Handlingsplan for norsk fagspråk i akademia

Til innholdsfortegnelse

2 Tiltak

2.1 Norsk språk i undervisning og læring

Dei aller fleste norske studentar skal ut i eit norskspråkleg samfunns- og arbeidsliv. For å lukkast der må dei ha tileigna seg det norske fagspråket på sine fagområde og fått øving i akademisk bruk av norsk, både munnleg og skriftleg. Dette er ein viktig kompetanse som alle studieprogram må vareta, med enkelte unntak der dette er fagleg godt grunngjeve.

Regelen om norsk fagspråk i den noverande universitets- og høgskulelova (§ 1-7) har vore meint å sikre mellom anna dette. Tidlegare inneheldt lova eit ledd som sa at «undervisningsspråket er til vanlig norsk», men dette vart fjerna i 2002. Sidan 2009 har det i forarbeida til regelen om norsk fagspråk vore understreka at norsk som eit generelt utgangspunkt skal vere hovudspråket ved norske universitet og høgskular.

Mykje tyder på at denne føringa i forarbeida til lova ikkje har vore tydeleg nok, for som omtalt i førre kapittel, har utviklinga gått i retning av at ein stadig større del av undervisninga går føre seg på engelsk. Regjeringa ønskjer å motverke denne uheldige utviklinga, og vil derfor i framlegget til ny universitets- og høgskulelov klargjere reglane på feltet. Regjeringa vil òg gjere framlegg om reglar som skal sikre at studentane får den nødvendige kompetansen i norsk fagspråk, mellom anna ved at denne kompetansen blir teken inn i nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk og at studentane får rett til å skrive oppgåver på norsk.

Nr.

Tiltak

1

Tydeleggjere reglane om norsk fagspråk i den nye universitets- og høgskulelova slik at det blir klarare kva institusjonane skal gjere for å innfri kravet i lova

2

Foreslå å gjeninnføre ein regel i universitets- og høgskulelova om at undervisningsspråket er norsk eller samisk, med høve til fagleg grunngjevne unntak

3

Foreslå krav om at studentane skal få kompetanse i norsk fagspråk i høgare utdanning, i forskrift om nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk

4

Foreslå å innføre ein rett for studentane til å skrive bachelor- og masteroppgåver på norsk gjennom endringar i universitets- og høgskulelova i 2024

2.2 Norskkompetansen til undervisarane

Målet om at norske studentar skal lære å bruke norsk fagspråk, føreset at undervisarane sjølv meistrar norsk. På dette området har vi utfordringar, som vist ovanfor. Universiteta og høgskulane har dei siste tiåra rekruttert stadig fleire tilsette frå utlandet. Det kan i mange samanhengar vere godt grunngjeve. Dei internasjonalt rekrutterte er ein viktig ressurs, og høvet til internasjonal rekruttering skal stå ved lag. Men erfaringa syner at det er gjort for lite for å sikre at dei internasjonalt rekrutterte oppnår den nødvendige kompetansen til å delta i eit norskspråkleg arbeidsmiljø og til å undervise på norsk når stillinga inneber undervisningsoppgåver.

På dette området er det behov for tiltak. Tilsette som treng det, må få tilbod om nødvendig norskopplæring, og det må stillast tydelege krav og forventningar om oppnådd kompetanse. I tildelingsbreva til universiteta og høgskulane for 2022 gav Kunnskapsdepartementet derfor føringar om at internasjonalt rekrutterte skal oppnå norskkompetanse på nivå B2 seinast to år etter tilsetjing. Institusjonane er i full gang med å implementere føringa, men det har òg komme innvendingar om at to år er for kort tid for ein del tilsette. Som eit tiltak i denne handlingsplanen tek Kunnskapsdepartementet sikte på å fastsetje føringa i ei forskrift. Departementet vil då justere fristen til tre år i tråd med tilbakemeldingane, slik at krava blir både tydelege og realistiske.

Erfaringane syner vidare at det er behov for ei særskild føring når det gjeld doktorgradsstipendiat- og postdoktorstillingar. Viss internasjonalt rekrutterte stipendiatar skal kunne delta i eit norskspråkleg arbeidsmiljø og kvalifisere seg for andre stillingar i Noreg på sikt, må dei òg få nødvendig opplæring og oppfølging.

