Definisjoner og aktører
Type datasenter | Korleis identifiserast dei? | Eigarar, drift og brukarar |
---|---|---|
Hyperscale | Svært store installasjonar (100 MW+). Lang tidsramme for etablering, høg konkurranse. Fleire interessentar hevdar å representere slike aktørar. Som regel henvender slike aktørar seg berre via offentlege aktørar som Innovasjon Noreg. | Er eigd, drifta og nytta av aktøren sjølv, eksempelvis Google, Meta, Apple. |
Colocation | Mellomstore installasjonar (over 5 MW). Aktør som tilbyr IT-driftsareal med straum og kjøling inkl. serviceavtale til flere kundar. | Er som oftast eigd av datasenter- operatøren. Er drifta av datasenteroperatør og kunde. Er brukt av kundar som eig eige utstyr, men som ikkje ynskjer å etablere eige datasenter. |
Edge | Ofte mindre installasjonar (under 1 MW) frå containerstørrelse og oppover. Alltid i nærleiken av brukaren som driv dataprosessering på eller i nærleiken av der dataa blir generert. | Er eigd av teleselskap, IT-operatørar og i nokre tilfelle brukaren sjølv. Er drifta av eigar. Er brukt av eksterne kundar eller til spesielle formål. |
HPC (High Performance Computing) | Høgkapasitets prosesseringsbehov som kunstig intelligens, maskinlæring og andre tunge rekneoperasjonar. Kan innehalde kryptomining, sjå nedanfor. | Er eigd og drifta av kunden eller ein colocation-driftsoperatør. Er brukt av aktørar med stort behov for datakraft. |
Rein kryptoutvinning («gruvedrift») | Ofte containerbaser eller enkle bygg. Installasjonane er forholdsvis store målt i MW, men blir drifta med få og enkle ressursar. Interessenten er hovudsakleg oppteken av pris på og tilgjengelegheit til elektrisk kraft. Tidsramme for etablering er kort. | Eigar og selskapsstruktur er ofte uklar. Kan vere eit finanskonsern eller eit selskap utan tydeleg eierskap. |