6 Særskilde satsingsområde i den vidare utviklinga av Den kulturelle skulesekken
6.1 Utviding av Den kulturelle skulesekken til vidaregåande opplæring
I ei utgreiing som ABM-utvikling gjorde på oppdrag frå Kultur- og kyrkjedepartementet i 2006, var konklusjonen at ein kulturell skulesekk er ynskjeleg både for barnehageborna og for elevane i vidaregåande opplæring. Regjeringa ynskjer å utvide Den kulturelle skulesekken til vidaregåande opplæring.
Elevar i vidaregåande opplæring er i ein fase av livet der viktige val vert fatta. Dette gjeld til dømes spørsmål om identitet, vidare utdanning og bustad. Kunst og kultur kan gje elevar i aldersgruppa 16–18 år verdfulle rom for refleksjon kring dei spørsmåla som dei er opptekne av. Vidare kan møte med kunst og kultur også gje elevar fellesopplevingar som skulekvardagen elles ikkje legg til rette for.
I prinsippa for opplæring i Kunnskapsløftet vert det vektlagt at elevane skal møte kunst- og kulturformer som uttrykkjer individualitet og fellesskap, og som stimulerer til kreativitet og nyskapande evner. Utvidinga av Den kulturelle skulesekken vil medverke til å sikre desse prinsippa i undervisninga. Kunnskapsløftet set grunnskulen og vidaregåande opplæring i samanheng, og den generelle delen av læreplanen og prinsipp for opplæringa gjeld for båe trinna. Sett i samband med grunnskulen kan den vidaregåande opplæring i større grad sjåast på som eit første steg mot yrkeslivet og vidare studium. Den vidaregåande opplæringa har fleire enkeltemne som elevane kan velje mellom, og lærarane er i større grad spesialiserte innanfor fagfelta sine.
Ungdom som har fullført grunnskulen eller tilsvarande opplæring, har etter søknad rett til tre års heiltids vidaregåande opplæring, jf. opplæringslova § 3-1. Det er fylkeskommunane sitt ansvar å oppfylle denne retten. For skuleåret 2005–2006 var det registrert om lag 180 000 elevar i vidaregåande opplæring (ekskludert lærlingar). Det finst om lag 500 vidaregåande skular i Noreg. Desse ligg i stor grad i byar og tettstader.
Mange fylkeskommunar har lenge formidla kunst og kultur til elevar i den vidaregåande opplæringa. Røynslene viser at det finst mange initiativ og tiltak innanfor kulturformidling til denne elevgruppa som meistrar å ta omsyn til dei føresetnadene som ligg i strukturen og innhaldet i opplæringa.
Ein kulturell skulesekk i vidaregåande opplæring skal, slik som i grunnskulen, vere forankra lokalt, både hjå skuleeigar og på den einskilde skulen. Sidan fylkeskommunane både er eigarar av dei vidaregåande skulane og administrerer Den kulturelle skulesekken på fylkesnivå, bør ei slik forankring vere enkel. Dette skulle tilseie at ressursbehovet per elev vil vere mindre. Samstundes er det viktig å få lærarane og skuleleiinga til å medverke aktivt til at kunst, kultur og kulturarv blir ein naturleg del av skulekvardagen.
For å lukkast med satsinga er det naudsynt å få til eit godt samarbeid mellom dei to sektorane, på same måten som i grunnskulen. Skulane må spele ei aktiv rolle, og fylkeskommunane må arbeide for å sikre forankringa i skulen, mellom anna ved å initiere nettverk. Planlegginga og gjennomføringa skal skje i eit samarbeid mellom kultur- og utdanningssektoren, der ansvarstilhøva er synleggjorde og avklarte.
I tilknyting til satsinga bør det frå fylkeskommunen si side vere planlagt kompetansehevande tiltak om kunst og kultur som er finansierte av eigne midlar. For å sikre lokal forankring er det viktig at også kommunane er involverte. I mange samanhengar kan det vere ynskjeleg å samordne kunst- og kulturtilbod til elevane i den vidaregåande skulen med det allmenne kunst- og kulturtilbodet i kommunen. Dette vil krevje samarbeid på lokalt nivå.