Undersøkingar syner at systema for språkopplæring på universiteta og høgskulane har manglar når det gjeld kapasitet og kvalitet, og at oppfølginga av dei internasjonalt tilsette når det gjeld norsk fagspråk, bør betrast. Somme institusjonar har gjort språkopplæring til ein del av kursa i universitets- og høgskulepedagogikk. Her må det gjerast eit løft, og det må leggjast til rette for erfaringsdeling mellom institusjonane, til dømes i regi av Universitets- og høgskulerådet.

Nr.

Tiltak

5

Foreslå å forskriftsfeste eit krav om norskkompetanse på nivå B2 innan tre år for fast tilsette som har undervisningsoppgåver og som ikkje har norskkunnskapar på minst dette nivået ved tilsetjing

6

Foreslå å forskriftsfeste eit krav om at doktorgrads- og postdoktorstipendiatar som ikkje har kunnskapar i norsk ved tilsetjing, får tilbod om norskopplæring og krav om gjennomføring av norskopplæring tilsvarande minst 15 studiepoeng

7

Følgje opp systema for norskundervisning og -vurdering ved universiteta og høgskulane, i dialog med institusjonane og Universitets- og høgskulerådet

8

Arbeide for at formidling på norsk og utvikling av norsk fagspråk og terminologi skal vektleggjast meir i rekruttering og merittering (jamfør NOR-CAM)

2.3 Norsk språk i forsking og formidling

Ein føresetnad for styrking av norsk fagspråk er ein berekraftig norsk språkvitskap. Rapportar frå sektoren tyder på at fleire av dei nødvendige språkvitskaplege områda (leksikografi, terminologi, namnegransking, språkteknologi osb.) i dag er til dels fragmenterte og manglar stabil rekruttering. Dei viktige samfunnsinteressene som knyter seg til norsk språk generelt, og utfordringane for norsk fagspråk i akademia spesielt, tilseier at det no er behov for betre koordinering og styrking av norsk språkvitskap. Kva verkemiddel som kan vere aktuelle, må vurderast nærare, mellom anna som oppfølging av ei utgreiing som Telemarksforsking nyleg har utført på oppdrag frå Språkrådet.

Tilgang på norske fagtermar er grunnføresetnaden for at det skal vere mogeleg å skrive fagtekstar på norsk med den presisjonen og konsistensen fagspråket krev. Fagtermar er òg viktig for utvikling av norsk språkteknologi. Termportalen ved Universitetet i Bergen er ein nasjonal infrastruktur for terminologi. Her kan fagmiljø byggje opp og tilgjengeleggjere eigne termbasar. Studentar, forskarar og fagfolk i ulike sektorar kan søkje etter fagtermar på norsk (bokmål og nynorsk) og engelsk på tvers av fagområde. Termportalen må styrkjast og utviklast vidare. Terminologi frå fleire fagområde må leggjast til, og portalen må gjerast betre kjent for at fleire skal engasjere seg i å utvikle termar og for at portalen skal takast i bruk av målgruppene.

Oppdaterte og kvalitetssikra rettskrivingsordbøker og dokumentasjonsordbøker som inneheld det sentrale allmennspråklege ordtilfanget og syner kva som er rett bokmål og nynorsk, er viktige for alle som skal bruke norsk språk, anten det er elevar, studentar eller fagfolk. Staten har finansiert store ordbokprosjekt dei siste åra, og det vil vere behov for vidareutvikling og vedlikehald av ordbøker og tilhøyrande ressursar i takt med at språket og samfunnet utviklar seg. Til terminologi- og ordbokarbeidet er ein avhengig av solide fagmiljø i mellom anna leksikografi, terminologi og språkteknologi.

