1 Innleiing
I samanheng med Revidert nasjonalbudsjett 2014 foreslår regjeringa følgjande endringar i skatte- og avgiftsreglane som har provenyverknad for 2014:
Avgifta på båtmotorar blir fjerna frå 1. juli 2014. Forslaget er anslått å gi eit provenytap på om lag 100 mill. kroner påløpt og 90 mill. kroner bokført i 2014.
Kvoten for avgiftsfri import blir endra frå 1. juli 2014 slik at avgiftsfri kvote for tobakkvarer kan bytast i 1,5 liter avgiftsfri vin eller øl. Forslaget er anslått å gi eit provenytap på om lag 100 mill. kroner påløpt og 80 mill. kroner bokført i 2014.
Treforedlingsindustrien får redusert sats i elavgifta frå 1. juli 2014 som ei mellombels ordning. Ordninga vil gjelde fram til ESA eventuelt har godkjent notifikasjon om vidareføring av dagens fritak. Forslaget er anslått å gi eit auka proveny på om lag 8 mill. kroner påløpt og 4 mill. kroner bokført i 2014. Dersom ESA godkjenner ei vidareføring av fritaket frå 1. juli 2014, vil treforedlingsindustrien få avgifta refundert.
Dei foreslåtte endringane i skatte- og avgiftsopplegget inneber ein samla reduksjon i provenyet på om lag 165 mill. kroner påløpt og 140 mill. kroner bokført i 2014 samanlikna med saldert budsjett for 2014. Dette inkluderer auka proveny som følgje av utsett iverksetjing av fritak for meirverdiavgift for leasing av elbilar og omsetning av batteri til elbilar.
I tillegg foreslår regjeringa å utvide overgangsregelen til endringa i friinntekta i petroleumsskatten for samla prosjekt for utbygging og transport. Det blir òg foreslått å innføre ei tidsavgrensing slik at overgangsregelen endeleg sluttar å gjelde frå og med inntektsåret 2021. Forslaget er anslått å redusere overføringane til Statens pensjonsfond utland med om lag 35 mill. kroner påløpt og 30 mill. kroner bokført i 2014.
Regjeringa foreslår òg enkelte andre endringar på skatte- og avgiftsområdet:
Inntekter som har sitt opphav i solidaransvaret for arbeidsgivarplikter etter skipsarbeidslova, overfor arbeidstakarar m.m. i ikkje tillaten verksemd eller overfor arbeidstakarar m.m. om bord på ikkje tillatne fartøy, skal skattleggjast på same måte som finansinntekt innanfor reiarlagskatteordninga.
Det blir gjort endringar i meirverdiavgiftsreglane for frivillig registrerte for utleige av fast eigedom m.m. slik at søknadskravet for allereie avgiftsregistrerte blir oppheva. Vidare blir verknadstidspunktet endra slik at utleigarane får noko lengre tid til å områ seg.
Opplysningar om kven som har søkt i skattelista blir gjort tilgjengeleg for skattytar elektronisk på skatteetaten.no. Endringane får verknad for skattelistene for inntektsåret 2013, som blir lagt ut hausten 2014.
Offentleglova § 26 blir endra slik at det blir klarare at alle opplysningar i aksjonærregisteret til Skatteetaten er unntekne frå innsyn.
Det blir innteken ei føresegn i folketrygdlova om offentleggjering av differensiert arbeidsgivaravgift. Differansen mellom avgift rekna etter full sats og redusert sats skal gjerast offentleg, og opplysningane blir gjorde tilgjengelege på skatteetaten.no.
Det blir gitt ei overgangsføresegn i a-opplysningslova som gir departementet heimel til i forskrift å fastsetje særskilde reglar om tilpassa innføring og prøvedrift.
Det blir innteken ei føresegn i likningslova § 2-1 om at departementet kan nemne opp særskilde skattekontor for handsaming av bestemde grupper av skattytarar.
Det blir gjennomført enkelte klargjeringar og opprettingar utan realitetsendringar i lovtekst.
I denne proposisjonen legg Finansdepartementet fram forslag til:
lov om endringar i lov 13. juni 1980 nr. 24 om ligningsforvaltningen (ligningsloven)
lov om endring i lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (folketrygdloven)
lov om endringar i lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt (skatteloven)
lov om endringar i lov 17. juni 2005 nr. 67 om betaling og innkreving av skatte- og avgiftskrav (skattebetalingsloven)
lov om endring i lov 19. mai 2006 nr. 16 om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova)
lov om endring i lov 21. desember 2007 nr. 119 om toll og vareførsel (tolloven)
lov om endringar i lov 19. juni 2009 nr. 58 om merverdiavgift (merverdiavgiftsloven)
lov om endring i lov 22. juni 2012 nr. 43 arbeidsgivers innrapportering av ansettelses- og inntektsforhold med mer (a-opplysningsloven)
lov om endringar i lov 21. juni 2013 nr. 66 om endringar i lov 13. juni 1975 nr. 35 om skattlegging av undersjøiske petroleumsforekomster m.v.
vedtak om endring i Stortingets vedtak 5. desember 2013 om avgift på båtmotorer for budsjettåret 2014
vedtak om endringar i Stortingets vedtak 5. desember 2013 om avgift på elektrisk kraft for budsjettåret 2014