Det må takast omsyn til at prinsippet om tilpassa opplæring og at Den kulturelle skulesekken skal inngå i skulen si faglege verksemd, også gjeld for elevane i den vidaregåande opplæringa.
Den kulturelle skulesekken i vidaregåande opplæring skal sikre eit likeverdig tilbod for alle elevar, kjenneteikna av kvalitet og profesjonalitet. Ordninga skal dessutan spegle ei satsing på kulturelt mangfald.
I løpet av dei åra Den kulturelle skulesekken har eksistert i grunnskulen, er det samla mykje røynsle og kompetanse om feltet blant dei aktørane som har vore med, både hjå kunstnarar og kulturarbeidarar, i fylkeskommunar og kommunar og i skulen. Det er difor viktig å ta med denne kompetansen og røynslene i det vidare arbeidet for å utvide ordninga. Det er naudsynt å utvikle ei felles forståing av at kunst- og kulturopplevingar kan vere eit viktig supplement til den ordinære undervisninga, også i den vidaregåande opplæringa.
6.1.1 Pilotprosjekt i sju fylke
I 2007 er det sett i gang pilotprosjekt for ei utviding av Den kulturelle skulesekken i vidaregåande opplæring i Vest-Agder, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Hedmark, Oppland og Troms. Fylka har sjølve søkt om å delta. Departementet har sett følgjande krav til pilotprosjekta:
Prosjekta skal ta utgangspunkt i prinsippa om eit likeverdig tilbod til alle, kjenneteikna av kvalitet og profesjonalitet.
Planane skal gjenspegle ei satsing på kulturelt mangfald.
Prosjekta skal planleggjast og gjennomførast i samarbeid med utdanningssektoren. Ansvaret skal vere synleggjort og avklart.
I tilknyting til prosjekta skal det planleggjast kompetansehevande tiltak som er finansierte av andre midlar.
Hedmark og Oppland fylkeskommunar vil utarbeide eit felles opplegg for skulane i båe fylka, og slik utnytte den kompetansen dei har på best mogeleg måte. Fleire av fylkeskommunane vil starte med eit forprosjekt for nokre skular og utvide etter kvart. Nokre av fylkeskommunane har allereie tilbod til vidaregåande skular, men ynskjer å utvide.
Det er sett av 0,5 mill kroner til å evaluere pilotprosjektet.
Tabell 6.1 Fordeling av spelemidlar til pilotprosjekt i vidaregåande opplæring, 2007 (NOK)
Vest-Agder | 1 000 000 |
Hordaland | 685 000 |
Sogn og Fjordane | 500 000 |
Møre og Romsdal | 1 000 000 |
Hedmark/Oppland | 1 500 000 |
Troms | 800 000 |
Evaluering | 500 000 |
Kjelde: Kultur- og kyrkjedepartementet
6.2 Betre nettverksarbeid og møteplassar
Fylkesnettverket
Dei som har det daglege arbeidet med Den kulturelle skulesekken i fylka, har trong for å møte kvarandre og utveksle røynsler i arbeidet. Nettverket av fylkeskoordinatorar samlast to gongar årleg til nettverksmøte. Enkelte gongar deltek kontaktpersonar frå fylkesmannens utdanningskontor i fylka.
Innhaldet i nettverksmøta har vore alt frå praktiske utfordringar i arbeidet til faglege foredrag og kunstmøte. Fylkeskoordinatorane tok sjølve initiativ til nettverksmøta. Sekretariatet deltek no i større grad både i å planleggje og gjennomføre møta.
Det finst også andre nettverk, som storbynettverket for Den kulturelle skulesekken med deltaking frå Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger, Drammen, Tromsø, Fredrikstad og Kristiansand.
Møteplassar i fylka
Kvart fylke har også kulturtorg eller liknande møtestader for sine samarbeidspartnarar. Kulturtorga er for skulane, lærarar, kunstnarar, kulturinstitusjonar og andre. Korleis desse kulturtorga er organiserte, varierer frå fylke til fylke.
