Om datasentre
I eit datasenter blir digitale tenester produsert. For eksempel vil tenestene i ei skyløysing prosesserast og lagrast fysisk i eit datasenter. Storleiken på datasenteret kan variere frå eit lite rom til ein stor industrihall. Datasenteret inneheld serverar og andre komponentar som blir brukte til å organisere, behandle, lagre og transportere store mengder data. Datasentera er kritisk infrastruktur i det moderne digitale samfunnet, og datasenternæringa er i sterk vekst.
Datasenteroperatørane investerer over tid store beløp i infrastruktur som bygningsmasse, straum og kjøleløysingar. Desse investeringane ligg omkring 100-150 millionar NOK per installert MW effekt, avhengig av blant anna kvalitetsstandardar, tomteprisar og anleggsbidrag til nettselskap for straum. Ordinære datasenter har gjerne redundant infrastruktur som sikrar tilnærma 100% oppetid, og fleire av desse innfrir ISO-sertifiseringane 9001, 14001 og 27001. Design av infrastrukturen er basert på kundens krav til høg redundans, som inneber at datasentera skal ha tilgjengeleg reserveløysingar på straum, kjøling og konnektivitet (fiberinfrastruktur) og datasentera gjennomgår regelmessige revisjonar av design av infrastruktur og sikkerheits-, drifts- og beredskapsrutinar. I tillegg til perimetersikring, vil dei ordinære datasentera ha sikkerheits- og vaktpersonell på plass 24/7/365. Dette er vanlegvis ikkje tilfelle i eit datasenter som driv med kryptoutvinning. Kryptoutvinning skjer ofte i containerar eller enklare bygg. Tilsvarande vil investeringsnivået i desse vere vesentleg mindre enn i eit redundant datasenter per installert MW.
Datasenter er eit viktig energieffektiviseringstiltak, ved at datalagrings- og prosesseringsbehov til mange verksemder kan dekkast gjennom eit enkelt og meir energieffektivt anlegg. Datasenter mogleggjer digitalisering og dermed effektivisering av næringsliv og offentlege tenester. Nokre data kan ligge fysisk lagra uavhengig av lokalisering, medan andre data bør lagrast i Noreg av drifts- og sikkerheitsomsyn. Datasenter genererer også store mengder overskotsvarme som kan brukast om igjen til andre føremål, og etableringa av datasenter kan inngå i ein større samanheng der restvarmen blir brukt til nytte for husstandar eller næringsverksemd og annan industri der dette er samfunnsøkonomisk lønnsamt. Olje- og energidepartementet jobbar med regelendringar som vil stille krav til at alle datasenter over 2 MW skal måtte gjennomføre kost-nytteanalysar for utnytting av overskotsvarme. Dei ordinære datasenteroperatørane jobbar målretta med sine berekraftsprosjekt, både gjennom gjenvinning av restvarme, men òg andre tiltak for energieffektivisering. Alle har signert «Climate Neutral pact», ei sjølvpålagd forplikting om å vere klimanøytrale innan 2030.
Norsk datasenterpolitikk:
Dei norske datasenterstrategiane frå 2018 og 2021 har hatt fokus på verdiskaping og berekraft. Verdiskapingsmoglegheit- ene er avhengige av at dei riktige faktorane er på plass – nettkapasitet, spesialisert arbeidskraft og globale kommunikasjonsnettverk. Medan den første datasenterstrategien fokuserte på styrkinga av desse faktorane, la datasenterstrategien frå 2021 i større grad vekt på andre berekraftsomsyn.
Sidan den førre strategien blei lagt fram har verda endra seg radikalt. Den sikkerheitspolitiske situasjonen i Europa er endra, kraftsituasjonen er særs krevjande og det er eit stadig større behov for datakraft i takt med aukande digitalisering. Samtidig legg kryptoutvinning i stadig aukande grad beslag på viktige kraftressursar. Regjeringa har difor satt i gong arbeidet med ein ny datasenterstrategi som etter planen skal vere ferdigstilt innan første halvår 2023. Regjeringa sende i fjor også på høyring eit framlegg om endringar i ekomloven som vil innføre registreringsplikt for datasenteraktørar, med rapportering av antatt kraftforbruk til kryptoutvinning. Dette vil gi myndigheitene ei betre oversikt over datasenter og omfanget av kryptoutvinning. I tillegg blei det foreslått å sette krav om forsvarleg sikkerheit i datasenter.