Prop. 97 S (2013–2014)

Ein del saker om luftfart, veg og jernbane

Til innhaldsliste

Forslag
til vedtak om ein del saker om luftfart, veg og jernbane

I

Stortinget samtykkjer i at Samferdselsdepartementet får fullmakt til å gjennomføre desse investeringsprosjekta som er omtalte i denne proposisjonen :

  1. E16 Sandvika – Wøyen innanfor ei kostnadsramme på 4 210 mill. kr

  2. E39 Eiganestunnelen innanfor ei kostnadsramme på 3 170 mill. kr

  3. E6 Indre Nordnes – Skardalen innanfor ei kostnadsramme på 1 210 mill. kr

  4. dobbeltspor Sandnes – Stavanger innanfor ei kostnadsramme på 2 675 mill. kr

  5. forsterka straumforsyning på Ofotbanen innanfor ei kostnadsramme på 173 mill. kr

  6. nytt dobbeltspor Oslo – Ski innanfor ei kostnadsramme på 26 300 mill. kr.