Nettverksmøte innanfor kunst- og kulturuttrykka
Kvart av kunst- og kulturuttrykka har årlege møteplassar. Norsk filminstitutt arrangerar kvart år eit seminar om Den kulturelle skulesekken i samband med Amandus-festivalen på Lillehammer. Rikskonsertane har årlege produsentsamlingar for alle som produserer og utviklar skulekonsertar. Norsk scenekunstbruk har dei siste åra arrangert Showbox med visningar av ny scenekunst og eit fagseminar. Nasjonalmuseet arrangerer kunsttorg for sine aktørar.
Sekretariatet har dei siste åra samarbeidd med Festspela i Bergen om arrangementet Nystemt. Festspela er arena for visningar av gode produksjonar i Den kulturelle skulesekken. Det vert også arrangert eit fagseminar som samlar deltakarar frå heile landet. Publikum ved visningane er skuleelevar i Bergensdistriktet og seminardeltakarane. Nystemt er ein viktig møteplass for aktørar i Den kulturelle skulesekken.
Nettverk for nasjonale kulturaktørar
Nokre nasjonale aktørar i Den kulturelle skulesekken har på eige initiativ danna eit nettverk kalla Riksforum. Nettverket utvekslar informasjon og tar opp ulike emne og spørsmål knytte til Den kulturelle skulesekken.
Medlemmer i nettverket er Rikskonsertane, Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, Norsk scenekunstbruk, Norsk forfattersentrum, Norsk filminstitutt, Norsk kulturråd og Norsk Form. Sekretariatet for Den kulturelle skulesekken deltek i møta. Kulturarvfeltet er førebels ikkje med i Riksforum.
Riksforum er ein viktig møteplass for å utvikle kvaliteten på innhaldet i Den kulturelle skulesekken, og nettverket representerer ein viktig samordningsfunksjon. Nettverket er med på nettverksmøta for fylkeskoordinatorane, og har jamleg kontakt med sekretariatet i spørsmål knytte til innhaldet i Den kulturelle skulesekken.
Norsk filminstitutt påpeikar i si høyringsfråsegn at det er viktig for statlege kulturinstitusjonar å ha eit nasjonalt blikk på aktivitetar innanfor dei ulike uttrykka i Den kulturelle skulesekken. På denne måten kan ein sikre ei jamn fordeling av gode, profesjonelle tilbod til heile landet. Nasjonalmuseet understrekar i si høyringsfråsegn at ein må halde fast ved kultursubstansen og det profesjonelle i Den kulturelle skulesekken. Rikskonsertane legg vekt på at alle aktørane innanfor Den kulturelle skulesekken skal evaluere og kvalitetssikre alle ledd i ordninga kontinuerleg. Norsk scenekunstbruk er òg oppteken av kvalitetssikringa, og Norsk kulturråd understrekar at både dei kunstfaglege og dei pedagogiske ambisjonane i Den kulturelle skulesekken må oppretthaldast.
Internasjonale nettverk og møteplassar
Internasjonale nettverk for kunst- og kulturformidling i skulesamanheng opnar for å utveksle røynsler og kunnskap og sjå eigen aktivitet i eit nytt perspektiv. Samarbeid på tvers av landegrensene gjer det også mogeleg å utveksle kunst og kultur samt kunstnarar, kulturarbeidarar og anna fagpersonell.
Både Kultur- og kyrkjedepartementet, Kunnskapsdepartementet, Utdanningsdirektoratet og sekretariatet for Den kulturelle skulesekken deltek i ulike internasjonale nettverk og forum.
Den kulturelle skulesekken er ei satsing som førebels har få parallellar i andre land. Ordninga har vekt stor interesse internasjonalt, særleg i Sverige og Danmark. På bakgrunn av denne interessa er det etablert eit nettverk for statlege aktørar i Norden som arbeider innanfor området kunst, kultur og skule. Deltakarar i nettverket er personar frå embetsverket i kultur- og utdanningsdepartementa i dei nordiske landa og kontaktpersonar frå nokre sentrale institusjonar i kvart land. Nettverket vil primært vere ein arena for informasjonsutveksling.
