3 Høyringa
Departementet presenterte framlegga til endringar i eit høyringsnotat 2. april 2009. Høyringsnotatet vart sendt til følgjande instansar, i tillegg til at det var tilgjengeleg på departementets internettsider:
Barne- og likestillingsdepartementet
Justis- og politidepartementet
Barneombodet
Medietilsynet
KS
Konkurransetilsynet
Film & kino
Norske filmbyråers forening
Norsk filmklubbforbund
Norsk kinoforbund
Norske kinosjefers forbund
Norsk videogramforening
Norske videohandleres forbund
Høyringsfristen var sett til 14. mai 2009. Det kom inn åtte høyringssvar. Merknader frå høyringsrunden blir behandla i det følgjande under drøftinga av framlegga til endringar.