2 Programkategori 21.10 Luftfartsformål
2.1 Konkurranseutsetting av tårn- og sikringstenester
I Sundvolden-erklæringa går det fram at regjeringa vil konkurranseutsette tårn- og sikringstenester. I dag driv Avinor AS ei samla flysikringsteneste for den sivile og militære luftfarten. Samferdselsdepartementet har sett i gang eit arbeid for å vurdere kva for tenester innanfor flysikring som eignar seg for konkurranseutsetting. Departementet vil i samarbeid med m.a. Avinor og Luftfartstilsynet vurdere juridiske, økonomiske, beredskapsmessige og organisatoriske sider ved ei konkurranseutsetting og utarbeide ein framdriftsplan for arbeidet. Ved ei opning av den norske marknaden for konkurranse vil det òg vere eit spørsmål om det skal opnast for at flysikringstenesta i Avinor kan konkurrere i andre land.
2.2 Omdanning av flysikringstenesta i Avinor til eit dotterselskap
I Meld. St. 38 (2012–2013) Verksemda til Avinor AS, jf. Innst. 492 S (2012–2013), slutta Stortinget seg til at Avinor kunne skilje ut Flysikringsdivisjonen i selskapet som eit dotterselskap der Avinor eig alle aksjane. Ei slik utskiljing vil vere eit viktig skritt på vegen mot å kunne opne for konkurranse om tårntenester.
Samferdselsdepartementet gjennomførte omdanninga gjennom eit vedtak om fisjon og emisjon i ei ekstraordinær generalforsamling i Avinor AS 23. april 2014. Departementet vedtok at Flysikringsdivisjonen blir fisjonert frå morselskapet Avinor AS og lagt inn i eit nytt aksjeselskap eigd av Samferdselsdepartementet. Samstundes blir det nye selskapet overført tilbake til Avinor som eit såkalla tingsinnskot ved ein emisjon. Omdanning gjennom fisjon og emisjon er ein teknisk framgangsmåte, som i sum ikkje endrar statens eigarposisjon i Avinor AS. Ved emisjonen blir aksjekapitalen sett opp tilsvarande det han blir sett ned i samband med fisjonen. Dermed er både staten sin aksjekapital og den innskotne eigenkapitalen i Avinor AS den same som før omdanninga.
2.3 Endra utbyttepolitikk for Avinor AS
Avinor AS har bedt Samferdselsdepartementet om å få styrkt eigenkapitalen med 2 mrd. kr. Selskapet har m.a. vist til at ei avklaring av dei finansielle rammevilkåra for konsernet er avgjerande for behandlinga i styret av vidare framdrift for terminal 3-prosjektet på Flesland. Avinor har lagt opp til ei vesentleg resultatforbetring i åra som kjem, medrekna ei omfattande effektivisering på kostnadssida.
For å gi Avinor betre insentiv til å drive kostnadseffektivt vil Samferdselsdepartementet endre utbyttekravet for selskapet i rekneskapsåra 2014–2017. For desse åra vil det bli teke utbytte på 50 pst. for resultat opp til 1 mrd. kr, medan det for resultat som overstig dette beløpet ikkje vil bli teke utbytte. I praksis vil derfor ikkje utbyttet i 2015–2018 kunne bli høgare enn 500 mill. kr det enkelte år. Dette vil gi selskapet større handlingsrom i ein periode med store investeringar.
Samferdselsdepartementet vil vurdere utbyttepolitikken frå og med rekneskapsåret 2018 i neste eigarmelding om Avinor.
Departementet tek ikkje stilling til enkeltprosjekt i Avinors investeringsplan. Avinor må sjølv vurdere framdrift og gjennomføring av investeringsprosjekta innanfor rammene av eigenkapitalsituasjonen i selskapet og i lys av lønnsemda til prosjekta, krav frå styresmaktene og samfunnsoppdraget.