Nasjonalt senter for kunst og kultur vil bidra til å utveksle røynsler med andre nasjonar om kunst og kultur i opplæringa. Senteret vil også arbeide for eit samarbeid om kunst og kultur som eit ledd i regjeringa si satsing i nordområda. Dette arbeidet vil kunne stå i samanheng med å synleggjere kulturelt mangfald i Den kulturelle skulesekken.
Boks 6.1 Den kulturelle skulesekken i Sverige og på Færøyane
Den svenske regjeringa lanserte i 2007 satsinga «Skapande skola», etter modell av Den kulturelle skulesekken i Noreg. Ordninga er førebels retta mot ungdomsskulen.
I 2007 lanserte Kulturministeriet på Færøyane, Nordens Hus og den kommunale paraplyorganisasjonen FKS eit pilotprosjekt for å få levande kunst ut til folkeskulane i heile landet. Modellen er Den kulturelle skulesekken i Noreg.
Vidare utvikling
For å tryggje samhandling og best mogeleg utnytting av ressursane er det naudsynt å oppretthalde, stimulere og styrkje dei nettverka som er etablerte i Den kulturelle skulesekken.
I den vidare utviklinga av Den kulturelle skulesekken skal ein formalisere Riksforum – nettverket for nasjonale kulturaktørar. Eit vilkår er at alle uttrykka i Den kulturelle skulesekken er representerte i nettverket.
Det er også eit mål å formalisere fylkesnettverket. Sekretariatet vil ta eit større ansvar for møta i fylkesnettverket. Det vil også vere ein føremon å betre nettverksarbeidet innanfor dei ulike kunst- og kulturuttrykka. Nasjonale aktørar bør ta eit ansvar for nettverksarbeid innanfor sine fagområde. Det vil bli lagt vekt på å trekkje kulturminneforvaltinga med i dette samarbeidet.
Boks 6.2 Verdskonferanse om Arts Education i Portugal 2006
Også internasjonale organisasjonar erkjenner i aukande grad at kunst og kultur har ein sentral plass i utdanninga. I 2000 lanserte UNESCO ei oppfordring til alle land om å styrkje kunst og kreativitet i skulen. I mars 2006 vart det organisert ein verdskonferanse i Portugal om Arts Education. Konferansen hadde som mål å styrkje lærarutdanninga innan kunstfag og born og unge sin kreativitet. Konferansen vurderte også kunstens relevans i samtida, og drøfta korleis ein kan byggje partnarskap mellom skule, næringsliv og kunstmiljø. På konferansen, der over 1200 representantar frå 97 land deltok, vart også Den kulturelle skulesekken presentert.
6.3 Satsing på kompetanseutvikling
Kompetanseutvikling vert trekt fram som ei av dei store utfordringane i Den kulturelle skulesekken både i evalueringsrapporten, høyringsfråsegnene og i andre samanhengar. Det er behov for ulike typar kompetanse – både formidlingskompetanse, produksjonskompetanse og pedagogisk kompetanse.
Arbeidet med Den kulturelle skulesekken er i seg sjølv ein prosess der ein kontinuerleg tileignar seg kompetanse. Samstundes må ein arbeide målretta og systematisk for å byggje opp kompetansen om kunst- og kulturformidling hjå dei ulike aktørane. Kunstnarar, formidlarar og museumspedagogar og kulturarbeidarar treng meir kunnskap om målgruppa for Den kulturelle skulesekken og om å utvikle kvalitative produksjonar. Mange lærarar treng meir kunnskap om kunst- og kulturuttrykk på profesjonelt nivå, og korleis ein best mogeleg legg til rette for føre- og etterarbeid i samband med kunst- og kulturopplevingar.
Mange miljø, både i kultursektoren og i utdanningssektoren, arbeider i dag med kompetanseutvikling knytt til Den kulturelle skulesekken, men arbeidet vert ikkje alltid heilskapleg og målretta.
