6 Prosessen for å komme fram til dei mest kostnadseffektive tiltaka
WHOs vurderingar av kostnadseffektivitet av tiltak som kan redusere inntaket av usunn mat, er baserte på studiar som anslår kva helsegevinst ein får ut frå kva tiltak, og kva kostnader det inneber å sette i verk tiltaka (98). Helsegevinsten er anslått i eininga HLY (Healthy Life Years), som er ekvivalent med eininga DALY (helsetapsjusterte leveår). Kostnadene er anslått i eininga I$ («International dollar») som er ei kjøpekraftparitetsjustert valutaeining basert på amerikanske dollar. Både helsegevinsten og kostnadene er anslått per million innbyggarar. Denne standardiseringa gjer det i prinsippet både relevant og enkelt å bruke WHO sitt resultat for ulike land med ulike befolkningsstorleikar.
WHO sine kostnadseffektivitetsvurderingar gir nyttig kunnskap om moglegheitområdet for å kunne tilrå potensielt kostnadseffektive tiltak som kan settast i verk i Noreg (sjå også kapittel om prinsipp for samfunnsøkonomiske vurderingar). Grunnen til dette er at WHO har brukt ein metodikk som tar utgangspunkt i sjukdomsbyrde, som også er tilrådd for norske samfunnsøkonomiske vurderingar, og at den anslåtte kostnaden per vunne DALY ligg atskilleg lågare enn den kostnaden per DALY (eller QALY, kvalitetsjusterte leveår, som er ei tilsvarande generisk helseeining) som ein i Noreg aksepterer både for behandlingstiltak i helsesektoren og for folkehelsetiltak i andre samfunnssektorar. Dette gir ekspertgruppa ei moglegheit til å vurdere og prioritere blant alle dei kostnadseffektive tiltaka frå WHO i lys av kva som blir rekna som mest relevant for Noreg.
Ein må likevel alltid ta atterhald om at det kan eksistere ulikskapar mellom land som kan gjere at å overføre gjennomsnittsresultat komne fram i ein internasjonal kontekst ikkje er like treffande for alle enkeltlanda. WHO-rapporten tar også sjølv atterhald om at evidensgrunnlaget er usikkert og vil bli oppdatert periodisk, og rapporten presiserer at kostnadseffektivitetsberekningane ikkje er å rekne som ein «meny for implementering».
WHO sine kostnadseffektivitetsvurderingar for kosthaldstiltak er i same storleiken som tobakkstiltak. Mange av desse tiltaka er allereie innførte i Noreg på tobakksområdet, og tiltaka synest å ha brei tilslutning både politisk og i befolkninga. Dette kan vere verdt å merke seg. I prinsippet, når vi tar utgangspunkt i total sjukdomsbyrde og ei målsetting om å redusere denne, vil grunngivingar for tiltak på tobakksområdet kunne ha overføringsverdi til andre område der åtferd påverkar helserisiko, også på kosthaldsområdet.
Ekspertgruppa er klar over at effektvurderingane i anslaget til WHO er baserte på usikre data og føresetnader som det kan stillast spørsmål ved om er haldbare, og at dette gir rom for dei som av ulike grunnar vil vere motstandarar av tiltak, til å komme med faglege innvendingar og innvendingar som til dømes går ut på at tiltaka kan ha utilsikta fordelingseffektar. Dette er legitimt og må i tilfelle greiast ut for kvart enkelttiltak, saman med budsjettkonsekvensar av implementeringa av enkelttiltak. Slike berekningar går ekspertgruppa ikkje inn på i denne omgang.
Resultat av søk etter nyaste kunnskapsoppsummeringar om kostnadseffektive tiltak viste ikkje noko nytt om konkrete effektar på kostnadseffektivitet av kosthaldstiltak ut over dei kunnskapsoppsummeringane som gruppa hadde funne fram allereie, men støtta opp om eksisterande kunnskap. Av dei ti nye som vart funne mest relevante, handlar tre systematiske oppsummeringar om effektar av sunnare matomgivnader for å betre kosthaldet og for redusert sosial ulikskap i befolkningar (100–102), tre samanfattar effekten av ernæringsintervensjonar i barnehage og skule (103–105), ei handlar om kunnskap om ulike påverknader på kosthaldsåtferd blant unge (106), ei om førebygging av overvekt blant barn og unge (107), og dei to siste samanfattar effekten av mat- og menymerking på eteåtferd (108;109).
I prosessen for å identifisere dei mest kostnadseffektive tiltaka har ekspertgruppa vektlagt følgande:
- Tiltak som er kunnskapsbaserte
- Strukturelle tiltak som har stort potensial til å redusere sjukdomsbyrda på befolkningsnivå og jamne ut sosiale forskjellar. Gruppa vil særleg legge vekt på tiltak retta mot dei ytre omgivnadene (moglegheiter i COM-B-modellen).
- Tiltak som korrigerer for eksternalitetar av usunt kosthald. Det vil seie tiltak retta mot konsum som påverkar samfunnskostnadene kopla til helseteneste, omsorg og produksjonstap betydeleg.
- Tiltak som reduserer internalitetar av usunt kosthald. Det vil seie tiltak som kan hjelpe individet til eit konsum i samsvar med dei informerte preferansane sine og dermed unngå tap av helse og livskvalitet.
- Tiltak som har potensial til å redusere andre samfunnskostnader. Døme er tiltak retta mot barn og unge som kan redusere fråfall frå skulen og dermed vere gunstige i eit vidare samfunnsperspektiv.
Ut frå at tap av liv ikkje kan reverserast, og at alt helsetap ikkje kan rehabiliterast, kan ein i analysar av førebyggande folkehelsetiltak argumentere for å kunne bruke ein høgare samfunnsøkonomisk einingsverdi på liv og helse ettersom slike tiltak også varetar total livskvalitet (5).