For at norsk fagspråk skal sikrast i åra som kjem, må vitskapleg tilsette ha tilgang til gode norskspråklege publiserings- og formidlingskanalar. På dette området forvaltar Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) to viktige tilskottsordningar, ei for tidsskrift og ei for lærebøker på norsk. Ordninga for tidsskrift har i dag så god søking at Kunnskapsdepartementet tek sikte på ei styrking for å støtte fleire gode tidsskrift. Ordninga for lærebøker vart gjennomgått i 2021, og fagområde med stort domenetap til engelsk og bøker på samisk og på nynorsk har fått auka prioritet i ordninga, men søkinga i seinare år har vore moderat. I lys av ambisjonane til denne handlingsplanen vil departementet be HK-dir vurdere om innrettinga av ordninga bør endrast for å stimulere til meir skriving og bruk av lærebøker på norsk. Det kan òg vere aktuelt at ordninga støttar omsetjing til norsk. Som mange har peika på i innspela til planen, er utarbeiding av gode læremiddel heilt sentralt for utvikling og bruk av norsk fagspråk og terminologi.

Det vil òg i framtida bli publisert mykje norsk forsking på engelsk. For at denne forskinga skal bli teken i bruk i det norske samfunnet, er det viktig med formidling på norsk gjennom norske samandrag, omsetjingar og anna formidlingsaktivitet. Auka bruk av kunnskapsoppsumeringar på norsk vil vere eit godt verkemiddel.

Ved tildelinga av forskingsmiddel gjennom Noregs forskingsråd blir det stilt krav om at forskingsprosjekta skal ha ein formidlingskomponent. Sjølv om vitskaplege publikasjonar frå prosjekta er på engelsk, vil formidlinga av forskingsresultata ofte skje på norsk. Forskingsrådet vil tydeleggjere dette i samband med utlysingar og tildelingar av forskingsmiddel.

Publiseringsindikatoren i finansieringssystemet for universitet og høgskular har eksistert i mange år og har i praksis favorisert vitskapleg publisering i internasjonale engelskspråklege kanalar framfor norskspråklege. For å fremje formidling på norsk har fleire, mellom anna Kierulf-utvalet, teke til orde for ein eigen formidlingsindikator. I framlegget til nytt finansieringssystem har regjeringa i staden valt å fjerne publiseringsindikatoren, mellom anna for å styrkje norsk fagspråk.

I arbeidet med den nye boklova vart det vurdert om lærebøker for høgare utdanning og fagbøker skulle innlemmast i verkeområdet til lova. Omsynet til norsk fagspråk var avgjerande for at regjeringa har gjort framlegg om å halde desse bokgruppene innanfor verkeområdet, slik at viktige litteraturpolitiske verkemiddel som fastprisordninga, skaffe- og leveringsplikt og høve til å forhandle om normalkontraktar også kjem denne delen av bokmarknaden til gode.

Nr.

Tiltak

9

Sikre berekraftige fagmiljø i norsk språkvitskap, inkludert mellom anna terminologi, leksikografi, namnegransking og språkteknologi

10

Styrkje arbeidet med utvikling og tilgjengeleggjering av terminologi

  • leggje til rette for vidare utvikling og bruk av Termportalen
  • ta initiativ til utvikling av modellar for samarbeid om terminologiutvikling mellom universiteta og høgskulane og med Termportalen
  • vurdere å leggje til rette for at tilsette kan registrere terminologiarbeid i Cristin / Nasjonalt vitenarkiv

11

Vidareføre og samordne ressursar til dei statleg finansierte ordbokprosjekta

  • leggje til rette for vedlikehald og utvikling av Norsk ordbank som digital grunnlagsressurs for korrekt, normert bokmål og nynorsk

12

Styrkje tilskottsordninga for norskspråklege forskingstidsskrift i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir)

13

Vidareutvikle lærebokordninga i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) for å stimulere til meir skriving og bruk av læremiddel på norsk, og vurdere styrking av ordninga når det er behov for det

14

Vidareføre føringa om norskspråkleg samandrag i engelskspråklege oppgåver/avhandlingar (bachelor, master, ph.d.)

15

Forsterke Forskingsrådet sin innsats for å fremje norskspråkleg formidling frå forskingsprosjekta dei finansierer

16

Fjerne publiseringsindikatoren i finansieringssystemet for universitet og høgskular

17

Sikre gode vilkår for å skrive, gje ut og omsetje lærebøker for høgare utdanning og fagbøker for profesjonsmarknaden på norsk ved å innlemme desse bøkene i verkeområdet til boklova