Nokre av dei sentrale kunstinstitusjonane, som Rikskonsertane, Norsk filminstitutt, Norsk scenekunstbruk, dei fem universitetsmusea, vitensentra Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design og ABM-utvikling, arbeider med kompetanseutvikling innanfor sine fagområde. Dette omfattar ikkje berre kompetansetiltak retta mot kultursektoren, men også tilbod retta mot opplæringssektoren. Det vert jamleg halde seminar og fagsamlingar for utøvarar, lærarar og andre som arbeider i tilknyting til Den kulturelle skulesekken.
Boks 6.3 Kompetansetiltak i Nasjonalmuseet
Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design har fleire kompetansetiltak for dei fylka som har rammeavtale med museet. Desse kompetansetiltaka er Kunsttorget, som er ei årleg samling for nettverket til Nasjonalmuseet med fagleg program, eit forum for formidlarar og ei produksjonssamling i Nasjonalmuseet. I tillegg arrangerer Nasjonalmuseet lærarseminar, og museet medverkar fagleg til kurs i kunstformidling til kunstnarar og kulturarbeidarar i dei fylka som er med i nettverket.
Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa i Bodø, skal mellom anna arbeide med etter- og vidareutdanning av tilsette i opplæringssektoren som arbeider med estetiske fag og kunstfag. Andre aktørar er til dømes Nettverk for estetiske fag og dei ulike interesseorganisasjonane for kunstfaga i skulen.
Spelemidlane til Den kulturelle skulesekken skal ikkje nyttast til kompetansehevande tiltak. Mange fylkeskommunar, kommunar og sentrale kunst- og kulturaktørar nyttar difor monaleg av eigne midlar til kompetanseutvikling. Mange av fylka har årlege kulturtorg og seminar for folk som arbeider i tilknyting til Den kulturelle skulesekken i sine regionar. Eit døme er Møre og Romsdal, som i mange år har arrangert kulturtorg for lærarar, kulturkontaktar i kommunane, kunstnarar og tilsette på kulturskulane. I nokre fylke, som til dømes Telemark, er fylkesmannen si utdanningsavdeling også med i planlegginga av det regionale kulturtorget. Samstundes vert det arrangert kompetansehevande kurs for kulturkontaktane i kommunane. Andre fylke har liknande ordningar.
Fylkesmannen har ei viktig oppgåve i å rettleie kommunane ved å kartleggje kompetansebehov i opplæringssektoren, å stimulere til samarbeid mellom skuleeigarar og andre fagmiljø, å føre tilsyn med kompetanseutviklinga hjå skuleeigarane og å fordele ressursane som finst til dette føremålet.
Vidare utvikling
Det er behov for å styrkje og samordne satsinga på kompetanseutvikling i arbeidet med Den kulturelle skulesekken både i opplæringssektoren og i kultursektoren. I den vidare utviklinga av Den kulturelle skulesekken skal det arbeidast målretta med ulik kompetanseutvikling. Fagkompetanse må utviklast hos dei faglege instansane.
6.4 Strategi for forsking og evaluering
Fram til no har Den kulturelle skulesekken ikkje hatt nokon overordna plan eller strategi for forsking og evaluering. Utover evalueringsrapporten frå NIFU STEP i 2006 er det ikkje initiert større forskingsarbeid frå sentralt hald, men det er sett av 0,5 mill kroner i 2007 for å evaluere innføringa av Den kulturelle skulesekken i vidaregåande opplæring. I ei så stor satsing som Den kulturelle skulesekken vil det alltid vere trong for forskings- og utviklingsarbeid. Dette vert stadfesta i rapporten Kunnskapsbehov i kultursektoren (Noregs forskingsråd, 2003) og utdjupa i grunnlagsnotatet Den kulturelle skolesekken – forsking, utvikling og evaluering (NIFU skriftsserie nr. 21/2003).
Grunnlagsnotatet tek til orde for ein type kunnskapsproduksjon i Den kulturelle skulesekken som både rettar seg mot å systematisere røynslene med ordninga og å utvikle meir teoribasert innsikt. Notatet skisserer vidare tema for forsking, og rår til at ein knyter kontakt med Noregs forskingsråd for å få ei samla vurdering av forskingsinnsatsen. Slik kan ein sikre heilskap, breidde og kvalitet i forskinga.
Forsking på kunst og kultur i relasjon til opplæringsfeltet er naudsynt. Forsking kan mellom anna fokusere på korleis kunst og kultur kan bidra til å nå mål i rammeplan og læreplanar med kompetansemål i dei ulike faga. Slik forsking kan medverke til at det vert utvikla nye metodar for arbeid med kunst- og kulturfag i opplæringa.
Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa skal vere basert på forskings-, forsøks- og utviklingsprosjekt i nær kontakt med studentar og lærarar. Senteret skal samarbeide med relevante fagmiljø nasjonalt og internasjonalt.
Vidare utvikling
Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet vil i fellesskap utarbeide ein strategi for korleis forskings- og evalueringsarbeid skal implementerast som ein fast del av arbeidet med Den kulturelle skulesekken i åra framover. Samstundes er det grunn til å tru at Den kulturelle skulesekken er eit spennande forskingsfelt uavhengig av dei prosjekta som måtte kome etter initiativ frå departementa.
6.5 Betre nettbaserte løysingar
Høyringsfråsegnene syner at det er stor semje om at gode nettbaserte løysningar kan gjere rapportering, informasjon, planlegging og logistikk i Den kulturelle skulesekken enklare. Aktørane etterlyser ei langsiktig satsing på gode føremålstenlege digitale verkty i Den kulturelle skulesekken.
System for rapportering
Det er viktig å framskaffe gode, kvalitetssikra data om Den kulturelle skulesekken i fylke og kommunar. For å få eit best mogeleg bilete av Den kulturelle skulesekken over heile landet har sekretariatet i samarbeid med ABM-utvikling og fylkeskommunane laga eit nettbasert rapporteringssystem for fylkeskommunane i Den kulturelle skulesekken. Rapporteringssystemet er knytt til ABM-utviklings arbeid med å hente inn statistikk på arkiv-, bibliotek- og museumsområdet. Rapporteringssystemet skal også hente inn tal frå kommunane.
Hausten 2007 har sekretariatet fått inn dei første rapportane frå fylkeskommunane. Førebelse tal på innhald og omfanget av fylka sine tilbod i skuleåret 2006–2007 er nærare gjort greie for i punkt 4.2. Førebelse tal på fylkeskommunane sine inntekter og utgifter i samband med kunst- og kulturformidling til barn og unge er gjennomgått i punkt 7.1. Gjennom rapporteringa har ein no fått eit visst oversyn over kva fylkeskommunane nyttar sin del av spelemidlane til, medan ein førebels ikkje har gode nok grunnlagstal for å vurdere innhaldet og omfanget av kommunane sine tilbod.
System for informasjon til skulane, planlegging og logistikk
I ei stor satsing som Den kulturelle skulesekken er det naudsynt å ha gode system for å planleggje og tinge turnear. For at tilboda skal kunne fungere godt i skulane, er det naudsynt at skulane får god og rett informasjon i tide, slik at dei kan leggje til rette og førebu både elevar og lærarar. Av di den einskilde kommunen og fylkeskommunen har eit sjølvstendig ansvar for å administrere og organisere Den kulturelle skulesekken, må dei sjølve velje kva informasjons-, planleggings- og logistikksystem dei vil ha.
I dag nyttast det fleire system for informasjon, turnéplanlegging og logistikk i Den kulturelle skulesekken. 14 fylkeskommunar nyttar det nettbaserte systemet KSYS. Dette systemet er utvikla i eit samarbeid mellom leverandøren og fleire fylkeskommunar. Dei resterande fem fylkeskommunane har utvikla eigne nettbaserte løysingar Også nokre av dei nasjonale aktørane i skulesekken nyttar KSYS. Dette gjeld til dømes Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design og Norsk forfattersentrum.
Slike nettbaserte system for informasjon, planlegging og logistikk og kan nyttast av mange. Skulane kan tinge tilbod og halde seg oppdaterte på kva som kjem av tilbod. Fylka kan leggje inn turnear, innhente informasjon om skuleruta og innhente og generere rapportar om økonomi og innhald. Dei nasjonale institusjonane kan leggje ut informasjon om tilbod og turnear. Slik blir disse systema verkty som gjer det enklare for alle aktørane å planleggje og dokumentere aktiviteten samt informere og kommunisere med kvarandre.
