5 Vurdering
Det er viktig for Noreg å delta i arbeidet med komitologi for å sikre at norske synspunkt og interesser vert varetekne i den kontinuerlege forvaltinga og vidareutviklinga av Schengen-regelverket. Praksisen som har utvikla seg til no, og som avtalen baserer seg på, har ikkje bydd på problem for Noregs deltaking.
Justis- og politidepartementet tilrår at Noreg inngår avtale mellom EU og Island, Liechtenstein, Noreg og Sveits om deltakinga til desse statane i arbeidet i komiteane som assisterer Europakommisjonen under Schengen-regelverket. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.