretta teneste er det nye elektroniske systemet (eStil) for regionalt miljøprogram som er teke i bruk av forvaltning og brukarar. Søknadsskjemaet er understøtta av ei avansert elektronisk kartteneste for innteikning av tiltak det blir søkt om tilskott for. Karttenesta er den første i Noreg med slik funksjonalitet. Systemet er godt motteke av forvaltninga og 65 pst. av søkjarane leverte søknad elektronisk. Dette er 25 pst. fleire enn det som var sett som mål. Det er difor eit svært godt samsvar mellom mål og resultat.

Det er gjort tiltak for å auke bruken av elektroniske søknader i Statens reindriftforvaltning (SRF, no Landbrukdirektoratet). Ein overgang til elektronisk handsaming av søknader har effektivisert handsaminga av dei direkte tilskotta. I 2013 blei det sett i gang eit arbeid i verksemda med forbetring av innrapportering av tal frå slakteri. Dette er ferdig hausten 2014. For å bidra til auka forståing og tillit mellom forvaltninga og næringa, har SRF bidrege med informasjonsverksemd om aktuelle problemstillingar knytte til reindrift i møte med reinbeitedistrikta, Norske Reindriftssamers Landsforbund, andre offentlege institusjonar og andre som har interesse. Dette arbeidet vil halde fram i 2014.

IKT er ein nødvendig føresetnad for å utvikle betre og meir effektive tenester i Mattilsynet. I 2013 blei det utvikla eit målbilete for digitalisering av verksemda. Tilsynssystemet til Mattilsynet (MATS) står sentralt i arbeidet til verksemda. Det blir arbeidd kontinuerleg med å forbetre systemet. Målet er å leggje til rette for at brukarar får løyst oppgåvene sine i systemet på enklast mogleg måte. Dette vil vere eit viktig grunnlag for det vidare arbeidet med å effektivisere arbeidsprosessar og forbetre tenestetilbodet.

Mattilsynet lanserte i februar 2013 nye nettsider. Desse nettsidene skal medverke til dialog med brukarane og sikre effektiv oppgåveløysing for brukarane. Eitt døme på dette er kjæledyrkalkulatoren, som er ei hjelp til å finne fram i regelverk når ein skal reise over landegrensa med kjæledyr. Tenesta var den mest brukte på mattilsynet.no i 2013, med nærare 120 000 besøk.

Også institutta i landbruks- og matforvaltninga har merksemd på IKT og digitalisering, mellom anna i form av ulike varslingstenester, kalkulatorar og andre informasjonstenester.

Kommunikasjon med omverda

Landbruks- og matdepartementet skal bidra til offentleg merksemd på landbruks- og matpolitiske spørsmål og problemstillingar. Ny kunnskap og informasjon på aktuelle saksområde skal raskt gjerast lett tilgjengeleg mellom anna på nettsidene til departementet og i eit tett samarbeid med dei underliggjande verksemdene til departementet.

Departementet arbeider kontinuerleg med vidareutvikling av dei ulike kanalane for kommunikasjon, mellom anna nettsidene på www.regjeringen.no/lmd. Kvar dag får over 10 000 abonnentar på departementet si nyhendeteneste informasjon frå fag- og politikkområdet. Dette er ein vesentleg del av innsatsen for å presentere informasjon som skapar interesse, har høg truverde og aukar kunnskapen om landbruks- og matpolitikken. Saker på høyring og offentleg postjournal blir lagde ut på nettsida til departementet. Dette gir allmenta høve til å få informasjon og kunnskap om fag- og politikkområda til departementet.

Årsverk i landbruks- og matforvaltninga

Tabell 8.1 gir ei oversikt over utviklinga i årsverka i landbruks- og matforvaltninga. Forvaltningsorgan med særskilt fullmakt; Bioforsk, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF), Veterinærinstituttet og Norsk institutt for skog og landskap er også ein del av landbruks- og matforvaltninga. Desse verksemdene hentar delar av inntekta si frå oppdrag i marknaden, og vil såleis ikkje vere eigna til bli tekne med i årsverkoversikta under som gjeld forvaltningsverksemder som får inntekta si frå statlege løyvingar. For nærare omtale av forvaltningsorgan med særskilt fullmakt, sjå kategori 15.10, 15.20 og 15.30.

Tabell 8.1 Årsverkutvikling i den statlege landbruks- og matforvaltninga per 1.1. 2010–2014

2010

2011

2012

2013

2014

2010–2014, endring i pst.

Landbruks- og matdepartementet

159

153

148

144

148

-6,9

Mattilsynet

1 320

1 326

1 328

1 329

1 319

-0,1

Statens landbruksforvaltning

186

188

188

189

192

3,2

Statens reindriftsforvaltning

55

55

55

54

25

1

Fylkesmannens landbruksavdeling

336

333

326

322

314

-6,6

Fylkesmannen som regional reindriftsstyresmakt

32

1

Sum

2 056

2 055

2 045

2 038

2 030

-1,3

1 I samband med omorganiseringa av den statlege reindriftsforvaltninga i 2014 blei 32 årsverk overførte frå Statens reindriftsforvaltning til Fylkesmannen. Samla har den statlege reindriftsforvaltninga vakse med 2 årsverk, svarande til 3,6 pst., i perioden.

Fylkesmannen si landbruksavdeling blir finansiert over kap. 525 under Kommunal- og moderniseringsdepartementet, mens fylkesmannen som regional reindriftsstyresmakt blir finansiert over kap. 1147 i 2014 og 1142 i 2015. I tillegg til verksemdene i Tabell 8.1 er det også forvaltningsoppgåver på landbruks- og matområdet som er lagt til Innovasjon Noreg, som er finansiert over kap. 2421 under Nærings- og fiskeridepartementet, og til forskingsinstitutta under Landbruks- og matdepartementet, jf. kapitla 1112, 1137 og 1141.

Det var totalt 148 årsverk i Landbruks- og matdepartementet per 1.1.2014. Dette er ein reduksjon på 11 årsverk sidan 2010. Dei seinare åra har det vore ein auke i oppgåvemengda på det internasjonale arbeidet, arbeidet med klimautfordringar i sektoren og på matområdet. Departementet har effektivisert verksemda for å ta høgde for auka oppgåvemengde, samstundes som årsverka er reduserte.

Talet på årsverk i Mattilsynet har vore relativt stabilt dei siste åra, men frå 2013 til 2014 var det ein reduksjon på 10 årsverk.

Talet på årsverk i Statens landbruksforvaltning har vore stabilt. Det er lagt ned ein stor ressursinnsats på IKT-området i verksemda dei siste åra for å gjere det enklare for bønder, skogeigarar og næringsmiddelindustri å kommunisere med verksemda. Denne satsinga har også gjort det mogleg for Fylkesmannen og kommunane å forvalte dei landbrukspolitiske verkemidla meir effektivt.

Det har vore større endringar i organiseringa av den offentlege forvaltninga av reindrifta. Frå og med 1.1.2014 blei områdestyra avvikla og oppgåvene overførte til Fylkesmannen. Samstundes blei det gjennomført ei administrativ overføring av områdekontora til Fylkesmannen. Talet på årsverk ved hovudkontoret i Alta har vore stabilt sidan 2009.

Talet på årsverk i landbruksforvaltninga i kommunane har over fleire år gått ned. Kompetanse- og kapasitetssituasjonen på landbruks- og matområdet i kommunane blir følgt opp mellom anna gjennom dialogen med fylkesmennene. Departementet har også kartlagt utgiftsbehovet i kommunane på landbruks- og matområdet gjennom ei ekstern utgreiing, og inngått eit samarbeid med Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Klima- og miljødepartementet for å sjå korleis ein kan styrkje kompetanse og kapasitet i kommunane innanfor områda landbruk, miljø og plan.