Nettstaden www.denkulturelleskolesekken.no
Nettstaden www.denkulturelleskolesekken.no gjev informasjon om Den kulturelle skulesekken, med lenkjer til dei største aktørane, fylkeskommunane, kommunane og andre relevante nettstader. Nettstaden syner aktuelle presseklipp og gjev informasjon om konferansar og samlingar knytte til Den kulturelle skulesekken. Nettstaden er ei viktig kjelde til informasjon om Den kulturelle skulesekken. Sekretariatet har ansvaret for innhaldet på nettstaden og ABM-utvikling har ansvaret for den tekniske drifta.
Vidare utvikling
Det er viktig å framskaffe gode og kvalitetssikra data om Den kulturelle skulesekken i fylke og kommunar. Det vil bli arbeidd vidare med å betre rapporteringsskjemaet og rapporteringsrutinane for ordninga. Særleg vil ein sjå nærare på korleis ein best mogeleg kan syte for at aktiviteten i kommunane kjem fram. Fylkeskommunane skal ha ansvaret for å framskaffe data frå kommunane, basert på eit standard rapporteringsskjema som alle kommunane skal nytte. Rapporteringa skal haldast på eit slikt nivå at staten har oversyn over korleis spelemidlane er brukte, men utan at det fører til ei for stor rapporteringsbør for kommunesektoren. Det er eit mål at dei årlege rapportane frå fylkeskommunane og kommunane skal kunne danne grunnlaget for ein publikasjon med statistikk om Den kulturelle skulesekken.
Det er også eit mål å hente inn informasjon om skulane sitt arbeid med Den kulturelle skulesekken. Dette kan gjerast gjennom GSI - grunnskulane sitt informasjonssystem.
For å sikre ei føremålstenlig utnytting av ressursane bør ein nasjonal aktør ta ansvar for å koordinere dei ulike nettbaserte systema for informasjon, planlegging og logistikk som fylkeskommunane og ulike kulturaktørar nyttar. Det er òg naudsynt med ein langsiktig strategi for å utvikle og halde slike system i drift.
Særleg bør ein vurdere om det er mogeleg å knyte dei ulike systema for informasjon, planlegging og logistikk nærare til nettstaden www.kulturnett.no, som er den offentlege internettportalen for kultur i Noreg. Kulturnett inneheld informasjon om arrangement, institusjonar og personar innanfor kunst- og kulturfeltet, og har mange fellestrekk med systema for informasjon, planlegging og logistikk som vert nytta i Den kulturelle skulesekken. Kulturnett er initiert av Kultur- og kyrkjedepartementet, og har fast drift i ABM-utvikling.
Departementet vil difor be ABM-utvikling om å koordinere og samordne systema for informasjon, planlegging og logistikk i Den kulturelle skulesekken. Systema skal også sjåast i samanheng med rapporteringssystemet for Den kulturelle skulesekken, Kulturnett, nettstaden for Den kulturelle skulesekken og nettstaden som Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa vil byggje opp. ABM-utvikling skal også vurdere tiltak for å sikre både drift og utvikling av verktya.
6.6 Ordningar for arbeidsavtalar og transport
I evalueringa og høyringsfråsegnene vert det peika på at fleire aktørar ynskjer ein nasjonal standard for mellom anna honorar og kontraktar. Det er for desse aktørane ein føremon at utøvarar og kunstnarar innanfor dei ulike kunstuttrykka har ordningar som kan samanliknast.
Avtalar om honorar er forhandla fram med dei ulike kunstnarorganisasjonane. Avtalane er ikkje alltid lett å samanlikne, men fylkeskommunane og nokre av dei sentrale aktørane i Den kulturelle skulesekken har gjennom lang tid samarbeidd om å harmonisere praksisane. Både fylkeskommunane og dei sentrale aktørane engasjerer kunstnarar og kulturarbeidarar i Den kulturelle skulesekken, og det er desse som må vere ansvarlege for innhaldet i avtalane.
Evalueringa og høyringsfråsegnene tar opp spørsmål knytte til transportordningar for elevane. Dersom elevane skal møte kunsten og kulturen på andre arenaer enn skulen, er det trong for ordna transport. I nokre fylke må skulane sjølve betale utgifter til transport i Den kulturelle skulesekken, medan dette andre stader inngår i ordninga og vert betalt av fylkeskommunen eller kommunen.
Statlege styresmakter kan ikkje detaljstyre korkje arbeidsavtalar eller transportordningar i Den kulturelle skulesekken, men kan berre peike på at det trengst harmoniserte og meir standardiserte løysingar, og oppmode fylka og kommunane til å arbeide vidare med spørsmåla. Departementet viser også til at fordelingsmodellen for spelemidlane mellom fylkekommunne tek omsyn til geografiske avstandar i det enkelte fylket.
6.7 Gullsekken – beste skule og beste produksjon
Den kulturelle skulesekken sin eigen pris, Gullsekken, vart delt ut for første gong under festspela i Bergen i mai 2007. Prisen er todelt, og vert delt ut til beste produksjon og beste skule i Den kulturelle skulesekken. Kvar prisvinnar mottek 100 000 kroner.
Boks 6.4 Beste skule i 2007
Svolvær barne- og ungdomsskole vann i 2007 Gullsekken for beste skule i Den kulturelle skulesekken. I grunngjevinga seier juryen mellom anna at skulen i mange år har arbeidd systematisk for å etablere vedvarande samband mellom skulen, vitjande kunstproduksjonar og skulens eigen kulturarena. Skulen har gjennom planar, organisering og kompetanse lagt til rette for å kunne ta i mot opplevingar og vitjingar utanfrå og integrere dei i skulekvardagen.
Prisen til beste produksjon går til ein produksjon som er mest mogeleg i tråd med måla og prinsippa for ordninga. Det skal vere høg kvalitet i alle ledd av produksjonen, både når det gjeld kunstnarlege og/eller kulturfaglege idear og innhald, teknisk og praktisk gjennomføring og tilrettelegging for aldersgruppa.
Prisen til beste skule går til ein skule som arbeider med Den kulturelle skulesekken i tråd med dei overordna måla og prinsippa for satsinga.
Fylkeskommunane, kommunane og eit utval av kunst- og kulturinstitusjonar gjer framlegg om priskandidatar. Prisvinnarane vert kåra av ein jury med representantar frå både kultur- og opplæringssektoren.
Prisen for 2007 gjekk til Svolvær barne- og ungdomsskole og til Kunstprosjektet Jam! av aksjonsgruppa adbusters i samarbeid med Nasjonalmuseet. Grunngjevingane frå juryen la vekt på at skulen arbeider systematisk for å integrere kunst og kultur i skulekvardagen. Prosjektet Jam! sprengjer grenser, utfordrar og får kunsten til å gjere noko med oss.
Vidare utvikling
Regjeringa ynskjer at Gullsekken skal verte ei årleg hending. Gullsekken skal heidre skular og kulturaktørar som har gjort ein særskild innsats i Den kulturelle skulesekken, synleggjere kunst- og kulturformidling til born og unge og presentere gode døme på arbeidet med Den kulturelle skulesekken.
Det er viktig å finne ein møtestad for denne prisutdelinga som samlar mange aktørar. Sekretariatet får i oppdrag å utvikle prisutdelinga til ei viktig hending.
Boks 6.5 Beste produksjon i 2007
Kunstprosjektet «Jam!» av aksjonsgruppa adbusters vann i 2007 Gullsekken for beste produksjon i Den kulturelle skulesekken. Prosjektet har som mål å syne elevane korleis dei kan nytta kunstnarlege verkemiddel for å uttrykkje meiningane sine. Juryen seier mellom anna at prosjektet er tankevekkjande og ambisiøst, at det inspirerer til refleksjon og humor, og at det får elevane til å vere medvetne om haldningar til samfunnet og kulturell deltaking.