5 Økonomiske og administrative konsekvensar
For videogramforhandlarar vil framlegget innebere auka etableringsfridom og redusert byråkrati. For kommunane vil framlegget innebere frigjering av dei økonomiske og administrative ressursane som i dag er knytte til forvaltninga av konsesjonsordninga. Ut over dette vil framlegget ikkje få nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar.