3 Mål og prinsipp i Den kulturelle skulesekken
3.1 Presisering av mål og prinsipp
Den kulturelle skulesekken er ei nasjonal satsing der kultur- og opplæringssektoren samarbeider om å medverke til at elevar i skulen får oppleve, kan gjere seg kjende med og utvikle forståing for profesjonelle kunst- og kulturuttrykk av alle slag.
I dag nyttar vi omgrepet Den kulturelle skulesekken om den profesjonelle kunst- og kulturformidlinga i skulen som følgjer målsetjingane i Den kulturelle skulesekken, jamvel om ikkje alt vert finansiert av spelemidlane. Eit døme er skulekonsertane til Rikskonsertane, som har eksistert sidan slutten av 1960-talet. Mesteparten av midlane til skulekonsertane kjem gjennom ordinære løyvingar.
Måla for Den kulturelle skulesekken skal vere:
å medverke til at elevar i skulen får eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod
å leggje til rette for at elevar i skulen lettare skal få tilgang til, gjere seg kjende med og utvikle forståing for kunst- og kulturuttrykk av alle slag
å medverke til å utvikle ei heilskapleg innlemming av kunstnarlege og kulturelle uttrykk i realiseringa av skulen sine læringsmål.
Når det gjeld målformuleringane i St.meld. nr. 38 (2002–2003) Den kulturelle skulesekken , er det gjort nokre få endringar. Ei målsetjing la vekt på at elevane skulle «få eit positivt forhold til kunst- og kulturuttrykk». Det er ikkje alltid at møte med kunst og kultur gjer at ein vert positivt innstilt. Kunsten skal òg forarge og provosere, og den nye formuleringa vil ivareta dette aspektet på ein betre måte. Etter at det er opna for å utvide ordninga til òg å femne om elevar i vidaregåande skule, er ’grunnskulen’ bytt ut med ’skulen’.
Den kulturelle skulesekken skal utformast og uavlateleg vurderast ut frå eit sett med prinsipp for ordninga:
Varig ordning : Den kulturelle skulesekken skal vere ei varig ordning for elevar i skulen.
For alle elevar : Den kulturelle skulesekken skal femne om alle elevar i grunnskulen og den vidaregåande opplæringa, uavhengig av kva skule dei går på og kva økonomisk, sosial, etnisk og religiøs bakgrunn dei har.
Realisere mål i læreplanverket : Innhaldet i kunst- og kulturtilboda i Den kulturelle skulesekken skal medverke til å realisere skulen sine mål slik dei kjem til uttrykk i den generelle delen i læreplanverket og i dei ulike læreplanane.
Høg kvalitet : Elevane skal møte profesjonelle kunst- og kulturtilbod med høg kunstnarleg kvalitet.
Kulturelt mangfald : Den kulturelle skulesekken skal omfatte ulike kunst- og kulturuttrykk med røter i eit mangfald av kulturar og frå ulike tidsperiodar.
Breidd e: Både musikk, scenekunst, visuell kunst, film, litteratur og kulturarv skal vere representerte i Den kulturelle skulesekken. Det skal vere variasjon i formidlingsmåtane.
Regularitet : Elevane skal sikrast eit regelmessig tilbod på alle klassetrinn.
Samarbeid kultur–skule : Arbeidet med Den kulturelle skulesekken skal skje i eit godt samarbeid mellom kultur- og opplæringssektoren på alle nivå. Det skal sikrast god forankring og tid til planlegging i skulen.
Rollefordeling kultur–skule : Opplæringssektoren har ansvaret for å leggje føre- og etterarbeid pedagogisk til rette for elevane, medan kultursektoren har ansvaret for kulturinnhaldet i Den kulturelle skulesekken og for å informere om innhaldet i god tid.
Lokal forankring og eigarskap : Den kulturelle skulesekken må forankrast lokalt, i den enkelte skulen, kommunen og fylket. Dette sikrar lokal entusiasme og gjev rom for mange lokale variantar, slik at alle skal kunne kjenne eigarskap til Den kulturelle skulesekken.
3.2 Samarbeidet og arbeidsdelinga mellom kultur- og opplæringssektoren
Evalueringa av Den kulturelle skulesekken spør om det er mogeleg å sameine opplæringssektoren og kultursektoren i ei felles forståing av kva som er målsetjingane med Den kulturelle skulesekken. Evaluator hevdar at dei gjeldande måla og prinsippa for ordninga opnar for eit mangfald av tolkingar, og at dette har medverka til låg systemforståing om Den kulturelle skulesekken. I evalueringa vert det konkludert med at ein bør ta stilling til om Den kulturelle skulesekken skal vere eit kulturpolitisk tiltak som vert tilbode skulen, eller om skulen skal vere delaktig, med ansvar og mynde som følgjer med.
