St.meld. nr. 25 (2006-2007)

Om Noregs deltaking i den 61. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 60. generalforsamlinga i FN

Til innhaldsliste

2 Statsminister Jens Stoltenbergs tale ved overleveringa av rapporten «Delivering as One» (Levere saman som ein)

Dei sameinte nasjonane, New York, 9. november 2006

President

Generalsekretær

Då eg blei beden om å sitje som medleiar for dette panelet, nølte eg først og spurde meg sjølv om ei slik oppgåve kunne sameinast med dei pliktene eg har som norsk statsminister.

Eg kom til at eg skulle takke ja. Det var viktig at ein i prosessen fekk med synspunkta til eit gjevarland som var positivt innstilt til FN, og slike synspunkt har eg hatt med meg. Noreg har planar om å gje 0,97 prosent i bistand neste år. Vi nådde målet om 0,9 prosent for fleire år sidan.

Eg representerer dessutan eit land som er av dei sterkaste tilhengjarane av FN og av dei største gjevarlanda reelt sett. Vi høyrer til dei mange rundt om i verda som djupt og inderleg ønskjer eit meir effektivt FN. Eit FN som verkeleg er ein stad der framifrå dugleik er samla.

Eg trur at andre gjevarland òg vil fornye dei pliktene dei har overfor FN og vere meir positivt innstilte til å auke midlane sine til FN-aktivitetar dersom FN blir modernisert.

Dersom FN viser til betre resultat,

som kjem dei svake og fattige til gode,

for midlar som det kan gjerast greie for,

og dersom FN blir evaluert på uavhengig grunnlag.

Dersom FN held fram med å betre resultata sine når det gjeld å nå tusenårsmåla

og andre utviklingsmål som det er semje om internasjonalt.

Då – vil det vere lettare å velje FN når det gjeld auka, langsiktig finansiering.

I dag blir all leiing, offentleg som privat, målt mot dei resultata leiarane kan vise til, og dei må fornye tillitsforholdet til eigarane sine.

Det er de, medlemsstatane, som er eigarane, og de fortener å sjå resultata og å halde FN ansvarleg.

***

Det er opp til dykk å godta eller forkaste mange av dei tilrådingane vi legg fram. Men stilt overfor eit tvingande behov for reform, vil det vere svært radikalt å forkaste dei.

Og hugs dette: Vi tilrår ikkje at den same løysinga skal nyttast i alle land. Vi er klare over at det er skilnader mellom land, og over prinsippet om nasjonalt eigarskap.

Vi krev betre samanheng og sterkare samordning både innanfor dei enkelte landa og i hovudkvarteret, vi krev at unødvendig dobbeltarbeid blir fjerna og at det blir teke i bruk ein forretningspraksis basert på arbeidsinnsats og måling av resultat, og vi krev langsiktig finansiering som kan stadfestast på førehand.

Visjonen vår er at FN skal framstå som ei einskapleg eining innanfor områda utvikling og humanitær hjelp og når det gjeld miljøet, basert på landa sine eigne behov og prioriteringar.

Hovudsaka i rapporten vår er at det skal opprettast eit einskapleg FN på landnivå, med ein leiar, eitt program, eitt budsjett og eitt kontor, der det lèt seg gjere.

Vi treng å støtte dette ved å betre styresettet på hovudkvartersnivå.

Det å opprette eit FN-styre for berekraftig utvikling der det blir utnemnt ein utviklingskoordinator for FN, vil føre til samordning, samanheng og oversyn på hovudkvartersnivå. Styret skal avløyse dei felles styra til utviklingsorganisasjonane.

Styret skal ta avgjerder,

gje si tilslutning til landprogram, og

dele ut midlar frå frivillige bidrag.

Det skal setje i gang uavhengig evaluering

og vere pådrivar for samordning og samanheng.

Det skal rapportere til ECOSOC.

Ein må bli meir effektive ved hjelp av betre forretningspraksis i alle ledd.

Det ein eventuelt sparer, skal kanaliserast attende til landprogramma. Annan forretningspraksis, som personalpolitikk, medrekna det å oppmuntre til mobilitet, planlegging og resultatbasert leiing, einskaplege datasystem m.m. skal oppgraderast og harmoniserast i heile FN-systemet som ein pådrivar for å betre arbeidsinnsatsen og betre resultata.

Ved å opprette ei finansieringsmekanisme for tusenårsmåla vil vi skaffe fleirårig finansiering til FNs landprogram – og som leiande prinsipp – finansieringa skal baserast på arbeidsinnsats og resultat.

Når det gjeld humanitær hjelp, bør FN spele ei sterkare rolle i samordninga mellom styresmaktene og dei frivillige organisasjonane. Eit fullfinansiert nødhjelpsfond vil vere avgjerande.

Når det gjeld miljøet, ønskjer vi å opprette eit miljøprogram for Dei sameinte nasjonane som den sentrale miljøsøyla i FN-systemet.

Og vi har føreslått ei sterkare røyst for kvinner.

Ei dynamisk, uavhengig FN-eining for likestilling og for å styrkje kvinna si stilling bør opprettast ved å slå saman dei tre eksisterande FN-einingane – UNIFEM, «Office of the Special Adviser on Gender Issues» og FNs «Division for the Advancement of Women». Ei slik ny eining skal ha ei sterkare normativ rolle og ei sterkare rolle som pådrivar, og ei målretta programverksemd. Likestillingseininga skal være fullfinansiert og ambisiøst finansiert.

Vi har hatt nokre diskusjonar om kva som ligg i omgrepet ambisiøs. Det var mange som meinte at 200 millionar dollar var ein passanda sum. Andre syntes det var for småleg. Vi blei samde om ikkje å nemne nokon sum.

Likestilling skal frå no av vere ein integrert del av alle FN-aktivitetar, ikkje minst i programma for eitt FN på landnivå, og ansvaret skal framleis liggje hos alle FN-organisasjonane. Vi tilrår at den nye eininga blir leidd av ein visegeneralsekretær. Eit slikt løft for likestillingssaker skulle ha komme for lenge sidan. Det er no opp til FN å treffe dei tiltaka som trengs for å rette på dette.

Som avslutning er det ei ære for meg å dele dette podiet med generalsekretæren og å takke han for det han gjer for menneskja.

Det er ei ære å vere under Dykkar leiing, fru president, i denne avgjerande tida med endring i FN.

Og det har vore ei ære å få arbeide saman med mine medleiarar, respekterte leiarar som Shaukat Aziz, Pakistans statsminister og Luisa Diogo, Mosambiks statsminister.

Samarbeidet vårt har òg ført Pakistan, Mosambik og Noreg enda nærare kvarandre, og eg er svært takksam for å ha fått høve til dette.

Takk for merksemda.

Til forsida