Mattilsynet, Statens landbruksforvaltning, Statens reindriftsforvaltning, landbruksavdelinga hos Fylkesmannen og Fylkesmannen som regional reindriftsstyresmakt utgjer per 1.1.2014 til saman 1 882 årsverk. Av desse er om lag 78,2 pst. av årsverka lokaliserte utanfor Oslo, jf. Tabell 8.2. Forvaltninga av reindriftsoppgåver er ulikt organisert hos dei fem nordlegaste embeta.

Tabell 8.2 Årsverk, geografisk/fylkesvis fordeling for Mattilsynet, Statens landbruksforvaltning, Statens reindriftsforvaltning og fylkesmannen per 1.1.2014

Fylke

Mattilsynet1

Statens landbruksforvaltning

Statens reindriftsforvaltning

Fylkesmannen2

Oslo

218

192

Akershus

110

203

Østfold

45

15

Hedmark

120

23

Oppland

33

22

Buskerud

40

15

Vestfold

32

12

Telemark

29

15

Aust-Agder

13

12

Vest-Agder

13

13

Rogaland

135

25

Hordaland

91

19

Sogn- og Fjordane

38

18

Møre- og Romsdal

56

20

Sør-Trøndelag

85

24

Nord-Trøndelag

61

26

Nordland

108

26

Troms

43

17

Finnmark

49

25

25

Sum årsverk

1 319

192

25

347

1 Berekna årsverksfordeling er basert på registrert tidsbruk i 2013.

2 I hovudsak finansiert over kap. 525 Fylkesmannsembeta under Kommunal- og moderiniseringsdepartementet.

3 Eitt felles fylkesmannsembete for Oslo og Akershus.

I Tabell 8.3 og Tabell 8.4 er årsverka i Mattilsynet, Statens landbruksforvaltning, Statens reindriftsforvaltning og Fylkesmannen sine oppgåver på landbruksområdet splitta opp på ulike fagområde. Dei merkantile ressursane er fordelte på dei ulike fagområda. Det er skilt på dei fagområda Statens landbruksforvaltning, Statens reindriftsforvaltning og Fylkesmannen rapporterer på, og dei fagområda Mattilsynet rapporterer på. Bakgrunnen for dette er karaktertrekk ved oppgåvene, og at Mattilsynet har ansvaret for oppgåver frå fleire sektorar.

Tabell 8.3 Anslag for årsverk fordelt på fagområde for Statens landbruksforvaltning, Statens reindriftsforvaltning og fylkesmannen si landbruksavdeling og fylkesmannen som regional reindriftsstyresmakt per 1.1.20141

Fagområde

Statens landbruksforvaltning

Statens reindriftsforvaltning

Fylkesmannen

Sum årsverk

Areal- og samfunnsplanlegging

20

62

82

Miljøretta arbeid

14

45

59

Tradisjonelt jordbruk

74

91

165

Tilleggsnæring/anna næring

60

60

Omsetnad, marknadstiltak og importvern

74

74

Skogbruk

10

57

67

Reindrift

25

32

57

Sum årsverk

192

25

347

564

1 Fordelinga av årsverk på dei ulike fagområda baserer seg på den prosentvise fordelinga frå 2012.

Tabell 8.4 Årsverk per fagområde for Mattilsynet per 1.1.20141

Fagområde

Årsverk

Landbruk

398

Akvakultur og sjømat

174

Næringsmiddel

672

Internasjonalt arbeid og regelverksutvikling

75

Sum årsverk

1 319

1 Talfesta årsverksfordeling er basert på registrert tidsbruk i 2013. Mattilsynet sin mål- og tiltaksstruktur blei ikkje utvikla med tanke på å dokumentere tidsbruk på fagområde. Enkelte tiltak rettar seg difor mot fleire fagområde. I desse tilfella er aktiviteten ført til fagområdet som blir vurdert som mest aktuelt. Aktivitetar som ikkje direkte kan førast til fagområde, er fordelte forholdsmessig.

Innanfor fagområdet landbruk driv Mattilsynet mellom anna med tilsyn med plantehelse, dyrehelse, dyrevelferd, plantevernmiddel og fôr til landdyr, og med overvakingsprogram rundt dyrehelse. 30 pst. av årsverka i Mattilsynet er innretta mot dette fagområdet. Innanfor fagområdet akvakultur og sjømat driv Mattilsynet mellom anna tilsyn med sjømatverksemder, fiskehelse og fiskefôr, og overvakingsprogram rundt fiskehelse og sjømat.

Innanfor fagområdet næringsmiddel, med unntak av sjømat, driv Mattilsynet tilsyn retta mot mellom anna næringsmiddel, næringsmiddelindustri inkl. serveringsbedrifter og drikkevatn, og overvakingsprogram rundt zoonosar.

Gode system for samfunnstryggleik og beredskap

Landbruks- og matdepartementet har ansvar for samfunnstryggleik og beredskap i eigen sektor. Ansvaret er hovudsakleg knytt til matproduksjon og mattryggleik, sjå omtale under del II programkategori 15.10 Matpolitikk og kap. 1115 Mattilsynet. Landbruks- og matdepartementet er førebudd på å møte kriser i eigen sektor og på å yte bistand til andre departement i kriser som involverer fleire sektorar. Viktige element i arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap er å sikre personell og kritisk infrastruktur på best mogleg vis, slik at departementet og underliggjande verksemder i størst mogeleg grad kan drive si verksemd vidare, uavhengig av uønskte hendingar og kriser. Dette omfattar til dømes fysisk tryggleik, informasjonstryggleik og personelltryggleik. Arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap skal vere sporbart og integrert i departementet sitt planverk, styringssystem og i styringsdialogen med underliggjande verksemder.

Departementet legg vekt på høg leiarmerksemd i og styring av samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeidet. Ein overordna risiko- og sårbarheitsanalyse for departementet sitt myndigheitsområde inngår i departementet sitt arbeid med tryggleik og beredskap elles.

I styringsdialogen med underliggjande verksemder får arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap systematisk merksemd, mellom anna gjennom formidling av krav til områda i tildelingsbrev og i verksemdsinstruksane, og i den ordinære styringsdialogen.

Mattilsynet er ein beredskapsetat som ressursmessig og organisatorisk er utrusta til å handtere små og store hendingar. Handtering av reelle hendingar i tillegg til øvingar, dannar grunnlaget for kontinuerlege forbetringar i planverk og kompetanse. Mattilsynet samarbeider tett med andre beredskapsetatar og næringsaktørar, og med kunnskapsstøtteinstitusjonane når det gjeld fagleg rådgiving.

Mattilsynet skal alltid ha høg prioritet på beredskap retta mot mattryggleik og utbrott av alvorlege plante- og dyresjukdommar og zoonosar. Departementet forventar at Mattilsynet har høg merksemd på haldningar og kultur for risikoerkjenning, gjennomføringsevne, samhandling, IKT-utnytting og resultatorientert leiarskap. Beredskapsplanar skal justerast med jamne mellomrom, og dersom alvorlege hendingar oppstår.