2.4 Andre tiltak

Administrasjonsspråket ved universiteta og høgskulane er viktig både praktisk og språkpolitisk. Rapportar tyder på at engelsk i dag blir valt stadig oftare i administrative møte og skriftleg kommunikasjon ved institusjonane. Dette er ei uheldig utvikling som bidreg til ytterlegare domenetap for norsk. Institusjonane må sjølvsagt kommunisere på engelsk når det er nødvendig, men statlege universitet og høgskular er òg omfatta av språklova. Særleg relevante er formålsparagrafen (§ 1), der det mellom anna står at offentlege organ har ansvar for å bruke, utvikle og styrkje bokmål, nynorsk og samiske språk, paragrafen om norsk språk (§ 4) og paragrafane om skandinaviske språk, klart språk og offisiell rettskriving (§§ 8–10). Kunnskapsdepartementet vil i samband med forslag til ny universitets- og høgskulelov presisere at regelen om norsk fagspråk inneber at institusjonane bruker norsk (bokmål og nynorsk, i samsvar med reglane i språklova) eller samisk som hovudspråk administrativt. Departementet vil følgje opp med føringar på eigna måte.

Språkteknologiske verktøy som maskinomsetjing, talesyntese, talegjenkjenning og stave- og grammatikkontrollar har blitt ein sjølvsagd del av kvardagen til mange – også i akademia. Teknologien er i rask utvikling og er i stand til å effektivt løyse ei rekkje oppgåver som før ikkje kunne automatiserast. For å fungere optimalt i vårt samfunn må slik teknologi fungere godt på både bokmål og nynorsk. Taleteknologi må òg forstå norske dialektar.

For at det skal vere mogleg å utvikle god språkteknologi på norsk, trengst det eit sterkt norsk fagmiljø for språkteknologi og tilgang til store mengder norsk tekst og tale som kan nyttast til å trene maskinlæringsalgoritmane som ligg til grunn for teknologien. Det trengst òg norsk fagspråk på alle fagområde, inkludert utvikla terminologi, som kan brukast til å utvikle spesifikk språkteknologi. Språkbanken ved Nasjonalbiblioteket er nasjonal infrastruktur for språkteknologi og har i oppdrag å utvikle og dele opne datasett for norsk språkteknologi. Datasett frå språkbanken har mogleggjort mykje av den norske språkteknologien som finst i dag. Med utvikling av stadig meir avansert teknologi bygd på kunstig intelligens, vil vidare utvikling av språkbanken som infrastruktur og tilbydar av grunnlagsressursar for språkteknologi bli viktigare i åra som kjem.

Åndsverklova med forskrifter legg til rette for tekst- og datautvinning i enkelte nærmare spesifiserte situasjonar. Regjeringa arbeider med gjennomføring av EUs digitalmarknadsdirektiv, der artikkel 3 og 4 regulerer tekst- og datautvinning til forskingsformål, medrekna språkteknologisk forsking. Gjennomføring i norsk rett vil både utvide og klargjere den rettslege ramma rundt tekst- og datautvinning i regi av forskingsinstitusjonar, kulturarvsinstitusjonar og private aktørar.

For at det skal vere mogleg å nå måla i denne handlingsplanen, er det nødvendig med god informasjon om stoda og å følgje nøye med på implementeringa av tiltaka dei kommande åra. Kunnskapsdepartementet vil følgje opp tiltaka i denne planen gjennom den faste styringsdialogen med universiteta og høgskulane. Departementet vil òg be Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) samarbeide med Språkrådet om å betre statistikken over norsk fagspråk. Departementet tek sikte på å setje i verk ei evaluering av arbeidet med norsk fagspråk ved universiteta og høgskulane i 2025.

Nr.

Tiltak

18

Gje føring om norsk som administrasjonsspråk ved universiteta og høgskulane

19

Leggje til rette for bruk av bokmål, nynorsk og norske dialektar i digitale tenester og verktøy

  • sikre berekraftige fagmiljø innan språkteknologi (jf. tiltak 9)
  • vidareføre og utvikle Nasjonalbibliotekets språkbankoppdrag
  • gjennomføre EUs digitalmarknadsdirektiv i norsk rett
  • arbeide vidare med deling av data til språkteknologiformål

20

Betre statistikken over utviklinga for norsk fagspråk i akademia

21

Evaluere arbeidet med norsk fagspråk og terminologi ved universiteta og høgskulane, medrekna arbeidet institusjonane gjer med eigne språkstrategiar