St.meld. nr. 25 (2006-2007)

Om Noregs deltaking i den 61. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 60. generalforsamlinga i FN

Til innhaldsliste

2 Konstituering og val

2.1 Avslutning av den 60. generalforsamlinga

Den 60. generalforsamlinga blei formelt avslutta 11. september 2006.

2.2 Oppnemning av delegasjon til den 61. generalforsamlinga

Til å representere Noreg på FNs 61. generalforsamling blei denne delegasjonen oppnemnd:

  • Statsminister Jens Stoltenberg, leiar

  • Utanriksminister Jonas Gahr Støre, nestleiar

  • Ambassadør Johan Ludvik Løvald

Stortingsrepresentantar:

Første del av sesjonen

Ingebrigt S. Sørfonn

Olemic Thommessen

Sonja Mandt-Bartholsen

Torfinn Opheim

Solveig Horne

Anna Ljunggren

Andre del av sesjonen

Trond Helleland

Hallgeir H. Langeland

Jon Jæger Gåsvatn

Kåre Fostervold

Saera Khan

Thomas Breen

Observatørar:

Landsorganisasjonen i Noreg, LO

Næringslivets hovudorganisasjon, NHO

FOKUS

FN-sambandet

Noregs Fredsråd

Flyktninghjelpa

EURO Juris

2.3 Organisering av den 61. generalforsamlinga

Den 61. generalforsamlinga blei opna 12. september 2006. Generaldebatten byrja 19. september og blei avslutta 27. september.

2.4 Konstituering og val

Den 61. generalforsamlinga valde Haya Rashed Al Khalifa, tidlegare juridisk rådgjevar for kongefamilien i Bahrain, til president. Den 61. generalforsamlinga valde desse fem landa som nye, ikkje faste medlemmer av Tryggingsrådet for perioden 2007–2008: Belgia, Indonesia, Italia, Panama og Sør-Afrika. Den 61. generalforsamlinga valde desse 18 statane som nye medlemmer av ECOSOC for perioden 2007–2009: Algerie, Barbados, Bolivia, Canada, El Salvador, Filippinane, Kviterussland, Indonesia, Irak, Kapp Verde, Kasakhstan, Luxembourg, Malawi, Nederland, Romania, Somalia, Sudan og USA.

Den 61. generalforsamlinga valde følgjande nye medlemmer til Folkerettskommisjonen: Ali Mohsen Fetais Al-Marri (Qatar), Ian Brownlie (Storbritannia), Lucius Caflisch (Sveits), Enrique Candioti (Argentina), Pedro Comissario Afonso (Mosambik), Christopher Dugard (Sør-Afrika), Paula Ventura de Carvalho Escarameia (Portugal), Salifou Fomba (Mali), Giorgio Gaja (Italia), Zdzislaw W. Galicki (Polen), Hussein A. Hassouna (Egypt), Mahmoud D. Hmoud (Jordan), Marie Jacobsson (Sverige), Maurice Kamto (Kamerun), Fathi Kemicha (Tunisia), Roman Anatolyevitch Kolodkin (Russland), Donald McRae (Canada), Teodor Viorel Melescanu (Romania), Bernd H. Niehaus (Costa Rica), Georg Nolte (Tyskland), Bayo Ojo (Nigeria), Alain Pellet (Frankrike), A. Rohan Perera (Sri Lanka), Ernest Petric (Slovenia), Gilberto Vergne Saboia (Brasil), Narinder Singh (India), Eduardo Valencia-Ospina (Colombia), Edmundo Vargas Carreño (Chile), Marcelo Vázquez-Bermudez (Ecuador), Amos S. Wako (Kenya), Nugroho Wisnumurti (Indonesia), Hanqin Xue (Kina) og Chusei Yamada (Japan) for den neste femårsperioden. Ein vellukka felles nordisk kampanje førte til at den nordiske kandidaten, Marie Jacobsson, blei vald inn med god margin.

Til forsida