I 2013 gjennomførte Mattilsynet i alt 50 beredskapsøvingar. Formålet med den nasjonale øvinga Stella Polaris var å vurdere evna til Mattilsynet til å handtere eit mogleg matbore utbrott. Sentrale element i øvinga var mellom anna å øve varslingsrutinar, kommunikasjon, pasientintervju, sporing av smittekjelde, og vurdering av prøvetaking og iverksetjing av tiltak.

Det blei ikkje sett nasjonal eller regional stab for noka hending i 2013, men forsterka line blei etablert for å handtere nokre hendingar.

Landbruksdirektoratet har også viktige beredskapsoppgåver innan samfunnstryggleik og beredskap. Dette omfattar handtering av hendingar og kriser innan matforsyning, skog, natur- og avlingsskadar. Beredskapsplanverket skal sørgje for at Landbruksdirektoratet er i stand til å oppretthalde sine funksjonar i ein krisesituasjon. Verksemda nyttar i stor grad IKT i forvaltninga, og ein viktig del av beredskapsplanverket er tiltak for å kunne handtere kritiske hendingar på IKT-området. Beredskapsplanverk er gjennomgått i 2013 og verksemda har gjennomført ei øving i å setje stab. Tidlegare Statens landbruksforvaltning deltok også i ei nasjonal varslingsøving, der målet var å øve offentlege etatars evne til å ta i mot, handsame og sende vidare varsel om truande hendingar.

9 Forsking, innovasjon og kompetanse skal bidra til at hovudmåla i landbruks- og matpolitikken blir nådde

Forsking og forskingsbasert innovasjon er eitt av dei viktigaste verkemidla for å nå hovudmåla i norsk landbruks- og matpolitikk – matsikkerheit, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk. Regjeringa legg difor til rette for ein kontinuerleg høg kunnskapsproduksjon. I denne rapporteringa vil innsats og resultat på utvalde område bli omtalt innanfor dei tre delmåla for landbruks- og matforskinga:

  • Målretta bruk av midlar til forsking og innovasjon

  • Kunnskap og kompetanse er tilgjengeleg for næring og forvaltning

  • Ein effektiv og robust instituttsektor i samspel med andre

Målretta bruk av midlar til forsking og innovasjon

Regjeringa ønskjer at løyvingane til forsking blir brukt mest mogleg målretta for å nå hovudmåla i landbruks- og matpolitikken.

Det er nødvendig med ein omfattande forskingsinnsats på matområdet for å nå måla som regjeringa set for berekraftig produksjon av nok og trygg mat, og for å kunne auke den landbaserte produksjonen av mat i tråd med etterspørselen til den veksande befolkninga. På sikt vil det vere eit særleg behov for å auke kunnskapen knytt til betre agronomi, klimatilpassingar og miljøomsyn, og forsking som fremjar auka innovasjon og konkurransekraft i næringsmiddelindustrien. Forsking på desse områda må kombinerast med auka kunnskap om korleis klimagassutslepp som følgje av matproduksjon, kan haldast så låge som mogleg.

Kvaliteten på forskinga er generelt god, og Noreg ligg i den internasjonale kunnskapsfronten på enkelte område, til dømes innanfor avl, teknologiutvikling og reduksjon av klimagassar.

Gjennom løyvingar til BIONÆR-programmet i Noregs forskingsråd har Landbruks- og matdepartementet støtta opp under nærings- og forvaltningsretta forsking knytt til den landbruksbaserte verdikjeda – frå råvareproduksjon til forbrukar. Resultata frå forskinga skal komme til nytte både hos næringsutøvarar og forbrukarar.

Matsikkerheit

Stortinget har sett seg som mål å auke den landbaserte produksjonen av mat i tråd med etterspørselen til den veksande befolkninga. Forsking på matområdet har høg prioritet i Landbruks- og matdepartementet, noko som blir reflektert i forskingsløyvingane. Berekningar frå Noregs forskingsråd syner at løyvingane frå departementet retta mot matområdet har lege på omkring det same høge nivået dei siste åra.

Sikre forbrukarane trygg mat

For å sikre at maten som kjem fram til forbrukar er trygg, er det avgjerande å sjå heile verdikjeda under eitt. Det er starta opp fleire prosjekt innan førebygging og overvaking av sjukdomsframkallande bakteriar. Det er mellom anna undersøkt korleis mikroorganismar reduserer haldbarheita av ulike næringsmiddel, og det er utvikla metodar som gjer det enklare å finne smittekjelda ved e.coli-utbrott. I tillegg har forskinga gitt oss auka kunnskap om korleis muggsopp dannar biofilm på produksjonsutstyr og i produksjonslokale. Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) og Nofima AS opna i 2013 eit nytt pilotanlegg for matvareprosessering på Campus Ås. Anlegget er finansiert gjennom Infrastrukturmidlar frå Noregs forskingsråd og vil vere sentralt i framtidige forskingsprosjekt knytt til mattryggleik.

Løyvingar frå Landbruks- og matdepartementet har finansiert forskingsprosjekt som har gitt auka forståing for korleis maten kan gjerast sunnare og meir haldbar, og kunnskap om kva som styrer matvala til forbrukarane. Forsking på dette området har mellom anna gitt kunnskap om korleis dyrkingsteknikk og lagringsforhold verkar inn på kvalitet og næringsinnhald i bær, frukt og grønsaker. Forskinga har også gitt kunnskap om korleis saltinnhaldet i omarbeidde matvarer kan reduserast. Vidare har ein nyutvikla kjølemetode gjort det mogleg å auke haldbarheita av ferskt kjøtt og fisk med fleire dagar, og ein ny type indikator gjer det mogleg med meir nøyaktig indikasjon på haldbarheit ved å måle både tida og temperaturen vara blir utsett for. Det blir også arbeidd med å utvikle eit enkelt og hendig instrument som kan brukast til rask screening av oksidasjon/harskning på mat. Dei sistnemnde prosjekta er viktige bidrag for å redusere mengda av matavfall.

God dyre- og plantehelse og god dyrevelferd

God dyre- og plantehelse er avgjerande for berekraftig produksjon av trygg mat. Det har vore ein auke i ressursinnsatsen innan husdyrforsking dei siste åra. Ser vi nokre år tilbake, har dyrehelse og dyrevelferd vore vektlagt i husdyrforskinga, i tråd med føringane til departementet. Antibiotikaresistens er eit aukande problem globalt og krev ny kunnskap. Klimaendringar med auka fare for introduksjon av nye skadegjerarar og sjukdommar krev også ny kunnskap på dette området. Fleire prosjekt finansierte gjennom Noregs forskingsråd har støtta opp under forsking for å sikre god dyre- og plantehelse. Dei siste åra har det komme mykje ny kunnskap om plantesjukdommar, sortsutvikling og klimatilpassing, til dømes korleis vinterherdigheit blir utvikla i plantane. Forsking innan dyre- og plantehelse kan ha stor påverknad på og grenseflater inn mot mattryggleik. Dette er difor område som bør bli sett i samanheng.

Auka verdiskaping

Forsking for innovasjon og konkurranseevne skal bidra til auka verdiskaping i landbruks- og matsektoren. Landbruks- og matdepartementet bidreg til å vidareutvikle ein kunnskapsbasert landbruks- og matsektor i heile landet ved å stimulere næringane i sektoren til å forske meir og til å nytte seg av andre si forsking, både nasjonalt og internasjonalt. Departementet har innretta forskingsmidlane slik at dei støttar opp under innovasjonsaktivitetar i næringane, gjennom tydelege forskingsprioriteringar i verdikjeda og god dialog med forskingsfinansierande aktørar.

