2 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet med verknad frå 1. mai 2014 mv.
2.1 Lønsforhandlingane mv. per 1. mai 2014
Forhandlingane mellom staten v/Kommunal- og moderniseringsdepartementet og hovudsamanslutningane for tenestemenn, LO Stat, YS Stat, Unio og Akademikerne, om ny hovudtariffavtale i staten for perioden 1. mai 2014 til 30. april 2016, vart innleia 7. april 2014. I møtet la organisasjonane og staten fram og grunngav sine krav. Partane sin rapport frå Statistikk- og berekningsutvalet vart lagt fram.
Forhandlingane heldt fram til 30. april. På bakgrunn av staten sine krav/tilbod 30. april, kravde LO Stat, YS Stat, Unio og Akademikerne forhandlingane avslutta på møtet den 30. april kl. 16.00, og det vart konstatert brot i forhandlingane. Riksmeklaren vart i samsvar med tenestetvistlova § 14 varsla same dagen om brot i forhandlingane.
Meklinga mellom partane vart opna 5. mai 2014 hos Riksmeklaren, og heldt fram til og med 26. mai 2014 der Riksmeklaren la fram forslag til nye hovudtariffavtalar i staten. Riksmeklaren sitt forslag vart same dagen akseptert av staten og Akademikerne. LO Stat, YS Stat og Unio orienterte om at dei tilrådde meklingsresultatet og ville sende det ut til avrøysting. Svarfristen for avrøystinga er sett til 20. juni 2014.
Riksmeklaren sitt forslag følgjer i møtebok av 26. mai 2014, jf. vedlegg 1 med undervedlegg 1 – 4. Hovudtrekka i forslaget er følgjande:
Generelt
Oppgjeret for første avtaleår inneber ein årslønsauke på 3,3 pst. Den avtalte økonomiske ramma er på linje med arbeidslivet elles. I fall årslønnsauka i det statlege tariffområdet syner seg å avvike frå lønsutviklinga elles i arbeidslivet skal dette reflekterast i dei tillegga som vert gitt i mellomoppgjeret i 2015. Øvrige løns- og arbeidsvilkår i hovudtariffavtalane vert i hovudsak vidareført.
Generelle tillegg på hovudlønstabellen – første avtaleår
Det er gitt generelle tillegg på hovudlønstabellen i staten – tabell A – i form av ein kombinasjon av krone- og prosenttillegg med verknad frå 1. mai 2014. Frå og med lønstrinn 19 til og med lønstrinn 53 vert det gitt eit tillegg frå 6 500 til 8 800 kroner. Frå og med lønnstrinn 54 til og med lønnstrinn 101 vert det gitt eit tillegg på 1,98 pst. Ny hovudlønstabell følgjer som vedlegg 1, undervedlegg 2.
Sentrale tiltak – første avtaleår
I første avtaleår vert sentrale tiltak per 1. juli 2014 iverksatt innanfor ei økonomisk ramme på 0,08 pst. per dato. Tiltaka fører mellom anna til at nokre tilsette får eit lønstrinn i tillegg, jf. vedlegg 1, undervedlegg 2.
Lokale forhandlingar – første avtaleår
Med verknad frå 1. august 2014 skal det førast lokale forhandlingar innanfor ei økonomisk ramme på 1,75 pst. per dato av lønsmassen, dekt av midlar som vert tildelte frå kap. 2315.
Kompetanseutvikling
Det vert avsett til saman 35 mill. kroner til kompetanseutvikling, medbestemming og omstillingsarbeid for heile tariffperioden, 1. mai 2014 – 30. april 2016.
Avsetjinga skal i hovudsak nyttast til å styrke verksemdene si kompetanseutvikling for å oppnå større mangfald blant arbeidstakarane og oppfølging av avtale om eit inkluderande arbeidsliv. Vidare til organisasjons- og leiarutvikling for meir involvering av medarbeidarar/tillitsvalde, samt samarbeidskompetanse og medbestemming og arbeid for å hindre utstøting frå arbeidslivet. Av avsetjinga skal 6 mill. kroner nyttast til felles opplærings- og utviklingstiltak for leiinga og tillitsvalde i samarbeidskompetanse og medbestemming og 4 mill. kroner til omstillingsarbeid i staten.
Forhandlingsstader
Med heimel i hovudtariffavtalen avgjer staten etter drøftingar med hovudsaman-slutningane kvar lokale forhandlingar i departementsområda skal førast. Forhandlingsstadene for tariffperioden 2014-2016 vert fastsett med verknad frå 1. mai 2014 (jf. vedlegg 1, undervedlegg 2).
Øvrig
Det er tatt inn i hovudtariffavtalane ei ny «Intensjonserklæring om omstilling under trygghet». I tillegg har partane blitt samde om nedsetjing av ei partsamansett arbeidsgruppe som skal «vurdere hvordan arbeidstidsordningen i staten best kan sikre fleksibilitet, gode arbeidsforhold inkludert HMS og tilpasses virksomhetenes utfordringer fremover».
2.2 Lønsregulering mv. for embets- og de tenestemenn som ikkje vert dekte av hovudtariffavtalane
Det er ein føresetnad frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet at lønsreguleringa frå 1. mai 2014 mv. vert gjort gjeldande for alle embets- og tenestemenn, også dei som ikkje vert dekte av hovudtariffavtalane.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet ber difor om fullmakt til å gjere avtalane gjeldande for arbeidstakarar som ikkje er medlem av organisasjonar med forhandlingsrett – og som difor ikkje direkte vert omfatta av dei avtalar som er inngått.
Embets- og tenestemenn i stillingar som er tekne ut av hovudtariffavtalane, får sine løns- og arbeidsvilkår administrativt fastsett i kontrakt.