3 Endringar på statsbudsjettet for 2014
Kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet
Post 01 Driftsutgifter
Samla bruttoutgifter ved lønsreguleringa for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet per 1. mai 2014, er for tidsrommet 1. mai – 31. desember 2014 rekna til om lag 2,155 mrd. kroner. Løyvingsanslaget byggjer på lønsmassen i det statlege tariffområdet per 1. oktober 2013.
Overslaget omfattar alle tilsette som går inn under hovudtariffavtalane i staten. Meirutgifter som følgje av auka satsar for overtid og arbeidsgivaravgift er medrekna.
Meirutgifter i samband med lønsreguleringane for forvaltningsorgan med særskilde fullmakter og forvaltningsbedrifter vert dekte innanfor budsjetta til verksemdene.
Verksemder med arbeidstakarar som får løn administrativt fastsett i kontrakt, må dekkje meirutgifta av lønsregulering innanfor eksisterande budsjett.
Etter fråtrekk av det ovanfor nemnde er meirutgiftene rekna til 1,616 mrd. kroner. Etter vanleg praksis vert slike meirutgifter dekte ved at det vert ført opp løyving under kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet, som Finansdepartementet får fullmakt til å fordele.
Kap. 0502 Tilskot til kompetanseutvikling
Post 70 Spesielle driftsutgifter, kan overføras
For perioden 1. mai 2014 – 30. april 2016 vert det avsett til saman 35 mill. kroner til kompetanseutvikling. Avsetjinga skal i hovudsak gå til å styrke verksemdene si kompetanseutvikling. Det vert foreslått løyvd 17,5 mill. kroner av avsetjinga i 2014. Dei resterande 17,5 mill. kroner vil verte foreslått løyvd på statsbudsjettet for 2015.
Kap. 0503 Midlar til opplærings- og utviklingsarbeid
Post 70 Tilskot
Departementet foreslår at tilskotet vert auka med 7,2 mill. kroner. Ein har rekna ut summen med bakgrunn i talet på årsverk og lønsmasse i statleg tariffområde per 1. oktober 2013.
Kap. 2309 Tilfeldige utgifter
Post 01 Driftsutgifter
Det er avsett midlar til dekning av meirutgiftene ved lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet mv. Løyvinga under kap. 2309 Tilfeldige utgifter vil verte redusert i samband med proposisjonen om ny saldering av statsbudsjettet 2014 til hausten.