Mange av verdikjedene innan matområdet har liten tradisjon for eiga forsking. Dette kan delvis forklarast ved strukturen i primærnæringane, med mange mindre føretak og stor geografisk spreiing. Offentleg finansiering av forsking er difor svært viktig, og næringsretta forskingsinnsats innan landbruksnæringa blir finansiert gjennom Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt (FFL).

Brukarstyrt og innovasjonsorientert forsking har høg prioritet. Høg forskingsaktivitet er ein føresetnad for å oppretthalde og styrkje konkurranseevna i skog- og næringsmiddelindustrien. Brukarstyrt innovasjonsarena (BIA), og tematisk innretta program som BIONÆR og Store program som ENERGIX, har vore viktige verkemiddel for å mobilisere næringslivet til å investere meir i FoU. Det blir også sett i verk tiltak for å betre forskings- og innovasjonssamarbeidet mellom blå og grøn sektor. Nofima AS har ein viktig funksjon i arbeidet med å hente ut synergiar frå eit slikt samarbeid.

Konkurransedyktig råvareproduksjon og næringsmiddelindustri

Det har dei siste åra vore aukande bruk av ressursar på forsking retta mot konkurransekraft i næringsindustrien. Dette inkluderer i stor grad forsking knytt til prosessering, produksjonsteknologi, haldbarheit og kvalitet av næringsmiddel.

Utnytting av biprodukt og resirkulering av avfall krev ny kunnskap og tverrfaglege tilnærmingar. I prosjektet CYCLE skal industri og forskarar arbeide saman om å utnytte mat som ikkje når fram til butikkhyllene i dag. Alle ledd, frå produksjon til prosessering, skal optimaliserast slik at alle ressursane kan utnyttast. Resultat frå prosjektet kjem til å bli viktig sett frå både eit økonomisk og eit miljø- og samfunnsmessig perspektiv.

Næringsmiddelindustrien har vore involvert i fleire av prosjekta på matområdet. Samarbeidet mellom næringsmiddelindustrien og forskingsmiljøa er styrkt, og fleire bedrifter har innført ny teknologi basert på dei forskingsresultata som er produkt av samarbeidet. Samarbeid og forskingsbasert innovasjon er viktig for å auke konkurransekrafta i næringsmiddelindustrien. Støtte til forskingsbasert innovasjon i næringsmiddelindustrien blei prioritert i budsjettet til Landbruks- og matdepartementet i 2013. Løyvinga frå departementet la mellom anna grunnlag for ei målretta satsing for auka konkurransekraft og innovasjon i norsk landbruksbasert næringsmiddelindustri.

Berekraftig skogbruk og konkurransedyktige skog- og trebaserte verdikjeder

Forskingsprogramma BIONÆR og ENERGIX følgjer opp overordna politiske føringar for å levere kunnskap om skog- og trebasert næringsverksemd.

Det blir arbeidd målretta med å etablere store tverrfaglege prosjekt som på brei basis analyserer skogen si rolle i klimasamanheng. Dette arbeidet dekkjer heile livsløpet, frå etablering, skjøtsel og avverking, til livsløpsanalysar innanfor verdikjeda tremekanisk industri, papirindustri og bioenergi. Det er eit komplekst samspel mellom primærproduksjon, hausting og bruken av trebaserte produkt i samfunnet. Dette gjer tverrfaglege tilnærmingar og eit tett samarbeid mellom næringsliv, forsking og forvaltning heilt nødvendig. Ei utfordring for forskinga er å bidra med kunnskap til arbeidet med å balansere auka innsats for klimatiltak i skog, økonomisk avkastning i skogbruket, og som samtidig tek omsyn til miljøverdiar og biologisk mangfald.

Innan området bioenergi har erfaringa med å byggje ut varmemarknaden vore positiv, og framtidig lokal utbygging vil kunne vere knytt til små kombinerte varme-/kraftanlegg. Gjennom det kompetansebyggjande prosjektet KRAV (Enabling small scale biomass CHP in Norway) er det hos SINTEF/NTNU og næringsaktørane i prosjektet bygd opp vesentleg kompetanse på småskala kombinert kraft- og varmeløysingar (CHP) for norske forhold. CHP utnyttar energien mykje betre samanlikna med separat kraft- og varmeproduksjon, og gjer det mogleg å få til ein distribuert og fleksibel kraftproduksjon frå kortreist biomasse.

CHP frå rimelege biomassefraksjonar i Noreg er ein realitet allereie i dag, men det er eit stort potensial for å utnytte større biomasseressursar til dette, og å auke verknadsgrader. Spesielt restfraksjonar frå jordbruket er eigna, primært via anaerobisk nedbryting og konvertering til biogass. Forsking på metodar for å auke biogassutbytet frå ulike restfraksjonar og å auke verknadsgrader, kan auke effektiviteten.

Det har dei siste åra blitt lagt stort vekt på auka bruk av tre. Det har vore eit nært samarbeid med Innovasjon Noreg, som er viktig for å kunne styrkje implementeringa av forskingsresultata. Haldbarheit og auka levetid for trefasadar er sentrale utfordringar. To prosjekt har utvikla nye metodar for fastsetjing av fargesoppar og råtesoppar på behandla og ubehandla fasadar. Arbeidet gir grunn til å tru at ein lettare kan berekne langtidseffektane av overflatebehandling av trevirke, for på denne måten å kunne redusere vedlikehaldskostnader. Nye innovative løysingar for store byggverk i tre (også trebruer), og renovering av gamle bygg ved hjelp av ferdigisolerte trebaserte fasadeelement er allereie tekne i bruk av næringslivet.

Det er utlyst fleire forskingsprosjekt innanfor trebyggeri. Eit stort tverrfagleg prosjekt har ambisjon om å bidra til auka bruk av tre ved bygging i urbane strøk. Eit konsortium samansett av bygningsentreprenørar, arkitektar og forskingsmiljø innanfor bygg, materialkunnskap og arkitektur samarbeider om å utvikle løysingar for trebygg i fem til åtte etasjar i byområde. Eit anna prosjekt, ved Norsk Treteknisk Institutt, arbeider vidare med problemstillingar knytte til bygging med tre og energieffektivitet, utslepp og helseeffektar knytte til byggjemetode og materialval.

Innanfor temaet skoghandsaming og karbonlagring er det sett i gang eit stort tverrfagleg forskarprosjekt for å undersøkje kva for rolle skogen har i klimasamanheng, med sikte på optimal bruk av skogen for karbonlagring, tømmerutnytting og bioenergi. Prosjektet vil gi svar på problemstillingar omkring optimal hogstalder for karbonlagring i skog og utvikle modelleringsapparat for optimal bruk av skog vurdert ut frå ulike mål.

Berekraftig landbruk

Det er eit mål å auke den landbaserte produksjonen av mat i tråd med etterspørselen til den veksande befolkninga. Samtidig skal det takast omsyn til miljø og klima. For å nå dette målet er det avgjerande at dei ressursane vi har til rådigheit blir utnytta på ein best mogleg måte. Avlsarbeid for størst mogleg produksjon av friske og sunne dyr, og sortutvikling som sikrar eit plantemateriale tilpassa klimaforholda, vil vere viktig i denne samanhengen. Løyvingar frå Landbruks- og matdepartementet finansierer fleire prosjekt på dette området, og fleire av desse har brei medverknad frå brukarar. Norsk avlsarbeid er leiande internasjonalt, og kan by på store moglegheiter for samarbeid innanfor forsking og næring. Det er mellom anna sett på modellar for avlsframgang og utvikla ein ny metodikk for inkludering av nye eigenskapar av økonomisk tyding i avlsmåla. Avlsorganisasjonane innanfor alle husdyrartar var med på dette prosjektet. Kunnskap som sikrar berekraftig og klimatilpassa produksjon av mat, derunder kunnskap knytt til betre agronomi, vil få endå større plass i tida framover.

