3 Økonomiske og administrative konsekvensar
Dei viktigaste konsekvensane for universiteta og høgskulane vil vere ein auke i norskopplæringa til tilsette som ikkje meistrar norsk, meir bruk av norsk i undervisninga og i administrativ kommunikasjon, meir deltaking i utvikling av terminologi på norsk og meir vekt på formidling. Universitetet i Bergen vil få styrkt si rolle i arbeidet med norsk fagspråk, mellom anna gjennom Termportalen. Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) vil mellom anna vidareutvikle tilskottsordningane sine og statistikkproduksjonen sin, og Nasjonalbiblioteket vil vidareutvikle arbeidet sitt med språkteknologi på norsk. Tiltak som har budsjetteffektar, vil bli vurderte i den ordinære budsjettprosessen.