Departementet meiner det er fullt mogeleg å skape ei felles forståing av målsetjingane med Den kulturelle skulesekken på tvers av opplæringssektoren og kultursektoren. Det er også mogeleg å etablere ei praktisk arbeidsdeling.
Den kulturelle skulesekken er ei stor kultur- og skulepolitisk satsing. Ordninga er tufta på eit nært samarbeid mellom to samfunnssektorar med til dels ulike mål, tradisjonar og språk. Opplæringssektoren har definerte styringsliner og politisk vedtekne læreplanar som gjeld for alle, medan ein i kunst- og kultursektoren ofte har meir uformelle strukturar og står friare til å velje mål for verksemda.
Departementet meiner at dei to sektorane både kan utfylle kvarandre og inspirere kvarandre. Både kulturpolitiske og skulepolitiske mål skal liggje til grunn for ordninga. Måla og prinsippa for Den kulturelle skulesekken skal ta omsyn til og tilpasse seg læreplanverket for Kunnskapsløftet.
Likevel er det trong for å tydeleggjere kva Den kulturelle skulesekken står for i høve til annan aktivitet innanfor kunst- og kulturområdet i skulen.
Gjennom Den kulturelle skulesekken skal elevar i grunnskulen, og etter kvart den vidaregåande skulen, få møte profesjonell kunst og kultur i alle sjangrar. Den kulturelle skulesekken er oppretta for å sikre at desse møta finn stad, og at dei er tufta på kvalitet og profesjonalitet. Det er kultursektoren som har ansvaret for å produsere tilbod i Den kulturelle skulesekken.
Den kulturelle skulesekken skal vere ein del av skulens arbeid med kunst og kultur, men skal ikkje femne om alt av kulturaktivitetar i skulekvardagen. Den kulturelle skulesekken skal ikkje vere ei erstatning for estetiske fag eller andre fag i skulen, men kome i tillegg. Kunstnarane og kulturarbeidarane skal ikkje gå inn i skulen og erstatte lærarane, men vere kunstnarar og kulturarbeidarar fullt og heilt. Ved at kunstnarar og kulturarbeidarar kjem inn i skulen eller at skulen vitjar kulturinstitusjonar, vert kulturkompetansen i skulen styrka. Det vert også opna for å nytte kunstnarlege og kulturelle uttrykk på ein ny måte i skulen. Eit godt samarbeid mellom kultursektoren og opplæringssektoren er ein føresetnad dersom dette skal medverke til å auke kulturkompetansen i skulen.
Sjølv om den kulturelle skulesekken skal ta omsyn til skulen sine planar, skal Den kulturelle skulesekken vere noko særskilt eller ekstraordinært. Den kulturelle skulesekken skal syte for dei ekstraordinære kunst- og kulturopplevingane i skulekvardagen. Samstundes er det viktig at born og unge kjenner at Den kulturelle skulesekken er ein naturleg del av skulen, og at elevane er fortrulege med at innhaldet også heng saman med den generelle læreplanen og faga dei har undervisning i. Det kviler eit ansvar på skulen og lærarane, slik at Den kulturelle skulesekken inngår i og vert tilpassa planane til skulen.
Ofte er kunst- og kulturuttrykka mangetydige, og det er ikkje alltid mogeleg å vite på førehand kva for reaksjonar, opplevingar eller læring dei gjev. Møte med profesjonell kunst og kultur skal medverke til den kontinuerlege utviklingsprosessen hjå born og unge. I vidareutviklinga av ordninga må det dannast ei felles forståing i båe sektorane om at kunst- og kulturopplevingar kan vere eit viktig supplement til den ordinære undervisninga, i heile grunnopplæringa og i vidaregåande opplæring.
I dette arbeidet må kultursektoren vere lydhøyr for eigenarten i skulen. Kultursektoren må ta ansvar for at innhaldet i kulturtilboda er kjent for skulen. I utdanningssektoren er det viktig at satsinga vert prioritert, slik at det vert planlagt i god tid før gjennomføring. Det er viktig at skulen legg til rette for og planlegg eventuelt pedagogisk arbeid i føre- og etterkant. Samarbeidet med skuleleiinga og læraren er svært viktig for at Den kulturelle skulesekken skal fungere i samsvar med målsetjingane. Det er avgjerande at skulen er positiv til å implementere Den kulturelle skulesekken på ein aktiv og inkluderande måte.