For å nå målet om at Noreg på ein berekraftig måte skal auke matproduksjonen i takt med befolkningsveksten i landet, blei det i 2013 sett i gang eit omfattande, tverrvitskapleg forskingsprosjekt innan temaområdet agronomi, som involverer ei rekkje aktørar frå ulike forskingsinstitutt og næringsliv. Prosjektet heiter AGROPRO – agronomi for auka matproduksjon.

Redusert utslepp av klimagassar, auka lagring av karbon og gode klimatilpassingar

Det er eit mål å redusere utsleppa til luft og vatn og samstundes ta vare på eller auka karbonlagra i skog og jord for å skape eit meir berekraftig landbruk.

Produksjon og bruk av fornybar energi er ein viktig del av bidraget frå landbruket til å redusere utsleppa av klimagassar. Hovudsatsinga på energiforsking skjer gjennom programmet ENERGIX i Noregs forskingsråd. Programmet dekkjer alt frå grunnleggjande forsking og utvikling til næringsretta forsking. Prosjekta er i hovudsak retta mot utvikling av nye og meir effektive konverteringsprosessar frå råstoff til energi, medrekna både varme og elektrisk straum. Miljø og klima, hausting av skog til produksjon av varme og drivstoff, og biogass frå husdyrgjødsel og matavfall, har vore sentrale område i støtta frå departementet til bioenergiforsking.

Auka satsing på bioenergi kan medføre at ein også får utnytta lågverdig biomasse som GROT, tynningsvirke og rydningsvirke. Departementet støttar forsking knytt til økologiske og miljømessige verknader av dette auka uttaket med sikte på å leggje grunnlaget for berekraftig hausting og produksjon.

Utvikling av berekraftige og lønsame verdikjeder som kan levere fleire typar kvalitetsbrensel, er ein viktig del av energiforskinga innanfor landbruket. Verdikjeder må kunne styre ressursar til ulike verdikjeder; biovarme, kombinert varme/kraft, pellets, bio-olje, papir og ny bruk av fiber. Til dømes pågår det viktige FoU-prosessar i Ringerike-regionen, der det blir arbeidd med optimal bruk av heile treet, i motsetnad til tradisjonell utnytting der berre tømmerstokken blir brukt. Slike prosessar samlar forskingsmiljø, skogaktørar, industri, energiselskap og styresmakter om felles tiltak og mål. Det er stor merksemd på å kombinere ressursar frå både landbruk og energi på nye måtar.

Innanfor biovarme har departementet støtta prosjekt som fremjar samarbeid mellom biologiske og teknologiske miljø. Sintef Energi AS er eit sentralt forskingsmiljø innanfor viktige forskingsområde, som til dømes betre forbrenning og reduserte driftskostnader i bioenergianlegg. Selskapet har også vidareutvikla samarbeidet med vedbransjen, særleg ovnsprodusentane. Utvikling av nye produkt og varmeløysingar har bidrege til at bruken av ved har blitt meir berekraftig og ein viktig del av norsk bioenergibransje.

Biogassproduksjon basert på gjødsel, avløpsslam og ulike typar avfall har eit vesentleg potensial for å redusere utsleppet av klimagassar. Forsking på biogass vil gjere det mogleg å utnytte organisk avfall til energi og plantegjødsel, anten avfallet kjem frå bustadar, gardsbruk, industri eller frå skogen. Dermed blir behovet for mineralgjødsel redusert og utsleppa av metan, karbondioksid og lystgass vil gå ned.

På eit overordna nivå er viktige innsatsområde for forsking på biogass mellom anna teknologiutvikling og optimal drift og organisering knytt til produksjon. Dette skal gi reduserte kostnader og auka lønsemd. Forskingssamarbeid mellom landbruket og andre sektorar om kunnskaps- og teknologiutvikling er viktig på biogassområdet.

Kunnskapsmiljøa på Ås er sentrale i landbruket si satsing på biogass, mellom anna realisering av eit eige biogasslaboratorium. Her er det etablert moderne laboratoriefasilitetar som raskt har komme i aktiv bruk av forskingsmiljø og næringsaktørar. Sentralt i dette arbeidet er Norsk senter for bioenergiforsking, der departementet mellom anna støttar prosjekt innanfor bruk av husdyrgjødsel til biogass. Her blir det utvikla kunnskap om reaktorteknologi for småskalaproduksjon, samhandsaming av fleire ressursar (gjødsel, matavfall, slakteavfall, fiskeensilasje, alger, lignocellulose) og bruk av biorest til jordbruksgjødsel.

Eit lovande prosjekt utviklar ein heilt ny prosess der ligninet i bjørk kan gi biogass gjennom anaerob fermentering. Oppdaginga kan komme til å gjere det mogleg å produsere mykje meir biogass enn med dagens råstoffbase. Eit anna prosjekt ser ut til å ha nådd ein viktig milepæl i arbeidet med å utvikle reinare og meir effektiv forhandsaming av våtorganisk avfall. I programmet ENERGIX er det avslutta eit biogassprosjekt som studerte gardsbaserte moglegheiter med omsyn til råstoff, logistikk, produksjon, avtale- og eigarforhold og biorest til gjødsel. Dette har vore eit samarbeid mellom primærnæringa og Bioforsk, og har bidrege til eit betydeleg kompetanseløft blant aktørane.

Det er eit behov for meir kunnskap om opptak av CO2 i skog. I den samanheng er det starta opp eit stort samarbeidsprosjekt leia av Norsk institutt for skog og landskap. Dette skal prøve å gi svar på kva for skoghandsamingsstrategiar knytte til bruk av tømmer og biomasse, som kan gi optimal langsiktig karbonlagring. I tillegg er det viktig at det blir teke omsyn til den samfunssmessige og økonomiske betydinga av skogen.

Næringslivet si deltaking i forskingsprosjekt på departementet sitt område

Landbruks- og matforskinga skal bidra til at næringslivet styrkjer sin eigen forskingsinnsats, og i større grad nyttiggjer seg forskingsbasert kunnskap. I tillegg til forskingsaktiviteten i næringslivet i form av eigne forskingsavdelingar eller oppdragsforsking, bidreg næringslivet også som medfinansiør inn i ulike typar næringsretta prosjekt løyvt gjennom Forskingsrådet. Desse prosjekta krev bidrag frå næringslivet i større eller mindre grad. Midlane frå Landbruks- og matdepartementet til forsking går i stor grad til næringsretta prosjekt som har krav om medverknad frå næringa, og ein stor del av prosjekta krev også medfinansiering frå næringslivet. Krav om medverknad frå næringa bidreg til å gjere forskinga meir relevant og løysingsorientert når det gjeld problemstillingar i landbruks- og matnæringa. I perioden 2012 – 2014 har offentlege forskingsmidlar utløyst næringsbidrag inn i forskingsprosjekt på anslagsvis 339 mill. kroner. Bidraget har vore størst på matområdet med totalt 112 mill. kroner. For husdyrforsking har næringsbidraget vore 68 mill. kroner, bioenergi 64 mill. kroner, planteproduksjon 61 mill. kroner, trebruk 13 mill. kroner og skogbruk 12 mill. kroner. Dei resterande 9 mill. kroner fordeler seg på andre tematiske område. I tillegg kjem næringsbidrag gjennom prosjekta til FFL og Skogtiltaksfondet.

Verksemda i Virkemiddel for regional innovasjon (VRI) og dei regionale representantane er retta mot meir forsking i næringslivet. VRI-programmet stimulerer til auka samarbeid med regionale partnarskap, FoU-miljø og andre relevante utviklingsaktørar for å stimulere til læring, innovasjon og verdiskaping i bedrifter med liten FoU-erfaring. Auka merksemd på erfarings- og kunnskapsutveksling mellom regionalt og nasjonalt nivå har medført ein tett samarbeidsstruktur mellom dei regionale representantane og dei sentrale næringsretta programma i Forskingsrådet.

SkatteFUNN har ingen direkte løyvingar frå departementa, men er likevel eit viktig verkemiddel for innovasjon og verdiskaping i næringslivet. Aktiviteten ligg på eit høgt nivå, noko som indikerar at dette er eit treffande verkemiddel for innovasjon i landbruks- og matsektoren.

Internasjonal forskingsaktivitet

Dei norske forskingsinstitutta har eit stort internasjonalt engasjement. Norsk landbruks- og matforsking er mellom anna godt representert i internasjonalt samarbeid gjennom ulike ERA-nett og fellesprogram (JPI, Joint Programming Initiatives). Norske forskingsmiljø har også hatt ei relativt god deltaking innanfor landbruks- og matområdet i EUs 7. rammeprogram (7RP), hovudsakeleg under matdelen i Tema 2: Food, Agriculture and Fisheries, and Biotechnology (KBBE).

EUs nye rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020, opnar for auka deltaking frå norske landbruks- og matforskingsmiljø. Mellom anna er spørsmål knytte til matsikkerheit og klima høgst aktuelle forskingsområde i Horisont 2020. Internasjonalt forskingssamarbeid på desse områda er viktig for å løyse globale utfordringar, for å heve kvaliteten og fornye norsk forsking, for å kunne forstå og nytte forskingsresultat frå andre land. I tillegg er det viktig for at Noreg skal kunne ta sin del av ansvaret for den internasjonale kunnskapsoppbygginga på sentrale område. Det er viktig å leggje til rette for best mogleg utnytting av samarbeidet.

Horisont 2020 har ei sterkare kopling mot dei ulike fellesprogramma (JPI, Joint Programming Initiatives). På landbruks- og matområdet er det sett i gang to JPI’ar, av dette er ein knytt til landbruk, matsikkerheit og klimaforandringar (JPI-FACCE, Agriculture, Food security and Climate change), og ein til området mat og helse (JPI – A healthy Diet for a healthy life).

Kunnskap og kompetanse er tilgjengeleg for næring og forvaltning

Som grunnlag for innovasjon og utvikling er det viktig å få ei god spreiing av relevant kunnskap frå universitet og institutt. For å få dette til må det leggjast til rette for at fleire aktørar saman kan bidra i formulering av kunnskapsbehov og finansiering.

Effektiv kommunikasjon og formidling av forskingsbasert kunnskap på landbruks- og matområdet er ein grunnstein for institutta. Dei fem landbruksfaglege forskingsinstitutta har ei betydeleg publiserings- og formidlingsverksemd, også utanfor dei vitskaplege kanalane. Forskarar frå institutta held foredrag og presentasjonar av paper, og har levert bidrag til fagbøker, lærebøker, allmenntidsskrift og andre sjølvstendige publikasjonar. Institutta publiserer ei stor mengd rapportar, leiarartiklar, kommentarartiklar, omtalar og kronikkar. Institutta medverkar som arrangør ved konferansar og seminar. Norsk Landbruksrådgiving og Skogbrukets Kursinstitutt er viktige for å sikre at resultata som blir presenterte i vitskaplege artiklar og fagbøker, og at konferansar kjem til nytte for primærprodusentane. I tillegg bidreg populærvitskapleg presentasjon av forskingsresultat i bransjetidskrift og andre fagtidskrift til at ny oppdatert kunnskap kjem ut til brukarane.

Dei fem landbruksfaglege forskingsinstitutta har i 2013 gjort ein stor innsats innan den vitskapelege publiseringa, og har halde vedlike eit høgt nivå. Talet på vitskapelege publikasjonar var likevel lågare enn toppåret 2012. Det samla talet på publikasjonspoeng sank med 3 pst., og som ei følgje sank også vitskapeleg publisering per forskarårsverk. Også den populærvitskapelege formidlinga var stor for alle institutta i 2013, med mange aviskronikkar, intervju og foredrag.

Over lengre tid har det vore ei utvikling i vitskapeleg publisering. I perioden 2009–2010 var det ein publiseringsintensitet på i snitt 0,41 publikasjonspoeng per forskarårsverk og denne har auka til i snitt 0,58 publikasjonspoeng per forskarårsverk for perioden 2011–2013. Dette viser ein meir effektiv bruk av forskarårsverka med tanke på vitskapeleg publisering.

Søkning til yrkesfag og høgare utdanning i landbruks- og matfaga

God rekruttering av fagpersonar med rett kompetanse er viktig for å sikre robust landbruk og matindustri.

Søkjartalet til yrkesfag i naturbruk i vidaregåande skoler har vore stabilt, men på eit for lågt nivå i fleire år. Det har vore ein nedgang frå 1 569 søkjarar i 2013 til 1 536 i 2014. Rekruttering av fagpersonar med matfagleg utdanning til industrien er ei utfordring. Talet på søkjarar til restaurant- og matfag har gått ned med 14 pst. sidan 2007. Det er for få søkjarar vidare til vg2 matfag som skal gi fagarbeidarar matindustrien treng. Dei fleste innan restaurant- og matfag søkjer vidare på vg2 kokk og servitør.

Søkjartala til bachelorstudiane i produksjonsretta landbruksfag viser ein liten auke frå 2013 til 2014. Det er framleis behov for auka rekruttering, dette er grunna ein mindre auke i søkjartalet til landbruksfaga enn til høgare utdanning generelt.

Søkning til etter- og vidareutdanning

Rapportane frå fylkeskommunane på bruken av midlar over jordbruksavtalen til rekruttering, likestilling og kompetanse viser at desse midlane utløyser stor aktivitet i etter- og vidareutdanning for næringsdrivande i landbruket. Det er stor etterspørsel etter praktisk retta kompetansetiltak for dei som er på veg inn i landbruksnæringa.

Rekruttering til næringsliv og forsking

Rekruttering, både til næringa og til forskingsmiljøa, representerer ei stor utfordring for å sikre forskingskvaliteten i framtida. Særleg innanfor dei tradisjonelle landbruksfaga er lågt studenttal dei siste åra i ferd med å gjere det vanskelegare å rekruttere kvalifiserte PhD-studentar til forskingsprosjekt. For å oppnå auka rekruttering må det stimulerast til auka samarbeid både internt i sektoren og på tvers av sektorane.

Ein effektiv og robust instituttsektor i samspel med andre

Ein økonomisk robust instituttsektor er ein viktig føresetnad for at den skal vere i stand til å bidra til at ein når hovudmåla i landbruks- og matpolitikken. Dei fem forskingsinstitutta under Landbruks- og matdepartementet sitt ansvarsområde – Bioforsk, Bygdeforskning, Norsk institutt for skog og landskap, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking og Veterinærinstituttet – omsette førre år for 1075 mill. kroner og utførte 1047 årsverk, og av desse var 507 forskarårsverk. Av dei tilsette hadde 406 doktorgrad. Sjå også kap. 1137, post 51.