Boks 3.1 «Transparent realisme»
«Transparent realisme» er eit kunstprosjekt frå Nordnorsk kunstnarsenter. Elevar i femte klasse får ei omvising av glaskunstnaren Kari Malmberg. Omvisinga omfattar samtale om glas og kva det er lagd av, vurdering av dei utstilte kunstverka av glas, og til slutt teikning og gravering på glas med rettleiing frå kunstnaren. Skulen har vore budd på dette møtet, og alt er avtala på førehand. Kunstnaren synest det er inspirerande å møte elevane. Læraren som fylgjer elevane meiner det er viktig for elevane å møte kunstnarar og sjå korleis dei arbeider. Elevane får kunnskap, røynsler og ei god oppleving.
3.3 Lokalt og regionalt handlingsrom
Heilt sidan Den kulturelle skulesekken vart etablert, har det vore eit sentralt prinsipp at dei enkelte fylka og kommunane skulle få høve til å utarbeide sine eigne kulturelle skulesekkar i samsvar med lokale og regionale tilhøve, og utan for sterk statleg styring. I røynda kan det difor verke ugreitt å snakke om éin kulturell skulesekk. I landet finst det 19 fylkessekkar, 431 mindre kommunesekkar, ein Svalbardsekk, og dessutan mange tusen skulesekkar i dei enkelte skulane. Alle har ulike rutinar og praksis, og ulike røynsler og oppfatningar om Den kulturelle skulesekken. Departementet meiner at lokalt spelerom og engasjement er eit svært viktig prinsipp i Den kulturelle skulesekken.
Det skal vere mogeleg for alle aktørane å påverke Den kulturelle skulesekken, og slik kjenne at ein er med på å forme han. Samhandling på tvers av kultur- og opplæringssektoren sikrar kvalitet i innhald og formidling, overføring av kunnskap og kompetanseutvikling. Forvaltingsordninga føreset at både det kommunale og det regionale nivået, saman og kvar for seg, kan og vil tenkje heilskapleg i å bruke ressursane som finst i kulturinstitusjonane i regionen. Det er viktig å leggje til rette for og stimulere det frie feltet til å utvikle tilbod som kan inngå i Den kulturelle skulesekken. Dette er naudsynt for å kunne gje kvar einskild elev i grunnskulen eit kvalitativt godt kunst- og kulturtilbod.
3.4 Tilgjenge til Den kulturelle skulesekken
Alle elevar skal få opplæring tilpassa sine evner og dugleik. I evalueringsoppdraget vart NIFU STEP bede om å sjå nærare på korleis det vert lagt til rette for elevar med nedsett funksjonsevne og/eller funksjonshemming i Den kulturelle skulesekken.
Ut over den praktiske tilrettelegginga, syner evalueringa at det vert reflektert lite rundt elevar med funksjonsnedsetting eller funksjonshemming. Somme fylkeskommunar meiner at tilrettelegginga må skje på lokalt plan, altså at den enkelte kommunen og skulen har ansvaret. Andre fylkeskommunar hevdar at utdanningsavdelinga hjå Fylkesmannen lyt ta ansvar.
Kulturpolitikken skal leggje til rette for at alle kan oppleve eit mangfald av ulike kulturtilbod og kunstnarlege uttrykk. Det er eit overordna mål å sikre at personar med nedsett funksjonsevne skal ha same tilgjenge og høve til deltaking i kulturlivet som folk elles, både som publikum og som aktive deltakarar. For å nå denne målsetjinga er det viktig at alle nivå – både fylkeskommunar, kommunar og kvar einskild skule – er medvitne om at menneske har ulike føresetnader og ulike behov. Dette må kome fram i både planlegging, utforming, avgjerd og gjennomføring av Den kulturelle skulesekken.
Departementet vil også vise til opplæringslova § 1–2, der det står at opplæringa skal tilpassast evnene og føresetnadene hjå den enkelte eleven, lærlingen og lærekandidaten. Tilpassa opplæring skal prege alt som skjer i skulen. I opplæringslova § 9a-1 vert det også slått fast at alle elevar i grunnskular og vidaregåande skular har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.
Ansvaret for å oppfylle dette ligg hjå den enkelte skulen og kommunen eller fylkeskommunen som skuleeigar. Kommunen skal oppfylle retten til grunnskuleopplæring og spesialpedagogisk hjelp. Generelt vil det likevel vere naudsynt at alle som er med å forme Den kulturelle skulesekken, vurderer korleis ordninga kan tilpassast elevgruppa. Elevar med nedsett funksjonsevne er ikkje ei einskapleg gruppe. Kunst og kultur kan gje innsikt i andre og nye uttrykksformer, og såleis gje nye rom for meistring.