Institutta må vere økonomisk robuste

Dei økonomiske resultata har dei seinare åra vist ein negativ trend, med eit samla negativt driftsresultat på 12 mill. kroner i 2013. I følgje Forskingsrådet tyder mykje på at svake driftsresultat for det enkelte institutt kan forklarast med nedgang i inntekter frå Forskingsrådet, færre oppdrag frå offentleg forvaltning og frå næringslivet, og auka kostnader knytte til pensjon, underdekning i EU- prosjekt og ein tendens til auke i talet på små prosjekt.

Om lag ein tredel av driftsinntekta til dei fem institutta er knytt til forvaltningsoppgåver som blir finansierte av mellom anna Landbruks- og matdepartementet. Hovuddelen (om lag fire femdelar) av forvaltningsoppgåvene er kunnskapsutviklingsmidlar som Landbruks- og matdepartementet prioriterer direkte gjennom tildelingsbreva til institutta for å sikre kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling, statistikk, analyse, politisk beslutningsstøtte og beredskap for landbruks- og matsektoren. God forvaltningsstøtte er avhengig av solid forsking i botn samtidig som forskinga trekker på arbeidet for forvaltninga.

Basisløyvinga, som utgjer om lag ein seksdel av driftsinntektene, blir tildelt Forskingsrådet, som både fastset og utbetalar basisløyving til institutta på primærnæringsarenaen. Forskingsrådet lyser også ut midlar gjennom forskingsprogramma. Desse konkurrerer institutta om, både når det gjeld kvalitet og relevans. Internasjonale inntekter utgjer om lag 4 pst.

I tillegg konkurrerer institutta om oppdragsinntekter i marknaden som utgjer om lag 12 pst. av driftsinntektene. Nivået på den nasjonale etterspørselen er ei hindring for å utvikle denne delen av aktiviteten, og verksemda vurderer kontinuerleg moglegheitene for å etablere aktivitet innanfor nye marknader.

Samspel nasjonalt og internasjonalt

Samspel med andre aktørar er nødvendig for fagleg utvikling, for å byggje nettverk og for å vere i stand til å hente og ta i bruk kunnskap utvikla internasjonalt.

Difor er internasjonalisering av forskinga svært viktig for å byggje opp instituttsektoren. Både innanfor europeiske fellesprogram (JPIar) og samarbeid mellom Europeisk program-til-program samarbeid (ERA-nett) på matsektoren, blir det i aukande grad krevd god nasjonal samordning og effektivt samspel med dei europeiske satsingane. Bilateralt samarbeid er viktig for å heve kvalitet og relevans på norsk utdanning og forsking. Dei landbruks- og matfaglege forskingsinstitutta sin internasjonale innsats er også omtala under delmål 1 Målretta bruk av midlar til forsking og innovasjon.

Forsking gjennom programaktivitet som skal dekkje landbruks- og matområdet, bidreg til å sikre relevant forsking for sektoren. Innsatsen skjer gjennom forskingsprosjekt og tiltak direkte retta mot næringslivet. Dette er sentrale verkemiddel for å nå målet om høg kvalitet og relevans i forskinga. Basisløyvingane til instituttsektoren og sentersatsingane er også viktige reiskapar for å sikre forsking med høg kvalitet og relevans.

Forskingsrådet peikar på at fleire aktørar frå næringsliv og instituttsektor samarbeider godt innanfor denne type prosjekt. Viktige aktørar innanfor sektoren har godt gjennomslag på dei opne arenaene som ikkje har finansiering frå Landbruks- og matdepartementet. Nokre av dei største aktørane i næringslivet har i ein femårsperiode vore Borregaard AS, Norske Skogindustrier ASA, Nortura, Tine og GENO.

Dei fem forskingsinstitutta under Landbruks- og matdepartementet sitt ansvarsområde har mest samarbeid med NMBU og Nofima AS. Det er også eit betydeleg samarbeid med mellom anna NTNU, SINTEF, UiO, UiS, UiB, UiT, Høgskolen i Hedmark, Transportøkonomisk institutt (TØI), Norsk institutt for luftforsking (NILU), CICERO, Forsvarets forskingsinstitutt (FFI), Norsk reknesentral og Statens arbeidsmiljøinstitutt.

10 Ivareta norske interesser og sikre framgang i internasjonale prosessar

På landbruksområdet har Noreg slutta seg til ei rekkje internasjonale avtalar som dekkjer mellom anna handel, plante- og dyrehelse, skog og klima. Mange avtalar og mykje regelverk blir fornya med jamne mellomrom. Noreg kan ha særeigne nasjonale interesser som må inkluderast i avtaleverket. Dette kan vere særskilde løysingar som er tilpassa dei naturgitte forholda (plante- og dyrehelse) eller kostnadsnivået (importvernet), og som er nødvendige for å kunne oppfylle måla for landbrukspolitikken.

Dei sentrale avtalane for handel med landbruksvarer er WTO-avtalen, EØS-avtalen og EFTA sine frihandelsavtalar. Innanfor EØS-avtalen blei det sett i verk ein ny artikkel 19-avtale 1.1.2012. Dette førte til auka gjensidig marknadstilgang for landbruksvarer der ost og kjøtt er særleg viktige. Hausten 2014 startar det opp forhandlingar om ein ny artikkel 19-avtale mellom Noreg og EU. For foredla landbruksvarer, jf. protokoll 3 til EØS-avtalen, gjeld avtalen som blei sett i verk 1.11.2014. EFTA forhandlar med ei rekkje land om å inngå handelsavtalar, mellom andre India, Malaysia, Indonesia og Vietnam. Desse forhandlingane omfattar handel med både uforedla og foredla landbruksvarer. Noreg har inngått 25 slike frihandelsavtalar, som omfattar i alt 35 land.

I WTO-forhandlingane var det i 2013 framgang i den breie forhandlingsrunden som starta opp på ministerkonferansen i Doha i 2001. På ministerkonferansen på Bali i desember 2013 blei det på landbruksområdet semje om ministervedtak om tollkvoteadministrasjon og matsikkerheit for utviklingsland, og ei ministererklæring om å vere tilbakehalden i bruken av alle former for eksportstøtte. Vidare vedtok ministrane at det i løpet av 2014 skal utarbeidast eit arbeidsprogram for dei vidare forhandlingane. I dette ligg også vidare forhandlingar om kjerneområda i Doha-runden som marknadstilgang, landbruksstøtte og eksportstøtte. Grunna at medlemslanda i WTO ikkje klarde å bli samde om gjennomføring av ministervedtaket om handelsforenkling innan fristen 31.7.2014, er det no skapt usikkerheit om oppfølging av alle vedtaka frå ministerkonferansen i desember 2013, også på landbruksområdet.

I sum utgjer dei internasjonale avtalane for handel eit omfattande sett av forpliktingar Noreg må overhalde når det gjeld importvern, omfang og innretting av landbruksstøtte og omfanget av eksportstøtte. Verkemiddelbruken i landbrukspolitikken må tilpassast slik at Noreg held seg innanfor dei avgrensingane vi har for bruk av landbruksstøtte. Forpliktingane inneber også omfattande årleg rapportering til WTO og Noreg sine bilaterale handelspartnarar. Noreg legg stor vekt på å ha eit ope handelssystem, som synleggjer oppfølginga av handelsforpliktingane våre.

Importvernet må heile tida sjåast i samanheng med utviklinga i landbrukssektoren. Det er eit mål at landbrukspolitikken skal stimulere til auka matproduksjon med intensjon om auka sjølvforsyning. Det er difor viktig å ha det importvernet som er nødvendig for auka produksjon og lønsemd i norsk landbruk. På sikt vil endringane i landbrukspolitikken gi eit meir effektivt landbruk og styrkje konkurransekrafta for norske jordbruksprodukt. Styrkt konkurransekraft vil kunne gi moglegheit for å senke importvernet. Dette vil vere til fordel for forbrukarane ved at det blir lagt til rette for eit breiare produktutval i butikkane.

Omfattande handel med innsatsvarer, planter, dyr og mat over landegrenser krev eit sterkt internasjonalt samarbeid om regelverk og tilsyn. Dette er nødvendig for å sikre trygg mat som møter krav frå forbrukarane og for å fremje god plante- og dyrehelse. Aktiv deltaking i internasjonalt arbeid er nødvendig for å påverke utviklinga av standardar og regelverk, for å ivareta norske synspunkt og for å bidra til utveksling og utvikling av kunnskap.

Krava på matområdet blir i stor grad utforma i samsvar med internasjonal utvikling. Hovuddelen av det norske regelverket på matområdet er EØS-basert. Matområdet er i følgje NOU 2012:2 Utenfor og innenfor, det kvantitativt største området under EØS-avtalen, med om lag 40 pst. av rettsaktene. Regjeringa legg vekt på ein aktiv europapolitikk. Som ein del av oppfølginga utarbeider Nærings- og fiskeridepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet, som alle har fagansvar på matområdet, felles prioriteringar for arbeidet retta mot EU.

Noreg tek aktivt del i internasjonalt arbeid mellom anna i Codex Alimentarius Commission (FNs organisasjon for ernæring og landbruk (FAO) og Verdas helseorganisasjon (WHO) sin organisasjon for matvarestandardar), Verdas dyrehelseorganisasjon (OIE) og Verdas plantehelseorganisasjon (IPPC). Desse organisasjonane utviklar standardar som blir lagde til grunn i WTO/SPS-avtalen for handel, og som også legg premissar for regelverket i EU.

Matsikkerheit står høgt på dagsorden globalt, mellom anna i forhandlingane i FN om nye berekraftsmål som skal erstatte Tusenårsmåla. Erklæringa frå Toppmøtet i Rio i 2012 slår fast at matsikkerheit og ernæring er ei global utfordring, og at matproduksjonen må auke på ein meir berekraftig måte. Tilgang til nok, trygg og næringsrik mat blei stadfesta som ein menneskerett. Erklæringa legg vekt på behovet for å utvikle landbrukssektoren, særleg i utviklingsland. Det blei understreka at kvinner har ei sentral rolle i å fremje mattryggleik og ernæring. Vidare peikar erklæringa på ei rekkje sentrale område for betre matsikkerheit som mellom anna forsking, velfungerande marknader og redusert svinn i matkjeda.

Omgrepet matsikkerheit fekk ein breiare definisjon enn tidlegare i FAO sin statusrapport om matsikkerheit og svolt for 2013. Den nye definisjonen er basert på fire sentrale dimensjonar ved matsikkerheit – nok mat tilgjengeleg i marknaden, økonomisk og fysisk tilgang på mat for den enkelte, berekraftig bruk av produksjonsressursane og stabilitet over tid. I 2013 var det 842 mill. menneske som var kronisk undernærte og utan moglegheit til å føre aktive liv. Matsikkerheit kan best realiserast gjennom ein heilskapeleg politikk, noko som krev innsats langs heile verdikjeda for mat.

Noreg deltek aktivt i forhandlingane i FN om dei nye og universelle berekraftsmåla. Dei nye måla skal etter planen gjelde frå 2015. Matsikkerheit og berekraftig forvaltning av naturressursane vil stå sentralt i dei nye måla.

Innsatsen for bevaring og godedeling av genetiske ressursar er viktig for departementet og blei følgt opp i FAOs kommisjon for genetiske ressursar og på det femte møtet i styringsorganet til den internasjonale plantetraktaten for mat og landbruk i 2013.

Landa i Europa starta i 2012 forhandlingar om ein juridisk bindande europeisk skogavtale etter eit vedtak på ministerkonferansen i regi av Forest Europe i Oslo i juni 2011. Formålet med arbeidet er å sikre eit meir forpliktande politisk samarbeid for ei berekraftig skogforvaltning. Det har vore forhandlingar i 2012 og 2013, men det er ikkje semje om ein avtale. Arbeidet skal leggjast fram for ministrane i Forest Europe på ein ministerkonferanse hausten 2015. Landa i Europa samarbeider framleis i Forest Europe og vil utvikle dette samarbeidet vidare.

FNs skogforum UNFF er ein viktig aktør i arbeidet med å fremje forståinga av berekraftig skogforvaltning globalt. Den 10. sesjonen av UNFF blei halden i 2013. Der blei det vedteke eit mandat for ei evaluering av UNFF og ei vurdering av den framtidige rolla til forumet.

I utforminga av eit nytt strategisk rammeverk, arbeidsplan og budsjett for organisasjonen har departementet særleg lagt vekt på mandatet FAO har innan skogforvaltning. FAO har ei særleg viktig rolle i samarbeidet med land om ressursoversikter og kartlegging av utviklinga i forvaltning av skogressursane. FAO arbeider med å fremje kunnskap om rolla skogen har når det gjeld matsikkerheit. FAO leier og koordinerer samarbeidet mellom dei ulike organa i FN og andre institusjonar som er engasjerte i skogspørsmål, det såkalla Collaborative Partnership on Forests. FAO har hatt ei viktig rolle som sekretariat for arbeidet med forhandlingane om ein rettsleg bindande europeisk skogavtale.

Noreg samarbeider også med European Forest Institute (EFI), som er eit forskingsnettverk basert på ein mellomstatleg konvensjon der Noreg er part. Instituttet forskar mellom anna på utviklinga av skognæringa i Europa og gjer et omfattande arbeid knytt til rammevilkår for sektoren. EFI produserer eit viktig kunnskapsgrunnlag for europeiske styresmakter innanfor økonomi, rammevilkår og internasjonal konkurranse i skognæringa.

På partskonferansen for FNs rammekonvensjon for klima i Durban 2011, blei regelverket for arealbruk, endringar i arealbruk og skog avgjort for neste avtaleperiode under Kyotoprotokollen. Sistnemnde blei vedteke i Doha i 2012. Regelverket byggjer på prinsippa frå den første avtaleperioden, men inneber nokre viktige endringar. I Durban blei det også vedteke at det skal gjerast eit eige arbeid for jordbruk og klima i regi av vitskapskomiteen (SBSTA). Arbeidet etter dette har dreidd seg om å førebu ein ny global klimaavtale som seinast skal vedtakast på partskonferansen i Paris i 2015.

Ministerrådet for fiskeri, jordbruk, næringsmiddel og skogbruk (MR-FJLS) har heilt sidan Nidarosdeklarasjonen blei vedteke på ministermøtet i Trondheim i 2012, arbeidd for å følgje opp intensjonen deklarasjonen har på samarbeid for auka berekraftig og konkurransedyktig produksjon i sektorane mat, fôrmiddel, bygnings- og konstruksjonsvirke, bioenergi og innovative produkt frå land, hav og vatn. Til dels det svenske formannskapsprogrammet i 2013 og særleg det islandske i 2014, har gjennom bioøkonomisatsinga og det treårige programmet NorBio fylgd opp tilrådingane frå deklarasjonen.